Page 1




Innhaldsliste Praktisk informasjon......................... Sjefen om veka................................ Rektor har ordet............................ Vekestyret........................................ Dagsarrangement............................. Vekerevyen “Eureka�........................ Program........................................... Konsertar......................................... Vekemedia....................................... Me vil gjerne takke..........................



3 4 6 7 12 18 23 27 44 46


Praktisk informasjon

Etter laurdag 3. februar vil billettane kun verte tilgjengelege på internett via Rokken si billettbestilling: http://rokken.www2.dk/. NB! Vekepass blir KUN selde på internett i heile perioden! Dei med vekepass som ynskjer å gå på revy må henta revybillett innan ein halv time før revyen startar den aktuelle dagen.

Volda Taxisentral, tlf. 70 07 89 00 Studenthuset Rokken, tlf. 70 05 59 99




VELKOMEN TIL VEKA 2007! Eit år har gått, våren er på veg, og Veka står atter ein gong framfør oss. Denne gongen spekka med musikk i ulika sjangrar, alt frå folkeleg jazz til tung rock. I kyrkja kan du nyte behageleg, melankolsk musikk, og på dagtid er det rom for leik i skibakken, barnedag, bokkafè og, sjølvsagt, revy. Eg er stolt over programmet me har sett saman i år. Men, like sikkert som at Veka er her, er at den blir omdiskutert, og det er bra! Det betyr at folk har meiningar, og ikkje er redde for å dele meiningane sine med andre. Det vil alltid vere nokon som vil ha meir av noko som andre vil ha mindre av, og det er jo bra! Veketemaet i år er noko så diffust som ”Svart og kvitt med ein splash”. Det kan tolkast på mange måtar. For meg illustrerer det at alt ikkje alltid er svart/kvitt, men at det som regel finnast ein knæsj farge midt oppe i det heile. Noko positivt som set farge på tilværelsen. Som eit varmt pledd når det regnar som verst ute, eller eit uventa smil frå ein forbipasserande på ein dårleg dag. Kanskje kan Veka vere ein slik fargeklatt i ein ellers grå og stressande kvardag? Uansett om ein jublar over Vekeprogrammet eller ikkje, kan me vere einige i ein ting. At det er bra at det skjer slike ting som Veka her i Volda. At me har studentar som engasjerer seg i ulike delar av studenttilværelsen, om det så måtte vere i Veka, Dokfilm, Natura eller




ein av dei mange andre studentaktivitetane ein kan engasjere seg i ved Høgskulen i Volda. Det er jo slik me får eit rikt mangfald i studentlivet! Det er dessutan lærerikt og veldig kjekt. Eg vil difor nytte denne anledninga til å oppfordre alle til å vere med på å gjere studenttilværelsen meir innhaldsrik for både seg sjølv og andre. På vegne av vekestyret vil eg ynskje dykk alle, om de er studentar eller lokalbefolkning, gamle eller unge, velkomne til Veka 2007.

Helsing

Ragnhild Ølnes



vekesjef


Veka 2007 – studentane i fokus Ei av dei store utfordringane for høgre utdanning er å utvikle kreative og skapande evner som grunnlag både for personleg og samfunnsmessig utvikling. Det er sjølvsagt mange forhold som avgjer om resultatet blir godt. Mykje kviler på det tilbodet vi som utdanningsinstitusjon greier å gi, men mykje er også avhengig av kva studentane sjølve gjer det til, både i studiearbeidet og i fritida. Derfor er det aktive og allsidige studentmiljøet ein uvurderleg ressurs for Høgskulen i Volda. Her er eit mangfald av studentlag, som gjer det mogleg for alle å finne fellesskap og tilknyting. Dette skaper eit pulserande og kreativt studentmiljø, som toppar seg i Veka, eit av dei største



kulturelle arrangementa i Møre og Romsdal. Då blomstrar miljøet på sitt mest intense, og inviterer til talrike aktivitetar, som viser dei imponerande kreative ressursane som finst i dette fellesskapet. Veka har som mål å sette Volda på hovudet nokre dagar, til glede både for studentar og bygdefolk. Både studentane og vi andre ser fram til det. Ta sjansen og lat deg freiste av eit variert program. Vi har alle godt av å stå på hovudet av og til. Eg ønskjer lukke til med veka 2007! Helsing

Gunnar Stave rektor


VEKESJEF Ragnhild Ølnes 27 år, frå Volda Vekeform: Happy Camper Frå Volda-by kjem ei lita og nett budei, du har sikkert møtt ho på din vei. Ragnhild er navnet du sikkert har hørt, blitt kviskra av unge menn som vil bli forført. Men lett er det ikkje når budeia har blitt sjef, då hjelper det ikkje at ein lange og lengtande blikk gjev. Skal du ha sjansen er den nok best, når du møter ho under Veka på ein heidundrandes fest.

