Page 1

no 02/2014


INNHOLD

3 M O LO

U TG I T T AV

4 « H OT TA S T » I V E R DA PÅ O F F S H O R E S I M U L E R I N G

Herøy Næringsforum Opplag: 37 000

6 S P E L A R PÅ D E N LO KA L E KO M P E TA N S E N 8 T R U R A L L E V I L FÅ G L E D E AV D E T N Y E H OT E L L E T 1 0 N Æ R KO N TA K T M E D S J Ø F O L KA VA R D E T S O M

A N S VA R L I G R E DA K TØ R Karl Petter Sortehaug

T R I G GA H A N

12 ...., MEN SJØMAN N BLI R EG ALDRI

JOURNALIST

1 4 KO M I G J E N J E N T E R !

Jann Flatval

1 6 S I L J E FÅ R T I N G T I L Å S K J E - H E I LT AU TO M AT I S K 18 SKULLE ALDRI DRIVE MED FISK 2 0 E I T H AV AV D I A L E K TA R O G S P RÅ K

G RA F I S K D E S I G N

22 EIN ARENA FOR ALLE

CANN AS

25 «I DRET TSBAN KEN MØRE» 2 6 I K K J E E I N DAG U TA N F OT B A L L

TRYKK

2 8 E X L E V E L K L A R F O R N E S T E N I VÅ

07 Media

3 0 T I S TO RA R TA Å R I S O R I A M O R I A 3 2 S PA N S K V R I PÅ C H R I S T I N E B O R G

F O R S I D E F OTO

3 4 I N V I T E R E R T I L S A M A R B E I D O M N Y BY D E L I F O S N AVÅG

Kristoffer Nærø Ytterland

visit fosnavaag Herøy Næringsforum Postboks 69 6099 Fosnavåg www.visitfosnavaag.no


«Eit aktivt og variert kultur- og idrettsliv er heilt avgjerande for å kunne vere ein attraktiv region å bu og arbeide i». Banksjef Per Ronald Knutsen sine ord er godt beskrivande for næringslivet si store satsing på å byggje ut kultur- og opplevingstilbod i Herøy, og bakgrunnen for at bedriftsleiarar har strødd om seg med pengar til ulike gode føremål. Mykje hadde vore stusslegare i Herøy utan denne satsinga. No er det nye hotellet i Fosnavåg opna med brask og bram, og vi er midt inne i ein jubelmånad med feiring av den flotte konsertsalen og ein ny kinosal som etter det ekspertane meiner er innafor topp fem i landet når det gjeld bilde og lydkvalitet. Om nokre månader er det Sunnmørsbadet sin tur til å opne dørene og ønskje velkomen til Sunnmøre sitt nye regionanlegg for konkurransesymjing og fritidsbruk. Det nye badeanlegget er magneten som skal få folk til å besøke Fosnasvåg for å oppleve noko heilt spesielt. Symjeanlegget vil også komplettere idrettsområdet i Fosnavåg og gjere det enda meir unikt i sitt mangfald på eit konsentrert område. Ikkje berre direkte gjennom sponsorstøtte og aksjekapital, men i enda større grad med å prioritere opplevingstilbod med langtidsverknad på bruken av RDA-midlane, har næringslivet gjort Herøy til ein betre stad å bu. I denne utgåva av Molo kan du møte folk som på ulike måtar nyt godt av det som næringslivet, og særleg den maritime næringa, har skapt av tilbod og mulegheiter både i arbeids- og fritidssamanheng.

God lesnad! Karl Petter Sortehaug Ansvarleg redaktør


4

«HOTTAST» I VERDA PÅ OFFSHORESIMULERING

Tekst: Jann Flatval Foto: Jann Flatval

Fosnavaag Ocean Academy. Det nye namnet indikerer ambisjonar som går utover det som var

intensjonen med etableringa av eit offshore simulatorsenter i Fosnavåg. Ifylgje styreleiar Bjørn Idar Remøy i Fosnavåg Offshore Simulator As er det mange idear og tankar om korleis det nye opplæringssenteret etter kvart skal utvide tilboda til å femne om havet i vidaste forstand.

OPNINGA AV DET NYE og flotte hotellet i Fosnavåg er naturleg nok litt av ei hending lokalt sett. I ein vidare samanheng hadde Thon Hotell Fosnavåg likevel berre blitt «enda eit nytt hotell» om ikkje det var for dei andre komponentane i hotellkomplekset, og då særleg det fullintegrerte kurs- og simulatorsenteret for offshoreoperasjonar, som gjer hotellet i Fosnavåg eineståande ikkje berre i den lokale samanhengen.

Styreleiar Bjørn Idar Remøy, som sjølv er kaptein, manøvrerer seg inn til riggen på Fosnavaag Ocean Academy.

Frå før finst det berre seks slike fullskala simulatoranlegg «world wide». Fosnavåg-senteret er det fjerde i Norge og skal driftast av Høgskulen i Ålesund i samarbeid med senteret der. Dei fem andre sentera er lokaliserte til Trondheim, Haugesund, Perth, Singapore og Marseille. - Det nye senteret vil befeste Fosnavåg si stilling som ein maritim storby og ein hovudstad i offshoresamanheng, seier Hallvar Ulfstein som er dagleg leiar i Fosnavaag Ocean Academy. Det er venta at simulatorsenteret – det einaste i sitt slag som er integrert i eit hotellkompleks – vil dekke om lag 15 prosent av overnattingskapasiteten ved det nye hotellet. Det nye namnet signaliserer at eigarane har ambisjonar om å utvikle kurskonseptet vidare, og dei syslar med idear om at senteret ikkje berre skal dreie seg om offshore. Ifylgje Ulfstein er det naturleg å tenkje både vindkraft, bølgjekraft og havbruk i senteret sine vidare utviklingsplanar.

- Dette besøket vil forhåpentlegvis gi oss publisitet i dei ulike internasjonale offshoremagasina, seier Ulfstein, som allereie har motteke forespørslar frå utanlandske reiarlag om mulegheitene for å kurse folk i Fosnavåg. FULL FART FRÅ FYRSTE VEKE Det var Bourbon Offshore Norway som fekk æra av å opne ballet med eit såkalla PSV2kurs for 12 av sine sjøfolk. Framover vil det gå slag i slag med ulike typar kurs som senteret kan komponere alt etter kundane sine behov. Fullt belegg fram til jul, og venteliste deretter, fortel at det er eit ettertrakta og populært opplæringstilbod som no er etablert i Fosnavåg. Ulfstein trur det kjem til å bli meir og meir vanleg med kurs som går på definerte operasjonar, og på kritiske operasjonar som som deltakarane skal ut på havet og gjennomføre. Med to bruer, den eine på 180 og den andre på 360 grader, vil det vere muleg å køyre to parallelle kurs i veka ved det nye senteret. Denne kapasiteten trur Ulfstein dei kan kome til å få god bruk for etter kvart. - Interessa for kurs har vore upåklageleg, og slik oljeselskapa stadig skjerpar krava til simulering vil behovet for kursing berre vere aukande, seier han.

- Men så langt som vi kan sjå i dag vil vi få fullt opp å gjere med offshoreopearsjonell kursing, seier Ulfstein.

Ambisjonane om 45 kursveker og 700-800 kursdeltakarar i løpet av eit år, meiner han difor vil vere innafor rekkevidde.

STOR INTERESSE Ulfstein kan fortelje om veldig stor interesse for det nye simulatorsenteret som etter ein hektisk innspurt kunne køyre igang den fyrste kursveka siste veka i september.

OVER SEKSTI MILLIONAR Til saman representerer simulatorsenteret ei investering på over 60 millionar kroner, der byggning og utstyr utgjer om lag halvparten kvar. På utstyret har senteret ein leasingavtale, men eigarane vurderer om dei skal kjøpe det ut.

Nokre dagar tidlegare hadde seneteret hatt besøk av eit kobbel med journalistar frå den internasjonale offshorepressa som let seg imponere over så vel kursfasilitetar som utstyr ved Fosnavaag Ocean Academy.

Medan Olympic Shipping og Havila Supply står åleine som hotellinvestorar saman med Olav Thon (10%), er også dei andre


Fullt belegg fram til jul, og venteliste deretter, fortel at det er eit ettertrakta og populært opplæringstilbod som no er etablert i Fosnavåg.

store lokale offshorereiarlaga med på eigarsida i Fosnavåg Offshore Senter As. Her har Olympic og Havila auka eigarandelane sine til 32 prosent kvar etter ei kapitalutviding som blei gjort i samband med at ei utviding av konseptet medførte auka kapitalbehov. Utvidinga av konseptet medførte bygningsmessige endringar som var nødvendige for å gjere kursfasilitetane heilt optimale. Med på kapitalutvidinga var også Bourbon Offshore Norway og Remøy Shipping, som sit med høvesvis 22,5 og 12,8 prosent av aksjane. Rem Offshore meinte derimot dei hadde bidrege med nok og har fått sin eigarandel redusert til 0,7 prosent. Men også Rem Offshore vil bruke senteret i tråd med det som har vore planen heile tida. Spekka med det nyaste som finst på marknaden av simulatorutstyr er senteret i Fosnavåg det «hottaste» som finst i sitt slag.

Dagleg leiar Hallvar Ulfstein t.v. og styreleiar Bjørn Idar Remøy framfor den globeforma kransimulatoren ved Fosnavaag Ocean Academy.

5


6

Tekst: Jann Flatval Foto: Jann Flatval

SPELAR PÅ DEN LOKALE KOMPETANSEN Frå starten av har Fosnavaag Ocean Academy utstyr til å drive realistisk simulering av alle mulege operasjonar som

offshoremannskap dagleg står overfor anten dei er navigatørar, maskinfolk, kranførarar eller matrosar, på så vel forsyningsskip og ankerhandteringsfarty som spesialskip for undersjøisk vedlikehalds- og konstruksjonsarbeid.

Det seier Ove Remøy, som med meir enn tretti års -DETTE MÅ BERRE BLI HEILT FANTASTISK skippererfaring er ein av dei mest røynde offshoreskipperane i herøyflåten.

- Iserfaringane som desse folka sit med håper vi på å kunne drage inn i offshoremiljøet no når aktiviteten trekkjer stadig lenger mot nord, seier han.

Remøy meiner det er belegg for å kalle Fosnavaag Ocean Academy for det mest avanserte i verda i sitt slag.

Slik Bjørn Idar Remøy ser føre seg den vidare utviklinga vil senteret i Fosnavåg etter kvart kunne supplerast med stadig nye kurs- og opplæringstilbod som til dømes brann og havari, oljevern og opplæring på fyrstehjelp og medisin. Som ein del av hotellet er fasilitetane for utviding av kurskonseptet allereie på plass mellom anna med tanke på reint teoretiske kurs. - Dess meir vi greier å få til av kurs, dess viktigare blir vi for hotellet i overnattingssamanheng, seier han.

