__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1


Drankarar og galningar Dikt i utval


Knut Ă˜degĂĽrd

Drankarar og galningar Dikt i utval

Utval ved Endre Ruset Etterord av Steinar Opstad


ISBN 978-82-02-48788-1 1. utgave, 1. opplag 2015 Omslagsillustrasjoner: Arne Nøst Omslagsdesign: Elisabeth Vold Bjone Sats: Type-it Trondheim Trykk og innbinding: Livonia Print, Latvia 2015 Satt i 11/13,5 pkt. Sabon og trykt på 115/1,5 Munken Print Cream. Materialet i denne publikasjonen er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Cappelen Damm AS er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov eller tillatt gjennom avtale med Kopinor, interesseorgan for rettighetshavere til åndsverk. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar og inndragning, og kan straffes med bøter eller fengsel. www.cappelendamm.no


Innhald

Biesurr, laksesprang (1991) Drankarar og galningar 7 Vår 10 November, storm 12 Der mitt liv stig skimrande fram 14 Januarkveld, frostklår 15 Saksene 16 Kinomaskinist (1991) 1. OSKE, DRAUMAR 17 Syrleg 18 Oske 19 Noko spreider seg 20 I ein kjellar 21 Grep 22 Gardiner, trapper 23 Skåp 24 Regn 25 Drøymt 26 Regn. Draumar 27 Gud i vatn 28 Mangel 29 Sjukehus, munnar 30 Tåke, snorer 31 Omriss, mønster 32 2. TID, DRAUMAR 35 Lia 37 Nærmar meg 38 Tida 39 Borte 41

Fyk 42 Signal 43 Då 45 Leidningar 46 Språk tid 48 Morgongry.Ring 50 Skjeløyd 51 Nesten svart 52 Fluge 53 3. FILM, KROPPAR 55 Orm 57 Morgon.Still 59 Oktober 60 Dei 62 Kinomaskinist 63 Han 65 Paul Briksi? 66 Grønt 70 Størst 71 Alt dette 72 Film 74 Buktale (1994) Vindu, vidt ope 75 Gutemusikken 77 Onkel 79 Undersøkjing 80 Lyden av vatn 83 Romet 85 Porselen 87 Suksesjon 88


Missa (1998) Salutatio 91 Kyrie 95 Gloria 105 Credo 113 Sanctus 121 Agnus Dei 129 Stephensen-huset (2003) Kringsjå 136 Lilleknut 143 Blending 144 Arv 146 Blått 148 Dødsluft 150 Stephensen-huset 152 Vi vandra bikubane ut dit 158 Embryo 161 Blindpunkt 163 Omriss og lys 165 Bonde 168

Judas Iskariot 171 Det blomstra så sinnsjukt (2009) Grøn stær 189 Pappa 192 Heime 198 Om syner, røyster 200 Det blomstra så sinnsjukt 206 Skrift av lys 209 Februar 212 Stjernekart 214 Stormen over Smålands skogar 217 Tranene drog forbi 222 «Han er i fugl» – Noen linjer i Knut Ødegårds diktning Steinar Opstad 238


Drankarar og galningar

Drankarane, med flotte namn som Konrad eller Adolf, dei heldt seg i utkanten av Molde by. Stundom dreiv songen deira med vinden mot oss: Gamle schlagerar eller triste bedehussongar um kross og blødande sidesår. I utkanten flakka òg dei galne ikring, Lundli t.d. som ein gong hadde teke middelskulen: Um netene hogg han og saga i store tre, lyden skar seg inn i svevnen til oss born, blanda seg med draumar um å flyga yver hustak eller draga store fiskar upp frå tjern som myrkna endelaust nedyver Ein dag var krossen hans ferdig, Lundli gjekk seint i sine kvite laken gjennom Storgata med den veldige krossen yver ryggen. Etter han fylgde drankarane, Konrad, Adolf og dei andre, og so ein skokk med born: Eg heldt stramt um kastanjen frå kyrkjegardstreet i lomma. Lundli ropte i ljos tenor og fistel DU SKAL TAKA DIN KROSS UPP OG FYLGJA MEG SEGJER HERREN! Ordi hans fauk som eld mot Konrad og Adolf, dei store drankarlippene deira svara: Fylg meg, segjer Herren! Og Halleluja! Og Halleluja! Dei kvite hendene deira dansa som venger i lufti

