Page 1

H AV YA R D F I S K

- a v f i s k ere for f i s k ere


02


H AV YA R D F I S K

- a v f i s k ere for f i s k ere

03

04

ARTUS I FULLT FISKE

08

HAVYARD SELGER BRØNNBÅTAR


Artus i fullt fiske - Mannskapet har fått seg ein ny båt som

vi no har lært oss skikkeleg å kjenne og bruke. Vi har kome dit vi skal vere, produksjonen går bra og mannskapet er veldig nøgd med båten. Artus er ein fin sjøbåt og vi likar han godt, fortel skipper Ole Morten Vassdal. tekst: STEINAR

04

EGGESBØ HAGEN

foto: TOM

BE N J AM IN SE N


ARTUS I FULLT FISKE Snurrevaden og notbåten Artus er i fullt fiske langs norskekysten i 2012. Nye Artus vart bygd ved Havyard Ship Technology i Leirvik i fjor, og etter det første året med erfaringar er kaptein og mannskap godt fornøgde. - Vi starta med nota i september i fjor og opplevde eit godt fiske med silda og makrellen. Under loddefisket i februar og mars sist vinter vart vi ganske fort ferdige med fisket, då vi berre hadde ei lita loddekvote. No i det siste har vi fiska etter hysa og torsken. Hyse har der vore litt mindre av denne våren, medan torsken er det plenty av. I sommar nyttar vi mykje av tida til å fiske ved Bjørnøya. Torskekvota får vi heilt sikkert fylt opp, fortel ein sindig skipper om bord Artus under lossing i Tromsø. Når du les dette har Artus mest truleg fiska ferdig torskekvota og det same med hysefisket.

10 MANN OM BORD OG LÆRLINGAR SOM SKRYT Artus har på kvar rundtur 10 mann om bord ute i fiske. - Livet om bord er svært bra med gode fasilitetar. Vi får av og til telefonar frå lærlingar som ønskjer seg hit, noko vi tek som eit godt teikn. Det tyder i alle fall på at andre som har vore om bord Artus på fiske let vel om fartøy og mannskap, og ryktet om ein god fiskebåt har spreidd seg. Her om bord får ein som lærling vere med på litt av alt, fabrikk, not og snurrevad, fortel skipperen som trivst godt. Sigvald Sævik er den andre skipperen på Artus.

LAVT BRENNOLJEFORBRUK Den nyaste og femte Artus vart levert frå Havyard Ship Technology i Leirvik i Sogn sist juni og døypt i Fosnavåg i samband med Maritim Sommarfestival. Artus er eit avansert fiskefartøy med solid frysekapasitet på 100 tonn og ein fiskar både etter lodde, makrell, sild og kvitfisk. Etter nokre utfordringar rundt oppstarten i fjor, der ikkje alt fungerte optimalt, fekk Havyard retta opp problema relatert til isolasjon av fryseroma. - Havyard ønskte å sikre at vi fann dei rette løysingane og at vi også skulle finne løysingane i lag med Brattholm Invest AS, selskapet som eig Artus. No fungerer ting svært godt og Artus har ein funksjonell og topp moderne fabrikk om bord. Artus går svært lett og har eit lavt brennoljeforbruk grunna ny framdriftsteknologi og eit effektivt skrog, fortel verftsdirektør Trygve Solaas ved Havyard Ship Technology AS i Leirvik.

05


06 Fiskebåten har i 2012 kvote på knappe 500 tonn torsk, fritt fiske etter hyse, loddekvote på 500 tonn og sildekvote på om lag 2000 tonn, i tillegg til makrellkvota. Historia om fiskefartøyet Artus nærmar seg 50 år. Arthur Sævik bestilte den aller første i 1965, ein båt som vart levert året etter. I dei påfølgjande tiåra kom ein ny Artus to, tre og fire gonger, før den femte og så langt siste Artus vart levert i 2011.

VIKTIG OGSÅ FOR HAVYARD GROUP - Bygginga av Artus har vore eit viktig prosjekt for båteigarane sjølve og for Havyard Group. Prosjektet viser at Havyard også satsar på dette segmentet innan skipsbygging, i tillegg til konstruksjon av offshorefartøy. Å bygge eit fiskefartøy er inga enkel sak då fartøya ofte er svært spesialiserte med mykje komplisert utstyr om bord. Integrering av utstyr innanfor skipet sitt design er ei krevjande oppgåve der avgrensa plass ofte spelar ei sentral rolle. Samarbeidet med Brattholm Invest har fungert godt og den femte Artus er eit godt, funksjonelt og moderne fiskefartøy, seier verftsdirektøren. Havyard Ship Technology i Leirvik med sine gode fasilitetar har tidlegare konstruert og levert fleire fiskefartøy og dette segmentet innan skipsbygging er noko Havyard ønskjer å fokusere på også i framtida.


