a product message image
{' '} {' '}
Limited time offer
SAVE % on your upgrade

Page 1

no 01/2017


INNHALD

3 KA L L E H A R O R D E T

U TG I T T AV

4 H AV L A N D E T

Herøy Næringsforum Opplag: 30 000

10 GOD SMAK 1 2 S M A K S LØY PA

A N S VA R L I G R E DA K TØ R

1 4 M O E N S M ATG L E D E I G E N E RA S J O N A R

Karl Petter Sortehaug

2 0 P R O G RA M 2 0 1 7 2 2 S O M M A R F E S T I VA L I F O R S N AVÅG

JOURNALIST

2 4 K L A R F O R 1 0 1 . GA N G

Torill Myren

2 6 S TØ R S T PÅ B A D E G L E D E 2 8 G J E S T E H A M N E R , B ÅT U T L E I G E , O V E R N AT T I N G

G RA F I S K D E S I G N

3 0 F J E L L K L AT R I N G I H AV KA N T E N

CANN AS

3 4 KO N S E R T H U S O G K I N O S A L E I R E I S E V E R D TRYKK 07 Media

F OTO G RA F E R Pål Paulsen, Siv-Elin Nærø

På framsidefotoet ser vi: Frank Lied klatrar i Mulevika

visit fosnavaag Herøy Næringsforum Postboks 69 6099 Fosnavåg www.visitfosnavaag.no


VELKOMEN TIL SMAKEN AV HERØY Det er eit av høgdepunkta i året når eg får Molo i handa og veit at det dumpar ned i tusenvis av postkasser rundt på Nordvestlandet. Vi får lov til å fortelje om litt av alt vi set pris på i Herøy – og invitere folk til å kome og vere med og ta del i det. Denne gongen peikar vi spesielt på gleda ved god smak. Her har vakse seg fram ein brei meny av mattilbod, alt frå gatemat med rettar frå dei fjernaste strøk til restaurantar med meir europeiske tilbod – og smaksholmen Skotholmen der fisken er så kortreist at den kan ha symt forbi berre nokre timar før du får han på tallerkenen. Vil du lage maten sjølv, er rekka av daglegvarebutikkar lang. Og i sentrum ligg ein daglegvarebutikk med tradisjonar og generasjonar som har styrt med mat. Der er farfars oppskrifter fortsatt i bruk. På kulturmenyen står også mange godbitar med ulike smakar som mosjonsfestival og vikingmusikal, amcarmønstring

og

bygdadagar,

utekonsert

med

Vassendgutane og innekonsertar i eit av dei beste konserthusa i landet. Kjem du hit ein tur, kan eg love deg at her er mange mulegheiter til å bli fornøgd, god og mett. Velkomen til Herøy havland. Karl Petter Sortehaug Ansvarleg redaktør


4

Tekst: Torill Myren Foto: Pål Paulsen, (Runde, Sunnmørsbadet) Oddbjørn Monsen, (Lundefugl)

HAVLANDET Ta eit kortreist besøk i eit nytt land. Havlandet Herøy. Ei lita helg - eit stort eventyr.

Kofferten står klar i bilen. Det er berre å få stengt kontordøra fortast muleg. Ei helg i Herøy havland ventar. Ei helg med synet av hav, lyden av hav, lukta av hav – og smaken av hav. Thon Hotel Fosnavåg har har plukka den eine toppplasseringa mellom hotell i Norge etter den andre. Men ring hotellet og sei at du kjem seint. Det må vente, for du skal få oppleve noko som ikkje kan settast på vent: Lundefuglen som kjem inn frå havet om kvelden. Kva for ei forestilling dei set opp akkurat din kveld er ikkje lett å vite, heller ikkje akkurat kva tid den startar, men frå i 18-tida og utover nokre timar, utover våren og tidleg-sommaren, kjem dei. Nokre kveldar i svermar, andre kveldar litt færre, men dei kjem, og like tett på som den beste BBC-naturserie. Kanskje hadde du tenkt at fredagskvelden skulle gå med til tid på hotellrommet og så ta heisa ned til ein av Norges beste kinoar? Starte Herøy-helga med litt Hollywood med maks kvalitet på lyd og bilde? Men også i Lundeura er surroundlyden upåklageleg. Det er reality i 4D og meir til. Kanskje skal berre sola få sige havet og kinoen segle sin eigen sjø? Kanskje når du siste forestillinga i morgon?

I Lundeura på Runde kjem du svært tett på lundefuglane, ei oppleving både for barnefamiliar og dei ivrigaste fugleentusiastane.

Laurdagsmorgonen vaknar du til måseskrik. Hotellet ligg på hamna. Du kikar ut vindauget. Kanskje svevar ei havørn der borte eller ein fiskebåt sig forbi. Nede ventar ein særs god hotellfrokost før du skal starte på ein særs god dag. SALT OG RÅ SJARM. Etter frokosten er det tid for litt byvandring. Fosnavåg har ei lang rekkje frittståande butikkar. Butikkar der du møter eigarar og tilsette som kan sitt fag om stoff og snitt, fargar og fasongar. Her er ein fin miks av nyare butikkar og butikkar som har Runde fyr ventar lengst ut mot havet både som turmål for ein dagstur og om du vil overnatte.


kledd opp folk i snart femti år. Og andre butikkar har halde på endå lenger. «Lied-hjørnet» er ein institusjon som kiosk og tippesentral, og ein stad der verdsproblem har vorte løyste sidan 1933. Fosnavåg har sin heilt særeigne, salte og rå sjarm fullstendig lausrive frå vanleg standardar for kva som er vakkert. Fosnavåg er hamna. Denne kystbyen har alltid gitt deg følelsen av å vere noko meir enn den husklynga som klumpar seg saman mot storhavet. Heilt frå slutten av 1800-talet då der var rundt ti bustadhus på, men likevel nesten tusen fiskarar i høgsesongen, så har denne samlinga av gatestumpar på kryss og tvers vore vegen til eventyret. Og hovudgata kan ikkje køyrast med bil. Ho går frå inste hamna og ut hamneløpet. Det kunne vore teke inngangsbillett på opplevinga det er å vere i Fosnavåg når dei største båtane med ørfin margin snik seg ut og inn hamna og samtidig reiser seg som ein vegg i bybildet. Og der denne «hamnegata» sluttar, der opnar mulegheitene seg. Havet. Fosnavåg er ikkje berre kystby. Det er havbyen med maritime næringar og direkte utsikt til horisonten. Få andre plassar har du parkeringsplass i sentrum med utsikt til havranda og solnedgangar som gjer deg til kveldens klikkvinnar på sosiale media. Etter ein føremiddag i sentrum er det tid for mat og drikke. Den mest kjende staden der ein kan få seg ein matbit i Fosnavåg sentrum er Madelynn Coffee. Ein plass med «heimebrent» kaffi, og heimelaga mat med ein smak av Texas og New Orleans. Sandwich og burgerar, dagfersk focaccia og amerikanske kaker og paiar. Det er berre å forsyne seg, for no trengst det krefter. Du skal på Sunnmørsbadet! 6400 kvadratmeter badeglede ventar (sjå eiga sak) og der går tida fort. Både for små og store, men før eller seinare må ein ut av badevatnet. No er det tid for sjø og sjømat.


