Page 1

Berge Nye vegar til nynorsk

Nye vegar til nynorsk er ei øvingsbok for elevar på studieførebuande utdanningsprogram og påbygging til generell studiekompetanse som har nynorsk som sidemål. Den første delen av boka presenterer formverket og grammatikken, mens dei to siste delane har opp­gåver knytte til kompetansemål for Vg1 og Vg2. Ved å bruke denne boka gjennom heile studieløpet, vil elevane få regelmessig øving i nynorsk og hjelp til å bli betre skrivarar.

Anne Lene Berge

Nye vegar til nynorsk

Nye vegar til nynorsk har ein eigen nettstad. Her finn du oppgåver til dei ulike kapitla i boka. Mange av oppgåvene vil drille elevane i formverket og ordtilfanget på nynorsk. nyevegar.cdu.no

I S B N 978-82-02-40289-1

ISBN 978-82-02-40289-1

9

788202 402891 www.cdu.no

Nye vegar til nynorsk_RZ.indd 1

07.06.13 14:51


Anne Lene Berge

Nye vegar til nynorsk

Nye vegar til nynorsk.indb 1

03.10.13 14:53


Innhald  5 Forord  6 Formverket  7 Substantiv   7 Hankjønn  8 Hokjønn  9 Inkjekjønn 11

Samandraging eller full form?

12

Substantiv og kjønn

13 Adjektiv 14 Gradbøying 16 Verb 16

Svake verb

20

Sterke verb

21 Parverb 22 St-verb

30 Nynorsk som sidemål 31

Bruk av ordliste og ordbok

32 Ordtilfang 32 «An-be-het-else»-ord 33 Substantivsjuke 34 Genitiv 35

Enkel og dobbel bestemming

35 Verb 35

Verb med ulik bøying

på bokmål og nynorsk

37

Aktiv og passiv

38

Laust og fast samansette verb

39 Rettskriving 39 Vokalar 41 Konsonantar

23 Samsvarsbøying 24 Pronomen

43 Vg1

24

Personlege pronomen

25

Spørjepronomen og

44

spørjeadverb 26

Refleksivt pronomen

26

Resiproke pronomen

27 Determinativ 27 Eigedomsord 28 Peikeord 28 Mengdeord

Språklege verkemiddel

45 Skjønnlitteratur 45

Episk dikting

55 Lyrikk 60 Dramatisering 63 Sakprosa 70 Reklame 74

Fellesskap og mangfald

Nye vegar til nynorsk.indb 3

03.10.13 14:53


85 Vg 2  86 Litteratur  86 Mellomalderen  92 Opplysningstida 102 Romantikken 106 Førestillingar om det norske 106 Tekstar frå 1700-talet

til 1870-åra

113 Samtidstekstar 117 Samtidstekstar, folkedikting

og mytar

123 Språkhistorie 123 Eit folk utan eige skriftspråk

139 Litteratur 139 Den realistiske tradisjonen

på 1800-talet

145 Nyromantikken i 1890-åra 145 Nyrealismen 1907–1925 147 1925–1940 149 Modernisme 164 Norsk språkhistorie frå 1900

til i dag

164 1900-talet 166 2000-talet 170 Liste over bøying av

sterke verb

173 Forslag til nynorske ord

i staden for

127 Vg 3

«an-be-het-else»-ord

128 Retorikk

174 Fasit til oppgåver

128 Etos 128 Patos 129 Logos

Nye vegar til nynorsk.indb 4

03.10.13 14:53


forord

5

Forord

Nye vegar til nynorsk er ei øvingsbok for elevar i vidaregåande skule med nynorsk som sidemål. Ho kom første gong ut i 2002 og var da tilpassa Reform 94. Denne utgåva er utarbeidd i samsvar med nynorskrettskrivinga frå 2012 og læreplanmåla i norskplanen som blei teken i bruk i august 2013. Verket har to komponentar, bok og nettstad. Stoffet i boka og på nettstaden er delt inn i fem parallelle kapittel. Dei to første tek for seg ulike sider ved formverket og språklege emne elevar med nynorsk som sidemål særleg må merke seg. Deretter har kvart årstrinn fått sitt eige kapittel der elevane kan arbeide med oppgåver frå sentrale fagområde.

Dei to første kapitla er ikkje meinte for noko spesielt årstrinn. Tanken er at elevane der skal få hjelp til å halde ved like dei formelle sidene ved nynorsk. I boka kan dei lese om språk og form og prøve seg på oppgåver. På nettstaden ligg det fleire oppgåver med ulik vanskegrad til kvart emne. Dei fleste er interaktive slik at elevane heile tida får tilbakemeldingar på om det dei har gjort, er rett eller gale. Her kan dei derfor arbeide sjølvstendig med det kvar enkelt treng å øve seg på.

Kapitla for kvart av dei tre årskursa kan vere eit supplement til det læreverket klassen nyttar, og gi idear til skriftlege og munnlege aktivitetar. For å byggje opp under den språklege kompetansen tek dei fleste oppgåvene utgangspunkt i tekstar som med få unntak er skrivne på nynorsk. Samstundes som elevane får impulsar til å arbeide med fagstoff, får dei trening i å uttrykkje seg om faglege emne på sidemålet. Sidan så store delar av både boka og nettstaden er knytte til fagstoffet i dei tre årskursa, er det sjølvsagt ikkje noko i vegen for at elevar med nynorsk som hovudmål også kan bruke ho. Hovudtanken bak boka er at ho skal følgje undervisninga i dei tre åra i vidare­gåande skule. Dersom elevane arbeider med oppgåver etter kvart som dei kjem til ulike emne i faget, vil dei få ei regelmessig øving i nynorsk. Lykke til med arbeidet!

