Page 1


Sivert N. Nesbø

Som eit barn


© CAPPELEN DAMM AS 2015 ISBN 978-82-02-47981-7 1. utgave, 1. opplag 2015 Omslagsdesign: Grim Erland Lyng Svingen Sats: Type-it AS Trykk og innbinding: Livonia Print, Latvia 2015 Satt i 11,2/14,5 Sabon Medieval og trykt på Munken Print Cream 80/1,5 Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel. www.cappelendamm.no


Til Ida


Det blir kveld, og himmelen har letna. Eg går ut i den klåre angen og ser vatnet mørkne mot himmelen medan ei stille legg seg over oss. Du står på tunet når eg kjem, og saman går vi vidare, inn mellom trea, over tuene, tenkjer på isjøklar på greinene, på rim over lyngen, ein ange frå det som er, og frå det som enno ikkje er. Ei natt, ein kveld, ein morgon, eit liv, så blir det igjen kveld. No står bjørkene strake mot himmelen, med vassdropar på dei berre greinene.


I Skarven


Det var seint i juli, og tåka som låg over sjøen var lett og gjennomtrengd av lys. Inne i furuskogen, i dimma under dei høge trekronene, pilte eit ekorn langs ei grein, gjorde eit hopp, og landa lydlaust i det næraste treet, før det fortsette oppover og ut av syne. Den eine guten, som heilt sidan dei forlét syklane oppe i vegen hadde småsprunge etter den andre, heldt auga feste på punktet der ekornet hadde forsvunne, medan han rende gjennom skogen, som om han fullt og heilt trudde at ekornet ville komme til syne att, berre han greidde å halde staden fast med blikket. Då dei like etterpå kom fram til skogkanten, og gav seg i veg ned den steinete brekka mot sjøen, spurde han den eldre bror sin: Såg du det vesle ekornet der oppe? Broren, som bar ein stor ryggsekk, såg ikkje på han, men fortsette nedover eit stykke, liksom i sine eigne tankar, før han stogga ved ein rusta jernbolt som var slått inn i fjellet, og snudde seg mot guten. Var det noko spesielt med det? Det var så lite, sa den yngste. Så lite? Ja. 9


Det var berre det, spurde den eldste. Det var berre det at ekornet var så lite? Den yngste nikka. Det hadde ikkje vore noko anna enn det, det var berre det at ekornet hadde vore så lite, han ville fortelje. Den brune pelsen hadde lyst så fint, tenkte guten, og under buken hadde det hatt ei tynn, kvit stripe. Men mest av alt var det det at ekornet hadde vore så stilt, tenkte han. Så fullkomme stilt hadde det hoppa, svevd gjennom lufta og landa att. Han hadde ikkje høyrd ein lyd. Den eldste guten snudde seg utan å seie noko meir, og heldt fram med å gå ned brekka. Då dei kom nærare fjæra, og naustet der nede, såg dei solspelet som fór over treborda på den kvite veggen, spegla av dei små, nesten umerkelege rørslene i vatnet. Den eldste av dei sette seg på ein stokk i støa, opna sekken og tok ut eit løp som han la på steinen ved sida av seg. Han stakk hendene ned i sekken igjen og drog ut ein kolbe og eit sluttstykke. Til sist løfte han ut eit belte med patroner. Så byrja han å sette geværet saman. Går du berre inn og gjer klar båten, sa han, utan å snu seg mot den andre. Så kjem eg og hjelper deg om ein augneblink? Den yngste nikka og gjekk opp til naustet. Han løfte av den grove slåa framfor naustdørene og la den i graset inntil veggen. Den andre guten sat krumbøygd eit lite stykke bortanfor og fikla med sluttstykket på geværet. Treng du hjelp, spurde den yngste. Han skjønte ikkje kvifor broren ikkje kunne vente med å sette saman geværet til dei hadde fått båten på sjøen. Den andre såg berre raskt på han, og vende merksemda attende til det 10


