Issuu on Google+

Fasade V I K FA S A D E - g l At t pA n E l I m E tA l l


VIK INDUSTRIER AS

“lØVÅsHagen“, aBo plan & aRkitektUR as

”Vi er stolte over å ha gitt bygg i inn- og utland sitt spesielle særpreg gjennom 40 år. Har du ideen, kan vi saman finne løysinga!”

VIK FASADE Vik Industrier spesifiserer, produserer og leverer Vik Fasade. Eit produkt av høg kvalitet og lang levetid, for det meste produsert i aluminium. Eit Vik Fasade produkt skaper mange mulegheiter for entreprenørar og arkitektar, og legg til rette for ulike løysingar. Systema passer alle typar bygg, både rehabilitering og nybygg. Sortimentet til Vik Fasade gir valalternativ, ståande eller liggjande kledning, synleg eller skjult innfesting, undertak og spesialløysingar. Kompetanse og lang erfaring i organisasjonen skal komme kunden til gode frå fyrste kontakt, teknisk informasjon, tilbod, måltaking, produksjon, montasjerettleiing og til slutt ferdigstilling.

2

“Som arkitekter er vi naturlig nok opptatt av å forsterke og foredle bygningens særegne kvaliteter. Vik Fasade er et konsept som gir oss store valgmuligheter når det gjelder utforming og uttrykk.” Administrerende direktør Niels Torp Arkitekter Niels A. Torp

mIlJØ Omtrent åtte prosent av jordskorpa består av aluminium. Grunnstoffet er det vanlegaste i jordskorpa, etter oksygen og silisium. Aluminiumsoksid, utgangsmaterialet ved metallproduksjon, blir framstilt av mineralet bauxitt som førekjem i tropiske og subtropiske område. Tilgangen på aluminium er å betrakte som evigvarande og utgjer ein materialressurs for framtida. Aluminium er og svært lett å gjenvinne. Metalltapet ved omsmelting er lite, og det omsmelta materialet beheld same kvalitet. Difor kan metallet brukast til same produkt om og om att. Det er snakk om tilnærma absolutt gjenvinning. Det aluminiumet som blir borte frå krinsløpet blir att til aluminiumoksid som er ein naturleg del i miljøet vårt. Alt aluminium som blir brukt hjå Vik Industrier kan gjenvinnast.


V I K FA S A D E - G L AT T PA N E L I M E TA L L

K VA L I T E T mAtERIAlVAl Produktet Vik Fasade er eit fasadesystem av høg kvalitet produsert i aluminium. Fasadesystema kan og leverast i andre metall som sink, stål og koppar, etter kunden sine krav og ynskjer. Systema er av høg kvalitet med lang levetid. Alle produkttypar og overflatebehandlingar er produsert etter strenge kvalitetskrav. Resultatet kan sjåast på bygg mange stadar i Europa. Allereie i den første kontaktfasen med kunden vektlegg vi god informasjon, rettleiing og rådgiving for å sikre god kvalitet på prosjektet. Lang erfaring og allsidig kompetanse gjer Vik Industrier til ein god og trygg samarbeidspartnar. FARgEVAl/lAKKERIng Fasadesystemet opnar for å bruke mange ulike materiale. Mest brukt er aluminium. Mange av materiala har eit stort spekter av ”effektar” med ulike uttrykksformer. Disse effektane kan vere preging,”kameleonlakk” eller trykk for å nemne nokon. Produkta blir levert med polyester eller PVDF-lakk. Begge lakkvalitetane tilfredsstiller utvendig bruk. Vik Fasade systemet, saman med eit rikt utval fargar, legg forholda til rette for individuell utforming og design.

ORGANISERT pAKKIng Og SEnDIng Produkta blir forsvarleg pakka i trekassar, og panela blir merka med posisjonsnummer som samsvarar med fasadeplan for bygget, materialkonseptet og pakklista. Panela blir sendt direkte til byggeplass til avtalt tid. På denne måten blir logistikken på byggeplass optimal og gir eit godt grunnlag for mest muleg effektiv monteringstid. mOntERIng Og VEDlIKEHAlD Vik Industrier leverer skreddarsydde produkt som er lette å montere og vedlikehalde. Produkta passar til alle typar bygg. Panela vert montert på ekstruderte profilar som inngår i fasadesystemet. Profilane er perforerte for å sikre god luftgjennomstrøyming. Alternativt montert på trelekter. Montering av profilar og lekter set krav til nøyaktigheit, medan panela blir montert enkelt og krev ingen spesialverktøy. Fasadesystemet er vedlikehaldsfritt når det er rett montert. Vasking etter behov.

