Samfunnsfag 8 fra Cappelen Damm Grunnbok nn blaibok

Page 10

Jakta på informasjon Mobilen gir frå seg eit lite pip og lyser opp. Du har fått ein snap. Biletet som lyser mot deg, viser ei Pepsi-flaske som er merkt med 18+. Noreg innfører altså 18 års aldersgrense på Pepsi. Hæ? Det er då ikkje mogleg! Kvifor skal vi ha aldersgrense på brus? Vent no litt. Kan dette verkeleg stemme? Lynraskt skriv du tilbake til Snap-gruppa: «Er dette sant?» «Ja, det står i ei norsk nettavis», får du til svar. Men når du sjekkar vg.no og nrk. no, finn du ingenting om Pepsi. Du spør andre venner om dei kan ha høyrt noko. Når dei ser biletet, blir dei usikre. Kanskje like greitt å ta turen på butikken og spørje om dei har sett aldersgrense på Pepsi? Du rekk knapt å tenkje tanken før ei ny melding dukkar opp i Snap-gruppa. Nyheita er faktisk falsk. Ho dukka opp på ei humorside på nettet (nyhetshjulet.no). Du har blitt lurt. Endå godt du aldri drog til butikken. Kvar einaste dag tek vi avgjerder – og handlar – ut frå den informasjonen vi har. Til dømes tek du på deg litt ekstra klede om du veit at det er kaldt ute. Ein ambulansesjåfør som rykkjer ut for å redde liv, må vite at den oppførte adressa er hundre prosent presis. Konsekvensen av feil informasjon kan særleg bli stor ved dramatiske ulykker.

? 8

Og kva skal du gjere om du får informasjon som seier ulike ting samtidig? Kva er sant – og kva er ikkje sant? Då er det viktig å vite korleis ein finn ut kva som er rett – og kva som ikkje stemmer. Nokre gonger kan det å finne ut av kva som faktisk er sant, vere viktig for eit heilt samfunn. Ikkje minst har feilinformasjon under krig og katastrofar lett for å skape farlege situasjonar. Det er mange som kan ønskje å påverke deg til å gjere det som er best for dei. Derfor er det så viktig at du veit korleis du kan avsløre usann informasjon – og at du veit kvar du finn informasjon du kan stole på. Ver særleg skeptisk til informasjon som gjer deg ekstra sint eller glad, eller som på andre måtar vekkjer sterke kjensler i deg. Det som alltid er lurt, er å søkje informasjon hos meir enn berre éi kjelde. Kjelder du ikkje kjenner frå før, må du vurdere med eit kritisk blikk. Sunn skepsis er viktig. Då kan du lettare klare å forstå det samfunnet du lever i. Og samfunnsfag handlar om akkurat dette: korleis ting heng saman og fungerer i samfunnet rundt deg.

Det er lett å bli overtydd når nokon presenterer «fakta» på ein overtydande måte. Har du nokon gong blitt overtydd av noko du har lese eller sett på nettet – og seinare forstått at det faktisk ikkje stemte? Kva tenkte du då?

SAMFUNNSFAG 8 FRÅ CAPPELEN DAMM


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.