Issuu on Google+

VANG ARBEIDERPARTI Program for valperioden 2011 – 2015

Vang Arbeiderparti vil som hovudoppgåve ta vare på dei arbeidsplassane me har i kommunen, og medverke til at nye kjem til, slik at Vang kommune blir ein attraktiv kommune å flytte til! Me synes det er svært viktig at naturen og kulturlandskapet i Vang vert teken vare på, ved aktiv bruk i primærnæringa vår. Me ynskjer å støtte opp om kulturimpulsar som bruker naturen som arena.

”Vang Arbeiderparti ynskjer å vera på tilbodsida, ved å føre ein aktiv politikk for saker som er viktige for folket i kommunen, slik at Vang kommune fortsett å vera ein god kommune å leve og bu i”.


NÆRINGSLIV • • • • • • • • • • •

Ta vare på eksisterande arbeidsplassar i alle næringar (landbruk, reiseliv osb.) Aktivt støtte etablering av nye arbeidsplassar mellom anna ved å føre ein offensiv næringspolitikk Støtte opp om etablering av binæringar til landbruket (gards- og stølsturisme, småskalaproduksjon, småkraftverk osb.), slik at etablerte næringar får fleire føter å stå på Stimulere og støtte tiltak mot attgroing av kulturlandskapet (levande gards- og stølsdrift, rydding av vegtrasear og turvegar/stiar – Valdres Natur og Kulturpark osb.) I samband med E-16 utbetring, sjå til at det vert lagt til rette for infrastruktur til næringsområda Støtte opp om vidare utvikling av masterplan for Tyin/Filefjell området Støtte opp om vidare utvikling av Grindafjell området Støtte opp om bygging av leilegheitsbygg for utleige til fastbuande Halde fram med Regionsamarbeid i Valdres, og auka samarbeidet med Indre Sogn Leggje til rette for spreidd busetnad, og sørgje for at det er attraktive bustadtomter i alle krinsar Byggje ut vatn og kloakk til bustader og hytter der det ligg til rette for dette. Jobbe for å opprette ei vaktordning for kommunal vatn og kloakk

HELSE- OG SOSIALSEKTOREN • • • • •

Oppretthalde ambulanseteneste med base i Vang kommune Framleis ha eit godt tilbod til menneske med særskilte behov Fortsette arbeidet for å opprette ein frivilligsentral, og støtte dagtilbodet til eldre Oppretthalde tannhelsetilbod i Vang Begrense bruken av deltidsstillingar

SKULE OG BARNEHAGE • • • •

Oppretthalde barnehagar i alle krinsar Vang Arbeiderparti vil arbeide aktivt for at skulepolitikken fører frem til eit langsiktig mål for skulestrukturen. Me vil legge vekt på kvalitet i skulen, og eit balansert tilbod i kommunen Oppretthalde eit godt tilbod i kulturskulen og SFO Arbeide for eit auka lærling tilbod i kommunen

VEGAR OG SAMFERDSEL • •

Arbeide vidare med planlegging av gang- og sykkelveg frå Mjøsvang til Øvre Dalen Arbeide vidare med planlegging av gang- og sykkelveg frå Ryfoss sentrum til Vangsnes


• • •

Oppfølging av planlagt og påbegynt utbygging og rassikring av E16 gjennom Vang/over Filefjell Sikre naudsynt vedlikehald og ein rimelig opprustning av dei kommunale vegane Arbeide for at Fylkesveg 53 Tyin-Årdal vert halden kontinuerlig vinteropen

KULTUR • • • • •

Primært la kommunen sine tilskotsordningar gå til barn og unge for å vidareføre eit godt tilbod Arbeide vidare med mål i kommuneplan for idrett Støtte kinodrift og nærradio Støtte opp om ”Innovangsjon” og nettportalen vangivaldres.no Støtte arbeidet med Vang Turlag

VANG ARBEIDERPARTI VIL VIDARE: • • •

Arbeide for å auke inntektene og redusere utgiftene til kommunen Oppretthalde skatt på verk og bruk Følgje opp og vidareutvikle ein aktiv seniorpolitikk

i Valdres vil i fellesskap gå inn for å: • • • • • •

Oppretthalde trykk på samferdsel, slik som opprusting og trafikksikring av E16 og fylkesvegar. Fagernes lufthamn. Planlegging og utarbeiding av rasteplassar Vidareutvikle tilboda ved Valdres Distriktsmedisinske- og distriktspsykiatriske senter Arbeide for kvalitet i barne-, ungdoms-, og vidaregåande skule. Framleis sikre desentralisert høgskuletilbod Støtte opp om festivalar og store idrettstilskipingar i regionen Støtte og følgje utviklinga til arenasøknaden til Valdres ”Gode liv i Valdres”


Partiprogram for Vang Arbeiderparti