Issuu on Google+


Mari Ann Berg Beate Børresen Peder Nustad

VI I VERDA 7 ELEVBOK Nynorsk

ViIVerda7-s1-81-NN.indd 1

08.03.2010 14:42:59


6

Koranen

12

Lover og reglar

16

Islam i Noreg og i verda

Jødedom

21

Heilage tekstar

24

Lover og reglar

26

Jødedom i Noreg og i verda

32

Oppgåver

Buddhisme

34

Dei tre juvelane

36

Levereglar og heilage tekstar

40

Buddhismen i Noreg og i verda Hinduisme

46 48

Livsreglane: gjenføding og frelse

52

Høgtider

57

Hinduismen i Noreg og i verda

62

Oppgåver

64

Heilage tekstar

Filosofi og etikk

Jødedom, islam, hinduisme, buddhisme og livssyn 2

Islam

Kjønn og IKT

84

Like og ulike

92

IKT skaper moglegheiter

97 100

IKT og etikk Oppgåver Verdispørsmål

102

Kven eig jorda?

105 110

Språk og kulturar kan døy ut

Kalendere og tidsregning

Oppgåver Etisk tenking

112

Kva bestemmer handlingane våre?

Livssyn

69

Humanisme

116

Aristoteles

73

Livssynshumanismen i Noreg og i verda

121

Kva er eit førebilete?

80

Oppgåver

124

Oppgåver

ViIVerda7-s1-81-NN.indd 2

08.03.2010 14:43:12


Kristendom

Det gamle og Det nye testamentet

128

David og Salomo

134

Profeten Jesaja

137 144

Paulus Oppgåver Kyrkjehistorie

146

Opprør mot kyrkja i seinmellomalderen

154

Samisk religion

160 162

Overgangen til kristendommen Oppgåver

Kristen tru og etikk

164

Kristen tru

173

Kristen etikk

176 182

Etiske problem Oppgåver

Høgtider og ulike kyrkjelydar

184

Kristne høgtider

190

Kyrkjelydar i lokalmiljøet

196

Oppgåver

198

Ordforklaringar

3 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 3

08.03.2010 14:43:12


4 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 4

08.03.2010 14:43:35


Islam og jødedom Her skal du lære om … • Koranen og hadithar • Toraen, Tanakh, Talmud og Siddur • lover og reglar i islam og jødedom • å vere muslim og jøde i Noreg • korleis du kan bruke spel for å lære nye ord og omgrep

Buddhisme og hinduisme Her skal du lære om … • Buddha, Buddhas lære og fellesskapet av munkar og nonner i buddhismen • divali og andre festar i hinduismen • heilage tekstar og levereglar i buddhismen og hinduismen • buddhistiske og hinduistiske kyrkjelydar i Noreg • korleis du kan bruke filosofisk samtale til å snakke om forteljingar og festar

Livssyn Her skal du lære om … • Charles Darwin og humanismen • at humanistane kjempa for demokratiske rettar og trusfridom for alle • humanistiske organisasjonar i Noreg og verda • korleis du kan sortere og vurdere argument 5 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 5

08.03.2010 14:43:47


Islam Koranen Koranen inneheld dikt, bønner, reglar og korte forteljingar. Somme tekstar er lette å forstå, andre er vanskelege. Muslimar bruker hadithar for å forstå kva ein tekst frå Koranen eigentleg handlar om. Surene i Koranen blir innleidde med ei spesiell setning som heiter bismillah. Opningsbønna er den første suren. Ho er ein del av den daglege bønna til muslimane.

Den heilage boka til muslimane

Koranen blei til ei bok ganske raskt. 6 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 6

Openberringane som Muhammed hadde fått frå Gud, blei antakeleg skrivne ned og samla saman ganske raskt. I 644 blei Utman kalif. Kalif er namnet på dei første muslimske leiarane etter Muhammed. Utman sørga for at openberringane blei samla saman i éi samling. 08.03.2010 14:43:56


Koranen inneheld mange ulike typar tekstar. Det er poesi, lovprisingar, juss, etikk, ulike reglar og korte forteljingar. Tekstane er skrivne i ein litt høgtideleg stil. Koranen er den viktigaste boka for muslimar. Å lese frå Koranen er ein viktig måte å tilbe Gud på. Den som vil lære om muslimske lover og reglar, eller finne ut kva islam eigentleg er, må også lese hadithane. Ein hadith er ei kort forteljing om noko Muhammed sa eller gjorde. Det finst fleire tusen slike forteljingar. Muslimar meiner at hadithane inneheld den rette forklaringa på Koranen. Koranen er skriven på arabisk. Muslimar meiner at det er Guds språk. I islam blir ikkje omsetjingar rekna som korantekstar. Ei omsetjing kan berre gi att innhaldet, mens det berre er den arabiske teksten som er sjølve koranteksten.

Hadithane gjer det lettare å forstå Koranen.

Koranen er skriven på arabisk.

Bismillah er ei setning som blir brukt mykje i islam. Det er ei av dei mest populære setningane å framstille gjennom kalligrafi, slik som her.

Kapitla i Koranen heiter surer. Kvar sure har eit nummer og eit namn. I muslimsk tradisjon blir heller namnet enn nummeret brukt. Alle surene, utanom éin, startar med ei setning som lovpriser Gud: «I Gud, den Miskunnsame, den Nåderike sitt navn». Denne setninga heiter bismillah etter dei arabiske orda ho startar med. Etter bismillah står det kvar suren kjem frå. Det kan vere frå Mekka eller frå Medina. Muhammed budde i Mekka fram til år 622. Da flykta han til Medina, der han budde til han døydde. Surene som kjem frå Mekka, er altså dei han fekk først. ViIVerda7-s1-81-NN.indd 7

Kvart kapittel har eit namn.

Surene kjem frå Mekka eller frå Medina. 7 08.03.2010 14:43:56


Visste du at ... Ifølgje Koranen er det Gud sjølv som har sagt orda som står der. Når Gud snakkar om seg sjølv, bruker Koranen ordet «vi».

Opningsbønna

Den første suren heiter opningsbønna.

Det er ein ganske kort sure.

Opningsbønna er eit ønske om å leve etter Guds vilje.

8 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 8

Den første suren i Koranen heiter opningsbønna eller al-Fatiha på arabisk. I dei fem daglege bønnene gjentek muslimar al-Fatiha ein gong for kvar raka. Ein raka er faste rørsler som blir gjentekne i kvar bønn. I Koranen er opningsbønna ofte vakkert dekorert. Surene i Koranen er plassert etter lengd, ikkje etter når Muhammed fekk dei. Det betyr at dei lengste står først, mens dei kortaste står til slutt. Opningsbønna er kort, men står likevel heilt først. Den første delen av opningsbønna er ei lovprising av Gud. Gud blir æra som Herre, både over verda og over dommedag. Gud blir kalla både nåderik og miskunnsam. Islam reknar dette som to av dei 99 namna Koranen bruker om Gud.  Den andre delen av opningsbønna er ei bønn om hjelp frå Gud til å gå den rette vegen. Bønna er eit ønske om å leve etter Guds vilje. 08.03.2010 14:44:16


Sure 1 – Opningsbønna Frå Mekka I Gud, den Miskunnsame, den Nåderike sitt namn Lova vere Gud, all verdas Herre, Han den Miskunnsame, den Nåderike, Han, Herren over dommedag. Deg tilber vi, vi søkjer hjelp hos deg. Før oss inn på den rette vegen! Dykkar veg, som Du har førebudd glede, ikkje deira, som har vekt Din vreide, eller deira, som har valt den falske vegen.

9 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 9

08.03.2010 14:44:17


Einskapsvedkjenninga

Einskapsvedkjenninga handlar om at Gud er éin.

Einskapsvedkjenninga er ein av dei kortaste surene i Koranen. Han viser kor viktig trua på at det berre finst éin Gud, er i islam. For muslimar er det umogleg å tenkje seg at Gud har ei mor eller ein far, eller at Gud har barn. Trua i kristendommen på Jesus som Guds son er falsk, seier islam. Muhammed, den viktigaste personen i islam, er ingen Gud. Han er eit vanleg menneske som har fått ei spesiell openberring frå Gud.

Sure 112 – Einskapsvedkjenninga I Gud, den Miskunnsame, den Nåderike sitt namn Frå Mekka eller Medina Sei: «Han er Gud, Éin. Gud, den Evigvarande. Ikkje har Han avla nokon, ei heller er Han sjølv blitt avla. Ingen er Hans like.»

10 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 10

08.03.2010 14:44:17


Det er ein del av Guds lov 책 be i moskeen kvar fredag formiddag. Loven blir kalla sharia.

11 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 11

08.03.2010 14:44:20


Lover og reglar I islam er lydnad mot Gud viktig. Lydnad handlar om å følgje Guds vilje i dagleglivet. Muslimar meiner at Guds vilje står i Koranen. Ved å lese han, har muslimane funne fram til Guds lov, sharia. Denne lova handlar om alle sider ved samfunnet, for eksempel kva ein muslim skal ete, og korleis ein muslim bør kle seg.

Sharia

Guds lov heiter sharia.

Ordet islam betyr lydnad. Ein muslim er ein som ønskjer å vere lydig mot Guds vilje. Guds vilje er openberra i Koranen. Han kan også bli forstått som ei evig lov for menneska. Summen av denne lova heiter sharia. Sharia er arabisk og betyr vegen.

Sharia handlar om alle sider ved livet.

Dei fem søylene er ein del av sharia. Det er også reglane for fødsel, ekteskap og død. Det er stor forskjell på korleis muslimar følgjer dei forskjellige delane av lova. Somme reglar er det mange som følgjer, som for eksempel å gå i moskeen på fredag og ikkje å ete svinekjøtt. Andre reglar er muslimar ueinige om. Det gjeld for eksempel reglane for bruk av musikkinstrument og hovudplagg.

Det tradisjonelle muslimske skautet heiter hijab. Kvinnene knyt det rundt hovudet på ein spesiell måte, slik at berre ansiktet viser. Somme muslimske kvinner bruker eit lausare skaut, og somme går utan.

12 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 12

08.03.2010 14:44:37


Klesdrakt Muslimsk tradisjon seier at menneske ikkje skal vise seg nakne saman med andre. Det gjeld også personar av same kjønn. Menn skal dekkje seg frå livet og ned, kvinner skal også dekkje brysta og armane. Ikkje alle muslimar følgjer dette. Kvinner skal dekkje seg til når dei er saman med andre menn enn sine nærmaste, seier dei islamske tekstane. Også dette blir følgt ulikt, men mange kvinner bruker hovudplagg.

Muslimar skal ikkje vise seg nakne.

Mange muslimske kvinner går med skaut.

Muslimar frå nokre land har enda strengare reglar for klesdrakta til kvinner. Dei går med klede som skjuler alt, eller berre auga viser. Andre kler seg likt med ikkje-muslimar.

13 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 13

08.03.2010 14:44:52


Mat

Sharia har reglar for kva muslimar skal ete.

Halal er mat som er tillate.

Koranen seier at Gud ikkje har gitt menneska mange eller vanskelege matreglar. Det står også at det kan vere i orden å bryte reglane, dersom det er nødvendig for ikkje å svelte. Viss nokon bryt reglane utan å vite om det, er det også greitt. Mat som er tillate ifølgje Koranen, er halal. Det er det arabiske ordet for tillate. Kjøtt må vere slakta på ein bestemt måte for at det skal vere halal. Ein muslimsk slaktar må vende dyret mot Mekka og seie «I Guds namn, Gud er stor» på arabisk. Så skal strupen på dyret skjerast over slik at blodet renn ut av dyret. I Noreg blir noko kjøtt slakta etter desse reglane. Da er ein muslim til stades for å seie fram dei nødvendige orda.

I Noreg er det eigne slaktarar som sel halalkjøtt.

Svinekjøtt og alkohol er forbode.

Kjøtt som ikkje er slakta på denne måten, er haram. Det betyr forbode. Kjøtt av svin og blodmat er alltid haram. Alkohol er også forbode ifølgje islamsk tradisjon. Ikkje alle muslimar følgjer dette forbodet.

14 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 14

08.03.2010 14:44:57


Frå sure 2,172–173: De som trur, et av gode som vi har gitt dykk til opphald for livet, og vis takksemd mot Gud, så sant det er Han de tilber. Han har berre forbode dykk det sjølvdøydde, blod og svinekjøtt, og det som ein annan enn Gud er påkalla over. Men om nokon gjer det, driven av naud, ikkje begjær, og ikkje går over grensa, han blir ikkje ramma av skuld. Gud er tilgivande, nåderik.

15 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 15

08.03.2010 14:45:04


Islam i Noreg og i verda Islam er den nest største religionen i verda. Dei fleste muslimar høyrer til sunniislam. Den andre hovedretninga heiter sjiaislam. Norske muslimar har foreldre eller besteforeldre som kjem frå forskjellige land. Mange følgjer dei muslimske tradisjonane som familien kjenner frå heimlandet.

Sjia- og sunniislam Det er to hovudretningar i islam.

Om lag ein sjettedel av befolkninga i verda er muslimar. Det er mange ulike retningar innanfor islam. Dei to store hovudretningane heiter sunniislam og sjiaislam.

I sunniislam er hadithane viktige.

Sunni er det same ordet som sunna og betyr tradisjon. Ordet viser til at tradisjonen til Muhammed er viktig i sunniislam. Omkring 85 % av alle muslimar høyrer til sunniislam.

Ali og Hussein er viktige personar i sjiaislam.

Sjia betyr parti. Ordet viser til dei som høyrde til Alis parti. Ali var Muhammeds fetter og gift med dottera hans, Fatima. Sjiaislam reknar Ali som den første rette leiaren etter Muhammed, sidan dei var i familie.

I denne moskeen i Kerbala ligg gravplassen til Hussein. Mange sjiamuslimar reiser hit som pilegrimar.

16 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 16

08.03.2010 14:45:13


Sønene til Ali, Hassan og Hussein, blir rekna som dei to neste leiarane. Da Ali var død, meinte mange at ein av sønene hans skulle bli vald til leiar. Det skjedde ikkje. I 680 gjekk Hussein til krig mot leiaren for muslimane. Hussein tapte og blei drepen i slaget ved Kerbala, ein by i som finst i Irak i dag. Sjiamuslimar ser på Hussein som ein martyr, ein som døydde for trua si skuld. Minnedagen for dødsfallet hans heiter ashura. Det er ei av dei viktigaste høgtidene i sjiaislam.

Ashura er minnedagen for Hussein.

Islam i Noreg

Sunnimuslimsk moské i Urtegata i Oslo. Moskeen høyrer til den største muslimske trussamfunnet i Noreg, Central Jamaat-E Ahl-E Sunnat. 17 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 17

08.03.2010 14:45:20


Mange norske muslimar har bakgrunn frå Pakistan eller Bosnia.

Dei samlast i ulike moskear.

Norske muslimar er forskjellige.

I Noreg er nesten 80 000 personar medlemmer av ein moské. Det er også ein del nordmenn som er muslimar, sjølv om dei ikkje er medlemmer av ein moské. Dei fleste muslimar er norske, men har foreldre eller besteforeldre som kjem frå land der islam er den største religionen. Den største gruppa med norske muslimar har bakgrunn frå Pakistan. Det er også mange norske muslimar med bakgrunn frå Bosnia-Hercegovina, Somalia, Tyrkia, Irak og Iran. Muslimar med bakgrunn frå same landet går ofte i same moskeen. I norske byar er det moskear for muslimar med bakgrunn frå land i Afrika, Europa, Asia og Midtausten. Somme muslimar har slekt som kjem frå Noreg. Da har dei sjølve eller foreldra deira konvertert til islam. Det betyr at dei har skifta frå eit anna livssyn til islam. Sidan norske muslimar har bakgrunn frå mange ulike delar av verda, er det stort mangfald blant dei. Det kan også vere store skilnader mellom muslimar som har bakgrunn frå same landet. Somme følgjer strenge tradisjonar frå heimlandet, andre synest ikkje dei religiøse reglane er så viktige. For eksempel går somme muslimske jenter med bakgrunn frå Pakistan med hijab. Somme jenter med bakgrunn i Nord-Afrika dekkjer også ansiktet. Muslimske jenter frå Tyrkia går ofte utan hovudplagg.

18 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 18

08.03.2010 14:45:21


Bønn i moskeen i Urtegata i Oslo. Mange av medlemmene i denne moskeen har bakgrunn frü Pakistan.

Visste du at ... Mange sjiamuslimske menn heiter Ali, Hassan og Hussein. Dei er oppkalla etter heltar i sjiaislam.

19 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 19

08.03.2010 14:45:27


Filosofisk hjørne

Om lydnad Nida snakkar mykje med bestemor. Bestemor seier at lydnad mot Allah er viktig i islam. Nida vil gjerne vere lydig, men funderer av og til over kva det eigentleg vil seie å vere lydig. Kva vil det seie å vere lydig? a Skriv ei setning som begynner slik: «Eg er lydig når …» b Presenter setninga di. Læraren noterer. Grunngi påstandane dine. Finn ein felles definisjon på lydnad. c

Kva har du lært om lydnad? Skriv logg.

20 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 20

08.03.2010 14:45:29


Jødedom Heilage tekstar Jødar meiner at Gud gav Moses ei skriftleg og ei munnleg lov. Desse lovene blir kalla Tora. Namnet Tora viser som regel til den skriftlege lova. Det er dei same tekstane som Mosebøkene. Den munnlege Toraen er skriven ned i Talmud. Bøneboka til jødane heiter Siddur.

Toraen er skriven på pergament som er rulla opp i store rullar. Sidan teksten er heilag, skal ingen røre skrifta. Han eller ho som les frå Toraen, bruker ein peikepinne for å følgje orda.

Toraen Toraen er den mest heilage boka i jødedommen. Det er dei same tekstane som Mosebøkene. Tora betyr lov eller lære. Jødar meiner at Toraen er Guds openberring. Ei openberring er noko som kjem frå Gud og viser kven Gud er. Ifølgje jødisk tradisjon er Toraen orda som Moses fekk frå Gud på Sinai-fjellet.

Toraen og Mosebøkene er dei same tekstane.

21 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 21

08.03.2010 14:45:37


Den jødiske Bibelen heiter Tanakh.

Toraen er den første delen av ei samling med tekstar som heiter Tanakh. Tanakh er dei same tekstane som dei kristne kallar Det gamle testamentet. Når jødar snakkar om Bibelen, er det Tanakh dei tenkjer på. Tanakh består av tre delar, Toraen, profetane og skriftene.

Talmud

Talmud er den munnlege lova.

Talmud forklarer teksten i Toraen.

Toraen fortel at Moses fekk ei rekkje lover og forteljingar. Men han fekk også instruksjonar om korleis han skulle tolke lova. I jødedommen heiter dette den munnlege lova. Ho er samla i Talmud, den andre heilage teksten i jødedommen. Jødane meiner at Talmud er heilt nødvendig for å forstå Toraen. Teksten i Talmud består av ord og talar frå ulike rabbinarar. Rabbinarane er religiøse leiarar.

Forteljing Frå Talmud: Korte og lange bønner Ein gong var det ein elev som leidde gudstenesta. Gudstenesta varte lenge. Rabbi Elieser var til stades, og dei andre elevane kom til han og klaga: «Han ber så lenge!» Men rabbi Elieser svarte: «Bad han kanskje lenger enn vår meister Moses? Det står jo (5. Mos 9,25) at han bad i førti dagar og førti netter!»

Ein annan gong var det også ein elev som leidde gudstenesta. Da var gudstenesta fort ferdig. Rabbi Elieser var til stades, og dei andre elevane kom til han og klaga: «Han ber så kort!» Men rabbi Elieser svarte: «Bad han kanskje kortare enn vår meister Moses? Det står jo (4. Mos 12,13) at han bad ei bønn på berre sju ord (’Å, Gud, vil du gjere henne frisk!’)»

Etter b. Berakhoth 34a

ViIVerda7-s1-81-NN.indd 22

08.03.2010 14:45:38


Mishna og Gemara Talmud består av to delar. Den eldste delen heiter Mishna. Han blei skriven ned omkring år 200. Den andre delen heiter Gemara. Han blei skriven seinare. Rabbinarane slutta ikkje å diskutere lova sjølv om ho var skriven ned. Etter kvart blei ulike kommentarar lagde til Mishna. Desse kommentarane heiter Gemara. Det er Mishna saman med Gemara som blir kalla Talmud. Det er to typar tekstar i Talmud. Den eine typen er forteljingar og likningar. Den andre er diskusjonar og kommentarar av forskjellige rabbinarar. For ein som ikkje har lært å tolke desse diskusjonane, kan det vere vanskeleg å vite kva dei betyr.

Den eldste delen av Talmud heiter Mishna.

Seinare blei fleire kommentarar lagde til.

Jødar som studerer Talmud. Ein hebraisk Talmud blir trykt etter eit fast oppsett. Det som står i midten, er Mishna og Gemara. Det er denne delen som eigentleg er Talmud. Rundt står kommentarar frå ulike rabbinarar.

23 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 23

08.03.2010 14:45:42


Siddur Bønneboka til jødane heiter Siddur.

Den tredje viktige teksten i jødedommen er bøneboka Siddur. Ho inneheld rituala for gudstenesta i synagogen, saman med bøner som blir brukte i heimen. I denne boka er det også ei rekkje velsigningar.

Lover og reglar Jødar skal overhalde Guds bod som ein del av pakta med Gud. Til gjengjeld vil Gud sjå på jødane som sitt utvalde folk. Det er mange reglar for mat. Tillaten mat heiter koscher. Mange jødar et også mat som ikkje er koscher.

Lova

Boda til jødane står i Toraen.

Jødane trur at Gud har inngått ei pakt med dei. Pakta består av ei spesiell lov som jødane må leve etter. Til gjengjeld skal jødane vere Guds utvalde folk. Lova står i Toraen. Toraen inneheld 613 reglar. Talmud skal hjelpe jødane til å ikkje bryte lova.

24 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 24

08.03.2010 14:45:44


Reglar for mat Det er mange reglar for mat i jødedommen. Hovudreglane står i Toraen. Kva reglane har å seie i praksis, står i Talmud. Mat som er tillaten, heiter koscher. Ikkje alle jødar overheld reglane for mat like strengt. Mange et også mat som ikkje er koscher. Kjøtt må vere slakta på ein bestemt måte for å vere koscher. I Noreg er den jødiske slaktemåten ikkje tillaten. Jødar som følgjer koscherreglane, må derfor importere kjøtt frå utlandet. Kjøtt frå pattedyr som både har kløyvde hóvar og tygg drøv, er tillatne. Griser har kløyvde hóvar, men tygg ikkje drøv. Derfor er det ikkje tillate å ete svinekjøtt. Det er forbode å ete blodmat, skaldyr, rovfugl, insekt og krypdyr. Ei spesiell setning i Toraen gjer matreglane ekstra kompliserte. Det står at det er forbode «å koke eit kje i mjølk frå mora». I Talmud har rabbinarane bestemt at det betyr at ein må halde mjølk og kjøtt frå kvarandre. Nokre jødar overheld dette strengt. Dei et aldri kjøtt og mjølkeprodukt saman. Dei har to sett med service og bestikk, eitt for mjølkeprodukt og eitt for kjøtt.

Reglane for mat står i Toraen og Talmud.

Kjøtt må vere slakta på ein bestemt måte.

Mjølk og kjøtt skal ikkje komme i kontakt med kvarandre.

Nokre jødar har kjøkken med to avdelingar. I éin del blir kjøtt behandla, i den andre mjølkeprodukta. Nokre har to stader for oppvask. Slik kan dei vere sikre på at ikkje noko kjøtt kjem i kontakt med mjølk.

25 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 25

08.03.2010 14:45:45


Jødedom i Noreg og i verda Jødedommen er ein ganske liten verdsreligion. Det bur flest jødar i USA og Israel. I Noreg er det to jødiske trussamfunn. Dei høyrer til den same retninga innan jødedommen. Likevel er det store forskjellar blant dei norske jødane. I Europa er jødane blitt diskriminerte opp gjennom historia. I holocaust blei nesten seks millionar jødar drepne.

Synagogen i Trondheim er verdas nordlegaste synagoge. Han blei innvigd i 1925.

26 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 26

08.03.2010 14:45:48


Jødar i verda og i Noreg Det bur jødar i dei fleste delar av verda. I forhold til dei andre religionane du lærer om i dette faget, er jødedommen likevel ein liten religion. Til saman er det kanskje 14 millionar jødar eller personar med jødisk bakgrunn i verda. Nesten halvparten av dei bur i USA. I Noreg er det to jødiske kyrkjelydar, ein i Trondheim og ein i Oslo. Begge kallar seg for mosaiske trussamfunn, sidan Moses er den viktigaste personen i jødedommen. Til saman har dei mosaiske trussamfunna i Noreg omkring 850 medlemmer. Det er også ein del nordmenn som er jødar, sjølv om dei ikkje er medlem i ein jødisk kyrkjelyd.

Det er omtrent 14 millionar jødar i verda.

850 nordmenn er medlemmer av jødiske kyrkjelydar.

Kvinneleg rabbinar frå jødisk kyrkjelyd i Belgia.

27 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 27

08.03.2010 14:45:53


Israel

Nokre jødar ser på Israel som heimlandet sitt.

Israel er også ordet for det jødiske folket.

I Israel bur det over sju millionar menneske. Over fem millionar er jødar. Mens fleire land i verda beskriv seg sjølve som kristne eller muslimske, er Israel det einaste landet som kallar seg jødisk. Nokre jødar utanfor Israel ser også på Israel som heimlandet sitt. Det er fordi området der Israel ligg i dag, var sentrum for jødedommen i gammal tid. Alle andre område der jødar bur, blir kalla diaspora. Det er gresk og betyr spreiing. Det er mange jødar som ikkje vil flytte til Israel. Dei ser på landet dei bur i, som heimlandet sitt. Det gjeld også norske jødar. Dei ser på seg sjølve som norske. Ordet Israel betyr ikkje berre landet Israel. Ofte blir det brukt om fellesskapet mellom alle jødar, altså det jødiske folket. For å skilje landet frå folket, seier mange «eretz Israel» når det dreier seg om landet. Det er hebraisk og betyr landet Israel.

28 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 28

08.03.2010 14:45:54


Ortodoks jødedom og reformjødedom På 1800-talet var det mange europeiske jødar som ville fornye jødedommen. Dei ville kle seg som menneska der dei budde, og dei ville ha meir moderne gudstenester. Retninga til desse jødane fekk namnet reformjødedom. Ei reform er ei endring av noko. I dag er reformjødedommen den største jødiske retninga i USA. Dei tillèt kvinnelege rabbinarar og er ikkje så strenge når det gjeld reglane for mat. Mange mislikte endringane som reformjødane ville ha. Dei samla seg i ei retning som ville ta vare på dei gamle skikkane. Denne retninga fekk namnet ortodoks jødedom. Ortodoks betyr rett lære. Dei ortodokse er meir konservative enn reformjødane. Dei tillèt ikkje kvinnelege rabbinarar, og det er fleire blant dei som held reglane for mat. Begge dei jødiske kyrkjelydane i Noreg er ortodokse.

Reformjødedommen er ei moderne retning i jødedommen.

Ortodoks jødedom er ei meir konservativ retning.

Her ser du nokre av dei tradisjonelle gjenstandane som blir brukte i ei jødisk gudsteneste: Lua som heiter kippa, bønneboka Siddur, bønnesjalet og peikepinnen til han eller ho som les frå Toraen.

29 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 29

08.03.2010 14:46:03


Antisemittisme og holocaust

I Europa blei jødane dårleg behandla.

Alle jødar veit om nokon som miste livet i holocaust.

