Page 1

no 01/2015


INNHALD

3 M O LO

U TG I T T AV

4 KYSTPERLE MED KJØKEN SOM KJERN E

Herøy Næringsforum Opplag: 52 000

6 H E R ØY I P I L E G R I M S L E I A 8 PÅ U T S I K T S TO P P E N 1 2 H OT E L L M E D S J Ø S P R ØY T

A N S VA R L I G R E DA K TØ R Karl Petter Sortehaug

1 4 H O P P I H AV E T 1 6 A L L R O U N DA R E N R U N D E

JOURNALIST

18 BADEGLEDE

Torill Myren Bjørnar T. Sævik

2 0 B A D E KA L L E 2 2 H AV YA R D C U P 2 3 KVA L S V I K DAG E N

G RA F I S K D E S I G N

2 3 M O LT U S T RA N DA M O S J O N S F E S T I VA L

CANN AS

2 4 F E S T I VA L E N D U I K K J E V I L GÅ G L I P P AV 2 6 F O L K E L I V 9 DAGA R T I L E N D E

TRYKK

2 7 F O S N AVÅG KO N F E RA N S E O M H AV R O M E T

07 Media

2 8 LY N AV L E I A R F O R N E R V Ø S E S J E L E R 3 0 P I R F E S T I VA L E N

F OTO G RA F

3 1 N Y G I V, G O D D R I V

Siv-Elin Nærø

3 2 LO S H Y T TA 3 4 O V E R N AT T I N G S S TA D E R 35 ROM FOR REISANDE 3 6 P R O G RA M O V E R S I K T 2 0 1 5

visit fosnavaag Herøy Næringsforum Postboks 69 6099 Fosnavåg www.visitfosnavaag.no


Med denne utgava av Molo ønskjer vi å vise fram noko av det mangfaldet av kultur og natur som Herøy byr på. Nye store attraksjonar som Sunnmørsbadet og hotell med kinosal, konserthus og simulatorsenter er alt på plass, men det vert jobba med å utvikle Herøy vidare. Den gamle handelsstaden Skotholmen skal takast i bruk som nytt reiselivsmål. Kven som står bak og kva planar dei har, kan du lese om her i Molo. Elles viser vi fram både Herøy sine badeplassar og fjellturar, overnattingsplassar og opplevingar. Også i år vert det mange og store arrangement gjennom sommaren. Nykomaren Fosnavågveka bitt saman Fosnavåg Rock-helga og Herøyspel-helga med mange tilbod både på kulturfronten og i butikkane. Herøy gir opplevingar til både kortreiste og meir langvegsfarande turistar. Og av og til må fastbuande ta på seg turistbrillene for å få augo opp for kvalitetane i lokalsamfunnet. Vi håper Molo kan vere ein slik augeopnar. Du kan også lese Molo på www.visitfosnavaag.no God fornøyelse. Karl Petter Sortehaug Ansvarleg redaktør


4

Tekst: Torill Myren Foto:Siv-Elin Nærø

DESSE ER MED: Arthur Almestad, Anne-Ma Solheim, Nils Roger Paulsen, Lars-Ove Almestad, Erling Remøy og Ole Jonny Hjelmeseth. Etter ein emisjon kom fleire eigarar inn: Tone Sævik, Stig Remøy, Svein Rune Gjerde, Sindre Torset, Gunnar Gundersen, Per Magne Eggesbø, John Olav Teige.

KYSTPERLE MED KJØKEN SOM KJERNE Det har vore handla med fisk på Skotholmen før. No startar ei ny tid for den tradisjonsrike handelsstaden.

SJØBUD OG SJØMAT. Oppussingsarbeidet på den store sjøbuda er i gang. Etter planen skal sjøbuda opnast for dei første kundane neste år. - Fokuset vert på mat og opplevinga rundt måltidet, men Skotholmen har så mykje meir å by på enn berre eit måltid, seier Tone Sævik, Ole Jonny Hjelmeseth og Arthur Almestad. Dei er tre av eigarane som no bruker av tid og kunnskap for å starte opp eit nytt reiselivsmål i regionen. Tone Sævik har erfaring med reiseliv og opplevingspakkar frå tidlegare. Ho seier Skotholmen vil bli ein stad både for nærmarknad, tilreisande frå landet elles og også utlandet. I tillegg til bedriftsmarknaden, vert ferie og fritidsreisande, spesielt om sommaren, ei målgruppe. - Tenk berre kor mykje båttrafikk det er langs kysten om sommaren. Ole Jonny Hjelmeseth har erfaring med sjømat mellom anna frå Maki-restaurantane og Torvholmen. Han kan fortelje at den komande kokken på Skotholmen er skreddarsydd til oppgava.

F.v. Tone Sævik, Ole Jonny Hjelmeseth og Arthur Almestad er mellom dei som no skal skape liv på Skotholmen igjen. Dei seier det vil bli lagt stor vekt på å få til eit tett samarbeid med andre aktørar i regionen. – Vi har ambisjonar om å bygge eit opplevingsnettverk av aktørar som kan utfylle kvarandre og gjere kvarandre gode. Vi har etter kvart fått nye og spennande tilbod som hotell, badeland og konserthus og Skotholmen vil vere eit supplement til desse.

- Det skal vere sjømat av alle slag, og ein skal kome så tett på råvarene at det ikkje berre er kortreist, men ureist mat. Vi legg opp til at det skal vere muleg å fiske sin eigen sjømat og vere med på å lage den etterpå. Kjøkenet vert også ope og kjerna i lokalet. Med råvarene i sentrum vert det naturleg nok også ein meny som varierer med sesongane anten det er fersk torsk, grilla makrell, krabbe, lutafisk – eller kanskje fersk pale ein sommarkveld? HISTORISK. Dei som står bak satsinga på Skotholmen skal ta vare på hus og historie, men vil at tradisjon skal møte innovasjon.


Skotholmen ligg like utanfor Sævikane på Remøya, fem minutts båttur frå Fosnavåg sentrum. Og med nye fem minutt i båt er ein komen ut til Rundebranden og storhavet.

- Det gamle skal brukast som smykke og det nye skal få det gamle til å skine. I besøket på Skotholmen kan det også høyre med å få kjennskap til holmen si historie som handelsstad og fiskemottak. Skotholmen har også ei spennande krigshistorie som kan forteljast. Sjøbuda som no vert sett i stand er byggesteg ein. Der er også planar for både byggesteg to og tre. Til saman er det løyve til å bygge 600 kvadratmeter i tre etasjar. I tillegg byr uteområdet på holmen på store mulegheiter. I første omgang skal ein få gjort om på betongørkenen som er der i dag og på tunområdet bak sjøbuda, godt i le for nordavinden, skal det mellom anna lagast til eit område med grill, uteservering og utsyn til sola som sig i havet. Kor fort ein går i gang med den vidare satsinga er ikkje bestemt. - Vi skal bygge stein på stein og så bygge opp drifta etter kvart. SATSING. Svein Rune Gjerde er ny medeigar og styreleiar i Skotholmen AS. Han peiker på ei rekkje grunnar til at han ønskte å vere med på satsinga på Skotholmen. - Som historieinteressert, så må eg seie at Skotholmen er særdeles interessant. Skotholmen har hatt ein næringsaktivitet som har danna fundamentet for det vi ser av næringsliv i regionen i dag. Krigshistoria på Skotholmen er også interessant. Dette er noko som det er viktig å ta vare på. I tillegg ser Gjerde mulegheitene som ligg på Skotholmen. - Planane til dei som hadde ideen til prosjektet med å satse på ein stad utanom det vanlege og med mulegheiter for spesiell og god mat er også avgjerande. Skotholmen i fint ver er fantastisk. Skotholmen i solnedgang vil vere ei stor oppleving, men ein middag på holmen i hauststorm vil også absolutt vere noko som kan seljast.

Foto: Kristoffer Nærø Ytterland/www.meirenntusenord.com


Håvard Hatløy, dagleg leiar ved Herøy kystmuseum, ved Klosterhaugen på Herøy. Det er ein haug med mange hemmelegheiter. Nokre er gravne fram. Nokre ligg framleis i jorda.

6

Tekst: Torill Myren Foto:Siv-Elin Nærø

Kystpilegrimsleia går gjennom fem fylke på Vestlandskysten og opp til Trondheim. Prosjektet er finansiert av Riksantikvaren og dei fem fylkeskommunane. Kystpilegrimsleia tek opp att ein av dei viktigaste og kanskje mest brukte ferdselsvegane til Olav den heilage sitt skrin i Nidaros.

