Page 114

fakta for barn

ÅSMUND H. EIKENES OG EIVIND GULLIKSEN

KNOKEDUNK Sjå på alle dei rare dyrehendene! Vi menneske har hender med fem fingrar. Hos dyra ser hendene nokså annleis ut, og vi kallar dei potar, klør, loffar, klauver eller vengjer. Men ser vi på korleis menneskehendene og dyrehendene er bygde opp, så ser vi at dei liknar på kvarandre. Hendene er viktige verktøy, både for menneske og dyr. Sjimpansehanda liknar ei menneskehand og

ISBN 978-82-521-9811-9 fakta | 9788252198119 PRIS KR 249,- | UTG. SEPTEMBER

gjer at sjimpansen kan halde seg godt fast i treet. Froskar har fire lange fingrar med ein sugekopp på kvar fingertupp. Moldvarpen har ein ekstra finger som gjer det lettare å grave lange tunellar. Hendene til fuglane er gøymde

9 7 8 8 2 5 2 1 9 8 1 1 9

9 788252 198119

inni vengja og er tynne og lette slik at fuglen kan fly. Kvalen bruker armane sine til å symje med, så dei fem fingrane er pakka saman til ei lang og kraftig padleåre. Bli med og oppdag dei forskjellige dyrehendene!

åsmund h. eikenes (f. 1986) har doktorgrad frå Senter for kreftbiomedisin ved Universitetet i Oslo og er ein engasjert forskingsformidlar. Eikenes er frå Leikanger i Sogn og bur i Oslo. Han har tidlegare gitt ut Handboka og Sprut og debuterer skjønnlitterært med romanen Håkon i år. eivind gulliksen (f. 1972) har studert kunst, grafisk design og illustrasjon i Bristol i England. Gulliksen har illustrert ei rekkje barnebøker. Han kombinerer ofte ein presis, men mjuk blyantstrek med jamne fargeflater og grafiske effektar frå digitale teikneprogram.

11 4

Profile for Det Norske Samlaget

Årets bøker 2019  

Årets bøker 2019