NESTLEIAR Solveig Steinnes 28 år, frå Volda Vekeform: sliten og trøtt, men glad Teke opp eit fag som gjekk litt skjeis, er ferdig med førskulelærarutdanninga mi, endeleg. Eg tvilar fortsatt på om eg skal bli førskulelæarar, sidan eg drøymer om å starte mi eiga scene, der eg kan booke tøffe norske band og kanskje Mew av og til... Frå TeleBygget og FUN-festival er eg vant til å halde folk i øyrene. Derfor er eg nestleiar i år.




REVYSJEF Tone Rustestuen 26 år, frå Dokka Vekeform: bergteken og lukkelig ukritisk Tone er ein engasjert gledesspreiar i styret. Har nokon ein dårleg dag har ho alltid ei gøy historie å fortelje frå dusjen. Så blir ein glad.Når Tone gjer noko rart skulder ho på gikta. Tone er ein såkalla pillerevmatikar. Ho er med på det meste ein kan vere med på i Volda, men bestemte seg likevel høgst sannsynleg for å verte revysjef fordi ho er bergteken av Kaja.

REVYSJEF Kaja Rynning 23 år, frå Bærum Vekeform: med hjarte i handa Kaja er søt og morosam og søt og snill og søt og flink og søt og stressa og søt og ALLTID positiv! Når Kaja gjer noko rart skuldar ho på diabetesen. Kaja er nemlig ein sprøytediabetikar, som eg likar å kalle det. Ho er den organisatoriske av revysjefane, og er med på alt ho kan av frivillig arbeid. Kaja vart likevel revysjef, høgst sannsynleg fordi ho er forelska i Tone.




BOOKING Janne S Wetteland 22 år, frå Stavanger Vekaform: Liten og lett, alltid beredt. Janne er ei vimsejente med eit stort smil og små sko. Hennar musikksmak går frå A til Å, men band som the Shins ligg hennar hjerte nær. Ho er 22 år og kjem frå ”storbyen” Stavanger, men trivs godt i Volda så lenge ho har prikkete paraply. Janne er alltid glad, med ein klem eller fem på lur. Med Janne i nærheiten blir dagen tre hakk betre. Når ho blir stor skal ho bli brannmann. Janne baker kaker, flørter med kjæresten Mats og drikker øl. Ho er blitt VM i booking, og håpar at folk går på konsertane for å finne nye yndlingsband. Det skal i alle fall Janne. BOOKING Johanne Sandnes 23 år, frå Førde Vekaform: Stjerna Rock og røde lakksko. Det lille lykketrollet fra Førde har ein forkjærligheit for Motorpsycho og gamle, rare ting. Ho har ei trompetlampe i stova og kamelteppe på veggen. Ein kan kjenne igjen Johanne fordi ho alltid har converse sko, stort barbiehår og et breitt smil i fjeset. Når ho blir stor skal ho bli kaptein sabeltann, sjølv om ho hatar å kle seg ut. Før var Johanne hipp, men no har ho kjæreste og strikker skjerf. Johanne er søtast. Alltid. (punktum)




SPONSORANSVARLEG Kjetil Branæs 20 år, frå Horten Vekeform: Betatt Kjetil er ein vimsete og livleg fyr som alltid har godt humør. Om du leitar etter han, er ikkje akkurat skulen den første plassen du finn han, der er det nemleg ikkje så ofte han dukkar opp. Med unntak i Infoen da. Prøv heller Expert i Ørsta eller eit vekemøte. Han kan vere ein smule homofil til tider, men hevder hardnakka for at han er 100 % streit. Han har ellers ein sterk fasinasjon for en amerikansk tvserie ingen andre har hørt om. SPONSORANSVARLEG Gunnar Karstensen 28 år, frå Ølen Vekaform: alltid klar Gunnar er evig student i Volda og har ingen planar om å flytte.Han har eige kontor i 3. etasje på BK og gjer nyttige ting utanom sponsorarbeid når det er ting som må fiksast.På styremøte er han flittig referatskrivar (”fruut de lu!”), og ser ut til å stortrivst med sponsorarbeid. Gunnar er pratsam, energisk, blid, sosial og flink til å danse…;) Han gler seg til Veka, og trur det blir ein einaste stor fest. Hurra!

