Bømlobudsjett 2019-2022

Page 54

Budsjett 2019

Side 54 av 72

Tiltak Miljø - vassprøvetaking på badeplassane vil bli prioritert. Det same vil tiltak for å betra Hollundsbekken som gytebekk. Mjølkekvotar - tilskot til bønder som kjøper mjølkekvotar. Vidarefører ordninga med kr. 1,- pr. liter i 2019. I 2017 vart det ikkje kjøpt mjølkekvote i Bømlo. Veterinærvaktene - kommunalt ansvar. Staten refunderer kommunane sine utgifter fullt ut. Bømlo administrerer ordninga som ei felles vaktordning for Bømlo, Austevoll, Stord og Fitjar. Friluftsrådet Vest – kontingenten er i 2019 på kr. 22,81 pr. innbyggjar. Den er i 2019 auka med kr. 60 000 i samsvar med vedtak i kommunestyret. Skotpremie på mink – uendra på 150 kr i budsjettframlegget for 2019

Beløp 42 000 10 900 805 000 273 000 24 000

Brann og redning På området Brann og redning er det for tida 5 heile stillingar, samt at det er 41 deltidsstillingar knytt til beredskapen. Etter innføring av nytt naudnett har brannvernet lagt om beredskapsordninga si. Dette har vore gjort for å tilpassa beredskapen til nye tekniske system, samt med føremål om å halde utgiftene på eit lågast mogleg nivå. I mai 2018 vart vaktlaga utvida med ein person. Etter ei evaluering ser me at dette har vore kostnadseffektivt og positivt for beredskapen då det i praksis er færre som rykkjer ut kvar gong. Me stettar no også krava til samansetjing av vaktlag. For å styrka det førebyggjande arbeidet vurderer rådmannen om han skal tilrå deltaking i Vest Brann og Redning. Dette vert fremja i eiga sak. Tiltak

Brannstasjon

Kommentar I gjeldande økonomiplan er det avsett midlar til å byggja ny brannstasjon i 2018/2019. For å klare å gjennomføre dette på ein god måte bør ei plassering avklarast snarleg. Det er allereie sett av planleggingsmidlar og arbeidet med å dimensjonere ein ny brannstasjon er i gong. Rådmannen legg opp til å få avklart lokalisering av ny brannstasjon i løpet av 1. kvartal 2019 og varslar eiga sak om dette.

Oljevern

Bømlo kommune er særs utsett for eventuelle oljeutslepp til havs. Brannvernet har difor opp gjennom åra bygd opp ein beredskap for slike høve. Me må dei næraste åra gradere opp og skifte ut ein del av dette utstyret.

Redningsbil

Ny redningsbil til brannvernet vert levert i slutten av 2018. Dette er ein bil som blir viktig i brannvernet sin beredskap. Dette har samanheng med endring i brannvernet sine oppgåver til å bli retta meir mot ulike typar redningsoppdrag. Denne investeringa vil også betra arbeidsmiljøet til brannmannskapa.

«…å høyre til!»

Budsjett 2019 - Velferdsplan 2019-2022


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.