HERØY I PILEGRIMSLEIA Det heiter pilegrimsvandring, men det gjekk føre seg med båt

VANDRING. Pilegrimsvandringar både i Europa og i Norge vert stadig meir populært. I Norge er det pilegrimsvegen oppover Austlandet og over Dovre mot Nidaros som har vore mest omtala. Men i middelalderen var vegen langs kysten truleg den mest brukte. Prosjektet «Kystpilegrimsleia» skal no leite fram leia og historia langs Vestlandskysten og løfte fram meininga og målet med vandringa. Herøy vert frå i sommar ein del av den nasjonale kystpilegrimsleia. Dagleg leiar ved Herøy kystmuseum, Håvard Hatløy, er ikkje i tvil om at Herøy høyrer med i denne leia. - Herøy var strategisk sett heilt sikkert ein viktig del av pilegrimsferda til Nidaros. Han kjenner betre enn dei fleste den historiske leia, kva båtfolket trengde og kor lange seglingsetappane var. Herøy var staden der ein venta på god bør over Stadhavet. Sjølv jomsvikingane la til her. Og Snorre skriv at Olav Haraldsson, som vart Olav den heilage, var på øya fleire gongar. Kong Sverre var her. Og Magnus Lagabøte. Dei visste kvar det sømde seg og lønte seg å stoppe. KYRKJELEG SENTER. Men i tillegg til ei perfekt geografisk plassering, var også Herøy solid planta i det kyrkjelege landskapet. Bygging av marmorkyrkja som sto på Herøy kan ha starta alt på slutten av 1000-talet. Kyrkja sto gjennom mange hundreår og fram til midten av 1800-talet då ho vart brukt til mur under den nye trekyrkja som vart bygd. Gjennom desse hundreåra var Herøy på ulikt vis eit kyrkjeleg senter. Ei tid var det mellom anna berre to prestegjeld på Sunnmøre. Det eine var Borgund. Det andre var Herøy. Og så er det erkebiskop Aslak Bolt som på 1400-talet hadde møte på Herøy i ei gildestove. Ei gildestove er ei stove for forsamlingar av høgtståande folk. Det fortel at det kan ha vore ein maktstruktur rundt Herøy. KLOSTERHEMMELEGHEIT. I tillegg er det denne klosterhaugen. Øvst på øya. Som ligg der med sine hemmelegheiter. - Kvifor heiter den klosterhaugen? Og myra ved sidan av heiter klostermyra? Og kvifor veks det slåpetårn der, ein plante som

ikkje finst viltveksande så langt nord, og ein plante munkar brukte som medisinplante? Håvard Hatløy har mange spørsmål om klosterhaugen. Nokre svar er gravne fram, andre ligg fortsatt i jorda. Ei lita arkeologisk utgraving har fortalt at klosterhaugen hadde eit hus på toppen. To kvadratiske rom i ei avlang bygning. Den låg som eit fyrtårn. Det første dei seglande såg når dei nærma seg Herøy. - Det kan ikkje ha vore kva som helst slags hus. Det må ha betydd noko. Retninga for huset er «kyrkjeleg», aust-vest. Steinane av marmor, eller kalkstein, og mørtelen fortel at det er eit middelalderbygg. Eit merke i berget er høgd inn med middelalder-reiskap, og merket minner om bumerket til erkebiskop Aslak Bolt. Frå slutten av 1600-talet finst det også skriftlege kjelder som seier det hadde vore kloster på Herøy. - Det er lite ein veit og er sikre på frå så tidleg historie, men ut frå det som er skrive, det ein kjenner til av tida og måten folk levde på, så må vi seie at Herøy hadde ein sterk, strategisk posisjon. Herøy si kyrkjehistorie heldt fram også etter reformasjonen og heilt fram til kyrkja vart flytta til Fosnavåg tidleg på 1900-talet. NASJONAL PLASSERING. Med den solide posisjonen, både i geografi og kyrkjeliv, er det naturleg at Herøy no tek sin plass i den nasjonale kystpilegrimsleia. I sommar kjem dei første vandrarane. Med tida kan det bli fleire, både i organiserte grupper og som enkeltvandrarar. Første veka i juli går det ei vandring gjennom Sunnmørsleia. Dei startar i Borgund og endar på Selje og Seljumannamessa. På vegen er dei også innom Herøy. Første helga i juli er det Herøyspelet Kongens Ring, som handlar om kampen mellom ny og gamal tru og Olav – som etter kvart vart den heilage – sitt besøk på Herøy. Då er det også utegudsteneste på den gamle kyrkjetomta og påfølgande vandring rundt på øya i pilegrimane sine fotspor.


Herøy var strategisk sett heilt sikkert ein viktig del av pilegrimsferda til Nidaros

Øya Herøy har vore solid planta i det kyrkjelege landskapet i nesten tusen år.


8

Tekst: Torill Myren Foto:Siv-Elin Nærø

PÅ UTSIKTSTOPPEN Skimrande hav. Solglitrande sjø. Brølande bårer. Milevid havrand og himmelhøgt vidsyn. Det er dei som knapt nok vil kalle det fjell. Men utsikta frå knausane ved kysten er uslåeleg.


9


F.v.: Teigetua, turstien på Heid og vegen frå Sandvika til Tjørvåg er mellom dei gode fjellvegane ein kan gå på i Herøy.

FIRE, FINE FJELLVEGAR Leikong: Tilkomst direkte frå hovudvegen. Tre kilometer grusveg i to sløyfer gjennom småkupert terreng. Lysløype. Rastebord og grillplass. Heid: Tilkomst frå Herøy kulturhus eller Tussa-bygget øvst i Bergslia. Fin og brei grussti med storslagen utsikt frå Tverrfjellet og utover havet. Rastebord. Sandvikskaret: Grusveg mellom Sandvika og Tjørvåg. Første biten frå Sandvika er opplyst – og bratt så den er mykje brukt til intervalltrening. Rastebord. Teigetua: Asfaltert veg som går over i grusveg. Ein går frå Teigane og når opp til Teigetua på 268 meter over havet. Rastebord. Fint utgangspunkt også for fleire turar på Nerlandsøya.

TITOPPTIPS Herøy kommune arrangerer i år for fjortande gong «Ti på topp». Ein kan kjøpe kort som ein klipper på ti fjelltoppar i kommunen og blir med i trekninga om premiar. Med på kjøpet finn ein også kart og informasjon om stiar og tilkomst. Det er også eige opplegg mellom anna for barn og eldre. Korta kan du kjøpe på YX Fosnavåg, Coop Leikong, Coop Tjørvåg, Coop Moltu, Handelshuset på Nerlandsøy, G-sport og NH Lied i Fosnavåg og på servicetorget på Herøy rådhus.

- Sjå då, seier Kristine Jøsok Kvalsvik. Ho peiker over fjellryggen utanfor Kvalsvika. Barmen, Børa, Okla og opp på himmelen. - Når ein får den blåfargen på himmelen og er på veg på fjellet, då får eg slik energi! Men det treng ikkje vere blå himmel for at Kristine går. Nesten kvar einaste dag gjennom året er ho på fjellet. Av og til «lisjerunda» bak huset som ligg øvst i Kvalsvika. Av og til er det «skikkelege fjell» på indre Sunnmøre eller i Lomtraktene. Men oftast heime og ein gong eller to i veka er ho på Muletua. Det er hennar fjell. KULTURLANDSKAP. Kristine gifta seg med Hans frå Kvalsvika og kom til bygda for 24 år sidan. Ho fekk med seg sauesanking i dei brattaste gjela på utsida av Nerlandsøya medan familien fortsatt hadde kvitsauer. No er det villsauer som beitar og held fjellsidene opne og fine. Mannen Hans er oppteken av kystlandskapet og kulturlandskapet. I tillegg til sauehald driv han og grendalaget også vedlikehald av stiar og skilt. Området ved Muletua var mykje brukt til torvspading før i tida. Stadene der torvsjåane sto er no skilta med namn på sjåen. Og sjåen på øvste toppen er sett opp att. Den første bles vekk i nyttårsorkanen, men ein ny vart sett opp på same staden. Den står fortsatt. Rett nok solid bardunert fast i mor Norge. Sjåen er ein stad for å skrive seg i boka, finne livd til ein kaffikopp – eller for den del overnatte. Det skjer at der søv over folk, men det er på trefjøler og for folk med gode ryggar. Belønninga er sola som sig i hav om kvelden, eller å få sjå gullkula kravle seg over horisonten om morgonen. Kristine er sjukepleiar som går turnus. Difor kan ho bruke fjellet til ulike tider av døgnet. Føremiddagsturar er kanskje dei ho liker best. Av og til med veninner. Av og til åleine. Som oftast går ho opp og utover mot Muletua rett frå huset sitt. Mange bruker stien frå parkeringsplassen på Kvalsvikeidet. Den er kortare, men brattare. Går du opp frå Brekkevegen der Kristine og Hans bur, langs fjellet og gjennom skogen, får du ein litt lenger, men slakkare tur. Uansett er det stort sett