ARTUS Loa: 49,8 m • Beam: 12,0 m • Depth to shelter deck: 7,2 m •

Auxiliary engines: 540 + 320 kW • Tunnel thrusters: 2 x 370 kW •

Max draft: 5,7 m • Combined RSW-tanks / freezing holds: 180 m3 •

RSW / freezing machinery: 2 x 430 kW • Processing area w/heading- and gutting machines, 4 • plate freezers, 1 freezing tunnel •

Combined RSW-tanks / live fish tanks: 320 m3 • Total fish hold capacity: 500 m3 •

Vacuum pump system: 4200 litres • Purse seine- / Danish seine winches: 2 x 26.5 tonnes •

Fuel oil: 200 m3 • Main engine: 1770 kW •

Net winch: 18.5 tonnes • Deck cranes: 30 tonne metres & 25 tonne metres •

07


Havyard selger brønnbåtar

Havyard Group skal levere eit Havyard 587-design til Fosnavaag Shipping med opsjon på levering av eit til. Designet vert karakterisert som framtidas brønnbåt. tekst: P E R

JA N BREKKE

foto: STEIN

ARNE LILLEØY OG PE R- J AN BRE KKE

08 Havyard Group AS, som har base i Fosnavåg på sunnmøre, skal dermed levere eit design til eit selskap i same kommune. Fosnavaag Shipping

har frå før

brønnbåtane

“Viktoria Viking” (1000 m3), “Viktoria Lady” (1000 m3) og “Gripfisk” (600 m3) i tillegg til reketrålaren Remøy og kystvaktskipet KV Aalesund. Selskapet, som starta opp i 2006, har 70 ansatte derav fire i administrasjonen.

NYTT TANKSYSTEM Dagleg leiar i Fosnavaag Shipping,Olav Remøy, er svært nøgd med at dei no har landa på eit valg av design og har stor tru på at tida no er inne for å satse på eit nybygg.

–Brønnbåt-bransjene har vore ei spanande bransje å gå inn i, og vi har stor tru på at det også er ei bransje med gode framtidsutsikter. Det siste halvanna året har vi vurdert mogelegheitene til å byggje ein ny brønnbåt,og vi har brukt mykje tid på å utvikle det rette designet og velge dei beste løysingane sidan vi meiner at det har vore ein del forbetringspotensiale på dette området. Sjølv om det er ein båt med stor kapasitet vi no skal byggje så har vi vore meir opptekne av kvalitet enn av mest mogeleg fisk og kapasitet.

-Vi har dessutan videreutvikla systemet vi har om bord i «Viktoria Lady» som er det einaste bygget med sirkulære tanker, eit system som mellom anna gjer at kvaliteten på vatnet vert svært god, seier Olav Remøy som også synes det er svært hyggeleg at utviklinga av det nye designet har vore mogeleg å gjere i tett samarbeid med eit selskap frå same kommune. Remøy opplyser at dei er i sluttforhandlingar med eit verft om bygging av brønnbåtane.

illustrasjon: GU N N AR

F L U SU N D


HAVYARD 587 Length: 84.6 m • Breadth: 16.9 m • Capacity: Three cylinder tanks totalling 3250 cubic. • Main engine: 3000 kW • Crew: 12 persons •

09


10 SET EIN NY STANDARD Designar ved Havyard Design & Engineering (HDE) i Fosnavåg, Kjetil Myren, opplyser at Havyard 587 foreløpig er det største i ein serie brønnbåt-design som er utvikla i tett samarbeid med Fosnavaag Shipping. Fartyet har tre store sylindertankar for levande fisk med ein kapasitet på heile 3250 kubikk. Skipet er nesten 85 meter langt og har plass til eit mannskap på 12 personar.

-Havyard 587 vil innehalde det ypperste innan brønnbåtteknologi som vil setje ein ny standard for skånsom og miljøvenleg transport og behandling av levande fisk. Dei sylindriske lastetankane, og det effektive filter- og vannbehandlingssutstyret, gjer det mogeleg med lukka transport over lengre avstandar og med

IMPONERT: Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen vart

større fisketettleik, opplyser designaren som også understrekar

imponert over Havyards brønnbåt-design då ho var på besøk

at skroglinjene og framdriftsmaskeneriet er utforma for høg

i Fosnavåg tidligare i år. Her i munter samtale med Stig Magne

toppfart og driftsøkonomisk normalfart.

Espeseth (t.v.) og Kjetil Myren i Havyard Design & Engineering.

IMPONERTE MINISTEREN At Havyards er inne på noko spanande når det gjeld brønnbåtsatsinga kom også tydeleg fram då fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen var på vitjing til Havyard Group tidegare i vår. Då presenterte Myren og HDE-sjef Stig Magne Espeseth dei nye designa, og ministeren, som sjølv driv stort innan oppdrett, var imponert og viste stor interesse for dei nye løysingane og fartøya.

Stig Magne Espeseth er svært tilfreds med at dei no har kome i land med ei brønnbåt-kontrakt. -Dette er det første brønnbåtdesignet vi leverer, og dette har vi arbeidd både lenge og grundig med å få til. Designet er basert på dei erfaringane reiearlaget har med sine tre andre brønnbåtar, og vi meiner dette her er framtidas brønnbåt med eit heilt nytt sirkuleringssystem som reiarlaget sjølve har vore med på å utvikle, seier HDE-sjefen som opplyser at det er lagt opp til ei levering av skipet i løpet av januar 2014 med opsjon på levering av eit farty til seks månadar seinare.


HAVYARD 857 Lengde: 84,6 m • Bredde: 16,9 m • Kapasitet: Tre sylindertanker på totalt 3250 kubikk • Hovedmaskin: 3000 kW • Mannskap: 12 personer •

11

FOSNAVAAG SHIPPING: Det er syskenparet Olav og Kristin Remøy som står i spissen for Fosnavaag Shipping som no skal bygge brønnbåtar designa av Havyard Group.


HAVYARD GROUP AS

Postboks 215 6099 Fosnav책g, Norge

Telefon: +47 70 08 45 50 www.havyard.com

Havyard Fisk 2012