6

• • • •

Foto: Steve Michael Røyset, (Skotholmen) Pål Paulsen, (Konserthuset)

www.skotholmen.no www.fosnavaagbrygge.no www.thonhotels.no www.madelynncoffe.wordpress.com

EIN HOLME FULL AV GOD SMAK. Tilbake på hotellet er det berre å få badebuksa på tørk og leite fram finbuksa. Du tek heisa ned, går ut på kaia og om bord i båten som skal ta deg med til Skotholmen, eit sjømatmekka i Holmefjorden. Skotholmen har ei mange hundre år lang historie som handelsstad. Her har det alltid handla om fisk. Og no handlar det om godsmaken av fisk og sjømat. Den gamle sjøbuda er gjort om til ein elegant og

uformell restaurant. På tallerkenen ligg ei rad rettar med slikt som fisk som kan ha symt forbi Skotholmen berre nokre timar før. Maten er ureist. Men gjestene kan vere langreiste. Ordet om smaksholmen utanfor Fosnavåg har spreidd seg. Og med båtturen, holmen og sjøbuda som ramme rundt måltidet, så er ein kveld på Skotholmen ein kveld som fyller opp i minneboka.

Laurdag kveld må du velje. Vil du til Magnus Bergseth (over) på smaksholmen Skotholmen, så får du båttur på kjøpet av dei gode smakane. Om du vel fiskemiddag hos Lena Sivertstøl på Restaurant Fosnavåg brygge (t.h.), når du god lyd i konserthuset også.


Foto: Siv Nærø, (Restaurant Fosnavåg Brygge)

Men du går ikkje svolten om du ikkje reiser på Skotholmen heller. Med mindre barn kan det vere enklare å halde seg i sentrum. Restaurant Fosnavåg Brygge ligg på kaikanten i Fosnavåg sentrum med maritimt miljø og fisk på menyen. Også Restaurant Sjøkanten inne på hotellet har variert meny. Om det er eit ønske med laurdagspizza, så er Elmirs Pizzeria eit par gater og i gangavstand unna. Til Prego (sjå eiga sak) bør du ta bilen.

Med sentrumsnær mat kan du nå kultur også laurdagskvelden. Fosnavåg konserthus og kinoen ligg i same bygget som hotellet. Frå hotellromet kan du tusle deg av garde om så det er i tjukkelestane til ein av godstolane i kinoen. I helga går det fleire filmar med fleire framvisingar. Og ein del helgar kan også laurdagskvelden brukast i konserthuset. Der kan du nyte lokale kulturgodbitar eller tilreisande artistar.

7


8

Foto: Espen Grønli, (Thon Hotel Fosnavåg) Eivind Sævik (havopplevelse)

• www.havopplevelse.no • http://sunnmoremuseum.no/om-oss/ heroey-kystmuseum/

Ei helg i Herøy er ei helg ved havet, men du gir helga ein ekstra spiss om du kjem deg ut på havet i båt. Det kan vere med Skreddaren på tur til Skotholmen, med rib til fuglefjellet eller fisketur i leigebåt der du er din eigen skipper.

DET DU FORTEL OM I LUNSJEN. Søndagsfrokosten på hotellet er berre å nyte. Frukt, havregraut, bacon, godt brød og nysteikte vaflar. Tilsette fyller på kaffikoppen og du kan berre site der i restauranten, heilt på kaikanten, og kjenne den gode helgastemninga. Så blir det tid for utsjekk og eit par nye eventyr før du forlet havlandet. Dagen startar på sjøen. Med Havopplevelse kan du skreddarsy båtturen. Vil du ha eigen båt og fiske? Eller vil du kjenne adrenalinet når du fyk over bølgjene med rib? Fredag kveld sat du øverst i fuglefjellet og såg utover havet. No får du vere på havet og sjå oppover fuglefjellet. Når motoren stoppar, og du berre flyt bortover medan fuglane fyk og skrik rundt deg, fjellet reiser seg og havørna svevar over det heile, så forstår du at topp-opplevinga på dette fjellet er nedanfrå. Og er du så heldig at havet er så smult at du kan kome deg inn i grottene

med sitt trolske lys og fantastiske fargespel, så veit du kva du skal fortelje om i lunsjen på mandag. Havopplevelse har båtar og mannskap tilgjengeleg slik at du får nyte naturen og sjøen slik det passar deg. Hotellet kan også ordne kajakk og utstyr om du vil padle og vere heilt «nedpå». På veg heim frå Herøy køyrer du over Herøybrua. Igjen er det opning mot storhavet og utsiktspunkt verd å stoppe for, og du må iallfall svinge til høgre og ta avstikkaren til Herøy Kystmuseum. Kommunen har namn etter denne øya som har ei spennande historie med både vikingkongar og barnegråt frå kyrkjegarden om natta... Kystmuseet viser korleis øya såg ut som handelsstad rundt midten av 1800-talet, men her er over tusen år med historie. Hovudleia, riksvegen langs kysten, gjekk forbi her.


Det var her folk venta på å få godt nok ver til å kome seg forbi Stadhavet og det var her folk samlast. Dermed vart det også her det vart sentrumsfunksjonar og offentlege funksjonar som brennevinsutsal, kyrkje og avrettarstad... Ein fin, asfaltert sti slynger seg nokre hundre meter over øya og ut til amfiet der Herøyspelet går av stabelen første helga i juli (Sjå eiga sak). Og der opnar landskapet seg igjen. Igjen så er det havet midt i mot. Det overveldande. Hav og himmel. Du ser utover og utover. Det er havlandet dette. Og det er det vanskeleg å reise i frå. Men god tur heim. Og velkomen tilbake!


GOD SMAK 10

«Ver så god! Berre hyggeleg!» Alt i det eine italienske ordet

Tekst: Torill Myren Foto: Pål Paulsen

«Prego», namnet til middelhavsrestauranten som vil by på god smak.

