Page 109

leseland

MARIA PARR OG ÅSHILD IRGENS (ILL.)

STOREBROR Draumen om ein storebror «Eg vil ha ein storebror! Kvifor har eg berre teite Elida?» Dette er ei bok om å ønskje seg ein storebror. For tenk så fint det hadde vore å ha nokon som passar på når du tek skulebussen, og som alltid tek deg med på fotballtrening. Men er alle storebrør slik? Og kva med dei som berre har ei irriterande veslesøster? Storebror er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

ISBN 978-82-521-9884-3 lettlesbok | 9788252198843 PRIS KR 179,- | UTG. AUGUST

9 7 8 8 2 5 2 1 9 8 8 4 3

9 788252 198843

maria parr (f. 1981) er frå Fiskå i Vanylven. Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005 og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. I 2019 mottok ho også Sult-prisen. Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. åshild irgens (f. 1976) er illustratør. Ho har illustrert ei rekkje barnebøker og lettlesbøker, blant anna Maria Parrs Tonje Glimmerdal. Hausten 2018 fekk ho den italienske litteraturprisen Premio Samarelli for illustrasjonane til Tonje Glimmerdal.

leseland nivå 2 109

Profile for Det Norske Samlaget

Årets bøker 2019  

Årets bøker 2019