10


ØKONOMIANSVARLEG Camilla Auflem Vik 26 år, frå Gursken Veka form: På leiting etter backstage Camilla er ei snill, sta, lite tålmodig, musikkelskande, oversosial og superengasjert dame. Ho har ein fasinasjon for vesker og musikarar. Er økonomiansvarlig for ho likar penger,tal og system.

GRAFISK ANSVARLEG Christine Øvrum Halvorsen 23 år frå Skien Vekaform: utsliten, håpefull og spent Christine har gått ein lang og kronglete veg men har no funne seg til rette med MID studiar ved HVO, HA på Rokken og grafisk ansvarleg i Vekestyret. Ho er ei sjarmerande jente som et planter i staden for dyr. Ei kreativ sjel med mykje teknisk innsikt. Christine sprer godt humør og har eit stort hjarte. Ansvarsbevisst, sta, flittig, klumsete, omtenksam, nyser som ein stor mann og ler rått.

11


PRESSESJEF Carina Halleraker 22 år, frå Stord/Oslo Vekaform: Hopp og sprett :) Ei ven og blid jente som gjer alle rundt seg i betre humør. Ho har langt brunt hår og ser ut som ei prinsesse, men noko prinsesse på erten er ho ikkje. Ho er ikkje redd for å ta i et tak, og er både arbeidsam og effektiv. Carina elskar å danse, og er ei ordentlig dancing queen som aldri går tom for energi. Om det er all kaffien ho drikk som driv ho eller kva som er drivkrafta er uvisst, men heilt klart ei kjekk jente som me likar godt!

barnedag

Laurdag 10. februar, Rokken Scene kl 12.00 Dette er ein dag med leik og moro for barna, og hyggjeleg sosialt samvær for foreldre. Me ynskjer alle barn og foreldre velkomne til ein dag der barna står i fokus. Westres Bakeri stiller med bollar og Volda Mineralvatn stiller med brus. Vel møtt til eit avbrekk frå kvardagen på Rokken laurdag 10. februar kl. 12.00

12


Skidag

Måndag 12.februar på Reset (Vêratterhald) Måndag 12/2 blir det arrangert ski/aktivitetsdag i regi av Natura og G-sport. Dei vil (om det blir snø) avvikle skidag med mange morosame konkurransar og kanskje nokre premiar. Om vêrgudane ikkje vil samarbeide med oss om dette arrangementet blir det eit alternativt opplegg. Sjekk www.veka.no for oppdateringar og øvrig informasjon.

13


INTERNASJONAL DAG Onsdag 14. februar

Draumar du om å dra ut i verda, bli inspirert til studium utanlands, eller bere vil oppleve noko eksotisk må du møte opp i kantina BK denne dagen. Her kan du delta på spanande workshops, møte førelesarar frå Irland, Tyrkia, Ungarn, Frankrike m.m. Du kan snakke m internasjonale studentar, og studentar ved Høgskulen som allereie har prøvd seg ute i den store verda. Det blir spanande mat, dans og song. Kantina vil også bære preg av at det er sjølvaste Valentinsdagen. Her er 11.30 11.35 11.40 11.50 12.00 12.30 13.00 13.15 13.30 14.00

programmet for dagen: Hjarta opnar seg - fanfare - internasjonal dag startar Velkommen v. Gunnar og Marte Irsk tåsprett og spansk flamenco Internasjonale rytmar Lyttepost - spanande internasjonale gjester Bugnande bord - smakebitar frå “heile” verda - gratis mat og drikke Nærare kikk på standane og reiselysten stiger Musikalske opplevingar Nye takter Trekning av reisesjekken

Mykje skjer undervegs og innimellom klokkesletta på programmet. ”Gå ikkje glipp av et einaste sekund av aktivitetane i BK kantina denne dagen,” oppmodar internasjonal koordinator Cecilie Wilhelmsen. ”Med Høgskulen i Volda kan du være internasjonal her heime, eller reise ut til ein av våre mange gode samarbeidsinstitusjonar.”

14

Frå hjarte til hjarte!


