Page 18

romanar og noveller

AINA BASSO

UNGEN Verdien av eit barn Basert på kjelder frå ei trist og gruvsam rettssak tek Aina Basso oss med til eit Oslo i ei anna tid. I Kristiania i 1899 mistar Anna husposten sin etter at grosseraren ho tente hos, går konkurs i krakket. Ho får ta inn på Grønland hos Pauline, som ho tidlegare arbeidde med på fabrikken. No er det ikkje arbeid å få, og dei to bestemmer seg for å ta til seg pleiebarn – mot rimeleg betaling. Men når det først og fremst handlar om eiga overleving, hamnar spedbarna ofte i andre rekkje, og følgjene blir alvorlege. Mellom ungane er det likevel ei som Anna knyter seg til. Vesla minner om det ho sjølv hadde i eit tidlegare liv, før ho mista alt. roman | ISBN: 9788252198522

ISBN 978-82-521-9852-2 PRIS KR 379,- | UTG. OKTOBER e-bok | ISBN: 9788252198539 PRIS KR 299,- | UTG. OKTOBER

Basso har skrive ein roman om dei ofte skremmande vilkåra uønskte barn levde under ved hundreårsskiftet i Kristiania. Den viser fram desperasjonen i fattigdommen og

9 7 8 8 2 5 2 1 9 8 5 2 2

9 788252 198522

kva menneskesyn som kan komme til uttrykk når ein sjølv gjer alt for å overleve. Forteljinga er basert på faktiske hendingar og personar.

SAGT OM FINNE LY (2014): «Finne ly er ein fin roman med ei nesten kontemplativ ro i seg trass i ei underliggjande spenning som flammar opp i ein dramatisk slutt [...]. Basso får formidla korleis livet var for romanifolk i Noreg på 1800-talet, og korleis framandfrykta kunne få fram det verste i folk.» merete røsvik granlund, dag og tid

aina basso (f. 1979) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. Ho har seinare skrive romanar for både ungdom og vaksne, i tillegg til sakprosa for barn og unge om heksejakta i Europa. For Inn i elden blei ho nominert til Brageprisen i 2012 og Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds pris for beste barne- og ungdomsbok i 2013. Ho blei tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris for romanen Fange 59. Taterpige (2010) og Finne ly (2014) fekk begge Bokbloggerprisen i kategorien Årets roman.

18

Profile for Det Norske Samlaget

Årets bøker 2019  

Årets bøker 2019