11 ULIKE FARTYTYPAR Til liks med brua på eit farty, er brusimulatoren sjølve hjartet i senteret. Det er her ifrå det meste blir koordinert anten det er lasting og lossing, ankerhandtering eller andre operasjonar som skal simulerast. Ikkje mindre enn 11 ulike fartytypar er innprogrammerte i brusimulatoren, og det er langt fleire enn nokon av dei seks andre offshoresimulatorane i verda kan skilte med. INSTRUKTØR PÅ FRITIDA Offshoreskipperen frå Fosnavåg, som er tilsett i Havila Supply, er ein av fleire frå det lokale offisersmiljøet som stiller kompetansen sin til disposisjon for Høgskulen i Ålesund ved å steppe inn som instruktørar i friperiodane. Som instruktør har han Høgskulen som arbeidsgivar. Det er Høgskulen som står for det faglege driftsopplegget også i Fosnavåg, og med opninga av det andre simulatorsenteret på Sunnmøre blei det ei viss knappheit på instruktørsida. Men ifylgje styreleiar Bjørn Idar Remøy er det også andre grunnar til at han meiner det er så viktig å drage vekslar på den lokale kompetansen. - Det at at vi kan drage nytte av kompetansen som finst i miljøet, og overføre den til nye generasjonar, vil vere utruleg viktig med tanke på framtida, seier Remøy, som i denne samanhengen også tenkjer fiskerirelatert erfaring. Då tenkjer han mellom anna på dei mange skipperane som sit med solid erfaring frå rekefiske i arktiske strok.

- Det at at vi kan drage nytte av kompetansen som finst i miljøet, og overføre den til nye generasjonar, vil vere utruleg viktig med tanke på framtida.


7

Tekst: Jann Flatval Foto: Jann Flatval

Havila-skipper Ove Remøy er mellom dei som på fritida vil steppe inn som instruktørar ved Fosnavaag Ocean Academy. Brua på senteret er utstyrt med den nyaste teknologien frå Rolls-Royce. Til høgre referansekaptein Eldar Eikrem i Bourbon Offshore Norway.


8

TRUR ALLE VIL FÅ GLEDE AV DET NYE HOTELLET

Tekst: Jann Flatval Foto: Jann Flatval

- At forventningane i lokalmiljøet har vore store, er noko vi har hatt eit bestemt inntrykk av. No er det opp til oss å innfri slik at ingen blir skuffa, seier Ingvild Vike Danielsen og Monica Bjørhovde i resepsjonen ved Thon Hotel Fosnavåg.

DEI MØTER DEG MED EIT SMIL som gjer at du straks føler deg velkomen til det nye hotellet i Fosnavåg. Ingvill og Monica er to av til saman 29 tilsette som no har lagt bak seg dei fyste driftsvekene etter at hotelldørene blei opna i slutten av september. Dei kan fortelje om hektiske dagar, slik det gjerne vil vere etter ei nyopning, der nye rutinar og system skal inn i fingrane før ting begynner å gå av seg sjølv. I tillegg har talet på besøkande og overnattingar vore upåklageleg med tanke på at opninga fann stad før hotellet var heilt ferdig. Og framover vil det berre auke på. - Dette synest vi ser lovande ut. Vi må seie oss veldig godt fornøgde med bestillingane, seier Monica som er bookingsjef og kan fortelje om stor etterspørsel og full rulle framover med julebord, konferansar og ulike arrangement frå så vel næringsliv som private. I tillegg vil kursaktiviteten ved Fosnavaag Ocean Academy ligge i botnen heile tida og generere overnattingar og servering til hotellet. Ingvild Vike Danielsen t.v. og Monica Bjørhovde møter deg med eit smil når du kjem inn døre til Thon Hotell Fosnavåg.

TILFLYTTARAR MED HOTELLERFARING Rundt to tredjepartar av dei tilsette ved hotellet er rekrutterte frå nærområdet. Resten er folk som på grunn av jobben dei fekk er nytilflyttarar til Fosnavåg. Samtlege av desse er folk med erfaring frå hotell og reiseliv, hovudsakleg frå Oslo-området. - Alle som kom utanfrå måtte ha bustad, men vi var tidleg ute og det gjekk veldig greitt å få seg tak over hovudet, seier Monica som opphaveleg kjem frå Ålesund. Dialekten tyder på at det er nokre år sidan ho flytta frå Sunnmøre. Og det stemmer det. Sjefen for bookingane ved Thon Hotel Fosnavåg har brei hotellerfaring og var arrangementssjef ved Highland Lodge på Geilo då ho bestemte seg for å vende nasen mot nordvest igjen og ut mot havet.

På same toget reiste tre til frå hotellmiljøet i den velkjende turistbygda på høgfjellet. Alle fire har leiarstillingar ved Thon Hotel Fosnavåg. FLYTTA HEIM IGJEN For Ingvild var jobbtilbodet som resepsjonist den mulegheita ho hadde sett etter for å kunne flytte tilbake til heimplassen etter 6-7 år som osloborgar. - Eigentleg skjedde det eit par år for tidleg i forhold til det som var planen. Men ein slik jobb kunne eg ikkje late gå ifrå meg, smiler 27-åringen som er ein av fem tilsette i resepsjonen ved det nye hotellet. Dei to fyrste åra etter avslutta reiselivsutdanning (bachelor) jobba Ingvild ved Thon Hotel Opera, men var resepsjonist ved Grand Hotel då ho søkte på jobben i Fosnavåg. Ingvild trur ikkje overgangen frå mykje større hotell i tjukkaste Oslo-gryta vil by på så mange utfordringar verken jobbmessig eller med tanke på tilbod ho går glipp av med å flytte heim igjen til småbyen Fosnavåg. Sjølvsagt er det mykje meir å gå ut på i Oslo, men når det gjeld uteliv så er det hennar erfaring at det begrensar det seg til det ein rekk over same kvar ein bur og etter kvart som ein begynner å bli vaksen. - Oslo-lufta kan eg i alle fall greie meg forutan, seier Ingvild, som er glad i naturen og tek seg ein fjelltur så ofte som ho kan. Å kunne gå ut døra og rett på fjellet er noko av det Ingvild har gledd seg mest til med heimflyttinga. Det største saknet blir nok kjærasten som blei igjen i Oslo. Men planen er at han skal kome etter når forholda ligg til rette for det. Ho har òg vore innom andre hotell i Thon-systemet, men likar best konseptet der også restaurant og bar er ein del av tilbodet slik som i Fosnavåg. - Restauranten er open sju dagar i veka, og her er alle like velkomne. Vi har eit spennande kjøken som eg håper at også


I tillegg vil kursaktiviteten ved Fosnavaag Ocean Academy ligge i botnen heile tida og generere overnattingar og servering til hotellet.

«byens eigne borgarar» blir frista til å prøve, smiler Ingvild og Monica. Dei synest det har blitt eit flott hotell og er veldig fornøgde med fasilitetane. Rammene for at dette skal bli bra meiner dei så avgjort er tilstades. ALLE VIL MERKE DET At Fosnavåg no har blitt sjølvhjelpt på hotellkapasitet trur dei vil få mykje å bety ikkje berre for det aktive næringslivet i Herøy, men også for Fosnavåg som reisemål og ikkje minst som festivalby meiner dei det no har blitt eit tidskifte. - Folk vil gjerne ut av hotellet. Dei likar å gå i butikkar og sjekke kva som finst av tilbod på nye plassar. Her i Fosnavåg er det fleire spennande butikkar, og vi vil tru einkvar vil merke at det no har kome eit hotell i byen.

Foto: Kristoffer Nærø Ytterland


10

Tekst: Jann Flatval Foto: Jann Flatval

NÆRKONTAKT MED SJØFOLKA VAR DET SOM TRIGGA HAN Etter vel seks gode og lærerike år som administrerande på Ulstein Verft fekk Karsten Sævik eit jobbtilbod han ikkje kunne takke nei til.

- DET VAR KJEKT OG BERIKANDE å vere på Ulstein, men å få drive eit rederi og ha nærkontakt med sjøfolka, var det som trigga meg. Slik forklarar 52-åringen kvifor han ikkje trengde betenkingstid då han blei tilboden roret i Fosnavåg-reiarlaget Remøy Shipping. VAKS OPP I FJØRESTEINANE Båtar er det som har stått i hovudet på Karsten helt frå han var gutunge og vaks opp i fjøresteinane på Remøya. Eller rettare sagt var det i Sævikane han hadde oppveksten sin. Viktig å presisere, ifølgje Karsten sjølv. Også etter den tid har det meste dreia seg om båtar, trass i at unge Karsten ikkje gjekk same vegen som dei fleste av gutane han vaks opp ilag med. Karsten valde å bli verande på land og satsa i staden på ei skipsteknisk utdanning. Som nyutdanna sivilingeniør ved det som då heitte NTH i Trondheim, tok han til som skipskonsulent i Nordvest Consult-systemet i Ålesund – det som seinare blei Rolls-Royce si designavdeling. Etter fem år i Ålesund flytta han til Bergen der han blei 15 år i Oddfjell. Dei ti siste åra av Bergensopphaldet var han kjemikaliereiarlaget sin nybyggingssjef. ANSVARET FOR 14 BÅTAR Som administrerande i Remøy Shipping har Karsten Sævik det øvste ansvaret for ein flåte på 14 båtar. Fleire av båtane i Remøy-flåten har han sjølv stått i spissen for å byggje. I tillegg til reiarlaget sine sjølveigde båtar, står Remøy Shipping også for drifta av seks båtar som blei bygde av Ulstein sitt eige investeringsselskap på slutten av Sævik si karriere ved verftet. Tyngda av flåten til Remøy Shipping ligg på offshore supply, men med båtar også innafor seismikk, kystvakt og havforsking er det breidde over driftskonseptet som Karsten Sævik står i spissen for med over 300 sjøfolk på lønningslista. Nøkternheit, langsiktige kontraktar og bygging av verdiar over tid. Det har heile tida vore varemerket til reiarlaget som blei

grunnlagt på kunnskapen og erfaringane til førre generasjons fiskeripionerar på Remøya. Remøy Shipping har framleis til gode å bygge ein båt på spekulasjon, men har hatt fokus på det som gir sikre inntekter over tid. Denne filosofien kan best illustrerast med Rem Stadt, som etter at båten vart levert i 1994 har gått for Statoil heilt fram til no og aldri hatt ein dag utan inntekt. - Satsinga på det langsiktige er ein forretningsstrategi eg kjenner meg godt fortruleg med, seier Sævik. Strategien til familiereiarlaget har han difor ikkje tenkt å gjere så mykje anna med enn å syte for at den blir vidareført som ein sunn og god leveregel. TOPPEN AV KARRIEREN Karsten Sævik legg ikkje skjul på at det å bli ein del av rederimiljøet i Herøy var toppen av karrieren hans så langt. - Det som er bygd opp her ute, og verdiane som er skapte, er ikkje mindre enn eineståande. Å bli ein del av dette miljøet var heilt topp for meg, seier han. Denne eineståande verdiskapinga har ikkje gått upåakta hen utover Herøy sine grenser. Over det ganske land er det mange som gir stor anerkjenning for det som har skjedd i Fosnavågmiljøet sidan offshoreeventyret starta. Men ein skal ikkje langt ut i verda før Fosnavåg ikkje er noko tema. - Norge er Norge for utlendingar. Om det er Fosnavåg eller Haugesund synest ikkje å bli tillagt så mykje vekt, seier Sævik. MÅ TENKE OG SATSE REGIONALT Teke ned på eit lokalt nivå så meiner han den regionale tankegangen med fordel kunne ha vore meir utprega enn slik næringslivet opplever haldningane på grasrotnivå. - For oss spelar kommunegrenser inga rolle. Heller ikkje kvar folk arbeider og bur. Det viktigaste av alt må vere å ha ein infrastruktur og gode kommunikasjonar som gjer det enkelt å kome seg til og frå, seier Sævik som sjølv dagpendla til Ålesund i mange år.