I mellomalderen blei kristendommen den dominerande religionen i Europa. Det blei innført strenge reglar for jødane som budde der. Mange stader måtte dei bu i eigne område, og dei fekk berre lov til å drive med bestemte yrke. Av og til blei dei angripne av naboane eller tvungne til å flykte. I dag bruker vi ordet antisemittisme om hat mot jødar. Mot slutten av 1800-talet blei antisemittismen i Europa sterkare. Jødane fekk ofte skulda for alt som var nytt og framand. I 1939 braut det ut krig i Europa. Tyskland var styrt av nazistar. Dei såg på jødane som hovudfienden sin og starta ein stor aksjon for å drepe alle jødar i Europa. Fram til 1945 tok dei livet av nesten seks millionar jødar i landa dei erobra, slik som Noreg. Det var over halvparten av alle jødane som budde i Europa. I dag kallar vi dette for holocaust. Alle jødar i dag har nokon i familien, eller kjenner nokon, som miste livet under holocaust.

30 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 30

08.03.2010 14:46:03


Under andre verdskrigen måtte jødar i Europa gå med ei gul stjerne. Slik blei dei skilde ut frå resten av befolkninga. Nazistane meinte at alle jødar var farlege. Dei forsøkte å utrydde dei frå Europa.

Filosofisk hjørne

Om forfølging Så lenge jødane har budd i Europa, har dei vore i minoritet. Det betyr at dei ikkje har hatt mykje makt. Ofte har dei vore forfølgde. a Kva betyr orda forfølging og minoritet? Samtale. b Kvifor blir minoritetar forfølgde? Skriv «Minoritetar blir forfølgde fordi…». Les setninga di. Læraren noterer. c

Kva er likt, og kva er ulikt i det de har skrive? Samtale. Vurder samtalen til slutt. 31

ViIVerda7-s1-81-NN.indd 31

08.03.2010 14:46:06


Samtaleoppgåver

Studieoppgåver 1

Arbeid med bilete. a

Sjå på oppslaget side 5. Skriv kort om kva du ser.

b

Vel bilete i kapitla om islam. Skriv om alt du ser.

c

2

1

a Kva reglar er viktige for deg? Skriv dei tre viktigaste. b Les reglane dine. Læraren skriv. Samtale.

Byt tekst med ein annan elev. Sjå på bileta eleven valde, og still eit spørsmål til teksten. Ordforklaringar.

Alle religionar og samfunn har reglar.

c

2

Ranger reglane. Kva for nokre er de einige om? Grunngi vala. Les historia på side 22.

a

Lag eit rutenett med to spalter på eit ark eller på pc.

a Kva handlar historia om? Skriv i fem minutt. Samtale.

b

Skriv i rutenettet om Koranen, hadith, sure, sharia, og om Toraen, Tanakh, Talmud, Mishna, Gemara og Siddur.

b Skriv to spørsmål til teksten.

3

Vel éi oppgåve: a

b

Søk på hadith og Talmud på norsk på nettet. Kva finn du? Kva sider er til å stole på? Vel to tekstar. Lag eit samandrag. Skriv adressene du har henta tekstane frå. Les fire av dei andre sine tekstar. Lag ei linje. Skriv inn rekkjefølgja på når dei heilage skriftene i islam og jødedommen blei skrivne.

c

3

Tre og tre les spørsmåla for kvarandre. Les tekstane om muslimar og jødar i Noreg på side 18 og side 27.

a Kva er fordelar og ulemper ved å vere religiøs minoritet? Skriv: «Fordelen er …» og «Ulempa er …». b Presenter setningane dine. c

Korleis kan samfunnet leggje til rette for at folk kan praktisere trua si? Skriv eit forslag. Samtale.

32 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 32

08.03.2010 14:46:06


Samarbeidsoppgåver 1

Arbeid med ord. Vel kva religion de vil arbeide med.

Nettoppgåver http://viiverda.cappelen.no

Islam: bismillah, einskapsvedkjenninga, kalligrafi, al-Fatiha, haram, sunniislam, sjiaislam, hijab, halal, ashura og moské. Jødedom: rabbinar, pakt, bod, kosher, utvalt, holocaust, eretz Israel, diaspora, reform- og ortodoks jødedom. a Tre og tre speler saman. Skriv ut to kopiar av ordforklaringane som de finn på nettstaden til Vi i verda. Det eine arket er fasit, det andre arket klipper de opp til lappar med ord og ordforklaringar. Legg lappane i ei eske. b Éin er dommar, to er deltakarar. Set ein liten kloss midt på pulten. Dommaren trekkjer lapp. Den som veit ordet eller har ordforklaring, tek klossen. c

2

Finn andre måtar å spele på. Kva har de lært om islam og jødedom? Lag eit felles tankekart.

a Skriv setningar i ti minutt. b Presentasjon. Læraren skriv. c

ViIVerda7-s1-81-NN.indd 33

Har de fått med alt de har lært? Oppsummering og samtale.

33 08.03.2010 14:46:06


Buddhisme Dei tre juvelane Dei tre juvelane til buddhismen er viktige for buddhistar. Det er Buddha, Buddhas lære og fellesskapet av munkar og nonner. Buddhistar resiterer dei tre juvelane. Det betyr at dei seier dei høgt.

Når nokon snakkar om Buddha, er det som regel Shakyamuni Buddha dei tenkjer på. Han blir også kalla den historiske Buddha. Men i buddhismen er det mange andre som også har blitt buddhaer.

34 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 34

08.03.2010 14:46:07


Buddha, læra og fellesskapet Buddhismen har tre juvelar eller edelsteinar. Dei står for tre ting som er viktige for alle buddhistar. Dei tre er Buddha, Buddhas lære og fellesskapet av munkar og nonner. Buddha er ikkje berre Shakyamuni Buddha, men alle buddhaer som har nådd oppvakning. Buddhas lære er visdommen til buddhaene. Eit anna namn på Buddhas lære er dharma. Den åttedelte vegen er ein vanleg måte å framstille dharma på. Da Shakyamuni Buddha starta å undervise, bad han menn og kvinner om å bli munkar og nonner. Det er menneske som har bestemt seg for å bruke all si tid på å bli klokare. Dei lever av gåver frå andre menneske og bruker mykje tid på meditasjon og bønn. Fellesskapet av buddhistiske munkar og nonner heiter sangha. Munkane og nonnene bur i kloster. Det er kloster i dei fleste buddhistiske tempel. Dei tre juvelane blir ofte nemnde i buddhistiske ritual. Dei som tilber, seier høgt: Eg tek mi tilflukt til Buddha. Eg tek mi tilflukt til dharma. Eg tek mi tilflukt til sangha.

Buddha og læra er to av dei viktigaste tinga i buddhismen.

Munkane og nonnene er den tredje av dei viktigaste tinga.

Den som vil bli buddhist, kan seie fram dei tre juvelane.

Å seie fram desse linjene er eit teikn på at ein vil vere ein buddhist.

35 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 35

08.03.2010 14:46:08


Levereglar og heilage tekstar Buddhistar er opptekne av å handle rett. Dei skal ikkje ta liv. Det er éin av fleire reglar som gjeld for buddhistar. Mange buddhistiske heilage tekstar viser korleis Buddha og munkane gjorde gode ting. Andre heilage tekstar inneheld reglar for munkar og nonner, dikt eller filosofiske diskusjonar.

Buddhistiske tempel består av fleire ulike bygningar. Munkane bur i éin bygning, i ein annan tilber dei gudane. Den store bygningen i bakgrunnen på dette biletet er ein stupa.

36 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 36

08.03.2010 14:46:14


Fem levereglar Etikk er ein viktig del av buddhismen. Riktige handlingar er nødvendige for å få ein god atterføding. Den åttedelte vegen har tre punkt som handlar om etikk: rett tale, rett handling og rett levesett. Rett tale betyr å ikkje lyge eller baktale andre. Det betyr også at ein skal tenkje gjennom det ein seier, og unngå tomprat. Buddhismen har fem levereglar som viser kva som er rett handling. Ein skal: – avstå frå å ta liv – avstå frå å ta noko som ikkje er gitt seg – avstå frå gal framferd knytt til seksuelt begjær – avstå frå å lyge – avstå frå rusande drikker Den første er den viktigaste av desse reglane. Det er forbode å drepe både dyr og menneske. Derfor er mange buddhistar vegetarianarar. Dei et ikkje kjøtt fordi det ikkje er rett å ta liv. Men somme synest det er i orden å ete kjøtt frå dyr som andre har teke livet av.  Rett leveveg handlar om å ikkje drive med ting som skadar andre. Det kan vere våpensal, alkoholsal, svindel eller anna.

Ein buddhist skal ikkje lyge eller baktale andre.

Det er fem levereglar i buddhismen.

Det er forbode å drepe.

Heilage tekstar I buddhismen er det mange heilage tekstar. Mange av dei eldste tekstane er samla i Tipitaka. Det betyr tre korger. Samlinga består av tre delar, eller korger. Den eine delen er tekstar med reglar for munkane og nonnene. Den andre delen er forteljingar om Buddhas talar og samtalar. Teksten nedanfor er henta frå denne delen. Den tredje delen inneheld filosofiske tekstar. Seinare er det også komme til mange andre tekstar, både om Buddha og om andre tema. Desse tekstane blir ikkje aksepterte av alle retningane i buddhismen.

Tipitaka er buddhistiske heilage tekstar.

37 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 37

08.03.2010 14:46:15


Forteljing Buddha og den sjuke munken – Eg er ikkje til noka nytte for dei andre munkane, så derfor er det ingen av dei som hjelper meg. Da vendte Meisteren seg til Ananda og sa: – Gå og hent litt vatn, Ananda, så skal vi vaske denne munken. Så henta han vatn. Meisteren auste vatn over munken, og Ananda vaska han. Så tok Meisteren tak oppe ved hovudet, og Ananda tok tak i føtene, og saman lyfte dei munken opp og la tilgrisa i sin eigen urin og avføring. han i senga. Meisteren gjekk runden frå hytte til Dette fekk Meisteren til å kalle saman alle munkane til møte. hytte saman med Ananda og kom til den hytta der den sjuke munken – Er det ikkje ein munk som er sjuk i ei av hyttene, her? sa han. låg. Da Meisteren fekk sjå korleis han låg der, tilgrisa av sin eigen urin og avføring, gjekk han bort til han og spurde: – Kva feiler det deg, munk? – Eg har fått dysenteri, Meister. – Men har du ikkje nokon som kan hjelpe deg? – Nei, Meister. – Kvifor hjelper ikkje dei andre munkane deg, da? Så var det ein munk som blei sjuk. Han hadde fått dysenteri og låg

ViIVerda7-s1-81-NN.indd 38

08.03.2010 14:46:15


– Jo, det er det, svarte munkane. – Og kva er det som feiler han? – Han har dysenteri, Meister. – Er det nokon som steller for han? – Nei, Meister, det er det ikkje. – Kvifor er det ikkje nokon munkar som hjelper han? – Han er ikkje til noka nytte for oss, så derfor er det ingen av munkane som hjelper han. – De har ikkje noka mor eller nokon far til å stelle for dykk, munkar. Viss ikkje de hjelper kvarandre, kven skal hjelpe dykk da? Den som vil hjelpe meg, skal hjelpe dei som er sjuke, munkar.

ViIVerda7-s1-81-NN.indd 39

Ein lærar eller rettleiar bør hjelpe eleven sin til han er frisk igjen, og dette gjeld så lenge dei lever. Det same bør eleven gjere for læraren sin, og det same bør studiekameratar og dei som bur i same huset, gjere for kvarandre. Skulle det vere nokon som ikkje har nokon slike som kan hjelpe seg, har alle munkane ansvar for å hjelpe til. Vinaya Pitaka 1, 301

08.03.2010 14:46:15


Buddhismen i Noreg og i verda Buddhismen oppstod i India, men spreidde seg raskt austover i Asia. Ganske snart oppstod det ulike retningar innanfor buddhismen. I dag pregar buddhismen mange land aust i Asia. Buddhismen har også spreidd seg til Europa og Amerika. I Noreg har dei fleste buddhistar bakgrunn frå Vietnam og Thailand.

Theravada og mahayana

Theravada er den eldste retninga i buddhismen.

Der er det tydeleg skilje mellom munkar og lekfolk.

Den eldste buddhistiske retninga heiter theravada. Det betyr læra til dei eldre. I theravada-buddhismen er skiljet mellom munkar og lekfolk viktig. Munkane strever etter å nå oppvakninga gjennom meditasjon. Den som når oppvakninga, blir ein arhat. Ein arhat er i verda og i nirvana på same tid. Etter døden kjem ein arhat til det endelege nirvana. I theravada-buddhismen er oppgåva til lekfolket å halde samfunnet i gang og gi munkane mat. Lekfolk kan også streve etter ei god gjenføding. Viss dei blir gjenfødde som munkar, får dei sjansen til å komme til nirvana når dei døyr.

Munkane har kvar sin tiggarbolle der dei samlar gåver dei får frå andre menneske. Dei går kledde i spesielle kapper som er farga raude eller oransje.

40 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 40

08.03.2010 14:46:19


Den største buddhistiske retninga heiter mahayana. Det betyr «den store vogna». I mahayanabuddhismen kan ein nå nirvana på mange forskjellige måtar. Det er ikkje nødvendig å leve som munk og bruke alle kreftene sine på å meditere for å bli frelst. Mahayana-buddhistar meiner at det er mange heilage personar som kan hjelpe ein til å nå nirvana. Dei mektigaste personane er buddhaene. Nokre av dei har oppretta himmelske land der det er lettare å nå nirvana. Ein av dei mest populære buddhaene heiter Amitabha.

Mahayana er den største retninga.

Denne gamle statuen frå India skal førestelle buddha Amitabha.

Bodhisattvaene har også stor makt. Det er personar som har lovd å streve for å nå oppvakning og få moglegheita til å komme til nirvana. Ein bodhisattva som har nådd heilt fram til punktet for oppvakning, blir kalla ein himmelsk bodhisattva. Dei himmelske bodhisattvaene kan også hjelpe menneske med å komme til nirvana.

Bodhisattvaene er viktige i mahayana.

41 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 41

08.03.2010 14:46:21


I tibetansk buddhisme kan munkane bruke ein mandala for å komme i kontakt med gudane. Det er ei teikning eller eit slags kart over heile kosmos, bustaden til gudane og menneska. På biletet lagar munkane ein mandala av farga sand.

Retningar i mahayana

I Tibet er det ei eiga form for buddhisme.

Ein lærar i Tibet blir kalla lama.

Tibetansk buddhisme og zenbuddhisme er to retningar i mahayana. I tibetansk buddhisme er ritual og heilage lydar viktige. Slike heilage lydar heiter mantra. Mantraa gjer at menneska kan komme i kontakt med guddommen. Guruen, den religiøse læraren, er viktig i tibetansk buddhisme. På tibetansk heiter læraren ein lama. Somme kallar den øvste leiaren sin for Dalai Lama. Det betyr «leiaren med eit hav av visdom».

42 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 42

08.03.2010 14:46:25


I zenbuddhismen er det viktig å meditere og trene på ulike sitjestillingar. For å nå innsikt, snakkar ein elev med ein lærar. Ein viktig del av samtalane er å prøve ut det motsette synspunktet. Samtalane kan bli ganske rare. Slik får dei fram det gåtefulle med verkelegheita. Zenbuddhismen voks fram i Kina og spreidde seg sidan til Japan. I Japan endra buddhismen seg ein del. Skiljet mellom munkar og lekfolk har forsvunne, og munkar kan både gifte seg, ete kjøtt, drikke alkohol og pynte seg.

Zenbuddhismen prøver å få fram det gåtefulle.

Denne retninga finst i Kina og i Japan.

Dette zenbuddhistiske tempelet ligg i Japan.

43 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 43

08.03.2010 14:46:34


Buddhismen i Noreg Vietnamesiske buddhistar har bygd tempel på Lørenskog.

Norske buddhistar har også bakgrunn frå andre land.

I Noreg bur det om lag 15 000 buddhistar. Den største gruppa norske buddhistar har bakgrunn frå Vietnam. Dei har blant anna bygd Khuong Viettempelet på Lørenskog. Her bur nokre få munkar og nonner. I Vietnam er mahayana den vanlegaste retninga. Omkring 2500 norske buddhistar har bakgrunn frå Thailand. I Thailand er theravada den vanlegaste retninga. Ein del norske buddhistar har konvertert frå kristendommen. Nokre av dei er samla i Karma Tashi Ling Buddhistforbund. Denne organisasjonen følgjer tibetansk buddhisme. Dei har eit kloster og ein stupa på Bjørndal utanfor Oslo.

Wat Thai-tempelet ved Frogner nord for Oslo blei innvigd hausten 2007.

44 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 44

08.03.2010 14:46:41


Filosofisk hjørne Forteljingar Da Thuan var liten, besøkte han bestefar i Vietnam. Bestefar kunne mange historier om Buddha og boddhisattvaer. Han sa at forteljingane hjelpte han med å leve eit godt liv. På kva måte kan forteljingar seie oss noko som er sant eller viktig? a Skriv ei setning på ein lapp. b Legg lappane i ei eske, og leik «ta stilling» ved å trekkje lappar frå eska. c

Prøv å bli einige om dei tre beste måtane.

Visste du at ... Zenbuddhistar bruker spesielle setningar som blir kalla koan for å få fram det underlege med verda. For eksempel: To hender som klappar, lagar ein lyd. Men kva er lyden av éi hand som klappar?

45 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 45

08.03.2010 14:46:42


Hinduisme Livets reglar: gjenføding og frelse Hinduar trur at mennesket blir født på nytt når det døyr. Den personen som gjer det som er riktig, får ei god gjenføding. Det er riktig å finne sin plass i samfunnet. I hinduismen er det fleire vegar til frelse. Tilbeding og tillit til guden er ein viktig frelsesveg.

Samsara – livssirkelen

Eit menneske som døyr, blir født om igjen.

Nokon får eit dårlegare liv, andre får eit betre liv.

Menneska må gjere det som er rett.

I India meiner dei fleste at menneska lever fleire liv. Eit menneske som døyr, blir gjenfødt. Det kan bli født som eit menneskebarn eller som eit anna levande vesen. Dette heiter reinkarnasjon. Sirkelen av liv, død og nytt liv heiter samsara. Denne sirkelen har ingen ende. I indisk tenking er mennesket fanga i ein evig rundgang i samsara. Rundgangen av liv og død blir styrt av noko som heiter karma. Eit menneske får god karma ved å gjere det som er riktig, og dårleg karma ved å gjere det som er gale. God karma gjer at mennesket blir født til eit betre liv. Dårleg karma gjer at det blir født til eit dårlegare liv. Samsara og karma er viktig både i hinduismen og buddhismen. Målet i begge religionane er å sleppe fri frå samsara. Det skjer ved at mennesket følgjer dharma. Men dharma betyr forskjellige ting i dei to religionane. Dharma i hinduismen er reglane for kva som er riktig, og kva som er gale. I hinduismen er dette knytt til korleis samfunnet er bygd opp. Kvart menneske har si rolle i samfunnet. Å gjere det som denne rolla krev, er å følgje dharma. Rolla til eit menneske blir bestemt av kva kaste det høyrer til.

46 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 46

08.03.2010 14:46:42


Biletet viser tilbeding i eit tamilsk tempel på Mauritius.

Hinduismen har også nokre reglar som gjeld for alle menneske. Ein slik regel seier for eksempel at det er forbode å drepe. Det kan vere at reglane som gjeld for alle, seier noko anna enn dei spesielle reglane for den rolla ein har i samfunnet. I så fall er dei spesielle reglane viktigare enn reglane som gjeld for alle. Frelsa i hinduismen heiter moksha. Det er fleire vegar for å nå moksha. Ein veg er å bli asket. Ein asket er ein som bruker all si tid på ritual for å nå frelsa. Den vanlegaste frelsesvegen i dag heiter bhakti. I bhakti er fromheit og tilbeding av gudane viktig. Hinduar tilber gjennom ofring, bønn og song. Tilbedinga heiter puja. Bhakti er også den vanlegaste frelsesvegen blant norske hinduar.

Hinduar skal ikkje drepe.

Puja er ein veg til frelse.

47 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 47

08.03.2010 14:46:47


Heilage tekstar I hinduismen er det mange heilage tekstar. Det er svært mange gudeforteljingar, men også dikt, songar, lover og reglar og filosofiske tekstar. Bhagavadgita er den mest kjende teksten. Han handlar om guden Krishna som diskuterer med soldaten Arjuna.

Dei heilage tekstane i hinduismen er skrivne på språket sanskrit. Det er eit av dei eldste skriftspråka i verda.

Veda og andre heilage tekstar Veda er den eldste samlinga heilage tekstar.

Dei mest heilage tekstane er ei stor samling som heiter Veda. Ho blei ferdigskriven for omtrent 2000 år sidan. I dag blir tekstar frå Veda mest brukte i tilbeding. Nokre setningar blir lesne høgt, eller ord frå Veda blir brukte som mantra.

Seinare kom mange andre gudeforteljingar til.

Dei mest kjende forteljingane og tekstane er frå samlingar av heilage tekstar som er skrivne seinare. Det finst for eksempel svært mange forteljingar om dei ulike gudane. Nokre tekstar har namn etter gudane dei handlar om. For eksempel handlar Shivapurana om guden Shiva. I hinduismen finst det fleire variantar av dei ulike forteljingane.

48 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 48

08.03.2010 14:47:08


Bhagavadgita Bhagavadgita er ein del av ein større tekst og betyr tenarsongen. Det er ein viktig tekst for hinduar i dag. Han handlar om frelsesvegane, og særleg om bhakti. Bhagavadgita seier at tilbeding og tru er viktig. Forteljinga i Bhagavadgita handlar om soldaten Arjuna og vognføraren hans. Arjuna er kommandant for ein stor hær. Dei skal til å gå til krig da han oppdagar nokre slektningar på sida til fienden. Han blir uroleg og redd for at det er gale av han å drepe andre menneske. Vognføraren til Arjuna er eigentleg guden Krishna. Bhagavadgita består av lange samtalar mellom Krishna og Arjuna. Krishna overtaler Arjuna til å setje plikta si som soldat over plikta si som menneske. Det betyr at det er viktigare med boda som gjeld for rolla i samfunnet enn reglane som gjeld for alle. Fordi han er soldat, er det dermed rett av Arjuna å gå til krig og drepe andre menneske.

Bhagavadgita er ein viktig tekst for hinduar.

Han handlar om ein soldat som ikkje vil drepe.

Soldatar skal drepe, fortel Krishna.

49 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 49

08.03.2010 14:47:08


Forteljing Bhagavadgita Arjuna, som hadde ei ape i banneret, tok overblikk over Dhritarashtras kampklare menn. Våpna var tørna saman, og til Krishna sa han desse orda: Arjuna sa: Stans mi vogn mellom hærane, du urokkelege, så eg kan få overblikk over dei kamplystne eg skal slåst med i stridsstrabasane. Eg vil sjå dei som er samla her for å kjempe, som med glede gjer teneste i krigen til Dhritarashtras uforstandige son. Samjaya sa: Slik talte Arjuna, og Krishna stansa den beste av stridsvognene mellom hærane framfor Bhishma, Drona og alle kongane og sa: «Sjå, Arjuna, alle Kuruane samla her!» Der såg Arjuna fedre og bestefedre, lærarar, onklar, brør, søner, sønesøner og følgjesveinar, svigerfedre og venner. Og da han såg alle slektningane sine klare til kamp, der han stod mellom hærane, blei han tyngd ned av stor sorg, og fortvilt sa han: Arjuna sa: Når eg ser mine eigne slektningar, Krishna, som er komne hit for å slåst, søkk lemma mine ned, munnen tørkar ut, kroppen min skjelv, og håra reiser seg.

ViIVerda7-s1-81-NN.indd 50

Boga Gandiva fell ut av hendene, huda brenn, eg klarer ikkje stille meg opp, og tankane fer ville. Eg ser berre illevarslande teikn, Krishna, eg kan ikkje sjå noko godt i at eg drep mi eiga slekt i kamp. 1,19–31

[…] Men Krishna svarte Arjuna, han som var så fortvilt, så fylt av medkjensle at han hadde auga fulle av tårer, og sa: Arjuna, korleis er det komme over deg i denne farlege stunda ei motløyse dei edle ville forakte, som ikkje fører til himmelen, men bringer vanry? 2,1–2

[…] Kloke ord taler du, men du sørgjer over nokon du ikkje treng sørgje over. Dei vise sørgjer verken over døde eller levande. 2,11

08.03.2010 14:47:08


[…] For døden er sikker for han som er fødd, og fødsel for han som er død; du skulle ikkje sørgje over det uunngåelege. 2,27

Så sjå di plikt, vik ikkje tilbake, ikkje noko anna er betre for ein krigar enn å kjempe. 2,31

Mange kunstnarar har framstilt denne scena frå Bagavadghita. Arjuna sit i vogna, mens vognføraren og guden Krishna fører hesten.

ViIVerda7-s1-81-NN.indd 51

08.03.2010 14:47:25


Høgtider Høgtider og festar er viktige i hinduismen. Det er høgtider for dei ulike gudane og for viktige tidspunkt i året. Kvar stad har sine skikkar og tradisjonar. I India er heile landsbyen med på feiringa. Divali er ein av dei vanlegaste festane. Det er ein fest for lyset og det nye året.

Fest og glede Det er mange lokale festar i hinduismen.

Det er festar for dei fleste gudane.

Hinduismen er ein religion med mange skikkar og tradisjonar, ulike retningar og forskjellige synspunkt. Det er mange ulike festivalar og festar. Kvar gud har sin eigen fest, og kvar stad har sine festar og sin måte å feire på. Nokre festar går igjen mange stader. Festane skjer på heilage tidspunkt. Det er tider da gudane lyttar til menneska. Festane er fulle av liv og glede. I India er ofte heile landsbyen med på feiringa. I andre land samlar hindufamiliar seg når det er fest. I dei fleste festane står ein gud i sentrum. Hinduar besøkjer templa til guden. Det blir halde spesielle pujaer for festen og guden. Musikk, dans og forskjellige symbolske handlingar høyrer også med. Mange stader blir gudestatuane frakta rundt i gatene mens folk ser på. Folk pyntar seg, går på besøk til kvarandre og et god mat.

Hinduane som går i tempelet på Ammerud, feirar den årlege tempelfestivalen. Gudane blir tekne ut av tempelet, og prestane ber dei rundt i gatene. Festen varer i ti dagar.

52 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 52

08.03.2010 14:47:36


Divali Den mest populære høgtida i dag heiter divali. Det betyr rekkje av lys. Divali er ein fest for lys og nytt liv. Han varer mellom to og fem dagar og blir feira i slutten av oktober eller i begynninga av november. Han startar når månen er i ne og nesten forsvunnen, og sluttar når månen har begynt å bli større igjen. Som for dei fleste hinduistiske festane er det fleire ulike tradisjonar for divali. Mange feirar festen for gudinna Lakshmi. I Bangladesh er det ofte Kali som blir tilbeden, mens i Nord-India handlar divali om Rama og kona hans, Sita. Divali er også nyttårsfest. Det nye året startar på nymånedagen.

Divali er ein fest for lyset.

Det er også ein nyttårsfest.

I India blir gater, hus og tempel pynta med lys til divali. Mange bruker divalilamper. Det er oljelamper eller fargerike stearinlys. Elektriske lys blir også brukte. Utanfor eller innanfor døra kan hinduar pynte med fargerike mønster. Mønstra kan vere laga av farga pulver, krit, ris, blomeblad eller sand. 53 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 53

08.03.2010 14:47:37


Sikhanes gylne tempel i Amritsar pynta med lys til divali. Sikhar feirar også divali. For dei betyr festen noko anna enn for hinduar. Dei feirar retten til å vere ein eigen religion.

Holi

Holi er ein livleg fest.

Mange brenn bål.