han heldt på med. Det klikka holt då sluttstykket glei på plass, og han drog det ut att før han la geværet frå seg og gjekk med raske steg opp mot den andre. Dei opna naustdørene og såg den halvkvelvde båten på stokkane der inne. Den yngste guten gjekk inn og gav seg til å skuve mot bakparten, medan broren tok tak i eit tau som var fest i baugen, og byrja å hale. Så drog dei båten ned gjennom støa, til han låg med størsteparten av skroget i vatnet. Broren gjekk opp att til naustet og henta årene, før han lukka dørene og vende attende til båten. Skal du ikkje legge på plass slåa, spurde den yngste. Det er vel ikkje naudsynt, svarte den eldste. Pappa legg henne alltid på plass før han går ut, sa guten, og såg på bror sin. Utan å vente på at den eldste skulle ombestemme seg, eller seie noko meir, byrja han å gå opp mot naustet. Du får ta med deg ausa når du først er der oppe, då, sa broren. Den yngste opna naustdørene og såg seg om etter ausa. Han fann henne under vindauget, stengde dørene og la slåa på plass før han gjekk ned att. Den eldste broren hadde alt lagt ryggsekken og geværet på den bakarste tofta, og oppe på den grøne jakka si hadde han plassert patronbeltet. Det lyste blankt og underleg i hettene som stakk fram frå lêrbandet. Han såg kvikt på den yngre broren, og stod med begge hendene på ripa, som om han var utolmodig og klar etter å komme seg av garde. Hopp oppi no, så skuvar eg deg frå, sa han til bror sin, og den yngste gjorde som han sa. Han smatt oppi bå11


ten og fram i framskuten, og tok til å buksere tiljene på plass med den eine støvelen. Den eldste broren skuva båten rumlande nedetter dei sleipe stokkane, og heilt ut på vatnet, og den yngste greip etter ripa då dei endeleg kom fri, og duva fram og attende i krappe rørsler, medan båten glei ut på vågen og let små, plogande bølgjer breie seg ut i kjølfaret. * Dei hadde rodd heile formiddagen ute mellom øyene, og no låg dei i kvar sin ende av den vesle båten og skoda døsige ut etter dagen. Den lette tåka som hadde lege over øyene og sjøen på morgonen, hadde kvorve bort i sollyset. No låg sjøen still framom dei, mellom dei og landet, og mellom holmane og øyene og skjera som stakk opp frå han. Det anga frå båten og grasvollane ovanfor berga, og den lette stilla vart berre broten av lyden av tiljene som ein gong imellom vart skuva til sides, når den yngste ville sjekke kor mykje vatn som var komme inn. Det ser ut som han har trutna godt, sa han til bror sin, og den andre nikka. Dei vart liggjande og kvile vidare med bakhovudet mot kvar si side på båten. Sola stod høgt på himmelen, og den yngste tvinna tankelaust på nokre trevlar som han vurderte om han skulle spleise. Det var faren som hadde vist han korleis det skulle gjerast tidlegare den sommaren, og han hadde likt at faren såg på han når han gjorde det. Det hadde vore eit biv i det, ei glede, som når læraren gjekk rundt mellom pultradene og såg at han sat der og jobba. Han skjønte det 12