- Det viktigaste må vere å skape eit sterkt fellesskap basert på effektiv infrastruktur og gode tilbod innafor regionen slik at vi kan trekke til oss arbeidskraft utanfrå, seier Sævik, som er klar over at det grisgrende kan ha sin sjarm for enkelte.

Den tida reiste pendlarane stort sett over Breisundet frå sør når dei skulle på jobb. No er det veldig mange som pendlar andre vegen, men uansett retning så brukar mange mykje tid på arbeidspendling. Ja, alt for mykje tid. - Ein kan ikkje kaste vekk livet på å reise, seier Sævik og tenkjer på at han sjølv i arbeidstid sat samanlagt 10-11 veker i løpet av eit år i bil eller på hurtigbåt for å kome seg til og frå jobb. Det er i dette lyset Karsten ser på kommunikasjonsutbygging som så fundamentalt viktig for regionen si vidare utvikling. - Det viktigaste må vere å skape eit sterkt fellesskap basert på effektiv infrastruktur og gode tilbod innafor regionen slik at vi kan trekke til oss arbeidskraft utanfrå, seier Sævik. Han er klar over at det grisgrende kan ha sin sjarm for enkelte. - Men det verkar ikkje særleg tiltrekkande og attraktivt på den store massen som næringslivet i regionen er så avhengig av å rekruttere folk ifrå, seier han.

For Karsten Sævik har det meste dreia seg om båtar heilt frå han vaks opp i fjøresteinane på Remøya (i bakgrunnen).


12

Tekst: Jann Flatval Foto: Jann Flatval

…., MEN SJØMANN BLIR EG ALDRI - Med all respekt for dei ekte sjøfolka som har vore ute på havet eit langt liv. Nokon sjømann kjem eg aldri til å bli. Eg jobbar på sjøen, ja, men eigentleg er eg berre ein landkrabbe som har fått skvetta litt sjøvatn på kroppen…...

MEDAN DEI FLESTE SJØFOLK på same alder er i ferd med å nærme seg nedtrappingsfasen, har karrieren til sjøs berre så vidt begynt for Jørn Magnussen frå Fosnavåg. Nyleg fylt 56 seglar han framleis som lettmatros, men håpet er å få ta eit steg vidare når han no har fått fartstida som skal til for å rykke opp i matrosklassen. Jørn Magnussen er det beste beviset på at i Herøy er vegen frå land til sjø kortare enn dei fleste andre plassar. I Herøy ligg gangvegen open for den som har lyst til å prøve sjølivet. Nesten uansett alder og bakgrunn. Difor finst det òg så mange omskulerte landkrabbar med ulik yrkesbakgrunn på lista over herøyværingar med sjømannsskatt. Sjølv var Jørn komen langt opp i 50-åra då frisøren med eigen salong bestemte seg for å skifte beite. Etter at Salong Ritz fekk nye eigarar, kunne Jørn realisere draumen om å byte saks og kam med trosse, kjetting og wire. Det han her gjorde var vel å ta steget så langt vekk frå lesten som det går an for ein skomakar å kome. HONNØR TIL REIARLAGA Dei som kjenner Jørn veit at dette er ein kar som likar å snakke i store bokstavar. Men om si eiga rolle som sjømann blir han uvanleg smålåten og audmjuk. - All honnør til dei lokale reiarlaga som gir slike som meg ei mulegheit til å ta ei spennande utfordring, seier Jørn i ein prat med Molo over ein kopp kaffi på Fosnavåg Brygge. Nyleg heimkomen frå Esbjærg etter nok ei arbeidsykt om bord i forsyningsskipet Havila Herøy. Dit om bord kom han etter at subsea-fartyet Havila Phoenix fekk ein kontrakt som førte til utflagging og skifte av mannskap med utlendingar. ALT VAR ENKLARE FØR Det var ikkje fritt for at sjølivet lokka også den tida Jørn trødde sine gutesko i den gamle sjøfartsbyen Stavern. Den gongen blei det med eit par turar i utanriks etter fullført sjøgutskule om bord i skuleskipet Gann. - Alt var så mykje enklare for ein eventyrlysten ungdom den tida, seier Jørn, som synest dagens ungdom godt kunna ha

fått dei same mulegheitene til å finne ut om sjølivet er noko å dei verkeleg vil satse på. Jørn har ikkje noko negativt å seie om dagens læreløp, anna enn at det for enkelte kan bli litt for mykje regulert gjennom skuleverket. Men han trur ikkje det blei dårlegare sjøfolk av dei som kunne ta læreprosessen om bord etter nokre månader på sjøgutskule. I Jørn sitt tilfelle blei det vidare livsløpet sterkt påverka av ei flott Fosnavåg-jente som kom til Stavern for å gå på skule. Då gjekk han på land og begynte i staden som lærling hos ein frisør i Horten. I 1983 opna han sin eigen frisørsalong i Fosnavåg og tok eit val han aldri har angra på. EI FANTASTISK REISE Med sin lette og utadvende veremåte fekk han raskt opparbeidd eit solid kundegrunnlag å livnære både seg sjølv og medarbeidarane sine på. Åra som frisør i Fosnavåg vil Jørn karakterisere som ei fantastisk reise i lag med mange dyktige medarbeidarar og ein horde med trivelege kundar. Av dei mange medarbeidarane som har vore innom og gjort ein fantastisk jobb, er det særleg ein han ber om lov til å framheve. - Dei åra eg hadde Janita Skår med på laget var ei utruleg viktig tid både for salongen og for mi eiga utvikling som frisør, seier Jørn. På den tida konkurrerte dei mykje, og hevda seg mellom dei beste i landet. Sølvmedaljen dei fekk frå NM i freestyle eit år har Jørn teke godt vare på. - Om eg saknar sjappa? Eg saknar kundane mine fyrst og fremst, samt den sosiale delen av det å vere frisør. Høg latter og god stemning høyrde med på gamle, gode Ritz, seier Jørn. Han nektar likevel ikkje for at det etter 35 år med innejobbing kjendest godt å kome ut i frisk sjøluft.


- Det nyttar ikkje å sjå berre så langt som nasen rekk. Vi må sjå 40-50 år fram i tid og planlegge deretter. Fosnavåg har eg kjempestor tru på, berre vi gjer dei rette grepa.

13

STERKT ENGASJEMENT Utadvend og engasjert. Slik kjenner folk Jørn Magnussen, som ein kar med meiningar om det meste. Og han brenn sjeldan inne med meiningane sine - Ja, eg er eit engasjert menneske og følgjer med på det som skjer, og mest av alt er eg oppteken av at Fosnavåg skal gå vidare i den positive utviklinga som småbyen har vore inne i med sitt sterke og blomstrande næringsliv. Jørn gler seg ilag med alle andre over det nye og flotte hotellet som nyleg blei opna. No er det berre å sjå fram til at også Sunnmørsbadet skal stå ferdig utpå nyåret. - Her har Fosnavåg fått to sterke magnetar som vil få mykje å seie for den vidare veksten. BERRE BEGYNNELSEN Men her er så uendeleg mange fleire mulegheiter om folk berre kunne evne å utnytte dei. Jørn minnest godt ein av dei fyrste gongane han var på kjærstebesøk til Fosnavåg. På ein tur over Kvalsundbrua fekk han vite at det var her dei fann Kvalsundskipet. Det som overraska han mest var at det einaste som markerte den historiske funnstaden var ein stein plassert ute på ei mark. - Eg er sikker på at alle andre plassar ville dei ha gjort mykje meir utav eit slikt eineståande funn. Dialekten er det einaste som Jørn ikkje har til felles med ein innfødd herøyværingg, og som innflyttar tenkjer han på alt det andre som kunne ha vore gjort i Herøy i forhold til tursime med utgangspunkt i den unike naturen og nærheita til havet. I dag er det opplevingar folk reiser for å finne, og i den samanheng ser han på Fosnavåg som ein uopna oase. - Geiranger har ein fjord og nokre fossar., «and that’s it»..... - Sjå berre kva dei greier å generere av turisme heime i sommarbyen Stavern. Der har dei sola og varmen, men her i Herøy finst det så mykje meir av turistmulegheiter å spele på. Det er berre å oppdage dei og så late kreativiteten og kapitalen ordne resten.

Frisørmeister Jørn Magnussen i sitt nye element som matros på supplyskipet Havila Herøy.

Jørn meiner at skal Fosnavåg overleve som handelsby må det satsast på vidare utbygging av handelstilboda. Difor helsar han med glede dei nye initiativa og planane som er komne i det siste om utbygging av nye bydelar. Dette meiner han er viktige føresetnadene som må på plass for at byen skal vekse vidare Og så må det gjerast meir koseleg i sentrum. - Det nyttar ikkje å sjå berre så langt som nasen rekk. Vi må sjå 40-50 år fram i tid og planlegge deretter. Fosnavåg har eg kjempestor tru på, berre vi gjer dei rette grepa, seier Jørn.


14

Tekst: Jann Flatval Foto: Jann Flatval

KOM IGJEN JENTER! Dei likar å sminke seg og gå på kafe. Jeanette og Stine Kamilla er stort sett som

unge kvinner flest, og nyttar mulegheitene som ein god økonomi og mykje fritid gir til å leve livet. Men på jobb er dei både i sinn og skinn som alle andre sjøfolk.

I MOTSETNING TIL DEI ALLER, aller fleste av same kjønn har syskenbarna Jeanette Hansen frå Fosnavåg, og Stine Kamilla Schjelderup frå Bø, valt eit av dei mest mannsdominerte yrka som finnast kan. For dei to unge herøykvinnene fall det seg heilt naturleg å velje sjølivet i staden for å satse på ein meir tradisjonell yrkesveg på land. Noko av grunnen til yrkesvalet er vel også at dei kjem frå ein maritim familie der seks av ni syskenbarn har gitt seg sjøen i vald. Jeanette trur nok det også hadde litt å seie at alle gutane dei kjende var på sjø, noko som ikkje gjorde det mindre spennande å reise ut. Men i jentegjengen var det berre dei to som kursa mot havet. - I dag veit eg faktisk ikkje kva anna eg kunne ha funne på, seier Jeanette (24). Ho er allereie godt i gang med det andre året sitt som styrmann om bord på Olympic Commander. Båten er for tida i oppdrag med kabellegging i Østersjøen. Der stortrivst ho ilag med sine mannlege kollegaer. Men Jeanette vedgår at det heller ikkje er så verst å ha fire veker fri mellom kvar arbeidsykt om bord. God løn og mykje fritid var vel det som lokka og som fekk henne til å berre hoppe på nautisk utdanning etter å ha gått økonomi/allmenn på vidaregåande. Ferdig med tre år på Høgskulen i Ålesund kunne ho i 2011 begynne å samle seg fartstid som kadett med opprykk til styrmann i sikte.

fiske og fangst på Herøy vidaregåande skule. Deretter gjekk ho om bord fabrikktrålaren Ramoen på lærlingkontrakt og jobba både i fabrikken og eit år som fiskar på dekk. Alle som har vore på ein fiskebåt veit kva det vil seie å jobbe på dekk. Er du fiskar så er du fiskar, og då må du ta dei tak som trengst Her er det ingen skilnad på gut eller jente. Etter tre år i fiskeri gjekk ho på land og er no i gang med andre året på den nautiske utdanninga. Sommarferien hadde ho som matros om bord på Havila Fanø. - Som fiskar og matros må du vere tøff, og litt hardhuda også. Og så får ein heller vere sminkedokke på fritida, smiler ho. Til liks med Jeanette har også Stine Kamilla bestemt seg for å ta det tredje året på høgskulen. Begge har nemleg planar om å stifte familie når den tid kjem, og då kan det vere godt å ha ei mastergrad å vise til som opnar for ulike mulegheiter til arbeid i land. Dei nektar heller ikkje for at det kunne ha vore kjekt å gå løpet ut og satsa på å bli den fyrste kvinnelege kapteinen om bord på ein herøybåt. - Det hadde vore kjekt, men vi har også lyst på ungar ein dag, seier Jeanette og Stine Kamilla i kor. Dei veit også at med den utdanninga dei tek finst dei jobbmulegheiter i fleng på dei lokale reiarlagskontora. Ikkje berre på økonomi- og mannskapsavdelingane, der kvinnene dominerer, men også jobbar som går på drift av fartya. På desse avdelingane er miljøet like mannsdominert som om bord på båtane. Men dette kan endre seg.

