__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1


Kjersti Kollbotn

Isbrann


© CAPPELEN DAMM AS 2014 ISBN 978-82-02-45206-3 1. utgave, 1. opplag 2014 Omslagsdesign: Elisabeth Vold Bjone Omslagsfoto: Hans Kollbotn Sats: Type-it AS, Trondheim 2014 Trykk og innbinding: Livonia Print, Latvia 2014 Satt i 10,5/13,5 pkt. Sabon og trykt på Munken Print Cream 80/1,5 Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel. www.cappelendamm.no


Dørhengslene knirkar då han er på veg ut. Han stansar, fører døra forsiktig fram og tilbake, lyttar. Knirkinga kjem frå den øvste hengsla. Lyden var der ikkje for eit par timar sidan då han var oppe for å stelle dyra. Han snur og går inn i gangen att, opnar døra ned til kjellaren. Trappa pip sjølv om han prøver å stige lett på dei tynne plankane. Nede i halvmørket fer fingrane hans bortover verktøyhylla han har snekra, leitar etter sprayflaska med låsolje, som han veit skal vere der. Flaska finn han attom ein rull hyssing, under eit flak sandpapir. Han ristar den vesle metallbehaldaren, høyrer det skvulpar. Lukta av olje fyller nasen då han trykkjer ned det sylinderforma, kvite hovudet på toppen av flaska og sprayar begge hengslene. Litt av væska renn nedetter dørkarmen, og han brukar eine ermet på kjeledressen til å tørke av med. Så fører han døra fram og tilbake på nytt, gliser då ho glir lydlaust mellom nevane hans. Den frosne jorda knasar under støvlane bortetter tunet. Nede frå bygda kan han høyre klangen frå kyrkjeklokkene. Klokkene ringjer til samling om Guds ord, samstundes står sola over Dugurdstinden, då er klokka ti. Bygda er enno stille, berre ein og annan bil susar forbi 5


på riksvegen. Ikkje før klokkene tek til å ringje på nytt, om ein halv time, brukar dei første å finne vegen til kyrkja. Som oftast er det berre nokre få sjeler som forsvinn inn den høge døra. Sjølv går han aldri dit. Siste gongen han var innom eit gudshus var i gravferda til mora. Det var uansett ikkje i kyrkja nede i bygda, det var medan han budde i byen på andre sida av fjellet. Med hendene djupt i lomma på kjeledressen frå Felleskjøpet går han opp låvebrua. Det er glatt under gummisolane, og for kvart steg sklir han litt bakover på den tynne ishinna. Vel oppe stiller han seg breibeint innved låvedøra, løftar kroken ut av krampen og slår begge dørene til sides og går inn. Overgangen frå det sterke snølyset i februarsola, til rommet under skråtaket innafor, gjer det vanskeleg å sjå. Men han veit kvar han skal setje føtene, veit at etter ei stund vil auga hans ha vant seg. Elektromotoren durar då han koplar inn straumen. Med den vesle kosten kostar han vekk spon og sagmugg som ligg att etter siste økta i går. Den friske angen av høvelflis gjer han oppstemt. Han har ein heil søndag fylt med godt arbeid framfor seg. Så trykkjer han på startknappen og set sirkelsaga i gang. Sagbladet snurrar rundt akslingen med halve bladet til ei kvar tid synleg opp gjennom det rektangulære, avlange hòlet i sagbenken. Han likar larminga, likar dei kvasse, korte kvina som kjem kvar gong bladet skjer igjennom trekjøt. 6