Bokkafè Bokkafé med Marit Eikemo, som hausten 2006 debuterte med romanen Mellom oss sagt. Laurdag 17. februar, Rokken Kafe kl. 13.00 Pris: 50,-

Mellom oss sagt er ei vittig og skarp, tragisk og sår skildring av venskap og einsemd, om suget etter å høyre til - og om fellesskapets klaustrofobi. Med nittitalet som nært bakteppe, handlar romanen om strevet med å finne seg ein plass i samfunnet. Studietida er for lengst over og livet er i ferd med å feste seg for Regine Hansen og venene hennar i Bergen. Fridomen til å velje minkar,fortid og notid flyt i kvarandre og fellesskap smuldrar opp. Gjennom Regine sin jobb som saksbehandlar i Aetat får vi eit innblikk i liva og lagnadene til folkemylderet ho dagleg omgir seg med. Livets absurditetar trer tydeleg fram. Marit Eikemo les frå boka Mellom oss sagt og snakkar om utfordringane med å etablere seg etter studietida.

15


16


17


Vekerevyen har lange tradisjonar i Volda, og for mange er revyen eit stort høgdepunkt under Veka. Revyen er det som krev flest folk, og også i år har vi klart å samle mange engasjerte hjelparar. Vi er veldig nøgd med gjengen vår, både instruktørar, skodespelarar, koreografen, kapellmeistaren og bandet. Det er òg viktig å ikkje gløyme alle som står bak scena, både dei som jobbar med kostyme og sminke, dei som hjelper til med rekvisittar og dei som hjelper oss med alt det tekniske. Vi håpar du set like stor pris på revyen som vi gjer! Kaja og Tone, revysjefar 2007

18


Christina Honningsvåg

23 år frå Lillestrøm Tidligare erfaring: Gjekk på dans- og dramalinja på VGS, har dansa mykje, sunge i kor, har gått på drama på Høgskulen i Volda. Er med i revyen fordi: Fordi det er så gøy! Og fordi Tone (revysjef) sa at eg måtte vere med.

Kristian Johannessen

23 år frå Hobøl Tidligare erfaring: Har spelt euphonium i skulekorps og vore keeper i Lilleputtligaen i fotball. Har vore tre år i Trondheim og prøvd å spare til trønder-bart, men måtte gje opp. Er instruktør i revyen fordi: Per Arne trua meg, og fordi revysjefane var så pene.

Per Arne Nygaard Lium 25 år frå Trondheim Tidligare erfaring: Var tekstforfattar og skodespelar under Uken i Bergen 2004, var med i TV-programmet Filmstjerne på TV2 hausten 2005. Er instruktør i revyen fordi: Vil bidra med å lage ein ekstremt bra revy!

19


Helle Nielsen Estensen

21 år frå Velfjord Tidligare erfaring: Har jobba i fjøs, og vore med i ungdomsrevy og revy på landbruksskulen. Er med i revyen fordi: Synast det høyres artig ut. Har ikkje så lyst til å bli lokalkjendis, men syns det er artig å lage sketsjar og vere på scena.

Pernille Dvergedal Bård Andersen

20

21 år frå Fetsund Tidligare erfaring: Russerevy frå Bjørkelangen VGS, kretsmeister i skiskyting som 13-åring. Er med i revyen fordi: For å ha det gøy, og for å få utløp for all PRkåtleiken som gjer at eg ikkje får sove om natta.


Simen Sveen

20 år frå Hamar Tidligare erfaring: Har vore med i Vil Du Bli Millionær ein gong og på Idol to gongar. Har satt opp eigen musikal; ”Individ Investering” Er med i revyen fordi: Vil kome i rampelyset og bli sett. Håpar på å bli oppdaga.

Julie Walla

25 år frå Sandnessjøen Tidligare erfaring: Har spelt saksofon på Blå, og vore med på sauesanking i Hatfjelldalen. Er med i revyen fordi: Det verkar kreativt, sosialt og utagerande saman andre menneskje!

Ina Steen

24 år frå Rælingen Tidligare erfaring: Sunge i kor, dansa på VGS, spelt i band. Er med i revyen fordi: Har eit behov for å synge, danse og spele skodespel. Eit behov som ikkje blir dekka elles i kvardagen.