Men medan Jeanette plutseleg berre bestemte seg utan å ha noko erfaring med sjølivet å byggje på, var Stine Kamilla (22) allereie som ung jente klar på kva ho ville bli og kva veg ho ville gå.

Då Jeanette begynte på Høgskulen var ho ei av fire jenter som starta ilag med 40 gutar. I Stine Kamilla si klasse er dei seks jenter, og i gjengen som starta på fyrste året no i haust er talet på jenter auka til 12. Og nye jenter er i kjømda på Herøy vidaregåande skule.

Ho nytta seg av det lokale tilbodet med naturbruk og VK1

Jentene er med andre ord i ferd med å gjere seg gjeldande


Alle som har vore på ein fiskebåt veit kva det vil seie å jobbe på dekk. Er du fiskar så er du fiskar, og då må du ta dei tak som trengst Her er det ingen skilnad på gut eller jente.

om bord i båtane, men med det Jeanette og Stine Kamilla veit er dei framleis åleine jenter frå Herøy som har satsa på nautisk utdanning på høgskulenivå. Det synest dei er litt underleg med tanke på det sterke fiskeri- og offshoremiljøet dei er ein del av, og med den beste høgskulen i landet på nautiske fag ikkje lenger unna enn i Ålesund. - Så kom igjen jenter, her er det berre å hive seg uti det og gripe dei mulegheitene som den maritime næringa tilbyr av gode jobbar på sjø, så vel som på land.

Jeanette Hansen t.h. og Stine Kamilla Schjelderup er dei to einasteherøyjentene som til denne tid har satsa på sjølivet med nautisk høgskuleutdanning som ballast.


SILJE FÅR TING TIL Å SKJE 16

Tekst: Jann Flatval Foto: Jann Flatval

- HEILT AUTOMATISK Næringslivet på Søre Sunnmøre byr på jobbmulegheiter i fleng for unge kvinner som tenkjer annleis enn kvinner flest når dei skal velje yrke, utdanning og jobb. Kvinnene er framleis i mindretal i den mekaniske og maritime industrien, men det blir stadig fleire av dei.

EG VIL tilbake til Herøy og få meg ein jobb innafor EG HAR ALLTID SAGT AT næringslivet, seier Silje Gjelseth frå Bølandet.

Siste året i Ålesund var ho einaste jente i si klasse. Året før var der ingen, men då ho starta på siste året var der fleire jenter som gjekk i gang med det fyrste.

24-åringen er ei av desse unge herøykvinnene som har gjort eit litt utradisjonelt yrkes- og karriereval. I sommar

MANGE FAGOMRÅDE Som automasjonsingeniør ser Silje fram

kunne ho gå ut av Høgskulen i Ålesund som ferdig utdanna

til å kunne jobbe innafor fleire fagområde, men reknar med at

automasjonsingeniør. Og frå skulebenk til arbeidsplass er

med jobb i nærmiljøet kjem det meste til å dreie seg om båt og

vegen kort på Søre Sunnmøre.

maritim teknologi. Men også innafor den landbaserte industrien blir det stadig meir vanleg med robotisering og automatisering

GOD FAMILIETRADISJON Om ein kanskje ikkje kan seie at ho

av arbeidsoppgåver.

fekk det inn med morsmjølka, er vel mora den einaste i Silje sin familie som ikkje har gått den tekniske eller mekaniske vegen.

Silje fortel at på båtar finst det ei masse system og operasjonar

Silje nektar ikkje for at dette kan ha påverka også hennar eigne

som er automatiserte. Det er denne teknologien som til dømes

interesser i oppveksten. I alle fall var helsefag, barnearbeid

gjer at folk på brua kan få ting til å skje rundt om på båten berre

eller andre typiske jentefag aldri i hennar tankar.

med å trykke på ein knapp.

Automasjontknikk verka derimot veldig interessant og

- I hovudsak vil jobben min gå ut på utvikling og vedlikehald av

spennande. Og så visste ho at med ei slik utdanning ville det

slike system, seier Silje som medan ho utdanna seg hadde fast

vere enkelt å få seg jobb utan å måtte flytte frå Herøy.

sommarjobb på MMC i Fosnavåg.

- Med ein far som er oppteken av slikt, to brødre som tok utdanninga før meg og ein tredje bror som er på veg med det same, fekk eg vel tidleg ei bra peiling på kva eg gjekk til, smiler den nyutdanna automasjonsingeniøren. EINASTE JENTE I KLASSA Silje starta utdanningsløpet med 3-årig vidareåande i realfag ved Ulstein vidaregåande skule. Fyrste året tok ho ved Herøy vidaregåande skule. Dei dei to siste åra i Ulsteinvik. Deretter gjekk vegen til Ålesund og 3-årig bachelorutdanning ved Høgskulen. Som automasjonsingeniør har Silje Gjelseth gode jobbmulegheiter utan å måtte flytte frå heimkommunen.


Som automasjonsingeniør ser Silje fram til å kunne jobbe innafor fleire fagområde, men reknar med at med jobb i nærmiljøet kjem det meste til å dreie seg om båt og maritim teknologi.

17


18

Tekst: Jann Flatval Foto: Jann Flatval

SKULLE ALDRI DRIVE MED FISK Dei bryr seg ikkje om å bli så mykje større enn dei allereie er. For Lisa og Daniel er kvalitet mykje

viktigare enn kvantitet, og på det området er det ikkje noko å seie på motivasjonen til dei unge og ambisiøse «fiskehandlarane» i PHL-Service. Ein av fire aktørar i Fosnavåg sitt aktive trading- og fiskeeksportmiljø, og den einaste som også har eigenfanga fisk dei kan by fram.

LEINEBRIS har heilt sidan starten vore ein viktig del av AUTOLINEBÅTEN grunnlaget for tradingaktiviteten til PHL Service. I dag samarbeider dei med heile den norske autolineflåten på rundt 25 båtar. Også ein del trålfisk går gjennom PHL Service sitt salssystem, der torsk og hyse er dei viktigaste produkta saman med blåkveite. - Alt etter kva som er mest interessant der og då kan vi kjøpe større eller mindre parti av utvalde fiskeslag. I andre tilfelle kan vi kjøpe heile fangstar medan båten er ute på tur, eller vi kan vente til båten kjem til lands og fisken blir boden fram på auksjon, fortel Lisa Leinebø og Daniel Pinheiro. JOURNALISTAR I HOVUDSTADEN At det var kjøp og sal av fisk dei skulle kome til å brødfø seg med var utanfor all fantasi då Daniel og Lisa tok til å posisjonere seg for yrkeslivet. Den gongen var det mediebransjen som frista, og det var også journalistikken som førte dei saman. Etter fullført utdanning på medielinja i Volda gjekk vegen vidare til Oslo der Daniel fekk jobb i NRK og Lisa i TV2. Dei var også innom avis- og radiojournalistikken, og jobba med alt frå kultur og sport til så vel innanriks- som utanriksjournalistikk. Der fekk dei også sett signaturen sin på ein del store saker. Spennande og hektisk når du står midt oppe i det, men med tanke på framtidige familieplanar kom dei til at det ikkje var dette dei ville styre med heile livet. HEILT BLANKE PÅ FISK Det var ei veldig lærerik tid, og erfaringane dei skaffa seg frå internasjonal jobbing var gode å ta med som ballast inn i den nye arbeidskvardagen. - Men vi kunne ingen ting om fisk, om internasjonal handel, om logistikk eller dei andre føresetnadene ein må ha for å hevde seg i ein knalltøff eksportbransje. Vi starta med blanke ark, men var fulle av guts til å lære, seier Lisa som i utgangspunktet var fast bestemt på at ho aldri skulle jobbe med fisk. Dei lange fiskeritradisjonane i familien kunne andre ta vare på, meinte ho, og ho skulle heller ikkje finne seg ein mann som var fiskar. Den siste lovnaden har ho halde.

DANIEL SIN IDE Daniel Harbo Pinheiro kjem opphaveleg frå Horten, der han vaks opp med engelsk mor og far som kom frå Sør-Amerika. Det var Daniel som kom med ideen og fekk overtalt Lisa til å prate fint med faren om ikkje han kunne rydde plass til dei på kontoret i Fosnavåg. - Eg hadde lyst til å prøve noko anna og syntest det var spennande det dei styrte med her oppe, seier Daniel. I tillegg til salsarbeidet er han og Lisa også mannskapsansvarlege for Leinebris. FAREN OG BÅTEN PHL Service blei etablert av far til Lisa, Paul Harald Leinebø, då han så smått tok til med å eksportere eigenfanga fisk frå Leinebris. Det var ikkje berre for å trappe ned sjølivet han gjekk på land etter å ha vore skipper sidan 16-17-årsalderen. For han handla det like mykje om å ta ein større del av fangstverdien gjennom også å ha kontroll med salsleddet. Det er Paul Harald som har vore hovudkjelda til den grundige kunnskapen som Lisa og Daniel etter kvart har tileigna seg om fisk, om fiskeri og om den internasjonale marknaden for fisk. Som heilt ferske i faget gjekk den fyrste tida mest med til å lytte og lære, og dei to føler framleis dei lærer noko nytt kvar einaste dag. Det andre viktige støttebeinet er båten. Leinebris er viktig for identiteten til selskapet, og fiskarane der ute på felta har dei to i land jamleg kontakt med. Ikkje berre med eigen båt, men også dei andre båtane som har fisk å selje står på den daglege ringelista. VEIT KVA KUNDANE VIL HA Lisa og Daniel veit kva dei er ute etter, eller rettare sagt veit dei kva slags fisk og kvalitet kundane etterspør. Kvaliteten på det same fiskeslaget kan variere mykje alt etter kvar den er fanga til ulike tider på året. - Kunsten er å plukke rett fisk til dei ulike kundane. Det gjeld