Bergen, september 2013 Anne Lene Berge

Formverket

Nye vegar til nynorsk.indb 5

03.10.13 14:53


6

Formverket Ein av føresetnadene for å skrive godt på nynorsk er at du meistrar formverket og veit korleis ord frå ulike ­ordklassar blir bøygde. Mykje er likt i bokmål og nynorsk, men det finst også skilnader som du må kjenne til for å skrive korrekt nynorsk. Vi skal her ta for oss reglane for dei ordklassane der det er viktige skilnader mellom ­bokmål og nynorsk.

Nye vegar til nynorsk.indb 6

03.10.13 14:53


formverket

7

Substantiv Ein del bøyingsendingar er ulike for substantiva i nynorsk og bokmål. Det er også ein del ord som har ulikt kjønn i dei to skriftspråka. Desse skilnadene skal vi sjå nærmare på. Hankjønn

Dei fleste hankjønnsorda får -ar og -ane i fleirtal (gutar – gutane). Det gjeld også ord som endar på -ar i ubunden form eintal (lærar). Her skil nynorsk seg frå bokmål (nyno.: lærarar, bm.: lærere) For nokre ord kan ein velje mellom -er og -ene og -ar og -ane. Eksempel: gjest – gjesten – gjester/gjestar – gjestene/gjestane benk – benken – benker/benkar – benkene/benkane bunad – bunaden – bunader/bunadar – bunadene /bunadane sofa – sofaen – sofaer/sofaar – sofaene/sofaane

Dei fleste hankjønnsord med omlyd i fleirtal får fleirtalsformer på -er og -ene. Eksempel: fot – foten – føter – føtene

Nokre hankjønnsord har uregelrett bøying. I skjemaet nedanfor står ei oversikt over dei vanlegaste. Eintal

Ubunden

Fleirtal

Bunden

Ubunden

Bunden

bror

broren

brør

brørne

far

faren

fedrar

fedrane

mann

mannen

menn

mennene

sko

skoen

sko/skor

skoa/skorne

ting

tingen

ting

tinga

Oppgåve 1

Bøy desse hankjønnsorda i ubunden og bunden form, eintal og fleirtal:

båt, gut, elev, heim, reiskap, arbeidar, politikar, lærar, lagnad, marknad, villa, bonde, son, mann, fot

Nye vegar til nynorsk.indb 7

03.10.13 14:53


8

formverket

Oppgåve 2

Set inn rett fleirtalsform av substantiva:

var på veg til skulen. Dei snakka om (lærar) sine. Den eine To (gut) meinte at dei viktigaste (eigenskap) for ein lærar var at han eller ho sine. Var det ikkje slik, ville ikkje (bodkunne kommunisere med (elev) skap) nå fram. Den andre syntest det var mest om å gjere at (lærar) . Han fortalde at ein av (bror) hans hadde gode faglege (kunnskap) hadde hatt ein lærar som ikkje kunne meir enn det (elev) kunne lese sjølv i lærebøkene sine. Han hadde prøvd å klage til skulen, utan at det førte til noko, og han hadde ein følelse av at (kollega) verna kvarandre. Oppgåve 3

Nedanfor finn du eit utdrag frå eit debattinnlegg av Bernt Hagtvet. Finn ni ulike hankjønnsord i teksten, og bøy dei i ubunden og bunden form, eintal og fleirtal. (Fasit på side 174)

Så er vi i gang att. Me har alt fått meldingane om russefyll og russebussar i millionklassen. Om ikkje lenge får vi høra om høgtalaranlegg i nye million­klassar som gjer livet uuthaldeleg for naboane. Og om få månader ser vi russebilar stå som skjelett langs vegkantane, forlatne sarko­fagar over ei bortkasta tid. Russen er over oss att. Snart skal dei gli halvfulle og med tome blikk gjennom Oslo-gatene. Russen av i dag har ikkje eingong energi til å lage kreative russetog. Dei berre går. Eller dei driv med noko dei kallar festing, eit utvendig ritual dei ikkje har noko personleg tilhøve til eller gjer med særleg glede. Mest dreiar det seg om innøvd etteraping av kva førre kull gjorde i fjor. Bernt Hagtvet DAG OG TID, 13.05.2011

Hokjønn

Hokjønnsord får endinga -a i bunden form eintal, og dei aller fleste får -er og -ene i fleirtal slik som på bokmål. Eksempel: bygd – bygda – bygder – bygdene

Ei stor gruppe hokjønnsord endar på -ing. Dei skal ha -ar og -ane i fleirtal. ­Eksempel: helsing – helsinga – helsingar – helsingane

Nye vegar til nynorsk.indb 8

03.10.13 14:53


formverket

9

Nokre hokjønnsord har valfri fleirtalsbøying, anten -ar og -ane eller -er og -ene. Eksempel: elv – elva – elvar/elver – elvane/elvene

Nokre hokjønnsord har uregelrett bøying. Somme har same bøying som på bokmål, andre skil seg ut med eiga nynorskbøying. Dei vanlegaste finn du i oversikta nedanfor. Eintal

Ubunden

Fleirtal

Bunden

Ubunden

Bunden

bok

boka

bøker

bøkene

dotter

dottera

døtrer

døtrene

glo

gloa

glør

glørne

ku

kua

kyr

kyrne

mor

mora

mødrer

mødrene

rot

rota

røter

røtene

syster

systera

systrer

systrene

søster

søstera

søstrer

søstrene

Oppgåve 4

Sjå på reglane for bøying av hokjønnsord, og bøy orda i ubunden og bunden form, eintal og fleirtal: hending, jakke, kjerring, klokke, lin(j)e, meining, rekning, setning, side Oppgåve 5

Finn seks ulike hokjønnsord i teksten til oppgåve 3 på side 8, og bøy dei i ubunden og bunden form, eintal og fleirtal. (Fasit på side 174) Inkjekjønn

I fleirtal får inkjekjønnsorda inga ending i ubunden form og -a i bunden form. Denne regelen gjeld både einstava ord (fleire tog, fly), og fleirstava ord (fleire frimerke, eple). Ein vanleg feil er at mange gir fleirstavingsord ending som på bokmål i ubunden form fleirtal. Det kan for eksempel berre heite mange eple.