S K R E D DA R S A U M Vik Industrier vil gjerne vere med på å løyse utfordringar og realisere dine idear. Filosofien er å levere skreddarsydde system som er enkle å montere og vedlikehalde. Samtidig skal dei ha eit moderne, stilfullt og tiltalande uttrykk, med fokus på individuell utforming og design. Eksempla presentert i denne brosjyren er standardløysingar, men på side 16 og 17 er det eksempel på løysingar vi har utarbeida spesielt etter kunden sine behov og idéar. Hjå Vik Industrier er fleksibilitet i fokus. Har du ein idé eller eit ynskje, ta kontakt, så kjem vi saman fram til ei løysing.

3


V I K FA S A D E - T E K N O L O G I

Teknologi

Vik Fasade glattpanel - plan overflate, stabilitet og styrke. Det visuelle er teke på alvor gjennom å leggje vekt på plan overflate på fasadesystema våre. Det er allment kjent at plan overflate er vanskeleg på store panel av metall. Dette har vi gjort noko med på produktet Vik Fasade Glattpanel gjennom å engasjere Sintef for å utvikle ein teknologi som gjer det muleg for oss å levere plane fasadepanel. Denne teknologien er unik for Vik Industrier, og er vidareutvikla og perfeksjonert gjennom 40 år.

“BaCking”

Teknologien går ut på å lime på ei tynn korrugert plate på baksida av panelet. Dette blir gjort i eigen produksjon der den avstivande bakplata (“backing“) blir spesialtilpassa til kvar enkelt panelstørrelse. Teknologien gir oss mulegheit for å levere tynnare materiale på panela samstundes som vi beheld plan overflate. At vi kan gå ned på tjukkleiken på materialen er og med på å holde vekta på panelet lågt. Teknologien kan brukast på ulike metalltypar. Vi er stolte av å seie at vi kan levere panel av tynne plater med plan overflate utan å svekka verken stabilitet eller styrke. Tilbakemeldingar frå arkitektar er at den plane overflata på panela våre er svært godt egna i kombinasjon med for eksempel glassfasade.

“Denne teknologien er medverkande til at vi opplever svært få negative tilbakemeldingar/ reklamasjonar frå våre kundar.”

4

kontRoll aV “BaCking”

tommy Husebø produksjonssjef Vik Industrier


V I K FA S A D E - G L AT T PA N E L R E T R O

Glattpanel Retro Panelet er spesielt utvikla for å likne på vestlandspanel som ein ofte finn på gamle bustadhus på Vestlandet. Skjult innfesting. Djupn: 25 - 35 mm Modullengde: maks 4000 mm Modulhøgde: 100 - 200 mm Glattpanel Retro opnar for å kombinere tradisjonsrike uttrykk med dagens krav til lang levetid og minimalt vedlikehald. Retro let seg enkelt kombinere med fleire av våre andre system for å gi eit variert uttrykk til fasaden. For å få vite meir om tekniske spesifikasjonar, montering osv, kontakt oss.

Hårduksveveriet Voss Rehabilitering Oppført: 2008 Arkitekt: Mossige as Entreprenør: Olav Græe AS Montør: Olav Hanekam

Tradisjonsrike Hårduksveveriet på Voss er eit moderne bustadbygg med fasadekledning som tilfredsstiller notida sine krav til haldbarheit og vedlikehald – samstundes har bygget eit typisk uttrykk for staden, ved å bruke Glattpanel Retro i kombinasjon med Vik Fasade Glattpanel Brilliant.

5


“Beddingen“, gC RieBeR i BeRgen

Glattpanel Royal “Beddingen”, GC Rieber i Bergen nybygg, kontorer Oppført: 2008 Arkitekt: ABO Plan & Arkitektur AS Entreprenør: Åsane Byggmesterforretning AS Montør: Bygg og Ventilasjon AS GC Rieber har utvikla det tidlegare verftsområdet i Solheimsviken til ein moderne næringspark. “Beddingen” husar blant anna admininstrasjonen til GC Rieber. GC Rieber Eiendom AS er tildelt Eiendomsprisen 2009 for utviklinga av Solheimsviken Næringspark. I begrunnelsen seier juryen blant anna: “Materialkvalitene i byggene – både ute og inne – forsterker opplevelsen av at dette er solid og god arkitektur.”

