Page 10

jon fosse 60 år

SEPTOLOGIEN Hausten 2019 kjem den første boka i romanverket Septologien. Boka blir lansert her i landet 6. september, men blir også lansert internasjonalt under bokmessa i Frankfurt 16. oktober. Septologien er allereie seld til ei rekkje land, blant anna Danmark, Sverige, Tyskland, Nederland, England, Spania og Ungarn. Septologien er sett saman av dei tre bøkene Det andre namnet, Eg er ein annan og Eit nytt namn, og blir gitt ut i 2019, 2020 og 2021. Jon Fosse har arbeidd med storverket sidan sommaren 2015. Verket fekk tittelen Septologien fordi det naturleg deler seg i sju delar.

HAUSTEN 2019

HAUSTEN 2020

HAUSTEN 2021

jon fosse (f. 1959) er rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Fosse kjem frå Strandebarm. I 2011 blei han tildelt statens æresbustad Grotten i Oslo. Jon Fosse debuterte i 1983 med romanen Raudt, svart og gav seinare ut fleire romanar, diktsamlingar, barnebøker og essaysamlingar. Dramatikk skreiv han for første gong i 1993. Som dramatikar har han sidan midten av 90-åra opplevd eit internasjonalt gjennombrot utan sidestykke. Tekstane hans er omsette til over femti språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse er i dag ein av dei mest spelte samtidsdramatikarane, men han har heile tida skrive både prosa og poesi av uvanleg høg kvalitet. I 2015 fekk han Nordisk råds litteraturpris for Trilogien. Dei seinare åra har namnet Jon Fosse stadig oftare blitt nemnt i samband med nobelprisen i litteratur.

10

Profile for Det Norske Samlaget

Årets bøker 2019  

Årets bøker 2019