Page 139

høgare utdanning

NILS GILJE

HERMENEUTIKK SOM METODE EIN HISTORISK INTRODUKSJON

Hermeneutikk dreier seg om tolking eller interpretasjon, om å avdekkje ein underliggjande samanheng eller ei djupare meining i handlingar, tekstar, kunstverk og liknande kulturuttrykk. I denne boka gir Nils Gilje ei brei innføring i dei mest sentrale tradisjonane og retningane innanfor hermeneutisk tenking, med vekt på korleis hermeneutikk har blitt brukt som metode. I ein gjennomgang av hermeneutisk tenking frå antikken til vår tid drøftar Gilje korleis

ISBN 978-82-521-9365-7

hermeneutikk opphavleg blei forstått, og

høgare utdanning | ISBN: 9788252193657

korleis humanistar og samfunnsforskarar

PRIS KR 399,- | I SAL

har bidrege til utviklinga av hermeneutiske tolkingsstrategiar. Han viser korleis Spinoza utvikla den moderne hermeneutiske intensjonalismen, og korleis denne metoden er blitt vidareført i tradisjonen frå Herder til Weber og Giddens. Hans-Georg Gadamer og

9 7 8 8 2 5 2 1 9 3 6 5 7

9 788252 193657

hans fokus på forskarens eigne føresetnader representerer eit viktig korrektiv til denne tolkingslæra. I boka blir Gadamer behandla i eit eige kapittel, der han blir sett inn i ein større samanheng. Eit overordna siktemål med boka er å få fram at hermeneutiske tradisjonar som blir oppfatta som uforeinelege, likevel kan sameinast i konkrete tolkingsprosjekt og med fordel kan dra nytte av kvarandre.

nils gilje (f. 1947) er professor emeritus i filosofi og kulturvitskap og arbeider no ved Senter for profesjonsstudiar ved Oslomet – storbyuniversitetet. Gilje har gitt ut ei rekkje fagbøker og lærebøker innanfor samfunnvitskap og filosofi, mellom anna Samfunnsvitenskapenes forutsetninger (1993) saman med Harald Grimen, Filosofihistorie 1 og 2 saman med Gunnar Skirbekk og band 2 i verket Norsk idéhistorie (2002) saman med Tarald Rasmussen.

139

Profile for Det Norske Samlaget

Årets bøker 2019  

Årets bøker 2019