å velje sin fisk med omhu, og då trengst det kompetanse og erfaring understrekar dei. Dermed er Paul Harald framleis god å ha i bakhand, og han stiller opp i den grad han har tid til overs. VENTAR PÅ NYEBÅTEN Det er bygginga av reiarlaget sitt nye fiskefarty far sjølv har hatt fokus på det siste året. Lisa og Daniel ser fram til at nye Leinebris skal ut i fiskeri som den nyaste og mest moderne båten i den norske line- og garnflåten. - Nye Leinebris kjem til å forsterke posisjonen vår i norsk fiskeri og vil vere PHL Service sin spydspiss inn i marknaden. Leinebris kjem til å fiske den beste fisken på den nordlege halvkule, slår Lisa og Daniel fast. MANGE OG LANGE REISER Fiskeeksport medfører mykje reiseaktivitet. Lisa og Daniel er flittige deltakarar på fiskerimesser i inn- og utland, og kundebesøk betyr også lange reiser. USA har vore og er framleis den viktigaste marknaden. Der har Fosnavåg-selskapet vore ein sentral aktør i over 20 år. England er også ein viktig marknad, og etter at Lisa og Daniel kom inn i bildet har PHL Service gjort mykje i land som Kina, Spania og Sør-Europa elles. Visjonen til PHL Service er å tilby fisk frå verdas reinaste hav inn imot nisjemarknader der kjøparane er villige til å betale det nødvendige ekstra for kvalitet. Eit godt døme i så måte er folk av jødisk avstamming på nordaustkysten av USA. Her har PHL Service funne ein viktig nisjemarknad for linefanga hyse. Kresne kundar som skal ha fisk av ein heilt spesiell kvalitet, og som er villige til å betale ei krone ekstra når dei får det dei vil ha. Finn ein dei rette nisjemarknadene meiner dei det stadig vil vere mulegheiter ute i verda sjølv for den dyre norske fisken. - Vi jobbar mykje med å få båtane til å forstå kor viktig det er med kvalitet. Greier vi ikkje det, blir vi berre ein i mengda, og då taper vi på pris. MÅ SJÅ DELIKAT UT Kvalitet går som ein raud tråd gjennom alt PHL Service styrer med. Lisa og Daniel ser ikkje føre seg den veldig store omsetningsveksten i selskapet, sjølv om dei har tru på at fisk og sjømat generelt har gode vekstmulegheiter. Dei meiner også norsk fiskerinæring har mykje å hente på måten

produktet blir presentert på. Unge i dag skal ha det enkelt og greitt, og det laksenæringa har gjort på produktutvikling og presentasjon meiner dei er mykje av forklaringa på at laksen har fått slikt eit oppsving i forhold til andre fiskeslag.

Lisa og Daniel braut opp frå journalistjobbar i Oslo og starta med trading av fisk i Fosnavåg.

BYGGJE STEIN FOR STEIN Å auke omsetninga er likevel eit siktemål, og ifylgje Lisa og Daniel var det for å utvide kundegrunnlaget at dei blei tekne inn i selskapet. Deira viktikaste oppgåve blir å byggje opp PHL Service og norsk fisk som merkevare. - Mange av kundane vel PHL Service fordi vi er ein liten aktør med god oversikt og personlege relasjonar i staden for å tilhøyre eit stort konsern. Å bli så veldig mykje større er ikkje noko mål i seg sjølv, seier dei. PHL Service er allereie like stor som nokon annan i USA på til dømes linefanga hyse. - Men vi kjem aldri til å bli store i Kina på tråltorsk, seier Lisa og Daniel, som ikkje ser føre seg PHL Service i framtida som eit selskap med 500 millionar i omsetning. Botnlinja trur dei derimot kan bli finare enn hos fleire av dei store konkurrentane. TØFF KONKURRANSE Lisa og Daniel er komne inn i ein bransje med mange utfordringar å konkurrere mot, og nedgangstidene i Europa og verda elles har ikkje akkurat lagt nokon dempar på konkurransen. Særleg merkar dei konkurransen frå Russland, som har mykje billegare fisk å tilby. VELDIG FIN AUKE Resultatet av Lisa og Daniel sitt engasjement viser allereie igjen i form av ein veldig fin omsetningsauke i PHL Service. - Vi kom inn som eit forsøk på om det ville gå. Og hadde det ikkje gått så ville vi ikkje ha vore her i dag. Det var nemleg ikkje nokon fasit at dei skulle bli verande. Dei måtte få det til.

- Mange av kundane vel PHL Service fordi vi er ein liten aktør med god oversikt og personlege relasjonar i staden for å tilhøyre eit stort konsern.


Tekst: Jann Flatval Foto: Istock

20

Tekst: Jann Flatval Foto: Bourbon Jann Flatval

Mannskapssjef Åge Bjerkvik i Bourbon Offshore Norway har mange utlendingar på mannskapslita, mellom anna frå Færøyane.


EIT HAV AV DIALEKTAR OG SPRÅK Det var ei tid då Fosnavåg-reiarlaga kunne leige minibuss i samband med mannskapsskifte. Då starta dei gjerne i Kvalsvika og kurse mot basane i Florø eller Kristansund etter ein lokal oppsamlingsrunde. Men den tida er forbi. No er alle landsdelar og dialektar representerte på herøybåtane, der også språkvariasjonane har begynt å bli store. Herøyflåten blir stadig meir internasjonalisert.

STOR ARBEIDSGIVAR PÅ FÆRØYANE Med 70-80 færøyiske sjøfolk på mannskapslista er Bourbon Offshore Norway i dag ein stor arbeidsgivar på Færøyane. Også i dei fleste andre Fosnavågreiarlaga finst det færøyværingar mellom dei seglande mannskapa. Dette gjer at av dei om lag 1200 utanlandske sjøfolka som arbeider på båtar med Fosnavåg i hekken, utgjer færøyværingane ikkje langt unna ti prosent. Færøyværingane har rykte på seg for å vere gode sjøfolk, og dette er noko Bourbon-direktør Bjørn Idar Remøy kan stadfeste. - Det er er dyktige folk med god arbeidsmoral, slår Remøy fast. Det høge antalet færøyværingar i dette reiarlaget, i forhold til dei andre reiarlaga, må også sjåast i samanheng med kampanjar som Bourbon har hatt gåande med sikte på å rekruttere mannskap frå det vesle øyriket i vest. Også Sverige, Danmark og Finland er representerte i Fosnavåg sin offshoreflåte, men ved sida av nordmenn er det færøyværingar det er klart mest av på mannskapslistene som får eit stadig sterkare internasjonalt preg. Det er også tilfelle på båtar som seglar under norsk flagg. NORDMENN BLIR UTVATNA Sjølv om det kan synast å vere knappheit om norske sjøfolk, er inntrykket dei bemanningsansvarlege sit med at det har betra seg litt den seinare tida. - Om vi går to-tre år tilbake i tid så var det slik. Men no føler vi at det har snudd litt til det betre, seier mannskapssjef Åge Bjerkvik i Bourbon Offshore Norway. Ifylgje Bjerkvik blir det stadig betre tilgang på utanlandsk arbeidskraft som har dei kvalifikasjonane som reiarlaga etterspør. Stadig fleire utlendingar siktar seg inn mot offshore

Færøyværingane har rykte på seg for å vere gode sjøfolk, og tek dei kurs som skal til for å få jobb på norske båtar. Utlendingane er også meir villige enn mange norske sjøfolk til å ta jobbar ute i verda. BEKYMRA FOR NOR-FLAGGET Ei anna side av same sak er utflagginga av norske båtar som Bjerkvik vil karakterisere som dramatisk dei siste par åra. Om denne utviklinga skulle halde fram er han bekymra for framtida både til den norske sjømannsstanden og for heile NOR-flagget. Til denne tid har tilførsla av ny norsk tonnasje i stor grad absorbert dei norske sjøfolka som har blitt sende på land til fordel for utlendingar. Kor lenge dette vil halde fram er Bjerkvik usikker på. - Så lenge staten ikkje legg til rette og gjer flagget meir fleksibelt så er det eit varsku, seier Bjerkvik og viser til at det tidlegare var mange båtar utanfor Nordsjøen som hadde det norske flagget i toppen. Til slike finst det ikkje mange av i dag, og ein skal ikkje lenger enn til Aberdeen for å sjå kva veg det går. Også der er det norske flagget i ferd med å forsvinne i mastetoppane på grunn av konkurransesituasjonen og ei stadig svekka norsk nettolønsordning. Dette gjer at det sjølv på britisk side i nordsjøen er store mannskapskostnader å spare for reiarlaga med å skifte ut det norske flagget. Dette er ei utvikling Bjerkvik likar dårleg. - Framleis er norske sjøfolk eit kvalitetsstempel, og det burde det norske flagget også vere, meiner Bjerkvik. Men skal ein sjå realitetane i augene, er dyre båtar og høge mannskapskostnader vanskeleg å kombinere med kostnadskutta som står øvst på agendaen til samtlege oljeselskap.


22

Tekst: Jann Flatval Foto:Atle Kvalsvik

EIN ARENA FOR ALLE Med to kunstgrasbaner, nytt klubbhus og ny overbygd tribune er det mange

som kastar misunnelege blikk på anlegget som flaggskipet i herøyidretten er i ferd med å skaffe seg.

MEN SÅ ER DET OGSÅ DRAUMEN om den komplette idrettsarenaen som er i ferd med å gå i oppfylling på kultur- og idrettsområdet i Fosnavåg. Utan næringslivet i ryggen hadde det framleis vore med draumen. - «Ein arena for alle» er mottoet vårt, og med eit gavmildt næringsliv i ryggen er det akkurat det vi no kan gle oss over å ha fått. Det seier Tom Beddari, dagleg leiar i Bergsøy IL Fotball med eit årsbudsjett på om lag seks millionar kroner. Ein vesentleg del av klubbdrifta er det næringslivet som betalar i form av sponsormidlar. - FANTASTISK HELDIGE Om verdien av det frivillige støtteapparatet sin innsats heller ikkje skal undervurderast, er det klart at den som skal drive med idrett i dag ikkje kjem langt om ikkje ein har næringslivet med på laget. I så måte står Bergsøy Idrettslag i ein heldigare situasjon enn dei fleste andre som er naturleg å samanlikne med. - Vi er fantastisk heldige i Bergsøy som kan ha så mange positive bedriftsleiarar på laget, seier Beddari.

No håper han at planane om ein hall over den eldste av kunstgrasbanene også skal kunne realiserast. Den saka blir heile tida halden varm. - Dessutan jobbar vi med planar om å få til ein leikeplass med tanke på at dei som får vere med søsken eller foreldre på trening og kamp også skal ha eit aktivitetstilbod, fortel Beddari. Beddari understrekar at i tillegg til støtte frå næringslivet er ein velvillig kommuneadminstrasjon, og politikarar som forstår verdien av idretten sitt arbeid, viktige føresetnader for satsinga som skjer på det idrettslege planet i Herøy. På idrettsarenaen i Fosnavåg er det kommunen som står som eigar av banene og som har henta ut det som er å få av spelemidlar og anna støtte til investeringar i idrettsanlegg. Kommunen er også delaktig i utbygginga av det nye badeanlegget som blir det største i sitt slag på Sunnmøre. Likevel er det næringslivet som tek det tyngste lyftet med å gi Sunnmørsbadet topp prioritet for bruk av RDA-midlar.

Etter at sentrale personar innafor næringslivet for alvor tok til å engasjere seg, har det skjedd utruleg mykje rundt Bergsøy både på anleggssida og når det gjeld drifta av laget.