Holi er hinduismens livlegaste fest. Dei som feirar han, tek på seg gamle klede og kastar vatn og fargepulver på kvarandre. Under holi bryr ikkje folk seg om kastar, kjønn eller alder. Holi blir feira i mars eller april og markerer at våren er kommen. I nokre hinduistiske kalendrar er holi den festen som avsluttar det gamle året. Ofte tenner folk eit stort bål på første dagen av festen. Bålet kan symbolisere at sjukdom og ureinske frå det gamle året blir brent opp. Mange stader blir ein modell av ei heks brent på bålet. Det er til minne om ei forteljing om den unge Prahlada og heksa Holika. Faren til Prahlada var ein demon. Han ville at Prahlada skulle halde opp med å tilbe guden Vishnu. Men Prahlada ville ikkje gi opp tilbedinga. Da tok heksa Holika han med seg inn i elden. Men Vishnu greip inn og redda Prahlada. Dermed blei heksa brend i staden.

54 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 54

08.03.2010 14:47:39


Nokre stader blir holi feira til minne om ein gong guden Krishna leikte med nokre gjetarjenter. Dette måleriet viser Krishna og gjetarjentene i regnvêr.

17. århundre

Pongal Pongal blir feira av mange hinduar med bakgrunn frå Sør-India og Sri Lanka. Tidspunktet for pongal blir rekna ut etter solkalenderen, ikkje etter månekalenderen slik det er for dei andre hinduistiske festane. Festen blir alltid feira 14. januar. Pongal kjem frå eit tamilsk ord som betyr å koke. Under festen koker folk ris i mjølk. Så tilbyr dei risen til gudane. Etter gudane får kyrne litt, og til slutt er det familien sin tur til å ete.

Pongal er 14. januar.

Shivanatten Shivas natt er ei bestemt natt kvar månad, rett før månen blir heilt borte. Ein gong i året er det den store Shivanatta. Ho er ein gong mellom februar og mars. Denne natta gifte Shiva seg med Parvati, seier dei hinduistiske forteljingane.

Shivanatta er den natta Shiva gifte seg med Parvati. 55

ViIVerda7-s1-81-NN.indd 55

08.03.2010 14:47:42


Mange fastar i tempelet.

Mange hinduar feirar Shivas natt i tempelet. Dei er der heile natta og fastar. Dei syng og gjer puja. Dei tilber Shiva framfor Shiva-lingaen. Prestane heller ei blanding av mjølk, yoghurt, honning og rosevatn over han. Dagen etter Shivas natt blir det som er til overs, blanda med hakka mandlar og delt ut til dei som er der.

Rama og Sita slik dei ofte blir framstilte pĂĽ plakatar.

56 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 56

08.03.2010 14:47:43


Hinduismen i Noreg og i verda Hinduismen er ein mangfaldig religion. Det er mange ulike retningar og tradisjonar. India er det heilage landet i hinduismen, og dei fleste hinduar bur der. Norske hinduar kjem for det meste frå Sri Lanka og Nord-India.

Shivaittar, vishnuittar og shaktistar Det bur nesten 1 milliard hinduar i verda. Blant hinduane er det veldig mange ulike retningar og tradisjonar. Kvar stad har sin måte å tilbe på, og ein hindu har sin personlege favorittgud. Hinduismen er open for mange forskjellige synspunkt og handlemåtar. Sjølv om hinduar gjer ting på forskjellige måtar og er opptekne av ulike ting, treng dei ikkje vere ueinige om kva hinduisme er. Ein vanleg måte å dele inn hinduismen på er å sjå på kven som er den høgaste guden. For vishnuittar er Vishnu den høgaste guden, for shivaittar er det Shiva, og for shaktistar er det gudinna, Shakti. For vishnuittar er gudane i Vishnus familie viktige. Dei vel favorittguden sin blant desse, feirar festane deira og kjenner forteljingane om dei. For shivaittar er det Shivas familie som er viktig.

Det er mange måtar å vere hindu på.

Nokon tilber Vishnu, andre Shiva.

India Hinduismen er ein indisk religion, og landet India er heilagt for hinduar. Der finst dei heilage stadene frå dei hinduistiske forteljingane. For eksempel er elva Ganges heilag. Ganges er eigentleg ein kvinneleg guddom. Han eller ho som badar i Ganges, får tilgiving og hjelp til å bli frelst.

India er heilage landet til hinduane.

57 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 57

08.03.2010 14:47:43


Hinduar badar i Ganges i Varanasi. Denne byen er særleg heilag i hinduismen.

Det er annleis å leve i andre land.

Sidan India er landet til hinduismen, blir andre land rekna som diaspora. Dette ordet blir brukt om alle område som ikkje er heimlandet til ei gruppe. Det er annleis å vere hindu i diasporaen enn i India. Dei heilage stadene er langt borte, og hinduismen er ikkje på same måten ein del av samfunnet som i India.

58 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 58

08.03.2010 14:47:49


Hinduismen i Noreg I Noreg bur det om lag 15 000 hinduar. Mange av dei er tamilar som har familie frå Sri Lanka. Dei tamilske hinduane er shivaittar. Shiva er den høgaste guden deira, og forteljingar og festar handlar om Shivas familie. Kona hans, Parvati, og dei to sønene deira, Murugan og Ganesja, er særleg viktige. Det bur også ein del hinduar frå Nord-India i Noreg. Dei er vishnuittar, og forteljingane og festane deira handlar om Vishnu og dei ulike personane han kan bli, som Krishna og Rama.

Mange norske hinduar kjem frå Sri Lanka.

Dei tamilske hinduane i Oslo har eit tempel på Ammerud. Tempelet er i ein fabrikkbygning og er ikkje bygd i stein, slik hinduistiske tempel helst skal vere. Tempelet er vigd til Murugan, den eldste sonen til Shiva.

59 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 59

08.03.2010 14:47:58


Nokre hinduar er inspirert av ein guru.

I Noreg er det også somme som utfører hinduistiske ritual, sjølv om dei ikkje er hinduar. Dei kan for eksempel utføre ei hinduistisk form for yoga eller meditasjon. Dei kan vere inspirerte av ein kjend hindulærar. Ein slik lærar heiter ein guru.

Tempelet Sri Tiller Ganesha er det første spesialbygde hindutempelet i Noreg. Det opna i 2005 og blir drive av norske hinduar med tamilsk bakgrunn.

60 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 60

08.03.2010 14:48:02


Filosofisk hjørne Fest Divali er ein viktig fest for mange hinduar. Andre har også festar som er viktige for dei. Treng vi festar for å ha det godt? a Svar «Ja, fordi …» eller «Nei, fordi …» på eit ark. b Dei som svarer nei, reiser seg. c

Ein av dei som sit, spør ein av dei som står, om å lese det ho eller han har skrive. Var det ei god grunngiving? Kvifor? Kvifor ikkje?

61 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 61

08.03.2010 14:48:03


Samtaleoppgåver

Studieoppgåver 1

Arbeid slik med kvart kapittel:

1

a Les først ingress og margtekstar. Begynn på eit tankekart.

a Gå saman i grupper, og gjer forteljinga om til eit skodespel eller ein animasjon.

b Sjå på bileta, les bilettekstar, forteljingar og «Visste du at…». Skriv i, og illustrer tankekartet. c

2

Les brødteksten. Gjer ferdig tankekartet.

b Spel for kvarandre. c

2

a Skriv ei setning om kvifor det er slik.

b Bruk elevboka og tankekartet. Lag ein disposisjon. Skriv kåseriet. c

b Les setninga di for dei andre. c

Byt tekst med tre andre, eller legg kåseriet på heime sida til skolen. Vel éi oppgåve:

a Les forteljingane på side 38 og 51. Vel éi av forteljingane. Gjer forteljinga om til ein teikneserie. b Søk på nettet etter stoff om buddhistiske og hinduistiske tempel og kloster i Noreg. Lag ein femsiders digital presentasjon.

Har de vektlagt det same i skodespela? Samtale. I hinduismen er kua viktig fordi ho er eit symbol på omsorg og givarglede. Det ho gir, kan brukast på mange måtar.

Lag eit kåseri om buddhismen eller hinduismen. a Kva kjenneteiknar eit kåseri?

3

Les forteljinga om Buddha og den sjuke mannen.

3

Kva dyr er viktige for dykk? Kva er grunnen til det? Samtale. Les om Prahlada på side 54.

a Kva handlar forteljinga om? Skriv éi setning. b Tenk deg at du fekk intervjue Prahlada etter at Vishnu hadde redda han. Skriv fire spørsmål. c

Gå saman tre og tre. Bruk spørsmåla til å lage ein samtale med Prahlada.

62 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 62

08.03.2010 14:48:03


Samarbeidsoppgåver 1

Lag oversikt over heilage skrifter i hinduismen.

Nettoppgåver http://viiverda.cappelen.no

a Arbeid i grupper. Fordel sidene om heilage skrifter mellom gruppene. Kvar gruppe skriv eit notat. b Presenter notatet. Læraren noterer i eit felles tekstdokument. c

2

Kva har de lært av å arbeide på denne måten? Skriv logg. «Lyden av ei hand som klappar». Zen-buddhistar lagar koansetningar. Setningane skal få fram det underlege ved verda. Koan kan vere utgangspunkt for haikudikt. Det er dikt med 17 stavingar. Første linje har fem, andre linje har sju og tredje linje har fem stavingar.

a Felles idémyldring om koanar. Lag koanar eller søk på nettet. Bruk koanane og lag to haikudikt saman. b Arbeid to og to med haikudikt. Framfør dikta for kvarandre. Skriv dikta fint på ark, og lag ei utstilling.

63 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 63

08.03.2010 14:48:03


Ulike kalendrar Kalendrar og tidsrekning Det går an å rekne ut år og månader på mange forskjellige måtar. Det vanlegaste er at året følgjer sola. Men året kan også følgje månen. Da blir året litt kortare enn viss det følgjer sola. Kalendrane som bli brukte for å bestemme når dei religiøse høgtidene er, følgjer ofte både sola og månen.  For å rekne ut talet på år, må vi vite kva år vi skal starte på. Kristen tidsrekning startar omtrent da Jesus blei fødd. I dag bruker dei fleste dei same tala som i den kristne tidsrekninga.

64 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 64

08.03.2010 14:48:09


Kalenderen Ein kalender kan anten følgje månen eller sola eller begge delar. Den kalenderen som blir brukt i Noreg, følgjer sola. Det betyr at eit år er tida det tek for jorda å gå rundt sola. Det tek omtrent 365 dagar. Med denne kalenderen kjem vår, sommar, haust og vinter på same tidspunkt kvart år. Dei fleste religionane har eigne kalendrar som seier når høgtider og heilagdagar er. I hinduismen og buddhismen er det forskjellige kalendrar på ulike stader i verda. Datoane for høgtidene blir dermed også forskjellige. Jødedommen og islam har kvar sine kalendrar for å rekne ut når høgtidene kjem. I dei fleste religiøse kalendrar er ein månad tida det tek for månen å gå rundt jorda. Det tek mellom 29 og 30 dagar. I den jødiske og den islamske kalenderen begynner ein ny månad kvar gong månen kjem til syne på nytt. Fullmånen kjem dermed alltid midt i kvar månad. Slik er det også i mange hinduistiske og buddhistiske kalendrar. Men det finst også kalendrar der månaden begynner når det er fullmåne.

Den vanlege kalenderen følgjer sola.

Månen bruker mellom 29 og 30 dagar på å gå rundt jorda.

65 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 65

08.03.2010 14:48:09


Høgtidene flyttar seg litt kvart år.

Dei kristne høgtidene følgjer både måne- og solåret.

Tolv slike månader kallar vi for eit måneår. Det varer i 354 eller 355 dagar. Måneåret er altså ti eller elleve dagar kortare enn eit vanleg år. Viss høgtidene følgjer måneåret, kjem dei derfor ti eller elleve dagar tidlegare kvart år. I dei fleste religiøse kalendrar er det ein ekstra månad av og til, ein skotmånad. Slik er det for at året skal passe sånn nokolunde med solåret. Da vil også høgtidene halde seg på den same årstida. I den islamske kalenderen er det ikkje nokon slik skotmånad. Ramadan og id-festane kjem derfor til forskjellig tid på året. Den kristne kalenderen heiter kyrkjeåret. Det begynner første søndag i advent, som er fjerde søndag før julaftan. Advent er ventetida før jul. Jula følgjer solåret slik at julaftan kjem 24. desember kvart år. Den kristne påska følgjer både sola og månen. Første påskedag er den første søndagen etter den første fullmånen etter vårjamdøgn. Vårjamdøgn er den dagen om våren da sola er oppe like lenge som ho er nede. Sidan den vanlege kalenderen følgjer sola, veit vi at vårjamdøgn er 21. mars kvart år.

Tidsrekning

Den kristne tidsrekninga startar med året Jesus blei fødd.

Kva for eit år er vi i no? Det kjem an på kva tidsrekning vi bruker. Den kristne tidsrekninga tel åra frå Jesus blei fødd. Det er litt over 2000 år sidan. Tidlegare var kristendommen nesten den einaste religionen i Europa. Derfor brukte alle som budde der, den kristne tidsrekninga. I dag bruker både kristne og ikkje-kristne den same måten å telje på i dei fleste landa i verda. Derfor kallar vi dette for den vanlege tidsrekninga.

66 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 66

08.03.2010 14:48:09


Mange bruker likevel andre tidsrekningar i religionen sin. Den jødiske tidsrekninga startar med at Gud skapte verda. Jødiske tenkjarar har rekna ut at det skjedde for meir enn 5700 år sidan, nøyaktig 3761 år før den vanlege tidsrekninga startar. I dag er det mange jødar som trur at verda blei til lenge før det. Dei kan likevel bruke denne tidsrekninga. Den muslimske tidsrekninga startar med at Muhammed flykta frå Mekka til Medina. Denne flukta heiter hijri og skjedde i år 622 etter vanleg tidsrekning. Den muslimske tidsrekninga heiter hijrikalender og blir forkorta e.h. for etter hijri. Fordi det muslimske året er kortare enn solåret, held ikkje muslimsk tidsrekning heilt same takt som den vanlege tidsrekninga. 33 muslimske år er omtrent det same som 32 vanlege år.

Jødisk tidsrekning startar med at Gud skapte verda.

Muslimsk tidsrekning startar med flukta til Muhammed.

Hinduismen og buddhismen har mange ulike tidsrekningar. Dei fleste blir justert etter solåret slik som den jødiske tidsrekninga.

67 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 67

08.03.2010 14:48:09


Visste du at ... For 책 finne ut omtrent kva 책r det er etter muslimsk tidsrekning, kan du bruke denne formelen: 책rstalet etter muslimsk tidsrekning = (책rstalet etter vanleg tidsrekning - 622) * 33 32

68 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 68

09.03.2010 14:08:40


Livssyn Humanisme Humanistane vil ha eit samfunn der folk kan tenkje fritt og seie det dei meiner. Det har ført til konflikt med dei religiøse. Charles Darwin viste at verda ikkje kunne ha blitt til på seks dagar, slik det står i Bibelen.

Humanismen veks fram Humanismen har ei lang historie i Europa. Det enkelte mennesket og mennesket si evne til å tenkje sjølv er viktig for humanistane. Dette meinte også Sokrates i Aten for to og eit halvt tusen år sidan. Han sa at alle kunne finne fram til det som er rett og sant, gjennom å tenkje. Det var ikkje berre dei rike og lærde som kunne det. I opplysningstida på 1700-talet kjempa humanistane for retten folk hadde til å vere med å bestemme. Dei ville avgrense makta til kongen og kyrkja. Dei meinte at folk kunne tenkje sjølve, og at folk visste kva som var eit godt samfunn å leve i for alle. Denne humanismen var ofte kritisk til korleis religionen blei praktisert. Først på 1800-talet var det mogleg å stå fram som ein som ikkje trudde på Gud, og ikkje var medlem av noko kyrkjesamfunn.

Letoumy (ca. 1789–1804)

ViIVerda7-s1-81-NN.indd 69

Humanistane har kjempa for at folk skal kunne tenkje sjølv og seie det dei meiner.

Humanismen er kritisk til religion.

69 08.03.2010 14:48:32


Kampen for demokrati var viktig på 1800-talet. Det var mange ting som måtte bli forandra for at samfunnet skulle bli demokratisk og godt å leve i. I denne kampen stod humanistane sentralt.

På 1800-talet kjempa humanistane for demokratiet.

• • • • • •

Kongen og overklassen måtte få mindre makt. Arbeidarar og kvinner måtte få stemmerett. Alle måtte få lik rett til skolegang og arbeid. Omsorga for kriminelle og sinnssjuke måtte vere human. Barneoppdraging og skole skulle vere prega av respekt og forståing for barnet. Fattigdom og naud måtte det kjempast mot.

Alt dette var viktig fordi mennesket hadde verdi i seg sjølv, og det hadde evna til sjølv å finne ut kva som er sant og godt. I Noreg har humanistane kjempa mot statskyrkja.

Humanistane ville ha eit samfunn der det var mogleg å ha ulike politiske meiningar. Dei ville også at folk kunne velje ulik tru utan å bli diskriminerte. I Noreg kjempa dei særleg mot statskyrkja. Kyrkja og kristne hadde stor makt i dei fleste landa i Europa, og dei var ofte motstandarar av demokratiet.

Visste du at ... Humanistar på 1800-talet blei kalla fritenkjarar. Dei ville tenkje fritt frå tradisjonar og religiøs tru. Fritenkjarar la grunnlaget for stiftinga av Human-Etisk Forbund i 1956.

70 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 70

08.03.2010 14:48:32


Charles Darwin I 1859 kom ei av dei viktigaste bøkene i moderne vitskap. Det var Charles Darwins Artenes opprinnelse. Darwin meinte at verda var blitt til ved at naturen hadde utvikla seg av seg sjølv. Dette var eit nytt syn på naturen og på mennesket. Det var eit syn som støtta opp om humanismen, og som kritiserte religionen. Darwins teoriar skapte veldig debatt og ueinigheit. Mange reagerte på at det ikkje lenger var nødvendig med Gud for å forklare korleis verda blei til. Darwin forklarte kvifor det er så mange forskjellige artar i plante- og dyreverda. Det har skjedd ei utvikling over mange millionar av år. Det begynte med nokre få dyr og planter, og så har det utvikla seg fleire artar ut frå desse. Mange såg dette som eit angrep på Bibelen. Der står det at Gud skapte alt liv på seks dagar. Mange var forferda over tanken på at mennesket hadde utvikla seg frå dyr. Humanistane såg det som eit bevis for at dei hadde rett, når dei sa at Gud ikkje fanst.

Jungle animals

Darwin skreiv ei av dei viktigaste bøkene på 1800-talet.

Darwin forklarte korleis dyr og menneske hadde blitt til.

Mange meinte at Darwin angreip Bibelen.

Tony Todd

71 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 71

08.03.2010 14:48:51


Darwin på Galápagos øyene

I dag meiner dei fleste at Darwin hadde rett.

Meredith Nugent, ca. 1830

I vår tid godkjenner dei fleste teoriane til Darwin. Det er ikkje mange som trur at Gud skapte alt på seks dagar sjølv om dei trur på Gud. Det Gud skapte, var livet, og livet har utvikla seg. Det er heller ikkje eit angrep på menneskeverdet å vise at det har utvikla seg frå dyr. Tvert om skaper det ein fellesskap mellom menneska og naturen.

Visste du at ... I 1857 slutta Almanakk for Noreg å gi opp kor mange år det var gått sidan skapinga. Jødane tel framleis år frå skapinga i tidsrekninga si. I september 2007 gjekk den jødiske kalenderen inn i år 5768.

72 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 72

08.03.2010 14:49:00


Livssynshumanismen i Noreg og i verda På 1900-talet organiserte humanistane seg i mange land. I Noreg blei Human-Etisk Forbund stifta i 1956. I dag har forbundet over 75 000 medlemmer. Dei kjempar mot statskyrkja. Dei kjempar også for at alle skal få praktisere den religionen dei høyrer til.

IHEU og HEF Humanistar på 1800-talet hadde ikkje egne foreiningar. Mange humanistar ville organisere seg slik at dei kunne arbeide for humanismen på ein betre måte. International Humanist and Ethical Union, IHEU, blei stifta i 1952. I Noreg blei HumanEtisk Forbund, HEF, stifta i 1956. I Noreg har organiseringa av humanistar vore spesielt vellykka. I 2006 var 77 000 personar medlem av Human-Etisk Forbund. HEF er ein av dei største organisasjonane utanfor statskyrkja. Dei to første sakene som forbundet arbeidde med, var alternativ konfirmasjon og eit eige livssynsfag i skolen. Den første alternative konfirmasjonen gjekk føre seg i Oslo i 1951. Frå 1969 blei det mogleg med eit livssynsfag som alternativ til kristendomsfaget. Begge desse faga blei borte da KRL-faget blei oppretta i 1997.

Humanistane organiserte seg i foreiningar på 1900-talet.

I Noreg arbeidde dei for alternativ konfirmasjon og eit eige livssynsfag.

Kristian Horn leidde den første borgarlege konfirmasjonen i 1951. Han stifta HumanEtisk Forbund i 1956.

73 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 73

08.03.2010 14:49:03


Humanistane arbeider mot undertrykking av minoritetar.

Human-Etisk Forbund er opptekne av menneskerettane.

I Noreg arbeider HEF for å fremje saker som IHEU har teke opp. Det er saker som religionsundervising i skolen, kamp mot undertrykking av religiøse minoritetar og kamp for rettane til dei homofile. Målet for IHEU er å arbeide for ei verd prega av humanisme, der menneskerettane blir respekterte, og alle kan leve eit verdig liv. Noreg og nokre andre land er også opptekne av å utvikle humanistiske seremoniar. Dei sakene HEF arbeider med i dag, er knytte til grunnleggjande menneskerettar. Det er for eksempel retten til å tenkje, tru, leve og ytre seg som ein vil. Forbundet held fram arbeidet mot statskyrkja og for livssynsminoritetar. Dei forsvarer retten til å kunne seie ting som provoserer, og som kan krenkje meiningane til andre. Ytringsfridom er så viktig for å sikre eit fritt samfunn, at han ikkje må innskrenkast.  Arbeidet for rettane til homofile er også sentralt. HEF har støtta dei homofile sin rett til å inngå partnarskap og til å adoptere barn. HEF har fått rett til å registrere partnarskap.

Desse husa er teikna av arkitekt Kristen Tobias Rivertz og ligg på Sagene i Oslo. Dei blei bygde i 1912 som bustader for arbeidarar. Dei uttrykkjer eit humanistisk syn på mennesket fordi dei er eit uttrykk for at også arbeidarar treng ein god og vakker stad å bu. Dette var første gong det var dusj og WC i ein leigegard for vanlege folk i Noreg.

74 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 74

08.03.2010 14:49:03


HEF har oppretta ein organisasjon for menneskerettar i utviklingsland. Det heiter HAMU – humanistisk aksjon for menneskerettar i u-land. HAMUs arbeid rettar seg særleg mot menneske som blir krenkte og undertrykte på grunn av religiøse og kulturelle forhold. HAMU har prosjekt i India, Nepal og Uganda.

Human-Etisk Forbund har ein organisasjon som arbeider i u-land.

75 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 75

08.03.2010 14:49:05


Kvart år har HEF ein innsamlingsaksjon til inntekt for arbeid i utviklingsland. Han blir kalla Fridomsaksjonen. Konfirmantane er med og samlar inn pengar. Våren 2007 fekk Fridomsaksjonen inn over 970 000 kroner.

HEF har vedteke eit eige manifest.

I november 2006 vedtok Human-Etisk Forbund eit manifest. I det står det kva forbundet meiner med humanisme, og kva som er viktig for humanistar. Manifestet legg vekt på at den historiske kampen for vitskap og demokrati er viktig for moderne humanisme. Det blir understreka at humanistar ikkje har heilage skrifter som inneheld evige sanningar, men at menneska må tenkje sjølve. Teksten begynner på denne måten:

76 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 76

08.03.2010 14:49:07


– Humanismen er eit livssyn som set mennesket i sentrum og framhevar menneskeverdet, sjølvstendet, integriteten og det ibuande verdet til den enkelte. I Noreg er dette livssynet også kjent som humanetikk.  Verkelegheitsforståinga, etikken og menneskesynet i humanismen er basert på fornuft og erfaring, rasjonell og kritisk tenking, empati og samkjensle med andre menneske. Sentralt i humanismen er at menneske alltid skal behandlast som mål i seg sjølve.  Menneskesynet kjem til uttrykk i menneskerettserklæringa til FN: «Alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør.»

Humanistar meiner at ingen stader er heilage. Da kan humanistisk vigsel gå føre seg mange forskjellige stader, for eksempel på eit fjell.

77 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 77

08.03.2010 14:49:10


Forteljing Over heile Midt-Austen, Nord-Afrika og Sentral-Asia kjenner folk historiene om Nasreddin Hodja. Nasreddin levde i Tyrkia for mange hundre år sidan, men framleis kjem det nye historier knytte til hans person. I mange av historiene framstår Nasreddin som ein humanist. Han kritiserer urett og overgrep. Han gjer narr av dei som har respekt for folk berre fordi dei er rike og er fint kledde. Han kritiserer folk som har makt, og han kritiserer religionen. Han set spørjeteikn ved det dei fleste meiner. Her er ei slik historie:

Rettferd

– Hodja, vi klarer ikkje dele desse valnøttene på ein rettferdig måte. Kan du hjelpe oss? – Vil de ha rettferda til Gud eller menneska? spurde Nasreddin. – Gud, svarte barna. Nasreddin opna posen og gav to nevar valnøtter til eitt barn, ein neve til det andre, berre to valnøtter til det tredje og ingen til det fjerde. – Kva slags rettferd er dette? spurde barna forundra. – Vel, det er Guds rettferd, svarte han. Han gir nokre menneske mykje, nokre lite og ingenting til andre. Viss du hadde spurt etter menneskeleg rettferd, så hadde eg gitt dykk like mykje kvar.

Ein dag kom fire gutar til Nasreddin Hodja og gav han ein pose med valnøtter.

ViIVerda7-s1-81-NN.indd 78

08.03.2010 14:49:10


Filosofisk hjørne Rettferdig samfunn Humanistane i Human-Etisk Forbund vil ha eit rettferdig samfunn. Ta stilling til påstanden: «Eit samfunn er rettferdig når alle får likt.» a Fullfør éi av setningane «Det er rettferdig at alle får likt fordi …» eller «Det er ikkje rettferdig at alle får likt fordi …». b Lag lister over grunngivingar for og mot påstanden. c

Skifta nokon meining da dei høyrde grunngivingane til dei andre? Merk dei grunngivingane som gjorde at nokon skifta meining.

79 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 79

08.03.2010 14:49:10


Samtaleoppgåver

Studieoppgåver 1

Les i elevboka, lån ei bok eller søk på nettet om Charles Darwin.

1

a Kva kunne ei tidsrekning som ikkje høyrer til nokon religion, ta utgangspunkt i? Skriv to forslag.

a Skriv ei side med faktasetningar om kven han var, og det han forska på. b Bruk faktasetningane til å skrive «kryssorddikt» om Charles Darwin. Sjå nettstad. c

2

Byt dikt med ein annan. Gi respons. Kva har vore og er Human-Etisk Forbunds viktigaste kampsaker?

Alle store religionar har eiga tidsrekning.

b Les forslaga dine. Læraren noterer. c

2

HEF meiner at det er ein rett å kunne seie ting som provoserer eller krenkjer andre når det er snakk om politikk og religion. Men det er for eksempel ikkje lov å seie krenkjande ting om utsjånaden eller bakgrunnen til ein person.

a Les i elevboka, og gå inn på heimesida til HEF. b Skriv ein artikkel om éi av sakene, og finn bilete som passar til teksten. c

3

Legg artikkelen i mappa di. Kalendrar

a Les side 64–68. b Lag ei matematikkoppgåve om dei ulike kalendrane. Legg oppgåva på heimesida til skolen. Hugs namn. c

80

Bli einige om dei tre beste forslaga.

a Er du einig eller ueinig? Skriv ei setning med grunngiving. Presenter setninga di. b Finn gode argument for og imot synspunktet til HEF. Presenter argumenta. Læraren noterer. c

Ranger argumenta. Kva gjer somme argument betre enn andre?