I dag står hesjestaur og gjerdestolpar på arbeidslista. Når våren kjem, skal han gjerde rundt kulturbeitet slik at han kan ha hesten og sauene gåande der. Og til sommaren skal han hesje og produsere eige tørrfôr for første gong. Siste året har han traska rundt både på innmark og i utmark og leita etter einer, eit trevirke som toler væte og fuktig miljø over lang tid. Han treng mange hundre stammar, truleg oppimot tusen. Og dei må vere nokolunde beine, slik at han kan strekkje gjerdenetting og hesjestreng etter. Han har også samla i hop stammar av treslag som bjørk, rogn, selje og or. Ikkje like gode tresortar til formålet, men han kan ikkje vere kresen, må bruke det han finn. Først lèt han sirkelsaga gjere grovjobben, deretter brukar han øks for å forme spissen til. Arbeidet går lett, og haugen av ferdige stolpar og staurar veks i raskt tempo. Han arbeider seg varm og tørst. Bortunder skråtaket, innmed veggen, har han plassert eit lite hybelkjøleskåp. I det har han sett inn eit par sekspakningar flaskeøl. Han veit han ikkje bør drikke når han arbeider med saga, men han er lukkeleg, og når han er lukkeleg, vil han drikke, vil toppe den gode kjensla. Med drivet han har i dag vil han også rekke å sage til bord til ny kledning på låven. Det er sørveggen han må skifte til sommaren. Vêr og sol over mange tiår har tært på materialet, og det er begynt å morkne. Han vippar korken av med øksa og set tuten mot leppene. Den første slurken legg seg godt i munnen og nedover i svelget.

7


Då han til saman har handtert rundt tretti emne og stabla dei i eitt lad med staur og eitt lad med stolpar, rettar han ryggen, ser nøgd på resultatet. Deretter tek han med seg ei trekasse og ei ny ølflaske og går ut på låvebrua og finn plassen sin i sola. På brua vert han sitjande med haka heva. Vippar på kassa, lèt blikket fare utover landskapet. Utsynet mot naturen her vest overveldar han. Enno kjenner han seg ikkje heilt heime i dette terrenget der fjell, fjord og dalar liknar ryggsovande dyr med oppspretta buk og med labbane som nutar mot himmelen. Han dreg pusten gjennom nasen, slepper ut ein fis som sig varm mellom låra, lèt flaska henge slapt i nevane mellom knea. Rapar. Strekkjer seg. Under brua ligg skytesteinen hulter til bulter i ei røys. Steinane vart før nytta til surfôrpress, dei vart lagde oppå håa i siloen, etter at det først var lagt eit dekke av brukte kraftfôrsekkar og fjøler oppå. Då han var på synfaring av småbruket før kjøpet, var det den yngste sonen til avdøde Ottar og Elisa i Brattbakken som hadde vist han rundt og fortalt om både skytestein, mjølkemaskinoppheng, reiskap og anna han ville vite. Sonen fortalde at bøndene ikkje lenger brukar stein som silopress, no brukar dei vasspølser eller sandsekkar og dekkeduk i polyester, elles går det mest i rundballar, hadde han forklart. Det er to år sidan han kjøpte småbruket med det litt nedsarva syttitalshuset og den gamle låven med fjøs under, tårnsiloen, bøane og beitemarka. Han lèt blikket fare utover fjorden og dalen. Frå låvebrua kan han telje sytten elvar. Seksten sideelvar som stuper bratte i store og små fossefall ned frå fjella. Fire 8


på kvar side av fjorden og fire på kvar side av dalen innover mot breen. Sideelvane som kan skrumpe inn og fryse til i vinterkulden, for så å gå sund, rivne og sende brøl utover bygd og menneske i vårløysing. Den syttande elva buktar seg lat og mektig, sving på sving igjennom sletta frå dalbotnen under bretungene, mot munningen inst i fjorden. Ho drikk seg stor og melkegrå av breen. Ho er grumsete, er open, vid og tek imot og tek imot, famnar alt som vil fylle henne, svelgjer unna og fraktar bort, som skulle ho vere ufylleleg, utømmeleg. Når reisa er slutt, spyttar ho alt ut i fjorden. Ho kjem frå isen. Ho er eit plutseleg brådjup. Ein marbakke. Nede i bygda er gudstenesta over, dei første kyrkjegjengarane kjem til syne i døra. Nokre går rett til bilane på parkeringsplassen, andre stansar opp og vert ståande saman ei stund. I dag tel kyrkjelyden toppen tjue. Etter kort tid har alle sett seg i bilane og forsvunne. Berre eitt køyretøy står att og blenkjer i det sterke skinet. Det er presten sin bil. Om ti–femten minutt vil også han kome ut, gå med raske og bestemte steg bort til bilen, setje seg inn, rygge, for deretter å svinge til høgre og ut på hovudvegen og bli borte. Han reiser seg frå kassa, svaiar ørlite og går mot døropninga att. Låvebrua er knapt to meter lang og tre meter brei. Den dagen då brua vart støypt, og enno medan betongmassen var blaut, før herdinga hadde teke til for alvor, har nokon brukt ein pinne eller kanskje ein spikar og laga riller i dekket for betre feste. 9


