__MAIN_TEXT__

Page 1


Skrifter i utval Essayet i Norge. Fjorten riss av ein tradisjon (medforfattar). 1982 Syn og Segn 1984–1988 (redaktør) Venstres hundre år (redaktør saman med Jostein Nerbøvik). 1984 Balladen om Europa. 1985 Retorikk på norsk. 1988 Lesebok 1994 (medredaktør). 1994 Stem i! Songbok for røysteføre (medredaktør). 1994. Supprimert Hamsun i Æventyrland. Nordlandsliv og diktning (saman med Kirsti M. Thorheim). 1995, 2. opplaget 2002 Det litterære skattkammer. Sakprosaens teori og retorikk. 1997 Berge Furre: Sant og visst. Artiklar, foredrag, preiker (redaktør, etterord). 1997 Nynorsk faktabok 1998. 1998 Norske tekster. Sakprosa (redaktør, innleiing, merknader). 1999 Den store nynorske sitatboka. Norsk kulturhistorie gjennom 800 sitat. 2000 Det nynorske blikket. 2002 Fotefar mot nord. En kulturhistorisk reise i Nord-Norge og Namdalen (saman med Kirsti M. Thorheim). 2003, 2. utgåva 2004, 3. utgåva 2005 Nynorsk faktabok 2005. 2005 Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. 1.–2. opplaget 2006 Vestlandets historie. Band 1–3 (medredaktør). 1.–2. opplaget 2006, 3. opplaget 2007 Allkunne (hovudredaktør). 2007–2014 Språkfakta 2010. 2010. E-bok Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. 1.–2. opplaget 2010 Draumen om målet. Tilstandsrapportar frå Norge og Noreg. 2012 Historia om Ivar Aasen. 2013. 1.–3. opplaget 2013 Språksansen. Kalender om all verdas språk. 2013 Historia om Ivar Aasen. 2014. Hefta utgåve med bonussider, tidstavle og tilvisingar Språkfakta 2015. Ei historie om språk i Noreg og verda gjennom 850 tabellar. 2015 Det rause museet. Prosjektplan for Vinje-senteret. 1.–2. opplaget 2016 Vinje-bibliografien. Skrifter av og om Aasmund Olavsson Vinje 1845–2016. 2017 Forfattarens skriftstader. Litterære museum i norsk minnepolitikk (redaktør). 2018 Aasen-bibliografien. Skrifter av og om Ivar Aasen 1825–2017. 2018 Den store ideen. Personane, dokumenta, forteljingane 1993–2018. 1.–2. opplaget 2018 Diktarar og dialektar. Utgreiing om ein institusjon i Ottadalen. 2018 Skriftkultur. Tidssignal frå det 21. hundreåret. 1. opplaget 2018, 2. opplaget 2019


Ottar Grepstad

1900-talet Forteljingar frĂĽ eit hundreĂĽr

Samlaget Oslo 2020


© 2020 Ottar Grepstad og Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | exil design Førtrykk: Type-it AS Skrift: 11,5/15 pkt. Minion Pro Papir: 80 g Munken Print Cream, 1,8 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0192-5

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Vi er på denne planeten berre ein gong, så like greitt å få ein idé om staden. Annie Dillard: Pilgrim at Tinker Creek, New York 1974


Innhald

Eit felles døgn 11 Ante meridiem

19

Natt 21 00.00 Ideen om null 24 | 00.10 Oppgjer på hundevakta 27 | 00.24 Ansiktet som forsvann 35 | 00.55 Då musikken døydde 39 | 00.58 Sterkare enn frykta 41 01.10 Ein uvant dur 46 | 01.11 Piggtråd gjennom livet 51 | 01.30 Feiaren gjer reint 58 | 01.30 Den siste brønnen 64 | 01.38 Følgjesvein på ferda 68 | 01.45 På like fot 72 | 01.47 Avslørt med teip 76 | 02.00 All verdas fantasi 82 | 02.45 I svarte havet 85 | 02.54 Avgjerd om ansvar 88 | 02.56 Det store spranget 93 04.50 H for høgre 98 | 05.25 Frelsar utan folk 103 05.30 Jenta på bussen 106 | 05.58 Ut av kroppen 109 Morgon 113 06.00 Skjult i annekset 116 | 06.15 På begge sider 120 06.30 Ein neve salt 123 | 07.00 Øyar av folk 127 07.30 Vitskap på slump 132 | 07.41 Flash på Harvard 136 | 07.53 Morgon i Vietnam 139 | 07.55 Gud 7