Nye vegar til nynorsk.indb 9

03.10.13 14:53


10

formverket

Eintal Ubunden

Fleirtal Bunden

Ubunden

Bunden

tog

toget

tog

toga

frimerke

frimerket

frimerke

frimerka

Vi kan bøye alle inkjekjønnsord som vist ovanfor, men nokre ord kan vi også bøye på ein annan måte. Dei vanlegaste er: Eintal

Ubunden

Fleirtal

Bunden

Ubunden

Bunden

auge

auget

auge

auga

auga

auga

augo

augo

barn

barnet

barn

barna

barn

barnet

born

borna

hjarte

hjartet

hjarte

hjarta

hjarta

hjarta

hjarto

hjarto

øyre

øyret

øyre

øyra

øyra

øyra

øyro

øyro

Ein del vanlege framandord er inkjekjønnsord. Merk deg bøyinga av desse orda: Eintal

Ubunden

Nye vegar til nynorsk.indb 10

Fleirtal

Bunden

Ubunden

Bunden

faktum

faktumet

faktum/fakta

faktuma/faktaa

jubileum

jubileet

jubileum

jubilea

medium

mediet

medium

media

pensum

pensumet

pensum

pensuma

sentrum

sentrumet

sentrum

sentruma

03.10.13 14:53


formverket

11

Oppgåve 6

Sjå på reglane for bøying av inkjekjønnsord, og bøy desse orda i ubunden og bunden form, eintal og fleirtal:

brot(t)sverk, insekt, medium, menneske, merke, pensum, problem, skap/skåp, teikn, tre, varsel, visum Oppgåve 7

Finn åtte inkjekjønnsord i teksten til oppgåve 3 på side 8, og bøy dei i ubunden og bunden form, eintal og fleirtal. (Fasit på side 174) Samandraging eller full form?

Nokre substantiv får samandregne bøyingsformer. Vi skal sjå nærmare på reglane for korleis dei blir bøygde.

Hankjønn Hankjønnsord som endar på -el, -ar og -er, får full form i eintal og saman­ draging i fleirtal: himmel – himmelen – himlar – himlane sommar – sommaren – somrar – somrane vinter – vinteren – vintrar – vintrane

Hokjønn Hokjønnsord som endar på -el, -en og -er, får samandraging i både eintal og fleirtal: aksel – aksla – aksler – akslene frøken – frøkna – frøkner – frøknene hulder – huldra – huldrer – huldrene Unntak: dotter – dottera – døtrer – døtrene syster – systera – systrer – systrene søster – søstera – søstrer – søstrene Inkjekjønn Eintal: Inkjekjønnsord som endar på trykklett -el, -en og -er, skal ha full form i bunden form eintal: middel – middelet, laken – lakenet, teater – teateret

Nye vegar til nynorsk.indb 11

03.10.13 14:53


12

formverket

Fleirtal: I bunden form fleirtal skal ord på -el ha samandraging:

middel – midla, rektangel – rektangla, tempel – templa, varsel – varsla Ord som endar på trykklett -er, -ter og -der, skal ha full form i bunden form fleirtal:

døger – døgera, mønster – mønstera, under – undera Oppgåve 8

Set inn rett form av substantiva i setningane.

sommar: vinter: dotter: syster/søster: syster/søster: telefonnummer: frøken: teater: helikopter:

Mange meiner at var tørrare og varmare før i tida. Samtidig hevar dei at var kaldare og hadde meir snø. Familien i nabohuset har to . Dei to er gode venner. Den eine går på vidaregåande skule. Eg skreiv ned deira. Den vesle var kledd i sin finaste stas. Eg har to billettar til i kveld. Dei to tok av rett etter kvarandre.

Substantiv og kjønn Substantiv på -skap

Mange nynorskord endar på suffikset -skap (bodskap, eigarskap). For mange av dei er det valfritt om ein vil bøye dei som hankjønnsord eller som inkjekjønnsord. Ein kan for eksempel velje mellom ein eller eit bodskap. Her er nokre hjelpereglar for korleis ein kan vite kva for kjønn desse orda har: • -skap-ord som er laga av adjektiv eller verb, er hankjønnsord: ein edruskap, ein gjevmildskap • -skap-ord som representerer ei eller anna form for institusjon, er inkjekjønnsord: eit ekteskap, eit selskap

Nedanfor finn du eksempel på nokre vanlege ord som du kan bøye anten som hankjønnsord eller som inkjekjønnsord: bodskap kameratskap partnarskap fiendskap leiarskap slektskap forfattarskap medlemskap vennskap/venskap

Substantiv på -ing og –ning

Nye vegar til nynorsk.indb 12

Dei aller fleste orda som endar på -(n)ing, er hokjønnsord, men det er også fleire eksempel på at dei er hankjønnsord, eller at dei får valfri bøying. På neste side finn du reglane for korleis desse orda skal bøyast.

03.10.13 14:53


13

formverket

• Ord som er avleidde av eit verb (verbalsubstantiv), og som uttrykkjer ei handling, er alltid hokjønnsord: ei teikning, ei utbygging. • Ord som er avleidde av substantiv og adjektiv, er hankjønnsord: ein vestlending, ein raring. • Nemningar for personar og dyr er hankjønnsord: ein slektning, ein grevling. Det einaste unntaket er ord der det biologiske kjønnet tilseier hokjønn: ei kjerring.

