Kunskapsparken 2016

Page 5

“Vi har fått på plass ein solid verktøykasse og har det vi treng for å fremme nyskaping.”

Hilde Grinde, Roger Ulvestad, Kjetil Kvåle

utan tilsette gründerar i fylket eit solid verktøy for utvikling og vekst. I ein inkubator får gründerar profesjonell rådgjeving, kontorplass, tilgang til investorar og nettverk, fortel Kvåle.

Fjordane, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Kunnskapsparken, med mål om å gi etablert næringsliv «tid til å sjå seg sjølv utanfrå».

EIN SOLID VERKTØYSKASSE

– Dette gir bedrifter moglegheit til å teste meir. Det kan så frø til nyskaping og vekst, auka forsking og meir innovasjon, seier Kvåle.

Eit anna verktøy kom i 2010. Kunnskapsparken vart ein del av VRI-programmet, Forskningsrådet si satsing på regional innovasjon. Dette gir tilgang til kunnskap og forskingsbasert innovasjon, og auka samhandling mellom næringsliv, forskingsmiljø og verkemiddelapparat. I tillegg har dei fått på plass eit pre-såkornfond, som gir tilgang til meir midlar og støtte. Dette er eit fond som kan gå inn med investeringskapital i ein tidleg fase. – Skal vi være ein del av virkemiddelapparatet, må vi ha gode verktøy. Eg meiner vi har fått på plass ein solid verktøykasse, og har det vi treng for å fremme nyskaping.

GODE PARTNARAR

Ei viktig satsing har vore utveksling av erfaringar på tvers av bransjar. Prosjektet “Nybrot” er eit godt døme, der fokus har vore på eksisterande næringsliv og moglegheitene for «spin off». Eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og

For auka nyskaping lokalt, har eit godt og tett samarbeid med kommunale næringsapparat og næringshagar vore viktig. På nasjonalt plan har langsiktig samarbeid med dei andre inkubatorane, kunnskaps- og forskingsparkane i Norge gitt mykje erfaring og inspirasjon. – Desse samarbeida har gitt oss fleire gode og effektive løysingar. Dei styrker vår posisjon og gir oss moglegheit til å bidra sterkare til vekst i fylket, seier Kvåle og trekker frem kva som gjer han mest stolt: – Når våre inkubatorbedrifter lukkast. Det er godt å vite at vi har vore med å løfte frem dei driftige menneska og bidrege til nye arbeidsplassar i regionen vår.

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE

S 05


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.