Page 105

leseland

LAURA DJUPVIK OG CAMILLA KUHN (ILL.)

JENTA I KISTA Spanande Leseland-grøss I eit stort og gammalt hus står ei kiste. Men ingen veit kva kista gøymer. For over 100 år sidan budde det ein lykkeleg familie i huset. Men no vil ingen bu der. Alle romma er tomme, alle utanom loftet, der kista står. Men så, ein dag, blir kista opna. Jenta i kista er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

ISBN 978-82-340-0077-5 lettlesbok | ISBN: 9788234000775 PRIS KR 179,- | UTG. AUGUST

9 7 8 8 2 3 4 0 0 0 7 7 5

9 788234 000775

laura djupvik (f. 1970) skriv bøker for barn, ungdom og vaksne. Ho har bakgrunn frå forlag og som journalist. I 2008 fekk ho Guro Sandsdalens litteraturpris for barneboka Hundre appelsinar og ein fiolin. I fjor gav ho ut Grøss og gru-boka Den andre søstera, medan ho i år er aktuell med romanen Hjartet er ingen logrande hund. camilla kuhn (f. 1975) er barnebokforfattar og illustratør. Ho er blant anna kjent for lettlesboka Ryddetid (Cappelen Damm) og biletboka Gorm er en snill orm (Cappelen Damm). Fleire av bøkene hennar er selde til utlandet.

leseland nivå 3 105

Profile for Det Norske Samlaget

Årets bøker 2019  

Årets bøker 2019