“For oss som som ligger nær sjøen er det viktig å velge materialer som tåler vær og vind. Vårt nye hovedkontor ”Beddingen” er bygget for fremtiden med høye kvaliteter – både visuelt og fysisk. Ikke minst gjelder dette arkitektonisk utforming og fasademateriale.”

6

paul-Christian Rieber Adm. dir. gC Rieber AS


V I K FA S A D E - G L AT T PA N E L R OYA L

Glattpanel Royal Desse panela har 90° vinklar og skjult innfesting. Mulegheit for varierande fugebreidde. Kan brukast både vertikalt og horisontalt. Vert som oftast levert med endeknekk. Djupn: 20 mm Modullengde: maks 4000 mm Modulbreidde: maks 900 mm Fugebreidde: 2 - 20 mm Vik Fasade Glattpanel Royal er eit fleksibelt og elegant system. Muligheit for hårtynne fuger gir inntrykk av store samanhengande flater, og opne 20 mm fuger mellom panela gjev muligheit for variasjon. For å få vite meir om tekniske spesifikasjonar, montering osv, kontakt oss.

Løvåshagen (Bergen) nybygg, burettslag Oppført: 2009 Arkitekt: ABO Plan & Arkitektur AS Utbyggar: ByBo AS Montør: Beslag og Balkonger AS Løvåshagen er eit moderne og urbant burettslag i Bergen, med ein særeigen uttrykksform og høge kvalitetar. Arkitekten har drege full nytte av mulegheitane Vik Fasade Glattpanel gir for lakkering i ulike fargar. Prosjektet fikk Byutviklingsprisen for 2008.

Sandslimarka 251 nybygg, forretningsbygg Oppført: 2009 Arkitekt: Link Signatur AS Entreprenør: Skanska Montør: Skanska

Kontorbygg med 230 kontorplassar i Bergen. Her er Glattpanel Royal brukt for å få fasaden til å framstå som ei heil flate. Monteringa på dette bygget er litt spesiell då panela er skøytt i forband med laskar.

7


Glattpanel Classic Hellen burettslag Rehabilitering, burettslag Oppført: 2006/2007 Arkitekt: ABO Plan & Arkitektur AS Montør: Birger Morstøl Bygg og Snekkermester AS Hellen burettslag vart rehabilitert i 2006/2007. Her brukte ein Glattpanel Classic for å bryte opp den store fasadeflata, samstundes som panela er fabrikklakkert i fleire farger for å gi bygget eit meir moderne uttrykk. Legg merke til at fargevariasjonane ikkje følgjer fugene mellom panela. Vi har også levert frontane på balkongane. Dette var eit spesialutvikla panel for dette prosjektet.

8

Hellen BURettslag, BeRgen


V I K FA S A D E - G L AT T PA N E L C L A S S I C

Glattpanel Classic Desse panela har 90° vinkel og synleg innfesting. Kan brukast både vertikalt og horisontalt. Djupn: 13 -20 mm Modullengde: maks 4000 mm Modulbreidde: maks 900 mm Fugebreidde: 20 mm Vik Fasade Glattpanel Classic gir eit tidlaust inntrykk samstundes som det byr på dei same mulegheitane for tilpassing som dei andre fasadeprodukta frå Vik Industrier. For å få vite meir om tekniske spesifikasjonar, montering osv, kontakt oss.

Einebustad (Bergen) nybygg, privat bustad Oppført: 2007 Arkitekt: Arkitekt Ove Grung Montør: Vik Industrier

Ove Grung har teikna einebustad for eige bruk. Glattpanel Classic er her brukt for å ivareta ein rein og estetisk design, med ei tilnærma vedlikehaldsfri overflate.

Nesttun Kulturhus nybygg, kommunalt bygg Oppført: 2009 Arkitekt: Bjerk og Bjørge as Montør: Sognnes Bygg as

Nesttun Kulturhus er bygt i tilknyting til Nesttun Senter. Kulturhuset inneheld scene og sal for 350 personer i amfi, lokale for barn og ungdom, samt kontorlokale for utleige.