Med opninga av Sunnmørsbadet utpå nyåret 2015 vil også dei symjeinteresserte finne sin arena på idrettsområdet i Fosnavåg. Anlegget får nasjonale mål både for symjing og stup og vil ha alt som skal til for å gi symjing eit lyft som konkurranseidrett i regionen.

Idretten treng både hjelpande hender og opne lommebøker, og i Herøy finst det rikeleg med folk av begge kategoriar som støttar opp om idrettslaga sitt viktige arbeid mellom barn og unge. - Dette har ikkje minst vi Bergsøy hatt stor nytte og glede av, seier Beddari. Han er ein av tre heiltidstilsette i Bergsøy Fotball.

Sunnmørsbadet blir samanbygd med kulturhuset og idrettshallen der handballfolket har sin arena. Også handballgruppa i Bergsøy Idrettslag har sine støttespelarar innafor næringslivet og hevdar seg mellom dei beste i fylket på herresida.

EIT UNIKT ANLEGG Frå kontoret sitt i det nye klubbhuset på Havila Stadion kan Beddari skode ut over eit anlegg der det er er eitt eller anna som skjer nesten til alle tider på døgnet. Kunstdekke og flaumlys har både skaffa fleire timar i døgnet og fleire dagar i året å drive med idrettsaktivitetar på.


3 1 5

3

4

2

6

Eit idrettsanlegg for alle med to kunstgrasbaner, nytt klubbhus og tribuneanlegg som skal overbyggast. I Herøyhallen har handballfilket sin arena, og utpå nyåret er Sunnmørsbadet opningsklart. Her er også aktivitetspark med baner for skating, tennis, sandvolleyball m.m.

Ein arena for alle» er mottoet vårt, og med eit gavmildt næringsliv i ryggen er det akkurat det vi no kan gle oss over å ha fått.

Klubbhus Tribune Kunstgrasbane Herøyhallen Sunnmørsbadet Aktivitetspark

1 2 3 4 5 6


24

For Bergsøy Fotball dreiar arbeidet seg ikkje berre om å skape gode fotballspelarar. Det handlar like mykje om å byggje haldningar og disiplin, og vere med på å skape sunne og gode oppvekstkår i nærmiljøet.

- Når vi også reknar med den tilhøyrande aktivitetsparken trur eg bestemt vi kan snakke om eit idrettsanlegg som i mangfald på eit konsentrert område er unikt også i landssamanheng, seier Beddari.

det klart at for deira del er arbeidet med breidda vel så viktig som i toppen. - Det største eg har fått vere med på som idrettsleiar var då Bergsøy blei utropt til årets breiddeklubb på Sunnmøre, slår Beddari fast.

STORE INVESTERINGAR, HANDTERLEG GJELD Til saman er det i løpet av dei to siste åra investert for om lag 19 millionar kroner i bane og klubbhus på stadion. Bana er det kommunen som eig, medan Bergsøy IL Fotball står som eigar av dei andre fasilitetane.

Det skjedde på fotballtinget i fjor, der Bergsøy også blei tildelt kvalitetsklubbstempelet.

Som eit resultat av det gode samarbeidet med kommune og næringsliv er den lagsiktige gjelda som Bergsøy skal forsvare redusert til handterlege åtte millionar kroner.

Beddari meiner det er på desse nivåa det viktigaste arbeidet blir lagt ned, ikkje minst på det haldningsskapande planet: - For Bergsøy Fotball dreiar arbeidet seg ikkje berre om å skape gode fotballspelarar. men handlar like mykje om å byggje haldningar og disiplin, og vere med på å skape sunne og gode oppvekstkår i nærmiljøet.

- Det nyeklubbhuset var draumen som gjekk i oppfylling, og no har vi eit anlegg vi verkeleg kan vere stolte av, seier Beddari. PENGAR GJER IKKJE ALT Kva så med dei sportslege prestasjonane? God tilgang på pengar treng ikkje vere nokon garanti for omgåande sportsleg suksess.

Den eine av dei to heiltidstilsette trenarane jobbar eine og åleine på dei aldersbestemte nivåa i klubben

Den smafunnsbyggjande rolla som Bergsøy har teke på seg trur Beddari kanskje er det som meir enn noko anna inspirerer næringslivet til å bruke pengar på idretten i lokalmiljøet. Eller investering i menneskeleg kapital, som det også heiter.

På kaketombolane si tid kunne Bergsøy ein periode hevde seg heilt i toppen på Sunnmøre. I år har laget kjempa under midtstreken i 3. divisjon, og det synest å vere eit stykke veg å gå før dei sportslege ambisjonane med laget si profesjonelle satsing på leiar- og trenarsida kan vere innafor rekkevidde. - At enkelte utanforståande oppfattar oss som ein riksmannsklubb, får så vere. Det stemmer i alle fall ikkje. Trass i god tilgang på sponsormidlar er Bergsøy som ein utkantklubb ikkje istand til å velje og vrake i spelarar. Vi kan ikkje kjøpe oss til sportsleg suksess. Vi må difor vere opptekne av å byggje stein på stein, og så får dei sportslege resultata kome over tid. Som eit naturleg resultat av satsinga, seier Beddari. For om dei sportslege resultata på A-lagsnivå let vente på seg, blir leiinga i klubben ikkje deppa av den grunn. Beddari gjer


«IDRETTSBANKEN MØRE» - Eit aktivt og variert kultur- og idrettsliv er heilt avgjerande for å kunne vere ein attraktiv region å bu og leve i. Dette går hand i hand med eit spanande og variert næringsliv.

Slik forklarar Per Ronald Knutsen kvifor Sparebanken Møre har valt å engasjere seg så sterkt som idretts- og kultursponsor i fylket. Banken sponsar både Molde, Aafk og Hødd i tillegg til Bergsøy. Knutsen er sjef for banken si avdeling I Fosnavåg som er generalsponsor for Bergsøy Fotball. - Her i Herøy kan vi tilby begge deler takka være engasjerte menneske og dedikerte bedrifter som brukar tid og ressursar på å utrette noko for andre. I Sparebanken Møre tenkjer vi enkelt og greitt at det som er bra for Herøy, det er bra for oss og dei andre bedriftene her også. Vi er derfor ein engasjert medspelar som deler overskotet vårt med lag og organisasjonar i vårt nærmiljø, seier Knutsen, som stadig får positive tilbakemeldingar frå kundane om banken sitt kulturelle engasjement. - Både privat- og næringslivskundane våre seier at nettopp dette er ein viktig grunn til at dei vel oss som bank. Kundane våre set pris på at overskotet går direkte tilbake til lokalsamfunnet vårt med auka trivsel og bulyst som resultat, slår Knutsen fast.

Næringslivet i Herøy, her representert med banksjef Per Ronald Knutsen (t.v.) er viktige lagspelarar for Bergsøy Fotball og dagleg leiar Tom Beddari.

Tekst: Jann Flatval Foto: Jann Flatval

25


26

Tekst: Jann Flatval Foto:Jann Flatval

IKKJE EIN DAG UTAN FOTBALL Er du ute etter å treffe Gunn eller Arild Nerland, kan det vere lurt å fyrst ta ein sjekk på Bergsøy stadion. Det er her det superengasjerte foreldreparet kan vere enklast å finne frå ettermiddagstid og fram til det er på tide å køyre heimatt til Kvalsvika og ta kvelden.

FINN DU DEI IKKJE PÅ STADION, er det store sjansar for at dei er med på bortekamp og heiar på gutane sine. Dei har fire gutar, og alle spelar på Bergsøy på ulike nivå. Dermed er det eitt eller anna som skjer kvar einaste dag, året rundt, som foreldra må vere med på. Kunstgras har gjort fotball til meir eller mindre ein heilårsidrett. Eller rettare sagt; dei må ikkje vere med, men gjer det med stor glede og innleving. - Vi har det fantastisk kjekt ilag med gutane og kosar oss saman med resten av foreldregjengen i Bergsøy, seier foreldra til Jakob, Joakim, Johannes og Jostein. Fire flotte representantar for «utøyane» som særleg dei seinare åra har gjort seg sterkt gjeldande i Bergsøy-miljøet. For Gunn og Arild Nerland er fritid einsbetydande med engasjement for Bergsøy Fotball. Slik har det vore heilt sidan dei 17 år gamle tvillingane Jakob og Joakim starta med fotball som fyrsteklassingar for ti år sidan. I dag er storegutane fast inventar på juniorlaget til Bergsøy. Joakim er den einaste utespelaren av dei fire fotballbrørne. Dei tre andre står i mål. Jakob har kome så langt at han er reservekeeper på A-laget, og tek dessutan eit innhopp på gutelaget når det trengst. Gutane elskar fotball og steppar gjerne inn på andre lag enn der dei naturleg høyrer heime etter alderen. Etter at dei skaffa seg «pidde» har dei to juniorspelarane stort sett ordna seg med eigen transport. Så no kan foreldra konsentrere seg om dei to yngste gutane, Johannes på tolv og Jostein på ti. Dei er like hekta på fotball som storebrørne sine, og med fire gutar på ulike lag blir det fotball opp og fotball i mente for mor og far. Det er nemleg ikkje berre på kamp at Gunn og Arild er å finne på sidelinja. På kvar einaste trening er i alle fall den eine av dei, som oftast begge to, på plass og hjelper til der det måtte trengast å ta eit tak. Foreldreparet er også av Bergsøy sine sikraste kort på køyring

til bortekampar, og når det gjeld cupar og turneringar kan dei ikkje kome på ein einaste gong der dei ikkje har vore med som leiarar eller berre for å heie på laget sidan dei blei ein del av. Bergsøy-familien. Tida som småbarnsforeldre til dei yngste var ikkje noko unntak. Då leigde Gunn og Arild gjerne barnevakt for å sleppe å måtte skulke trening eller kamp. Kle og utstyr for eit kvart høve har dei heile tida hatt liggande i bilen. - Kan hende er vi litt ekstreme, men slik vi ser det er det enormt viktig at foreldre viser engasjement rundt det som ungane deira styrer med. Og engasjementet vårt i Bergsøy Fotball har gitt oss utruleg mykje tilbake i form av idrettsglede og sosialt samvær med andre foreldre, seier dei to foreldra som også har hatt ulike verv i Bergsøy sitt leiar- og støtteapparat. Gunn og Arild Nerland har aldri prøvd å rekne på kor mange kilometer dei har tilbakelagt i fotballsamanheng i løpet av 10-11 år som engasjerte foreldre til fire aktive gutar. Men den som er interessert i å finne ut det kan berre leite fram kalkulatoren og prøve sjølv. - I snitt er vi her i alle fall seks dagar i veka. Avstanden heimanfrå er ti kilometer kvar veg, fortel Gunn og Arild som før tidlegare brukte mykje av fritida si på camping i Valldalen.

Engasjementet vårt i Bergsøy Fotball har gitt oss utruleg mykje tilbake i form av idrettsglede og sosialt samvær med andre foreldre.


