Sommarbyen Florø 2022

Page 1

Foto: eivind nordvik hauge

Foto: siri hjermann

Sommar byen

Florø 2022 Foto: Truls Kleiven

Foto: siri hjermann

Foto: NRK


Kunstinspirert sommar på Knutholmen

HOTELLSJEF: Martine Fosse Sveian er no hotellsjef på Knutholmen, med god støtte av bror Jan Fredrik Fosse (i bakgrunnen) som er direktør. – Førehandsbookingane er særs gode før sommarsesongen, fortel dei.

Oddvar Torsheim, Vebjørn og Øivind Sand, pop-up utstilling, målekurs for barn – og endå større fokus på gode overnattingsopplevingar. Det er stikkorda for Knutholmen i sommar. – Vi har hatt fokus på ekspansjon i fleire år. No er tida inne for å ta vare på veksten vi har opplevd, og utvikle oss sjølve til levere endå betre kvalitet, seier Martine Fosse Sveian som no har stillinga som hotellsjef for reiselivsmagneten Knutholmen i Kalvåg.

Pop-up og målekurs I fjor hadde Vebjørn Sand pop-up utstilling av bilda sine på Knutholmen. Den suksessen gjentek Sand i heile juli. Både Vebjørn, bror Øivind og Marianne Aulie sine verk blir å finne på veggane i Knutholmen – med støtte av den alltid entusiastiske sambuaren til Marianne, Aune Sand. – Det er veldig kjekt at Sand-familien har

Sommar byen Kalvåg

forelska seg i Kalvåg, og vi har fått auga opp for kva kunst kan tilføre for gjesten når det gjeld oppleving av kvalitet, seier Martine, og får støtte av bror Jan Fredrik som no er direktør for familiebedrifta. Vebjørn Sand vil også halde gratis målekurs for barn i løpet av sommaren.

Torsheim, mat og drikke Heile 300 kunstverk av Sand-brørne og Marianne Aulie heng på veggane i 24 av romma på Knutholmen sine hotellbygningar. – Vi har også eit godt samarbeid med Oddvar Torsheim, og har no 40 av verka hans fordelte på seks leilegheiter. Kunst er med på å skape meir kvalitet til sjølve hotellromopplevinga, meiner Martine. – Vi er ein skapande bedrift med ihuga tilsette som ønskjer å skape magi, spesielt gjennom mat, drikke og unike hotellromopplevingar. Framover skal vi ha endå meir fokus på å gi verdi for pengane gjestane legg igjen hos oss, avsluttar Martine; smilande og spent før sommarsesongen. Per Øyvind Helle

TORSHEIM: I Buvika har Knutholmen seks leilegheiter som er dandert med 40 kunstverk av Oddvar Torsheim til ein verdi av 1,5 millionar kroner. Her er Jan Fredrik og Oddvar i samband med opninga av romutstillinga Foto: Knutholmen tidlegare i år.

Sommarbyen 2022 er eit partipolitisk og uavhengig magasin gitt ut av Firdaposten. / Firdaposten | www.firdaposten.no / Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee | svend@firdaposten.no / Journalist: Per Øyvind Helle | per.oyvind.helle@firdaposten.no | Foto: Der ikkje anna er oppgitt, Per Øyvind Helle/ Formgjeving: Gunnar-Arne Haaland, Grafisk Bi-inntekt / Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk AS, Førde

2

Sommarbyen 2022


BREMANGER

BREMANGER

YTREHUS SAG AS

Vestfart Sommarbyen 2022

3


PØBB: – Som vertskap og eigarar av eit slikt praktfullt bygg, så blir vi jo aldri heilt ferdig med planar og idear. No held vi på med å lage engelsk-inspirert pøbb i første etasje. Her ser vi for oss litt småkonsertar og kos for både bygdefolk og gjestar, seier Stein Olav. Totalt kan Ishuset huse 60 personar til arrangement i 1. etasje.

Ishuset lagar pøbb på Fanøy Det gamle, karakteristiske ishuset på Fanøy har fått nytt liv som overnattingsstad dei siste seks åra. – I løpet av dei neste månadene skal ein pøbb stå klar også, fortel Stein Olav Bakken. Stein Olav og kona Ragnhild Jenssen, har renovert det flotte, særprega bygget på kaien på Fanøy. – Vi har bygd det om til ei stor leilegheit med ti sengeplassar i fem soverom, med bad, ekstra toalett, stove, etestove med langbord og eit velutstyrt kjøken, fortel Stein Olav. Om den nydelege sjøutsikta ikkje er nok, så er det sjølvsagt både TV og internett. Du finn også uthus med grovkjøken, vaskerom og dusj, og eit selskapslokale og eit ekstra bad i underetasjen. I fjor opplevde Ishuset fullt hus gjennom sommaren, og Stein Olav fortel om godt belegg også denne sommaren. – Vi har nokre ledige helger og dagar, så reisande som ønskjer å bu midt i hjartet av øyidyllen i Florø-skjergarden, er hjarteleg velkomne, smiler han. Fanøy er eit paradis for kajakkpadling, med holmar, skjer og smale sund. Kajakkar til leige får du gjennom landhandelen som er næraste nabo til Ishuset. Ishuset syt sjølve for utleige av fiskeutstyr og båt. Per Øyvind Helle