signe Soweto 142 | 08.15 Glimt mellom skyer 147 08.47 Heilt på viddene 151 Føremiddag 157 09.00 By av bogar 160 | 09.05 Kraft ved glede 164 09.13 Jente i streik 167 | 09.27 Makt frå eksil 171 09.35 Kanslar på kne 176 | 09.47 Verda i lomma 180 10.00 Brød og blod 183 | 10.00 Millionar i tap 190 10.10 Lisens for suksess 195 | 10.30 Gapestokk på Capitol 198 | 10.39 Marmorkule i blått 202 | 10.59 I siste minutt 205 | 11.15 Dag for morsmål 207 | 11.20 Tale for ettertida 212 | 11.44 Eit nytt teiknspråk 217 11.55 På Strand Hotel 220 Post meridiem 225 Ettermiddag 227 12.00 Historia om livet 230 | 12.30 Kryss i vegen 232 12.45 Mannen i tunnelen 236 | 13.25 Ei strålande kvinne 240 | 14.00 Fire meter under 243 | 14.02 Den nye silkevegen 250 | 14.13 Sanning frå sola 254 14.30 Trost i studio 256 | 15.00 På 90 grader 259 15.25 Vårt vesle land 262 | 15.45 Nattsvermar på papiret 266 | 16.08 Skifte med seinverknader 270 | 16.14 Regnboge med kvitt 273 | 16.30 Kvinner på post 278 16.56 Nettverk for kunnskap 280 | 17.30 Gneistar av håp 283 | 17.56 Skrift i sand 287 Kveld 295 18.00 På blankt papir 298 | 18.06 Buss nr. 2857 302 18.15 Seks dagars tale 304 | 18.57 Dei kjem over 308 8


19.20 Ord for endring 314 | 19.30 Tre blinde mus 317 20.00 Ein halvtone opp 319 | 20.30 Kvinner på karneval 321 | 20.43 I lause lufta 326 | 21.37 Setningar om tyranni 329 | 21.58 Den forbodne bokstaven 335 22.00 I femte etasje 341 | 22.20 Den siste løgna 346 22.45 Opp trælar alle 350 | 22.55 Signal for demokrati 356 | 22.56 Forbund for fred 360 | 23.47 Eit sjølvbestemt liv 364 | 23.55 Fem på tolv 366 Kart over framtida 373 Kjelder, takk 389 Utgangspunkt 423 Kalender 425 Namneregister 429


Eit felles døgn Noreg 18.37 / 17.37 Onsdag 12. desember 2018 Det er ein slik dag som endrar seg frå minutt til minutt. Opningsvignetten til «As The World Turns On» er ein jordklote som kjem nærmare til tonefølgje frå eit el-orgel. Såpeoperaen om livet i fiktive Oakdale, Illinois har halde det gåande sidan 1956 og er i 1963 det einaste tv-programmet som blir kringkasta over heile USA. I Dallas, Texas er truleg mange av sjåarane ute i gatene fredag 22. november då den halvtimelange episoden som vanleg tek til kl. 12.30. Sjåarane er ti minutt inn i drama og scener då biletet brått skiftar til plakaten «CBS News Bulletin». Det tek tid å varme opp kamera, så frå eit radiostudio les Walter Cronkite ei kort melding om at president John F. Kennedy er treft av fleire skot i Dallas. Etter reklame for Nescafé og andre tv-program går skjermen i svart eit halvminutt. Sjåarane høyrer lyd av uro i eit rom, og så er plakaten der att medan Cronkite oppdaterer. I mellomtida går bandet med såpeoperaen, som i eit glimt er inne att, no midt i ei heilt anna scene enn sist. Kl. 12.48 blir plakaten vist utan avbrot medan Cronkite les meldingar og fyller ut med bakgrunnsstoff. 11