21


22


23


Revypremiere

100,-/130,-

Dørene opnar 19:30 Revystart 20:00 (kun revy 70,-/100,-)

Opningsfest med

DJs: Moodmixers

60,-/90,-

Barnearrangement

Madcon Apollo

Dørene opnar 21:00 Konsertstart 23:00 SKIDAG Stand frå “Studentsolidaritet”

Stand frå “Studentsolidaritet” Rokken 16:00

Fyrste forestilling Andre forestilling

14:00 18:00

150,-/180,-

support: Erik og Kriss

fra 22:30

Revy

Rokken Scene 12:00

70,-/100,-

Magnus Hængsle

140,-/170,-

Volda Kyrkje 20:00

u/18år: 100,-

Kafeen 16:00

Revy 17:00

70,-/100,-

Bandstand

70,-/100,-

Dørene opnar 21:00 Første band startar 22:00

Internasjonal dag

Gisle Børge Styve (kjent pianomann frå Beat for Beat)

og Heine Totland

Piano/teatersport

24

Dørene opnar 21:00 Konsertstart 22:00

170,-/200,-

120 Days

Lionheart Brothers Dørene opnar 21:00 Konsertstart 22:30

110,-/140,-


Foredrag om “Studentsolidaritet”

Konferanserommet på Rokken 15:30

Revy 17:00

70,-/100,-

Kari Bremnes 150,-/200,Dørene opnar 20:30 Konsertstart 21:30 Solidaritetspub

Bokbad med Marit Eikemo

Amulet

Backstreet Girls Dørene opnar 21:00 Konsertstart 23:00

130,-/170,-

Kafeen 13:00

DeLillos ‘85 Dørene opnar 21:00 Konsertstart 23:00

50,-

25

180,-/210,-


26


REVYPREMIERE og DJ MOODMIXERS Fredag 9. februar, Rokken Scene Pris: 100,-/130,Kun Revy: 70,-/100,-

Dørene opnar: 19.30 Revystart: 20.00 Opningsfest frå 22.30

Revyen er premiereklar! Endeleg får me sjå resultatet av 3 månaders intens jobbing. “Eureka” spinn rundt verdshistoria vår, og tek oss med på ei reise der latteren sit laust. Etter revypremieren står DJ Moodmixers for musikken. Duoen består av Jonas Christiansen og Marius Troy, to kjende DJ-namn på Rokken. Dei spelar partylåtar non-stop, så start vorspielet tidleg for her blir det full rulle frå dørene åpnar.

27


Madcon Apollo

support: Erik og Kriss

Laurdag 10. februar, Rokken Scene (dørene opnar kl. 21.00)

Konsertstart kl. 23.00 Pris: 150,- / 180,Madcon Yosef Wolde-Mariam ”Critical” og Tshawe Baqwa ”Kapricon” har sidan 1992 vore å skimte på den norske musikkfronten. I 2002 kom kjempehiten ”Barcelona” der gutane rappa med kameratane sine i Paperboys. Etter dette dukka dei opp i singlane til ein mengde norske artistar som Diaz, Noora og Tommy Tee. Hausten 2004 kom plata ”It`s all a Madcon” med hiten ”Doo Woop”. Denne plata blei svært kritikarrost der blant anna Dagbladet kalla skiva “årets beste norske hip hop-album”. Dei vann Spellemannsprisen for beste hip hop for 2004. Madcon har blant anna eit eige show på Voice TV.

28


Apollo Jonas Forsang Moksnes frå Bekkelaget er rapparen Apollo. Albumet ”Mine damer og herrer” kom ut i 2002 og det var knytta stor spenning rundt hans debut. I Vg fekk han ”godkjent” med terningkast 4. ”Godkjent” fekk han garantert også av Spellemannskomiteen som nominerte plata til ”årets hip-hop album”. I 2004 kom plata ”Satans Sirkus”. Adressa skreiv blant anna at ” «Satans Sirkus» har blitt et morsomt og gjennomført album” og gav plata terningkast 5. Erik og Kriss Rapgruppa Erik og Kriss består av og er frå Bærum. Songen ”Bærumsgrammatikk” har blitt ein internetthit. På heimesida deira har over det vore over 20 000 nedlastingar. Erik og Kriss slepp sitt debutalbum ”Gull og grønne skoger” 5. mars. Desse gutane kjem garantert til å dukke opp på hitlistene ut over våren. Vær forut for di tid, og få med deg Bærumsgutane allereie no.