Bruk informasjonen i «Visste du at …» side 68, og lag tre matematikkoppgåver. Løys oppgåver som andre har laga.

ViIVerda7-s1-81-NN.indd 80

08.03.2010 14:49:10


Samarbeidsoppgåver 1

Gå inn på heimesida til HEF.

Nettoppgåver http://viiverda.cappelen.no

a Lag ei oversikt over kva du finn der. Korleis er sidene bygde opp? Kva synest du er bra? Kva kunne ha vore betre? Skriv ei vurdering. b Presenter oversikta og vurderinga for gruppa. Læraren noterer. c

2

Kva var likt, og kva var ulikt? Velg éi av desse oppgåvene:

a Skriv ein biografi om Kristian Horn. Gå på biblioteket eller søk etter informasjon på nettet. Biografien skal vere på minst ei A4-side. Presenter biografien på papir eller digitalt. b «Derfor er eg medlem i HEF.» Førebu spørsmål til intervju. Ta kontakt med lokallaget og spør om dei har eit medlem som de kan intervjue. c

Lag ein plakat som fortel om det internasjonale engasjementet til HEF.

81 ViIVerda7-s1-81-NN.indd 81

08.03.2010 14:49:10


82 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 82

11.09.2008 09:20:55


Filosofi og etikk

Her skal du lære om … • etikk knytt til kjønn, seksualitet og IKT • urbefolkning og menneskerettar • Aristoteles og synet hans på lykke • einigheit og ueinigheit i etikk • kva som kjenneteiknar eit førebilete • korleis du kan bruke rollespel for å få gode råd

83 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 83

11.09.2008 09:20:58


Like og ulike Det finst gutar og jenter, menn og kvinner. Alle har seksuelle kjensler. Det er mange reglar som kan hjelpe oss med å leve godt saman sjølv om vi er forskjellige. Nokre av desse reglane er urettferdige. Vi skal behandle alle med respekt, og vi kan prøve å forandre det som er urettferdig.

Kanskje foreldra kunne la barna gjere husarbeidet, så slapp dei å krangle om kven som skulle gjere det?

Kjønn og etikk

Vi må velje korleis vi vil leve saman.

Arbeidsfordeling mellom kjønna er vanleg.

Alle pattedyr finst i to kjønn, også mennesket. På den måten sikrar naturen at dei formeirar seg. Men det er ikkje berre éin bestemt måte å vere gut eller jente på. Det er heller ikkje berre éin bestemt måte å leve saman på. Menneska kan velje korleis dei vil leve. Det er ikkje noko vi er tvungne til frå naturen si side. Dei vala vi gjer, handlar om etikk. Alle samfunn har ei arbeidsfordeling mellom kjønna. Denne arbeidsfordelinga har ført til at menn har meir makt enn kvinner. Det har teke lang tid å bryte med denne urettferdigheita. Det er ein kamp for rettferd som framleis er nødvendig.

84 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 84

11.09.2008 09:20:58


Noreg er eit av dei landa i verda der likestillinga mellom kjønna har komme lengst. Men det er fleire område med stor urettferd framleis. Kvinner gjer det meste av husarbeidet. Kvinner har hovudansvaret for barna, sjølv om menn tek del mykje meir enn dei gjorde tidlegare. Kvinner tener mindre enn menn. Det er fordi mange kvinner ofte arbeider deltid, og fordi tradisjonelle kvinneyrke er dårleg betalte. Men kvinner tener også mindre enn menn i dei same yrka og på same arbeidsplass. Dei tener også mindre sjølv om dei har like lang utdanning. I mange samfunn blir jenter hindra på forskjellige måtar. Dei får ikkje gå på skole eller vere ute å leike eller bevege seg fritt ute. Når dei blir vaksne, får dei ikkje lov til å vere med å bestemme i det samfunnet dei bur i. Enkelte stader i verda blir kjønnsorgana eller brysta til jentene skadde for at dei ikkje skal ha seksuelle kjensler. Mange stader får ikkje kvinner velje sjølve kven dei skal gifte seg med. Etikk handlar om slik urettferd. Etikk handlar også om dei grensene vi set for kvarandre og korleis vi skal leve saman. Framleis er det sterke meiningar om korleis jenter og gutar kan oppføre seg. Slike meiningar gjer det vanskelegare å gjere samfunnet meir rettferdig. Dei kan også gjere det vanskeleg for folk som er annleis enn fleirtalet.

Kvinner gjer mest husarbeid.

Kvinner tener dårlegare enn menn.

Jenter blir hindra.

Etikk handlar om å gjere noko med det som er urettferdig.

85 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 85

11.09.2008 09:20:58


Filosofisk hjørne Om likestilling i heimen Dei fleste barna i Noreg har etternamnet til far sin. Seier det noko om at menn er viktigare enn kvinner?

a Svar i éi setning: «Ja, fordi …» eller «Nei, fordi …». Skriv på ein lapp.

b Set ein loddrett strek, og del tavla i «Ja» og «Nei». Gå opp éin og éin, og les svaret og grunngivinga di. Fest lappen der han høyrer heime.

c Kor mange forskjellige grunngivingar fann de? Oppsummering.

Visste du at ... Kvinner bruker nesten 50 % meir tid på husarbeid enn menn. Kvinner bruker gjennomsnittleg 4 timar per dag, menn bruker 2 timar og 40 minutt.

86 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 86

11.09.2008 09:20:59


Sjukehus er ein typisk kvinnearbeidsplass der lønna er låg. Reinhald er både viktig og slitsamt. Kvifor er det så dårleg betalt? ViIVerda7-s82-125-NN.indd 87

87 11.09.2008 09:21:01


Seksualitet og etikk

Menneske blir tiltrekte av kvarandre.

Menneske kjenner seg seksuelt tiltrekte av kvarandre. Slik tiltrekning kan føre til sex. Sex knyt to menneske saman på ein spesiell måte. Det gir stor glede, men fordi det er så mange kjensler, kan sex også skape vanskar. Vi kan bli usikre og sjalu.

Alle samfunn har reglar om seksuelle handlingar. Det vanlegaste er å knyte sex til ekteskapet. Ofte blir dette forklart ut frå religionen. For eksempel seier Det finst reglar som mange at Gud vil at menneska skal gifte seg. Andre seier korleis vi skal leve seier at det er best for barna at foreldra lever saman. saman. Mange av reglane rundt seksualitet gjer det lettare for menneske å leve godt saman. Men nokre gonger gjer reglane det vanskelegare.

Seksualitet kan vere vanskeleg å snakke om.

Seksualiteten vår er med på å seie noko om kven vi er. Han er knytt til sterke kjensler og kan vere vanskeleg å snakke om. På dette området er vi spesielt sårbare. Vi kan lett kjenne at vi er heilt aleine med tankane våre. Vi vil ikkje at andre skal vite kor usikre vi er.

88 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 88

11.09.2008 09:21:09


Vi er forskjellige Dei fleste blir tiltrekte av ein av motsett kjønn. Det er å vere heterofil. Somme blir tiltrekte av ein av same kjønn. Det er å vere homofil. Andre blir tiltrekte av begge kjønn. Det er å vere bifil.

Vi kan vere heterofile, homofile eller bifile.

Heterofil, homofil og bifil er ord som kjem frå greske ord. Fil betyr elske. Hetero betyr ulik. Ein heterofil elskar ein som er ulik seg sjølv. Homo betyr lik. Ein homofil elskar ein som er lik seg sjølv. Bi betyr to. Ein bifil kan elske både ein som er lik, og ein som er ulik.

Hetero betyr ulik, homo betyr lik, og bi betyr to.

Homofile kvinner kallar seg lesbiske eller lesber. Det ordet stammar frå den greske øya Lesbos, der det budde kvinner som elska kvarandre. Homofile menn kallar seg homsar. I daglegtale blir heterofile ofte kalla streite, mens homofile og bifile blir kalla skeive.

Homofile kallar seg homsar og lesber.

Noreg var det andre landet i verda der homofile fekk rett til å inngå partnarskap. Det skjedde i 1993. No er partnarskap innført i rundt 30 land. 89 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 89

11.09.2008 09:21:19


Respektere andre sin seksualitet

Vi må behandle andre med respekt.

Vi må ikkje berre tenkje på eigne kjensler.

Vi skal ikkje berre tenkje gjennom korleis vi sjølve vil leve. Vi må også tenkje over korleis vi behandlar andre. Vi viser respekt for andre når vi ikkje snakkar nedsetjande om seksualiteten deira. Vi viser også respekt når vi lèt vere å snakke om private ting vi veit om andre. Det er å vise respekt å ikkje fortelje vidare ting andre har sagt til oss i fortrulege situasjonar. Å la vere å bruke seksualiserte ord som skjellsord, som for eksempel hore og homo, er å vise respekt både for seksualitet og for enkeltmenneske. Når vi er forelska, ønskjer vi at den vi er forelska i, kjenner og vil det same som oss sjølve. Det er lett å bli så oppteken av eigne kjensler at vi ikkje legg merke til at den andre vil noko anna. Kanskje ho ikkje er like forelska som meg? Kanskje han ikkje liker å kysse og kline? Vi må prøve å forstå kva den andre vil. På den måten kan vi unngå å såre den andre.

Visste du at ... Fram til 1972 var det i Noreg forbode for menn å ha sex med menn. Mange stader i verda blir homofile framleis forfølgde og straffa.

90 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 90

11.09.2008 09:21:19


Forteljing To mammaer Silje liker seg ikkje. Dei snakkar om måtar menneske lever saman i familiar på. Elevane har brainstorming. Ellen, læraren, skriv på tavla. Der står det «kjernefamilie», «storfamilie», «aleineforeldre» og «å bu to stader». Dette er ikkje yndlingstemaet til Silje. Alltid må ho forklare. Alltid er det nokon som flirer. Greitt at folk synest det er rart at ho har to mødrer. Det er jo ikkje så veldig vanleg. Men for henne er det vanleg. Ho har alltid levd slik. Ho er sjølvsagt glad i foreldra sine.

Etter som ho har blitt større, har ho også blitt veldig stolt av dei. Dei er modige. Dei er ikkje sinte på dumme folk sånn som Silje er. «Folk må få venne seg til det som er annleis,» seier mamma Ragnhild. Silje synest det er rart med barn som flyttar fram og tilbake kvar veke. Eller barn som lever saman med besteforeldra sine. Men ho flirer ikkje for det! Ho synest ikkje synd på dei fordi dei er annleis.

91 91 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 91

11.09.2008 09:21:19


IKT skaper moglegheiter IKT har skapt nye måtar å arbeide på. Med datamaskiner, internett og mobiltelefonar kan vi arbeide med tekst, finne informasjon og kommunisere med kvarandre raskare og betre enn tidlegare. IKT gjer det lettare å ha kontakt og å uttrykkje meiningar. Men IKT har også skapt nye former for kriminalitet og nye etiske utfordringar.

IKT har blitt ein viktig del av kvardagen til mange unge.

Datamaskiner, mobiltelefonar og internett

IKT gjer det mogleg å lagre og dele informasjon.

Dei siste 20 åra har det vore store endringar i korleis vi skriv, finn informasjon og kommuniserer med kvarandre. Vi har fått datamaskiner, internett og mobiltelefonar. Dette blir kalla IKT. IKT er ei forkorting for informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Alle som har ei datamaskin og tilknyting til internett, kan hente og leggje ut informasjon og kommunisere med folk over heile verda.

92 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 92

11.09.2008 09:21:24


Med IKT er det lettare å skrive ein tekst fordi skriveprogram hjelper oss med å skrive betre. Internett gjer det lett å finne kunnskap. På nettet kan vi også kjøpe og selje ting, sjekke nyheiter og laste ned musikk og filmar. Vi kan arbeide saman og sende resultat, idear og tekstar til kvarandre. Det er lett å finne adresser og telefonnummer, bestille billettar, betale rekningar og søkje jobb.  Vi kan sende e-post til kvarandre og leggje ved bilete og musikk. Vi kan blogge, chatte og sende opptak av oss sjølve. Det er morosamt og spennande med spel på pc, aleine eller saman med andre. IKT er også viktig for samfunnet. Styresmaktene kan ha kontakt med oss på ein heilt annan måte enn tidlegare. Offentleg informasjon er lett å få tak i for alle på nettet. Det er lett å finne fram til personar, kontor og tekstar på eiga hand. Det er mogleg å ta kontakt med ein politikar eller andre personar med makt. På denne måten blir demokratiet utvida.  Men IKT kan også verke udemokratisk. Alle har ikkje moglegheit, eller kan ikkje, bruke internett. Mengda informasjon kan også vere så stor at det kan vere vanskeleg for den enkelte å finne fram. Det kan vere vanskeleg å hindre at det ligg mykje informasjon om ein sjølv på nettet.

IKT gjer mange ting lettare og betre.

Det blir betre kontakt mellom styresmaktene og innbyggjarane.

IKT kan vere med å gi alle moglegheiter til utdanning og arbeid.

93 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 93

11.09.2008 09:21:27


IKT gir mange nye moglegheiter.

Det er lettare å uttrykkje meiningane sine.

IKT har auka tryggleiken på fly og annan transport. Teknologien har gjort det lettare å varsle om jordskjelv og andre naturkatastrofar. Utdanning på nettet skaper moglegheiter for dei som ikkje kan dra dit det er skoler og universitet. Blinde og døve har fått nye hjelpemiddel. Skrift på skjerm kan bli lesen opp automatisk eller sett om til blindeskrift. Døve kan lettare lese det dei ikkje kan høyre når dei kommuniserer med andre. Teknologien har gjort at fleire kan uttrykkje meiningane sine og lett komme i kontakt med kvarandre. Vi kan fortelje andre korleis vi har det, og kva vi treng. Dette er særleg viktig for menneske som er undertrykte. Det er ikkje lenger så lett å avgrense kva dei får lese, og kven dei får snakke med. Mange diktatur vil prøve å bestemme over innbyggjarane sin bruk av IKT. Dei er redde for at kunnskap og fellesskap skal føre til opposisjon.

I utviklingsland er internettkafear spesielt viktige. Dei gir fattige menneske moglegheit til å få og dele informasjon med andre.

94 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 94

11.09.2008 09:21:32


Visste du at ... Wikipedia er eit leksikon som blir skrive av folk flest. Her kan alle leggje ut kunnskapane sine som andre kan byggje vidare på. Folk frå forskjellige stader skriv artiklar saman.

Utfordringar Alle desse moglegheitene kan også skape vanskar og farlege situasjonar. Nokre av desse tenkjer vi ofte ikkje på på førehand. Fordi det er så lett å kommunisere, kan vi lett fortelje ting om oss sjølve som vi eigentleg ikkje vil at mange skal vite om. Eller vi kan seie ting som vi synest er dumt etterpå. Vi kan leggje ut bilete og angre på det seinare. Vi kan også seie ting om andre som vi angrar på etterpå. Problemet er at når det først er ute på nettet, kan det vere veldig vanskeleg å få det bort igjen.

IKT kan også føre til problem.

Vi kan også gjere umoralske ting som å leggje ut bilete av andre. Eller vi kan fortelje ting om andre som ikkje er sant. Det kan få store konsekvensar for dei det gjeld.

Vi kan gjere umoralske ting.

Internett kan bli brukt til kriminalitet. Vi kan stele frå kunstnarar gjennom for eksempel å laste ned musikk ulovleg. Vi kan bruke tekstar og bilete vi finn på nettet, og seie at det er vi som har laga dei. Pedofile kan få kontakt med barn som dei kan narre til eit møte. Pedofile er vaksne som vil ha sex med barn. Det er også hackarar som bryt seg inn i andre sine datamaskiner og hentar informasjon eller øydelegg det som er der.

Vi kan drive med kriminalitet.

95 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 95

11.09.2008 09:21:32


Det kan vere vanskeleg å vite kva som er sant.

96 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 96

Det kan vere vanskeleg å vite om alle dei opplysningane vi finn på nettet, er riktige. Korleis kan vi vite at akkurat denne artikkelen seier noko som er sant eller viktig? Korleis kan vi stole på at det ein person vi ikkje veit noko om, seier noko som er riktig? Vi må tenkje sjølve og vere kritiske til det vi finn på nettet.

IKT kan bli brukt til kriminalitet. Her har politiet beslaglagt datamaskiner som har vore brukte til nedlasting av barnepornografi.

11.09.2008 09:21:35


IKT og etikk Fordi IKT kan føre til vanskar, finst det reglar og råd for korleis vi bør bruke teknologien. Desse hjelper oss med både å verne oss sjølve og å behandle andre på ein god måte.

Vi må vere varsame Redd Barna har laga reglar for kva vi bør gjere når vi er på nettet. 1

Ver anonym. Ikkje oppgi kva du heiter, kvar du bur eller kva for ein skole du går på.

2

Bruk kallenamn både i e-postadressa di og dersom du speler spel, chattar og bloggar.

3

Ikkje tru på alt som andre seier eller skriv om seg sjølv på nettet, det er lett å lyge.

4

Ver forsiktig med å leggje ut bilete av deg sjølv, og pass på kven du sender bilete til.

5

Spør om lov før du legg ut bilete av andre og oppgir andre si MSN-adresse.

6

Pass på at heimesida di er passordbeskytta. Bruk passord som er vanskelege for andre å gjette seg til.

7

Gi aldri bort mobilnummeret og/eller MSN-adressa di til nokon på nettet som du ikkje kjenner godt frå før.

8

Avslutt samtalen viss du blir redd eller opplever noko ubehageleg på nettet. Blokker kontaktar frå MSN-adressa dersom det er nokon du ikkje liker. Byt adresse og kallenamn.

9

Dersom du opplever noko skummelt eller ubehageleg, meld frå til ein vaksen du stoler på. Du kan også ta kontakt med politiet på tipssida deira på nettet.

Det er reglar for korleis vi bør oppføre oss på nettet.

10 Dersom du skal møte ein person du har blitt kjend med på internett, ta med ein vaksen du stoler på. 97 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 97

11.09.2008 09:21:35


Reglane hjelper oss med å bruke IKT på ein god måte.

Vi må tenkje på det vi gjer.

Reglar hjelper oss til å bruke teknologien på ein god måte. Mange er redde for å komme i kontakt med pedofile. Viss vi ikkje gir namnet vårt til framande, kan dei ikkje skade oss via nettet. Derfor er det viktig å gjere det umogleg for dei å vite kven vi er, eller kvar vi bur. Fordi det er vanskeleg å ta tilbake ting som er skrive eller lagt ut på internett, må vi tenkje nøye over kva vi gjer. For eksempel må vi vere forsiktige med å leggje ut eller sende bilete. Det kan vere freistande å angripe andre på e-post eller sms. Det kan vere lettare å seie stygge ting når vi trur at vi ikkje blir oppdaga. Ofte tenkjer vi ikkje over kor sårande slikt kan vere, fordi vi ikkje ser ansiktet på han eller ho vi plagar. Barn må vere forsiktige med å kjøpe ting på nettet utan at dei har ein avtale med vaksne om at dei kan gjere det.

Nokre gonger er det flaut å finne igjen ting vi har lagt ut på internett. 98 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 98

11.09.2008 09:21:35


Det er også viktig å drive det som heiter kjeldekritikk. Det betyr at vi må sjekke kven det er som har skrive det vi les. Det finst folk som legg ut galne opplysningar, anten fordi dei ikkje veit betre, eller for å lure andre. Vi kan sjekke om den personen som har lagt ut stoff, har skrive om liknande ting andre stader. Vi kan sjekke om det stemmer med ting vi har lese på nettet før eller veit på andre måtar. Det er også viktig å skilje mellom opplysningar frå reklame og annan informasjon. Det er viktig å spørje vaksne om hjelp viss det er noko som gjer deg redd eller usikker. Viss du blir mobba på nettet eller mobilen, må du ta vare på meldingane du får, og vise dei til ein vaksen. Slik mobbing er ulovleg, og det er mogleg å spore opp dei som har sendt noko slikt. Gjennom å bruke hovudet og spørje andre om hjelp, kan vi bruke alle dei moglegheitene IKT gir oss. Da kan vi få eit betre og meir praktisk samfunn, gjere betre arbeid og ha det morosamt.

Vi må sjekke opplysningane vi finn.

Det er viktig å spørje om hjelp og seie frå når noko er ekkelt.

99 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 99

11.09.2008 09:21:35


Samtaleoppgåver

Studieoppgåver 1

Les forteljinga om familien til Silje på side 91.

1

a Kva handlar forteljinga om? Skriv to setningar.

b Kva ville du har spurt Silje om? Skriv fire spørsmål. c

2

a Presenter spørsmåla frå studieoppgåve 1b for resten av gruppa.

Skriv fire ting om han, ho eller dei du bur saman med. Les ingress, marg- og bilettekstar side 84–91.

2

a Begynn på eit tankekart.

3

Les kapitlet ein gong til. Skriv inn nøkkelord eller nøkkelsetningar til hovudtemaa. Ida forstår ikkje kvifor ho oftare blir spurd om å gjere ting i huset enn Lars. Lars slepp alltid unna, sjølv om han er eldst.

a Skriv ein kort dialog der Ida tek opp fordelinga av husarbeidet med foreldra sine.

b Sorter spørsmåla. Kva spørsmål liknar kvarandre? c

Kva spørsmål kan de svare på?

Gå saman i grupper på to eller tre. Vel éi av oppgåvene.

a 7a har åtte gutar og tolv jenter og fire datamaskiner. Gutane sit mest ved maskinene. Lag rollespel om korleis gruppa kjem fram til ei rettferdig fordeling. Kva rollespel hadde den beste løysinga?

b Lag illustrasjonar i tankekartet. c

Les forteljinga om familien til Silje på side 91.

b I sommar tok Mia og Susanne bilete av kvarandre. Mia oppdagar at Susanne har lagt ut nokre av bikinibileta på nettet. Ho har skrive namna deira der også. Mia blir redd. Lag rollespel om kva Mia vel å gjere. Kva rollespel gir det beste rådet?

b Skriv tre «kryssorddikt» om kva du gjer heime. c

Lag ein teikneserie der Ida blir sint fordi Lars slepp så lett unna.

100 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 100

11.09.2008 09:21:35


Samarbeidsoppgåver 1

Kva er ei rettferdig fordeling av oppgåvene som må gjerast heime?

Nettoppgåver

http://viiverda.cappelen.no

a Lag ei liste over det som må gjerast heime kvar veke. Skriv i ti minutt.

b Skriv ei felles liste. Ta med det viktigaste. c

2

Gå saman to og to. Lag ein plan for rettferdig fordeling av oppgåvene. Grunngi forslaget. Set forslaga saman til ei veggavis. Lag ein quiz om IKT.

a Lag åtte til ti fleirvalsoppgåver. Nokre av spørsmåla skal be om ordforklaringar. Bruk gjerne pc.

b To elevar tek ansvar for å lage ein felles quiz med alle spørsmåla. c

3

Organiser ein spørjekonkurranse. Informasjonssøk på nettet.

a «Homofile» og «lesbiske» er søkjeord.

b Kva finn de? Skriv eit kort referat frå tre artiklar. c

Presentasjon. 101

ViIVerda7-s82-125-NN.indd 101

11.09.2008 09:21:36


Kven eig jorda? Dei som eig jord, kan ikkje gjere kva dei vil med ho. Alle må tenkje på dei som bur der, og på dei som kjem etter oss. Mange er ueinige om korleis vi skal bruke naturen. I Finnmark arbeider dei som bur der, saman med regjeringa. Dei vil ta vare på rikdommane som finst i naturen.

Urfolk og majoritetsbefolkning

Urbefolkninga og jordeigarane er ofte ueinige.

Jordeigarane vil tene pengar.

Det går ut over naturen og dei svakaste.

Mange bønder eig den jorda dei dyrkar og bur på. Men det finst store område som er ått av andre enn dei som bur der. Fleire stader i verda er det konfliktar mellom dei som eig jorda, og dei som bur på ho. Ofte er eigarane rike, mens dei som bur der, er fattige. Konfliktane handlar ofte om at jordeigarane vil tene mest mogleg pengar. Dei som bur på jorda, vil bestemme sjølve korleis dei vil leve og bruke ressursane. Grunnen til at det er slik, er ofte at området har vore kolonisert. Det betyr at nokon har komme frå ein annan stad og teke jorda frå dei som budde der først. Dei som da eig jorda, er eit anna folk med ein annan kultur og eit anna språk enn dei som har budd der lengst. Rikdommar som finst i naturen, kallar vi naturressursar. Korleis naturressursane blir brukte, er viktig for oss alle. I Kongo er det ein kamp mellom pygméfolket og store jordeigarar. Pygméfolket vil leve i regnskogen slik dei alltid har gjort. Jordeigarane vil hogge ned regnskogen for å selje tømmeret og lage plantasjar og fabrikkar. Regnskogen reinsar forureina luft. Derfor er han viktig for folk i heile verda. Det er ikkje berre urbefolkninga som er truga, men store delar av verdsbefolkninga.

102 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 102

11.09.2008 09:21:36


Også i Amazonas i Brasil kjempar urbefolkninga mot nedhogging av regnskogen. I FN samarbeider urfolk over heile verda om å ta vare på naturressursane.

På slutten av 1970-talet var det ein strid om vasskraftutbygging i Altaelva i Finnmark. Folk frå heile landet kom for å protestere mot utbygginga. Striden førte til at regjeringa begynte å arbeide grundig med rettane til samane. 103 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 103

11.09.2008 09:21:46


Finnmark

Folket i Finnmark blei undertrykte.

Finnmarkslova seier at dei som bur der, skal bestemme.

Somme synest at Finnmarkslova er urettferdig.

Samane blei tidlegare undertrykte og miste mange av rettane sine. Særleg gjaldt det retten til å bestemme over jorda. Dei siste 50 åra har staten gjort mykje for å rette opp dette. Derfor er det ikkje så store motsetnader i Finnmark som for eksempel i Kongo og Brasil. I 2005 blei det vedteke ei ny lov i Stortinget. Ho heiter Finnmarkslova. Tidlegare åtte staten jorda. No er det folk i Finnmark som eig ho. Finnmarkslova seier at dei som bur i Finnmark, sjølve skal bestemme korleis området skal utnyttast. Jord og naturressursar skal brukast til beste for innbyggjarane. Det skal styrkje samisk kultur og næringsliv. Men politikarane har også tenkt seg at den nye lova skal sikre ei berekraftig utvikling i Finnmark. Da kan jorda førast vidare til nye generasjonar utan å vere øydelagd. Finnmarkslova kan føre til konfliktar. Somme er bekymra for at berre samar skal få rett til å fiske, plukke molter og tene pengar på naturen. Mange som driv med reindrift, har vore imot å opprette nasjonalparkar i område der reinen beitar.

104 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 104

11.09.2008 09:21:46


Språk og kulturar kan døy ut Menneskerettane seier at det er viktig å ta vare på språk og kultur som høyrer til minoritetar. Somme minoritetar er så små at dei treng hjelp for å ta vare på kulturen sin. Vi kan velje om dei skal forsvinne av seg sjølve, eller om vi skal gjere noko ekstra for å ta vare på dei.

I fleire kommunar i Finnmark ser vi mangfaldet i befolkninga på trafikkskilta. Her ser vi skilt på norsk, samisk og kvensk i Porsanger kommune. Slike skilt er eit uttrykk for at dei forskjellige gruppene er likestilte.

105 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 105

11.09.2008 09:21:51


Menneskerettane

Alle barn har rett til opplæring på morsmålet sitt.

Menneskerettane handlar om det som er viktig.