Først 13.00 kjem han til syne, ved eit bord i fjernsynsredaksjonen overlest av papir og telefonar, med travle kollegaer ved teleksen. Presidenten skulle tale ved ein lunsj på Trade Mart i Dallas, og på linje derifrå refererer Eddie Barker kl. 13.10 eit rykte om at presidenten er død. Fire minutt etter går ein lege som kjenner Barker, bort til han, han tårar, kviskrar at presidenten er død. Legen har ringt akuttmottaket på sjukehuset der han sjølv arbeider. Barker går på lufta og fortel det han seier at han nett har fått høyre av ein lege. Klokka viser 13.15, og dødsfallet er no kringkasta to gonger. Frå studio i New York held Cronkite stødig orden på gamle og nye opplysningar, uoffisielle og sikre, i kvar oppdatering han gir. Kvar gong legg han til fleire detaljar i forteljinga. Han viser to bilete på papplater, tekne like før skota fall. No og då ser han forskrekka bort på kollegaene som gir han ark etter ark med siste nytt. Walter Cronkite sit i studio og ventar på det han forstår vil kome, og som det er han som skal seie. Kl. 13.37 ligg arket der. Han kastar eit blikk på den offisielle erklæringa, tek seg til overleppa, tek på seg dei mørke brillene, ser inn i kameraet, ser ned på arket, les lynmeldinga. «President Kennedy døydde klokka eitt p.m. Central Standard Time.» Han ser opp på veggen utanfor biletet: «Klokka to Eastern Standard Time. For om lag 38 minutt sidan.» Walter Cronkite famlar med brillene, med auga, med røysta, fuktar leppene, ser som snarast inn i kameraet, røysta sprekk: «Visepresident Johnson har reist frå sjukehuset.» Presidenten blei skoten nett då jordkloten nærma seg dei som såg på såpeoperaen. 12


Det tragiske og uventa skulle tidfestast. Tidspunkta frå Cronkite stadfesta at det som no var fortalt, var sant. Nett då var det lite anna å gripe tak i enn klokka. Slik var det også for oss som kom heim frå haustfest i Freidig 4H i Ryfylke same kvelden. Far slo på radioen for å høyre Dagsnytt, det må ha vore sendinga kl. 22.10. På ei skurrande linje frå studio i New York fortalde Per Øisang at «president John F. Kennedy ble skutt i en åpen limousin på vei fra flyplassen og inn til sentrum i Dallas, Texas klokken 12.55, altså like før klokken 19 norsk tid i kveld, og døde vel en halv time etter på et hospital i nærheten». Den fredagskvelden kom verda inn i hovudet mitt frå ein annan kant enn før. Dette var noko anna enn pugga remser av elvenamn i Spania og Sovjetunionen. Frå eg var ti år, har eg visst når presidenten på hi sida av havet døydde. Det hugsar eg fordi meldinga var med i årskavalkaden som NRK sende i desember, bevart med Radionette-opptakaren og seinare spelt av mange gonger. Historier kan forteljast mange gonger. Men Øisang bomma med ein halvtime. Det oppdaga eg då eg mange tiår seinare stod oppe i lagerbygningen i Dallas, i Sixth Floor Museum at Dealey Plaza. dette er mine utvalde forteljingar frå verdshistoria om folk som forma vår tid frå 1900 og frametter. Grensene innanfor historiefaget er mange, og eg er skammeleg lite plaga av berøringsangst for dei grensene. Forteljingane tek til i nærmare 50 land og rommar scener i mange fleire. Der dukkar dei opp, politikarar og forfattarar, offiserar og musikarar, økonomar 13