29


Magnus hængsle

Søndag 11. februar, Volda kyrkje kl. 20.00 Pris: 100,- / 140,- / 170,-

Magnus Hængsle gav ut debutalbumet ”Magnus Hengsle” i haust. Han blei nominert til Osloprisen for beste nykommer, og skiva blei nummer 15 i Dagbladets kåring av årets plater. Hele albumet «Magnus Hængsle» blei skrive, spelt, sunge og produsert av debutanten sjølv. Hiten ”Question for you” hadde høg rotasjon på norske radiokanalar i haust. På kyrkjekonserten i Volda har multimusikaren med seg blant andre Nikolai Eilertsen og Karim Sayed som begge har spelt med Big Bang.

30

I Volda kyrkje har han og med seg blåsarar som skal sørge for vakker vinterstemning og senka skuldrer i eit elles hektisk festprogram denne veka. Han vil og synge songar frå sitt nye album, som kjem i mars. Han var og support for bandet Jim Stärk hausten 2006.


Måndag 12. februar, Rokken Scene (dørene opnar kl. 21.00)

Bandstand

Fyrste band startar 22:00 Pris: 70,- / 100,Studentbandkvelden har for mange vert det største høgdepunktet under veka. Veka07 har no utvida den til å også gjelde lokale band, derfor har den skifta namn til Bandstand. Denne kvelden får alle sjansen til å skine på scena, men kun i 15 minutt! Ein jury vil iløpet av kvelden kåre det beste bandet, som seinare vil få spele ein konsert på Rokken. Det bandet som lagar mest show på scena vert kåra til publikumsfavorittar,og vil få tilbodet om å varme opp for vinnarbandet. Med 7 forskjellige band, vert den musikalske spennvidda stor denne kvelden. Kom og sjå!

31


32


...sponsar oss med bollar og brød 33


Tysdag 13. februar, Rokken Scene (dørene opnar kl. 20.30) Jazzklubben: Konsertstart 21:30 kARI BREMNES Pris: 150,- / 200,-

trio

[kajii bjeemnæs]- Jada, vi har høyrt Harald Eia skrike namnet i alle mogelege anledningar. Men kven er ho? Ho er vel etablert som musikar både i Norge og i utlandet. Hennar siste plate ”Over en by” gav gode kritikkar. Dagbladet skreiv: - ”Kari Bremnes er nærmest blitt sin egen sjanger, der tekst og melodi er to likeverdige størrelser. Her er det atmosfære, lydmalende detaljer, vokal nærhet, autentisitet og troverdighet I alle instrumenter og ledd.”. Bremnes har gjeve ut plater som inneheld alt frå hard rock til visejazz. Ho beviser dermed at ho er ein artist med beina godt plassert innanfor ulike sjangrar. Ho har med seg Helge

34

Norbakken (perkusjon) og Bengt Hanssen (keyboard) som til saman dannar gruppa Kari Bremnes trio. No gjestar dei Volda i regi av Jazzklubben.


Dei to musikarane lovar eit musikk-show utanom det vanlege. Her er det store mogelegheiter for publikum til å oppleve noko heilt nytt. Gisle Børge har i fleire år vore fast inventar i Beat for Beat på Nrk, men reiser og rundt med Heine Totland og deira eige show. – Alt kan skje på konsertane våre, smiler Totland. No gjestar dei Volda for å la publikum sjå teatersport-konsert i fri dressur. – Det pleier å ta heilt av, ler Heine. Han røper at konserten vil innehalde mange kjende songar, som dei fleste har eit forhold til.

Gisle Børge styve & Heine totland

Onsdag 14. februar, Rokken Scene (dørene opnar kl. 21.00)

Konsertstart 22:00 Pris: 170,- / 200,-

Konserten tar form etter kvart, der improvisasjon dukkar opp inn i mellom dei planlagde innslaga. Skynd deg og kapre eit sete til deg og din valentines-date. Latter, romantiske songar og piano må vel vere midt i blinken for deg og din utkåra på årets kjærleiksdag. Har du ingen utkåra kan du alltids ta med ein kompis eller venninne. Gøy blir det uansett.