For mange -(n)ing-ord er det ikkje alltid like lett å avgjere om dei er avleidde av verb, substantiv eller adjektiv, og mange av dei har valfri bøying. Her er nokre eksempel: ei eller ein bygning, ei eller ein festning, ei eller ein strekning. Dei fleste orda som endar på suffikset -sel, er hankjønnsord, mens ord med endinga -sle er hokjønnsord: ein ferdsel eller ei ferdsle, ein høyrsel eller ei høyrsle, ein trengsel eller ei trengsle. Nokre få ord med endinga -sel er inkjekjønnsord med tilsvarande hokjønnform på -sle: eit skremsel eller ei skremsle, eit stengsel eller ei stengsle.

Substantiv på -sel/-sle

Oppgåve 9

Sjå på reglane for korleis vi kan finne ut om nokre avleidde ord skal vere hankjønn, hokjønn eller inkjekjønn, og bøy orda nedanfor i ubunden og bunden form, eintal og fleirtal. Sjå også på reglane på side 11 om samandraging eller full form for substantiv som endar på -el: skremsle, lengsel, redsel, vigsel, gløymsle, høyrsel, ferdsle, hengsel

Adjektiv Adjektiv blir bøygde i kjønn, tal og form. Dei fleste adjektiva har same bøying på bokmål og nynorsk: ein stor gut, ei stor jente, eit stort barn, store gutar. Men for nokre adjektiv er det visse skilnader.

Adjektiv som endar på diftongane -ei og -au, får dobbel t når dei står til inkjekjønnsord: eit greitt svar, eit snautt skjørt. Adjektiv som endar på -en, blir bøygde på denne måten:

Ubunden form: ein open port – ei open dør – eit ope/opent vindauge – opne vindauge Bunden form: den opne porten – den opne døra – det opne vindauget – dei opne vindauga

Nye vegar til nynorsk.indb 13

03.10.13 14:53


14

formverket

Adjektivet eigen får denne bøyinga:

min eigen son – mi eiga dotter – mitt eige barn – mine eigne barn

Adjektivet liten får denne bøyinga:

Ubunden form: ein liten gut – ei lita jente – eit lite barn – små(e) barn Bunden form: den/det vesle guten/jenta/barnet – dei små barna den/det litle guten/jenta/barnet – dei små(e) barna Gradbøying

Vi kan bøye adjektiv i positiv, komparativ og superlativ. Adjektiv med regelrett bøying får -are i komparativ og -ast i superlativ. Når vi bruker partisipp som adjektiv, bøyer vi dei alltid med meir og mest. Det same gjeld lange adjektiv. Positiv

Komparativ

Superlativ

flink

flinkare

flinkast

farleg

farlegare

farlegast

kjend/kjent

meir kjend/kjent

mest kjend/kjent

strålande

meir strålande

mest strålande

takksam

meir takksam

mest takksam

Merk deg at i motsetning til på bokmål bøyer vi farleg og vanskeleg utan samandraging i superlativ. For nokre stadadverb og adjektiv har nynorsk samandregne former der bokmål har full form i superlativ. Nynorsk

Nye vegar til nynorsk.indb 14

Bokmål

Nynorsk

Bokmål

farlegast

farligst

vanskelegast

vanskeligst

øvst

øverst

inst

innerst

nedst

nederst

ytst

ytterst

03.10.13 14:53


formverket

Nokre adjektiv har uregelrett bøying: Positiv

Komparativ

15

Superlativ

få(e)

færre

færrast

mykje

meir

mest

mange

fleire

flest

Oppgåve 9

Set inn rett form av adjektiva i setningane.

lei: brei: open: eigen: utsliten:

Det var at laget ditt ikkje kom til finalen. Eg fekk eit smil til takk. Museet var då vi kom. Ho hadde nok med si oppgåve. Barnet var nesten då dei kom fram.

Oppgåve 10

Set inn adjektiva i rett form. flau:

open: vaksen: liten:

å kome for seint. Dei var fordi dei Han syntest det var kom for seint. Dei hadde eit forhold. Butikken er ikkje enno. Butikkane er ikkje enno. Ho var ikkje nok til å forstå det. Eg vil snakke med eit menneske. Dei trur dei veit alt. Eg har ein bror. Ho har ei syster. Dei såg eit lam. Den feilen øydela alt. Ho kjøpte mange gåver.

Oppgåve 11

Finn adjektiva i utdraget nedanfor, og skriv dei i positiv, komparativ og superlativ. Det er brukt ti ulike adjektiv. (Fasit på side 174)

Eg tenkjer på sommaren etter russetida. Vi var fem som sykla landet frå sør til nord for å feire. Gjennom knudrete Agder, Jæren med alle hestane og dei gule åkrane. Tronge og mørke vestlandsdalar med avstikkarar til fots opp til dei blå breane. Trøndelag med elg i skogkanten, inn i NordNoreg med kaoset av store og små øyar, holmar og skjer. Landsdelen med det forbløffande lyset. Vi sykla inn i lysare og lysare netter, og til slutt tok dagen over for all

Nye vegar til nynorsk.indb 15

03.10.13 14:53


16

formverket

natt, og vi kom lengst nord i eit landskap som tok imot oss utan skog og nesten fritt for menneske. Kjersti Kollbotn: Taxi!, 2011

Verb Verb i infinitiv kan ende på -a eller -e. Du bør gjere det til ein regel at du nyttar anten a-infinitiv eller e-infinitiv i tekstane dine. Mange verb har lik bøying på nynorsk og bokmål, men det er også ein god del skilnader. For å få oversikt over verbbøyinga bør du lære deg mønstera for korleis vi bøyer forskjellige grupper a verbo, det vil seie forma som dei har i infinitiv, presens, preteritum og perfektum partisipp. Vi skil mellom svake og sterke verb, og vi skal først sjå nærmare på dei med svak bøying. Svake verb