og romfararar side om side med legar og pasientar, offer og overgriparar, journalistar og vaktmeistrar. Fleire hundre aktørar og augevitne kjem til orde utan omvegar til dikta forteljingar og andre fiksjonar. Det folk gjer, er knytt til høve og hendingar. Som ein litterær kronograf spolar eg tilbake til situasjonane folk var i då det skjedde og ingen kunne vite korleis det ville gå. Forteljingane er ordna etter tida på døgnet og gir ein ny inngang til verdshistoria utan at eg gjer tidspunkta til årsaksforklaringar. Mangt kan sjå annleis ut når ein er tett på tida og staden og folka. Då er det kanskje ikkje lenger like opplagt kva strukturar og enkeltpersonar og fellesskapar som har mest å seie. Avgjerande skilje i stort og smått kjem til syne, detaljar fargar den knappe røynda, og brått kan det heile ta ei uventa retning. 1900-talet er ikkje ei historie av den sorten der alt ordnar seg til slutt. Mentale minne og individuelle liv blir forma av mange faktorar. Frank Willis stussar over ein teipbit i Washington D.C. kl. 01.47, Phan Thi Tinh ser soldatane storme inn i My Lai kl. 07.53, Willy Brandt gjer ein uventa gest i Warszawa kl. 09.35, Marie Curie kjem inn ei lita dør i Paris kl. 13.30, Mohamed Bouazizi døyr av brannskadar i Sidi Bouzid kl. 17.30, Nellie McClung entrar scena i Winnipeg kl. 20.30, Heinrich Müller sender Blitzfernschreiben frå Berlin kl. 23.55. Dei er alle saman avsnitt i ei historie om alt frå krigar til kulturindustri, strukturar og slumpetreff i denne leseboka om eit felles døgn. Det er ei tid for alt, men alt kan ikkje tidfestast, var tanken då eg oppretta fila for denne boka ein desem14


berkveld i 2018. I diktekunsten har det å skrive ei forteljing innanfor eit døgn på same staden vore eit ideal like sidan Aristoteles. I sakprosaen har tid, stad, menneske og emne vore grunnformer. Å fortelje er å ordne fortida, skreiv eg i Det litterære skattkammer (1997). Det gjeld å setje lesaren i stand til å «see Begivenhederne, som om de vare nærværende og gik forbi for vore Øine», skreiv Jakob Rosted i Forsøg til en Rhetorik (1810). Dette kopla han til den tids tanke om einskap. Der måtte vere noko som kunne skape ein indre samanheng. Det kan gjerast på fleire måtar enn det Rosted framhevar, alt frå små glimt av same scena i fleire forteljingar til å skildre tilgrensande hendingar på ulike stader i boka. Eg meiner såleis at forteljinga som etablerer samanheng mellom tid og årsak, er nettopp det, éin måte å gjere det på. Den kronologiske eller tematiske framstillinga er inga nøytral form. Begge ber i seg visse tydingar alt før ein tek til å skrive. Det handlar altså om oppfatning av røynda. Nøyaktig når noko skjer, kan vere viktig for å forstå situasjonen. Dei første flygeblada blei seinast laga i 1488, få tiår etter at Gutenberg hadde trykt Bibelen. Desse trykksakene er laga for høve, for tida og staden, men er ofte tidlause utan dato. Under oktoberrevolusjonen i Russland 1917 brukte særleg bolsjevikane skrifta effektivt. Onsdag 25. oktober / 7. november opna med at bolsjevikane tok kontroll over offentlege kontor og kommunikasjonsknutepunkt, og den slutta med at sovjetkongressen avsette og arresterte den provisoriske regjeringa frå februarrevolusjonen. 15


Vladimir Lenin ville kome kongressen i forkjøpet og sikre avgjerda. Han skreiv eit flygeblad som blei trykt og spreidd, slått opp som plakatar og telegrafert Russland rundt: «Til det russiske folket. Den provisoriske regjeringa er avsett.» Det var eit håp, ikkje eit faktum. Lenin fann det for godt å datere flygebladet: 25. oktober kl. 10.00. Det var enno 17 timar til kongressen avsette regjeringa. Med det flygebladet kuppa Lenin revolusjonen. tida ligg i skrifta. Munnleg tradering av historiske hendingar vil sjeldan gi pålitelege tidfestingar. Både aktøren, augevitnet og klokka bind hendingane fastare til røynda og nærværet her og no. Her går vestlege kulturar meir etter klokka enn andre, ser det ut til. Det er endå ei påminning om at historie blir skriven med svært ulike utgangspunkt jorda rundt, døgnet rundt. Den som diktar ei forteljing, står friare enn den som fortel om faktiske hendingar. Den faktiske forteljinga skal ikkje berre vere god. Den skal vere etterretteleg og på høgd med etablert kunnskap. Innanfor den fridomen kunsten gir, kjem rettsstaten sjeldan nokon veg overfor dikta forteljingar. For forteljingar om faktiske hendingar er der få juridiske gøymestader, og alt skal helst vere prosaisk presist. Tida på døgnet er viktigare i somme forteljingar enn i andre. Juridiske og militære forteljingar har det til felles at tidspunkt kan vere avgjerande for dom, siger og tap. Den journalistiske forteljinga bruker tidspunkt pragmatisk og gjerne mest i ettertid når ein rekonstruerer hendingar og nærmar seg den juridiske 16