35


120 days - Å lytte til 120 Days» er som å vasse i glasskår. På ein bra måte, sa Dagbladet og gav albumet ”120 days” terningkast 6. 120 days kom som eit skot i siste halvdelen av 2006. Musikken til 120 days er ein slags postpunkblanding med innslag av rock. Nylig vann dei spellemansprisen i kategorien “Beste rock”. Dei opptredde og under showet og blir spådd ei lysande karierre innan- og utanlands. Breiale Kristiansunderar kan bli sett på som sterk kost for trauste Sunnmøringar, men for 120 days ryddar vi med stor glede plass i årets vekeprogram.

36


Dobbelkonsert

120 days & Lionheart brothers

The Lionheart Brothers

- 36 effektive minutter med drømmepop, skriv Dagbladet Torsdag 15. februar, Rokken Scene og trilla terningkast 5 til det (dørene opnar kl. 21.00) nysloppe albumet ”Dizzy Kiss” frå Konsertstart 22:30 løvebrødrene. Pris: 110,- / 140,Albumet er i følgje Sven Ove Bakke velfundert og klokt med sterke og effektive popvirkemidlar. Psykedelia- og indierockgruppa frå Klæbu i SørTrøndelag starta opp i 1999. Bandet består av musikarar som speler eller har spelt i Serena Maneesh, 120 days og Silent The Foe. Dei har og hatt med seg ein drøss kjende artistar på innspelinga av den siste plata, blant anna medlemmar frå Big Bang, Jaga Jazzist og Cato Salsa Experience.

37


Amulet Den 5.februar gav den norske rockegruppa Amulet ut best-of plata ”Blessed and cursed” og la ut på ein avskjedsturne som ender i siste konsert på Øya i sommar. Etter 13 år legg dei nemleg rocken på hylla og går kvar til sitt. – Vi har aldri vore betre og vil gje oss på topp, forklarar dei. Amulet har gjeve ut fem plater, Amulet var sist sommar support for ingen ringare enn Guns n` Roses. I oktober 06 spelte dei coverlåta ”Mentalt ute av balanse” av Kafka Prosess til albumet ”Prosjekt 101 – Oslos skyggeside”. Dette var første og siste gong dei framfører ei låt på morsmålet. Oslo-bandet Amulet består av vokalist Torgny Amdam, gitaristane Espen Follestad og Lars Rasmussen, bassist Robin Rengård og trommeslager Jonas Thire.

38


Dobbelkonsert

Amulet & backstreet girls Fresdag 16. februar, Rokken Scene (dørene opnar kl. 21.00)

Konsertstart 23:00 Pris: 130,- / 170,Backstreet Girls

Backstreet Girls er eit norsk boogierock-band frå Oslo som blei danna i 1984. Bandet består av musikarar som blant anna har spelt i Lost Luggage, Speed of Sound og Jokke med Tourettes. Bandet er sannsynligvis norges tøffaste og mest rutinerte liveband. Dei har spelt i over 20 år, og har behaldt den same stilen som dei starta opp med midt på 80-tallet. Med albumet «boogie till you puke» selde Backstreet Girls 15.000 eksemplar. Bandet er inspirert av band som AC/DC, Rose Tattoo, Status QUO, Ramones og mange fleire.

39


DeLillos

Laurdag 17. februar, Rokken Scene (dørene opnar kl. 21.00)

Konsertstart 23:00 Pris: 180,- / 210,DeLillos er eit av tidenes mest populære norske band og blir rekna som eit av dei mest markante i norsk musikkliv frå 1980 fram til i dag. Ein gjenkjenner Delillos gjerne med frontfigur Lars Lillo-Stenbergs sine tekstar og si karakteristiske stemme. Tekstene har ofte mykje humor og naivitet som gjer at mange setter pris på dei, samtidig som dei likevel har alvor og djupne. Nokon av songane deira er klassikarar i den norske musikkhistoria. Låtar som ”Tøff i pysjamas”, ”Neste sommer” og ”Min beibi dro av sted” er gjengongarar på vorspiel både i Volda og i resten av landet. Delillos`85 består av originalbesetninga i bandet då dei blei danna på 80-talet. Originalbandet blei gjenforent i 2005 for å markere at det var 20 år sidan dei starta bandet. Repertoaret består av gamle DeLillos låtar, men dei spelar og ein god del nytt materiale.

