Page 24

romanar og noveller

MARIT EIKEMO

HARDANGER Det unike i det lokale I eit skur på Kvanndal Kai deler tre framande ei flaske sprit ei natt opp mot jul. Ei mor og ei dotter køyrer innover dei farlege vegane i Hardanger – mora vil vise den likesæle tenåringsjenta kor ho sjølv kjem ifrå. Ein mann lagar 50 liter sider på bestilling, men det går ikkje heilt etter planen. Novellene i Hardanger handlar om å reise bort og om å komme heim, og om å alltid bere med seg staden ein kjem ifrå. Eikemo skriv om det innforståtte og unike i det lokale og om det alle kan kjenne seg att i: fellesskap, vennskap og kjærleik og ambivalensen i relasjonane mellom menneske. noveller | ISBN: 9788234000065

ISBN 978-82-340-0006-5 PRIS KR 349,- | UTG. OKTOBER

e-bok | ISBN: 9788234000072 PRIS KR 269,- | UTG. OKTOBER

9 7 8 8 2 3 4 0 0 0 0 6 5

9 788234 000065 SAGT OM GRATIS OG UFORPLIKTANDE VERDIVURDERING (2018): «Marit Eikemo har skrevet en knakende god pageturner om norsk middelklassehverdag, knuste drømmer og jakten på det perfekte liv.» gabriel michael vosgraff moro, vg marit eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho debuterte i 1999. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut fem romanar, den seinaste er Gratis og uforpliktande verdivurdering (2018). Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho fekk Amalie Skramprisen 2017 for sin forfattarskap og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela i 2018.

24

Profile for Det Norske Samlaget

Årets bøker 2019  

Årets bøker 2019