4

Sommarbyen 2022

Sommar byen Fanøy

MASSIVT: Dei massive veggane og dørene, blei ein gong bygd for å isolere og halde isen kald. Dei gjev bygget ein heilt unik utsjånad både innog utvendig.

BATALDEN ISHUS:

Ishuset frå 1936 blei bygd som lagringsplass for is til fiskebåtar i området. – Du kan leggje til med eigen båt på kaien om du vil, seier Stein Olav Bakken. Saman med sambuar Ragnhild Jenssen, har han renovert det praktfulle bygget. No er han også i full gang med å byggje ut det flotte uteområdet der mellom anna festivalen Havblikk går av stabelen.


Arrangement i sommar Her er ei oversikt over nokre arrangement langs kysten i sommar:

JUNI: ■■ 3.-4. ■■ 10. ■■ 11. ■■ 17. ■■ 18. ■■ 18.-19. ■■ 20.-23. ■■ 24.-25.

KINNFEST, musikkfestival i Florø UNDER HILLAREN, konsert med Ping Floyd på Askrova / side 8 HAVFESTIVALEN Passion for Ocean i Florø SILDEBORDET i Florø / side 9 LAKSENS DAG i Florø / side 36 KINNASPELET på Kinn / midten GLOBAL FISH FOTBALLSKULE i Florø HAVBLIKK, musikkfestival på Fanøy

Er du ute etter ei spesiell oppleving? Opplev atmosfæren i ein ekte fjordabåt frå 30-talet. Leig oss saman med vener eller kollegaer til fisketur, feiring, jubileum, bryllaup eller kva du vil! I sommar har vi 4 timars Fyrsafari gjennom øyriket Batalden, rundt Kvanhovden, til Ytterøyane Fyr og til slutt forbi Kinn og Stabben Fyr tysdagar, torsdagar og søndagar frå Jonsok. Vi kan ta inntil 60 personar og har skjenkeløyve.

Les meir og kjøp billettar på www.atloy.no. Følg oss på facebook. For booking og info, ta kontakt på tlf. 900 51 867

JULI: ■■ 2. ■■ 2. ■■ 1.-3. ■■ 7.-9. ■■ 8.-9 ■■ 9. ■■ 8.-10.

■■ 14.-16.

■■ 15.-16. ■■ ■■ ■■

23. 23. 30.

FAMILIEDAG, Ørnereiret på Askrova / side 27 SOMMARFEST i Norddalsfjord / side 39 MÅLØYDAGANE i Måløy VÅT MORO, havsportfestival i Florø / side 6 STRANDFESTIVALEN på Refvik FLAKEDANS, Ørnereiret på Askrova / side 27 ROCKWEEKEND, musikk- og familiefestival, Bremanger / side 28-29 «LIVET I LÅGLANDET», konsert/musikal på Kulturlåven på Svanøy HUNDREÅRSFEST REKSTA SKULE, familiearrangement og øyadans på Reksta / side 31 ODD NORDSTOGA, konsert på Kulturlåven på Svanøy / side 19 KRABBEFESTIVAL på Atløy VÅGSØY BILFEST, Måløy/Deknepollen

Sommarope: 19. juni – 14 august Måndag – fredag 11.00 – 17.00 Laurdag og søndag 12.00 – 16.00

AUGUST: EIKEFJORDDAGANE, familiefestival i Eikefjord ELVISFESTIVALEN i Måløy HANDBALLSKULE. Florø SK Handball, Florø SYMPOSIUM, Svanøy Stiftelse 50 år, Svanøy SOMMARREVY, Torget i Florø / side 30 GODT I GAPET, smaksfestival i Florø / side 15 OPNINGSKONSERT utkikkstårnet i Lilleåsen, Florø / side 13

september: ■■

2.-3. DRAGEBÅTFESTIVAL, Sjøkanten i Florø

Foto: Thomas Bickhardt

■■ 12.-14. ■■ 4.-6. ■■ 8.-12. ■■ 17.-18. ■■ 18.-20. ■■ 26.-27. ■■ 27.

