Page 27

romanar og noveller

ERLEND KAASA

MEN IKKJE MARIA Om å leve i bulderet frå undergangen Familielivet har ikkje alltid vore eit opplagt val for Palle. Men no er han her, med kona Gro og eit lite barn i ein forstad til Bergen. Han har nettopp gått ut i pappapermisjon og ser fram til å vie seg til familielivet og til å bli betre kjent med vesle Dagne. Men like under den kvardagslege overflata ulmar eit fortærande mørke. Gro innleier eit forhold til ein eldre kollega, og snart dukkar også den albanske au pairen Maria opp i livet deira. Gradvis tek ho over Gro si rolle i heimen og får sterke band til barnet og Palle. Men ikkje Maria er ein roman om eit liv som pendlar mellom frelse og undergang. Det er ein roman om begjær, svik, kjærleik og død og om kor ualminneleg vanskeleg det kan vere å leve eit alminneleg, enkelt liv.

roman | ISBN: 9788252197785

ISBN 978-82-521-9778-5 PRIS KR 379,- | UTG. SEPTEMBER

e-bok | ISBN: 9788252197792 PRIS KR 299,- | UTG. SEPTEMBER

Utdrag frå boka: Og nok ein gong blei eg slegen av at eg ikkje kjende det eg burde ha kjent. Eg var ikkje redd. Eg frykta ikkje det som løynde seg der nede i djupet. Eg kjende meg tvert imot eksaltert,

9 7 8 8 2 5 2 1 9 7 7 8 5

9 788252 197785

nesten lukkeleg over å vere nær dét, som om suget frå avgrunnen snarare løfta enn trekte ned, som om der ikkje var eit sug, men det motsette, eit musserande brus, som steig opp av mørkret og nappa i hårrøtene mine og trekte meg mot punktet der eg tippa over, utfor kanten, i overgangen mot den ugjenkallelege overskridinga, eller ei oppløysande overgjeving, der noko krakelerte, losna, draus av og let etter seg ein ilande, vektlaus tilstand, som var eg ei fjør vaggande i vindens famn.

erlend kaasa (f. 1976) kjem frå Vinje i Telemark. Han debuterte med Thunder Road i 2009, i 2015 kom Livius. Kaasa har hovudfag i medievitskap frå Universitetet i Bergen. Han er busett i Arna i Bergen og arbeider som lærar. Men ikkje Maria er den tredje romanen hans.

27

Profile for Det Norske Samlaget

Årets bøker 2019  

Årets bøker 2019