Litteraturdidaktikk Norsklæreren 3/2017

Page 1

82

N0RSKLÆREREN • BOKMELDING

LITTERATURDIDAKTIKK Atle Skaftun og Per Arne Michelsen Cappelen Damm Akademisk 2017

INVITASJON TIL FAGFELLESSKAP Litteraturdidaktikk har lenge har vore ein godt etablert vitskapeleg disiplin i Tyskland, og innføringsbøker med ordet «Literaturdidaktik» i tittelen finst det fleire av. Atle Skaftun og Per Arne Michelsens Litteraturdidaktikk er eit steg på vegen fram mot ei større vitskapeleggjering av feltet i Norden (jf. Kaspersen, 2012).

HALLVARD KJELEN Førsteamanuensis ved Nord Universitet hallvard.kjelen@nord.no

Litteraturdidaktikk er førebiletleg komponert som ein einaste lang invitasjon inn i ein fagfellesskap. I del 1 av boka blir nettopp omgrepa fag, faglegheit og fagleg praksisfellesskap presenterte, og tanken om at elevar og studentar skal inviterast inn i det litteraturfaglege, er grunnleggjande for heile boka. I del 2 leier forfattarane lesaren i handa og viser og modellerer korleis ein kan lese, analysere, tolke og skrive om litteratur. Lesaren får til og med vere med så langt inn i ekspertlesarens verkstad som bokmediet tillèt. Gjennom å trykke (meir eller mindre?) autentiske margnotat får lesarane eit blikk inn


#3 2017

i det som elles ikkje er synleg i litteraturundervisninga: lærarens ustrukturerte førebuing og tenking med penn i hand. Dette eit særs godt forsøk på å gjere eksplisitt det mange litteraturlærarar kan og gjer, men ikkje alltid seier eller viser til elevane og studentane sine. I del 2 får vi òg ei innføring i nokre grunnleggjande litteraturvitskapelege omgrep. Dei er, i tråd med den didaktiske grunnhaldninga til forfattarane, ikkje presenterte systematisk, men tekne inn i tekstanalysar der dei kan vere til nytte for å opne tekstane opp. Del 3 inneheld kapittel som tek utgangspunkt i dei didaktiske grunnspørsmåla kva, korleis og kvifor. Kvifor-spørsmålet er overraskande knapt omhandla, men gjev likevel ei skisse til ei

«Gjennom å trykke (meir eller mindre?) autentiske margnotat får lesarane eit blikk inn i det som elles ikkje er synleg i litteraturundervisninga: lærarens ustrukturerte førebuing og tenking med penn i hand. Dette eit særs godt forsøk på å gjere eksplisitt det mange litteraturlærarar kan og gjer, men ikkje alltid seier eller viser til elevane og studentane sine.» sterk legitimering av litteraturundervisninga. Korleiskapittelet gjev mellom anna nokre fine og etterlengta argument for kvifor også det å skrive skjønnlitterært kan vere ein fagleg aktivitet i skulen. Kva-kapittelet er langt frå noko forslag til kanon. Her drøfter forfattarane derimot nokre overordna måtar å tenke på omkring utval. Sjølv om dei fleste døma i boka er skjønnlitterære, og det dei skriv helst har størst relevans for dei tradisjonelle skjønnlitterære hovudsjangrane, tek Skaftun og Michelsen utgangspunkt i eit utvida litteraturomgrep. Forfattarane har ikkje gått djupt nok inn i diskusjonen omkring kva sjangrar og teksttypar som høyrer inn under litteraturundervisninga, og dei lener seg i for stor grad på det litteraturomgrepet som ein kan lese ut av den noverande læreplanen for norskfaget. Både eit totaliserande, eit smalt og eit utvida litteraturomgrep blir drøfta, men drøftingane er ikkje grundige nok, og kon-

klusjonane er ikkje heilt overtydande. Om ein slår opp i ei mykje bruka tysk innføringsbok (Leubner, Saupe og Richter, 2016), ser ein at dette spørsmålet er drøfta på ein ganske annan måte. Medan Louise Rosenblatt (1995) såg føre seg lesing som ein transaksjon mellom lesar og tekst, grip Skaftun og Michelsen til ein heilt annan metafor når dei skal forklare kva fagleg lesing er: å opne teksten. Slike metaforar gjev av og til litt ulike assosiasjonar. Medan transaksjonen til Rosenblatt kan gje assosiasjonar til kjøp og sal, er det samstundes klart at ein transaksjon konnoterer gjensidigheit. Metaforen «å opne ein tekst» gjev denne lesaren assosiasjonar til kirurgi. Til ein viss grad er assosiasjonen relevant for ein del av litteraturarbeidet, og kirurgisk presisjon er ikkje nokon dårleg eigenskap for den gode lesaren. Samstundes manglar gjensidigheita som ligg i transaksjonsomgrepet. Kirurgen og pasienten har heilt ulik status. Det leseomgrepet som Skaftun og Michelsen legg til grunn, er fagleg og trygt forankra i litteraturvitskapen. Lesing er først og sist ein kognitiv aktivitet som skal føre lesaren fram mot større forståing. Dette utgangspunktet verkar både rett og godt i denne samanhengen, men eg saknar ein noko breiare diskusjon av kva lesing, ikkje minst litterær lesing, er og kan vere. Rita Felski argumenterer i Uses of Literature (2008) for at den meir kvardagslege bruken av litteratur òg bør vere gjenstand for litteraturvitskapen. Dermed kan til dømes omgrep som fortrylling og sjokk vere relevante for å forstå kva litterær lesing kan vere. Litteraturlæraren treng ei brei forståing av kva lesing er som bakgrunn for ei fagleg litteraturundervisning, og ikkje berre ei forståing av lesemåtar med røter i nykritikken eller andre litteraturvitskapelege skuleretningar.

LITTERATUR Felski, R. (2008). Uses of Literature. Malden: Blackwell publishing Kaspersen, P. (2012). Litteraturdidaktiske dilemmaer og løsninger. I Ongstad, S. (red.). Nordisk morsmålsdidaktikk. Forskning, felt og fag. Oslo: Novus forlag Leubner, M., Saupe, A. og Richter, M. (2016). Literaturdidaktik. Berlin: Walter de Gruyter. Rosenblatt, L. (1995). Literature as exploration. New York: The Modern Language Association of America

83


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.