Viss du er nysgjerrig på båt og kystkultur, vil eit besøk på Kystmuseet i Florø ikkje skuffe deg. Ein av juvelane i den store båtsamlinga vår frå då vind og musklar var motor, er Bakkejekta frå 1700-talet. Her kan du sjå fiskereiskap og gjenstandar frå våre små kystsamfunn og du kan også sjå korleis Flora vart by, og få eit innblikk i silda si rolle for kysten.

www.kyst.museum.no

Sommarbyen 2022

5


DUGNADSGJENGEN: Våt Moro har fått med fleire yngre i dugngadsgjengen etter at dette bildet blei tatt. Frank Robert Klakegg sit framleis med henda på rattet.

Våt Moro med barnepark og dødsing – Å, som vi gler oss! Endeleg blir det grenselaus moro i ekstrem natur igjen, seier festivalsjef Frank Robert Klakegg i festivalen Våt Moro som i år blir arrangert 7.-9. juli. – Målet til Våt Moro er å bidra til at folk kan prøve aktivitetar som nyttar dei unike naturressursane som ligg rundt kystbyen vår, slik at terskelen for å vere ute i friluft og i det våte element blir senka, fortel Frank Robert. Og aktivitetane i, over og under vatn, utviklar seg år for år.

Quiz, stand-up og tropenatt Dei populære og våte barneaktivitetane i Byparken blir sjølvsagt ein del av festivalen i år også. – Vi er ein festival for alle aldersgrupper, sjølv om vi har eit fokus på barn og ungdom. På Aftersea i festivalteltet på torget

6

Sommarbyen 2022

Sommar byen Florø Våt moro

Foto: Tine Kroppan Holvik.

torsdagen, har vi stand-up show der Florø si eiga stand-up-stjerne, Susanne Larsen Kvamme, varmar opp. Fredag er det quiz og allsong. Laurdag er det tropenatt med SJUR, fortel Frank Robert.

Festivalen har selt over 50 prosent av aftersea-billettane. – Vi har aldri opplevd så bra førehandssal. Vi kan ikkje vente på å dra i gong festivalen, smiler sjefen for den våte moroa.

Dødsing og coasteering

Per Øyvind Helle

Festivalsjefen fortel at dei flyttar ein god del av dagaktivitetane til kaien langs Amfisenteret i år. – Både logistikkmessig og visuelt for publikum, er no kaiområdet ved Amfi blitt så fint og stort at det er naturleg for oss å bruke det, seier Frank Robert. På kaien vil dei mellom anna byggje eit stillas der dei inviterer folk til å prøve seg på dødsing; den populære stupeversjonen der du helst skal lande som ei reke i sjøen. Nytt av året er også coasteering. Coasteering er ein unik måte å oppleve naturen på. – Vi går langs knausar og klipper, hoppar i sjøen, symjer og klatrar. Det er nok ein aktivitet som dei aller fleste har gjort før, i alle fall då dei var yngre, men skilnaden er at dette er organisert moro, seier Frank Robert.

GØY I PARKEN! Våt Moro Barnepark er gøy både for liten og for stor.

Foto: Våt Moro


SILDEBORDET • KINNASPELET • LAKSENS DAG

Sol Heilo

ÅRETS FESTIVALHELG! Sildebordet fredag kl. 18.30 i Strandgata

– konsert i teltet laurdag kl. 23

FLORØ 17. – 19. juni

Kinnaspelet laurdag og søndag på Kinn

A til Å • www.atilaa.no

Laksens Dag laurdag kl. 11.30 i Strandgata

sildebordet.no • kinnaspelet.no • laksensdag.no Sommarbyen 2022

7


Flygande grisar til Hillaren I 2020 arrangerte dei operakonsert. I fjor var det pop med Linnea Dale. I år blir det åttemanns band og flygande grisar på konserten «Under Hillaren» på Askrova. Hillaren er eit karakteristisk fjelloverheng der Askrova Bygdelag samarbeider med Folkeakademiet Sogn og Fjordane og Svanøy Folkeakademi om ein årleg utandørs konsert.

Slår på stortromma – I år slår vi verkeleg på stortromma. Tidlegare har vi hatt nedstrippa konsertar på «Under Hillaren», no slår vi til med fullt band. Og når eg seier at bandet heiter Ping Floyd, så skjønar du nok kva det går i, seier Henning Haugholt som er entusiastisk bookingansvarleg for bygdelaget. Og, ja, det er eit glimrande Pink Floyd coverband som kjem til Hillaren 10. juni. – Pink Floyd sin magiske musikk er som skapt for den majestiske utandørsscena under Hillaren, meiner Haugholt.