Men det var før fotballen kom inn i bildet. Etter det hadde dei ikkje lenger ledige helgar å bruke til campingliv. - Det var dei som meinte vi kunne flytte vogna inn på stadion, men vi tok og selde, smiler dei vel vitande om at campinglivet alltids kan takast opp igjen seinare når dei to yngste blir meir sjølvstendige. Gunn og Arild kan ikkje kome på noko dei har vore nøydd til å ofre på grunn av fotballengasjementet sitt. Tvert om føler dei at miljøet rundt Bergsøy, og samhaldet mellom likesinna foreldre, har gitt meir tilbake enn det dei sjølve har ytt. Eller som Gunn så slåande rundar av: - Eg skulle ønskje det var enda fleire som oppdaga gleda med å drive dugnadsarbeid, og finne ut at vi faktisk kan ha det vel så kjekt ilag her i klubbhuset som kvar for oss framfor fjernsynet og datamaskina heime.

Fotballfamilen over alle fotballfamiliar i Herøy: Gunn og Arild Nerland saman med gutane Jakob, Joakim, Johannes og Jostein.


28

Tekst: Jann Flatval Foto:Jann Flatval

EXLEVEL KLAR FOR NESTE NIVÅ To år etter oppstarten er IT-bedrifta ExLevel godt innarbeidd på Sunnmøre. Dermed er Therese Igesund klar til å satse vidare mot Nordfjord- området med bedrifta som tilbyr kursing og konsulenttenester innan IT.

- VI HAR FOKUS PÅ BEDRIFTSMARKNADEN, men tilbyr også opne kurs for privatpersonar. Dette er kurs som høver godt for mindre bedrifter å sende folk på, seier Anne Loraine Ulstein. Ho kom inn som marknadsansvarleg då Therese etter eit år åleine fann tida inne til å gjere bedrifta om til aksjeselskap. Fram til då hadde gründaren drive bedrifta som enkeltpersonsføretak med stadig aukande arbeidsmengd. Med Anny Loraine på laget var arbeidet med sal og marknadsføring av bedrifta sine tilbod i dei beste hender. Ho har Bachelorgrad i marknadsføring med fordjuping i bedriftsutvikling, og veksten som ExLevel har hatt etter at dei blei to fortel at det var heilt rett satsa av Therese. - Anny Loraine har vist seg å vere akkurat den personen eg trengde, seier Therese, som deretter kunne konsentere seg om arbeidet i felten og det ho likar aller best. PEDAGOGISK FUNDAMENT Som kurshaldar får Therese god nytte av det pedagogiske fundamentet ho skaffa seg gjennom å ta utdanning som lærar. Tidleg i utdanningsprosessen fann ho ut at det å vere lærar i grunnskulen kanskje ikkje var det rette for henne. Ho hoppa likevel ikkje av lærarskulen, men tok fordjuping i IT og la dermed grunnlaget for det ho kom til å styre med seinare. Men det var fyrst etter ein lengre periode som tilsett kursinstruktør hos andre ho bestemte seg for å starte for seg sjølv. - Eg har alltid hatt interesse for IT, og med gründerspiren i meg har draumen om å starte mi eiga bedrift lege der heile tida, fortel ho. GODT GJENNOMTENKT Ideen var godt gjennomtenkt, og Therese kunne vere trygg på at behovet var til stades då ho hausten 2012 sa opp jobben sin i Fantastiske Osberget i Ulsteinvik og starta ExLevel i Fosnavåg. - Det har vore to spennande år, seier Therese, som i dag har ei rekkje bedrifter rundt om på Sunnmøre på referanselista si.

Therese legg ikkje skjul på at det kjendest ekstra godt då ho no i år fekk ei storbedrift som Rolls-Royce på kundelista. Til Rolls-Royce leverer ExLevel Office-kurs, men når det gjeld kurs- og konsulenttenester er det stor breidde over Fosnavågbedrifta sitt tenestetilbod. KURS PÅ ALLE NIVÅ Kurstilboda frå ExLevel spenner over heile Microsoft-plattforma, frå det enkle med basisfunksjonar og til dei mest avanserte nivåa der det gjeld å kunne beherske dei ulike funksjonane i programma fullt ut. Kvar enkelt bedrift får skreddarsydde kurs- og konsulentpakkar alt etter bedrifta sine behov. - For den som ønskjer å fordjupe seg i spesielle tema på eit avansert nivå, gir vi ei praktisk tilnærming der instruktøren rettleier kvar enkelt kursdeltakar, fortel Therese. I det store mylderet som finst av program skal det noko til for ei bedrift å ha full kompetanse på alt innafor bedrifta sine fire vegger. - Det er då vi kjem inn og hevar kompetansenivået i bedrifta, seier Therese og fortel om mange gode tilbakemeldingar frå slike oppdrag rundt om i næringslivet. I rolla som IT-konsulent kan Therese utføre ei rekkje oppgåver og tenester for kundane. Eit typisk konsulentoppdrag kan vere utarbeiding av filer basert på konkrete henvendelsar som bedriftene kjem med. Utarbeiding av Power Pointpresentasjonar er ein gjengangar i så måte. - Om kompetansen er til stades i bedrifta, kan det ofte vere mangel på tid og kapasitet som gjer at dei kjem til oss, seier Therese. SPRÅKKURS FOR BUSINESS Engelsk er i dag «forretningsspråket» til mange av bedriftene i det sterkt internasjonalisert næringslivet på Sunnmøre. Dette stiller stadig høgare krav til språkferdigheitene mellom dei tilsette, og har gitt ExLevel enda eit bein å stå på. - Til slike kurs leiger vi inn instruktørar med den rette


- Eg har alltid hatt interesse for IT, og med gründerspiren i meg har draumen om å starte mi eiga bedrift lege der heile tida. spisskompetansen, fortel Therese og understrekar at auka kompetanse mellom dei tilsette er god effektivisering for ei bedrift. Auken i oppdragsmengda til ExLevel tyder på at dette er noko stadig fleire får augene opp for. Og Therese legg ikkje skjul på at målsettinga for bedrifta er vidare vekst. - Men hovudfokus må heile tida vere fornøgde kundar og kvalitet på det vi leverer. Difor kjem vi ikkje til å forhaste oss med å vekse, slår Therese fast.

Etter å ha sikra seg eit godt fotfeste på Sunnmøre, satsar Therese Igesund t.h. og Anny Loraine Ulstein mot Nordfjord-området med IT-kompetansen sin.


30

Tekst: Jann Flatval Foto:Jann Flatval

TI STORARTA ÅR I SORIA MORIA Ein viktig epoke i Guri Aasen si karriere som forteljar, kulturformidlar og kunstnar var over då ho tidlegare i år flytta ut av Jacobsenhuset i Fosnavåg sentrum. No kosar ho seg i nyinnflytta tomannsbustad i utkanten av sentrum og er i full gang med å planlegge neste fasen i livet sitt som forteljande kunstnar gjennom forteljarverksemda «Vestafor Måne». - Eg hadde ti storarta år i kulturoasen, seier Guri med eit smil om munnen.

LOKALHISTORIE, MYTOLOGI OG mystiske vesen. Av alle folk og vesen i Guri Aasen sitt forteljarliv, er det to som har betydd meir for henne enn nokon av dei andre: Mendusa, kvinna med slangehåret frå den greske mytologien, er den eine. Den andre er den norske kystkvinna som Guri har gjenskapt i forteljinga om «Fiskarkona og døtrene hennar». Denne reisa gjennom hundre år med kvinnehistorie er frå ende til annan Guri Aasen sitt verk. Verket er òg det største prosjektet ho har gjennomført som ansvarleg for både manus, regi og framføring. «Fiskarkona og døtrene hennar» er forteljinga om kvinnelivet i eit hundreårsperspektiv. Forteljinga startar med kvinnene som tok vare på fisken etter at mennene hadde ført den på land, og held fram med kvinnene i generasjonane som følgde etter. Det er ikkje mange som beherskar forteljarkunsten like godt som den livsglade og alltid like sprudlande ørstingen som slo seg ned i Herøy etter å ha budd mesteparten av sitt vaksne liv i Oslo. Då hadde ho jobba i Oslo kommune i 25 år som førskulelærar, lærar i den vidaregåande skulen og til slutt som kulturkonsulent. SOM Å REGISSERE EIN FILM Guri tok òg utdanning i teater for barn, og deretter munnleg forteljing ved Høgskulen i Oslo. Det var i den samanhengen ho fekk augene opp for det å fortelje i staden for å lese. Her er det ein stor skilnad: - Som forteljar hentar eg stoffet opp frå boka, tek det opp i heile mitt indre system og let det få legge ut på ei reise. Nesten som å regissere ein film, fortel Guri, som òg har hatt ein god del forteljarverk stader der ho lærer frå seg korleis ein skal skape forteljingar og framføre dei.

FANN SITT SORIA MORIA Det var på ein av sine mange besøk hos broren, Bjørn Martin, at Guri oppdaga Jakobsenhuset som stod der og formeleg bydde seg fram for henne. Då fall mange brikkar på plass for kva som skulle bli hennar neste steg på kunstnarvegen. Her fann ho sitt Soria Moria. - Den staslege jugendvillaen traff meg midt i hjartet og det var som kjærleik ved fyrste blikk, seier Guri om eit av dei få bustadhusa som står igjen frå sildesaltingstida i Fosnavåg.


- Som forteljar hentar eg stoffet opp frå boka, tek det opp i heile mitt indre system og let det få ei reise.

Framsyningane er i hovudsak tufta på munnleg traderte sjangrar som eventyr, segner, mytologi og legender, men også dokumentarisk stoff.

Tekst: Jann Flatval Foto: Jann Flatval

31

600 DJUPDYKK Til vinteren legg Guri ut igjen på ny turne med forestillinga «Djupdykk blant mystiske vesen I Blåmyra». Denne forteljinga om segntradisjonar frå Sunnmøre har ho turnert med på kryss og tvers I landet og vore så langt nord med som til Longyearbyen. Sidan 2005 har fortelinga vore framført rundt 600 gonger medrekna dei 120 forestillingane som Guri har hatt for Kultursekken I Sogn og Fjordane. - Slike forteljingar går ikkje ut på dato, seier Guri, som I sommar var invitert til Den internasjonale forteljarfestivalen I Oslo med forteljinga om kystkvinnene. NYBROTTSARBEID Forteljarverksemda hennar er retta mot tilhøyrarar i alle aldrar og sosiale/ faglege samanhengar, som barnehage, skule, næringsliv, organisasjonar m.m. Guri synest det alltid er kjekt å kome ut I skulane og få fortelje for barn og unge. Likevel gler ho seg enda meir til pilotprosjektet ho no skal igang med gjennom Den kulturelle spaserstokken I samarbeid med Herøy kommune. Prosjektet heiter «Arv og erindring» og er eit minnearbeid for pasientar I demensomsorga. Guri fortel at liknande prosjekt har vore gjort med stort hell på ein del sjukeheimar I Oslo. Men for hennar eigen del blir dette meir som eit nybrottsarbeid.

Scenekunstnaren Guri Aasen under eitt av sine mange hundre djupdykk blant mystiske vesen i Blåmyra.

Dette blei hennar oase, og Guri er takksam for den velvillige måten kommunen tok imot henne og planane hennar om å skape ein kulturoase av eit hus som stod tomt. Guri reknar med at i løpet av dei ti åra ho dreiv oasen har 6-7000 menneske vore innom på ulike tilstellingar. Som forteljar har Guri sett opp ei rekke framsyningar, åleine og saman med andre kunstnarar.