• https://nb-no.facebook.com/ pregorestauranteas/

Og god smak byr dei på før du får mat og drikke på bordet. Den eine veggen i restauranten er berre vindauge og slepp inn veret og årstidene sine skiftande lys innover dei rundt femti siteplassane som er fordelt på gode stolar og sofaer som ber om at du blir lenge. - Det er det vi ønskjer. At folk skal senke skuldrane, vere her, ete her og berre kose seg, seier Monica Solhjem som driv Prego. Restauranten opna i november i fjor. Dei som sto bak, Ståle Berge og Signhild og Hallgeir Skorpen er Italia-fantastar. Dei ville ta med dei gode smakane og den gode matkulturen heim til Herøy. Dei er også medeigarar i Vino Piemonte, noko som gjer at Prego har tilgang til både kunnskap om vin og vinar som gjer at dei kan by på noko anna og noko ekstra. - Og det vil vi bruke. Vi har allereie byde inn til aperitivo der folk kan stikke innom på veg heim frå jobb fredag, på veg ut på kino eller spasertur, berre kome innom, få eit glas med god drikke og noko «smågodt» som friterte mandlar eller oliven ved sidan av. Prego byr også på over dusinet ulike vinar du kan få på glas. - Slik kan folk få smake på mange forskjellige og kose seg med ulike smakar. GOD PRAT RUNDT BORDET. Monica Solhjem fortel at dei kjem til å ha ulike samlingar der smak og smaksopplevinga står i sentrum. Enorme skinker frå Italia heng i lokalet og berre ventar på å bli tynne skiver og gode gleder på nokon sin tallerken. Frå kjøla hentar ho fram fiskefiletar og heile fiskar. - Når eg ser sånn god fisk som dette her, så berre kleiar det i fingrane etter å kome i gang med å lage gode måltid. Fisk blir bakt og steikt – og servert med middelhavsinspirert tilbehør. - Vi har mykje sauterte grønsaker, base med squash og aubergin, og mykje rosmarin, og så må vi ha poteter her i Norge, men i båtar,


Monica Solhjem på Prego seier dei vil ønske velkomen til god stemning og gode smakar, ein stad der folk kan senke skuldrane og berre kose seg.

terningar, skiver og helst bakte eller steikte. Ho er dansar i lufta før dei får sine minutt i den gloheite Prego serverer middag gjennom veka i tillegg til oppteken av at råvarene skal vere gode og ferske, pizzaovnen. Ut kjem pizza med så mange slags at dei ope lenge i helgane. Monica fortel om godt og så får det heller skje at det blir utselt på menyen. smakar. besøk og at dei no vil forsterke teamet. Etter nokre månaders drift ser dei allereie at gjestene har nokre favorittar. Restauranten har alle typar middagsmat og vil vise at Italia betyr meir enn pizza og pasta på menyen, men torsdag har vorte pizzadag. Då er det pizzabuffet der pizzaleivane

- Og anten det er middagsservering eller pizza- - Vi vil at dette skal bli plassen for å vere i lag med buffet, så er det kjekt å sjå fleire generasjonar site i gode folk og gode smakar. lag rundt matbordet her, prate og kose seg, smake Berre hyggeleg! og ete. Det å sjå folk møtast, ha det kjekt og ete Prego! godt, det er gleda til oss som jobbar her.


KAMI SKOTHOLMEN Fisk- og sjømat på ein holme full av smak. Matoppleving og

ELMIRS PIZZE RIA

middagsservering i helgane vinterstid. Sommarope

Pizzarestaurant med lokale pizzafavorittar, men også med

fem dagar i veka frå juni til september

kebab, burgerar, nachos og

Båtskyss.

liknande på menyen.

RESTAURANT FOSNAVÅG BRYGGE Lunsj- og middagsservering, klassiske rettar og med mellom anna gratinert klippfisk som bestseljar.

VALAKE R BAKE RI & KONDITORI Konditori med rikt utval av påsmurte rundstykke, salat, kaker, wienerbrød, bollar og anna bakverk.

YONG HONG Kinarestaurant med både kinesiske og norske matrettar. Lunsj- og middagsservering.

PREGO RESTAURANTE Italiensk med mykje meir enn pizza og pasta på menyen. Vinbar. Middagsservering.


RUNDE MILJØSENTE R Søndagsforedrag med open kafé og utstilling haust og vår. Open kafé og utstillingar kvar dag i sommarsesongen.

SUNNMØRSBADET Middag, gatekjøkenmeny, salat og baguettar i kafeområde utanfor bassengdelen.

RESTAURANT SJØKANTEN Hotellrestaurant med frokost-, lunsj- og middagsservering. A la carte-meny som skiftar med sesongane.

MADELYNN COFFEE

MIX SCENE 1 EGGESBØNES

Kaffibar med kaffibrenneri

Gatekjøken med variert meny, kiosk

og heimelaga sandwichar,

og stor smågodtavdeling.

burgerar, amerikanske kaker og paiar.

LANTE RNEN MARINA Kafe med gatekjøken. Tradisjonelle middagsrettar og store porsjonar.

KR CATERING Matvognkafe med rettar frå Midt-Austen som kebab og falafel pluss kyllingwraps, burger og diverse.

KJELDSUND UNGDOMSSENTER Leirstad med middagsbuffet med tradisjonelle middagsrettar søndagar i juli og august.


Ronald Moen er son til Sigurd Moen som starta slakteriet og butikken, far til butikksjef Jon Robert og onkel til ferskvaresjef Ingvill Moen Sporsheim.

14

Tekst: Torill Myren Foto Pål Paulsen

MOENS MATGLEDE I GENERASJONAR Det beste krydderet er matgleda. Og det viktigaste verktøyet er farfar sine oppskrifter og mattradisjonar.

- Ver så god, seier Jon Robert Moen og gir eit lite beger til Nina Frøystad Reite. Ho har bede om å få krydder til syltaflesk. Og det ho får er krydder i lausvekt. Eiga blanding. Fleire generasjonar gamal oppskrift. Å handle på Meny i Fosnavåg er ikkje som å handle på andre matvarebutikkar. Matgleda er det viktigaste. Det har dei tradisjonar for. Det har dei hjarte for. Ålesundsguten Sigurd Moen kom til Fosnavåg som 18-åring i 1931. Han hadde då vore slaktar i Ørsta og fiskarar frå Fosnavåg som var på fiske inn i fjordane lokka han utover sidan Fosnavåg ikkje hadde eigen slaktar. Sonen Ronald Moen vart opplært frå barnsbein av. - Eg var med og rørte ut blod alt før eg begynte på skule. Det var ein naturleg del av drifta og det å vekse opp. Og sonesonen, Jon-Robert, måtte stå på ei bruskasse for å nå opp då han begynte å hjelpe til med å male kjøt. - Han fekk nokre øre for per bøtta, og det var nok då kjøpmannen i han vakna, ler pappa Ronald. HANDSKRIVA OPPSKRIFTSBOK. For det er butikk og mat det har handla om. Jon-Robert har arbeidd i butikken frå han var gutunge. 23 år gamal tok han over og vart butikksjef. Og så kom perioden då fleirgenerasjonsbedrifta av fagfolk på grunn av kjede-politikk enda opp i Rimi. - Det var frustrerande. Så kom mulegheita. Eit nytt lokale vart ledig i Fosnavåg. Det ville Jon Robert og Ronald ha. Det og så å bli Meny-butikk. Fram til då var det berre ein Meny-butikk i fylket, den låg i Ålesund. Meny kravde også ei omsetning på 50 millionar kroner i året.