god og tørr sti. Og når ein kjem utover mot Kvalsvikeidet og «Stigenden» opnar vidsynet seg mot Svinøya og Stadhavet. GLEDE. Ved «Stigenden» er stien mura opp for å få nok breidde til at ein kunne slepe torvsledane. Innover fjellet er det eit flatt parti før det igjen går oppover mot sjølve Muletua. På toppen og tuppen er det svimlande bratter 253 meter ned. Namnet Skarveura fortel at det er mykje skarv i området. Andre sjøfuglar ser du også mykje av. Det er kort veg over til Runde og fuglefjellet. Og så er det sjølvsagt ørna. Nokre gongar kjem ho med ein skrikande måseflokk nappande i halen. I dag er ho plutseleg over oss. Heilt stilt. Lavt. Vi ser kvar ei fjør. Det gular i nebbet. «Fingrane» utover vingane er spreidde. Den kvite halen fortel at det er ei vaksa ørn. Vingespennet kan bli over to og ein halv meter. Vi føler oss små. Men heldige. - Å få gå på fjellet sånn, og med havet heilt att med…. Kristine går tom for ord. Men smilet fortel. Slike fjellturar er glede. Andre dagar når regnet høljar og vinden piskar er det annleis. - Men det er fint det med. Det er berre å kle seg. Og så då kome opp i sjåen, sette seg inn ei stund, nei, det er berre deilig. VELKOMNE. I dag er det tid for den bittelisje, gøymde benken. Litt forbi sjåen, litt oppover og utover, til venstre med utsikt innover og nedover til Mulevika ligg ei fjøl ved ein bergvegg. - Her er litt le, så her sit eg ofte. Då ser ho ned i Mulevika. Ei badestrand med både kjempesteinar og mengder av kvit, fast og fin sand. Stranda er mykje brukt somrane som badeplass. Og meir og meir i bruk heile året som turmål. Muletua og dei andre fjella i Kvalsvika vert også meir og meir brukt av folk som vil ut og oppleve kystnaturen. - Det gjer meg så glad at andre også kjem og oppdagar og opplever den vakre bygda vår. Velkomne skal de vere.


Høg, blå himmel gjer Kristine Jøsok Kvalsvik hoppande glad og ein tur på Muletua gir masse energi.


HOTELL MED SJØSPRØYT Når du ser heilt ut i havranda frå hotellromet, og solglitrande sjø lagar lysmønster i tak og veggar i Restaurant Sjøkanten, så vekkjer det sjølysta. Jammen bra at hotellet også byr på båtar.

12

Tekst: Tekst:Torill JannMyren Flatval Foto:Siv-Elin Foto: Jann Flatval Nærø

AUTOLINEBÅTEN LEINEBRIS

Fredrik Fylling og Per Wennerhorn kan legge ut på rib-tur rett frå hotellkaia.


KAIKANTEN. Thon Hotel Fosnavåg er eit hotell på kaikanten. Flytebrygga ligg klar og no er også fire båtar av ulik størrelse klar til gjestene. Er du ute etter å padle stilt langs med land, så er det kajakkar til låns. I samarbeid med Auto Marine legg ein opp til meir fart og spenning om ein klatrar om bord og legg ut med ein rib. Auto Marine har også ein skjærgardsjeep liggande ved hotell-kaia for dei som vil fiske «på sjølvstyr». Dei som vil på lengre turar, anten det er til Geiranger eller berre rundt Runde, kan leige seg inn om bord i passasjerbåten Lophelia med skipper Arne Sævik. Sævik følgjer med som guide og skipper og er god både på røvarhistoriar og ekte historie. - Vi er heilt ut i havgapet i ein heftig natur. Det må gjestene våre få oppleve, seier hotelldirektør Gunther Dahler og hotellsjef Per Wennerhorn. Det er mykje natur mange stader i Norge, så først etter at folk sentralt i Thon-systemet hadde vore i Fosnavåg og sett området med eigne auge, forsto dei den enorme entusiasmen for naturen som rår ved Thon hotel Fosnavåg. - Vi har dei flottaste fjella her sjølv om dei ikkje er så høge akkurat. Då får ein kraftig, barsk og storslått natur med vidstrakt utsikt frå fjell som er lette å gå på. Og så kan ein stå på Rundebranden eller Muletua og sjå innover mot Sunnmørsalpane som er berre vel ein times køyring unna…. Det er heller ikkje så mange hotella i Norge som har havørn som lavtflygande gjester. Sentrumsnær ørn, opptil fleire i lag, som svevar forbi hotellvindauga har gitt gjestene ved hotellet hakeslepp – og noko å fortelje om når dei har kome heim igjen. SOMMARTURISME. Thon hotel Fosnavåg er lagt opp som konferansehotell, men Gunther Dahler og Per Wennerhorn ser ikkje vekk frå at sommarturismen i løpet av nokre år kan bli ein

like god del av drifta. Dagleg tikkar det inn bestillingar frå folk som vil kjøpe hotellpakke med innlagt besøk på Hakallegarden. Dei har sett «Marit og dyra» på NRK Super. I kombinasjon med besøk i Sunnmørsbadet, så vert dette ein fin familietur. I mai og utover satsar Thon-kjeda dessutan på marknadsføring av Runde som er eit kjent og ettertrakta reisemål. - Vi har gjester som har bestilt på grunn av Sunnmørsbadet og Hakallegarden, men så får dei vite om båtutleige, fisketurar og Runde, og då seier dei: Jammen då kan no vi vere her mykje lenger då!? Og over halvparten av dei som har bestilt no kjem frå stader utanom Møre og Romsdal. I tillegg hotellpakkar med tilbod om gardsbesøk og badebesøk, kjem det samarbeid med enkeltarrangement i Herøy. Både Fosnavåg Rock og Herøyspelet vert marknadsført med hotellpakkar. UTSIKT. Og leiinga i hotellet kan ikkje la vere å prate om utsikta og uteterrassen. Suitene på toppen av hotellet er utstyrt med kikkert. Utsikta over Holmefjorden og utover mot Runde og horisonten skal kunne nytast i detalj. Men same vidsynet har ein frå uteterassen som no er klargjort med parasollar, utemøblar – og pledd. Eventuell mangel på sommartemperaturar skal ikkje stoppe gjestene frå å site på terrassen og nyte sola som går ned i havet. - Det kan godt vere at Fosnavåg er ein endestasjon, men det er ein fantastisk endestasjon. Det er ikkje så mange andre stader ein kan oppleve så mykje av fjell, sjø og natur innanfor eit så lite område.

13


HOPP I HAVET MULEVIKA- Svarte kjempesteinar, kritkvit sand og turkis badevatn. Høg himmel og vidt utsyn til Svinøya og Stadhavet. Sauer beitar på irrgrøne sletter og småfisk skvett rundt i det glasklare sjøvatnet. Sommarbad i Mulevika set gode spor.

14

Tekst: Torill Myren Foto:Siv-Elin Nærø

BERNSANDEN På Moltu. Fast og fin sand med utsikt

BØ Lita, grunn og barnevenleg badestrand like ned om

KLEIVA Sentrumsnær badeplass like utanfor Fosnavåg i

mot Skorpa, havet og Hidsegga. Gå ned grusvegen ved

klubbhuset til Amcar Ytre Sunnmøre. Ved stranda er der også

retning Nerlandsøya. Berg- og stein-fjøre med sandbotn i

varselskiltet om barn i vegen like før Moltu skule.

ei graskledd slette, bord og grillar.

grunn og barnevenleg val.