Og ute i eine hjørnet av brua, lengst inn mot veggen, ligg ei stivna barnehand. Fingrane spriker, og tommelen står nitti grader ut. Anno 1952 står det under. Av og til tenkjer han på barnet. Kvar vart det av, det som la att neven sin her? Neven som han trakkar på når det høver seg slik. I dag trakkar han ikkje. Inne ved saga legg han på nytt treemne etter treemne mot sagtennene. Skalk etter skalk kappar han av ved stammerota, så plasserer han enden på hoggestabben og kvessar med øksa, formar spissen til slik at han skal gli lett ned i marka og forhåpentlegvis stå støtt. Store delar av garden er skrinn jord med grunnfjellet i dagen her og der, synleg som berg og knausar. Men stolping og stauring skal han nok få til, tenkjer han og høgg så flisa fyk. Kvart hogg løftar han som i ei rytmisk glede. Berre av og til bommar han på stammen og treffer hoggestabben eller treffer med for stor vinkel slik at han høgg av for mykje virke. Solskinet sildrar inn sprekkene mellom plankeborda på gavlveggen. Han treng ikkje lenger drøyme seg vekk. Han er her han vil vere. Gardsarbeidet skal tørke ut det som flyt i han og gje han fast grunn å stå på, skal bysse han roleg.


Lyset i låvedøropninga flyttar på seg. Han veit det er henne. Det er slik ho kjem. Stiltrande. Han snur seg ikkje. Ventar berre på at ho skal kome heilt inntil bakfrå, legge dei tunge og faste brysta mot han. Ho løftar håret hans i nakken. Blæs mot huda i hårfestet der han er sveitt etter arbeidsøkta. Fingrane hennar dreg seg som ei vifte opp bakhovudet, så lukkar ho neven og strammar til, samlar dei lange krøllene i ein snurr, bøyer han til sides og legg tunga si mot halsen hans, under øyret. Låven og brua er hans plass. Og hjellen, som han i starten kom i skade for å kalle låveloftet, er hans plass. No veit han at det heiter låvebrua inn på hjellen. Slik skal det snakkast. Høyrer han godt etter, læt lyden frå dei som har budd her før. Han høyrer at dei spring og prustar. At dei ler, at dei syng, bannar, snakkar mildt, kavar rundt eller kviler på ein stol i solveggen. Ser at einkvan ligg under tuntreet, den store hengjebjørka, og stirer opp i lauvverket, opp i blå himmel, tyggande på eit strå stukke inn mellom leppene, lettliva i sommarkvelden, forelska, 11


kanskje. Rundt husa er det folksamt, både gamle og småungar stabbar omkring. Ustøe. I lag. Fillete og fattige. Han veit aldri når ho dukkar opp. Er det her du er, kan ho seie. Kjem du inn snart? Frys du ikkje? Så flink du er, men no må du ikkje bli for ivrig. Ho stiller spørsmål og kommenterer i eitt køyr og stansar rett framfor han, heng på eine hofta og granskar han på sitt vis med håret som ei stor såte i det dimme lyset. Eller ho kjem heilt inntil, som no, og klemmer brysta sine mot han, vrir hovudet hans til sides, dreg tunga nedetter den blottstilte halsen. Det er han som bestemmer over låvebrua og hjellen, og så kjem ho med sjølvsikre steg over rillene, over barnehanda, innover dei grove golvplankane med gliper imellom, stega hennar fram til han i halvmørket. Ho skal ikkje stryke på han her, sleikje han, ikkje hendene hennar i håret hans, ho som ørlite hardhendt klyp han lett i kjaken, neven hennar som løftar haka hans, halvvegs tvingar ansiktet hans opp mot sitt. Og så kyssar ho kysset sitt. Som kyssar ho eit barn. Så mjukt at han kvepp. Som om han trakkar på laus stein, som gjev etter for steget hans i ei ur. Så er ho med eine handa ned i kjeledresslomma og klemmer rundt kjønnet hans, og kjønnet som veks og sender han i ubalanse, gjer at han vil berre la seg falle mot henne og inn i henne.