9


“senteRpaRken“, Åsane stoRsenteR

Glattpanel Brilliant “Senterparken”, Åsane Storsenter nybygg, forretning/leilegheiter Oppført: 2008/2009 Arkitekt: Rambøll AS Entreprenør: Larsen, Atterås & Brosvik AS Montør: Sognnes Bygg AS Her ser vi at glattpanel Brilliant er ein profil som bryt opp store fasadeflater, samtidig som det kan gi ro til eit bygg med kraftige uttrykk i farge og rom. Nærings- og bustadprosjektet er utført av LAB i totalentreprise. Bygget er på ca 11.500 m2. Over parkeringsdekket er det kjøpesenter i to etasjar, medan dei 5 øvste etasjane inneheld 51 leilegheiter.

”montering av Vik Fasade-panel krever ingen tilpasninger på byggeplass fordi alle panelene er ferdig prosjektert og tilpasset det enkelte bygg. Som totalentreprenør er vi selvsagt opptatt av økonomien i hvert byggeprosjekt. Derfor er Vik Fasade et godt valg for oss.’”

10

trygve mo, adm.dir. larsen Atterås & Brosvik AS www.lab.no


V I K FA S A D E - G L AT T PA N E L B R I L L I A N T

Glattpanel Brilliant Horisontale panel med skrå overkant og avrunda dryppnase. Synleg innfesting. Djupn: Modullengde: Modulhøgde: Fugebreidde:

14 mm maks 4000 mm maks 900 mm 20 mm

Vik Fasade Glattpanel Brilliant er eit svært anvendeleg og tilpassingsdyktig system. For å få vite meir om tekniske spesifikasjonar, montering osv, kontakt oss.

Einebustad (Haugesund) nybygg, privat bustad Oppført: 2006/2007 Arkitekt: OPUS Arkitekter as Ein gang i blant kjem det til syne eit prosjekt som er litt utanom det vanlege. Denne praktfulle einebustaden er eit eksempel på at velprøvde teknikkar og byggemateriale til nærings- og industribygg også fungerar utmerka til private bustader. Ein spennande kombinasjon med glattpanel og betong. Dette prosjektet er levert i Rheinzink.

Utsikten Apeltun nybygg, leilegheiter Oppført: 2007 Arkitekt: Arkitektkontoret Ulf Røstøen AS Montør: Sigurd Opheim Blikkenslagerforretning AS Leilegheitprosjektet i Bergen, som har ein fantastisk utsikt, er kledd med Glattpanel Brilliant. Her har arkitekten brukt muligheiter til å nytte ulike lakkfargar for å skape ein variasjon i fasaden.

11


“statoil“, BeRgen

Glattpanel Creation “Statoil” nybygg, overbygg bensinstasjon Oppført: 2007 Glattpanel Creation er utvikla som fasadepanel, men egnar seg like godt som himling. På grunn av sine store mulegheiter til tilpassing, som krumming av panela, er dei svært godt egna blant anna til stasjonsoverbygg. Her frå ein Statoilstasjon i Bergen. Glattpanel Creation byr på gode muligheiter for tilkomst bak himlingspanela, med enkel montering og demontering, samt muligheit for å ta ned panel enkeltvis.

12


V I K FA S A D E - G L AT T PA N E L C R E AT I O N

Glattpanel Creation Vertikale panel med avrunda kantar. Synleg innfesting. Djupn: Modullengde: Modulhøgde: Fugebreidde:

14 mm maks 900 mm maks 4000 mm 10 mm

Vik Fasade Glattpanel Creation er eit svært fleksibelt og tilpassingsdyktig system. Kan og brukast som undertakshimling. For å få vite meir om tekniske spesifikasjonar, montering osv, kontakt oss.

Senterparken (Åsane) nybygg, forretningar/leilegheiter Oppført: 2008/2009 Arkitekt: Rambøll AS Entreprenør: Larsen, Atterås & Brosvik AS Montør: Sognnes Bygg AS

Senterparken er eit stort kjøpesenter i Åsane utanfor Bergen sentrum. Her er det brukt Glattpanel Creation som undertakshimling. Vik Industrier leverte og Glattpanel Brilliant til fasadane, sjå side 10.

Sunnfjord Energi nybygg, kontor Oppført: 2005 Arkitekt: ARKI Arkitektar as Montør: Byggmester Stølsvik AS

Sunnfjord Energi har oppført nytt hovudkontor i Førde med fasadepanelet Glattpanel Creation. Dette gir eit roleg og dempa inntrykk av veggflatene i eit bygg som her nyttar andre arkitektoniske verkemiddel for å få eit spesielt uttrykk.