TOFTESTØDA Stupebrett for litt tøffare badarar. Svaberg.

SANDE To sandstrender, ei lita og ei litt større, ligg tett i lag

RUNDE Svært lett tilgjengeleg sandstrand, også med

Ta av frå hovudvegen mot Fosnavåg ved Cash&Carry, følg

i den vesle bygda Sande. Grunt og barnevenleg. Fin sand og

barnevogn, like ved vegen straks ein har kome over fyllinga

Kvithaugmyra ut til Toftestøda. Utsikt mot Flåvær.

klar sjø. Litt svaberg mellom strendene.

på Rundebrua. Stein og sand. Fint for små barn.


Monica Solhjem ved Christineborg gjestehus kom til Runde frå Madrid, og byr gjerne gjestene på spanske spesialitetar i tillegg til klassikarar som sosakjøt.

16

Tekst: Torill Myren Foto: Siv-Elin Nærø

ALLROUNDAREN RUNDE Wow! Elias og Olympia frå New York er på besøk på

Runde, ei øy som gir gode opplevingar anten gjestene kjem frå verdsmetropolar eller sunnmørsbygder.

- Ein oter! Akkurat slik vi såg i Berlin Zoo, seier pappa Daniel Shiffman. Han og kona Aliki Caloyeras er saman med dei to barna på tur via Berlin, Oslo, tog til Dombås og buss til Ålesund – og altså Runde. Akkurat denne føremiddagen dreg haglbygene seg på tvers over det som skulle vere ein vårhimmel. - Men i går kveld då vi var ute…. Himmelen var lavendel, det var eit sånt lys, eg har aldri opplevd noko slikt, fortel Aliki. Dei bur i leilegheit på Runde miljøsenter. Styggeveret denne dagen jagar dei innandørs til oppdaging av skatteutstilling og fugleutstilling. Miljøsenteret har stor utstilling av Akerendamskatten og fugle- og dyreliv på Runde. Ofte er det foredrag om natur og kultur i området på søndagane også i tillegg til kafedrift. Runde miljøsenter er både forskingsstasjon og formidlingssenter. Akerendam-skatten gir newyork-barna Elias og Olympia store auge, men fugleinteresserte og naturglade som dei er, så skal dei ut seinare. Oppleve fjell og fjøre. Kanskje oppdage ein vill oter i levande live, ikkje berre i Berlin Zoo eller utstillingsmonter på miljøsenteret. GLADE FJES OG VÅTE FØTER. På Christineborg gjestehus fortel Monica Solhjem om stadig fleire barnefamiliar som kjem innom – og blir verande. Etter kvart som fleire og fleire bur i tettbygde strøk og lever med tettpakka timeplanar, så er den frie leiken i fjøra ei annleis og ettertrakta oppleving. - Og her er alt frå dei lange berga utanfor Goksøyra på fjøre sjø, steinfjøra like nedom her og strendene på innsida av Runde. Når gjestene er vel tilbake etter tur – ofte våte på føtene – har ho både støvletørkar og ekstra støvlar på lur. God mat skal også høyre med på gjestehuset. På tunet er det lagt opp til ein lun grillplass. Plattingdans kan det også bli i løpet av sommaren. Olympia, Aliki, Daniel og Elias frå New York vart storleg imponerte over Runde.

Innandørs er det klassikarar som sosakjøt på menyen. Det er vanleg kafedrift, men også selskapslokale for store og små lag. Då kan ein velje seg altså frå spanske spesialitetar til reker – og besøk i badestampen. Runde byr på alle variantar av naturopplevingar. Båttur til fuglefjellet er ei toppoppleving sett nedanfrå. Sjølve


17

fuglefjellet nytast best frå båt. Ein kan ta den vesle fjøreturen med all-round naturoppleving. Det kan vere timesvis med fjelltur. Eller dagesvis med venting på å sjå akkurat den fuglearten i akkurat rette posisjon – ofte for eit kamera.

GODT VERTSKAP. Knut Asle Goksøyr ved Goksøyr camping ser alle sortar besøkande, og har gjort det sidan 1973. Til han kjem dei for å bu i hytter, hus og bobilar – og for å få vite meir om fugl og fisk, planteliv og livet i lokalsamfunnet både før og no. - Det gjeld å vere vertskap. Ta godt i mot folk, seier han som med åra har knytt band til så mange gjester. - Eg har vore i både bryllaup og gravferder til gjester. Og eg har vore med i barnedåpar til barn som er produserte i Goksøyra. Lars Nelson som vann stafett-gull for Sverige i OL i Sotsji vart døypt i Lundeura! Goksøyr seier det å drive turisme er å treffe folk. - Kome inn på menneska og deira sorger og gleder. Det er kjekt med kundar som kjem igjen i både tjue, tretti og førti år. Han har utvida og oppgradert campingplassen. Det nyaste er at gamleløda er oppattpussa og skal bli forsamlings- og formidlingslokale. Runde vert stadig marknadsført, og Goksøyr meiner Runde er selt inn. Han legg fram artiklar frå aviser og magasin frå ei rekkje land. Det er reisemagasin, caravanmagasin, spesialtidsskrift, blad for fugle- og naturinteresserte, fritidsreisande… - Men vi må ta vare på dei som kjem. Eg seier som McDonaldsgrunnleggaren; tek ein vare på kundane, så tek businessen vare på seg sjølv. Og når ein først har kome til Runde, så er der alltid noko å sjå. Denne dagen vart det selsafari frå bilen. Like ved bilvegen, ut på ein stein låg ein sel. Vi stoppa. Og der dukka ein til sel opp. Og ein til. Og endå ein. Det er ikkje vanskeleg tilgang til naturgleder på denne øya. - Runde er komplett. Byr på det meste, konkluderer Knut Asle Goksøyr.

Knut Asle Goksøyr har vore turistvert i over 40 år. Han tek godt i mot gjestene og fortel dei mellom anna om lokal historie, slik som her på loshytta.


18

Tekst: Torill Myren Foto:Siv-Elin Nærø

6400 kvadratmeter badeglede. Sunnmørsbadet opna i april, og byr på fem basseng, to siler, to stupebrett og eitt stupetårn, sauna og steambad, kafe og badebutikk.


BADEGLEDE

Bassenga held temperaturar frü 28 til 32 grader. Konkurransebassenget er 25 meter langt og har 28 graders vatn. Bølgje-bassenget med straumkanal er litt varmare. Velverebassenget med massasjedyser og den grunne barnelaguna held 32 grader. Varmast er det i boblebadet med 38 grader.


20

Tekst: Toril Myren Foto: Siv-Elin Nærø


BADE-KALLE 1. Korleis er det å bli kalla bade-Kalle? Det kom med barna på skulebading og skulesymjing, og har berre auka på. Før var det berre Kalle. Det er det namnet eg har brukt. Eg signerer i banken og alt, eg, med «Kalle». Seier Mona «Karl Petter»…, då veit eg at det er alvor! Men bade-Kalle er fint, det. Det er slik folk kjenner meg. Og det er dessutan eit godt varemerke. 2. Korleis lærte du deg å symje? Foreldra mine lærte meg det ned i fjøra i Salen i Langevåg. Og så var det mykje bading på leir på Brusdalsheimen. Eg trur det var før forbodet mot å bade der fordi det er drikkevatn! Og så var Sula kommune flinke med skulebading.

6. Badar du frivilleg? Ja. Eg sym ofte her i Sunnmørsbadet om morgonane. Og når eg bur på hotell, så vel eg alltid hotell med badekar. Elles har eg ingen temperaturgrenser, og badar i sjøen både på Sunnmøre og andre stader. 7. Og ferie? Spania i juletider. Elles mest båtliv og ein felles tur med heile familien til ein «sydenplass» kvart år. 8. Kva hadde ikkje folk trudd om deg? Hmmmm... Liker fred og ro, set pris på lite folk rundt meg i periodar. Eg er ikkje så sosial som folk trur.

3. Kva gjorde du før du vart Bade-Kalle? Eg var marknadssjef i forsikring og seinare dreiv eg med kursverksemd i arbeidslivet. Men då eg var liten, skulle eg bli sildelossar.

9. Kva er kjekt med å vere dagleg leiar på Sunnmørs-badet? Is, brus og bading! Kan det bli betre!? Nei, eg får drive butikk og drive med bading. Begge delar er spennande. Og så er det utadretta. Eg får møte mykje folk.