12


Like plutseleg som ho kom, går ho sin veg, slepper brått taket i han og voggar mot dagen der ute. Med ryggen til seier ho det er mat om ein halv time. Når ho går frå han slik, søkk han alltid saman, som har ho fortært kreftene i han. Han ropar lågt ut døra, lyttar etter stega hennar, men ho kjem ikkje tilbake. Bøygd framover sagbenken, strekkjer han handa rundt sagbladet og nedunder treplata, finn brytaren, trykkjer. Deretter trekkjer han ut støpselet. Sagbladet held fram med å rotere ei stund. Så vert alt stille. Han legg det sist ferdige emnet i ladet og går ut, stengjer låvedøra og set kroken i krampen.


Ute på brua stoggar han. Eit skylag har trekt innover frå kysten og gjort den tidlege ettermiddagen dunkel. Det ryk frå pipene nede i bygda, utelamper og gatelys har kome på. Det ryk også frå pipa på våningshuset, og det er lyst i kjøkkenet. Han kan sjå henne drive roleg mellom benken, komfyren, kjøleskåpet og kjøkkenbordet. Ei lukkekjensle gys gjennom han, og han vil triumfere augneblinken med å vippe ytst på låvebrukanten. Forsiktig lèt han støveltuppane skli framover. Dyttar foten i sikksakk mot underlaget lenger utfor kanten, først den eine, så den andre. Små pip slepper ut mellom gummisolane og den islagde betongen. Eigedomen hans strekkjer seg frå den kommunale vegen og oppover mot tregrensa, fordelt på fem parsellar. Han har bøar, åkrar, kulturbeite, fjellbeite, skogteigar og ei elv. I tillegg har han hest på stallen og drektige søyer i fjøset. Og henne. Han har henne som er nær han med det faste og tunge juret. Han held pusten. Ser ho på han no? Han vil ho skal sjå på han. Han vil vise seg fram for henne. 14


Han vinkar. Handa streifar panna. Som gjev han honnør. Han lèt handa falle. Vert ståande og granske neven sin. Fingrane hans har blitt kraftigare, merka av gardsarbeidet. Rundt hudkanten mot neglene og i hudrynkene ved knokane har han mørke render. Inne i handflatene har blemmer blitt til harde knutar. Han likar å stryke over den harde huda når han sit på kontoret. Ein kollega, som hadde lagt merke til denne strykinga, hadde spurt om han sat og gnura fram mannen i seg, om han hadde eit manneprosjekt på gang, eller om det berre var slik katt-og-kaniner-greier han dreiv på med der oppe i bakkane. Det gode liv på landet, liksom, hadde ho ledd og dulta han kraftig i skuldra. Irritasjonen hadde flamma opp, hardare enn han var førebudd på. Dultet han gav tilbake fekk jenta ut av balanse, og ho slo låret inn i ein bordkant. Kjøkkenglaset vert opna på vidt gap, ho lener seg ut og ropar at maten er klar. Ho har den lette stemma. Ho har skifta til den grøne kjolen, den som får henne til å strutte. Håret hennar flyt utover i karmen. Kor langt frampå kan han stå utan å falle? «Kjem du?» Han trekkjer seg tilbake frå kanten med eit hjarte som dunkar, dunkar så hardt at det verkjer. Han kjem. Han kjem alltid. Småbruket inst i fjorden hadde han funne på nettet. Dagen etter dukka jobben i kommunen opp. Dette var sjansen hans, og ho hadde ikkje vore negativ, tvert imot, det var som om ho hadde gått og venta på at noko 15