Barnekonvensjonen seier at alle barn har rett til opplæring på sitt eige språk. Barn som høyrer til minoritetsgrupper, har også rett til hjelp til å ta vare på kulturen dei høyrer til. Land som har godkjent Barnekonvensjonen, må ta det som står der, inn i lovene sine. Det betyr at urfolk og minoritetar har rett til støtte til skolar der barna lærer morsmålet sitt. Dei har også rett til støtte til kulturelle aktivitetar som teater, musikk, dans, litteratur og liknande. I tillegg må staten gjere det slik at barna også lærer det største språket i det landet dei lever i. Slik kan dei fungere på lik linje med alle andre. Menneskerettane handlar ikkje om kva som lønner seg, eller kva som er vanleg. Dei handlar om kva som er bra for den enkelte. Det å ta vare på språk og kultur som er i ferd med å forsvinne, er like viktig som å ta vare på andre flotte ting som menneska har skapt gjennom historia. Det skaper forståing og respekt for dei som har skapt språket og kulturen. Det gjer oss stolte av staden vi kjem frå.

Tradisjonelt samisk handverk heiter duoddji på samisk. I samiske skolar blir det undervist i duoddji. 106 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 106

11.09.2008 09:21:55


Samisk identitet I Noreg har arbeidet med samisk språk og kultur vore viktig i mange år. Særleg har kampen for samisk opplæring av barna vore viktig. Språkopplæringa i barnehagar og skolar er ikkje god nok. Det er for få stader ein kan bruke det samiske språket. Mange stader taper samisk språk til fordel for norsk. Nokre kommunar burde ha samisk som hovudspråk fordi det bur mange samar der.

Det er viktig å ta vare på samisk språk og kultur.

Fleire stader i Noreg er det eigne barnehagar, skolar eller klassar for samiske barn. Det blir arrangert leseleirar for barn og ungdommar i Noreg, Sverige og Finland. Der les dei samisk litteratur og skriv eigne tekstar. Staten gir støtte til skolebøker og annan litteratur på samisk. Det blir arrangert festivalar for samisk musikk og kultur, og radio og tv har eigne sendingar på samisk. Det blir oppretta skolar og arbeidsplassar for samisk kunsthandverk.

Det blir gjort mykje for at det samiske språket skal overleve.

I det daglege er det viktig at fleire lærarar, legar, tannlegar og prestar snakkar samisk. Vi treng også meir kunnskap om samisk historie og kultur. Det trengst fleire arrangement der samisk er hovudspråket. Alt dette er med på å styrkje sjølvkjensla til samane og å få dei til å kjenne seg som ein del av det norske samfunnet. Slike tiltak er viktig for majoriteten i Noreg også. Alle får kunnskap, og alle forstår rikdommen i at det finst fleire kulturar i Noreg.

Vi treng kunnskap om samisk historie og kultur.

107 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 107

11.09.2008 09:21:55


Samisk Filmfestival blir arrangert kvart år i Kautokeino. Festivalen viser urfolksfilm frå heile verda. Filmane blir viste på ein vegg av snø. Dette er den einaste drive-inkinoen for snøscootarar i heile verda.

108 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 108

11.09.2008 09:21:59


Filosofisk hjørne Om retten til å lære morsmålet Barnekonvensjonen seier at urfolk og minoritetar har rett til å lære morsmålet sitt. Kvifor er det viktig å lære morsmålet sitt?

a Svar i éi setning. Grunngi svaret ved å gi minst eitt eksempel.

b Presenter svaret og eksempla. Læraren noterer. c Kva svar liknar på kvarandre? Kva eksempel liknar på kvarandre? Kva er det som gjer at svara og eksempla er like eller ulike? Oppsummering.

109 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 109

11.09.2008 09:22:00


Samtaleoppgåver

Studieoppgåver 1

Sjå på bileta side 102–108.

1

a Kva ser du? Noter nøkkelord til kvart bilete.

b Bruk nøkkelorda og lag tre «kryssorddikt» som passar til bileta. c

2

a Les ei bok, ein fagtekst, eit eventyr eller ei segn.

a Kvifor er denne lova viktig? Skriv ei setning kvar. Les setningane.

Skriv dikta fint på eit ark, og fest dei på felles plakat. Gå på ditt lokale bibliotek og spør etter samisk litteratur. Han kan godt vere omsett til norsk.

3

2

Byt teksten din med ein annan. Kva hadde denne eleven lese om? Svar i éi setning.

I Oslo bur det mange samar.

3

b Kva opplysningar finn du om samar i Oslo? c

Skriv ei side i boka di.

Kvifor kan nokon ha fleire rettar enn andre knytt til jorda dei bur på? Lag eit debattprogram om retten til jorda. Set saman eit panel av folk som er for og imot Finnmarkslova. Ein elev leier debatten.

a Debattpanelet førebur seg ved å lese om Finnmarkslova. b Publikum førebur spørsmål til debattantane. c

a Gå inn på internettsidene til Statistisk sentralbyrå. Søk på samar.

b Kven eig eigentleg jorda? Kan nokon eige jorda meir enn andre? Grunngi svara dine. c

b Kva handlar teksten om? Skriv eit handlingsreferat. c

Les om Finnmarkslova side 104.

Gjennomfør debatten. Lytt til Mari Boine på Vi i verden 7 Cd.

a Kva fortel teksten om? Skriv kort. Samtale.

b Kva verkemiddel bruker Mari Boine for å få fram det som er viktig? Samtale. c

Illustrer teksten.

110 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 110

11.09.2008 09:22:00


Samarbeidsoppgåver 1

Kva samiske interesseorganisasjonar har vi? Finst det organisasjonar eller lag for barn og unge? Kva arbeider dei for?

Nettoppgåver http://viiverda.cappelen.no

a Arbeid i små grupper. Vel gruppeleiar, sekretær og materialforvaltar.

b Søk på nettet etter opplysningar om samiske organisasjonar. Ta vare på informasjonen de finn. Førebu spørsmål til intervju. c

2

Ta kontakt med organisasjonane anten via telefon eller e-post. Lag eit intervju. Spel intervjua for kvarandre. Finnmarkslova skaper debatt. Søk på nettet etter artiklar.

a Kva finn de? Kva meiner dei som har skrive artiklane?

b Skriv eit kort referat frå tre av artiklane de finn. c

Les teksten for to andre grupper. Kva var likt, og kva var ulikt i det de har skrive?

111 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 111

11.09.2008 09:22:00


Kva bestemmer handlingane våre? Alle er einige i at det finst noko som er rett, og noko som er gale. Dei fleste vil gjere det som er rett. Ofte viser vi til eit grunnleggjande syn på livet og menneska når vi skal forklare handlingane våre. Vi kan også ha forskjellige meiningar om det vi er einige om. Tru og livssyn pregar måten vi lever på, og måten vi lever på, pregar trua og livssynet vårt.

Meiningane og handlingane våre blir påverka av synet vi har på verda. Men verda og menneske vi møter, påverkar også synet vi har på verda. 112 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 112

11.09.2008 09:22:07


Vi er einige og ueinige Alle menneske er einige om at det er noko som er rett, og noko som er gale. Vi er også einige om at det er viktig å vite forskjell på rett og gale. Dei fleste prøver å gjere det som er rett. Dei fleste vil også vise til eit livssyn, ein religion eller ein filosofi når dei skal grunngi kvifor dei lever og handlar som dei gjer. Vi seier at dei har ein etikk. Etikken kan hjelpe oss med å vite kva vi skal gjere, og kvifor vi skal gjere det.

Alle meiner at noko er rett, og at noko er gale.

Men sjølv om vi er einige om at det er noko som er rett og gale, kan vi vere ueinige om kva det er. Menneska er forskjellige, også når det gjeld synet på kva som er eit godt liv.

Vi kan vere ueinige om kva som er rett og gale.

Alle religionar og livssyn har reglar som seier at det er gale å drepe, lyge og stele. Dei har også reglar om seksualitet. Samtidig ser vi at dei same religionane og livssyna har grunnar for situasjonar der det er mogleg å drepe, lyge, stele. Kristne viser til Dei ti boda og til Bibelen når dei skal forklare reglane. Muslimar viser til Muhammed og Koranen, og humanistar til den menneskelege fornufta.

Vi har mange like reglar, men vi forklarer dei forskjellig.

Alle menneske og religionar har reglar mot å drepe. Sjølv om dei er einige, forklarer dei det på forskjellige måtar.

113 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 113

11.09.2008 09:22:07


Mange viser til eit menneskesyn.

Mange viser til menneskerettane.

Handlingar og etikk påverkar kvarandre.

Tru og livssyn gir tryggleik.

Mange viser til eit syn på mennesket når dei skal forklare etikken sin. Det kan vere at mennesket er skapt i Guds bilete, eller at mennesket er fornuftig og kan velje sjølv. Det kan vere at mennesket lever fleire liv, og at slik vi har det no, er eit resultat av handlingar vi gjorde i tidlegare liv. Dei fleste støttar menneskerettane. Dei seier at det er noko som er rett og godt for alle. Det er noko som er vondt, og som derfor må kjempast mot. Det å leve i fred er godt for alle. Svolt er vondt uansett kven som opplever det. Meiningane og handlingane våre blir påverka av det synet vi har på verda. Men det går også den andre vegen. Den måten vi lever på, og det vi opplever, endrar måten vi tenkjer på. Eit typisk eksempel på det, er synet på skilsmisse blant mange kristne. Dei fleste kristne meinte tidlegare at skilsmisse var gale. No seier mange at det ikkje er brot på Guds bod. I buddhismen ser vi noko liknande når det gjeld ahimsa eller ikkje-vald. Mange buddhistar et kjøtt så lenge dei ikkje har drepe dyret sjølv. Ikkje alle buddhistar er pasifistar. Dei meiner at dette ikkje bryt bodet om ikkje å drepe. For dei fleste er det viktig å ha eit livssyn eller ei tru å vise til. På den måten ser vi meininga med livet og handlingane våre. Det hjelper oss til å forstå og akseptere det som skjer. Det gjer oss trygge.

114 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 114

11.09.2008 09:22:07


Forteljing Det er vår. Snøen har smelta. Sindre, Usman og Dat er ute med fotballen. Det er godt å kunne sparke ute igjen. Snart er det påskeferie også. Livet kan vere bra! I ferien kan dei sparke fotball i timevis. Men ikkje Sindre. Han skal på fjellet. Men heldigvis skal mange frå skolen vere heime i påska. Dat skal i kyrkja mange av dagane, men det blir nok tid til å vere saman med andre likevel.  Dat tenkjer ofte på korleis dei på skolen er forskjellige og samtidig er like. Dei gjer forskjellige ting fordi familiane har forskjellig historie, men dei kan samtidig vere saman og vere einige om mange ting. Rebekka, for eksempel. Ho skal også vere heime i påska. Men ho skal ikkje i kyrkja. Ho skal feire pesach. Da kan ho ikkje ete brød på mange dagar.

På skolen snakkar dei om korleis dei veit at noko er gale. – Det står i Koranen, seier Usman. – Det står i Bibelen, seier Rebekka. Og Dat nikkar einig. – Eg berre bruker hovudet, seier Sindre.  Men så er dei ueinige også. Rebekka seier at det står i Bibelen at homofili er gale. Da protesterer Dat. – Vi kan ikkje følgje alle moglege gamle reglar. Vi må tenkje sjølv også, seier han. På skolen har dei lært om fleire slike eksempel. Om nokre buddhistar som er vegetarianarar, og andre som ikkje er det. Alle følgjer Buddha. Om nokre kristne som er pasifistar, og andre som ikkje er det. Alle følgjer Jesus. Om nokre muslimar som går med slør, og andre som ikkje gjer det. Alle følgjer Muhammed.  – Same kva, vi slepp ikkje unna å tenkje, tenkjer Dat.

115 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 115

11.09.2008 09:22:08


Aristoteles Aristoteles var filosof og levde i Aten for 2500 år sidan. Han undersøkte naturen for å forstå korleis han fungerte. Han meinte at vi menneske treng å vere saman med andre. Dessutan kan vi tenkje. Derfor blir vi lykkelege av å ha venner og når vi bruker fornufta. Vi kan bli gode menneske gjennom å gjere gode handlingar. Aristoteles meinte at vi kan leve eit godt liv dersom vi f��lgjer den gylne middelveg.

Naturforskaren

Aristoteles var den første naturforskaren i verda.

116 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 116

Aristoteles var elev av Platon i Aten for 2500 år sidan. Platon meinte at vi får kunnskap gjennom å tenkje. Aristoteles sa at det er nødvendig å bruke sansane. Sjølv undersøkte han naturen. Han beskreiv naturen nøye og laga teoriar om han.  Aristoteles var den første som forska på naturen. Han var ein naturforskar. Han ville finne eit system i naturen. Derfor undersøkte han planter og dyr. Han skar dei opp for å sjå korleis dei var inni. Aristoteles ville vite korleis dei formeira seg, og korleis organa deira verka. 11.09.2008 09:22:08


Det gode liv Aristoteles var også etikar. Det betyr at han arbeidde med å finne ut korleis menneske kan leve eit godt liv. Dei fleste lurer på kva lykke er. Er det å vere fin? Er det å vere rik? Er det å sleppe å arbeide? Er det å vere berømt og beundra? For Aristoteles var spørsmålet om lykke det viktigaste i etikken.

Aristoteles var oppteken av etikk.

For å kunne leve eit godt liv, treng vi ytre ting som venner, familie, pengar, god helse og ein god stat. Men det er også nødvendig å tenkje og handle fornuftig.

Lykke er både noko ytre og noko indre.

Lykke er ikkje noko som kjem av seg sjølv. Vi må øve på å bli betre menneske, meinte Aristoteles. Vi kan lære oss at det er gale å stele. Men det er ikkje nok. Vi må følgje regelen også. Vi må gjere det vi veit er bra for å vere lykkelege. Vi er kva vi gjer. Vi blir dårlege menneske gjennom å gjere dårlege handlingar og gode menneske gjennom å gjere gode handlingar. Derfor er det viktig å handle godt. Da blir vi gode menneske, seier Aristoteles. Sidan det er handlingane våre som gjer oss til gode menneske, er det viktig kva slags samfunn vi lever i. Samfunnet og staten er viktige for den enkelte. Staten må ha gode lover. Staten skal gjere innbyggjarane gode gjennom lover som skaper gode vanar.

Vi blir gode gjennom å gjere gode handlingar.

Staten kan gjere innbyggjarane gode gjennom gode lover.

117 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 117

11.09.2008 09:22:08


Den gylne middelveg

Vi må ikkje overdrive.

Aristoteles meinte altså at vi må tenkje og handle fornuftig. Men korleis veit vi kva som er rett? Ved å følgje den gylne middelveg, svarer Aristoteles. Alle gode handlingar er mellomting mellom to ytterpunkt. Vi skal ikkje gjere for lite, og vi skal ikkje gjere for mykje. For å gjere noko godt, må vi ikkje overdrive. Å vere modig er for eksempel å vere midt mellom feig og overmodig. Vi må ikkje flykte ved fare eller motstand, men vi må heller ikkje kaste oss inn i alle kamp utan å tenkje oss om.  Givarglede er midt mellom gjerrigskap og sløseri. Vi skal ikkje gi bort alt vi eig, men vi skal heller ikkje behalde alt vi har, for oss sjølve. Den som vil leve sunt, må ikkje ete for lite og ikkje ete for mykje.

118 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 118

11.09.2008 09:22:08


Å leve i samsvar med naturen sin Aristoteles meinte at for alt som lever, er det viktig å leve sånn som naturen har bestemt. Dyr og planter har ikkje noko val. Ein sporv må vere ein sporv: flyge omkring, ete frø og insekt og byggje reir om våren. Eit grantre må vere eit grantre: stå på same staden, vekse og produsere kongler. Menneske er annleis. Det kan til ein viss grad velje korleis det vil leve. Eit menneske som vil leve eit godt liv, må leve slik naturen har bestemt, meinte Aristoteles. Det er berre menneske som kan tenkje. Dei andre eigenskapane våre har vi felles med andre dyr. For å vere lykkeleg må mennesket leve saman med andre menneske, seier Aristoteles. Vi lever saman i familiar, landsbyar, byar og statar. Mennesket må bruke sansane: sjå, høyre, lukte, smake og kjenne. Alle menneske vil lære å forstå verda rundt seg. Vi får ikkje kunnskap berre gjennom sansane. Vi må tenkje også. Det mennesket som bruker livet sitt på å få kunnskap og forståing, er det lykkelegaste, ifølgje Aristoteles.

Vi må leve slik naturen har laga oss.

Naturen har gjort mennesket til eit sosialt vesen som kan tenkje.

Visste du at ... Aristoteles meinte at det gode liv berre var for frie menn. Det var fordi kvinner og slavar hadde ein annan natur. Dei kunne ikkje tenkje. Dei hadde andre oppgåver. Dei skulle føde og oppdra barn, og dei skulle gjere kroppsarbeid.

119 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 119

11.09.2008 09:22:08


Marmorbyste av Aristoteles. Fr책 Kunsthistorisk museum i Wien 120 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 120

11.09.2008 09:22:18


Kva er eit førebilete? Eit førebilete er ein person vi beundrar og ser opp til. Det er ein som er slik vi gjerne vil vere. Viss vi er i ein vanskeleg situasjon, kan vi få hjelp gjennom å spørje kva førebiletet vårt ville ha sagt eller gjort. Eit førebilete kan gi oss mot og håp om at det går an å lykkast. Slik kan kvinner som har gjort det bra sjølv om dei har møtt motstand og kanskje forakt, vere viktige for andre kvinner. Det same gjeld minoritetar av forskjellige slag. Enkeltpersonar viser andre at det går an. Dei gir oss håp når det er vanskeleg. Viss ho eller han klarte det, så kan eg også! Kva for nokre førebilete vi har, seier noko om oss sjølve og draumane våre.

Vi ser opp til eit førebilete.

Eit førebilete som lykkast, gir oss håp.

I 2006 blei Marco Elsafadi vald til årets førebilete for arbeidet sitt med ungdommar. Elsafadi speler på landslaget i basketball og kom til Noreg som flyktning frå Palestina ti år gammal. 121 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 121

11.09.2008 09:22:20


Nelson Mandela leidde kampen mot raseskiljet i Sør-Afrika. Han sat i fengsel i nesten 30 år. Han fekk Nobels fredspris i 1993 og blei vald til den første svarte presidenten i Sør-Afrika året etter.

I 2007 tok 18-åringen Therese Johaug bronsemedalje i 30 km fellesstart i verdsmeisterskapen på ski i Sapporo. Ho er den yngste som nokon gong har vunne medalje i VM i langrenn.

122 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 122

11.09.2008 09:22:29


Filosofisk hjørne Om førebilete og dop Mange har idrettsutøvarar som førebilete. I idrett er det viktig å vinne, derfor er det mange som dopar seg. Kan personar som gjer noko gale, halde fram med å vere eit førebilete?

a Svar i éi setning. Grunngi svaret ditt.

b Presenter svaret ditt. c Leik «ta stilling».

Det er ikkje så lett å likne på førebiletet sitt!

123 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 123

11.09.2008 09:22:29


Samtaleoppgåver

Studieoppgåver 1

Kva påverkar valet ditt? a I nokre situasjonar er det vanskeleg å vite kva som er rett. Gi eit eksempel.

1

a Lag ei liste.

b Kva tenkte du før du bestemte deg for kva du skulle gjere? Skriv kort. c

2

Skriv ei kort forteljing eller eit dikt om ein gong du angra på valet ditt.

3

Lag ei felles bok om Aristoteles. Ho kan gjerne vere digital.

b Kvifor er dette førebiletet ditt? c

Lag ein plakat eller ein digital presentasjon der du presenterer førebiletet ditt.

Kva er det aller viktigaste vi treng for å ha gode liv? Samtale. Korleis kan du bli eit godt menneske?

a Skriv ei liste over kva du kan øve på. Foreslå korleis du kan øve på det.

b Presenter det viktigaste for dei andre. Læraren noterer. c

3

Er det noko som er felles? Kva er det viktigaste? Sorter og grader. Lag eit felles tankekart om Aristoteles.

a Les kapitlet høgt. Finn fram til hovudtemaa. Læraren skriv.

Dette er førebiletet mitt. a Finn informasjon om førebiletet ditt.

2

b Skriv to forteljingar om Aristoteles. c

b Vel to ting frå lista som du deler med dei andre. Læraren noterer. c

Forteljingar om Aristoteles. a Spør på biblioteket etter stoff om Aristoteles, eller søk på internett.

Kva gjer deg lykkeleg?

b Finn tre nøkkelsetningar eller nøkkelord til kvart tema. c

Lag illustrasjonar til tankekartet. Fest dei på tankekartet.

124 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 124

11.09.2008 09:22:29


Samarbeidsoppgåver 1

«Pappskiveleik». Tre og tre arbeider saman.

Nettoppgåver http://viiverda.cappelen.no

a Bruk orda handling, etikk, påverke, typisk, øve, ahimsa og livssyn. Skriv ord og forklaringar på kvart sitt ark. Til saman blir det 14 ark.

b Fest arka på golvet eller bakken. c

2

Ein elev les orda eller forklaringane. Dei to andre konkurrerer om å tråkke først på riktig ord eller forklaring. Vel éi oppgåve:

a Intervju ein lokalpolitikar. Førebu spørsmål. Legg vekt på etiske spørsmål. Spør om du kan ta bilete og leggje intervjuet ut på heimesida til skolen.

b Skodespel om Aristoteles. Ta utgangspunkt i ei av forteljingane om Aristoteles. Dramatiser forteljinga. Øv godt. Spel for kvarandre. Bruk gjerne kostyme. c

Lag «kryssorddikt» om to førebilete.

125 ViIVerda7-s82-125-NN.indd 125

11.09.2008 09:22:29


126 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 126

08.03.2010 14:33:15


Kristendom

Her skal du lære om … •

David, Jesaja og Paulus

kyrkja i seinmellomalderen

samisk religion

den kristne truvedkjenninga og kristen etikk

julefeiring og nokre andre kristne høgtider

kristendommen i Noreg

korleis tidslinjer kan hjelpe deg til å halde orden på faktastoff

korleis du kan bruke digitale presentasjonar

127 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 127

08.03.2010 14:33:22


Kristendom David og Salomo David er ein av heltane i Bibelen. Han blei konge omtrent 1000 år før Jesus blei fødd. David var den første som samla dei tolv stammane i Israels-folket til eitt rike. På Jesu tid blei han sedd på som ein helt. Mange håpte at ein ny konge skulle dukke opp og jage bort romarane. Salomo blei konge etter David.

David i Det gamle testamentet

Før David hadde israelittane mange leiarar.

Forteljingane om tida før David handlar om livet til israelittane i Kanaan. Det gamle testamentet fortel at dei hadde komme dit etter at Moses hadde leidd dei ut av Egypt. I Kanaan budde israelittane spreidd. Kvar av dei tolv stammane hadde sitt eige landområde og sin eigen leiar.

Skulptur av David, laga av Michelangelo (1475–1564)

128 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 128

08.03.2010 14:33:31


Det gamle testamentet fortel at israelittane ville ha forandring. Dei trong ein felles leiar som kunne samle dei til strid mot fiendane. Dei ville ha éin konge. I Det gamle testamentet står det at Gud valde kongen. Han blei smurd inn med fin salve. Salvinga var eit teikn på at kongen var vald ut av Gud. David var den første kongen som samla alle dei tolv stammane i eitt rike. Davids etterfølgjar, Salomo, heldt riket samla. Allereie etter at han døydde, blei det delt i to igjen. Riket til israelittane var størst og sterkast da David var konge. Derfor var David helten i historia til israelittane. Det meinte mange av forfattarane som skreiv Det gamle testamentet. Dei såg på han som ein idealkonge. Han hadde vore lydig mot Gud, meinte dei. Derfor hadde han klart å sigre over fiendane deira.  Forfattarane samanliknar kongane som kom seinare, med David. Når det gjekk dårleg for israelittane, hadde dei ei forklaring. Det var fordi kongen ikkje gjorde som David og lydde Gud.

David samla dei i eitt rike.

Forfattarane av Det gamle testamentet likte David.

Visste du at ... Israelittane bestod av tolv stammar. Det var ein stamme for kvar av dei tolv sonene til Jakob. Juda-stammen var den største. Dei heldt til sør i Palestina.

Davids liv David levde for omkring 3000 år sidan. Det er så lenge sidan at det er vanskeleg å vite så mykje sikkert om han. Men vi veit at han var ein sterk og dyktig konge som fekk mykje å seie for Israels-folket. I Det gamle testamentet står det mange forteljingar om David, også om da han var ung. Det står at han var gjetar, og at han var ein dyktig og smart soldat.

David voks opp som gjetar.

129 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 129

08.03.2010 14:33:31


David vann over Goliat.

Sidan blei han konge.

Ei av dei meste kjende forteljingane om David handlar om at han slåst mot ei kjempe som heitte Goliat. David var mykje mindre og svakare enn Goliat. Men fordi han var smartare, vann han over kjempa. Denne forteljinga har fått mykje å seie i kristendommen. Sjølv i dag kan vi seie at nokon kjempar som David mot Goliat. Da meiner vi at den eine er veldig mykje svakare enn den andre.

I Det gamle testamentet står det at David begynte å jobbe som soldat for kong Saul. Han var ein flink soldat. Det likte ikkje Saul. Derfor begynte han å forfølgje David. Forfattarane av Det gamle testamentet meiner at dei blei uvenner fordi Saul hadde svikta Gud. Derfor var det David som hadde Gud på sida si. Men David ville ikkje slåst mot kongen. Han flykta med soldatane sine. Da Saul døydde, blei David konge.

130 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 130

08.03.2010 14:33:32


Bibelen fortel at David var ein stor krigar. Han blei også kjend som songar og diktar. Derfor har Salmane i Bibelen fått namn etter han. Dei blir kalla Davids salmar, sjølv om det ikkje er han som har skrive alle. Forteljinga om David og Batseba er ei anna av dei mest kjende forteljingane om David. Batseba var gift med Uria. Ein dag fekk David sjå henne da ho bada. Han blei straks forelska i henne. David hadde allereie fleire koner. Det var tillate for menn på den tida. David tilkalla derfor kvinna han hadde forelska seg i, og han låg med henne.

Men kva skulle David gjere med Uria? Bibelen fortel at han sette han heilt fremst i hæren som kjempa mot fienden. Så bad han soldatane sine trekkje seg tilbake slik at Uria blei aleine med fienden. Det gjekk som David hadde tenkt seg. Uria blei drepen. Batseba måtte sørgje ei tid, men sidan tok David henne til kone. Den første sonen deira døydde, men den andre sonen var Salomo. Han blei konge da David døydde.

David sigra over fiendane sine.

David forelska seg i Batseba.

Han sørgde for at mannen hennar blei drepen.

131 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 131

08.03.2010 14:33:32


Visste du at ... Forteljinga om David og Batseba har sett spor i språket vårt. Vi kan seie at nokon har fått ein uriaspost. Det er ei oppgåve som er spesielt tøff og vanskeleg.

Salomo Salomo blei konge etter David.

Det gamle testamentet fortel at Batseba overtalte David til å velje sonen Salomo som den neste kongen. David hadde sikra Salomo eit stort rike. Derfor trong han ikkje å krige.

Han bygde eit tempel.

Salomo bygde eit stort tempel i Jerusalem. Der plasserte han heilagdomen til israelittane. Tempelet var antakeleg eit vakkert og storslått bygg. Bibelen fortel at heile bygget var kledd i gull både utvendig og innvending.

Salomo var vis.

Salomo blei kjend som ein vis og rettferdig mann som alltid hadde gode løysingar på problema til folk. Bibelen fortel at han skreiv dikt og laga mange ordspråk og visdomsord. Derfor har ordspråka i Bibelen fått namn etter han. Dei blir kalla Salomos ordtøke, sjølv om ikkje alle er skrivne av han.

132 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 132

08.03.2010 14:33:33


Dette måleriet skal førestelle Jerusalem på bibelsk tid, med Salomos tempel i midten.