4. Korleis hamna du i Herøy? Ei dame. Dame og basseng. Fleire grunnar treng ikkje eg.

10. Og om ti år? Då er eg nok fortsatt her ved Sunnmørsbadet på eitt eller anna vis. Men no bruker eg helgar, feriar, kveldar…. Eg kan ikkje halde på sånn.

5. Kva gjer du når du har fri? Det har vore lite med fri no ei stund, men når eg skal ha fri-fri, så er eg ute med båten. Eg har garn og line og krabbeteiner og det som verre er. I mai, flyttar eg inn i båten som ligg på Moltu, og bur der gjennom heile sommaren. Vi liker fjøre og fjell, og reiser også ofte innover i fjordane til Bjørke, Urke og slikt. Og så liker eg godt å arrangere festivalar.

11. Kva var det siste du gjorde for første gong? Eg har vore med på revy før, men då samla eg inn pengar og slikt. No har eg hatt møte med ei gruppe i Fosnavåg som har lyst til å lage revy. Eg trur det blir ein fin revy og novil eg gjerne vere med å spele.

21

KALLE Karl Petter Sortehaug (f. 1962) Gift med Mona, tre vaksne barn Dagleg leiar i Sunnmørsbadet - og i Herøy fritidsbad sidan 2006.


22

Tekst: Torill Myren Foto: Geir-Egil Olsen

HAVYARDCUP RUNDT HERØY KULTURHUS har det vakse fram eit fleirbruks stadionområde med rom for både sandvolleyball, tennis og sykling, men det største området gjeld fotball. To baner, klubbhus og no også overbygd tribune gir Bergsøy IL fotball eit svært godt utgangspunkt for både drift – og å arrangere Havyardcup. For åttande gong er lag frå heile Sunnmøre invitert til Fosnavåg og Havila Stadion Fosnavåg. Jente- og gutelag til og med 14 år fyller begge fotballbanene gjennom ein heil dag. I år er dagen laurdag 6. juni. Mellom kampane er det lagt opp til ulike aktivitetar. Og i år er det lagt opp til sambruk med det nye Sunnmørsbadet som ligg «vegg-i-vegg» med stadion. Spelarane får ein svært god pris på billetten til dei 6400 kvadratmetra badeglede, og kan fare dit etter dei er ferdige med kampane sine og ta i bruk alle basseng, siler og stupetårn. Gjennom åra har Havyardcup vakse seg til ein stor fotballcup. I fjor samla ein rundt tusen spelarar. Med trenarar, foreldre, søsken og andre som er med, betyr det at cupen har samla 3.000-4000 menneske samla på Havila Stadion Fosnavåg. – Vi gler oss til 6. juni og trur det blir like bra i år som det har vore før om åra, seier dagleg leiar i Bergsøy fotball, Tom Beddari.


KVALSVIKDAGEN Kvalsvikarane har på mystisk vis kontakt med vergudane. Iallfall har Kvalsvikdagen merkt seg ut med strålande sommarver dei siste åra. Kvalsvikdagen har også merkt seg ut med strålande folkeliv. Fleire tusen har besøkt bygda denne sommardagen i august. I år er det laurdag 9. august som er avsett til Kvalsvikdagen. Naustrekka ved hamna vert omgjort til bygate med salsbuder på rad og rekke der ei mengde utstillarar viser fram ulikt kunsthandverk. Og ein skal sjølvsagt ikkje gå svolten heim. Det vert mellom anna selt laksemiddag, kaffi og kaker. Det vert lagt til rette med brygger for dei som kjem sjøvegen, og oppstillingsplass til bobilar. Dei vert godt mottekne alt fredagskvelden sjølv om sjølve Kvalsvikdagen er på laurdag. Gjennom laurdagen vert det forskjellig underhaldning frå scena og laurdagskvelden vert avslutta med dans. Kvalsvikarane har ståande stort partytelt nede ved hamna gjennom sommaren som også vert brukt på Kvalsvikdagen. Det er planar om å utvide dette slik at endå fleire kan site under tak dersom det skulle bli regn. Eller helst for å finne skygge – om veret blir som det bruker å bli denne dagen.

MOLTUSTRANDA MOSJONSFESTIVAL SISTE HELGA I MAI er det mosjonsfestival på Moltu. Det er Moltustranda IL som arrangerer, men det er bygdafestival med hjelp av alle gode krefter i bygda. Fredagen startar med Moltumila, eit løp rundt i bygda der nokre spring medan dei vinn medan andre tek med barnevogna og har tid til å prate undervegs. Start og stopp er på Coop midt i bygda, og det er ved butikken det skal skje gjennom stort sett heile helga. Fredagskvelden vert det standupshow med Fredrik Steen i teltet ved Coop. Laurdag går startskotet for motbakkeløpet til Hidsegga. Frå Coop til Hidsegga er godt over 500 høgdemeter som skal forserast. I fjor gjorde den raskaste det unna på under førti minutt! Nytt av året er motbakkeløp for barn på halve distansen. Laurdagskvelden vert det dans i teltet med Mona Jill-band. Søndag startar med utegudsteneste i Kvia, ein fin motbakke-gåtur til fjells om ein vil det, eller det går også an å ta bilen. Om det blir dårleg ver, blir gudstenesta inne i teltet. Seinare på søndag er det Tour de Moltu. Igjen start ved Coop, sykling til Tarberg, tilbake til stadion og denne runda skal repeterast fleire gongar slik at ein til saman kjem opp i 4,8 mil. Siste punkt på programmet er bygdamiddag på grendahuset. Mosjonsfestivalen samla i fjor eit par tusen deltakarar og publikum. Maron Sandvik og arrangørane gler seg over god deltaking og at det har auka på. Dei gjer seg no klare til storinnrykk og ein innsats for både folkeliv og folkehelsa i bygda.

Tekst: Torill Myren Foto: Odd Magne Kopperstad Maron Sandvik

23


24

Tekst: Bjørnar T. Sævik Foto: Pressefoto/Fosnavaag Rock

-FESTIVALEN DU IKKJE VIL GÅ GLIPP AV 26-27 juni brakar det laust i kystperla Fosnavåg. Musikkfestivalen Fosnavåg Rock, som arrangerast for andre år på rad, kan då by på eit rocka og variert program for musikkentusiastar og festivalsjeler.

- Fosnavåg Rock spring ut av eit ønske om å skape engasjement, opplevingar og bulyst i ein by som er i sterk vekst. Det handlar om å utvikle identitet og stoltheit over heimbyen sin, i tillegg til eit attraktivt trekkplaster som folk kan ha glede av, fortel festivalsjef Frank-Levi Kvalsund. Dumdum Boys, Morten Abel, Jørn Trollebø og Stage Dolls er blant artistane som prydar årets festivalprogram. Festivalen, som i fjor vart arrangert i starten av august, er i år flytta til midtsommaren og entrar parken i Fosnavåg 26.-27. juni. Årets program vil for det meste gå føre seg på kveldstid sidan festivalen i år samarbeider med Fosnavågveka som vil stå for underhaldninga på dagtid. Saman med dei store artistane byr årets program også fram lokale band. Arrangørane bak festivalen meiner det er viktig å skape ein arena som også kan bidra til å styrke det rike musikklivet ein har lokalt og regionalt. Samtidig får festivalen besøk frå nokre av dei internasjonale artistane som deltok i fjor. Bandet frå Liverpool, The Mono Lp’s, gler seg til nok ein gong å vere ein del av Sunnmøre sitt rockeeventyr. NY PÅ FESTIVALHIMMELEN Festivalen som hadde sin debut i 2014 har vore ambisiøs, og kan vise til eit velfungerande og populært arrangement. Festivalsjefen peiker på at tilbakemeldingane i stor grad har vore positive samt at styret har tileigna seg mykje kunnskap sidan sist. På bakgrunn av dette oppmodar han publikum om å setje av datoane. – Folk kan vente seg ei fantastisk oppleving med nasjonale og internasjonale artistar på eit veldig høgt nivå. Dei kan også vente seg ei magisk atmosfære i fantastisk natur og ikkje minst ein knirkefri logistikk, forsikrar festivalsjefen om. EIT ENGASJEMENT – Det å arrangere ein slik festival er umuleg utan hjelp og støtte frå næringslivet og vi er heldige som får støtte til denne typen arrangement sjølv i vanskelege økonomiske tider. I tillegg mobiliserer festivalen mange engasjerte frivillige. Det gir gode forutsetningar for å skape noko stort, seier Frank-Levi.


