Page 119

ungdom

MAGNHILD BRUHEIM

AVLYST PÅ GRUNN AV SORG Kjensler i kaos Herregud, eg har sett så mange som liknar på deg, pene, vellykka, frå gode familiar, som siglar i medvind. Så snart det buttar imot, er det krise. Eline blir dumpa av Jonas, brått og uventa, og opplever si første store kjærleikssorg. Snart går ho på nye, sviande nederlag. På same tid møter ho Tomas, som lever i skjul i skogen. Han gøymer seg for nokon. Kva er historia hans? Og har dei to eigentleg like stor rett til å sørgje? Bruheim utforskar i denne ungdomsromanen det store spekteret av kjensler som finst i ei kjærleikssorg. Ho stiller også spørsmål kring oppvekst, bakgrunn og kor ulike liv ein kan leve i Noreg i dag.

roman | ISBN: 9788252198881

ISBN 978-82-521-9888-1 PRIS KR 299,- | UTG. SEPTEMBER e-bok | ISBN: 9788252198898 PRIS KR 249,- | UTG. SEPTEMBER

9 7 8 8 2 5 2 1 9 8 8 8 1

9 788252 198881

magnhild bruheim (f. 1951) er frå Skjåk i Gudbrandsdalen. Ho har gitt ut ei rekkje bøker for både barn, ungdom og vaksne.

119

Profile for Det Norske Samlaget

Årets bøker 2019  

Årets bøker 2019