Page 26

romanar og noveller

LEIF HØGHAUG

KÆLVEN Om vald, brotsverk, skuld og soning «Dei siste daga har je tenkt og tenkt på ei seinsåmmårsnatt je lenge prøvde å glømme.» Slik opnar forteljaren romanen, der han sit i eit underjordisk kontorlandskap og spissar blyantar, makulerer papir og kokar kaffi til dei andre tilsette. Men innimellom det meiningslause arbeidet får han klort ned nokre namn og setningar, og han manar fram ei soge frå dei hadelandske 1980-åra. I denne soga er Hadeland ein skuggeheim der skrømt, attergangarar, englar og robotliknande skapningar er like naturlege som dyr og roman | ISBN: 9788234000041

ISBN 978-82-340-0004-1 PRIS KR 349,- | UTG. OKTOBER e-bok | ISBN: 9788234000058 PRIS KR 269,- | UTG. OKTOBER

menneske av kjøt og blod. Kva var det som hende den seinsommars­ natta? Kva er det forteljaren har prøvd å gløyme? Og kven er denne Kælven, som blei «slin hælft ihjæl»? Forteljinga går i sirklar og

9 7 8 8 2 3 4 0 0 0 0 4 1

9 788234 000041

kastar om på hendingar, tid og stad. Kælven og dei andre karakterane – til dømes Ænners, Pærepål, Knutsprut og Beinrangelroger – er som fanga i ein kvervelvind frå Dantes Inferno. Kælven er ei bondeforteljing, ein westernroman, eit draumkvad, eit eventyr, science fiction og ein svart komedie om vald, brotsverk, skuld og soning.

leif høghaug (f. 1974) debuterte med diktboka Fama i 2012. I 2017 kom hans andre diktbok, Kommunion 2017. Høghaug er også omsetjar og har mellom anna omsett bøker av Julian T. Brolaski og Marx og Engels’ Det kommunistiske partis manifest til norsk, og han arbeider for tida med ei komplett omsetjing av James Joyces Finnegans Wake. Kælven er hans første roman.

26

Profile for Det Norske Samlaget

Årets bøker 2019  

Årets bøker 2019