slikt skulle skje, at dei skulle bryte opp og starte på nytt. Det var slik han likte å tenkje på det. At også ho lengta etter noko anna. At dei var to som lengta. Alt hadde ordna seg på ein og same dag: Kjøpekontrakt, dei to breva i postkassa med tilbod om jobb, han på byggjesakskontoret og ho som hjelpepleiar på sjukeheimen. Gåande over tunet planlegg han entreen inn i huset, inn i kjøkkenet. Tenkjer ut kva han skal seie. Korleis han skal oppføre seg. Om han hadde hatt ein hund, ville den ha dansa rundt han no, han ville ha sett seg på huk og stukke hendene inn i varm pels, ville ha teke hunden sitt hovud tett mot sitt eige. Saman skulle dei gå inn, og hunden ville snuse på henne, og ho ville vere god mot dyret, god som ho er mot dei gamle. Ein border collie skulle det vere, ein gjetar til sauene. Ein ivrig og mager hund som samlar flokken, som spring, legg seg ned, klistra til bakken, som bråvender og henter den eine sauen, utbrytaren, tilbake. På tv har han sett korleis desse kloke og rastlause skrottane jobbar. Vil han kunne meistre ein kvikk collie? Han ser seg sjølv og hunden sitjande side ved side på låvebrua: Det er mai, bakkane er grøne, svalen stuper, linerla neiar på muren, sauene er sleppte ut på innmarka og er snart klare for fjellet. Det er han og Konge, collien i kvitt og svart. Han vil gjere alt rett når han går inn. Først stille av med støvlane og kjeledressen, så på med dongeribuksa 16


og T-skjorte. Kulemagen hans bular enno litt over beltet, men arbeidet har slanka han, stramma han opp. Nøgd med det han ser inne i spegelen, opnar han døra til kjøkkenet.


Nattkulda heng framleis skarp og klar over garden då han tek til på måndagen. Han vil nytte det gode arbeidsvêret i skogen. Ei hinne av nysnø ligg over bøane. Under har vinteren tela jorda etter veke på veke med berrfrost, frå seinhaustes til langt utpå nyåret og med temperaturar lågare enn det vanlege er her vestafjells. Denne delen av landet er mild, er grøn. Er ein stillfaren plass. Ein plass for å vere langsam, ein stad for stille forflytting langsetter smale striper og hyller mellom fjell og fjord, ein stad for å klatre fjellovergangar mellom langstrekte bygder, mellom dalar og botnar. Vakre og varme i den lyse årstida. Grå og aude i den mørke. Men av og til vrenger naturen om og gjev menneska ein skikkeleg dask over nakken slik at dei ikkje skal gløyme kven det er som bestemmer. Då kan kampesteinar skyte ut frå berga ni hundre meter oppe i fjellsida og dundre nedover mot dei små og tynne liva ved fjorden, og vinden kan vekse seg hard gjennom tronge korridorar og slå inn heimar og sende takheller utover markene, som var dei av kartong. Og regnet kan presse seg saman i tjukke, blåsvarte skyer og kome sigande innover land frå havet, opne seg og fylle elveløp og bekkefar, fylle stikkrenner og grøfter og få alt til å rase og sige: Steinar, jord, 18


tre og busker, grus og sand, av og til heile hus og bygningar, sige ut og på skeiva nedover og utfor skråningar, utfor stup og skrentar, medan menneska så vidt bergar seg unna. Når slikt vêr herjar, går han ut for å vere under himmelen. Bøyer seg mot blåsten og drevet, står og blandar seg i naturen. Han går langs elvar og bekkar, lèt seg sluke, studerer kreftene i vatnet som fossar og grev, som skummar gult og er brunt av jord og grus, av humus. Han ser etter tre som har mista festet, som har lagt seg på tvers i elveløpet med rota gapande som ein svart, rufsete kjeft. Demmer opp. Ligg som ein propp, lagar ein dam som kan breste. Når han står slik i duren frå vêr og vind, fell drønninga frå vatnet i takt med drønninga inne i han. Han står og kjenner seg levande. Bakken som dirrar under det tjukke gummiet i solane på Viking-støvlane. Greiner skjelv i drefset utover elvebreiddene. Han som forsvinn inn i elva si rørsle, står ventande: Han skal bli i eitt med kreftene, med suget. Elvevatnet si djupe, murrande røyst minner om lyden av bison, i flokk over amerikanske sletter, slik han har sett det på film og i dokumentarar. Han rislar medan han går over tunet. Han gler seg til ein dag i skogen. Han må hogge tjue famnar ved for å vere på den sikre sida i fall fyringssesongen vert lang. Over førti kubikk, kanskje i overkant, men han vil ikkje vere den som har tom vedskjå medan skogen hans står til inga nytte. Rundt hundre middels store tre skal han felle. Det blir eit halvt tre i omnen kvar dag i to hundre dagar. Han skal bruke bogesaga. Han gjorde det i fjor vinter og pådrog seg skade i underarmen, i år er han sterkare og i 19