Filosofisk hjørne Om visdom Salomo er kjend for å vere vis. Kva vil det seie å vere vis?

a Svar på spørsmålet i éi setning. b Skriv om ein person du meiner er vis. c Lag ei liste saman over kva det vil seie å vere vis. ViIVerda7-s126-208-NN.indd 133

133 08.03.2010 14:33:54


Profeten Jesaja Profetane var viktige i dei gamle israelittiske kongedømma. Dei kom med råd eller kritikk av kongen. Boka Jesaja inneheld talar og profetord frå profeten Jesaja og etterfølgjarane hans. Det er både harde domsord mot israelittane og snille ord om trøyst. Dei kristne meinte at Jesaja hadde spådd kva som skulle skje med Jesus.

Profetane i Det gamle testamentet

Profetane fortalde kva Gud sa.

Ein profet er ein som snakkar på vegner av Gud. Ein person som kan sjå inn i framtida, kan også vere ein profet. I Det gamle testamentet står det om mange profetar. Dei kom i kontakt med Gud gjennom ekstase. Det er ein tilstand som kan minne om rus. Han eller ho som er i ekstase, mister på ein måte kontakten med omverda.

Slik har ein kunstnar førestelt seg Jesaja med eit utdrag frå boka Jesaja skrive på ei tavle.

Bartolommeo (1472-1517)

134 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 134

08.03.2010 14:34:18


Nokre av profetane kallar vi skriftprofetar. Det er profetar som har sine eigne tekstar i Det gamle testamentet. Jesaja er ein slik skriftprofet. Skriftprofetane blei hugsa i mange år etter at dei var døde. Etterfølgjarane deira skreiv ned talane dei heldt og nokre av forteljingane om dei. Derfor er det vanskeleg å vite kva profetane sa sjølve, og kva etterfølgjarane deira sa. Talane til Jesaja er ikkje så lette å forstå. Han brukte mange vanskelege ord og bilete for å få sagt det han meinte. Talen nedanfor viser både korleis han tenkte, og kva ord han brukte. Han meinte at orda han talte, ikkje var hans eigne, men kom rett frå Gud. Derfor innleidde han mange av talane med orda «Herren talar». Jesaja var veldig kritisk til måten israelittane levde på. Han meinte at dei gjorde feil og svikta Gud. Derfor meinte han at det ville komme ein katastrofe. Han såg for seg at byane blei brende, og at framande tok jorda deira.

Mange profetar var kritiske til kongen.

Profetane brukte vanskelege ord og bilete.

Jesaja var sint på israelittane.

Høyr, du himmel, lyd etter, du jord! For Herren talar: Born har eg ale og fostra, men dei har sett seg opp mot meg. […] Ve det syndige folket, det skuldtyngde folket, ætlingar av illgjerdsmenn, søner som ber seg ille åt! Dei har gått bort frå Herren, vanvørdt Israels Heilage og snutt ryggen til han. […] Landet er ei øydemark, byane er brende, og framande et opp jorda beint framfor augo på dykk. Alt ligg i øyde, som når framande har herja. Jes 1,2.4.7

135 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 135

08.03.2010 14:34:19


Jesaja i kristendommen

Dei kristne meiner at Jesaja snakka om Jesus.

I kristendommen har nokre tekstar frå Jesaja blitt spesielt viktige. Det er tekstane som handlar om håp og redning. Dei første kristne fann ut at mange av tekstane passa til Jesus. Derfor meiner kristne at Jesaja hadde varsla om at Jesus skulle komme. Her er ein slik tale: Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg, og våre pinsler bar han. Vi trudde han var heimsøkt, slegen av Gud og ille plaga. Men han vart såra for våre brot og sundbroten for våre synder. Straffa låg på han, så vi skulle ha fred, og ved hans sår har vi fått lækjedom. Jes 53,4–5

Jesus blei straffa for at menneska skulle ha fred.

Dei kristne meiner at dette handlar om Jesus. Han blei såra og krossfesta for vår skuld, trur dei. Kristne meiner at det var Jesus som blei straffa for at menneska skulle få fred.

136 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 136

08.03.2010 14:34:19


Paulus Paulus kjende ikkje Jesus sjølv. Likevel blei han ein av dei viktigaste personane i den første kristne tida. Han reiste rundt og snakka med folk om Jesus. På reisene skreiv han brev. Nokre av breva står i Det nye testamentet. Det einaste som skal til for å vere ein kristen, er å tru på Jesus, meinte Paulus.

Kven var Paulus? Breva Paulus skreiv, er dei eldste tekstane som er skrivne av kristne. Paulus blei ein kjend person. Derfor var det også nokon som skreiv brev i hans namn. Ikkje alle breva som har namnet til Paulus, er skrivne av han.

Vi kan lære om Paulus frå breva han skreiv.

Kunstnarar framstiller ofte Paulus som ein mann med lite hår på hovudet.

Italia, 18.århundre

137 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 137

08.03.2010 14:34:36


Sidan Paulus blei ein kjend person, var det nokon Apostelgjerningane som ville skrive ned forteljingane om han. I Det handlar også om Paulus. nye testamentet kan vi lese nokre slike forteljingar i Apostelgjerningane.

Paulus hadde gått lenge på skole.

Han var motstandar av dei kristne.

Så møtte han Jesus i eit syn og blei ein kristen.

Dei første disiplane til Jesus var fiskarar og gardbrukarar frå landsbygda. Paulus skilde seg ut frå dei. Han kom frå Tarsus, ein ganske stor by som låg sør i det som i dag er Tyrkia. Han var utdanna i Jerusalem som jødisk religiøs leiar. For å tene pengar arbeidde han som teltmakar. Paulus var romersk statsborgar. Det gav han ekstra vern. Paulus var først motstandar av dei kristne. Han meinte at dei hadde misforstått dei heilage skriftene. Men så skifta han meining. Han blei omvend og begynte å tru på Jesus. I eit av breva fortel Paulus at han møtte Jesus i eit syn. Forfattaren av Apostelgjerningane meiner at det skjedde da han var på veg til Damaskus i Syria. Planen var at han skulle arrestere nokon kristne der. På vegen fekk han sjå eit sterkt lys som blinda han. Samtidig høyrde han stemma til Jesus som sa: «Saul, Saul, kvifor forfølgjer du meg?» Saul eller Saulus var det hebraiske namnet til Paulus. Ifølgje Apostelgjerningane var Paulus blind heilt til han møtte ein disippel som heitte Ananias. Han gjorde Paulus frisk igjen. Så blei Paulus døypt.

138 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 138

08.03.2010 14:34:36


Slik har målaren Caravaggio (1571–1610) tenkt seg augneblinken da Paulus blei blinda av eit sterkt lys på veg til Damaskus.

139 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 139

08.03.2010 14:35:00


Tru på Jesus, sa Paulus.

På Paulus’ tid var dei fleste kristne jødar. Det viktigaste teiknet på jødedommen var at mennene var omskorne. Mange meinte at alle som ville bli kristne, først måtte omskjerast og bli jødar, før dei blei døypte. Paulus var ueinig. Kristne trong ikkje å la seg omskjere, meinte han. Det einaste som er nødvendig for å vere kristen, er å tru på Jesus, sa han. Dermed blei kristendommen ein religion som kunne nå alle, ikkje berre jødar.

Den første kristne misjonæren

Paulus reiste langt for å fortelje om Jesus.

Paulus blir ofte kalla for den første kristne misjonæren. Ein misjonær er ein som reiser ut for å fortelje om kristendommen. Paulus var den første vi veit om som la ut på lange misjonsreiser. I alt reiste han på tre slike turar. Han kunne gå til fots eller reise med båt. Derfor tok det lang tid å komme seg frå stad til stad.

140 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 140

08.03.2010 14:35:00


På stadene han kom til, snakka han til folk og fortalde dei om Jesus. Viss det ikkje var nokon kyrkjelyd der frå før, prøvde han å finne folk som kunne starte ein. Somme stader blei han i fleire månader for å hjelpe kyrkjelyden. Paulus skreiv brev til kyrkjelydane forskjellige stader. Han skreiv også til enkeltpersonar i kyrkjelydane. Noko har han skrive undervegs på reisene, anna har han skrive frå Antiokia, byen der han budde. Det er ikkje personlege brev der han fortel om kva han gjer, og korleis han har det. Han er oppteken av å fortelje om Jesus og vise kyrkjelydane kva kristendommen er.

Forfattaren av Apostelgjerningane er meir oppteken av kva som skjedde. Han fortel kven Paulus reiste saman med, og kva han gjorde. På neste side kan du lese ei slik forteljing frå Apostelgjerningane. Ho handlar om noko som skjedde på Paulus si andre misjonsreise.

Han starta kyrkjelydar der han kom.

På reisene skreiv han brev.

I Apostelgjerningane står det meir om reisene.

141 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 141

08.03.2010 14:35:01


Forteljing Ein dag vi var på veg til bønestaden, møtte vi ei slavekvinne som hadde ei spådomsånd i seg, og med spådomsord tente ho mange pengar til dei som eigde henne. Ho følgde etter Paulus og oss andre og ropa: «Desse mennene er tenarar for Den høgste Gud, og dei lærer dykk vegen til frelse.» Dette heldt ho på med i mange dagar. Til slutt

åtak på dei. Dommarane reiv kleda av dei og baud at dei skulle piskast. Dei fekk mange slag og vart sette i fengsel, og fangevaktaren fekk påbod om å vakta dei vel. Då han hadde fått dette påbodet, sette han dei inn i det inste fangeholet og låste føtene deira fast i blokka. Ved midnattstider heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Gud, og fangane høyrde på. Brått kom det eit sterkt jordskjelv, så grunnvollen til fengselet riste. Med ein gong sprang alle dørene opp, og lenkjene losna av alle fangane. Fangevaktaren fór opp av søvnen, og då han såg at fengselsdørene stod opne, drog han sverdet og ville drepa seg, for han trudde fangane hadde rømt. Men Paulus

vart Paulus harm. Han snudde seg og sa til ånda: «Eg byd deg i Jesu Kristi namn: Far ut av henne!» Og ho fór ut i same stunda. Men då eigarane skjøna at det ikkje var von om å tena meir pengar på henne, greip dei Paulus og Silas og drog dei med seg til styresmaktene på torget. Dei førte dei fram for dei romerske dommarane i byen og sa: «Desse mennene skaper uro i byen vår. Dei er jødar og lærer oss skikkar som vi ikkje har lov til å ta opp eller følgja, vi som er romerske borgarar.» Folkehopen òg gjekk til

ViIVerda7-s126-208-NN.indd 142

08.03.2010 14:35:01


ropa med høg røyst: «Gjer deg ikkje noko vondt! Vi er her alle.» Då bad han om lys og sprang inn og kasta seg skjelvande ned for Paulus og Silas. Og han leidde dei ut og sa: «Gode herrar! Kva skal eg gjera så eg kan bli frelst?» Dei svara: «Tru på Herren Jesus, så skal du bli frelst, både du og huslyden din.» Så tala dei Herrens ord til han og alle i huset hans. Og i denne seine nattetimen tok han dei med seg og vaska såra deira. Straks etter vart han døypt med alle sine. Sidan tok han dei med seg heim og gav dei mat, og han var hjarteglad fordi han og

<K [fo

melde det til Paulus og sa: «Dommarane har sendt bod om at de skal sleppast fri. Kom no ut og far bort i fred!» Men Paulus sa til dei: «Endå vi er romerske borgarar, har dei utan lov og dom piska oss for auga på alle og kasta oss i fengsel. Og no vil dei jaga oss bort i løynd! Nei, dei får koma sjølve og føra oss ut!» Rettstenarane bar dette svaret tilbake til dommarane, og då dei høyrde at dei var romerske borgarar, vart dei redde. Dei kom og bad om orsaking og følgde dei ut og bad dei fara bort frå byen. Apg 16,16–39

heile husstanden hans var komne til tru på Gud. Då det vart dag, sende dommarane bod med rettstenarane: «Slepp desse mennene fri!» Fangevaktaren

ViIVerda7-s126-208-NN.indd 143

08.03.2010 14:35:02


Samtaleoppgåver

Studieoppgåver 1

Arbeid med kvart kapittel slik: a

Bruk rutenettet du finn på nettstaden til Vi i verda 7.

b

Fyll ut rubrikken «Dette veit eg om …».

c

Sjå på bilete og illustrasjonar. Les ingress, margtekstar og brødteksten. Noter i rutenettet.

2

1

Kvifor er David ein helt for mange? a Svar i éi setning. Begynn setninga slik: «David er ein helt for mange fordi …». b Presenter setninga di. Læraren skriv. Samtale. c

Vel éi av oppgåvene: a

b

«Kryssorddikt» om David, Salomo, Jesaja og Paulus. Lag eit rutenett i boka eller på pc. Skriv namna vertikalt. Lag setningar som begynner med kvar av bokstavane. Setningane skal beskrive personane. Fest dikta i ei felles veggavis. Illustrasjon av historia om David, Salomo, Jesaja og Paulus. Korleis ville du illustrere historia om dei dersom desse personane levde i dag? Vel eitt kjenneteikn på kvar av dei. Bruk bilete frå aviser, tidsskrifter og internett. Klipp og lim, teikn og mål og lag ein collage. Det skal vere lett å kjenne att personane.

2

Ville David ha vore ein helt om han hadde levd i dag? Svar i éi setning, og grunngi svaret ditt. Jesaja og Paulus kjempa for det dei trudde på. Kva saker meiner du det er verdt å kjempe for?

a Skriv i ti minutt om noko du synest det er verdt å kjempe for. b Presenter det du har skrive. c

Lag ei liste over saker det er verdt å kjempe for.

144 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 144

08.03.2010 14:35:02


Samarbeidsoppgåver 1

Lag ei tidslinje der de skriv inn når omtrent David, Salomo og Paulus levde.

Nettoppgåver http://viiverda.cappelen.no

a Kor mange år er det mellom dei? b Teikn inn viktige hendingar på tidslinja. c

2

Kvifor er desse historiene framleis viktige for dei kristne? Skodespel om Paulus.

a Les forteljinga om Paulus side 142. b Kor mange akter kan denne forteljinga delast inn i? Fordel aktene mellom gruppene. c

3

Øv på skodespelet før de framfører for kvarandre. Salomo skreiv mange ordspråk. Nokre av dei blir framleis siterte i dag. Lag vers om ordspråk og Salomo. Det kan godt vere limerickar.

a Arbeid saman to og to. Skriv minst to vers. b Øv på versa slik at de kan dei utanåt. c

Framfør versa for kvarandre.

145 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 145

08.03.2010 14:35:02


Opprør mot kyrkja i seinmellomalderen I mellomalderen levde paven i luksus. Det var det mange som ikkje likte. John Wycliffe og Jan Hus var to av dei. Dei fekk stor påverknadskraft, men klarte ikkje å endre kyrkja i heile Europa. Martin Luther levde hundre år etter desse to. Han starta reformasjonen. Reformasjonen endra kyrkja for alltid.

Seinmellomalderen

I mellomalderen fekk kyrkja mykje makt.

Mellomalderen kallar vi tida frå 500-talet til 1500-talet i Europa. I løpet av denne perioden blei kristendommen den viktigaste religionen i Europa. Nesten alle var kristne, og trua på Gud prega liva til folk. Tidene for kvardag og fest følgde den kristne kalenderen, og menneska oppsøkte kyrkja til dei viktige tidspunkta i livet. Kyrkja fekk også mykje makt.

Det var det nokon som ikkje likte.

Paven var den øvste leiaren i kyrkja. Folk betalte skatt til han. Pengane brukte han til å byggje flotte kyrkjer. Men han brukte også mykje pengar på luksus. Han kledde seg i fine klede og åt god mat. Det var det mange som ikkje likte. Folk begynte å protestere mot rikdommen til kyrkja. Mange las Bibelen grundig. Der stod det ikkje noko om at kyrkja skulle vere rik og mektig.

146 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 146

08.03.2010 14:35:02


Italia, 17.århundre

Paven viste rikdommen sin ved å byggje ei flott kyrkje i Roma. Denne kyrkja kalla han Peterskyrkja etter apostelen Peter.

147 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 147

08.03.2010 14:35:28


John Wycliffe

Wycliffe ville at folk skulle lese Bibelen sjølve.

John Wycliffe var professor i teologi i England på 1300-talet. Han var irritert på makta til paven. Det er gale at folk skal betale høge skattar til kyrkja, meinte han. Det står ingenting om paven eller helgenane i Bibelen. Derfor meinte han at begge delar måtte ut av kyrkja. Wycliffe fekk mange tilhengjarar i England. Dei reiste rundt for å få folk til å lese Bibelen sjølve. Det likte ikkje kyrkja. Tilhengjarane hans blei forfølgde, og mange av dei blei drepne. Men Wycliffe sjølv blei verna av kongen og folket.

Wycliffe underviste folk om Bibelen. På dette biletet er han berrføtt som eit teikn på at han tok avstand frå rikdommen og makta til kyrkja.

Ford Madox Brown (1821–93)

148 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 148

08.03.2010 14:35:43


Jan Hus Wycliffes bøker blei etter kvart kjende i Europa. Ein av dei som las dei, heitte Jan Hus. Han budde i Praha, i det som i dag er Tsjekkia. Der jobba han som lærar på universitetet og som prest. Hus likte Wycliffe sine tankar. Han kritiserte biskopane og paven for rikdommen deira. Dei utnytta vanlege folk, meinte han. På den tida var det vanleg å halde preiker på latin. Dermed var det berre nokre få som kunne forstå kva som blei sagt. Hus likte ikkje dette. Han begynte å halde preiker på tsjekkisk slik at alle kunne følgje med. Han ville også at alle skulle få drikke av vinen under nattverden. Tidligare fekk kyrkjelyden berre brød, mens berre prestane drakk av vinen.

Paven likte ikkje det Hus gjorde. Han lyste han i bann. Det betyr at han kasta Hus ut av kyrkja og dømde han til helvetet. Hus blei stilt for retten i Tyskland og tiltala for å vere kjettar. Ein kjettar er ein som har feil tru. Prestane forhøyrde Hus og prøvde å få han til å innrømme at han tok feil. Men Hus nekta. Til slutt blei han dømd til døden. Han blei brend på bålet. På den tida var det ei vanleg straff for kjettarar.

Kyrkja utnyttar vanlege folk, sa Jan Hus.

Han heldt prekenar på tsjekkisk.

Paven kasta Hus ut av kyrkja.

Han blei dømd til døden og brend.

149 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 149

08.03.2010 14:35:44


Kyrkja i Tsjekkia gjekk med på forslaga til Hus.

I heimlandet til Hus var det mange som blei sinte da dei høyrde at han var drepen. Folk gjorde opprør, og det braut ut krig i landet. Det blei ikkje fred før kyrkja gjekk med på nokre av forslaga Hus hadde komme med. I Tsjekkia fekk alle lov til å drikke av vinen under nattverden, og prestar fekk lov til å gifte seg. Hundre år seinare følgde kyrkja i mange av dei andre landa i Europa etter Tsjekkia.

Jan Hus er ein viktig person i historia til Tsjekkia. I dag står denne statuen av han på torget i gamlebyen i Tsjekkias hovudstad Praha.

150 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 150

08.03.2010 14:35:49


Luther og reformasjonen I mellomalderen høyrde heile Vest-Europa til éi kyrkje. På 1500-talet tok det slutt. Kyrkja blei delt. Nokre stader beheldt kyrkja paven som øvste leiar. Andre stader overtok fyrsten eller kongen makta som paven hadde hatt. Slik blei det mange forskjellige kyrkjer. Dette kallar vi reformasjonen.

På 1500-talet blei kyrkja delt.

Reformasjonen skjedde fordi mange protesterte mot makta og rikdommen til paven. Teologar som John Wycliffe og Jan Hus hadde sagt at kyrkja ikkje lenger følgde Bibelen. Sjølv om det var mange menneske som gjorde reformasjonen mogleg, er det éin person som var særleg viktig. Han heitte Martin Luther.

Det kallar vi reformasjonen.

Luther var munk og underviste i teologi i Wittenberg, ein by aust i Tyskland. Jo meir han såg av paven sin luksus, jo meir overbevist blei han om at kyrkja var på feil veg. Det blei snart kjent at Luther kritiserte paven. Paven sende ein lærd mann som heitte Eck for å diskutere med Luther. Eck åtvara Luther mot å kritisere paven. Kyrkja kan ikkje gjere feil, sa han. Han minna dessutan Luther på kva som skjedde med Jan Hus.

Martin Luther kritiserte paven.

151 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 151

08.03.2010 14:35:49


Frederick Kemmelmeyer

Luther kalla seg sjølv for ei svane. Derfor har mange kunstnarar måla han som her, med ei svane ved sida av seg.

Kyrkja kan ta feil, sa han.

Luther brydde seg ikkje noko om det. Det var feil av kyrkja å dømme Hus til døden, sa han. Luther meinte altså at kyrkja kunne ta feil. Berre Bibelen tek aldri feil, meinte han. Derfor må alle lese i Bibelen for å finne ut kva som er rett.

152 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 152

08.03.2010 14:35:55


På den tida fanst Bibelen berre på latin. Det var ingen Bibel på Luthers eige språk, tysk. Luther meinte at det var heilt feil. Derfor sette han Bibelen om til tysk. Slik kunne folk sjølve finne ut om det var Luther eller paven som hadde rett.

Han sette Bibelen om til tysk så folk kunne sjekke det han sa.

Paven blei sint på Luther og lyste han i bann. Men Luther fekk støtte frå fleire tyske fyrstar. Dersom paven fekk mindre makt, ville dei få meir, tenkte dei. Derfor likte dei at Luther kritiserte paven. Det var første skritt i reformasjonen. I løpet av 1500-talet blei Vest-Europa delt i mange ulike kyrkjesamfunn.

Mange fyrstar støtta Luther.

153 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 153

08.03.2010 14:35:55


Samisk religion Når vi snakkar om samisk religion, meiner vi religionen samane hadde før kristendommen kom til Sameland. Samane meinte at forskjellige krefter eller makter verka i naturen. Samane ofra til desse maktene på heilage stader. Nokre samar var noaidar. Noaiden hadde ei spesiell tromme for å komme i kontakt med maktene.

Makter i naturen

Samane hadde eigne skikkar og tradisjonar.

Dei fekk maten sin frå fiske, jakt og reindrift.

Når vi snakkar om samisk religion, meiner vi forteljingane, skikkane og tradisjonane som samane hadde før den kristne misjonen kom til Sameland. I dag er mange samar kristne. Mange høyrer til den kristne retninga som heiter læstadianismen. Samane er eit urfolk. Det betyr at dei budde her lenge før Noreg blei eit land. I dag arbeider samar i mange ulike yrke. I gamle dagar livnærte dei aller fleste samane seg med fiske, jakt, fangst og reindrift. Dei var avhengige av naturen, og dei levde i takt med årstidene.

154 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 154

08.03.2010 14:36:12


Religionen til samane var også nært knytt til naturen. Dei opplevde at ulike makter budde i naturen og verka gjennom han. Det var makter som styrde årstidene og vêret, om det blei godt eller dårleg beite, og om det blei eit godt fiske. Dei styrde også helsa til menneska og dyra, om eit barn blei født som gut eller jente, om reisa gjekk godt, og om ein fekk leve lenge. Dei tre systrene Sarakka, Juksakka og Uksakka var dei maktene som heldt til nærast menneska. Dei budde ved buplassane til samane. Faren og mora deira heitte Madderaddja og Madderakka.

Sarakka, Juksakka og Uksakka var nærast menneska.

Lengst opp i lufta heldt Radien til. Han var herskar over himmel og jord. Når eit barn blei født, var det Radien som skapte sjela. Han sende ho vidare til Madderaddja, som putta sjela i magen sin og flaug rundt sola. Så gav han ho vidare til kona si, Madderakka. Ho skapte kroppen til sjela. Så gav ho barnet til ei av døtrene sine. Dersom Sarakka fekk det, blei det ei jente. Viss Juksakka fekk det, blei det ein gut. Den tredje dottera, Uksakka, tok imot barnet når det blei født, og gav det vern.

SARAKKA

Naturen var full av makter.

Radien var herskar over himmel og jord.

UKSAKKA

JUKSAKKA 155 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 155

08.03.2010 14:36:14


Sarakka var viktig for gravide kvinner.

Saivo-folket heldt til under jorda.

Mange samar bad til Sarakka og søkte trøyst hos henne. Ho var særleg viktig for gravide kvinner. Etter fødselen åt kvinna som hadde fått barn, sarakkagraut saman med dei andre som var til stades. Sarakka heldt til under eldstaden i gamma. Samane ofra til henne ved å helle ein skvett kaffi eller anna drikke i elden. I det underjordiske heldt Saivo-folket til. Dei levde like under jordoverflata i ei verd som likna verda til menneska. Ein stad der det budde Saivo-folk, heitte Saivo. Det kunne for eksempel vere eit stort fjell. Ved slike fjell ofra menneska for å ære Saivo-folket. Både menneske og dyr i Saivo kunne vere hjelparar for menneske. Nokre menneske kom til Saivo-folket etter døden. Men dei fleste vanlege folk kom til dødsriket lenger nede i jorda.

Heilage stader og noaiden

Samane ofra til maktene.

156 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 156

For å blidgjere maktene kunne samane ofre til dei. Slik sikra dei at maktene var på lag med dei, og ikkje la hindringar i vegen. Offeret kunne vere ganske kvardagsleg, som når dei slengde litt kaffi på eldstaden. Dei kunne også lage ei stor markering rundt eit stort og flott offer, for eksempel eit reinsdyr. Til slike offer brukte samane stader i naturen med ein spesiell formasjon. Det kunne vere ein spesiell stein eller ei kløft i fjellet. Ein slik stad heiter ein seid. Ved seiden var det lettare å få kontakt med maktene. 08.03.2010 14:36:14


Denne seidesteinen ligg i Kautokeino i Finnmark.

Sidan maktene var i naturen og rundt menneska, kunne alle ofre og ha kontakt med maktene. Men i dei gamle samiske samfunna var det alltid ein bestemt person som stod i spesiell kontakt med dei. Denne personen var ein noaide. N책r nokon hadde problem, var sjuke eller trong r책d om eit eller anna, kunne dei be noaiden om 책 komme og hjelpe dei.

Noaiden hadde spesiell kontakt med maktene.

157 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 157

08.03.2010 14:36:18


Han kunne reise i verda til maktene og ordne opp i problema til folk.

Noaiden tromma på ei runebomme.

Noaiden kontakta maktene i ekstase. Det er ein tilstand som kan minne om rus. Han som er i ekstase, mister på ein måte kontakten med omverda. Noaiden kom i ekstase ved å spele på ei spesiell tromme og joike. Joik er ein spesiell samisk form for song. Til slutt fall noaiden om på marka som om han var død. Som regel vakna han opp igjen. Da kunne han fortelje om korleis han hadde reist i underverda. Der hadde han for eksempel slåst mot maktene som laga sjukdom, eller han hadde fått råd om bestemte problem. Noaiden levde av det han fekk som betaling for slik rådgiving. Tromma til noaiden heitte ei runebomme. Ho var dekorert med figurar av ulike makter. Runebomma blei ikkje berre brukt for å komme i ekstase. Noaiden kunne også spå med ho. Da la han ein messingring på tromma mens han tromma. Måten ringen bevegde seg på, gav svar på forskjellige spørsmål.

158 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 158

08.03.2010 14:36:18


Denne runebomma blei brukt av noaiden Anders Poulsen p책 1600-talet. Hammaren er laga av geviret til eit reinsdyr.

159 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 159

08.03.2010 14:36:29


Overgangen til kristendommen På 1700-talet begynte misjonærar å reise til Sameland. Ein av dei heitte Thomas von Westen. Samane måtte døype barna sine, slik som alle andre i Noreg på den tida. Men mange samar heldt fram med dei gamle skikkane. På 1800-talet blei mange samar læstadianarar.