7


Pinsletoget passerte hotell Alexandra. I vinstova stod dei rosa andleta til soparar og gamle fråskilde i vindauga: I rus ramla soparen Jens i rutete seljardress og slips ned trappene frå hotellet og slutta seg til toget. Gamle blikkenslagar Hansen, fråskild i tretti år, med hjarta fullt av spytt frå sine eigne born, kom seint glidande etter i sin krøllete altfor tronge bryllaupsdress og dissande mage: Gjekk hakk i hæl med galningen Lundli som song FYLG MEG FYLG MEG SEGJER HERREN FOR DEI FRISKE TRENG IKKJE TIL LÆKJAR MEN DEI SOM ER SJUKE AV SYND KOM ALLE KOM DE SOM HEV SYNDA og ut frå kaia kom gamle jenta Karen skranglande mager, ho som vart seld for eit spann øl og som kjende byens bukseknappar glidelås betre enn dei lystige syerskene: Ut frå skur og kaikloakken kom ho flaksande inn i toget Galningen Lundli var nær ved å siga saman under den veldige krossen han hadde skore og snikra saman i lange myrke netter, hamra fast med rustne spikrar etter tyskarane. Langt burtefrå kom djupe drøn og lyn skar yver himmelen: No gleid toget inn på torget og skyene stod tett yver drankarar og galningar, born og soparar og fråskilde og tvilsame kvinner som ropte halleluja! pris Herren! i det dei fyrste regndropane skvatt mot Lundli, hans blanke skalle. Der var soknepresten møtt i svart og politi i full mundur og pleiarar i kvitt tok hand um Lundli: Stakk sprøyter i han då han ropte gjennom regn og vind PRIS HERREN ALLE SYNDARAR FOR HANS NÅDE YVER NÅDE TAK KROSSEN UPP FYLG HERREN. So bleikna han og kvarv i ambulansen medan Konrad og Adolf heldt krossen støtt i uvêret i Molde by

8


Soknepresten steig i svarte klede upp på margarinkassa til Lundli på torget: Gå heim! baud han, dette er villfaring, sjukdom, ja forrykte sinn. Jesus meinte ingen ting bokstavleg med sitt snakk um krossar, symbolsk var det og tenkte byrder, ropte presten ut frå kassa til den galne. Då brast himmelen yver Molde by og lyn skar gjennom myrkret som ei logande pil mot kyrkjetårnet: Klokkene sette i å fossringja, ja jordi skalv og som ein Noa-flaum kom regnet no. Eg surkla heim i store støvlar, for ´ snarvegen yver kyrkjegarden, snappa med meg kastanjene som flaut i sine grøne skal frå grav til grav og etter brødskiver med margarin og sirup kom natti med sine draumar til oss born og galningar og syndarar: Vi flaug utan venger yver byen, steig skrått som eit fugletrekk med galningen Lundli og hans kross i brodden, steig mot ein himmel der store fiskar sprella fram frå botnlause djup avmyrker

9


VÅR

Vår! Vedunderlege gamle ord for milde vindar ifrå sør når alle takrennene i byen hev gurgla seg håse av regn og søle skvett til himmels (og mot meg!) frå gule bussar gjennom byen: Underbukser laken utstrekte som triumferande faner i vinden frå mors snorer, støvletid og demningar som brest, ei syndflod rasar ned langs Moldeelva, styrtar ut i fjorden slik veldige kvalar blæs sine strålar til himmels og glid med store hjarto djupt ned i isvatnet. Å barndoms vår! Du kjem med milde vindar mot mors reine ty på snorene og faldar klesplagg ut som kjempestore frimerke: Dei store raude eller grøne frå Spania som stod skrått, kvar er min barndoms frimerkesamling? På loftet i mors gule hus um våren er dei, upp gyngande trapper, stabla burt med andre gamle draumar i det tynne loftsmyrkret: Vassfargane mine, løvsaga med kryssfiner og herbariet mitt med den kvite olavsstakeblomen som eg fann i skogbotnen av min pubertet (fuktig jord og ormegras, tynne fingrar under bregnene). No

10


kjem våren for fullt med sine store kjensler! Frimerkehjarta (det store, det på brev langt burtefrå) spring trappene, dei svingar krappt og gyngar upp mot loftet av min barndoms hus: Opnar loftsvindauga og milde vindar ifrå sør stryk lysande mot min barndoms draumar. Fuglesong bryt inn og snart brest eg, som den gamle bjørki i hagen, ut i svimlande grøn jubel

11


NOVEMBER, STORM

November. Stormen kom og rykte laus eit tak som kvervla ut i natti, skrått det fauk og femten kyr stod remjande i snøen. Eit hønsehus vart lyfta upp i himmelen og sende ei brusande kakling ned yver oss. Det fossringde i kyrkjeklokker: Ringjaren hekk i taug og snorer, frå sjøen bles nokon i myrke tåkelurar. Kyrne vart slakta i hast, hønene skvatt ikring med avhogne hovud: Blod og is, i 1960. 15 år var eg då denne myrke jubel møtte meg: Stormen som grenselaus vilje gjennom natti, håse brøl frå havsdjupet og vengene som skreik i lufti. 15 år då ein barndom ramla overende, drukna i Syn av vilje undergang liv død. Drukna i desse augo, kjære, som ser på deg når du kler av deg mot kvelden. Ute stig ein vind som den gong: Veks mot natti, grip um huset vårt. Hudi di lyser mot meg. Kjære! vår elsk

