Page 25

romanar og noveller

ÅSMUND H. EIKENES

HÅKON Om å finne seg sjølv, både åleine og saman med andre Det er tre menn i Håkons liv. Det lange forholdet til Arve er trygt og velkjent, men dei siste åra har Arve blitt meir og meir dominerande. Stig er målretta og trygg på seg sjølv, og han inkluderer Håkon i draumane om rekkjehus og eit ukomplisert A4-liv. Thomas har svarte krøller og eit smil som får Håkon til å miste pusten når dei møtest til tilfeldig sex ein ettermiddag i januar. Resten av året blir langt ifrå slik som Håkon har sett føre seg. Håkon er ei moderne kjærleikshistorie om å vere i starten av 30-åra og ikkje ha funne plassen sin i livet, verken åleine eller saman med andre. Eg vaknar og tenker på han, rullar meg over

roman | ISBN: 9788252197983

ISBN 978-82-521-9798-3 PRIS KR 349,- | I SAL

e-bok | ISBN: 9788252197990 PRIS KR 279,- | I SAL

på sida og strekker handa etter mobilen. Pressar tommelen mot sirkelen så verda der inne ramlar på plass, det raude eitt-talet ropar mot meg. Solbrun hud midt på vinteren og eit skamlaust smil reflektert i baderomsspegelen.

9 7 8 8 2 5 2 1 9 7 9 8 3

9 788252 197983

Eg myser mot lyset frå skjermen, svarar at han er den beste starten på ein fredagsmorgon. Ser på biletet ein gong til, følgjer skuggane over brystet, lar blikket gli langsmed leppene hans, opp til dei ville krøllene. Smiler til meg sjølv, det kjem til å bli ein bra dag. Så hugsar eg kvar eg er, kjenner klumpen i magen.

åsmund h. eikenes (f. 1986) har tidlegare gitt ut sakprosabøkene Handboka (2016) og Sprut (2018). Håkon er den første romanen hans. Eikenes er frå Leikanger i Sogn og bur i Oslo.

25

Profile for Det Norske Samlaget

Årets bøker 2019  

Årets bøker 2019