Verb som får ending i preteritum, kallar vi svake verb. Samanliknar vi bøyinga av svake verb i bokmål og nynorsk, ser vi at mykje er likt, men det er også ein del skilnader. Vi kan dele dei i fire grupper: a-verb, e-verb, j-verb og kortverb. A-verb A-verb får -ar i presens: dansar, leikar, hoppar. A-verb får denne bøyinga: Infinitiv

Presens

Preteritum

Perfektum partisipp

kaste

kastar

kasta

kasta

tvinge

tvingar

tvinga

tvinga

Som ein hugseregel kan du merke deg at dei fleste verba som kan ha -et som preteritumsending på bokmål, er a-verb på nynorsk. Merk deg at tvinge er sterkt verb på bokmål, mens det er a-verb på nynorsk: Bokmål

Nye vegar til nynorsk.indb 16

Nynorsk

hoppet

hoppa

danset

dansa

tvang

tvinga

03.10.13 14:53


formverket

17

Oppgåve 12

Finn dei sju a-verba i utdraget nedanfor, og bøy dei a verbo. (Fasit på side 175) Der kom mannen og kjærastane bendande over kammen att frå hi sida, med kvar sine nye to render. Idet dei dukka opp, lyfte jenta litt på hovudet og vinka så smått til Mattis borte i vonløysa hans. Ein slik liten sviv med handa berre, mellom to ugrasplukk. Men kva var det ikkje som skjedde med han. Det skal ho ikkje ha gjort for ingenting, lova han, det må eg då kunne blande meg i. Når dei kryssa einannan om ei lita stund, ville han få høve til å seie det, på tvers av heile kjærasten hennar. Han vart òg sikrare på handa ei stund. Krabba fram på kne, og plukka. Og tok rette plantene. No då dei kom mot einannan, såg det ut som Mattis flutte seg så det dugde, det vart fort stuttare mellom dei. Men Mattis plukka ikkje no, i staden såg han seg bort på kjærastparet. Tarjei Vesaas: Fuglane, 1957

Mange e-verb har lik bøying på bokmål og nynorsk. Alle får for eksempel -er i presens (kjøper, møter), og dei fleste har -te i preteritum (kjøpte, møtte). Som på bokmål får nokre -de i preteritum: levde, prøvde. Men somme e-verb skil seg frå bokmål og har -de der bokmål har -te. For å finne ut om eit e-verb skal ha -te eller -de i preteritum, må ein sjå på kva stammen av verbet endar på. (Stammen er det som står igjen når ein fjernar infinitivsendinga: å kjenne har stammen kjenn). Reglane er slik:

E-verb med stammeutgang på f, l, s, k, p, t eller r (konsonantane i FLASKEPOSTAR) får endinga -te i preteritum og -t i perfektum partisipp. (Sjå nokre unntak i neste avsnitt.) Eksempel:

E-verb med -te i preteritum

kjøpe – kjøper – kjøpte – kjøpt lære – lærer – lærte – lært

E-verb med stammeutgang på vokal eller d, g eller v (konsonantane i V-DAG) får -de i preteritum og -d eller -t i perfektum partisipp.

E-verb med -de i preteritum

E-verb med diftong i rota eller stammeutgang på konsonantgruppene -gl, -gn, -mn, -rd, -ld, -nd og -ng, får -de i preteritum og -t i perfektum partisipp.

Nye vegar til nynorsk.indb 17

03.10.13 14:53


18

formverket

Eksempel:

Infinitiv

E-verb med ­valfritt -de eller -te i preteritum

Preteritum

Perfektum partisipp

bygg(j)e

bygg(j)er

bygde

bygd/bygt

tru

trur

trudde

trudd/trutt

høyre

høyrer

høyrde

høyrt

køyre

køyrer

køyrde

køyrt

ring(j)e

ring(j)er

ringde

ringt

hende

hender

hende

hendt

E-verb med stammeutgang på -m(m) og -enn får valfritt -de eller -te i preteritum og -t i perfektum partisipp. Eksempel: Infinitiv

treffe, trekk(j)e, hjelpe

Presens

Presens

Preteritum

Perfektum partisipp

skremme

skremmer

skremde/skremte

skremt

døm(m)e

døm(m)er

dømde/dømte

dømt

brenne

brenner

brende/brente

brent

Legg merke til at dei tre verba treffe, trekk(j)e, hjelpe er svake verb på nynorsk, mens dei er sterke verb på bokmål: Infinitiv

Presens

Preteritum

Perfektum partisipp

treffe

treffer

trefte

treft

trekk(j)e

trekk(j)er

trekte

trekt

hjelpe

hjelper

hjelpte

hjelpt

Oppgåve 13

Sjå på bøyingsreglane for e-verb, og bøy verba nedanfor a verbo.

begynne, bygg(j)e, føre, glane, gløyme, hende, hjelpe, høyre, melde, skjemme, nemne, ring(j)e, svømme, vise, trekk(j)e, vende

Nye vegar til nynorsk.indb 18

03.10.13 14:53


formverket

19

J-verb J-verb skil seg frå tilsvarande bokmålsord på fleire måtar. Dei er utan ending i presens: fortelje – fortel. I preteritum får dei -de og i perfektum partisipp -t. For verb med stamme som endar på -d, -g og -v, er det valfritt om partisippforma skal ha endinga -t eller -d: kravt eller kravd. Mange j-verb får vokalskifte i preteritum og perfektum partisipp, men vokalskifta er ikkje alltid like på bokmål og nynorsk. Her er nokre av dei vanlegaste j-verba: Infinitiv

Presens

Preteritum

Perfektum partisipp

krevje

krev

kravde

kravt/kravd

selje

sel

selde

selt

skilje

skil

skilde

skilt

spørje

spør

spurde

spurt

symje

sym

sumde

sumt

velje

vel

valde

valt

Oppgåve 14

Set verba i setningane nedanfor i presens i staden for preteritum.

