Page 115

fakta for barn

MATS ELDØEN OG SINDRE GOKSØYR (ILL.)

VISS EG HADDE HALE Ei bok som med tull og moro tek barna sin fantasi på alvor! Sjå for deg at du vaknar ein dag og har vengar i staden for armar, eller at du plutseleg kan skifte farge og gå i eitt med omgivnadene, som ein kameleon. I Viss eg hadde hale leikar forfattar Mats Eldøen og illustratør Sindre Goksøyr

ISBN 978-82-521-9708-2

med tanken om korleis verda hadde vore om

fakta | 9788252197082

vi hadde hatt litt meir av dyra sine eigenskapar.

PRIS KR 249,- | I SAL

Gjennom absurde og morosame teikningar og fantasifullt tankespinn opnar dei for at barn og vaksne kan fabulere heime. I tillegg fortel dei oss kvifor dyra faktisk er som dei er.

9 7 8 8 2 5 2 1 9 7 0 8 2

9 788252 197082

Dette er ei bok som bør lesast med litt golvplass, så ein kan utforske korleis det er
å ha åtte bein, slik som edderkoppen, eller øyre som ein elefant. Og veit du kva elefanten eigentleg bruker øyra sine til?

Debutant

mats eldøen (f. 1983) er skodespelar og instruktør og har laga ei rekke framsyningar for barn, deriblant Lekene slår tilbake! med over 300 framsyningar over heile verda. Han er ein erfaren improvisator og har vore med i TV 2-programmet Alt er lov. Eldøen er sjef for det Oslo-baserte teateret Det Andre Teatret. sindre goksøyr (f. 1975) er illustratør, teikneserieteiknar og biletkunstnar, med bakgrunn i kunstnarkollektivet Dongery. Han har ei rekkje bokutgivingar og utstillingar bak seg, deriblant bøkene Kongen din, som han har laga i samarbeid med Odd-Magnus Williamson. Goksøyr gav ut miniteikneseriealbumet Hrmf! på No Comprendo Press i 2011.

115

Profile for Det Norske Samlaget

Årets bøker 2019  

Årets bøker 2019