HÅPER PÅ NÆRINGSLIVET Fram til januar I år har Guri hatt inntektsbringande arbeid ved sida av forteljarverksemda si. Då var det slutt på prosjektmidlane som hadde halde henne engasjert den siste tida. Etter det har ho berre vore forteljar, og det er noko ho veit ikkje kjem til å gå I lengda. Difor er Guri på leiting etter noko å spe på inntekta med, og ser mulegheiter mellom anna i den nyoppretta Sunnmøre kulturnæringshage I Volda. Der kjem ho til å melde seg inn og bli ein del av eit spennande nettverk. Dette nettverket kjem ho til å bruke for alt det er verdt - Og så håper eg å få mulegheit til å samarbeide med det fantastiske næringslivet vi har . Guri fortel at ho framleis har til gode å samarbeide med dei maritime næringane, men trur at forteljingane hennar er noko som også angår næringslivet og bedriftene vi har rundt oss. Ho håper òg at næringslivet kan få augene opp for kompetansen hennar på andre område, mellom anna som kurshaldar i kommunikasjon og formidling.

Guri Aasen framfører forteljinga om “Fiskakona og døtrene hennar” saman med Andrine Kopparstad på fiolin.


32

SPANSK VRI PÅ CHRISTINEBORG

Tekst: Jann Flatval Foto:Jann Flatval

Ho braut opp frå hjartet av millionbyen Madrid og slo seg ned på utsida av den «ytterste nøkne ø» på sunnmørskysten. Kontrastane kan knappast bli større og miljøskiftet neppe meir brutalt, men Monica har allereie funne seg godt til rette som dagleg leiar og ny vert på Christineborg gjestehus på Runde.

MONICA SOLHJEM (39) legg ikkje skjul på at det er eit ambisiøst prosjekt ho har kasta seg over på Runde: - Det blir sikkert ikkje enkelt å få det til. Her blir det mykje jobbing med å sette Christineborg og Runde på kartet til folk. Men eg tru på at med tolmod og arbeid så skal vi få det til. TJUE ÅR I SPANIA Monica Solhjem kjem opphaveleg frå Ørsta, men har dei siste tjue åra budd i den spanske hovudstaden der ho mellom anna har jobba for Det spansk-norske handelskammeret. Ho har òg erfaring som kjøkensjef i Madrid. Dei to barna på 14 og 11 år blei med permanent på flyttelasset til Norge. Monica fortel at det var mykje på grunn av barna sine framtidsutsikter dei bestemte seg for å bryte opp og flytte til Norge. Slik dei økonomiske forholda har utvikla seg, kom dei til at med tanke på dei unge sine utdannings- og jobbmulegheiter var ikkje Spania like fristande som då ho sjølv flytta dit berre 19 år gammal. Den gongen ville ho ut i verda. Ho søkte ei rekkje ambassadar, og fekk napp hos fleire. Men då foreldra også ville ha eit ord med i laget, så blei det Madrid. NY HEIM I HASUND Ektemannen har ein jobb å ta vare på som ansvarleg for ei holdinggruppe i Spania. Han må difor farte litt til og frå når der er ting som ikkje kan utførast frå Hasund i Ulstein. Det er der familien har slege seg ned. - For min eigen del flytta eg heim igjen på eit slags vis, seier Monica, som vedgår at ungane grua seg litt med det same dei hadde bestemt seg for å flytte.

Monica Solhjem vil gjere Christineborg gjestehus kjend for den gode maten og dei hyggelege opplevingane.

Men dei har vore her på sommarferiane dei siste år. Overgangen blei dermed ikkje så brå, og ungane trengde ikkje lange tida på å tilpasse seg den nye kvardagen. Å finne seg hus på Runde var ikkje tema. Nei, å busette seg på Runde trur eg ikkje hadde vore så lurt når ein kjem frå Madrid, smiler Monica som er godt van med å køyre bil og synest ikkje det er spesielt langt å pendle mellom Hasund og Runde.

FRÅ MINUS TIL PLUSS At det blei Christineborg og Runde var i fylgje Monica sjølv litt tilfeldig. Monica fortel at ho hadde ute mange følarar om jobb og vurderte også å by på eit hotell som var til sals. Men så blei det knytt kontakt med eigarane av Christineborg, Aud og Arnulf Goksøyr,som var ute etter nokon til å føre vidare det dei hadde brukt all si fritid dei siste 2-3 åra på å byggje opp. - Eg likte prosjektet til Aud og Arnulf, seier Monica, som har klare tankar om korleis Christineborg gjestehus skal snuast frå underskot til å bli ei overskotsbedrift. IKKJE NOKO LUKSUSHOTELL Visjonen hennar er å byggje opp Christineborg som eit gjestehus med overnatting, og ein plass der folk kan få god mat og gode opplevingar. - Folk som er ute etter luksus må finne andre plassar å legge seg inn på. Noko luksushotell kan Christineborg aldri bli, men vi skal gjere alt for å gi folk eit hyggeleg opphald i den fantastiske naturen vi har rundt oss, lovar ho. Christineborg sine mange kafegjester har allereie fått merke det spanske innslaget som er kome på Runde. Men ifylgje kokken sjølv er det ikkje meininga at det spanske skal få nokon dominerande plass på menyen: - Det er mange som synest spansk mat er eksotisk, og dei skal vi sjølvsagt ta vare på. Men med det beste spiskammerset rett utfor døra har vi rikeleg med lokale råvarer til å byggje menyen rundt, seier Monica, som etter at ho tok over har hatt fullt hus i kafeen kvar einaste søndag. EIT INNKØYRINGSÅR No står julebordsesongen for døra, men målsettinga hennar er å skape eit tilbod som gir grunnlag for å halde dørene opne kvar dag året rundt. For å kome dit trengst det ein god porsjon med kreativitet og mykje arbeid. - Dette året blir som ein innkøyringsfase, og så får vi setje oss ned over nyttår og lage ein god plan for neste år. Det skal bli spennande å sjå, men det er først når vi også har lagt bak oss ein vinter og vår vi kan danne oss eit bilde av korleis dette vil gå.


- Det er mange som synest spansk mat er eksotisk, og dei skal vi sjølvsagt ta vare på. Men med det beste spiskammerset rett utfor døra har vi rikeleg med lokale råvarer til å byggje menyen rundt. Den nye sjefen på Christineborg vil også bruke vinteren til å prate med dei andre reiselivsaktørane, både på Runde og elles i distriktet, for å sjå kva som kan vere muleg å få til ilag. - Eg trur mykje av nøkkelen til suksess vil vere å finne gjennom måten vi greier å samarbeide. Runde og Sunnmøre generelt har veldig mykje som kan seljast om vi samarbeider om det som kvar enkelt er best på. I det ligg der eit vekstpotensiale ikkje berre på den utanlandske marknaden, men også mellom nordmenn, avsluttar Monica.

Monica Solhjem og Arnulf Goksøyr med ein smak frå menyen på Christineborg framover. Foto: Stein Arne Lilleøy


34

Tekst: Jann Flatval

INVITERER TIL SAMARBEID OM NY BYDEL I FOSNAVÅG Over hundre nye leilegheiter, pluss 8-9000 kvadratmeter næringsareal til butikkar og kontor. Slik vil Igesund Eigedom utvikle det sjønære industriområdet sitt til ein ny bydel i Fosnavåg.

SIDAN FØR MIDTEN AV 1900-TALET har området i ytre Fosnavåg vore nytta av Igesundfamilien til fiskemottak og tilverking av fisk. Denne verksemda er no i ein avviklingsfase, og eigarane har funne tida inne til å satse på eigedomsutvikling i staden for fisketilverking. AVHENGIG AV NYTT LAND Samtidig har Fosnavåg kome til eit punkt der vidare vekst og utvikling i sentrum er heilt avhengig av å få tilført nytt areal gjennom utfylling i sjø. I så måte har kommunen store planar på gang med bruksendring og omregulering, og Igesund Eigedom sine planar må sjåast som eit innspel i denne samanhengen. - Dette er eit innspel i det vi håper skal bli ein god prosess saman med kommunen, og andre aktører, fram til ein endeleg plan, seier Tor Igesund på vegne av eigarane. Medrekna ein del utfylling i sjø vil deira planar, som nyleg blei presenterte gjennom eit forprosjekt, skaffe Fosnavåg sentrum meir enn 40 mål nytt areal. Mesteparten av det oppfylte sjøarealet er i forprosjektet tiltenkt parkering, promenade og grøntareal. I tillegg moderne kontor- og leilegheitsbygg langs sjøkanten viser planen ei kai i 200 meters lengde. NY OG MODERNE FASADE - Dette vil gi Fosnavåg ein heilt ny og moderne fasade mot Holmefjorden. Her er det solrikt og ei fenomenal utsikt både sør gjennom vaulen mot Stadt, ut mot havet forbi Runde og nordover mot øyane utanfor Ålesund, seier Igesund. Med butikkar og sentrumsfunksjonar i spaseravstand, trur han dette området vil bli en svært attraktiv plass å bu og arbeide i. HAR ALLEREIE STARTA Delar av den opprinnelege Igesundeigedomen er allereie teken i bruk til butikk- og kontorføremål i byggningane etter det som for nokre år sidan var den mest moderne filetfabrikken for kvitfisk i landet.

Dei som overtok denne bygningsmassen er dessutan i gang med planar om påbygging av leilegheiter, samt eit innandørs parkeringsanlegg som blei oppstarta tidlegare i haust. Den eldste delen av Igesund Eigedom sin bygningsmasse er tenkt sanert. Resten er tenkt nytta til handelsføremål, medrekna eit moderne industribygg på over 3000 kvadratmeter. OPPSTART OM 2-3 ÅR Igesund meiner det kan vere muleg med byggestart på dei første bygga i slutten av 2016 eller tidleg i 2017. Før den tid må ein få på plass ei regulering, og dermed en totalplan for hele infrastrukturen med tilkomstvegar, gatenett osv. - Vi håper at ein reguleringsplan kan vere ferdig innan utgangen av 2015 eller starten på 2016, seier han. Delar av området og bygningsmassen kan bli utvikla i regi av eigarane, eller selskap som er utgått frå dei. Men å bygge ut ein bydel er eit kjempestort prosjekt, og eigarane kjem difor til å invitere ulike aktørar innan eigedomsutvikling til å utvikle store delar av området. Kommunen er likevel den viktigaste aktøren, og Igesund meiner det er viktig at kommunen har hand om den infrastrukturen det er naturleg for kommunen å eige. - Fosnavåg sentrum er i ei god utvikling. Dei siste tilskota som hotellet, konserthuset og badeland er viktige element i det å skape ein by. Men like viktig er det at der bur folk, og at der er folk og liv i gatene også når butikkane stenger. Folk vil ha utsikt og mange vil bu sjønært, men også sentralt. Dette prosjektet er midt i blinken for dei som ynskjer å bu slik, seier Igesund.


Med butikkar og sentrumsfunksjonar i spaseravstand, trur vi dette området vil bli en svært attraktiv plass å bu og arbeide i.

Igesund Eigedom har fått utarbeidt skisser til ein heilt ny bydel i ytre Fosnavåg.


visitfosnavaag.no

Molo no 02/2014  

Visitfosnavaag.no Herøy Næringsforum Fosnavåg

Molo no 02/2014  

Visitfosnavaag.no Herøy Næringsforum Fosnavåg