40


41


Foto: Scanpix/Corbis

Tussa Breiband Bestill p책 www.tussa.no

42

ASKT LYNR ETT N INTER www.tussa.no


STUDENTSOLIDARITET VEKA 07 støttar prosjektet Studentsolidaritet. Halvparten av garderobepengane og to kroner av ølprisane på tysdag under Veka går til PCD3 og Bir Zeit Universitetet i Palestina. PCD3 er ein organisasjon som arbeidar for å gi ungdom i Palestina ein muligheit til å studere, uavhengig av politisk, religiøs eller familiær tilhøyre. Situasjonen for studentar som ynskjer å ta høgare utdanning på Vestbredda er per i dag svært vanskelig. Bir Zeit Universitetet ved Ramallah har som mål å hjelpe 50 studentar med 500 dollar kvar. PCD3 har oppretta eit panel som vel kven som skal få støtta. Pengane vil fungere som eit stipend, og vil hjelpe

den enkelte student med semesteravgift, transport og andre elementære utgifter. Utdanning er ein menneskerett. Gi di støtte til ein medstudent! Kontonummer: 9090-651530-4 Foredrag v/Øyvind Wennesland

Konferanserommet, Rokken, tysdag 15.30

Informasjon og Stand:

Kafèen på Rokken: Søndag, Måndag og Tysdag (1600-1800) Onsdag (Internasjonal Dag): Kantina, BK (1100-1400)

43

Studentsolidarisk Pub på Rokken tysdag.


VEKEMEDIA www.veka.no

På Veka 07 sin nettside legg vi ut siste nytt, program, informasjon om artistar og band, bilete, konsertomtalar og anna interessant stoff. Her kan du også kommentere innlegg og kanskje få i gang ein liten diskusjon om hendinga dagen før.

Veke TV

Veke TV er ein integrert del av det nye Student TV. Her har redaksjonen jobba lenge med å utvikle idear og kan love spanande og morosam underhaldning. Det vert intervju, innslag frå konsertar og andre kjekke reportasjar som har med Veka 07 å gjere. Veke TV er perfekt underhaldning – både oppvarming til ein festfylt kveld, eller som trøyst til fyllesjuke. Reportasjar frå Veke TV blir også lagt inn på nettsida vår, så der kan du halde deg oppdatert;) Redaktør: Jan Fredrik Bjørntvedt

Veke radio

Radioen vil i år, som alltid, vere med på å halde deg oppdatert under Veka 07. Den sendast på nett, så gå inn på www.studentradioen.no, eller fylj linken som ligg på www.veka.no. Det blir sendingar kvar kveld, og dei lovar å kome med all slag informasjon, underhaldning, intervju og andre ting du treng å vite om Veka. Redaktør: Mari Svarstad og Kari Therese Eia

Veke avis

Avisa kjem ut onsdag 14. februar. Den vil hamne i postkasta til både deg og alle andre i Ørsta og Volda, men også bli lagt ut overalt på skulen, i sentrum, på flyplassen, på Rokken og andre lure stader. Med andre ord: det skal mykje til for at du ikkje skal få med deg kva som skjer i Volda denne veka, der du også kan lese intervju med artistar, horoskop og mykje anna kjekt. Redaktør: Kia Cecilie Wigdahl

44


45


me vil gjerne takke..! Vener, familie og kjærestar. Hovudsponsorane våre - Høgskulen i Volda, Studentsamskipnaden, Sparebank1 og Rokken. Takk til Kristian Fuglseth og Per-Arne Brandal ved Informasjonskontoret v/HVO, Kia Cecilie Wigdahl, Jan Fredrik Bjørntvedt, Kari Therese Eia og Mari Svartveit, Mats Mikkel Rummelhoff, Trine N. Haugen, Ole Fredrik Lie, Audun Hepsø, Anders Aanes, Marius Troy, Carina Giskegjerde, Chris A. Eliassen, Roar Johannessen, Marius Beck Dahle, Studentsamfunnet, alle som har jobba med vekemedia og revyen og alle sponsorane våre.

46

Og ellers alle andre som har bidrege med stort og smått for at Veka 07 skal bli ein suksess!


Vi er med p책 notane 47


N

T I E YH

6499 Fra

Windows Vista 120 GB Harddisk 1 GB Ram

1699

Veka pris

Olympus X-750 6.0 megapixels 3x optisk zoom

Bevar minnene! Husk ekstra minnekort

Tilbudet er gyldig under Veka07. Vi tar forbehold om at trykkfeil kan forekomme

48

Ă˜rsta Elektriske AS, Strandgata 7, 6150 Ă˜RSTA

VEKA 2007 programblad  

Programblad over studentfestivalen VEKA i Volda 2007

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you