år har han hest som kan dra fram stokkane. Førre året slepte han ein og ein stamme etter seg, festa som ein pulk til hoftene. På veg mot stallen kjenner han seg stolt over kva han har fått til. Jorda er godt stelt. Fem sauer i fjøset og hest har han skaffa. Stallen har han bygd ny innåt garasjen. Til sauene har han sett i stand deler av fjøsbygningen. For nesten tre månadar sidan, ein av dei første dagane i desember, henta han hesten frå bygda på andre sida av fjellet. Ho er ei åtte år gamal merr som heiter Hillary. Merra fekk det namnet då ho var fole, eigaren var begeistra for Hillary Clinton fordi fru Clinton var lita og sterk og stod igjennom sigarar og anna styr som hadde kome til syne i det kvite huset på andre sida av Atlanteren. Ingen hadde bruk for merra lenger. Han kom tilbake utpå kvelden, svinga hestevogna inn på tunet. Så hadde han rygga Hillary ut og leidd henne inn i stallen. Dagen hadde vore perfekt. Kvelden også. Sissel hadde teke den grøne kjolen på, var oppstemt og i humør, kom ut og var snill mot hesten. Inne hadde ho gjort kveldsmaten klar, fyr i omnen, kaldt øl. Etterpå hadde han sovna trygg og lukkeleg. Heretter vart dagane berre gode. Som om Hillary var ein milepåle. Tida før og etter Hillary. No kan han gå i stallen og vere hos henne om ting vert vanskeleg. Sjølvsagt kan han vere hos sauene, men det er ikkje det same. Sauene er ikkje kapable slik som Hillary. Sauene er meir opptekne av andre ting. Meir opptekne av kvarandre og om han kjem med blanding av mjøl og 20


grovsalt eller lauvkjerv. Reiser seg på bakføtene og strekkjer hals når han stikk greinene inn gjennom sprinklane. Dei nappar til seg lauvet med leppene, kvernar det med tennene inn i munnhola. Dyra skal stellast før han går i skogen. Høybuntane har han liggande på låven. Høyet har han kjøpt hos kvinna som selde han hesten. No har han staur, no skal han produsere eige høy frå eigen grunn: timotei, kløver, iblanda litt engsvingel. Han har lese seg fram til kva frøblanding som kan vere bra for hest, og for sau, og kva blanding som vil ha beste vekstvilkår med tanke på klimaet i fjorden og jordsmonet på småbruket. Litt har han snakka med erfarne bønder i bygda, dei eldste, og mest med gamlingen ute ved fjorden, han som har drive på den gamle måten og som enno hugsar metodane og knepa. Ein teig har han halde open for potet, gulrot, nepe, kålrot. Til sommaren skal jorda bogne. Han skal pløye, plukke stein, harve, kalke, så og hauste, lagre og ta vare på. Ingenting får gå til spille. Hendene hans djupt i molda. Og berrføtt vil han gå, og la jorda tyte opp mellom tærne sine, legge seg mjukt rundt hælen. Han vil fylle nevane og legge nasen nedi. Inne i han vil det boble stort og hardt når han fyller hjellen, kjellaren, låven, kjøkkenet. Og ho skal bli stolt av han. Han skal setje seg midt i avlinga, han skal føre grøda til ansiktet og mot himmelen. Det er slik han ser det for seg, korleis allting blir, når tida kjem. Høybunten han har henta frå låven dett frå kvarandre då han kuttar bandet som held bunten saman. Kniven put21