I fjor hadde festivalen kring 200 frivillige som arbeidde med alt i frå servering til å ta vare på dei besøkande artistane. Fleire har allereie meldt seg som frivillige for årets festival noko som er kjempebra avsluttar festivalsjefen som håper å sjå folk på festivalen. For nærare informasjon gå til: www.fosnavaagrock.no For billettar gå til: www.billettservice.no

25


26

Tekst: Bjørnar T. Sævik Foto: Stargate Media

FOLKELIV 9 DAGAR TIL ENDE Frå 19. til 28. juni vil lukta av sjø fusjonere med lukta av grillspyd då det nye konseptet Fosnavågveka skal setjast ut i livet.

MARITIME SOMMARDAGAR har for fleire blitt eit synonym med sommaren i Herøy. I fjor vart det arrangert for siste gong, men eit nytt sommarleg konsept er i anmarsj. Sommaren 2015 markerer oppstarten av det nye initiativet Fosnavågveka. Ei veke som vil setje fokus på maritim næring, lokale lag og organisasjonar og ikkje minst på å skape liv og røre i kommunesenteret. - Fosnavågveka vil vere ei veke der vi set lokale ressursar i sentrum. Veka vil bere preg av den same stemninga folk knyter til dei tidlegare maritime sommardagane i Fosnavåg, med folkeliv og gratis underhaldning. Konseptet strekker seg over ei lengre periode og vil ta sikte på eit allsidig program for dei fleste målgrupper, seier ein av dei ansvarlege, Frank Lied. Torsdag 18. juni går startskotet for den årlege Fosnavåg-konferansen, dagen etterpå startar folkelivet. Sentrum vil då pregast av stands, ulike aktivitetar og ei scene på Allmenningen for underhaldning. Den yngre garde kan glede seg til laurdagen. Denne dagen vil barn få eit triveleg gjensyn med barnetvfigurane i frå Vennebyen. Ein annan kjenning som folk vil treffe på under veka er redningsskøyta Elias som vil tilby turar på bøljan blå. - Eg synest det er viktig å ha eit tilbod for barna i dette initiativet. Vennebyen har vore ein kjempesuksess dei siste åra. Showet lærar også barna viktig kunnskap om naudetatane, forklarer

Dina-Marie Jensholm, eigar av Ringo-butikken som sponsar barneshowet. For dei som likar fart og spenning vil kanskje redningsskøyta Elias vere litt monotont. Frank Lied påpeikar derfor den nye havraftingbåten som Automarine Fosnavåg har disponibel. Han meiner dette er ein ting folk bør prøve i løpet av veka. Ei rekkje lokale lag og organisasjonar vil vere involverte i veka og det blir muleg å sjå representantar frå til dømes dykkarklubben. Dei stiller opp og vil besøkande eit innblikk i det rike og eksotiske livet på havbotnen. Vidare jobbar komiteen også med å engasjere ei rekke andre organisasjonar og håper at så mange som råd ønsker å stille opp. LOKAL UNDERHALDNING. Dei neste dagane frå mandag til fredag vil besøkande kunne få oppleve lokale kulturtalent rundt om i Fosnavåg. Kulturskulen i Herøy skal arrangere konsertar kvar dag heile veka på forskjellige plassar rundt om i byen. Håpet er å skape liv i sentrum, skape glede og ikkje mist ein visningsarena for lokale talent, seier sjefen for Fosnavågveka Karl Petter Sortehaug. HÅPER PÅ GOD HANDEL. Ein av dei store aktørane denne veka er handelsforeininga i Fosnavåg. Representant for handelsforeininga Edith Kvalsund seier det er viktig med ei slik veke. For det første vil dette initiativet forhåpentlegvis tiltrekke seg kundar til butikkane i sentrum. Samtidig meiner vi det er viktig å setje fokus på det maritime kommunen har å by på. Difor håper vi på eit irande folkeliv langs Allmenningen og kaiene i byen. Heile veka avsluttast med brask og bram med den storslåtte musikkfestivalen Fosnavåg Rock 26.-27. juni. På programmet står mellom anna Dumdum Boys, Morten Abel, Stage Dolls og Jørn frå Idol. Søndagen vert det også arrangert familiegudsteneste utandørs i Fosnavåg. Handelsforeininga oppmodar alle om å kome og håper det nye konseptet vil bidra til folkeliv og engasjement i lokalsamfunnet.


FOSNAVÅGKONFERANSE OM HAVROMET Over 70 prosent av jorda er dekt av hav. Norge forvaltar sju gongar meir hav enn land. Det enorme havromet er tema for årets Fosnavågkonferanse.

Tekst: Torill Myren Foto: Siv-Elin Nærø Terje Bendiksby, Scanpix

WWW.VISITFOSNAVAAG.NO har meir om program og påmelding.

MULEGHEITER. Leiar i Herøy næringsforum, Njål Sævik, seier dei vil bruke konferansen til å rette søkjelyset på korleis ein kan bruke teknologien frå offshorenæringa inn på andre område. - Vi har kunnskapen og teknologien knytt til meir tradisjonell offshoreverksemd, men korleis kan vi gjere nytte av den vidare? Fosnavågkonferansen vil ta føre seg utvikling og bruk av havromet både innan energi og mat. - Herøy har rike tradisjonar både innan fiskeri og offshore. Begge deler har vore viktig for Herøy si utvikling, og begge deler kan vi ta med og ta i bruk inn i ei ny tid med nye utfordringar.

Ein av foredragshaldarane på Fosnavågkonferansen vert AlfHelge Aarskog, konsernsjef i Marine Harvest, eit selskap som i fjor produserten nesten fire millionar laksemåltid kvar einaste dag og som har verksemder i 24 land. Havbruksnæring til havs vil vere mellom aktuelle tema for hans innslag. Administrerande direktør i Sintef fiskeri og havbruk, Vegar Johansen, skal ta føre seg mulegheiter i havet når det gjeld sjømat og anna biomasse. I tillegg vert det foredrag mellom anna om vindenergi frå havoverflata og mineralutvinning frå havbotnen. Fosnavågkonferansen skal vere på Thon Hotel Fosnavåg 18. juni.

27


Eg vert fortsatt rørt av spelet. Ja, eg er berre begeistra, eg!

28

Tekst: Torill Myren Foto: Siv-Elin Nærø

LYNAVLEIAR FOR NERVØSE SJELER

Mellom krukker av brunkrem, rougeraude sminkekostar og nervøse herøyspelaktørar står sjefssminkør Torunn Løken. I år for 24. gong.

TORUNN LØKEN har arbeidd på ei rekke teater, også uteteater, og då Herøyspelet skulle setjast opp for første gong i 1992, tok regissør Gerald Pettersen kontakt med henne. - Og eg huskar godt då eg kom til Herøy første gongen. Eg kjende ingen. Men på sminkeloftet på sjøbuda på Herøy sto tolv skarpskodde frisørar klar. Fleire av desse er fortsatt med når dei 200 aktørane skal sminkast til årets forestillingar av Kongens Ring. - Vi har det så moro på sminkeloftet. Ler, tøysar – og jobbar hardt. Det er eit fantastisk lokale, det sjøbudloftet. Men det er ikkje berre det ytre som blir oppshina på sminkeloftet. - Vi er lynavleiarar for nervøse sjeler. Dei kjem inn, står der og ventar på tur og vi pratar og tøyser med dei. Det sosiale som skjer på sminkeloftet er det vanskeleg å få nokon anna stad. Det er eit samlingspunkt og det er veldig fint. BEGEISTRA. Etter at alle aktørane er ferdig sminka og fått roa nervane, går Torunn ut til spelplassen og ser forestillinga. Først prøver, så premiere og så første, andre, tredje og fjerde forestilling. Kvart år. Ho må ha sett Kongens ring over hundre gongar. - Det vert ikkje gamle rutiner. Gerald Pettersen er flink til å forandre litt kvart år, og forestillinga veks med åra. Eg vert fortsatt rørt av spelet. Ja, eg er berre begeistra, eg! Torunn Løken har vakse seg inn i Herøyspelfamilien. På 24 år har ho no sett små barn bli vaksne deltakarar på spelet. Ho har sett magar vekse, barnevogner bli trilla og småbarn bli vaksne spelmedarbeidarar. - Det er rett og slett eit livsløp eg får vere med på. Løken har sminka på ei rekkje utespel rundt i Norge. Ho meiner Herøyspelet er spesielt når det gjeld musikken. - Kongens Ring har musikken og alle dei fine og fengande songane. Herøyspelet er eit sterkt møte mellom replikk og musikk.