12


lyfter ein barndom fram, ja meir: I våre lysande kroppar bur den same jubel av undergang og livsvilje, forvandling, som i all skaping, som når veldige myrke stormar fyk gjennom Universet, stjerner sprengjest og nye lysande fødest! November. Kjære, vår elsk i tynne hus når denne storm av vilje rasar gjennom oss! Vi er den myrke jubel av fødsel og død! som blod og vind gjennom våre kjærteikn, som lyfter fram store klokker frå sokne byar i havet, som løyser sol-oksen ut frå gløymde helleristingar og let han tordna inn i nye verder … Tak kvervlar ut i natti, det blæs i myrke tåkelurar: Stormen kjem!

13


DER MITT LIV STIG SKIMRANDE FRAM

Brunnen, hugsar eg frå barndomen og ormen i graset, og frå bestemors hus det kvite mjølet under svarte lôk. Og bestefars død, då vi kyssa han til avskil, so mager i si kiste. Og torevêret, himmelbrannen og brått: regnet 13 år. Og liggja ved barndomens forbodne brunn, aka seg fram mot det lokkande botnlause der mitt eige andlet skimrar i yta, og so: regnet regnet som piska mot andletet i brunnen, brunnlôket eg gløymde kvelva yver, det ville tân barbeint i sleipt gras der ormen bukta seg, hjarta som hovslag gjennom det myrke landskapet, flerra upp av kvite lyn og piska saman att av myrkt regn stupte eg inn i bestemors hus av mjøl og død! Bestefars død i si kiste fatta eg fyrst i brunnens bilete, hans brostne augo vidt uppsperra, til ein Vaksen stengjer augnelôki att. For alltid att! Døden under eit brunnlôk som nokon brått svingar upp, igjen og igjen, yver eit botnlaust myrker av hemmeleg vatn i mine draumar kjærteikn dikt der mitt liv stig skimrande fram

14


JANUARKVELD. FROSTKLÅR (Molde 1955)

Januarkveld. Frostklår. Is-singling tynn som våre guterøyster i myrkret: Rattkjelkegjengen hev kravla upp til Kringsjå, min oldefars bruk høgt upp under stjernene, og sklid ut! Gneistar fyk i romet når meien møter sandkorn, rattkjelken skrår seg ut, spinn rundt rundt, siglar eg baklengs ut i svart glatt-is med hovudet millom nordljos og stjerner ut i svimle djup av stjerner og natt: Det Endelause tordna gjennom meg, oldefars bruk skleid skrått ut i romet, kvarv yver alle åsar men settest ned att, stjerneskimrande. Stjerneskimrande kjem de imot meg, fykande i myrkret høgt yver Molde by: Mathias, Ole Bjørn, Rune, min barndoms rattkjelkegjeng som høyrde Gud pusta millom nordljos og stjerner, som såg oldefars bruk sigla ut i det endelause romet, som såg våre kroppar skimra av hemmeleg ljos i myrkret ein januarkveld året -55, i Molde by.

15


SAKSENE

Saksi klipper. Klipp klipp og håret fyk frå småguten, raudblondt mot kvelden. Den veldige farmor legg saksi ned, hentar lime og brett: Sopar håret saman og kverv ut i åkrane, under den tunge månen. Grev kvart hårstrå djupt ned i jordi. Klipp klipp, segjer saksene. Klipp all verdsens sakser under vår gule måne. Men gløym ikkje åkrane, den myrke varme jordi. Men den veldige farmor er død. Farmor død! Og de hev gløymt jordi, klipper ustanseleg klipper ustyrleg små fuglehjarto fiskegjeller menneskehjernar, strør ut yver våre uppklipte byar avklipte grender pest pest: gulna minne, innturka draumer (som sniglar i støv) avstumpa tankar (som utpilla rotne augo). Klipp klipp klipp, kaklar dei sinnssjuke saksene: – Fort fort, no, fortare, for enno er her mykje å klippa, draumar minne, ørsmå frø som dett djupt nedi jordi med draumen um veldige, susande tre yver småborn med raudblondt, syngjande hår i vinden. Klipp klipp

16

Profile for Cappelen Damm AS

Knut Ødegård Drankarar og galningar  

Kunt Ødegråd vert 70 år og vi feirer med å gi ut eit utval av hans dikt: I utval av Endre Ruset og med forord av Steinar Opstad.

Knut Ødegård Drankarar og galningar  

Kunt Ødegråd vert 70 år og vi feirer med å gi ut eit utval av hans dikt: I utval av Endre Ruset og med forord av Steinar Opstad.

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded