Norsk som andrespråk: Utdrag

Page 16

18  innleiing forsøker å identifisere og beskrive språklege og ikkje-språklege faktorar som påverkar både prosessen og utfallet, til dømes prosessar relaterte til opplæringa (The Douglas Fir Group, 2016, s. 19). Prosessen det blir vist til i denne beskrivinga, er ikkje ein prosess, men fleire ulike prosessar som skjer samstundes, og der fleire ulike typar faktorar samhandlar med kvarandre. Det er snakk om kognitive prosessar, språklege prosessar og sosiale prosessar (Wong-Fillmore, 1991) som er knytte til både individuelle og kollektive faktorar. Denne boka inneheld kapittel som kastar lys over aspekt ved alle desse delane, og mange kapittel har element frå fleire av dei nemnde prosessane. Somme av artiklane prøver å forstå andrespråkslæringsprosessen, eller delar av han, ut frå eitt eller fleire teoretiske perspektiv, og somme artiklar beskriv korleis innlærarar i ulike aldrar utviklar norsk som andrespråk innanfor forskjellige område i språket. Somme artiklar ser nærare på enkeltfenomen eller enkeltfaktorar, og somme diskuterer korleis ein gjennom didaktiske praksisar kan støtte og forstå andrespråks­læringa til barn, ungdom eller vaksne. I tillegg rommar denne boka også artiklar som fokuserer på metodiske perspektiv ved sjølve forskinga. I boka har vi ordna kapitla etter kva for føremål dei har, og vi kan rekne med fire ulike typar føremål. Dei første kapitla gjer greie for korleis ein kan forstå andrespråkslæring ut frå eitt eller fleire ulike teoretiske perspektiv. Deretter følgjer kapittel som tek føre seg korleis eit særskilt språkområde veks fram i andrespråket, og forskinga i Noreg på det området. I den tredje bolken har vi samla kapittel som har eit didaktisk fokus, og til slutt kjem kapittel som diskuterer metodebruk i norsk andrespråks­forsking. Føremåla er delvis overlappande og fleire av artiklane kunne vore plasserte i meir enn ein del av boka. Dei seks første kapitla i boka har tyngdepunktet i eitt eller fleire teoretiske perspektiv eller presenterer eit fenomen i læringa av eit andrespråk. Denne delen opnar med ei teoretisk oversikt over det internasjonale forskingsfeltet av Lars Anders Kulbrandstad og Else Ryen i kapittel 1 «Hvordan læres et andrespråk?». Forfattarane skil mellom tre hovudretningar, behaviorisme, kognitivisme og sosiokulturalisme. Den første, behaviorisme, har lita tilslutning i dag. Dei aller fleste tilnærmingar plasserer seg innanfor ei kognitivistisk eller ei sosiokulturell forståingsramme. Som forfattarane gjer greie for, er spennet innan­for kognitivismen og sosiokulturalismen stort og omfattar tilnærmingar som har ulike svar på grunnleggande spørsmål, til dømes dei generativt orienterte og dei bruksbaserte, som begge er rekna inn under kognitivismen. Forfattarane går særleg inn på fem sentrale tema i forskinga og viser korleis desse vert handsama og forstått innanfor ulike teoretiske perspektiv. Kulbrandstad og Ryens kapittel

100637 GRMAT Norsk som andrespraak 180101.indd 18

19/11/2018 15:03


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.