13


“FæsteR BRygge“, BeRgen

Glattpanel Expo “Fæster Brygge” i Bergen nybygg, leilegheiter Bygget: 2009 Arkitekt: Bjerk og Bjørge as arkitekter Utbyggar: Konseptbygg Eiendom AS Montør: Fasade og Byggservice AS Fæster Brygge er eit prosjekt med 62 sjølveigarleilegheiter. Bygget har front mot sjøen og lokalisert på Brøstaneset i Bergen har leilegheitane ei fantastisk utsikt. Samtidig blir bygget utsett for naturkreftene med vind og mykje salt frå fjorden. Då er det viktig med solide fasadematerialar som tåler påkjenningane og som krev minimalt vedlikehald. I dette tilfellet blei Vik Fasade Glattpanel Expo det naturlege valet.

”Alle Vik Fasade-panel er merket og pakket slik at logistikken på byggeplassen blir mest mulig optimal. Dette gir en effektiv monteringstid, noe vi selvsagt er opptatt av.’’

14

geir Arne Ivarsflaten, styreleiar Fasade og Bygg Service AS


V I K FA S A D E - G L AT T PA N E L E X P O

Glattpanel Expo Ein glattpanel som gir eit spesielt uttrykk. Idéen bak panelet er henta frå den tradisjonelle vestlandskledningen i tre. Skjult innfesting. Djupn: 50 – 80 mm Modullengde: maks 4000 mm Modulhøgde: 300 - 800 mm Vik Fasade Glattpanel Expo blei utvikla i forbindelse med verdsutstillinga i Hannover i år 2000. Dette blei så vellykka at panelet har gått inn i vårt standard program. For å få vite meir om tekniske spesifikasjoner, montering osv, kontakt oss.

Førde sentralsjukehus påbygg, offentleg bygg Oppført: 2006 Arkitekt: Origo Arkitektgruppe Entreprenør: Åsen og Øverlid AS Montør: Førde Metallprodukt AS Førde sentralsjukehus sitt tilbygg har store, dominerande fasadeflater. Desse vert oppdelte ved bruk av den kraftige profilen i Glattpanel Expo. Dei samanhengande vertikale flatene gir likevel inntrykk av ein kontinuerlig flyt for blikket.

Rygge Storsenter nybygg, forretningsbygg Oppført: 2007/2008 Arkitekt: Meinich Arkitekter as Entreprenør: Veidekke Entreprenør AS Rygge Storsenter er med sine 25000 m2 blitt ein magnet for eit stort omland. Her ser vi at vår profil Glattpanel Expo kler bygget på ein markant måte. Arkitekten har valt å bruke store panel (800 mm modulhøgde) for å tilpasse til størrelsen på bygget.

15


“HydRogenstasjon“, poRsgRUnn

Glattpanel Special StatoilHydro, Porsgrunn nybygg, hydrogenstasjon Oppført: 2007 Arkitekt: K 8 industridesign Entreprenør: Icopal Metall AS Til StatoilHydro sin første hydrogenstasjon fekk kunden eit spesialtilpassa glattpanel. Stasjonen er plassert i Porsgrunn. Dette prosjektet er eit eksempel på korleis vi kan vere med på å tilføre bygg det unike og særeigne som gjerne byggherre, arkitekt og kunde ønskjer.

16


V I K FA S A D E - G L AT T PA N E L S P E C I A L

Glattpanel Special Velkommen til ei bedrift som likar utfordringar! Vi har utvikla spesialløysingar basert på lang erfaring og teknisk god kompetanse – enten som tilpassing av våre standardprodukt, eller gjennom utvikling av heilt nye løysingar i samarbeid med oppdragsgivar og arkitekt. Eksempla som er presentert i denne brosjyren er standardløysingar. Hjå Vik Industrier er fleksibilitet i fokus, og Glattpanel Special er eit begrep som blir brukt på alt vi spesialutviklar for kundane. Har du en idé eller eit ønskje, ta kontakt og så kjem vi saman fram til ei løysing.

Krohnsminde Borettslag Rehabilitering Oppført: 2009 Arkitekt: Forum Arkitekter AS Entreprenør: Balco AS Montør: Brødrene Hindenes AS

Krohnsminde Borettslag vart etablert i 1960, og dei fire høgblokkene er friska opp med ny fasade og balkongar. Vik Industrier har levert skråstilt spesialfasade i syrefast stål. Fasaden er utvikla spesielt for dette prosjektet.