Då må det bu mykje folk rundt butikken! Jon Robert kunne då berre vise til under det halve. - Men eg trudde veldig på det vi dreiv med, hadde rette alderen og pågangsmot, og lovde å drive for eiga rekning. Og dei hadde det beste våpenet i kampen, ei småfillete, godt brukt, handskriva oppskriftsbok. Her var oppskriftene frå Sigurd Moen og kona hans, Kardis, som også var «eit matmenneske», kjent for å vere flink med all slags mat både på butikken og heime. Her er oppskriftene på løkrull, lammerull og syltaflesk, blodpølser og dampemår. - Eg skreiv det ned medan pappa huska, fortel Ronald. Og no er det der, nedskrive. Det er museumsgreier ditta no. Men om boka er ein museumsgjenstand, så er innhaldet i bruk og etterspurt. Oppskriftene gir oss rein og ekte mat utan mengder av tilsetningsstoff. Jon-Robert har gått i lære. No kan han også lage det same som faren og farfaren gjorde. Ronald har trekt seg meir tilbake, men fortel at på det heftigaste, då han jobba døgnet rundt, laga han åleine 3,7 tonn mår til jul – noko som tilsvarer 3,7 kilometer! Likevel blir han ikkje matlei. Han vel seg Moen-løkrull på skiva og den nyutvikla Ronald spesial-måren til middag. Ingvill Moen Sporsheim er søskenbarnet til Jon-Robert. Ho er ferskvaresjefen på Meny og har fagbrev som butikkslaktar, er barnebarnet til slaktar Sigurd og har matglede i genane. - Eg seier av og til at no skulle bestemor vore her og sett oss, ler ho. Ho utviklar nye godbitar til ferskvaredisken. Salatar, middagsrettar og heimelaga ostar.


15

Yvonne Bakke Muren med fredagsdisken full av godt til helga. Meny har tre kokkar i sving som både lagar mat til deg og kan gi deg gode råd om korleis du lagar mat sjølv.

- Ein må berre prøve. Det er betre å prøve og angre, enn å ikkje prøve og så angre. Vi testar ut i lunsjen her, og no har vi for eksempel sju, åtte osteoppskrifter som er våre heilt eigne. MATKVALITET. Meter på meter med ferskvaredisk strekker seg med ostar, salatar, kjøtvarer og ferdige middagar før det blir avslutta med fiskedisken. Meny er ein av dei svært få butikkane i Norge som er godkjent som fiskemottak. Dei handlar direkte med fiskarane, noko som sikrar både god kvalitet og god pris til kundane. Bak disken står tre kokkar. Her kan du spørje om kor mykje ein må berekne, korleis ein skal lage og tips til oppskrifter. Og om du vil ha noko søtt til slutt på måltidet kan du finne heimelagar dessertar i diskane, som «Sigveigs mokkafromasj», laga etter oppskrifta til mora til Jon-Robert. Matkvaliteten vert lagt merke til. Det kjem kundar frå Hornindal og Stryn og tek julehandelen, her er støtt og stadig ørstingar og voldingar, hareidsdølar og ulsteinvikarar. Det kjem folk frå Meny-kjeda for å sjå og lære. Og Tine har kåra butikken til Årets matglede-butikk. - I mi verd er dette det feitaste ein kan vinne, smiler Jon-Robert. Det krev det vesle ekstra, og det gjer det i ein test-periode på ni månader. Konkurransen har vorte beintøff.

Tilbodet i ferskvaredisken får det til å kome kundar frå Stranda, Hornindal og heile Søre Sunnmøre. Her er det heimelaga mår og pålegg, heimelaga middagar og råvarer til middagar saman med butikkutvikla ostar, salatar og freistingar av alle slag.


- Det er den beste butikken dette, seier kunde Nina Frøystad Reite. Ho har nettopp fått seg ein pakke med butikkens spesialkrydder til syltaflesk.

16

Tekst: Torill Myren Foto: Pål Paulsen, (Meny) Kristoffer Nærø Ytterland, (filet) Torill Myren, (lefser)

Saman med det dei tilsette produserer sjølv, legg også Jon-Robert vekt på å selje kortreiste og lokale matvarer. Til saman vert dette ein butikk av det heilt spesielle slaget. - På ein måte gjer vi stikk i strid med det resten av daglegvareforretningane i Norge gjer. For dei handlar det kun om pris, mene vi skårar betre på alle andre forhold; ferske varer, ferskt brød, fersk fisk, heimelaga mat, vareutval, kundebehandling… NOKO ANNA. Jon-Robert fortel at då dei starta opp i 2005 var det mange som trudde dette aldri kom til å gå. Men dei sjølve hadde trua. Tok opp lån, brukte alt av sparepengar og jobba hardt, lenge og til dels gratis. - Og det går betre og betre. Dette er framtida. Folk er opptekne av anna enn pris. Dei kjem hit for å finne noko anna enn det andre har, og det har vi. Nina Frøystad Reite er så einig. I handlekorga er spesialkrydderet til syltaflesket. Ho kan berre strekke ut handa og ta seg ei smaksprøve av ferskt brød med heimelaga italiensk salat. Litt lenger borte står kaffikanna, kaffikoppane og smaksprøver på nysteikt kaffimat. - Det er beste butikken dette, kundebehandling, mat, utvalet… Alt.

TRE LOKALE PÅ MENY LEINEBRIS. Herøy-reiarlaget Leinebris har stolte tradisjonar så langt tilbake som til 1898. Dei brenn for linefiske og fisk som er ferskfrosen om bord. Linefanga fisk har ein kvalitet som andre fiskarar strekker seg etter, og om bord i den topp moderne linebåten produserer og pakkar Leinebris kartongar med torskefilet og hysefilet som vert selt direkte til forbrukarane. Første butikken i Norge som tilbyr denne fisken er Meny i Fosnavåg. Det er torskefilet og hysefilet av høgaste standard og som er «ferskare enn fersk». Paul-Harald Leinebø i Leinebris seier det var sjølvsagt for dei at det var Meny i Fosnavåg som skulle verte første butikk som tilbyr Leinebris-fisken fordi det er ein butikk der dei på same måte som Leinebris, brenn for kvalitet på det som vert selt og servert. For Leinebø er det ekstra stas å igjen kunne tilby eigen fisk lokalt, slik bestefar hans gjorde det frå kaikanten hundre år tilbake.