Ho valde ein annan song. Han spurde etter vegen. Dei sumde 1000 meter.

Bestefaren fortalde eit eventyr. Ho selde bilen sin. Vi smurde skia med klister.

Kortverb Kortverb har berre éi staving i infinitiv og endar på rotvokalen: bu, ro, nå. Dei får -r i presens, -dde i preteritum og -dd eller -tt i perfektum partisipp. Nokre få verb der stammen har diftong, får den same bøyinga. Dei vanlegaste er: greie, arbeide, spreie, pleie og døy. Infinitiv

Presens

Preteritum

Perfektum partisipp

bu

bur

budde

budd/butt

når

nådde

nådd/nått

greie

greier

greidde

greidd/greitt

døy

døyr

døydde

døydd/døytt

Nye vegar til nynorsk.indb 19

03.10.13 14:53


20

formverket

Oppgåve 15

Bøy desse verba a verbo: sy, pleie, spreie, tru, snu

Uregelrette svake verb Somme svake verb har uregelrett bøying. Her er dei vanlegaste: Infinitiv

Presens

Preteritum

Perfektum partisipp

bøye

bøyer

bøygde

bøygd/bøygt

eige

eig

åtte/eigde

ått/eigd/eigt

gjere

gjer

gjorde

gjort

legg(j)e

legg

la

lagt

seie

seier

sa

sagt

setje/sette

set

sette

sett

teie

teier

tagde

tagt

vite/vete

veit

visste

visst

Sterke verb

Sterke verb får inga ending i preteritum: beit, kom. På nynorsk får dei aller fleste heller ikkje ending i presens: bit, kjem. Dei einaste unntaka er verb der infinitivsforma har berre éi staving: gå – går, stå – står. Endinga i perfektum partisipp er -e: bite, kom(m)e. Ofte er det også vokalskifte i stammevokalen i preteritum: bere – bar. Det kallar vi avlyd. Vi kan dele dei fleste sterke verba inn etter avlydsrekkjene. Dei tre første gruppene på neste side er dei største:

Nye vegar til nynorsk.indb 20

03.10.13 14:53


formverket

Infinitiv

Presens

Preteritum

21

Perfektum partisipp

1 stele

stel

stal

stole

2 bite

bit

beit

bite

3 fryse

frys

fraus

frose

4 fare

fer

fór

fare

5 lese

les

las

lese

6 brenne

brenn

brann

brunne

7 finne

finn

fann

funne

8 gråte

græt

gret

gråte

Alle sterke verb står med full bøying i dei fleste ordbøkene. Men den beste måten å meistre dei på er å lære bøyingsmåten utanåt. På side 170 finn du ei liste over dei vanlegaste sterke verba. Oppgåve 16

Ta for deg alle gruppene av sterke verb, og finn så mange eksempel som mogleg på kvar gruppe i oversikta på side 170. Parverb

Nokre verb har både sterk og svak bøying. Dei kallar vi parverb. Til vanleg bruker vi verba med svak bøying i setningar der verbet knyter til seg eit objekt, og dei med sterk bøying i setningar utan objekt. Svak bøying: Sterk bøying:

Ho brende breva. Huset brann ned.

Dei mest vanlege parverba er:

brenne – brenn – brann – brunne – (Bålet brann friskt.) brenne – brenner – brende – brent – (Ho brende brevet.)

fryse – frys – fraus – frose – (Ho fraus på føtene.) fryse – fryser – fryste – fryst – (Han fryste ned grønsakene.)

henge – heng – hang – hange – (Jakka hang på knaggen.) hengje/henge – hengjer/henger – hengde hengt – (Han hengde jakka på knaggen.)

Nye vegar til nynorsk.indb 21

03.10.13 14:53


22

formverket

liggje/ligge – ligg – låg – lege – (Boka låg på bordet.) leggje/legge – legg – la – lagt – (Ho la boka på bordet.)

rekke – rekk – rakk – rokke – (Jenta rakk ikkje bussen.) rekkje/rekke – rekkjer/rekker – rekte – rekt – (Ho rekte han handa.)

sitje/sitte – sit – sat – sete – (Katten sat i vindauget.) setje/sette – set – sette – sett – (Dei sette maten i kjøleskåpet.) Oppgåve 17

Set inn rett verb i preteritum.

setje/sitje: rekke/rekkje: henge/hengje: sitje/setje: liggje/leggje: liggje/legge: St-verb

Sjå også under «Aktiv og passiv» på side 37

Nokre verb har endinga -st i alle former: finnast – finst – fanst – funnest. Dei kallar vi refleksive verb. Alle st-verba står med full bøying i dei fleste ord­ bøkene. Nedanfor står ei oversikt over dei mest brukte. Infinitiv

Nye vegar til nynorsk.indb 22

Han koppane på bordet. Ho han boka. Bildet på veggen. Dei bøkene på plass. Veska på plass. Han veska på rett plass.

Presens

Preteritum

Perfektum partisipp

finnast

finst

fanst

funnest

kjennast

kjens

kjendest

kjenst

lukkast/lykkast

lukkast/lykkast

lukkast/lykkast

lukkast/lykkast

minnast

minnest

mintest

minst

møtast

møtest

møttest

møtst

spørjast

spørst

spurdest

spurst

synsast

synest

syntest

synst

trengast

trengst

trongst

trungest

trivast

trivst

treivst

trivest

03.10.13 14:53


formverket

23

Oppgåve 18

Set verba i setningane nedanfor først i presens, deretter i preteritum.

gale ut. Det (kjennast) Det (finnast) ikkje fleire igjen. godt i bygda. Dei (trivast) Ho (synast) det var stygt sagt. med forsøka sine. Dei (lykkast) Samsvarsbøying