17


Glattpanel Retro Panelet er spesielt utvikla for å likne på vestlandspanel som vi ofte finn på gamle bustadhus på Vestlandet. Skjult innfesting. Djupn: 25 - 35 mm Modullengde: maks 4000 mm Modulhøgde: 100 - 200 mm

Glattpanel Royal Disse panela har 90° vinklar og skjult innfesting. Muleg med tette eller opne fuger. Kan brukast både vertikalt og horisontalt. Djupn: 20 mm Modullengde: maks 4000 mm Modulbreidde: maks 900 mm Fugebreidde: 2 - 20 mm

Glattpanel Classic Desse panela har 90° vinklar og synleg innfesting. Kan brukast både vertikalt og horisontalt. Djupn: 13 -20 mm Modullengde: maks 4000 mm Modulbreidde: maks 900 mm Fugebreidde: 20 mm

18


V I K FA S A D E - G L AT T PA N E L I M E TA L L

Glattpanel Brilliant Horisontale panel med skrå overkant og avrunda dryppnase. Synleg innfesting. Djupn: Modullengde: Modulhøgde: Fugebreidde:

14 mm maks 4000 mm maks 900 mm 20 mm

Glattpanel Creation Vertikale paneler med avrunda kantar. Synleg innfesting. Også som undertak. Djupn: Modullengde: Modulhøgde: Fugebreidde:

14 mm maks 900 mm maks 4000 mm 10 mm

Glattpanel Expo Eit glattpanel som gir eit spesielt uttrykk. Idéen bak panelet er henta frå den tradisjonelle vestlandskledningen i tre. Skjult innfesting. Djupn: 50 – 80 mm Modullengde: maks 4000 mm Modulhøgde: 300 - 800 mm netto

19


oktanpuls

SOLID INDUSTRIPRODUKSJON I EI SOGNABYGD Vegen snirklar seg over fjellet og ned mot fjorden. I hjartet av Vestlandet, langs midten av Sognefjorden, ligg Vik i Sogn. Ei tilsynelatande tradisjonell jordbruksbygd, landskjend for produksjon av gamalost og bringebær. Ved nærmare ettersyn kan ein ikkje unngå å leggje merke til industriområdet som ligg på begge sider av lakseelva Vikja. Her, blant gode industrinaboar, ligg Vik Industrier AS. Vik Industrier AS utviklar og produserer knekte metallprodukt til den profesjonelle marknaden i Norden. Selskapet er vidareført og vidareutvikla frå Hydro Aluminium og Norac. Hovudprodukta er merkenamna Vik Fasade, Vik Himling og Danacoustic Marine Ceilings. Bedrifta har ein stabil og fleksibel arbeidsstokk med omlag 30 tilsette. Både produksjon og hovudkontoret ligg i Vik i Sogn, ein kommune med lange industritradisjonar. Salsorganisasjonen dekkjer heile Noreg, og vi har i tillegg eit salskontor i Bergen.

Vik Himling

VIK HIm lIn

g - g l At t pA

nEl I m E tA l l

Vik Himling er merkenamnet for vårt himlingsystem for landbaserte bygg. Våre produkt er svært tilpassingsdyktige og viktige for å skape dei rette miljøa – enten det er i kjøpesenter, industri, hotell, skule, bensinstasjonar eller anna. I samarbeid med kunde, arkitekt og andre premissgivarar, kan vi tilby løysingar som gir interessante og delikate resultat. I tillegg er det viktig at våre himlingar har ein funksjonell og dekorativ kamuflasje for tekniske installasjonar og lett tilkomst ved behov for inspeksjon, reingjering og vedlikehald. Ta kontakt for fleire opplysningar.

SyStEm

Himling

DA n AC O

ArInE UStIC m

CEIlIng

DANACOUSTIC Marine Ceiling System

Danacoustic

Vårt himlingssystem for krevjande maritime miljø er ein salssuksess av mange grunnar: Danacoustic Marine Ceilings tilfredsstiller dei fleste brannklassifiseringskrav, byr på ein svært god lydkontroll både når det gjeld romklang og lydgjennomgang, er svært enkelt å montere samtidig som det gir enkel tilgang ved nødvendig vedlikehald bak himlingen, det er lett i vekt, samtidig som det kan produserast i ønska farge og tilpassast eit stort utval av lys- og ventilasjonssystem. Ta kontakt for fleire opplysningar.

Hovudkontor og produksjon Industrivegen, n-6893 Vik i Sogn tlf: (+47) 57 69 89 00 Faks: (+47) 57 69 89 05 E-post: post@vikindustrier.no

www.vikindustrier.no


Vik Industrier hovedbrosjyre