tar han tilbake i slira. Hillary tek til å ete med ein gong. Ho stikk mulen ned i høydungen i krubba, nikkar med hovudet som ho brukar gjere og tygg med store, seige rørsler. Faren skulle ha sett han no, med kniv og greier, sett korleis han reiser byggverk, korleis han restaurerer og byggjer om, sett kor dyktig han er blitt til å reparere, og mora ville ha vore stolt av at han har fått lag med dyr, forbausa over styrken i kroppen hans, at han har opparbeidd musklar som kan utføre arbeid. Faren hadde døydd spontant i samanstøyten med vogntoget og lét familien sitje att med spørsmål om det låg eigen vilje bak. Døden skal ikkje kome slik, døden skal kome meir kontrollert slik at det siste farvelet får ein fin plass. Faren hadde avslutta livet idet fronten på bilen hans trefte fronten på køyretøyet. Det var rått parti, glapp det ut av legen. Å dø spontant er eit uttrykk han sjølv har funne på. Mariann har sagt det er vulgært å snakke slik. At han ikkje skal snakke om bestefaren på den måten. Ho var femten år då det skjedde, no er ho snart tjueein, og han snakkar ikkje høgt om faren lenger. I fleire månadar etter krasjet plaga det han at han ikkje kunne hugse kvar han hadde vore, og kva han hadde gjort akkurat den augneblinken faren kreperte. Tidspunktet hadde han omtrent på minuttet. Mora var derimot heilt sikker. Ho hadde sete ute på balkongen, drukke to-kaffien og lese avisa. Ho hadde lese om ein mann som hadde hoppa ut frå tredje etasje for å kome 22


unna ein brann. Han slo seg ikkje i hel, sa ho, det tykte ho var underleg, så mange meter ned. Søstra kunne nesten vere like nøyaktig. Ho hadde vore på Ikea for å kjøpe ei skohylle og eit par tekrus ho skulle ha til gåve. Om ho hadde gått frå Hylleavdelinga og inn i avdelinga for Hygge og Kos, visste ho ikkje heilt. Kanskje ho hadde vore midt imellom. Det var ikkje så nøye, sa ho. Eg var i alle fall på Ikea. Ho hadde smilt noko mellom trist og flautt, som om det å vere på Ikea var ein malplassert og stussleg stad å vere akkurat då ho vart farlaus. Men han hadde inga aning. Etter lunsj, dødsdagen, hadde han sett seg ned for å lese igjennom ei byggjesak til underskriving. Etter dette visste han ikkje. Han kunne ha stått ved printeren, eller vore på veg til printeren, lagt i nytt papir i skuffa, henta meir kaffi, lese ein e-post, sete på do. Kanskje han hadde sete på do? Det var ein ubehageleg tanke. Kanskje han akkurat hadde drege papir frå rullen, bretta i hop, lagt saman doble lag tørk, bøygd seg lett framover, hælane opp, tåballane hardt i golvet som motkraft, ført høgre handa bakover og ned mellom rumpa og ringen, bukselinninga med beltet rundt, stramt like over knea. Han kunne eventuelt ha vore ein finare stad då faren gjekk bort. Ute i solskin, liggande på ein tjukk og frodig plen i ein park, sett opp i lufta, sett kvite skydottar sige forbi, ligge der i fullstendig ro, med armane bak nakken og beina i kors. Ei massiv hjerneblødning slo mora ut berre eit par år etter bilulukka. Dei snakka alltid om det som ei ulukke, viljestyrt eller ikkje. 23

Profile for Cappelen Damm AS

Isbrann av Kjersti Kollbotn  

Knut og Sissel, et par i førtiåra, flytter fra bylivet på Østlandet til et småbruk på Vestlandet for starte et nytt og mer opprinnelig liv....

Isbrann av Kjersti Kollbotn  

Knut og Sissel, et par i førtiåra, flytter fra bylivet på Østlandet til et småbruk på Vestlandet for starte et nytt og mer opprinnelig liv....