HELDE ULVESTAD-LEFSER Lefser høyrer med på eit kvart kaffibord på Sunnmøre, anten det er store dagar eller mindre lag. Før kunne det vere vanskeleg å oppdrive for dei som ikkje baka sjølv, men no ligg det heimelaga lefser i frysedisken på Meny. Lefsene er smurt både med smør og sukker – og nokre også med kanel, alt etter kva ein vil ha. Det er skikkeleg gjort og med skikkeleg oppskrift når Wenche Helde Ulvestad leitar fram kjevlet og set i gang. Oppskrifta på dei tynne lefsene er oldemor si og oppskrifta på hardingane er frå bestemora til ei veninne. Wenche lærte å bake lefser av mora si, og har no drive med lefsebaking i rundt ni år. Med tida vart det meir og meir lefser for sal, og no vert både lefser og hardingar selt frå butikk i tillegg til at ho deltek på ein del messer og sommarfestivalar.

NJARDAR er eit lokalt røykeri med lang historie og namnet, Njardar, er valt fordi det er vikingnamnet til den norrøne guden som kan ha gitt namn til Nærøya der bedrifta ligg. Bedrifta er no ein del av Slow Food og deltek på ulike matmesser og mathallar både i Norge og utlandet. Njardar produserer mellom anna røykt sild der røyketida varierer frå ti-tolv timar til ti-tolv dagar alt etter kva kvalitet og smak ein ønskjer. Silda har fått kvalitetsmerket «Presidia» av Slow Food International, og var under tildelinga i 2004 den andre matprodusenten i Norge som fekk denne heideren. I dag er det fortsatt berre fem som har fått denne tittelen. I disken hos Meny ligg røykalaks frå Njardar. Også dette er slow food og god smak. Utan noko form for kjemikaliar, og behandla for hand slik Njardar har gjort i tre generasjonar.


18

IBørning2 blir oppfølgar til

Børning, den nest mest sette filmen på norske kinoar i 2014. Norsk actionkomedia produsert av Filmkameratene AS. Premiere hausten 2016. Mellom skodespelarane finn vi Anders Baasmo Christiansen, Marie Blokhus, Otto Jespersen, Sven Nordin og Jenny Skavlan. Regissør er Hallvard Bræin medan John M. Jacobsen er produsent.


Meny i Fosnavåg er ein av dei svært få butikkane i Norge som er godkjent som fiskemottak. Dermed kan Atle Teige på Delfin levere fisken direkte til Meny og Maria Støylen. Det betyr sprellfersk kvalitetsfisk til ein billegare penge for kundane.

Tekst: Torill Torill Myren Myren Tekst: Foto: Foto: PålBørning, Paulsen Siv-Elin Nærø

19


20

PROGRAM 2017

Tekst: Torill Myren

02. MOLTUSTRANDA MOSJONSFESTIVAL

27. - 28. MAI Moltustranda byr inn til mosjon og moro. Idrettslaget er arrangør og steller i stand alt frå knallhardt motbakkeløp til Hidsegga til løp og aktivitetar i rolegare mosjonstempo. Fredag er det Moltumila gjennom bygda og aktivitetar i teltet ved samvirkelaget. Laurdag er det den store motbakkedagen og dans om kvelden før ein kan leite fram sykkelen til to sykkelløp søndag. Både eit barneløp der foreldre eller besteforeldre må slå følgje og Tour de Moltu. I alle sportslege aktivitetar er det lagt opp til både mosjonsklasse og konkurranseklasse. Festivalen vert avslutta med bygdamiddag på grendahuset. Følg Moltustranda Mosjonsfestival på Facebook

01. AMCAR

1. MAI Amcar Ytre Sunnmøre inviterer for 33. gong til vårmønstring ved Herøy kulturhus. Dette er dagen då Fosnavåg fløymer over amerikanske bilar og motorsyklar. Tidlegare år har det vore så mykje som 400 køyretøy og 4000 personar med på mønstringa. Alle amerikanske bilar og motorsyklar slepp gratis inn. Amcar-utstillinga byr også på flygande farkostar, og det er råd å få ta seg ein helikopertur og sjå både mønstringa og Fosnavåg frå lufta. Innandørs er det modellbilutstilling, standar av ulike slag og kafe med middagsservering. Inkludert i billetten er også besøk på Sunnmørsbadet som ligg ved utstillingsområdet.

03. HAVYARD CUP

17. OG 18. JUNI Havyard Cup samlar rundt tusen spelarar på Havila Stadion Fosnavåg. Med alle som er med så får Fosnavåg besøk av 3.000 – 4.000 fotballglade gjester. I år er det Havyard Cup for tiande gong. Då veks cupen og tek med spelarar opp til og med 16-årslaga, og cupen går over to dagar. Det vert overnattingstilbod på skulane rett bak stadion. Mellom kampane er det lagt opp til ulike aktivitetar og matsal, og fotballstadion ligg på eit område med sandvolleyballbane, tennisbane og bane for utfordringar på sykkel. I tillegg er Sunnmørsbadet nabo med stadion. For meir info, følg HavyardCup på Facebook.


FOSNAVÅG KONFERANSEN 2017 SETT AV DATOEN: TORSDAG 22.JUNI - THON HOTEL FOSNAVÅG

04. FOSNAVÅGKONFERANSEN

HAVROMMET

22. JUNI Havromet byr på endelause mulegheiter og dei skal Fosnavågkonferansen vere med på å utforske vidare. Kva kan havet gi av ny næringsaktivitet både på hav og på land? Ein må både omskape dagens næringar og skape nye næringar. Det gir nye mulegheiter til alt frå teknologibedrifter til reiselivsbedrifter. Konferansen går føre seg på dagtid på Thon Hotel Fosnavåg medan kveldens middag skal nytast på Skotholmen

05. RUNDADAGEN,

25 JUNI Rundadagen tek i bruk heile «Runde sentrum» med salsbuder og aktivitet på hamna og sal og utstilling i gamle Runde skule. Fiskesuppe og kaker som berre dei kan på Runde er eit av trekkplastra. Eit anna er flytebryggespelet som bygda set opp om “Sogå om rondagolljet” der gamle segner frå øya vert dramatisert med store mengder humor attåt. Rundt hamna er det folkeliv og godprat i tillegg til ymse salsbuder der utstillarar viser fram og byr fram kunsthandverk, handarbeid og kortreist mat. Ofte vert det heile toppa med levande musikk frå lokale artistar.

08. KVALSVIKDAGEN

06. SOMMARFESTEN,

20.-25. JUNI Denne juni veka skal det bli myldrande og yrande folkeliv i gatene i Fosnavåg. Sommarfesten er flytta tilbake til kaia og hamna og det blir musikk og underhaldning, god mat og gode tilbod, god mat og god stemning. Sjå eiga sak.