Når ei setning inneheld hjelpeverba vere, verte eller bli, blir perfektum partisipp bøygt i kjønn og tal i samsvar med subjektet i setninga. I slike samanhengar er partisippet predikativ: Boka er lesen. Han blei dømd. Breva blei skrivne. Når vi bøyer partisippet på denne måten, kallar vi det samsvarsbøying. Perfektum partisipp av sterke verb skal alltid ha samsvarsbøying. For svake verb er det valfritt når partisippet står som predikativ. Anten kan ein bruke forma partisippet har når det står saman med hjelpeverbet ha (har dømt), eller bøye det som vist nedanfor. Perfektum partisipp av svake verb når partisippet står som predikativ Preteritum på -de

Preteritum på -te Preteritum på -dde

Preteritum på -a

Han er dømd/dømt

Bilen er fylt

Han er kledd/kledt

Ballen er kasta

Ho er dømd/dømt

Flaska er fylt

Ho er kledd/kledt

Boka er kasta

Partiet er dømt

Glaset er fylt

Barnet er kledt

Bladet er kasta

Dei er dømde/dømt

Glasa er fylte/fylt

Dei er kledde/

Blada er kasta

kledt/kledd

Perfektum partisipp av sterke verb når partisippet står som predikativ Teksten er skriven Boka er skriven Referatet er skrive Referata er skrivne

Perfektum partisipp som adjektiv Når eit perfektum partisipp blir brukt som adjektiv, skal både svake og sterke partisipp ha samsvarsbøying:

Nye vegar til nynorsk.indb 23

03.10.13 14:53


24

formverket

Ubunden form

Bunden form

Fleirtal

ein dømd mann

den dømde mannen

dømde menn

eit fylt skåp

det fylte skåpet

fylte skåp

ein stolen bil

den stolne bilen

stolne bilar

eit stole skåp

det stolne skåpet

stolne skåp

Oppgåve 19

Bruk perfektum partisipp av verba i rett form. syngje:

fryse: interessere: fortelje:

fleire gonger. Songane vart

Songen vart om igjen. Kjøt(t)et var Dei var ikkje Historiene blei

. Dei var gjennom . Vi kjøpte . Det melde seg ein kjøpar. på ein ny måte. Sanninga blei

om igjen og fisk.

til slutt.

Pronomen Vi deler pronomen inn i desse typane: personlege pronomen, spørjepronomen, refleksivt pronomen og resiproke pronomen. Personlege pronomen

Personleg pronomen står i staden for substantiv som representerer personar, dyr, ting og stader. Dei blir bøygde i person, kjønn og tal og har subjektsform og objektsform. Eintal

Person

Nye vegar til nynorsk.indb 24

Fleirtal

Subjektsform

Objektsform

Subjektsform

Objektsform

1. person

eg

meg

vi/me

oss

2. person

du

deg

de/dokker

dykk/dokker

3. person

han

han

dei

dei

ho

ho/henne

dei

dei

det

det

dei

dei

03.10.13 14:53


formverket

25

Når vi vil bruke former for høfleg tiltale, nyttar vi 2. person fleirtal på nynorsk: De, Dykk/Dokker og Dykkar/Dokkar (eigedomsord). Ein av dei viktigaste skilnadene mellom bokmål og nynorsk er at vi nyttar han og ho i staden for den når pronomenet peikar tilbake på hankjønnsord og hokjønnsord: Ho køyrde bilen inn til byen og parkerte han i eit parkeringshus. Eg las avisa først. Etterpå gav eg ho/henne til naboen min.

Pronomenet den kan vi berre bruke når det får særskilt trykk: Eg har sett mange gode filmar, men den har eg ikkje sett maken til. Oppgåve 20

Les setningane og fyll ut med rett pronomen.

Eg møtte Lise og fortalde at eg ikkje kunne kome. Guten sa at skulle spele fotball. Læraren sa til elevane: «No skal gi ei interessant oppgåve.» Per kjøpte ei bok og gav i gåve til ein venn. Kari ringde til Lars og bad vere med på kino. Tor og Anne bur i Oslo, men har tenkt å flytte til Kristiansand. Eg prata med Jens og Rune på toget og nemnde for at var velkomne på festen. Spørjepronomen og spørjeadverb

Dei fleste spørjeorda på nynorsk har ein litt annan skrivemåte enn på bokmål. Som ein hugseregel kan du merke deg at dei orda som begynner med hv- på bokmål, blir skrivne med kv- på nynorsk: hva – kva, hvem – kven. Her er dei vanlegaste: Kva Kva kjøpte du? (pronomen) Kven Kven møtte du? (pronomen) Kva for (ein, ei, eit, noko, nokre) Kva for ein film såg de/dokker? (pronomen) Kvifor/Korfor Kvifor/Korfor kom dei ikkje? (adverb) Korleis Korleis gjekk det? (adverb) Kor Kor gammal er du? (gradsadverb) Kvar/Kor Kvar/Kor skal dei reise? (stadadverb)

Dei fleste spørjeorda skaper få problem når du berre hugsar på at ingen av dei har hv- først i ordet. Hv- først i eit ord finst ikkje på nynorsk. Likevel er det visse ting du må merke deg:

Nye vegar til nynorsk.indb 25

03.10.13 14:53


26

formverket

• Skilnaden mellom bruken av kvar og kor: Kvar kan vi bruke berre når vi spør om stad: Kvar bur du? Kor kan vi bruke om både grad og stad: Kor stor er han? Kor bur han? • På bokmål kan vi skrive: «I byen hvor jeg ble født, …» I slike samanhengar kan vi ikkje bruke kvar eller kor på nynorsk. Då må vi setje inn der i staden: «I byen der eg blei født.»

Oversikta ovanfor viser at vi kan uttrykkje bokmålsorda hvilken/hvilket på fleire måtar: Kva dato er det i dag? Kva for kjøt(t) skal eg velje? (kva slag) Kva slags oppgåve skal eg svare på?