når han vart sett på. Han skjønte at læraren likte at han sat slik for seg sjølv og greidde det. Men det var ikkje det same når ein ikkje vart sett, då rann liksom noko av gleda vekk. Og det var ikkje det same med kven som såg på ein heller. Han sleppte tauenden ned i dørken, og lente bakhovudet og ryggen mot båtsida. Han kjende kor sola stod i andletet. Dei vogga varsamt fram og attende, og det var godt berre å liggje slik og kvile. Etter ei tid tok den eldste av dei til å rette på enden på beltet sitt, og han skifte stadig stilling, som om han ikkje riktig greidde å liggje roleg. Til slutt sette han seg opp og strauk handa nokre gonger over auga. Deretter kleiv han opp på tofta og sette årene på plass i gaflane. Kva gjer du, spurde den yngste. Den eldste svarte ikkje med det same, men heldt fram med å skuve årene heilt på plass, slik at avstanden var eins på kvar side av båten. Med ryggen til broren, som framleis låg nede i dørken, sa han: Eg tenkte berre vi kunne ta og prøve oss litt på utsida. Den yngste stokk då han sa dette, men han fekk ikkje samla seg til å seie han imot. Han visste kva faren hadde sagt til dei, at dei ikkje hadde noko der ute å gjere, og han hadde heller ikkje tenkt seg at dette var noko dei kom til å freiste, sjølv om han visste at det var betre sjanse for å komme på skarv der ute. Han såg på bror sin, som gløtta attende på han. Er du redd, spurde han, og frøste lågt. Utan å vente på at den yngste skulle ta til motmæle, 13


let han årene søkke ned i vatnet og skauv ifrå, så det skvalpa i den vesle dammen som hadde samla seg i kjølrenna. Nei, det var ikkje redsle han kjende, det var noko anna, noko som det var vanskeleg å seie med ord. Han såg føre seg faren, på kjøkkenet og i framsetet på bilen, korleis han lente overkroppen framover og lét underarmane kvile mot knea. Det lysnar, hadde faren sagt stilt, og morgonen hadde vore grå rundt dei. Men det hadde vore ei bråheit i stemma hans òg, noko guten ikkje skjønte kvar kom frå. Kva var det han hadde spurt om like i forvegen? Hadde det vore noko gale? Med eitt kom han til å tenkje på ekornet han hadde sett den morgonen. Det hadde vore noko med den stilla. Kor det hadde lyst i pelsen då det fauk mellom greinene. Kor han hadde sett etter det vesle dyret, der det hadde forsvunne – Han høyrde det klukka mot skroget når båten saug seg gjennom vatnet og glei utover mot dei skimrande øyene der ute. Han sette seg opp og kvilte haka på ripa, kjende kor den svake trekken strauk over nakkehåra, og over panna som var varm etter å ha lege lenge i sola. Han strekte handa ned i vatnet og sprikte med fingrane. Om ikkje anna kom ikkje faren til å få greie på at dei hadde vore utanfor, tenkte han. Ikkje med mindre dei fortalde det sjølve. Likevel var det noko i han som ikkje ville sleppe taket. Broren rodde med sterke tak, og båten følgde ei jamn, nesten samanhengande rørsle gjennom vatnet. Dei runda dei ytste holmane og såg staken som markerte skjera ved innløpet stikke opp frå vassyta, liksom forankra i inkje. 14


Då båten glei forbi, og den rustne staken kom inn i synet til den eldste, sa han: Det ser ut som floa er nær på det høgste no. Då får vi kanskje vind når vi skal heim att. Han snudde seg over skuldra og møtte blikket til den yngre broren. Guten visste ikkje kva han skulle svare, så han vart sitjande og sjå på han til broren vende seg attende og la seg på årene. Han streta på den eine sida, så båten la seg noko over, og heldt fram med å ro langsmed landet på dei ytste holmane. Der inne vaks det gras mest ned i vasskanten, og lenger oppe på vollane var det enkelte klynger med tre: nokre puslete einer, ei og anna rogn, men mest småbjørk, som sto i trassige og eigenrådige klynger bortetter hyllene som gav livd for vinden. Det suste svakt i det tette bladverket, og når sola skein på greinene, vrimla blada mot himmelen, som om dei hadde sine eigne liv. Den eldre broren sette føtene mot tiljene, lente seg på og skauv ifrå, og båten heldt god fart bortetter landet. Då dei hadde rodd så langt at dei ikkje lenger kunne sjå jernstaken som markerte innløpet til vika, stogga broren og let årene henge i gaflane, medan det sildra frå blada og ned i vatnet. Berre ein gong hadde den yngste broren vore med faren aleine her ute. Han hadde komme og vekt han tidleg i grålysninga, med ei hand mot kjaken, og før guten hadde sett seg opp i senga, var faren på veg ut døra att. Han stiltra seg opp og falda dyna varsamt til sides, utan å vekke den eldre broren, som låg i senga ved sida av. Andletet hans var slett, som om han framleis var i svevnen, men likevel var det noko ved den avmålte stilla 15