12. AUGUST Bygda ytst i havet ønskjer velkomen til eit par tusen gjester ei helg i august. Oppskrifta har vore god stemning, god mat, utstillingar og salsbuder i nausta langs hamna. Kvalsvika byr også på flott natur, og Kvalsvikdagen kan kombinerast med ein tur på fjellet, ein tur til den heilt spesielle Mulevika mot storhavet – eller ein kan få seg båttur til fuglefjellet på Runde. Kvalsvikdagen har byde på aktivitetar for store og små, utedans om kvelden og underhaldning på dagtid. Dei som fekk med seg Kvalsvik-karane sin magedans i fjor gløymer det ikkje så lett! Det er lagt til rette med gjestebrygge og bobilparkering. For meir info, følg Kvalsvikdagen på Facebook

07. HERØYSPELET

1.-2. JULI Kvar einaste sommar sidan 1991 har Herøyspelet ønskt velkomen til verdas vakraste vikingmusikal. Olavsspelet «Kongens Ring» er ei dramatisk kjærleikshistorie som vert vist fram med det mektige Stadhavet som bakteppe. Om lag 300 aktørar står på scena og spelar fram historia om kva for ein kjærast hovdingdottera Unn skal velje og kva retning og tru lokalmiljøet hennar skal velje. Spelet skjer på den naturvakre øya Herøy som har ei rikhaldig historie å frå meir enn tusen år som møteplass for herøyværingar og farande folk langs kysten. For meir info, følg Herøyspelet på Facebook


22

SOMMARFESTIVAL I FOSNAVÅG Tekst: Torill Myren Foto: Stargate Pressefoto: Vassendgutane, Hit Station, Loveshack

www.visitfosnavaag.no

Sunnmøres største kakebord, sceneshow og dans på kaia, båtliv og folkeliv. Fosnavåg byr inn til årets sommarfest.

Fosnavåg held på å få lange tradisjonar for sommarfestivalar av ymse slag. I år heiter festdagane «Sommerfestival i Fosnavåg». - Vi gler oss å gi folk ein skikkeleg sommarfestival med yrande liv i kystbyen vår, seier Helen Sævik som er i arrangørkomiteen i lag med fleire representantar frå handelsforeininga i Herøy næringsforum, Fosnavåg kystlag, Frivilligsentralen og Herøy kommune. Det er eit breidt samansett lag som arbeider for å fylle Allmenningskaia og sentrumsgatene med folk, underhaldning og god mat frå og med tirsdag 20. juni til og med søndag 25. juni . - Vi satsar rett og slett på å sette publikumsrekord denne sommarfestivalen. For å gjere det, har dei laga ein miks av større trekkplaster og ei mengde mindre aktivitetar som til saman lagar sommarfest.

KONSERTAR OG DANS. Torsdag kjem Vassendgutane og spelar på Allmenningskaia. Det blir gratis arrangement og ope for alle med svingom og allsong midt på ein vanleg torsdag. - Her blir det stemning. Det er berre å reinse stemmebanda og la seg rive med, seier Helen. Fredag lovar Helen Sævik tidenes 80-talsparty på kaia. Då kjem Loveshack og Hit Station og held konsert. - Vi håper de finn fram igjen skattar frå 80-talsgarderoben og kjem og er med. Kanskje har du draget på frisyren enno? Og kanskje har du til og med 80-talsmovesa inne enno? Og laurdag er det Crashville og Garage som sørgar for stemninga og musikken på kveldens dans. GRATIS KAKEBORD. I Fosnavåg er det lagt til rette for å ta i mot både dei som kjem på rullande bølgjer og rullande hjul. På hamna er det rikeleg med plass på gjestebryggene og i Parken i sentrum er der stor bobilparkering, gratis begge plassar. Teltet på Allmenningskaia vert myldreområde og staden for mellom anna underhaldning, barneteater, moteshow – og Sunnmøres største kakebord. Her blir lag og organisasjonar, enkeltpersonar, butikkar og bedrifter inviterte til å lage ei kake, gjerne ei som fortel litt om dei sjølve, for å lage eit kakebord som både er godt å sjå på og godt og smake på. - Og dette blir gratis for alle med gratis kaffi attåt. Elles vert det salsbuder i gatene og tilbod i butikkane, det blir Eliasbåt, kystlaget vil vise fram nokre av sine skattar og Havopplevelse tilbyr opplevelsar til sjøs.

- Vi er ein kystby og skal gjere vårt beste til at det viser igjen. Velkomne. Dette blir så bra!


24

Tekst: Foto:

Torill Myren Eivind Sævik

www.heroyspelet.no Dagens Næringsliv «Jeg har snakket med andre som har vært både på Stiklestad og på Herøy, og som mener Herøyspelet er bedre enn Stiklestad» Sunnmørsposten Ei soge om suksess. Dette er historia om korleis folk i Herøy får til noko som ingen andre i regionen får til. Vestlandsnytt Jubileumsutgava av Kongens ring er den beste nokon gong Eva Mørkeset, leiar «Barneteateret Vårt» Det er eit fantastisk spel og ei historie som har alt som skal vere med. Høgdramatisk med mord og sjalusi, men også kjærleik! Agnes Kittelsen: Kongens Ring er eit av dei verkeleg gode historiske spela i Norge

KLAR FOR 101. GONG Over 60.000 menneske har sett verdas vakraste vikingmusikal. I sommar er spelfolket klare for forestilling nummer 101. Kongens Ring har vorte ein del av årstidene og høgtidene gjennom året. Første helga juli smell sverda i skjolda og orkesteret spelar opp. Herøy amfi vert fylt av 300 deltakarar som står bak og rundt scena. Det er barn, unge og vaksne, amatørar og profesjonelle skodespelarar. Og kvart år kjem folk togande over den smale og svingete vegen. Dei skal oppleve årets versjon av dramaet rundt hovdingdottera Unn, kjærleik og sjalusi, fødsel og død. Det stormar rundt Unn, og skal ho velje fornufta og forloveden eller skal ho velje kjærleiken og krigaren? Inn i hennar kamp kjem Olav den Heilage med si nye tru, og kva skal Unn og dei andre herøyværingane då velje? Spelet er eit av dei få Olavsspela i landet og har med si 25-årige historie vorte ein kulturinstitusjon i regionen. På tunet på Herøy gard luktar det kaffi, vaflar og rjomegraut. Også der smell det frå sverda, no i leiken til barna som får prøve litt av rekvisittane frå spelet. SPEL MOT STORHAVET. Øya Herøy har ei over tusen år lang historie. Frå offerstad i førkristen tid til stad for avrettingar, kyrkjestad og handelsstad. Her har vikingkongane lagt til for å vente på godt og lagleg ver rundt Stadten. Det same gjorde småkongane langs kysten som var på veg til Bergen med fisken sin. Her var folkeliv og handel. Historia er lang og historiene mange. For ikkje å snakke om for ein idyll denne plassen er. Med sine fine stiar gjennom skogholt, med berg og holmar – og så det store vidsynet mot Stadhavet. Herøy amfi der «Kongens Ring» blir vist har sjølvaste storhavet som bakteppe. Der styrer sjefsregissøren lyset. Nokre gongar med strålande sol, andre gongar med regnbygene ramlande inn frå sørvest. DU MÅ SJÅ. «Kongens Ring» er ei totaloppleving med natur og kultur, ord og musikk, folkeliv og uteliv. Kvalitet har vore eit kjerneord heilt frå starten av, og Agnes Kittelsen som i mange år spelte rolla som Unn seier at Herøyspelet er eit av dei verkeleg gode historiske spela i Norge. Roar Kjølv Jenssen spelte krigaren Møre-Karl i mange, mange år. Han laga også song til Herøyspelet der han seier at «du har ikkje sett nokon ting om ikkje du har sett Kongens Ring». Det er slik det er. Du berre må sjå Kongens Ring.