Vi legg til ein, ei, eit, nokre når vi vil konkretisere noko som vi kan telje: Kva for ei bok skal eg velje? Kva for nokre eple skal eg kjøpe?

Oppgåve 21

Set inn rett spørjeord.

Ho spurde han skulle snakke med. Jenta spurde meg om langt det var til stasjonen. Staden ho fann hunden, er rett utanfor byen. Han peika ut sykkel som var hans. Dei lurte på eg likte meg på den nye skulen. Ingen spurde meg om eg skulle ha. Den byen eg budde før, ligg på Austlandet. Refleksivt pronomen

Det refleksive pronomenet heiter seg. Det har lik form i eintal og fleirtal: Ho kom seg. Dei kom seg. Resiproke pronomen

Resiproke pronomen uttrykkjer gjensidige forhold. Nynorsk har to resiproke pronomen: kvarandre og einannan: Per og Kari elskar kvarandre/einannan.

Nye vegar til nynorsk.indb 26

03.10.13 14:53


formverket

27

Determinativ Determinativ er ord som knyter ei nærmare bestemming til eit substantiv, for eksempel huset mitt, dette huset og nokre hus. Vi deler determinativa inn i tre grupper: eigedomsord, peikeord og mengdeord. Eigedomsord

Eigedomsorda blir bøygde i kjønn og tal: Eintal

Person

Hankjønn

Hokjønn

Fleirtal Inkjekjønn

1. person

bilen min

hytta mi

huset mitt

bøkene mine

2. person

bilen din

hytta di

huset ditt

bøkene dine

3. person

bilen hans

hytta hans

huset hans

bøkene hans

bilen hennar

hytta hennar

huset hennar

bøkene hennar

bilen sin

hytta si

huset sitt

bøkene sine

1. person

bilen vår

hytta vår

huset vårt

bøkene våre

2. person

bilen dykkar/

hytta dykkar/

huset dykkar/

bøkene dyk-

dokkar

dokkar

dokkar

kar/ dokkar

bilen deira

hytta deira

huset deira

bøkene deira

3. person

Eigedomsorda står vanlegvis etter substantiv i bunden form: bilen min. Om dei står framfor substantivet, er det for å markere eigedomsforholdet ekstra sterkt: Det er mi klokke, ikkje di. Oppgåve 22

Set inn rett eigedomsord.

Han fortalde Kari at han hadde møtt bror (til Kari) på bussen. Bøkene (til elevane) låg igjen heime. Kan de ta med dykk/dokker bøkene i morgon? Oda fortalde at bilen (til Oda) var stolen. Gutane fortalde at skia (til gutane) stod framfor huset.

Nye vegar til nynorsk.indb 27

03.10.13 14:53


28

formverket

Peikeord

Peikeord peikar ut substantiv. Nokre av dei blir bøygde i kjønn og tal. Hankjønn/hokjønn

Inkjekjønn

Fleirtal

den bilen / den jakka

det huset

dei bilane

denne bilen / denne jakka

dette huset

desse bilane

Etter den, det, dei, denne, dette og desse bruker vi i regelen bunden form av substantivet. Det kallar vi vi dobbel bestemming eller dobbel binding. (Sjå meir om dobbel bestemming på side 35.) Andre peikeord er begge, båe og same. Dei blir ikkje bøygde. Mange synest det kan vere vanskeleg å halde båe og både frå kvarandre. Men mens båe uttrykkjer det same som begge, er både ein konjunksjon som blir nytta i uttrykk som «både ung og gammal» og «både ros og ris». Er du i tvil, er det beste å halde seg til begge. Mengdeord

Mengdeord uttrykkjer mengd på forskjellige måtar. Dei ubundne artiklane høyrer med til denne ordklassen, med forma ein ved hankjønnsord, ei ved hokjønnsord og eit ved inkjekjønnsord: ein gut, ei jente, eit barn. Nokre mengdeord blir bøygde i kjønn og tal: Hankjønn

Hokjønn

Inkjekjønn

Fleirtal

all

all

alt

alle

annan

anna

anna

andre

ingen

inga

inkje

ingen

mang ein

mang ei

mangt eit

mange

nokon

noka

noko

nokre/nokon

Nokre/nokon bruker vi når det er meir enn éin av noko: «Han skulle kjøpe nokre/nokon bøker.» Men når vi uttrykkjer spørsmål eller nekting, kan vi berre velje nokon: Møtte du nokon? Eg tviler på om nokon kjem. Ho hadde ikkje sett nokon.

I staden for ingen (osv.) kan ein skriva ikkje nokon – ikkje noka – ikkje noko – ikkje nokon.

Nye vegar til nynorsk.indb 28

03.10.13 14:53


formverket

29

Mengdeordet ein, som svarar til en/man på bokmål, har du særleg bruk for i allmenne utsegner der subjektet ikkje er bestemte personar. Ordet folk kan også ha denne funksjonen: Ein skal ikkje tru alt ein høyrer. Ein må rette seg etter lovene i landet. Folk seier så mangt.

Oppgåve 23

Set inn mengdeord i rett form. (Fasit på side 175)

jenter frå Danmark. av dei hadde vore i På campingplassen møtte vi Noreg før, men dei kjende mange som hadde vore her. Dei spurde om vi visste om stad der dei kunne leige syklar. Det hadde dei høyrt at hadde gjort. Vi sa at dei måtte spørje eigaren av plassen, for han visste sikutleigestad i nærleiken. Om ettermiddagen spurde vi om kert om det var dei hadde funne ut men dei svara at visste . Neste dag ville dei prøve å fiske i elva, men dessverre hadde dei fiskelykke. av dei fekk så mykje som eit napp.

Nye vegar til nynorsk.indb 29

03.10.13 14:53

Profile for Cappelen Damm

Nye vegar til nynorsk  

Formverket

Nye vegar til nynorsk  

Formverket