i pusten som stakk seg fram i rommet. Nede på kjøkkenet hadde faren sett ein termos på bordet. Geværet stod ved utgangsdøra, saman med to dorger i ei bøtte og den blåskjefta kniven. Faren la dei siste brødskjevene i ein plastpose og falda han saman. Vi tek frukosten i båten, sa han, og la brødposen ned i sekken saman med termosen. Ute på tunet hadde faren hengt fram klede over kvar sin stolrygg. Han tok kleda under armen og rekte bylten over til guten, før dei gjekk saman opp etter gangvegen, faren fremst og guten etter. Så stilt det hadde vore den morgonen, tenkte guten, det hadde vore haust, og berrfrost på dei slake markene, men han hugsa ikkje anna enn lyden av støvlane mot grusen og kleda som gnissa mot kvarandre. Så stilt det hadde vore, heile den morgonen, ikkje ei rørsle i trea, ikkje eit vengeslag nokon stad. Til og med bilturen hadde vore still, sjølv dørene som small, båten som glei over stokkane i støa, årene som heva og senka seg i sjøen. Så tom båten hadde verka når det berre var dei to som var i han. Når det berre var dei to som sat der, han i framskuten og faren på den midtarste tofta, med årene i hendene. Kor heldig han hadde kjent seg då, der han sat med andletet mot bakhovudet og ryggen til faren. Kor heldig han hadde kjent seg, han som var aleine med faren, som rodde dei ut, utan at han trong å dele det med nokon av dei andre. Den eldre broren reiste seg og trakk årene inn så dei skramla mot tiljene. Han gjekk bak i båten og dumpa ned på den attarste tofta. 16


Vil du ro litt, spurde han. Det kan eg godt, sa guten. Det er eit lite innsmett her borte, sa broren. Der kan vi ro inn. Den yngre guten tok årene i hendene, og førte dei ned i sjøen. Dei var framleis varme etter grepet til broren. Litt fram, og så inn mellom bergskortane der borte, sa broren og peikte med den eine handa. Guten såg seg raskt over skuldra og gav seg til å ro. Den eldre broren lada geværet med ei patron, skauv sluttstykket på plass, og sette på sikringa. Han la geværet i fanget og kvilte olbogane mot knea medan han keik inn mot holmane. Den gongen guten hadde vore aleine her saman med faren, hadde det ikkje vore han som hadde sete på den bakre tofta med geværet over beina. Det var faren som hadde rodd heile vegen, og geværet hadde lege støtta opp mot tofta heilt til dei steig i land på ein av holmane. Det hadde vore tynn is på pyttane innetter flatene, og stundom sklei dei glatte solane hans unna, så han slo knokane raude mot berget. Faren hadde berre ledd av han då, og han hadde kava seg opp og fortsett vidare, bestemt på at det ikkje skulle skje igjen, at han ikkje skulle falle fleire gonger. Han hadde ikkje villa vise faren at det verkte i knokane, at fingrane hadde vorte slåtte slik at dei ikkje lenger lét seg rette ut utan at det stakk oppetter armen. Han heldt det inne i seg, vernd, som innanfor eit gjerde, hadde han tenkt. Og faren hadde heller ikkje sagt noko. 17

Profile for Cappelen Damm AS

Som eit barn av Sivert N. Nesbø  

I sin nye roman viser Sivert N. Nesbø frem det storslåtte i vanlige menneskers skjebner. Vi følger en familie i deres arbeid og samvær, hvor...

Som eit barn av Sivert N. Nesbø  

I sin nye roman viser Sivert N. Nesbø frem det storslåtte i vanlige menneskers skjebner. Vi følger en familie i deres arbeid og samvær, hvor...