Page 31

romanar og noveller

JAN ROAR LEIKVOLL

HEIMATT Når ein ikkje lenger er ønskt der ein høyrer til Ingmar har flytta til enklaven, der han lever eit bekymringsfritt liv som prostituert på eit attraktivt bordell. Men då han oppdagar at opphaldsløyvet er borte, og prøver å skaffe seg eit nytt, legg ei rekkje byråkratiske prosedyrar hindringar i vegen for han. Det har skjedd ei haldningsendring i byen: Folk er meir aggressive og mistenksame overfor framande. Ordensvernet patruljerer gatene stadig hyppigare og går hardt fram mot dei som ikkje passar inn. Ingmar innser at byen ikkje lenger er ein trygg stad for han. Til og med Stjerna, hans beste venn og støttespelar, må til slutt insistere på at han drar. Kafka var eit av førebileta til Jan Roar Leikvoll

roman | ISBN: 9788252198584 ISBN 978-82-521-9858-4 PRIS KR 379,- | UTG. OKTOBER

og ei av inspirasjonskjeldene for denne

e-bok | ISBN: 9788252198591

posthumt utgitte romanen. Boka viser oss

PRIS KR 299,- | UTG. OKTOBER

breidda av arbeidet til Leikvoll, blant anna gjennom alle referansane til andre manuskript han jobba med parallelt, ved at det litterære universet denne gongen er lagt nærare vår verd, og gjennom ein tydelegare humor.

9 7 8 8 2 5 2 1 9 8 5 8 4

9 788252 198584

Likevel er det eit gjenkjenneleg mørke og ein alvorleg undertone i romanen når han viser kva menneska er i stand til å gjere mot kvarandre når høvet ligg til rette for det. Etterord ved Christine Leikvoll og David Aasen.

jan roar leikvoll (1974–2014) debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008 og følgde opp med ytterlegare tre romanar: Fiolinane (2010), Bovara (2012) og Songfuglen (2013). Forkynnaren (2015) blei publisert posthumt.

31

Profile for Det Norske Samlaget

Årets bøker 2019  

Årets bøker 2019