Kristen misjon blant samane I Noreg blei kristendommen stor i mellomalderen.

I mellomalderen blei kristendommen den herskande religionen i Noreg. Folk med norsk språk spreidde seg nordover, inn i området der samane heldt til. I tekstar frå den tida kan vi lese om korleis norske folk var redde for den samiske trolldomskunsten.

Seinare begynte kristne å misjonere blant samane.

På 1700-talet blei kristendommen viktig for å halde Noreg saman som éin stat. Noreg skulle ha éin religion og éin konge. Dei kristne begynte å misjonere blant samane for å få dei til å bli kristne slik som alle andre i landet. Mange misjonærar brukte harde middel. Det var dødsstraff for den som viste at han ikkje var kristen.

Thomas von Westen ville overtale samane til å bli kristne.

Samane måtte la barna sine bli døypte.

Han som leidde misjonen blant samane, heitte Thomas von Westen. Han ville tilsette lærarar og misjonærar i dei samiske områda. Thomas von Westen ville avskaffe dødsstraffa. Han ville snakke med samane for å få dei til å forstå at dei gamle gudane deira var vonde, og at dei burde bli kristne. Misjonærane øydela mange av dei samiske offerplassane. Den norske staten hadde mykje meir makt enn samane. Dersom samane ikkje ville la barna sine bli døypte, blei dei tvungne til det. Men samane laga eigne seremoniar for å fjerne verknaden av dåpen. Dei gav barnet eit nytt samisk namn i staden for det kristne namnet barnet hadde fått i dåpen. På same måten laga dei også seremoniar for å fjerne verknaden av nattverden. Mange heldt fram med å følgje samiske skikkar og tradisjonar samtidig som dei levde som kristne.

160 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 160

08.03.2010 14:36:30


Gudsteneste i ein læstadiansk kyrkjelyd. Læstadianarane ønskjer ikkje å ha utsmykking i kyrkjerommet.

Læstadianismen var ei kristen vekking som starta på 1800-talet. Ei vekking er ei kristen rørsle der mange blir omvende og begeistra for kristendommen. Læstadianismen blei særleg populær blant samar og kvenar. Kvenar er folk som lever i Nord-Noreg, og som har finsk bakgrunn. Læstadianismen fekk mange til å bestemme seg for å leve nye og betre liv. Dei slutta å drikke alkohol og begynte å lese i Bibelen og gå i kyrkja. Dei læstadianske kyrkjelydane brukte samisk og finsk språk. Der brydde ein seg lite om skilja mellom menneske. Alle var Guds barn, ikkje norske, samiske eller kvenske.

Seinare gjorde læstadianismen kristendommen populær.

Læstadianarane brukte samisk i gudstenesta.

161 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 161

08.03.2010 14:36:42


Samtaleoppgåver

Studieoppgåver 1

Les bilettekstar, ingress og margtekst side 149–153. a

Les brødteksten.

b

Skriv korte biografiar om John Wycliffe, Jan Hus og Martin Luther. Byt tekst med ein annan elev. Hadde de teke med det same?

c

2

Lag ei tidslinje med alle fødsels- og dødsdatoane. Søk på nettet om Wycliffe, Hus og Luther.

a

Kven finn du mest om? Les minst éin artikkel om kvar av dei.

b

Lag «kryssorddikt» om alle tre med utgangspunkt i notatet ditt.

c

3

Finn bilete på nettet som passar til dikta dine. Arbeid med sidene 154–159 om samisk religion.

a

Sjå på bileta og les bilettekstane. Les ingress og margtekstar.

b

Start på eit tankekart.

c

Les brødteksten og skriv ferdig tankekartet. Illustrer.

1

Kva veit du om paven, kyrkjesamfunn, reformasjonen, John Wycliffe, Jan Hus og Martin Luther? a Skriv i fem til ti minutt. b Presentasjon. Læraren skriv. c

2

Bla raskt gjennom sidene om seinmellomalderen. Veit du noko meir no? Samtale. Kva veit du om samar og samisk religion?

a Skriv i ti minutt. b Ein og ein presenterer ein ting dei har skrive. Læraren noterer. Hald fram til alt som er skrive, er sagt. c

3

Kva vil du lære meir om? Samtale. Læraren noterer. Vel éi av oppgåvene:

a Lag rollespel eller tablå om John Wycliffe, Jan Hus og Martin Luther. Framfør rollespela for kvarandre. b Førebu eit kåseri om samisk religion. Bruk nøkkelsetningar og nøkkelord. Skriv på kort. Øv og framfør for dei andre.

162 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 162

08.03.2010 14:36:42


Samarbeidsoppgåver 1

Arbeid med ord: begeistra, kritikkverdig, tilhengjar, utnytte, lyse i bann, kjettar og reformasjon.

Nettoppgåver http://viiverda.cappelen.no

a Arbeid to og to. Lag memory med ord og ordforklaringar. b Gjennomgå ordforklaringane før de begynner å spele. c

2

Spel memory. Arbeid med ord: noaide, urfolk, livnære seg, ekstase, joik, seide, underverda og runebomme.

a Arbeid to og to med å finne ordforklaringar. b Samanlikn ordforklaringane dykkar med to andre par. c

3

Oppsummering: Bli einige om ordforklaringane. Lag ei veggavis. Stikkord til innhald: gudane, religiøse skikkar, samemisjonen, Thomas von Western og læstadianismen. Lag eigne illustrasjonar. Arbeidsgangen er slik:

a Fordel temaa mellom gruppene. b Presenter arbeidet. c

Vurder samarbeidet og kva de har lært.

ViIVerda7-s126-208-NN.indd 163

163 08.03.2010 14:36:42


Kristen tru Truvedkjenninga fortel kva som er det viktigaste i kristen tru. I kristendommen er det fleire truvedkjenningar. Ei av dei heiter den apostoliske truvedkjenninga. Namnet kjem frå apostlane. Truvedkjenninga har tre delar. Ein om Gud, ein om Jesus og ein om Den heilage ande.

Tru og truvedkjenning Kristne kan seie at dei trur på Jesus. Dei trur at Jesus har levd. Men det er det også mange ikkje-kristne Dei kristne trur på Jesus. som trur. Når kristne seier at dei trur på Jesus, betyr det noko meir. Dei trur at Jesus er ein spesiell person. Han er Guds son, seier dei. Derfor meiner dei at Jesus viser kven Gud er.

Truvedkjenninga seier kva kristen tru er.

Kristne seier truvedkjenninga fram i gudstenesta.

Mange kyrkjer har korte reglar som fortel kva kristen tru er. Slike reglar kallar vi truvedkjenningar. Å vedkjenne noko er å fortelje noko til andre menneske. Ei truvedkjenning er altså noko som fortel kva nokon trur på. Å vedkjenne trua si er dermed noko ein gjer. Nokre kristne er opptekne av at kvar og ein skal fortelje til menneske at dei trur på Gud, og leve slik at andre skjøner det. I mange kyrkjer er truvedkjenninga

I gudstenesta reiser kyrkjelyden seg når dei seier fram truvedkjenninga.

164 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 164

08.03.2010 14:36:46


noko kyrkjelyden seier saman. Kvar søndag seier dei kristne fram ei fast truvedkjenning på gudstenesta. Den nikenske truvedkjenninga er ei av dei mest kjende kristne truvedkjenningane. Ho har fått namnet sitt etter byen Nikea i Tyrkia. I 325 samla keisar Konstantin biskopane der. Han bad dei om å lage ei kort oversikt over den kristne trua. Det blei til den nikenske truvedkjenninga.

I den norske kyrkja er det som regel den apostoliske truvedkjenninga som blir brukt. Dei som laga ho, meinte at ho viser den same trua som apostlane hadde. Derfor har ho fått dette namnet. Den apostoliske truvedkjenninga er kortare og litt eldre enn den nikenske. Begge er bygd opp på same måten. Først kjem ein del om Gud, så ein om Jesus og til slutt ein del som handlar om Den heilage ande. Dei kristne trur at Gud, Jesus og Den heilage ande er éin og same Guden. Dette blir kalla treeininga Den einaste måten å beskrive Gud ordentleg på, er å seie litt om kvar av dei tre. Kristne trur at det finst berre éin Gud. For å beskrive Gud, vil dei likevel alltid snakke om desse tre.

Keisar Konstantin bad biskopane lage ei truvedkjenning.

Truvedkjenninga handlar om Gud, Jesus og Den heilage ande.

Kristne trur at desse tre er éin og same Guden.

165 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 165

08.03.2010 14:36:47


Den apostoliske truvedkjenninga Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord.

Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne son, vår Herre, som blei avla ved Den heilage ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde.

Eg trur på Den heilage ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv.

Amen.

166 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 166

08.03.2010 14:36:48


Gud som skapar Den første delen av truvedkjenninga handlar om Gud som skapar. Dei aller første tekstane i Bibelen fortel at Gud skapte verda, med naturen, planter, dyr og menneske. Desse tekstane kallar vi for skapingssoger. Tidlegare meinte mange at skapingssogene fortalde nøyaktig korleis verda blei til. I dag er det berre nokre få kristne som tenkjer slik. Dei fleste trur at Gud på ein eller annan måte har planlagt verda og vilja at ho skulle bli på ein bestemt måte. Likevel trur dei ikkje at det skjedde akkurat slik det står i skapingssogene.

Kristne trur at Gud har tenkt ut verda.

Dette glasmåleriet føresteller Gud som skapar.

Kristne trur at Gud er allmektig. Det betyr at Gud har større makt enn nokon annan. Han som har skapt alt, har meir makt enn det som er skapt.

Dei trur at Gud har meir makt enn alle andre. 167

ViIVerda7-s126-208-NN.indd 167

08.03.2010 14:36:57


Dei kristne snakkar til Gud som far.

Somme meiner Gud kan vere mor.

I truvedkjenninga står det at Gud er far. Det heng saman med at kristne trur at Jesus er Guds son. Da må jo Gud vere faren til Jesus. Dei kristne tenkjer seg også at forholdet mellom Gud og menneska er som forholdet mellom foreldre og barn. Derfor kan kristne snakke til Gud som til ein far, slik som i truvedkjenninga og i bønna «Fader vår». Kan Gud vere mor også? Dei kristne er ueinige om dette. Frå gammalt av var det utenkjeleg at Gud skulle vere ei kvinne. I dag er det fleire som synest det er greitt å tenkje seg Gud som ei mor. Mange meiner at Gud ikkje er ein person som må vere anten mann eller kvinne. Det viktigaste er at menneska kan føle seg som Guds barn, meiner dei.

Edwina Sandys, 1975

Denne statuen heiter Christa. Kunstnaren har framstilt Jesus som ei kvinne. 168 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 168

08.03.2010 14:36:58


Jesus Kristus Da Jesus levde, heitte han berre Jesus. Kristus er eit namn han fekk seinare, etter at han var død. Kristus er det greske ordet for Messias. Jesus Kristus betyr at Jesus er Messias. Messias er hebraisk og betyr salva. Ein som er salva, har fått salve smurt på seg. Kongane i Det gamle testamentet blei salva som eit teikn på at dei var valde av Gud. Å vere salva betyr altså å vere vald ut av Gud til å vere konge.  Jesus fekk namnet Kristus fordi dei kristne meinte han var salva av Gud til å vere konge. Men dei meinte ikkje at han var konge på same måten som andre kongar. Han var ikkje konge over noko land eller folk. Han var konge fordi han hadde makt frå Gud til å frelse menneska. For dei kristne er det viktig at Jesus var ein verkeleg person som levde på jorda. Derfor fortel truvedkjenninga litt om livet hans. Han blei dømd til døden av Pilatus, romarane sin utsending, og han døydde og blei gravlagd. Ingen skal kunne seie at han berre var ei slags ånd eller ei kraft. Han var eit vanleg menneske, meiner dei kristne.

Kristus betyr Messias.

Messias er ein frelsar.

Jesus var eit menneske.

169 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 169

08.03.2010 14:36:58


Kristne trur også at han var Gud.

Jesus frelsar menneska, trur dei.

Samtidig som han var eit vanleg menneske, meiner dei kristne at Jesus var Guds son. Det betyr at han var spesiell. Det kjem også fram i truvedkjenninga. Han var avla av Den heilage ande, står det. Det betyr at Maria var blitt befrukta av Guds ande, ikkje av ein mann. Dette kallar vi jomfrufødselen. Jomfrufødselen seier noko om at Jesus var Guds son. Han blei fødd av ei kvinne og hadde Gud som far. Dermed var han både Gud og menneske på same tid. Dei siste setningane om Jesus i truvedkjenninga handlar om den guddommelege sida ved Jesus. Det står at han blei levande igjen etter å ha vore død, og at han er hos Gud no. Dei kristne trur at oppstoda til Jesus viser Guds makt over døden og det vonde. Jesus lever framleis, som ein del av Gud. Ein gong skal han komme tilbake, meiner dei. Da skal han dømme alle som lever og som har levd, seier truvedkjenninga. Dei kristne trur at det betyr at han skal gripe inn mot alt som er vondt og urettferdig.

Den heilage ande

Den heilage ande hjelper dei kristne.

Dei trur på eit liv som skal vare evig.

Den siste delen av truvedkjenninga handlar om Den heilage ande. Dei kristne trur at Den heilage ande er litt av Guds kraft. I Bibelen står det at Den heilage ande kom til disiplane like etter at Jesus hadde forlate dei. Han skulle vere hos disiplane og ta vare på dei sidan Jesus ikkje var hos dei lenger. Den heilage ande hjelper dei kristne å halde saman. Kyrkja er fellesskapet av dei kristne når dei er saman. Derfor handlar denne delen om kyrkja. Delen om Den heilage ande handlar også om framtida. Dei kristne trur at verda ikkje sluttar med døden. Menneska skal stå opp frå døden og leve vidare. Det nye livet har ingen slutt. Det er eit evig liv.

170 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 170

08.03.2010 14:36:58


Filosofisk hjørne Truvedkjenninga I gudstenesta kvar søndag seier kyrkjelyden truvedkjenninga høgt saman.

a Fullfør setningane. «Det er viktig å seie høgt kva ein trur på, fordi …» og «Det er ikkje viktig å seie høgt det ein trur på, fordi …»

b Lag ei liste over grunngivingane for og mot å seie høgt kva ein trur på. c Vurder arbeidet de har gjort. Kva var vanskeleg? 171 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 171

08.03.2010 14:36:59


Moses f책r Dei ti boda

Elizabeth Wang

172 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 172

08.03.2010 14:37:13


Kristen etikk Dei viktigaste etiske reglane i kristendommen er dei ti boda, det dobbelte kjærleiksbodet og den gylne regelen. Desse reglane står i Bibelen. Kristne følgjer ikkje alle reglane i Bibelen. Reglane som Jesus var oppteken av, er dei viktigaste.

Budene I Bibelen står det mykje om korleis menneske bør oppføre seg, og om kva som er rett og gale. For kristne er det likevel ikkje alt som er like viktig. Mange av reglane og lovene i Det gamle testamentet blir ikkje brukt av kristne. I staden for er dei opptekne av kva Jesus meinte og sa. Det nye testamentet er derfor viktigare for kristne enn Det gamle testamentet. Evangelia fortel at Jesus viste til nokre av boda i Det gamle testamentet. Dei kristne tolkar det som om han snakka om dei ti boda. Derfor vil dei fleste kristne følgje dei ti boda sjølv om dei står i Det gamle testamentet. Mange meiner at dei ti boda er grunnleggjande reglar som gjeld for alle menneske, uansett kva dei trur. Det er reglar vi treng for at eit samfunn skal fungere, seier dei. ViIVerda7-s126-208-NN.indd 173

Kristne følgjer ikkje reglane i Det gamle testamentet.

Dei følgjer likevel dei ti boda.

173 08.03.2010 14:37:21


Det dobbelte kjærleiksbodet Det dobbelte kjærleiksbodet er beskrive i ei lita forteljing i Det nye testamentet. Jesus snakka med nokon som hadde studert Moselova. Ein av dei ville utfordre Jesus. Slik held forteljinga i Matteusevangeliet fram:

Det dobbelte kjærleiksbodet står i Det nye testamentet.

«Meister, kva bod er det største i lova?» Han svara: «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit. Dette er det største og første bodet. Men det andre er like stort: Du skal elska nesten din som deg sjølv. På desse to boda kviler heile lova og profetane.» Dei to boda i denne forteljinga er begge henta frå Det gamle testamentet. Men der står dei kvar for seg og ikkje i samanheng. Jesus sette boda saman. Derfor blir det kalla eit dobbelt bod.

Kristne skal tilbe Gud og ta vare på andre menneske.

Den første delen av det dobbelte kjærleiksbodet fortel at det er viktig å tilbe og ære Gud. Den andre delen seier at det er like viktig å vere glad i, og god mot, andre menneske. Nesten din er andre menneske du møter eller har noko med å gjere. Det dobbelte kjærleiksbodet seier dermed at menneska skal elske andre menneske. Det seier også at eit menneske skal elske seg sjølv.

Dei kristne levereglane seier at menneska skal hjelpe kvarandre og vere gode mot kvarandre.

174 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 174

08.03.2010 14:37:31


Ordet elske høyrest veldig sterkt ut for oss i dag. På Jesu tid hadde det ei litt anna tyding. Kjærleik handla meir om handling enn om kjensler. Dei som skreiv evangelia, ville at menneska skulle ta vare på kvarandre og vise omsorg.

Dei skal handle slik at menneske får det bra.

Den gylne regel Ein annan leveregel som står i Det nye testamentet, er den gylne regel. Noko som er gyllent, er strålande eller herleg. At ein regel er gyllen, betyr at han er veldig god. Den gylne regel er den same regelen som humanistar kallar gjensidigheitsprinsippet. I Det nye testamentet står han slik:

Gjer mot andre det som du vil dei skal gjere mot deg.

Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. Matt 7,12 I breva i Det nye testamentet er det også ein del reglar. Mange av dei handlar om korleis dei kristne skal oppføre seg. Det står for eksempel at dei skal vise medkjensle, godskap og audmjukskap. Dei kristne skal ikkje drikke seg fulle på vin, og kvinnene skal underordne seg mennene sine. Ikkje alle kristne følgjer desse reglane. Somme meiner at det er gale med spesielle reglar for dei kristne. Etikken er den same for alle, meiner dei. Andre kristne meiner at Gud stiller strengare krav til kristne enn til andre menneske.

Somme meiner det finst spesielle reglar for kristne.

Visste du at ... Buddhismen, hinduismen, jødedommen, islam, humanismen og dei fleste andre religionar og livssyn har reglar som seier det same som den gylne regel.

175 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 175

08.03.2010 14:37:31


Etiske problem Kristendommen seier at det er gale å drepe. Det seier også dei fleste andre religionar. Det er likevel lov å drepe i krig. Kristne meiner at menneska er skapte til å leve saman. I den seinare tida er mange kristne blitt opptekne av natur og miljø. Sidan starten på kristendommen har dei vore opptekne av å ta vare på dei svake og dei som fell utanfor i samfunnet.

Soldat frå Bosnia-Hercegovina som ber.

Krig og fred

Det er ikkje lov å drepe, meiner kristne.

Det femte bodet i dei ti boda seier: «Du skal ikkje slå i hel». Det betyr at det er forbode å drepe eit anna menneske. Dei fleste kristne er einige i dette. Livet har stor verdi. Ingen har lov til å ta livet til eit anna menneske.

176 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 176

08.03.2010 14:37:44


Derfor meiner dei fleste at krig ikkje er bra. Nokon meiner at det er forbode for kristne å gå til krig. Slik tenkte dei første kristne. Derfor ville dei ikkje døype soldatar. Men etter ei tid endra det seg. Soldatar kunne også bli døypte. Sidan har kyrkja forsvart krig. Det er lov å drepe for den personen som er soldat i krig, meiner kyrkja. Ikkje alle kristne er einige i dette. Somme kristne er pasifistar. Dei meiner at kristne aldri kan ta liv, og at det alltid er gale å drepe. Dei er mot all krig og vil ikkje vere soldatar.

I krig er det likevel lov.

Somme kristne meiner at soldatar heller ikkje skal drepe.

177 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 177

08.03.2010 14:37:45


Samliv og seksualitet

Menneska er skapte for å leve saman.

Ekteskapet er viktig for mange kristne. Det er fordi det står i det sjette bodet at ein ikkje skal bryte ekteskapet. Men det er også på grunn av det som står i skapingssogene om at Gud skapte mann og kvinne. Kristne tenkjer seg at det var meininga at dei blei skapte for å leve saman.

Mange kristne meiner det berre gjeld to menneske med ulikt kjønn.

Derfor er det mange kristne som er imot at to av same kjønn er kjærastar. Men i dag er det stadig fleire kristne som er ueinige i dette. Dei meiner at kjærleiken mellom to homofile menn eller to lesbiske kvinner er like god som kjærleiken mellom ein mann og ei kvinne.

178 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 178

08.03.2010 14:37:46


Omsorg for dei svake

Kirkens Bymisjon hjelper folk i naud i Noreg. Her frå ein fest i Tøyenkirka for dei som fell utanfor i Oslo.

Jesus lækja sjuke og sørgde for at folk som høyrde på han, fekk mat. Han var saman med spedalske og menneske ingen andre brydde seg om. Dei kristne ønskjer å gjere det same. Heilt frå då disiplane levde har dei meint at det er riktig å ta vare på dei svake og dei som fell utanfor. Kyrkjelyden tok seg av enkjer og foreldrelause barn. I mellomalderen starta munkar og prestar sjukehus og tok vare på dei som fall utanfor i samfunnet. I Noreg er det fleire kristne sjukehus og ein del kristne organisasjonar som hjelper fattige folk og dei som fell utanfor. Mange kristne er opptekne av fattigdom og urettferd i verda, ikkje berre der dei bur. Dei gir pengar til organisasjonar som hjelper menneske i andre land.

Kristne vil ta vare på andre menneske.

Kristne organisasjonar hjelper fattige.

179 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 179

08.03.2010 14:37:48


Kirkens Nødhjelp er ein kristen organisasjon som vil hjelpe folk i fattige land. Her har organisasjonen hjelpt ein landsby med å bore etter vatn.

Somme kristne ønskjer å vere fattige sjølve.

Somme kristne ser det ikkje berre som oppgåva si å hjelpe andre fattige. Dei meiner også at kristne skal vere fattige sjølve. Slik tenkjer mellom anna fransiskanarmunkane. Dei fleste kristne synest likevel det er heilt greitt å tene pengar, berre dei gir til fattige og hjelper dei som treng det. Det er også nokre kristne som meiner at Gud hjelper dei som trur slik at dei får gode jobbar og tener nok pengar.

Natur og miljø Menneska kan bruke naturen.

I Det gamle testamentet står det at menneska fekk i oppdrag å bestemme over resten av verda. Derfor

180 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 180

08.03.2010 14:37:50


har mange kristne tenkt at dei kan bruke naturen og miljøet som dei vil. Menneska kan dyrke naturen og halde husdyr. Dei kan hente ut metall, edelsteinar og olje. I seinare tid har dette endra seg. Mange kristne er blitt opptekne av miljøvern. Gud har skapt naturen, seier dei. Derfor er naturen verdifull. Sidan oppdraget til menneska er å bestemme over verda, er det deira oppgåve å ta vare på ho. Derfor er det gale å forureine for mykje eller utrydde dyreartar.

Dei skal ikkje misbruke naturen.

I dag set menneska tydelege spor i naturen. Mange kristne meiner at menneska bør prøve å ikkje skade naturen når dei bruker han for å skaffe seg det dei treng for å leve.

181 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 181

08.03.2010 14:38:03


Samtaleoppgåver

Studieoppgåver 1

Truvedkjenninga a

Les ingress og margtekstar på side 164–170. Les brødteksten.

b

Lag eit tankekart. Du kan teikne symbol, bilete eller mønster i tankekartet ditt.

c

2

1

a Skriv i fem minutt. Gå saman i små grupper.

Bruk tankekartet til å høyre deg sjølv.

b Les det du har skrive for dei andre. Kva eksempel og kva grunngiving er best?

Arbeid med kapitlet om kristen etikk slik: a

Les ingress og margtekstar.

b

Les brødteksten, éi eller to sider av gongen. Skriv eit samandrag.

c

Finn bilete som passar til.

Det dobbelte kjærleiksbodet seier at menneska skal elske både Gud og andre menneske. Mange kristne synest det er vanskeleg å følgje dette bodet. Kvifor?

c

2

Les eksemplet de vel, for dei andre. Læraren noterer. Oppsummering. Om kristen etikk.

a Kva er dei kristne einige om, og kva er dei ueinige om? Skriv i ti minutt. b Presenter éin ting kvar. Hald på til alt er teke med. Samtale. c

Kva kan vere grunnane til at kristne er ueinige om nokre etiske spørsmål?

182 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 182

08.03.2010 14:38:03


Samarbeidsoppgåver 1

Kirkens Nødhjelp sender hjelpesendingar med fly til Darfur. Sendingane består av BP-5-pakkar og presenningar. BP-5-pakkar er mat, og presenningane fungerer som naudtelt.

Nettoppgåver http://viiverda.cappelen.no

a Ein pakke BP-5 består av ni kjeks. Ein fireåring må ha fire kjeks om dagen. Ein vaksen mann treng ni. Kor mange BP-5-pakkar treng fireåringen i løpet av ei veke? b BP-5-pakkane og presenningane blir pakka i konteinarar. Ein konteinar er på 20 kubikk meter. Det er fem presenningar i ein pakke. Ho er på 0.59 kubikkmeter. Kor mange presenningar får plass i ein konteinar? c

Kan du bruke tala og lage nye reknestykke? Er det nyttig å kunne rekne for folk som arbeider med naudhjelp? Grunngi svaret ditt.

183 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 183

08.03.2010 14:38:03


Kristne høgtider Dei kristne høgtidene handlar om kvar sin del av forteljinga om Jesus og dei første kristne. Jula handlar om at Jesus blei fødd. Påska handlar om kva som skjedde da han blei krossfest i Jerusalem. Kristi himmelfartsdag handlar om at Jesus for opp til himmelen. Pinsa handlar om da disiplane fekk Den heilage ande.

Jul

I Noreg feirar mange jul.

I Noreg er jula den mest kjende kristne høgtida. Mange feirar jul sjølv om dei ikkje er opptekne av kristendommen. Dette heng saman med at nordmenn feira jul også før kristendommen kom til landet. Da var jula ein fest for sola. Storbøndene brygga for eksempel øl til bøndene som jobba for dei, og dei heldt ein stor fest.

184 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 184

08.03.2010 14:38:04


I jula feirar kristne at Jesus blei fødd. Ingen veit når på året det skjedde. For lenge sidan var det nokon som bestemte at fødselen til Jesus skulle feirast natt til 25. desember. I Noreg startar julefeiringa kvelden før, på julaftan 24. desember. Evangeliet etter Lukas og Evangeliet etter Matteus har kvar si forteljing om kva som skjedde da Jesus blei fødd. Forteljinga til Lukas er mest kjend. Ho står i Luk 2 og blir kalla juleevangeliet. På julaftan blir juleevangeliet lese høgt i gudstenesta. Mange les også juleevangeliet som ein del av julefeiringa heime. Jesus er ein spesiell person i kristendommen. Han er Guds son. Dermed er han også litt av Gud sjølv. Gud sende sonen sin for å komme nærare menneska. Dei kristne trur at Jesus viser at Gud er til stades i verda. Gud er oppteken av korleis menneska har det. Det feirar dei i jula. Juleevangeliet fortel at Jesus blei fødd som eit vanleg spedbarn i ein ganske fattig familie. Når kristne feirar jul, feirar dei det nyfødde Jesusbarnet. Samtidig feirar dei alle nyfødde barn og alt nytt liv. I Noreg er jula ei familiehøgtid. På julaftan et mange god mat og gir kvarandre gåver. Ofte har familien gamle tradisjonar for kva slags mat dei et, og korleis kvelden blir feira. Den vanlegaste julematen er ribbe av svin med surkål til. Somme syng julesongar og går rundt juletreet. Juletreet har ikkje noko bestemt med kristendommen å gjere. Mange har ei stjerne i toppen av treet. Ho skal førestelle Betlehemsstjerna. Ho står det om i Det nye testamentet. Stjerna skulle vise dei tre vismennene kvar dei skulle finne Jesus.