forteljinga. Historiske forteljingar held ganske nøye orden på dagar og år, men er sjeldan avhengige av timane. Dikta spenningshistorier er fiktive juridiske forteljingar og dermed avhengige av at i det minste kronologien blir avklara. Kor mange gonger er ikkje ei spenning utløyst i siste sekund. I dagleglivet flyt timane forbi. Først etter at noko har hendt, oppdagar ein kanskje at tidspunktet har noko å seie. Det kan vere årsaka til at klokkesletta ofte er få sjølv i dagbøker. Ein diktar bryr seg som regel lite om klokkeslett. Det som der blir tidfesta, skjer gjerne på heile og halve timen. I diktinga er det andre måtar å gjere noko viktig på. Slik kan det også vere i sakprosaen, men der gjer ofte klokkeslettet same tenesta som metaforen i prosakunsten. Di tettare ein er på ei hending, di viktigare kan tidspunkta bli, som då Walter Cronkite presiserte at presidenten døydde for om lag 38 minutt sidan. Det var no nettopp, det var nært, og minutta streka under at det var sant. Prosessar, meiningsbrytingar, kunnskapsutvikling eller skaping av kunst kan vanskeleg tidfestast på minuttet. Det som kjem brått eller brått skjer, er lettare å ta vare på som eksakte tidsminne enn sakte endringar er. Di viktigare eller meir dramatisk ei hending er, di oftare blir den tidfesta på minuttet i både dokumentarskildringar og nyheitsreportasjar. Då kan klokkesletta gjere same nytta som kursiv eller rekkjer av adjektiv. mellom mange av forteljingane i denne boka går linjer som gir meining om ein ser dei, men som kan unnverast om ikkje. Kanskje var der ein skjult saman17


heng i det Grace Hopper skal ha skrive i journalen om ein bug i datamaskinen i 1947, likeins i Neil Armstrongs første ord nede på måneoverflata i 1969. Forteljingane heng saman i tida, ikkje i tidspunkta. Linjene som bind det heile saman, kan oppdagast også om ein les på kryss og tvers. Den som heller vil følgje historia år for år, finn fram i «Kalender» bak i boka. Alle klokkeslett er i lokal tid før skråstreken med Coordinated Universal Time (UTC) etter, og tilsvarande for dato. Skilnaden mellom dei to klokkesletta varierer med sommar- og vintertid, som konsekvent er rekna ut for 2019. For utanomjordiske hendingar og polpunkta er berre UTC brukt. Stadnamna er slik dei var på den aktuelle tida, og både stad- og personnamn følgjer norsk rettskriving. Verk og tekstar omsette til norsk er siterte frå desse utgåvene. Utsegner frå skandinaviske personar er siterte på originalspråket, men omsette viss originalkjelda er engelsk. Det som skjer ein dag eller i eit liv, kjem hulter til bulter. Berre i den samla framstillinga og oversynsverket er alt vege og velordna. Ved å la klokka styre tida blir det tydeleg kor skiftande eit tilvære er langs aksen frå liv til død. Fråværet av eit hierarki som fortel lesaren kor mykje viktigare det eine er enn det andre, opnar for fleire forståingsmåtar av fortida og viser på ny den retoriske grunntanken om at form og innhald påverkar kvarandre. Nokre av dei linjene som tek form gjennom vel 80 forteljingar frå dette felles døgnet, gir eg til kjenne i den siste, samlande historia.


Ante meridiem Eg mĂĽ ta meg saman og fortelje. Det er det beste eg kan gjere. Phan Thi Tinh, Vietnam, 1986

Profile for Det Norske Samlaget

1900–talet. Forteljingar frå eit hundreår  

Fakta og dokumentar av Ottar Grepstad

1900–talet. Forteljingar frå eit hundreår  

Fakta og dokumentar av Ottar Grepstad