Lyrikkforlaget © 2020 Inkognito publisering Postboks 112 4395 Hommersåk www.lyrikkforlaget.no Lyrikkforlaget er et imprint av Inkognito publisering ISBN: 9788283980448 Omslag: CF media Sats: CF media Alle illustrasjoner: Anne Valaker Materialet i denne publikasjon er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Lyrikkforlaget er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar.
altmellomhimmelogjord_sats_v5.indd 2
20.08.2020 12:04:28
Silje Gjøe Namdal
Alt mellom himmel og jord. Utanom jord
LYRIKKFORLAGET
altmellomhimmelogjord_sats_v5.indd 3
20.08.2020 12:04:28
Til min son Birk
4
altmellomhimmelogjord_sats_v5.indd 4
20.08.2020 12:04:28
Forord Eg har vore innlagd på Sandviken sjukehus i mange år. Det har vore ei delt oppleving, med både rett og galt. Psykiatrien har forandra seg mykje på desse ti åra. Og det som ikkje har vore bra, har blitt betre, men det er endå litt å gå. Denne boka vonar eg vil vise at desse som er innlagd på psykiatriske sjukehus har ei viktig stemme. Eg har vore heldig dei siste åra og har fått god hjelp. Men vegen har vore lang og kupert. Eg har funne fram og godteke at det er lov å snuble. Eg vil berre seie til deg, uansett kva livssituasjon du er i: Stå på! Du er verdt å bli teke på alvor!
5
altmellomhimmelogjord_sats_v5.indd 5
20.08.2020 12:04:28
6
altmellomhimmelogjord_sats_v5.indd 6
20.08.2020 12:04:28
Kjære lesar! Humor er ein viktig del av livet. Det har eg lært etter mange år som pasient i psykiatrien. Difor har me alvoret – for å setje pris på humoren! Livet har vore hardt, og humoren har vore innelåst i kjellaren av sinnet. Men «det som ikkje tek livet av deg, gjer deg sterkare», seie dei, noko som stemmer. Humoren er viktig for å overleve, for å forlenge livet. Samstundes må ein ha alvoret for å forstå humoren i livet. Difor har eg laga denne diktsamlinga. Som inneheld «alt mellom himmel og jord», både av sjeleleg og fysisk betyding. Du skal no få lese alvoret i livet mitt og deretter humoren. Vonar du likar det!
7
altmellomhimmelogjord_sats_v5.indd 7
20.08.2020 12:04:28
8
altmellomhimmelogjord_sats_v5.indd 8
20.08.2020 12:04:28
I ei flyttekasse Forventing pakkast ned etter årevis i stilla. Eit bilete frå før, eg var nydeleg i lilla. Frustrasjonen leggast vekk etter år med einevelde. Når gardina pakkast ned startar soloppgang frå kvelde. Skamma skyvast fort frå bilete og minne. Rømmer i meg sjølv med skamma som ei hinne. Frykta ligg som merke i boka med sitat. Eg tek den framleis fram i ei og anna prat. Når alt er pakka vekk, er eg på flyttefot. Flyttar ut til livet med kassevis av mot.
9
altmellomhimmelogjord_sats_v5.indd 9
20.08.2020 12:04:28
«Du har diabetes, du har hatt eit hjarteinfarkt, men eg er schizofren» Du definerer deg sjølv som eit offer for sjukdommen, men eg er sjuk. Du definerer deg sjølv som eit godt menneske, som har fått ein sjukdom – eg er sjuk. Du kan seie eg òg er god, er flink, er hyggeleg. Det er berre så dumt at eg i tillegg er sjuk. Du seier du har diabetes. Du seier eg har ein brekt fot, og så er eg sjuk. Eg er sterk, eg har kjensler, eg er meg sjølv, og eg har ein sjukdom. Ein er god, er snill, er fantastisk, er flink, er til å stole på – å vere sjuk er ikkje ein del av personlegdommen.
10
altmellomhimmelogjord_sats_v5.indd 10
20.08.2020 12:04:28
Eg ser på meg sjølv som eit menneske, ikkje ein diagnose. Eg ser på meg sjølv som sterk, samtidig har eg symptom på ein psykisk sjukdom. Ville du kalla det å vere sterk eit symptom? Eg ser på meg sjølv som eit menneske med ein psykisk sjukdom, ikkje eit menneske av. Ein er ikkje det ein har! Har du nokon gong høyrt nokon seie dei er ein brekt fot?
11
altmellomhimmelogjord_sats_v5.indd 11
20.08.2020 12:04:28
Mentale lynnedslag Psykologisk lynavleiar mot mentalt uvêr. Sår nedbør over kinna, djupe sukk som vindkast mot behandlarane. Sola ligg der bak skyene, og ved hjelp av imaginære «blåse-på» driv skyene forbi, uvêret tek slutt, og eg plukkar opp bitane av mobiltelefonen.
12
altmellomhimmelogjord_sats_v5.indd 12
20.08.2020 12:04:28
Uhellet Eg hadde eit uhell, det bør ikkje skje. Eg hadde ein plan, det var ikkje det. Gje meg ein «gønner», gje meg ein kniv. Så skal eg nok vise – det er sant det eg skriv! Eg hadde eit uhell, ein dag eg var sliten. Var lei av meg sjølv, ville avslutta driten. Eg gafla fort i meg, av farlege saker. Av ting som gjer ilt, av «avløypslaker». Men eg hadde eit uhell, det bør ikkje skje. For planen var dårleg, ja, akkurat det. Eg vart henta av blålys, og plassert med dei sprø. Eg hadde eit uhell, eg prøvde å dø! 13
altmellomhimmelogjord_sats_v5.indd 13
20.08.2020 12:04:28
Psykologtimen Mental utgraving på psykiatrisk klinikk. Stødig fordjuping, er psykologens taktikk. Viktige funn, ved tankefullt lik. Nedgraven kiste rundt livredde skrik. Menneskekjenner, på framdriven minne. Auge mot auge, kvinne mot kvinne.
14
altmellomhimmelogjord_sats_v5.indd 14
20.08.2020 12:04:28
Skamma Ei kjensle som ikkje kan delast er skamma som frydar seg vilt. Og når den gneg godt på kroppen det kan kjennast grusamt og ilt. I einsemd kjenner ein skamma. I frykta vert handa heilt klam. Ein har mange krav til seg sjølv – ein tør ikkje vise den fram. Dei spør for å betre hjelpe, om kva som er hardt og brutalt. Du bør la sanninga snakke. Det gjer godt å få det fortalt. Skamma er flytande smerte, som flyt i årer med krampe. For tek du den fram i lyset, brått skal du sjå den fordampe.
15
altmellomhimmelogjord_sats_v5.indd 15
20.08.2020 12:04:28