Kristne feirar at Jesus blei fødd.

Forteljinga står i evangelia.

Jula handlar om at Gud er oppteken av menneska.

På julaftan et mange god mat og gir kvarandre gåver.

185 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 185

08.03.2010 14:38:04


Mange pyntar med raud julepynt.

Mange førebur julefeiringa grundig. Førebuingstida før jul heiter advent. Da er det pynta med fiolett i kyrkja. Somme pyntar med fiolett heime også. Veslejulaftan er dagen før julaftan. Da gjer mange reint og pyntar med julepynt. Det kan vere nissar og hjarte, englar og stjerner. I heimen er julefargen raud. Men i kyrkja er det kvitt som er julefargen. Det er fordi kvitt er fargen til lyset. Det er fargen som har med glede å gjere. I kyrkja gleder dei kristne seg over at Jesus er fødd.

Dei gir kvarandre gåver.

Mange nordmenn gir kvarandre gåver på julaftan uansett om dei er kristne eller ikkje. Dei kristne ser på Jesus som Guds gåve til menneska. På julaftan gir dei kvarandre gåver på same måten. Mange meiner at det å gi kvarandre gåver, er ein måte å vise omsorg på.

186 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 186

08.03.2010 14:38:06


Kristi himmelfartsdag Dei tre kristne høgtidene om våren, påske, Kristi himmelfart og pinse, heng saman. I påska feirar dei kristne forteljinga om at Jesus døydde på krossen og blei levande igjen. I Det nye testamentet står det at Jesus var saman med disiplane i 40 dagar etter oppstoda. Da blei han teken opp til himmelen, til Gud. Det feira dei kristne på Kristi himmelfartsdag, 40 dagar etter påske. Kristi himmelfartsdag kjem alltid på ein torsdag.

Bibelen fortel at Jesus blei teken opp til himmelen.

Altertavla i Ullern kyrkje føresteller Jesus som fer opp til himmelen mens disiplane ser på. 187 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 187

08.03.2010 14:38:10


Det feirar kristne på Kristi himmelfartsdag.

På Kristi himmelfartsdag er det gudsteneste i kyrkjene i Noreg. Det er også fridag for skolen og for dei fleste som arbeider. Elles er det ikkje nokon spesielle tradisjonar på denne dagen. Det er ei ganske lita høgtid. Nokon har foreslått å droppe ho og heller ha fri på ein av høgtidsdagane som høyrer til ein annan religion.

Pinse

Pinsa handlar om at disiplane fekk Den heilage ande.

Ordet pinse kjem frå eit gresk ord som betyr femti. Det er fordi pinse blir feira søndagen som kjem 50 dagar etter påske. Dei kristne har teke over denne høgtida frå jødedommen. Pinsa til jødane heiter shavout. Dei feirar ho til minne om da Moses fekk Toraen frå Gud. Disiplane til Jesus feira shavout i Jerusalem etter himmelfarten hans. Det nye testamentet fortel at det var da dei fekk Den heilage ande frå Gud. Derfor feirar dei kristne Den heilage ande i pinsa.

Det er fødselsdagen til kyrkja.

Det nye testamentet fortel at disiplane fekk nytt håp da dei fekk Den heilage ande. Dei fekk mot til å fortelje andre om Jesus. Mange kallar pinsa for fødselsdagen til kyrkja. Det var første gongen disiplane var ein kyrkjelyd og ikkje berre vennene til Jesus.

Kristne feirar gudsteneste saman.

I Noreg blir pinse feira både på sjølve pinsesøndagen og dagen etter. Desse dagane heiter første og andre pinsedag. Andre pinsedag er alltid på måndag. I Noreg er det ein offisiell fridag. Det er likevel ikkje så mange som feirar pinsa på nokon bestemt måte. I kyrkja er det gudsteneste på begge heilagdagane.

188 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 188

08.03.2010 14:38:11


Frå ei pinsegudsteneste på Moster der fleire ulike kyrkjesamfunn deltok.

189 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 189

08.03.2010 14:38:19


Kyrkjelydar i lokalmiljøet Dei fleste kristne kyrkjelydar i Noreg høyrer til Den norske kyrkja. Somme andre kyrkjesamfunn har også sine kyrkjehus eller forsamlingslokale rundt om i landet. Nedanfor kan du lese litt om dei største kyrkjesamfunna i Noreg. Kva kyrkjesamfunn finn du der du bur?

Den norske kyrkja

Dei fleste i Noreg er medlem av Den norske kyrkja.

Kristendommen har sett tydelege spor i Noreg.

190 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 190

Den norske kyrkja er namnet på statskyrkja i Noreg. At det er ei statskyrkje, betyr at kyrkja høyrer til staten, og at Kongen er den øvste leiaren for kyrkja. I dag er det nesten ingen land som har ei slik ordning. Om lag 85 % av befolkninga i Noreg er medlemmer i Den norske kyrkja. Mange døyper barna sine, gifter seg i kyrkja og blir gravlagde der. Dei færraste deltek jamleg på gudstenester.

Kristendommen og kyrkja har vore viktige i Noreg i mange hundre år. Derfor har kristendommen sett spor på ein måte som ingen andre religionar har gjort. For eksempel følgjer dei norske fridagane kristne høgtider. Kyrkja vil ta vare på sambandet mellom folket og kristendommen. Derfor kallar ho seg for ei folkekyrkje. 08.03.2010 14:38:26


Frå gammalt av har det vore ein forskjell mellom arbeidet til prestane og anna kristent arbeid. Presten hadde ansvaret for gudstenestene, dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd slik som i dag. Somme kristne ville halde eigne møte utanom gudstenestene. Dei var skeptiske til det prestane sa og gjorde. Derfor ville dei ha sine eigne predikantar. Ein predikant er ein som forkynner om kristendommen, men som ikkje treng å vere prest. Predikantane talte i spesielle bygningar som heiter bedehus. Bedehusa er knytte til ein eller annan organisasjon innanfor Den norske kyrkja. Desse organisasjonane blei starta for å drive misjon, anten i Noreg eller i andre land. Misjon er forkynning og å få andre til å omvende seg til kristendommen. I dag er det færre som går i bedehuset enn det var før.

I Den norske kyrkja er det både kyrkjer og bedehus.

Bedehusa høyrer til organisasjonar som driv misjon.

191 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 191

08.03.2010 14:38:41


Den romersk-katolske kyrkja

Det bur 46 000 katolikkar i Noreg.

Den romersk-katolske kyrkja er det største kyrkjesamfunnet i verda og også den største organisasjonen i verda. Omkring 1 milliard menneske høyrer til denne kyrkja. I Noreg har Den romersk-katolske kyrkja litt over 46 000 medlemmer. Det er det største kyrkjesamfunnet utanfor Den norske kyrkja.

Pave Benedict blei vald til pave i 2005. Her vinkar han til kristne som er samla utanfor Peterskyrkja i Roma.

Paven er leiaren for katolikkane.

Til kvardags snakkar dei fleste berre om Den katolske kyrkja. Biskopen i Roma, paven, er den øvste leiaren for denne kyrkja. Han kan ta avgjerder som gjeld for alle som høyrer til Den katolske kyrkja. Ordet katolsk betyr alminneleg eller for alle.

192 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 192

08.03.2010 14:38:58


Under nattverden deler presten ut eit spesielt brød, ein oblat, og ein liten smak av vin til kyrkjelyden. Brødet og vinen blir forvandla til Jesu lekam og blod under førebuingane til utdelinga. Mange stader ringjer nokon med ei bjølle for å markere dette.

Pinsevenner Pinsevenner er eit ord for dei som høyrer til pinsekyrkjelydar eller pinserørsla. Det er ikkje éi kyrkje, men mange kyrkjelydar som har noko felles. Pinserørsla er ei av dei største kristne retningane i verda utanom Den katolske kyrkja. I Noreg er det omkring 39 000 medlemmer i pinsekyrkjelydane. Namnet pinsevenner kjem av at dei er opptekne av pinsa. Pinsevenner meiner at alle kristne kan få Den heilage anda på same måten som disiplane. Når ein kristen får Den heilage ande, kallar dei det dåp i Anden eller åndsdåp. Beviset på at ein person er døypt i Anden, er tungetale. Han eller ho som taler i tunger, snakkar med eit språk som

Det bur 39 000 pinsevenner i Noreg.

Pinsevenner får Den heilage ande.

193 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 193

08.03.2010 14:39:07


høyrest framand ut for han eller ho som taler. Pinsevenner meiner at det er eit språk som kjem frå Gud. I Det nye testamentet står det at disiplane talte slik at menneska frå ulike land kunne forstå dei. Pinsevenner tolkar det som tungetale. Dei vil leve slik Bibelen seier.

For mange pinsevenner er trua på Gud viktig i kvardagen. Mange les i Bibelen og ber ofte. Dei meiner at kristne skal skilje seg ut. Dei skal leve etter det som står i Bibelen.

Møte i Oslo kristne senter. Slike senter slektar på pinserørsla. Somme kallar desse kyrkjelydane for trusrørsla. Kyrkjelydar som høyrer til pinserørsla og trusrørsla, er blant dei raskast veksande trussamfunna i verda.

194 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 194

08.03.2010 14:39:08


Frelsesarmeen

Frelsesarmeen er eit kyrkjesamfunn som er organisert som ein hær med soldatar og befal. Men dei ber ikkje våpen. Dei er ein hær for å spreie bodskapen om Jesus. Dei er også opptekne av å hjelpe dei fattige og dei som fell utanfor i samfunnet.

195 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 195

08.03.2010 14:39:09


Samtaleoppgåver

Studieoppgåver 1

Kristne høgtider a

Sjå på bileta og les bilettekstane på side 184–189. Lag overskrift «Dette fortel bileta om …» Skriv éi side.

b

Les så ingress, margtekstar og brødtekst.

c

2

Arbeid med tekst: Kyrkjelydar i lokalmiljøet. a b c

3

196

Vel om du vil bruke samandrag, tankekart eller rutenett for å lage ei oversikt over kristne høgtider.

Skumles kapitlet. Kva handlar det om? Svar i éi setning. Les ingress og margtekst. Begynn på eit tankekart. Les brødteksten. Gjer tankekartet ditt ferdig. Hugs illustrasjonar.

1

Kva kristne høgtider kjenner du til? Kva handlar dei om? om a Skriv i fem til ti minutt. Presenter det du har skrive. Læraren skriv. b Vurder svara. c

2

Kvifor feirar mange jul sjølv om dei ikkje går i kyrkja? Kva kyrkjesamfunn kjenner du til? Kva veit du om dei? Kvar har du høyrt om dei?

a To og to snakkar saman og noterer. b Les det de har skrive. Læraren skriv. c

Stemmer det de har høyrt? Samtale.

Arbeid med ord og omgrep: høgtid, evangelium, spedbarn, grundig, pinse, kyrkjelyd, forsamlingslokale, forkynning og markere. a

Skriv forklaringane i boka di eller i eit tekstdokument.

b

Skriv ei setning der du bruker orda eller omgrepa.

c

Sjekk med læraren om det er riktig.

ViIVerda7-s126-208-NN.indd 196

08.03.2010 14:39:09


Samarbeidsoppgåver 1

Veggavis om dei kristne høgtidene. høgtidene

Nettoppgåver http://viiverda.cappelen.no

a Gå saman i små grupper. Fordel temaa de skal skrive om. b Finn bilete i aviser, tidsskrifter eller på nettet. c

2

Lag ei veggavis. Presenter og vurder. Presentasjon av ein lokal kyrkjelyd.

a Førebu spørsmål og ta kontakt med ein lokal kyrkjelyd. Gjennomfør intervjuet. b Ta digitale bilete. c

Lag ein digital presentasjon med bilete og intervju.

197 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 197

08.03.2010 14:39:09


Ordforklaringar Allmektig

Det å ha makt over alt anna Antisemittisme

Hat mot jødar Arhat

Ein buddhist som har nådd oppvakning. Når ein arhat døyr, blir han eller ho ein buddha. Ashura

Sjiamuslimsk minnedag for Husseins død i slaget ved Kerbala i år 680 etter vanleg tidsrekning Barnekonvensjonen

Skriven ned av FN i 1989 og inneheld menneskerettane for barn. Beskriv det barn treng for å leve godt. Bedehus

Bygningar der nokre kristne held samlingar som tillegg til gudstenesta Begjær

Sterk trong, lengt Bhagavadgita

Viktig tekst for mange hinduar i dag. Bhagavadgita fortel om ulike veger til frelse. Bhakti

Hinduistisk frelsesveg der fromheit, tilbeding og song er viktig Bifil

Frå eit gresk ord som betyr å elske både dei som er ulike seg sjølv og dei som er like seg sjølv. Ein bifil person blir forelska både i menn og kvinner. Bismillah

Setning som opnar surene i Koranen: «I Gud, den Miskunnsame, den Nåderike sitt navn».

198 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 198

08.03.2010 14:39:09


Bodhisattva

Ein buddhist som har lovd å streve for å nå oppvakning. Bodhisattvaen vil hjelpe andre menneske med å komme til nirvana før han eller ho kjem dit sjølv. Buddha

Den oppvakna. I buddhismen er ein buddha ein som har oppdaga sanninga om menneskelivet. Siddharta Gautama er den viktigaste buddhaen. Dharma

I buddhismen: Buddhas lære I hinduismen: Samfunnsreglane som viser kva som er rett og gale Diaspora

Område utanfor heimlandet til ein religion. Særleg brukt i samband med hinduisme og jødedom. Divali

Hinduistisk lysfest i oktober eller november Duoddji

Samisk ord som etter kvart også blir brukt på norsk. Det betyr tradisjonelt samisk handverk. Dysenteri

Alvorleg tarmsjukdom Ekstase

Spesiell tilstand som kan minne om rus Eretz Israel

Landet Israel Etikk

Frå eit gresk ord som betyr skikkar, vane eller sedvane. Etikk handlar om kva som er riktig og gale å gjere. Filosofi/filosof

Gresk ord som betyr kjærleik til visdom. Når ein driv med filosofi, arbeider ein med å forstå verda gjennom å tenkje. Ein som driv med filosofi, er ein filosof. FN

Ein organisasjon som nesten alle land i verda er medlem i

199 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 199

08.03.2010 14:39:09


Fransiskanarmunk

Munk i den kristne munkeordenen som er oppkalla etter Frans av Assisi Fritenkjar

Ein person som tenkjer fritt i forhold til det fleirtalet meiner er sant og riktig, særleg når det gjeld religiøs tru og levemåte. Uttrykket blei særleg brukt om radikale personar på siste halvdel av 1800-talet. Gemarra

Den andre av dei to delane som Talmud består av. Gemarra blei skriven ned omkring år 500 etter vanleg tidsrekning. Hadith

Forteljing med fast oppbygning om kva Muhammed sa eller gjorde Halal

Det som er tillate ifølgje Koranen. Særleg brukt om mat. Haram

Det som er forbode ifølgje Koranen Heterofil

Frå eit gresk ord som betyr å elske ein som er ulik seg sjølv. Ei heterofil kvinne blir forelska i menn, ein heterofil mann blir forelska i kvinner. Hijab

Tradisjonelt muslimsk skaut for kvinner Hijrikalenderen

Den muslimske kalenderen som følgjer månen Holi

Livleg hinduistisk høgtid i mars eller april Holocaust

Nazistane sitt forsøk på å utrydde jødane under andre verdskrig Homofil/homse

Frå eit gresk ord som betyr å elske ein som er lik seg sjølv. Ein homofil mann blir forelska i menn, ei homofil kvinne blir forelska i kvinner. Human-Etisk Forbund

Den største organisasjonen for humanistar i Noreg, stifta i 1956 og har nesten 77 000 medlemmer i dag 200 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 200

08.03.2010 14:39:09


Identitet

Frå eit latinsk ord som betyr det same. Eit uttrykk for noko varig ved ein person og noko personane sjølve meiner er viktig ved seg sjølve og kjenner tilhøyrsle til. IKT

IKT er ei forkorting for informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Israelittar

Folkegruppe som budde i Midtausten i bibelsk tid Kalif

Namnet på dei første muslimske leiarane etter Muhammed Kanaan

Bibelens namn på Palestina, området der landa Israel og Vestbreidda ligg i dag Karma

Summen av dei gode og dårlege handlingane til eit menneske i hinduismen og buddhismen. Karma avgjer kva slags atterføding ein får. Kyrkjesamfunn

Fellesskapet av dei som høyrer til den same retninga i kristendommen Kyrkjeåret

Den kristne kalenderen for heilagdagar og høgtider Kloster

Bustad for munkar eller nonner Koan

Gåtefulle setningar som blir brukte i zenbuddhismen Konvertere

Å skifte frå ein religion eller eit livssyn til eit anna Koranen

Den heilage boka til islam Krossfeste

Avretting der personen blir spikra opp på ein kross

201 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 201

08.03.2010 14:39:09


Kosher

Mat som er tillaten ifølgje Tora og Talmud Kristi himmelfartsdag

Kristen festdag til minne om forteljinga om at Jesus blei teken opp til himmelen Kvensk

Eit språk som blir brukt i delar av Finnmark av etterkommarar etter folk som innvandra frå Sverige og Finland. Språket er basert på finsk, men har mange norske ord. Lekfolk

Folk flest, som ikkje er munkar eller prestar Lesbisk/lesbe

Eit ord for ei homoseksuell kvinne Læstadianisme

Retning innan kristendommen, oppkalla etter den svenske presten Læstadius Mahayana

Den største av dei buddhistiske hovudretningane Majoritet

Ei gruppe som er i fleirtal Meditasjon

Øving i å konsentrere seg Menneskerettar

Internasjonale lover som seier kva alle menneske treng for å kunne leve gode liv. Dei er skrivne ned i FNs Menneskerettserklæring frå 1948 og Barnekonvensjonen frå 1989. Messias

Den som er salva. I Bibelen er det å bli salva eit teikn på at ein person er vald til konge av Gud. Mellomalder

Perioden frå omkring år 500 til 1500 i europeisk historie Miljøvern

Det å ta vare på miljøet og naturen 202 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 202

08.03.2010 14:39:09


Minoritet

Ei gruppe som er i mindretal Mishna

Den eine av dei to delane som Talmud består av. Mishna blei skriven ned omkring år 200 e.v.t. Misjonær

Ein som reiser ut for å fortelje om religionen sin til andre menneske Moksha

Frelsa i hinduismen Mosaisk trossamfunn

Jødisk trussamfunn. Mosaisk viser til at Moses er den viktigaste personen i jødedommen. Måneår

Eit år rekna ut frå kor lang tid månen bruker på å krinse rundt jorda. Eit måneår er tolv månader langt, og er på 354 eller 355 dagar. Nattverd

Kristen skikk med utdeling av brød og vin under gudstenesta Nirvana

Ei slags frelse i buddhismen, slutten på lidinga og det som er vondt. Nirvana er den reine lykka. Noaide

Person med spesiell kontakt med makter og gudar, ifølgje gammal samisk religion Omskjering

Operasjon der forhuda blir fjerna frå penis til gutar eller menn. Kvinner kan også omskjerast, men det er ein smertefull og skadeleg operasjon. Ortodoks

Som har med rett lære å gjere Pakt

Høgtideleg avtale Pave

Den øvste leiaren for Den katolske kyrkja 203 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 203

08.03.2010 14:39:09


Pinserørsla

Kyrkjesamfunn som er særleg oppteke av pinsa Pinsevenner

Personar som høyrer til pinserørsla Pongal

Hinduistisk høgtid 14. januar der mange hinduar ofrar ris til gudane Predikant

Ein som forkynner om kristendommen Profet

Person som kjem med bodskap frå Gud Puja

Hinduistisk tilbeding. Når hinduar gjer puja, ofrar dei til gudane og tilber dei. Raseskilje

Ein politikk der ulike rasar blir skilde frå kvarandre i dagleglivet Reform

Endring, fornying Reformasjonen

Splitting av kyrkja i første halvdel av 1500-talet Reinkarnasjon

Atterføding, det å bli fødd på nytt etter døden Runebomme

Samisk tromme som blei brukt av noaiden Samsara

Sirkelen av liv, død og nytt liv i hinduismen og buddhismen Sangha

Fellesskapet av buddhistiske munkar og nonner Seid

Stein eller kløft som var heilag for samane Seinmellomalderen

Den siste delen av mellomalderen, frå omkring år 1300 til 1500 204 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 204

08.03.2010 14:39:09


Sharia

Guds evige lov, ifølgje islam. Sharia betyr vegen. Shivaittar

Hinduar som vel hovudguden sin frå forteljingane om guden Shiva Shiva-linga

Shiva i symbolsk form, som ei støtte av stein Shivanatten

Hinduistisk høgtid til minne om da Shiva gifte seg med Parvati Siddur

Bønneboka til jødane, som inneheld ritual for gudstenesta, bønner og velsigningar Sjiaislam

Den minste av dei to hovudretningane i islam Skriftprofet

Profet med eiga skrift i Bibelen Solår

Eit år rekna ut frå jordas gang rundt sola. Eit solår er tida det tek for jorda å gå éin gong rundt jorda, som er 365 dagar. Stupa

Buddhistisk heilag bygning der relikviar av Buddha eller andre heilage personar blir oppbevarde Sunniislam

Den største av dei to hovudretningane i islam Sure

Kapittel i Koranen Talmud

Heilag bok i jødedommen. Talmud er nødvendig for å forstå Toraen. Tanakh

Den jødiske bibelen Theravada

Den eldste hovudretninga i buddhismen 205 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 205

08.03.2010 14:39:09


Tora

Den mest heilage boka til jødane. Dei same tekstane som dei kristne kallar Mosebøkene. Truvedkjenninga

Kort oppsummering av ein religion som blir sagt fram av dei truande, særleg i jødedommen, kristendommen og islam Tungetale

Tale på eit språk som høyrest framand ut for han eller ho som taler. Somme kristne meiner at tungetalen kjem frå Gud. Urbefolkning/urfolk

Det folket som levde først i eit land eller område Uriaspost

Oppgåve som er spesielt tøff og vanskeleg Utviklingsland

Land som er fattige eller land som har lite industri. Blir også kalla u-land. Veda

Samlinga av gamle heilage tekstar i hinduismen Vekking

Kristen rørsle der mange blir omvende og blir kristne Vishnuittar

Hinduar som vel hovudguden sin frå forteljingane om guden Vishnu Vårjamdøgn

Den dagen om våren da sola er oppe like lenge som ho er nede Yoga

Hinduistisk form for meditasjon Ytringsfridom

Ein viktig del av demokratiet og ein menneskerett. Det er ein rett til å meine og seie kva ein vil, samt få informasjon fritt. Zenbuddhisme

Buddhistisk retning frå Kina og Japan

206 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 206

08.03.2010 14:39:10


Fotografi Alamy/1.images.no s. 12, 112, 192 All Over Press: Economopoulos/Magnum s. 176, Abbas/Magnum s. 6, Alix/Phanie/Rex Features s. 93, Patric Zachman/Magnum s. 94, Chris Steel-Perkins/Magnum s. 122 Almar Paulsen s. 105 Anne Kristine Angeltveit/Kirkens Nødhjelp s. 180 Arne Poulson/Samiske samlinger s. 159 © Bo-Aje Mellin s. 187 The Bridgeman Art Library: s. 8, © The Trustees of the Chester Beatty Library, Dublin s. 51, Jungle Animals (w/c) by Todd s. 71, Kunsthistorisches Museum, Vienna, Austria s. 120, © Galleria dell’Accademia, Florence, Italy, Alinari s. 128, © Stapleton Collection, UK s. 133 © Galleria dell’Accademia, Florence, Italy s. 134, © Bonhams, London, UK s. 137, © Santa Maria del Popolo, Rome, Italy s. 139, © Galleria Sabauda, Turin, Italy s. 147, Elizabeth Wang/Private collection s. 172 Edwina Sandys (artist)/Adam Reich (photo) s. 168 Felicia Østå/Østlandets blad s. 76 Ford Madox Brown/© Bradford Art Galleries and Museums, West Yorkshire s. 148 © Fotofil.no/Eli Berge s. 44, 59, 193, Anne Olsen Ryum s. 164 Georg Gester/Panos Pictures s. 16 Getty Images: s. 34, Patric Syder/Lonely Planet Images s. 9 GV-Press: Sylvain Grandadam s. 47, Alvaro Leiva s. 58 Human-Etisk forbund s. 77 National Geographic/Steve Raimer s. 53 Peder Nustad: s. 157 Samfoto: Svein Erik Dahl s, 17, 19, 64, 92, Espen Bratlie s. 14, Lars Bahl s. 87, Mimsy Møller s. 89, Mark Edwards s. 103, Helge Sunde s. 103, Steinar Myhr/NN s. 106, Trym Ivar Bergsmo s. 154, Kerstin Mertens s. 174, Roy Mangersnes/NN s. 181, Bjørn Rørslett/NN s. 186, Bård Løken/NN s. 190, Arne Strømme s. 191 Scanpix: s. 75, 150, Marie Sjøvold/VG s. 11, Robert Mulder/Godong/Corbis s. 21, Ted Spiegel/Corbis s. 23, Topham Picturepoint s. 25, Morten Anthonsen s. 26, Jock Fistic/Reporters s. 27, Fred de Noyelle/ Godong/Corbis s. 29, Bettman/Corbis s. 31, 69, Luca I. Tettoni/Corbis s. 36, Vinai Dithajohn/EPA s. 40, Lindsay Hebberd/Corbis s. 41, Brecelj Bohan/Corbis/Sygma s. 42, Archivo Iconografico S.A./ Corbis s. 43, Brocklyn Museum/Corbis s. 48, Paal Audestad/Aftenposten s. 52, Arinder Nanu/AFP s. 54, The Art Archive/Corbis s. 55, Gorm Kallestad s. 61, Meredith Nugent/Bettmann/Corbis s. 72, Aktuell s. 73, Gabe Palmer/Corbis s. 88, Gunnar Furuly/Aftenposten s. 108, Thor Nilsen/VG s. 96, Thore-Erik Thoresen/Aftenposten s. 121, Olav Olsen/Aftenposten s. 122, Frederick Kemmelmeyer/ The Corcoran Gallery of Art/Corbis s. 152, Ole Magnus Rapp s. 161, Christophe Boisvieux/Corbis s. 167, Images.som/Corbis s. 173, Jussi Nukari/Lehtikuva s. 178, Per Frogner s. 179, Brynjulv Aartun/ Aftenposten s. 189, Trygve Indrelid/Aftenposten s. 194

207 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 207

08.03.2010 14:39:10


© CAPPELEN DAMM AS, 2008 Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskilt avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging, og kan straffast med bøter eller fengsel. Vi i verda 5–7 følgjer læreplanen i faget religion, livssyn og etikk og er laga til bruk på barnetrinnet i grunnskolen. Omslagsdesign: Capella Media AS, Susanne Kittelsen Omslagsfoto: Peter Wattendorff/Zefa/Scanpix (forside) David Trodd/BAM/Samfoto (bakside) Grafisk formgiving: Capella Media AS Illustratør: Atle Lillehovde Biletredaktør: Una Thoresen Dimola Forlagsredaktør: Berit Rogstad Trykking/innbinding: Livonia Print Sia, Latvia 2010 Utgåve 1 Opplag 4 ISBN 978-82-02-26550-2 www.cappelendamm.no http://viiverda.cappelendamm.no

208 ViIVerda7-s126-208-NN.indd 208

08.03.2010 14:39:10


Vi i verda 7 Elevbok