Tekst: Torill Myren Foto: Siv-Elin Nærø

29

Hovdingdottera Unner forlova med Ingolf. Han er av rette folket, Herøyfolket, og utpeikt av foreldra til Unn som komande svigerson. Ei vakker vårnatt rømer Unn frå plikt og tvang og inn i kjærleiken og kjærasteforhold med opprøraren Møre-Karl. Herøyspelet har gått første veka i juli kvart år sidan 1992. På scena myldrar det av 200 profesjonelle og amatørar, skodespelarar, kor og orkester som jobbar i lag for å gi publikum ei tidsreise og ei teateroppleving, spel og drama. «Kongens ring» har heile vegen lagt vekt på å halde kvalitet i musikken og spelet, kostymar og sminke, roller og regi. Spelet vert vist i Herøy amfi som ligg på sagaøya Herøy der folk har samla seg i hundrevis av år både fordi øya har vore eit kyrkjeleg senter og etter kvart også handelsstad. Herøy kystmuseum tek i dag vare på bygningar og historie, og arbeider med å vise fram Herøy Gard som ein handelsstad frå 1800-talet. På denne delen av øya Herøy, midt i tunet på den gamle handelstaden, driv Herøyspelet sin handel av billettar og effektar, mat og drikke. Rømmegraut, vaflar og fiskekaker er klassisk og god spelmat. Med eit besøk på Herøy og Herøyspelet kan ein oppleve historia gjennom tusen år. Herøyspelhelga kjem du til Herøy med tilrettelagt buss- og båtskyss. Meir om tider, prisar, transport og så vidare finn du på wwww.heroyspelet.no


30

Tekst: Bjørnar T. Sævik Foto: Pir-festivalen

PIRFESTIVALEN Kvart år i september samlar ungdom seg i Herøy for den årlege Pirfestivalen der dei får oppleve musikk og underhaldning av beste klasse.

PIRFESTIVALEN. er eit rusfritt arrangement for ungdom i regi av Herøy ungdomsråd som arrangerast kvart år første helg i september. Arrangementet, som for fyrste gong vart arrangert i 2009, fokuserer på sosialt samvær og er eit arrangement der unge kan få høyre dei heitaste artistane Noreg har å tilby målgruppa. Døme på artistar som har opptredt under festivalen er Erik og Kriss, Cir.Cuz, Raylee, Staysman & Lazz og Katastrofe. I tillegg har ungdomsrådet under tidlegare festivalar arrangert aktivitetar på dagtid som til dømes, paintball, gokart, kajakktrening og rånebiltreff. Rammene for årets festival er endå ikkje lagt, men koordinator for ungdomsrådet Mona Ryssevik forsikrar om at planlegginga er godt i gang og under kontroll. Tidlegare festivalar har vore ein stor suksess. Vi har hatt godt oppmøte og vi merker at det er eit populært arrangement. Det er eit 100 prosent rusfritt arrangement for, med og av ungdom noko vi meiner er viktig å kunne tilby til ungdomane på Sunnmøre, forklarer leiar i Herøy ungdomsråd Mathias Dybvik Tidlegare festivalar har gått knirkefritt og konseptet har etablert seg for unge utanfor kommunen sine grenser. Ungdomsrådet har difor lagt opp til transporttilbod for ungdom i nabokommunane så dei kan ta del i arrangementet. FØRSTE KONSERTOPPLEVING. Med si målgruppe er Pirfestivalen for mange eit første møte med festivalmangfaldet som regionen byr på. Difor meiner ungdomsrådet dette er eit ekstra viktig tilbod. - For mange er dette den første store konserten dei deltek på, og desto viktigare er det at tilbodet er rusfritt. Vi i ungdomsrådet synest det er kjekt at næringslivet hjelper oss å realisere dette ved å gi oss støtte som sikrar ungdomen ei max oppleving gjennom store artistar, seier Dybvik. FYLKETS BESTE UNGDOMMSKOMMUNE. I 2014 blei Herøy kommune for andre gang kåra til årets ungdomskommune av representantane på Ungdomens fylkesting. -Dette betyr at Herøy har eit topp tilbod av aktivitetar for unge, forklarer ungdomsarbeidaren i Herøy, Mona Ryssevik. - Og Pirfestivalen spelar også her ei viktig rolle som ein del av tilbodet, seier Mathias Dybvik.


SATSING. Herøy næringsforum har fått ny reiselivsgruppe. Med i gruppa er det personar som driv med reiseliv på heiltid og innan ulike reisemål. - Saman skal vi skape det beste reiselivsproduktet i landet. Ja, det er ambisiøst, men det er muleg. Måten å gjere det på er samarbeid og synleggjering, for det manglar ikkje på opplevingar anten det gjeld kultur eller natur. Fjell og fjøre ventar med opplevingar frå strandkrabbefangst i småbarna sine plastbøtter til svimlande stup i bratte fjellsider og havørna som svevar over deg. Og heile tida ligg havet der som næraste nabo. Av og til med smilande sjø, av og til med brølande bårer. Her ventar fisketurar og båtturar, bading og

dykking. Du kan sjå sel som dukkar opp ved skutesida eller legge stilt under fuglefjellet og sjå lundefuglen ligge og duppe i vasskorpa. Og det å gå med båt inn i grottene er noko ein seint gløymer. I Herøy kan du bu på hytter, rorbuer, campingplass eller hotell. Herøy har fått nytt badeland med Sunnmørsbadet og nytt hotell med både konserthus og kinosal i tillegg til skipssimulator. Gjennom året byr Fosnavåg konserthus på rike kulturopplevingar. Om sommaren er det tid for utandørs rockefestival og sogespel. - Vi dekkjer det meste og femner breidt. No skal vi vise dette fram og tilby totalpakkar med opplevingar.

NY GIV, GOD DRIV

Tekst: Torill Myren Foto: Siv-Elin Nærø

F.v. Kåre Jensholm, Eileen Gjerde, Belinda Strand, Kalle Sortehaug, Monica Solhjem, Geir Idar Kvalsvik og Gunther Dahler utgjer den nye reiselivsgruppa med medlemer frå reiseliv, kommune og næringsforum.

31


Goksøyr Camping

Christineborg

Los-hytta

Runde Miljøsenter

32

Tekst: Torill Myren Foto:Siv-Elin Nærø

LOS-HYTTA

Ingen over. Ingen ved sidan. Bokstaveleg tala. Når du kjem inn, er det berre du. Du, havet og himmelen.

EINESTÅANDE. Losvakthytta på Runde er ein heilt spesiell overnattingsstad. Frå parkeringsplassen er det berre hundre meter med grusa sti før du er framme i vidstrakt og hardbarka natur. Siste stykket er det rekkverk som du kan halde deg i når vinden blir for sterk. Brølande storm er ei oppleving i loshytta. Sol som knapt nok er under horisonten for heile natta ei anna. - Ho går ned der borte og kjem opp att her, seier turistvert Knut Asle Goksøyr og viser med hender som knapt trenge å flytte seg. Sola går ned i havet og nokre ørsmå timar kjem ho opp igjen berre eit lite stykke bortanfor. Og det er difor loshytta ligg der ho ligg. Milelang havrand. Frå hytta såg losane utover både vide og langt Frå brenningane inn mot Kvalneset innover og bortover over ein fallgard som var frykta av dei fleste. Då var losen god å ha. Historie. Knut Asle Goksøyr har seks generasjonar med losar bak seg. Han har sett seg føre å samle på historia til losane på Runde og kanskje i kommunen elles. Loshytta er ein del av dette. Men ved ei tilfeldigheit vart det også utleigehytte. - Eg tok over og ville ta vare på hytta. Eg tenkte aldri på utleige. Men så var det ein gong vi var overbooka på campingen, og eg tenkte eg kunne by dei loshytta. No er det den meste fullbooka staden vi har. Og dei som kjem hit spør ofte om ikkje det er ledig for ei natt til. Dei som får overnatte på loshytta vert tekne godt i mot og får ei innføring i losane si historie, både om slit og bragdar. Frysing, Losvakthytta på Runde er svært lett tilgjengeleg, og likevel byr den på opplevinga å vere heilt åleine i storslått natur.