25


26

Tekst: Foto:

Torill Myren Pål Paulsen

www.sunnmorsbadet.no

STØRST PÅ BADEGLEDE - Dette er ein heilt fantastisk plass, seier Jonny Vonheim. - Og spesielt når det er dårleg ver ute, då er det så flott inne, ligge i det varme vatnet og sjå ut på regnet. Han har med fem barn, og den store familien tek ofte turen frå Loen i Nordfjord til Sunnmørsbadet. - I dag var det felles frokost og så avreise 8.30. Då var vi her til dei opna klokka ti. Og anten det er dei små eller dei større ungane, så treng ikkje vi mase for å få dei med. Her er det rett og slett veldig bra for familiar. Jonny fortel at dei også har brukt tilbodet med familiepakke som byr på god pris på overnatting på Thon Hotel Fosnavåg i kombinasjon med billetten til Sunnmørsbadet. No finst det også pakkar med overnatting i rorbu, for stadig fleire kjem langvegs frå for å bade i Fosnavåg. Det kjem folk frå Ottadalen, Nordfjord og Ålesundsområdet. I fjor bada over 100.000 i

Sunnmørsbadet, noko som gjer dei til det største kommersielle anlegget i Møre og Romsdal. 6400 kvadratmeter badeglede ventar. 25-metersbasseng for dei som vil strekke seg og symje, stupebrett og stupetårn for dei som vil hoppe og stupe, to sklier for dei som er ute etter fart og grunn varmelagune for dei aller minste. Boblebad, steambad og badstu ventar dei som vil ha senke skuldrane, bølgebasseng og straumkanal for moro – og stort varmebasseng for store og små som berre vil ha det behageleg. BYR PÅ NOKO MEIR. I feriane leitar ein fram både isfjell til klatring og funballz. - Dette skal vere ein plass for trivsel og badeglede for heile familien, seier Karl Petter Sortehaug, dagleg leiar ved Sunnmørsbadet. Han er kjent for hundrevis av barn som «BadeKalle» både som sjefen for badeglede og leiar for ei mengde symjekurs.


Kasper Hjorthaug Frantsen, Sander Mäkiperä Vike og Jonas Flø Paulsen er tre av dagens badegjester. – Kjempegøy, synest dei.

- Det å få lære barn å bli trygge i vatn og glade i vatn er ein enorm motivasjon i arbeidet vi driv her. Timane går fort og ein vert svolten av å bade. Då byr Sunnmørsbadet både på middagar, salatar og gatekjøkenmeny. Ein dag i veka vartar dei opp med morgonbading med vidgjeten frokost. Alt er heimelaga og laga frå botnen av. No skjer det også at folk får middagen på Sunnmørsbadet – utan å bade! - Vi bygde eit anlegg til 200 millionar kroner ytst i havgapet, «i enden på ein veg». Det skulle eigentleg vere eit håplaust prosjekt, men det gjer det berre veldig artig og spennande å få det til. Vi må by på noko meir. Og det gjer vi. Jonny Vonheim frå Loen er einig. - Dette er eit fantastisk anlegg.


28

Tekst: Torill Myren Foto: ???

Etter fjorårets pause er Makrellfestivalen tilbake. Større og meir sprellande enn før.


GJESTEHAMNER I HERØY Fosnavåg Om lag tretti båtplassar midt i sentrum av Fosnavåg. Lun hamn med tre meters djupne, flytebrygge med vatn og straum. Sanitæranlegg. Kort til butikkar og andre sentrumsfunksjonar. http://gjestehavner.batmagasinet.no/ fosnavag-gjestebrygge/

Lanternen Om lag tjue båtplassar ved Lanternen Marina. Flytebrygge med straum og vatn. Slipp. Kort veg til Lanternen med kafe og kiosk med nokre daglegvarer. http://gjestehavner.batmagasinet.no/ lanternen-marina-heroy/ Båtmagasinet har også registrert Kvalsvik, Runde og Hestholmen ved Kjeldsund som uthamner. Sjå meir info på http://uthavner.batmagasinet.no/category/ more-og-romsdal/heroy/

Tekst: Torill Myren Foto: Pål Paulsen

GOKSØYR CAMPING Utleigehus, loshytte, hytter, oppstillingsplass for bobil/campingvogn, teltplass og kiosk. Båttur rundt Runde, selsafari og fisketurar. www.goksoyr.no HAVFERIE KVALSVIKA Tre rorbuer og ei hytte. Til saman om lag 25 overnattingsplassar. Boblebad og sauna. Båtar til leige. www.havferie.com HERØY KYSTCAMP Oppstillingsplass for campingvogner/bobil, teltplass, to hytter og ei rorbu. Båtutleige, røykeomn for fisk, sløyebud. www.kystcamp.no HOTEL NEPTUN Hotel Neptun ligger i Fosnavåg sentrum, med storhavet som nærmeste nabo. Bed & Breakfast. www.hotelneptun.net JAKOBS RORBUER To rorbuer med til saman fjorten sengeplassar. Terrasse, grill, flytebrygge, sløyeplass. Båt kan leigast etter avtale. www.jakobsrorbu.no KJELDSUND Fleire hytter ved sjøen, kvar med plass til åtte-ti personar og ei storhytte med sju soverom. Robåt og kano. Badeplass. www.kjeldsund.no LANTERNEN AS Ti hytter, to rorbuer og oppstillingsplass for bobil/campingvogn, tømestasjon. Båtutleige, sløyehus for fisk, kafe. www.lanternen.no

RUNDE FYR TURISTHYTTER DNT-hytte med 24 sengar fordelt på fleire rom og loft. Sjølvbetjent. Nøkkel må hentast på Runde eller turistinformasjonen i Ørsta. www.ut.no/hytte/3.2165/ RUNDE MILJØSENTER Åtte leilegheiter, kvar med fem sengeplassar. Kafe, formidlingssenter og utstilling av Rundeskatten og fugleutstilling. www.rundecentre.no RØYRA FERIESENTER To hytter i sjøkanten, kvar med plass til seks til åtte personar i tillegg til nyrenovert hus med fem soverom. www.royraovernatting.com SÆVIK UTLEIGEHYTTER To hytter på kaikanten, kvar med sengeplass til åtte-ti personar. Dykkekompressor og RIB-båt i tillegg til to andre båtar. www.ansimax.no THON HOTEL FOSNAVÅG Konferansehotell på kaia i Fosnavåg. 115 rom. Restaurant. Båtutleige. Kinosal, konserthus og skipssimulator i same bygget. www.thonhotels.no BUBILPARKERING Bubilparkeringmed gratis straum og vatn i Parken i Fosnavåg sentrum.

www.visitfosnavaag.no

29


30

Tekst: Foto:

FJELLKLATRING I HAVKANTEN

Torill Myren Siv-Elin Nærø

Over 60.000 menneske har sett verdas vakraste vikingmusikal. I Herøy kan du drive klatring og buldring med storhavet i ryggen.

