Page 29

romanar og noveller

BJARTE DAVIKNES KLAKEGG

NINKOLAI Om kjønnsidentitet og å miste sine nærmaste Nina er ikkje lenger Nina, men er endå ikkje heilt blitt Nikolai. Tolv år gammal bur han på garden med besteforeldra Inger og Johannes. Mora har reist tilbake til byen dei to kom ifrå, utan Nikolai. Som ung vaksen flyttar han etter, mest for å finne fotfeste i seg sjølv, men kanskje også med eit håp om å finne mora. Saknet etter besteforeldra, særleg Johannes, dreg med seg glimt frå oppveksten på garden. Der andre tviheldt på Nina, var Johannes den einaste som ville sjå Nikolai. No er han blitt sjuk. Jo nærmare Nikolai kjem seg sjølv, dess meir svinn Johannes. Medan Inger strevar med saknet etter begge og mor til Nikolai vaknar til live i gøymde minne, ventar kanskje kjærleiken på ein frosen benk i ein park.

roman | ISBN: 9788234000027 ISBN 978-82-340-0002-7 PRIS KR 379,- | UTG. OKTOBER

e-bok | ISBN: 9788234000034 PRIS KR 299,- | UTG. OKTOBER

Ninkolai er ein roman om kjønnsidentitet, avvising og kjærleik, om å miste – og finne – sine nære i leiten etter seg sjølv. SAGT OM HELIUMHJARTE (2009):

9 7 8 8 2 3 4 0 0 0 0 2 7

9 788234 000027

«den gledeligste [debuten] i Bergen hittil i år.» bjørn o. mørch larsen, bergensavisen «får oss til å sjå på den gamle sanninga på ein ny måte» audun sjøstrand, bergens tidende

bjarte daviknes klakegg (f. 1969) debuterte

«en debutant som har både språket og

i 2009 med prosasamlinga Heliumhjarte. Ninkolai er

utforskningsviljen.»

hans andre bok og første roman. maya troberg, dagbladet

29

Profile for Det Norske Samlaget

Årets bøker 2019  

Årets bøker 2019