Dei som kjem hit spør ofte om ikkje det er ledig for ei natt til.

venting og farefull seglas når ein kappast om å kome først til losoppdrag. På veggane heng fotografi av mellom anna robåten som vart brukt då åtte mann omkom i Goksøyrulykka i 1880. Ein av forfedrane til Knut Asle, los Hans Parelius, er der også bilde av. Oppstasa i ny uniform. Den kom etter at keisar Wilhelm hadde segla langs norskekysten og klaga til losoldermannen om at losane var for dårleg uniformerte. Då kom det ordre til losane om at dei måtte kle seg opp. Og dei sjølve måtte koste det. Sjølvsagt høyrer stolte losskøyter med. Familien til Knut Asle lot losskøyta «Rundø» bli stola under krigen. Den gjekk over til Shetland. Etter krigen kontraherte dei ny skøyte i eige namn,

men så kom ordninga med at staten tok ansvar for losskøytene og «Rundøy» vart første losskøyta med splittflagg. Vidsyn. Skikkeleg losvakthytte fekk ein ikkje opp før i 1960. Etter kvart tok Sjøforsvaret over og brukte hytta som base for øvingar på 80- og 90-talet. Og så gjekk hytta inn i porteføljen til Knut Asle. Han seier det er ein skatt når han ønskjer å ta vare på losane si historie. Men det er også ein skatt for dei som er ute etter ein spesiell overnattingsstad. Det er ingen luksus. Det er køyseng og pinnestolar. Eternittkledning og linoleumsgolv. Men det er radar i hjørnet, historie i veggane og ein vidstrakt horisont som innbyr til å tenke dei lange tankane.

Frå Loshytta får ein med seg både sola som sig i hav – og når ho står opp igjen frå havranda om morgonen.


34

Tekst: Torill Myren Foto:Siv-Elin Nærø

OVERNATTINGSSTADER KJELDSUND Fleire hytter ved sjøen, kvar med plass til åtte-ti personar og ei storhytte med sju soverom. Robåt og kano. www.nms.no/kjeldsund LANTERNEN AS Ti hytter, to rorbuer og oppstillingsplass for bobil/campingvogn, tømestasjon. Båtutleige, sløyehus for fisk, kafe. www.lanternen.no RUNDE FYR TURISTHYTTER DNT-hytte med 24 sengar fordelt på fleire rom og loft. Sjølvbetjent. Nøkkel må hentast på Runde eller turistinformasjonen i Ørsta. http://alesund.turistforeningen.no

CHRISTINEBORG GJESTEHUS Enkeltrom og familierom, plass til åtti personar. Kafe. Utandørs boblebad med havutsikt. Båtskyss rundt Runde. www.christineborg.no GOKSØYR CAMPING Utleigehus, loshytte, hytter, oppstillingsplass for bobil/campingvogn, teltplass og kiosk. Båttur rundt Runde, selsafari og fisketurar. www.goksoyr.no HAVFERIE KVALSVIKA Tre rorbuer og ei hytte. Til saman om lag 25 overnattingsplassar. Boblebad og sauna. Båtar til leige. www.havferie.com HERØY KYSTCAMP Oppstillingsplass for campingvogner/bobil, teltplass, to hytter og ei rorbu. Båtutleige, røykeomn for fisk, sløyebud. www.kystcamp.no JAKOBS RORBUER To rorbuer med til saman fjorten sengeplassar. Terrasse, grill, flytebrygge. Båt kan leigast etter avtale. www.jakobsrorbu.no

RUNDE MILJØSENTER Åtte leilegheiter, kvar med fem sengeplassar. Kafe, formidlingssenter og utstilling av Rundeskatten og fugleutstilling. www.rundecentre.no RØYRA FERIESENTER To hytter i sjøkanten, kvar med plass til seks til åtte personar i tillegg til nyrenovert hus med fem soverom. www.royraovernatting.no SÆVIK UTLEIGEHYTTER To hytter på kaikanten, kvar med sengeplass til åtte-ti personar. Dykkekompressor og RIB-båt i tillegg til to andre båtar. www.ansimax.no THON HOTEL FOSNAVÅG Nytt konferansehotell på kaia i Fosnavåg. 115 rom. Restaurant. Båtutleige. Kinosal, konserthus og skipssimulator i same bygget. www.thonhotels.no


ROM FOR REISANDE Kvifor ikkje? Kjellaren står no der. Det vesle gule skiltet på lyktestolpen peiker

Tekst: Torill Myren Foto: Siv-Elin Nærø

35

mot eit gult hus. Rom, står det. Og eit telefonnummer.

HJARTEROM. Nummeret til Sylvi Lillebø. Ho og mannen Bjarne Lillebø kom til Herøy for vel ti år sidan. Nesten på slump. - Vi køyrde frå Haugesund og nordover langs kysten. Hos ein eigedomsmeklar i Ulsteinvik fekk vi vite om dette huset på Leinane, og då vi var komne opp til Smøla, så hadde vi kjøpt huset her. Lengten til kysten hadde vorte for sterk for den opprinnelege Harstad-kvinna Sylvi og vanylvingen Bjarne. Dei budde på Strømmen og tenkte at når dei vart pensjonistar, så ville dei ha seg eit hus i opnare landskap. Men fritidshuset vart meir og meir brukt, og til slutt selde dei på Strømmen og flytta til Leine for godt. Huset vart totalrenovert og i kjellaren laga dei til ei leilegheit der barn og barnebarn kunne halde til når dei kom på besøk. - Men så sto no kjellaren her, og vi tenkte at folk kunne likegodt få lov til å bu her ei natt eller fleire, sånn innimellom. NYOPPUSSA. I 2012 kom det vesle gule skiltet opp. Rom. Sidan

då har det vore gjester frå mange land i kjellarleilegheita på Leine. Folk frå Italia, Tyskland og Nederland er mellom dei som har overnatta hos Sylvi og Bjarne. I kjellaren ventar nyoppussa og flislagt bad, stove med dobbel sovesofa og kjøken med alt av kjøkenutstyr; komfyr, oppvaskmaskin, kjøleskap og mikro – og køyseng. Den som vil kan leige handdukar og sengeklede. Og betale for sluttreingjering. Prisen vert uansett lav. - Det er no greitt for farande folk å kunne finne noko rimelege overnattingsstader også. Og dette er ikkje noko vi skal leve av. Ved påsketider kjem det gule skiltet opp og heng der til ut i september. Det har eit klaffesystem, så dersom leilegheita er utleigd eller dei sjølve er vekkreiste, så er skiltet stengt igjen. Er der ledig og klart til utleige, så er det ope. Ofte er det folk på veg til Runde som stoppar opp og leiger seg inn. - Ein gong kom her nokre som spurde om å få leige for ei natt. Men så kom dei tilbake og ville ha ei natt til. Og endå ei natt. Dei venta på lundefuglen. Gjestene kan låne robåt eller få skyss på sjø med Bjarne i ein litt større båt.

Sylvi og Bjarne tek også sjølve i bruk den tradisjonelle turistforma «Rom» når dei er ute og reiser. Dei liker å kome i kontakt med folk. - Det er berre kjekt og litt spennande å kome i kontakt med folk, og når det gjeld gjestene våre her, så kan det vere allright å treffe menneske frå andre land også.

Sylvi og Bjarne Lillebø ønskjer velkomen og leiger ut kjellaren i huset der dei bur på Leinane.


P R O G R AMO VERSIKT H E RØY

29-31/05/15

2015

06/06/15

MOSJONSFESTIVAL PÅ MOLTU

HAVYARD CUP

18/06/15

18 - 27/06/15

FOSNAVÅG-KONFERANSEN

FOSNAVÅG-UKA

26 - 27/06/15

FOSNAVÅG ROCK

08/08/15

KVALSVIKDAGEN

04-05/07/15

HERØYSPELET KONGENS RING

04 - 05/09/15

MAKRELL OG PIR FESTIVAL

molo no 01/2015  

Magasin frå Herøy og Fosnavåg. www.visitfosnavaag.no Herøy Næringsforum

molo no 01/2015  

Magasin frå Herøy og Fosnavåg. www.visitfosnavaag.no Herøy Næringsforum