Frank Lied påstår han har vorte senior no, men han har ikkje slutta med klatring. Klatring er leik, rekreasjon og trim. - Tenk på Arne Næss då ein journalist spurte om kva tid han hadde begynt å klatre, og han berre svarte med å spørje kva tid journalisten hadde slutta. Klatring er kjekt. Og aller mest klatring ute. Då har han fleire mulegheiter i Herøy. Klatrerutene på Nerlandsøya er godt kjende i klatremiljøet. Då Jo Nesbø og Di Derre vart spurde om å spele i Fosnavåg for eit par år sidan, svarte Nesbø: Ja, om eg får kome i god tid før konserten og klatre på Nerlandsøya. Der kan han og andre klatrarar mellom anna klatre i Koparstadhola. Der er sju bolta ruter – alle med overheng og vanskegrad mellom 6+ og 8+. Muleneset byr på mulegheiter og i Mulevika er det fleire titals ruter i fleire sektorar. Fjellet her er fast og teksturen på fjellet er svært bra. Rutene er kanskje ikkje lange, men har mange nok høgdemeter og det er ruter å velje i, så det kan klatrast både mykje og lenge. Rutene her har vanskegrad frå 3 til 8-. Og anten det er lette eller vanskelege ruter, så må ein ha klatrekurs før ein prøver seg på sporten. Sjølv om klatring går føre seg med hovudet mot fjellveggen, så er utsynet ein har bak seg svimlande. Storhavet opnar seg med sin vidstrakte horisont. Sandstranda i Mulevika har også gigantiske kjempesteinar som inviterer til enkel buldring for barn og familiar. Og med sandstranda rundt, så er fallsand og naturleg sikring på plass. - Og buldring er verkeleg kjekt. Eg har lurt på om eg skulle få meg ein kjempestein i hagen, ler Frank Lied. Det er ikkje på plass – enno – men klatrevegg i kjellaren har han.


Klatring i Mulevika pü Nerlandsøya byr pü himmelvid horisont og fargerike solnedgangar.

31


32

Tekst: Foto:

Torill Myren Siv-Elin Nærø

FANTASTISK PLASS FOR KLATRING. - Klatring er bra trim. Ein trenar alle musklar frå den minste finger. Eg har ein plan om å bygge om klatreveggen i kjellaren i staden for å kjøpe treningsapparat. Men det kjekkaste er å klatre ute. Og då bur vi på ein heilt fantastisk plass. Frank Lied seier at noko av det artige og viktige med å klatre er å ha orden og system på utstyr og rutinar. - Ein må ha system i sakene og ikkje gjere feil. Alt må vere på plass og alt skje i rett rekkefølge. Då er klatring sikrare enn å gå opp i ei gardintrapp. Og så er det rekreasjon. Berre tøme hovudet. Vere der i fjellveggen og ikkje tenke på noko anna.

Klivrelaget i regionen seier at Mulevika er eit stort og flott klatrefelt. Eit av dei mest komplette. Her er ruter av alle slag, både lette og vanskelege kile- og bolteruter. Det er kort veg til feltet – men det byr på lang horisont. Og ein solnedgang der ein må la klatretauet kvile, sette seg med ryggen mot fjellveggen og berre nyte.


33

Vi bur pĂĽ ein fantastisk plass for klatring, seier Frank Lied.


KONSERTHUS OG 34

Tekst: Foto:

Torill Myren Pål Paulsen

www.fosnavagkonserthus.no

- Det er den einaste kinoen, iallfall på Sunnmøre, som har den kvaliteten som vi har, særleg på lyd, fortel kinosjef Bjørn Holum. Om han tek på seg den andre hatten, som leiar for Fosnavåg konserthus, kan han fortelje det same om konserthuset. - Det er ingen mellom Bergen og Trondheim som kan matche Fosnavåg konserthus. Artistar, langreiste og kortreiste, kjente og mindre kjente, kjem uoppfordra med den same tilbakemeldinga. Dei er utruleg fornøgde. - Eit band som Transatlantic Express som spelar i dei hippaste salane i USA sa at kvalitetsmessig så var Fosnavåg konserthus det beste dei hadde spelt i. Det betyr litt rett og slett. Huset er også godt eigna til alle typar musikk. Pianisten Leiv Ove Andsnes vart også begeistra for lyden Fosnavåg konserthus skapte for klassisk musikk. Han er leiar for kammermusikkfestivalen i Rosendal, og Andnes har no installerte same type akustisk anlegg der. HØGDEPUNKT. Og folk veit å setje pris på det. Eit besøk på rundt 15.000 personar i 2016 gjer Fosnavåg konserthus til det største i regionen. - Publikumstalet på konsertane varierer veldig, og det er ikkje alltid lett å vite kva som slår an. Men vi skal ha noko for alle, sjølv om alt ikkje treng å vere for alle. No frå påske og framover våren kan du oppleve Herøy janitsjar med band, kor og solistar som gir ein festkveld med pop- og underhaldningsmusikk frå dei siste femti åra. Det blir jazz med John Pål Inderberg Trio og Statsteatret viser «1950-spionen».

- Det er ingen mellom Bergen og Trondheim som kan matche Fosnavåg konserthus, seier konserthussjef Bjørn Holum.

I kinosalen ventar vårprogrammet med alt frå dei siste Fast&Furios og Pirates of Caribbean-filmane til den japanske animasjonssuksessen Your Name, filmen om Bamse, verdas sterkaste bjørn, eller kanskje King Arthur: Legend of the sword og Danserinnen. Og kino- og konserthussjef Bjørn berre gler seg. - Å få lov til å arbeide med fornøgde kundar og folk, både i salen og på scena, det er verdas beste jobb.


G KINOSAL EI REISE VERD Skal du oppleve skikkeleg lyd, så er staden Fosnavåg.

35


Foto: PÃ¥l Paulsen

Profile for cann as

Molo no01/2017  

Magasin frå Herøy og Fosnavåg. www.visitfosnavaag.no / Herøy Næringsforum

Molo no01/2017  

Magasin frå Herøy og Fosnavåg. www.visitfosnavaag.no / Herøy Næringsforum

Profile for cannas