PING FLOYD: Kjem til ei fjellhylle nær deg! Pressefoto

Unik oppleving I fjor fortalde Linnea Dale dette om konserten ho heldt under Hillaren: «Ei lita scene i ei grotte på kanten av eit frodig juv med utsikt over Nordsjøen. Utan tvil den mest eksotiske spelestaden eg har reist til. Den ville

Sommar byen Askrova

naturen, havørnene som sirkla over scena medan vi spelte, og lyset som kom gjennom skylaget i strålar mot sjøen, gav ei magisk stemning.» Coverbandet Ping Floyd vil også lage eit lite sceneshow i form av flygande grisar, og kanskje med pyroeffektar. – Hillaren er veleigna til unike musikk-

opplevingar. Vi gler oss veldig til å ta imot bergensbandet som skal formidle Pink Floyd sitt musikalske univers, seier Haugholt. Informasjon og billettar om konserten finn du på askrova.no Per Øyvind Helle

2023 IONIQ 5 LONG RANGE PREMIUM

Fra kr

World Car of the Year 2022 Årets elektriske bil! Årets beste design! Årets bil i verden!

Auto 8-8 Forum Sandersplassen 2, 6808 Førde Tel. 57 83 09 60

8

Sommarbyen 2022

Leirvåggata 29, 6900 Florø Tel. 57 75 29 30 www.auto8-8.no

503.900,-


Fire sortar sild og tusenvis av folk Sildebordet i Florø blir arrangert for 29. gong i år, 31 år etter oppstarten i 1992. – Vi gler oss til å traktere mange tusen med sild og bystemning igjen, seier Arild Melvær i Sildekomiteen.

SILDEBORD: Endeleg kan folk møtest i stim til Sildebordet igjen.

Foto: Arkiv

Sildebordskomiteen har eit like flatt organisasjonskart som Kjippen; der finst ingen leiar. Men Arild kan til nøds ta på seg rolla som talsperson. – To år utan silde- og folkestim i Strandgata får vere nok. Det blir veldig kjekt å kunne fylle Strandgata igjen til dette flotte, sosiale og tradisjonsrike arrangementet, slår Arild fast. I år står over 3000 sildesider med nøttesild, eggesild, kinnsild og stimen på menyen til publikum. Og både sild, potet og drikke er gratis. I tillegg blir det festivaltelt på Torget der folk

Sommar byen Florø

kan kjøpe sildespann med dei fire sortane, samt den populære tørkasilda. I festivalteltet blir det også salsbuer og konsert. Det er statssekretær Vidar Ulriksen i Nærings- og fiskeridepartementet som opnar årets sildebord i Strandgata, fredag 17. juni. På scena i gata blir det også musikk med Eckhoff Duo og irsk gladmusikk med The Fingals. Begge underheld også i festivalteltet seinare på kvelden. Per Øyvind Helle

NYE FORD E-TRANSIT KOMPROMISSLØS. HELELEKTRISK. TØFF, KAPABEL OG ALLSIDIG. • REKKEVIDDE 317 KM • MAKS NYTTELAST 1785 KG

PRIS FRA KR. 554.900,*Privatleasing fra Santander: Startleie kr 92.790,- Månedsleie kr 3.990,- inkl termingebyr. 36 mnd/36 000 km. 1,99% rente. Renten er nominell og flytende i 3 års bindingstid. Ønsker du annen kjørelengde eller et annet innskudd på din leasing, så hjelper vi med det. Vi tar forbehold om evt trykkfeil og uforutsette prisendringer fra produsent. Kampanjeperiode tom 31.03.2022 Vi tar forbehold om uforutsette prisendringer fra produsent. Pris er levert Florø/Førde.

Auto 8-8 Forum FLORØ Sandersplassen 2 Tel. 57 83 09 60

FØRDE Leirvåggata 29 Tel. 57 75 29 30

www.auto8-8.no

Sommarbyen 2022

9


REIDARBUA: Madelen Varden styrar Reidarbua (i bakgrunnen) i Iglandsvik. Den staselege sildebua er ombygd til ein unik overnattingsplass.

Madelen ordnar POD, SUP og seng for deg i Bremanger Madelen Varden er dagleg leiar for Iglandsvik Bed & Breakfast som driftar Havlys, Åkrebua og Reidarbua i Bremanger. Ho ordnar det meste for turistar som tek turen vest i havet. Og det er mange. – Fjoråret var fantastisk, og det ser lovande ut i år også, seier Madelen. I fjor lanserte Madelen det som truleg var den første innandørs Pod-avdelinga i verda. Det gjorde ho i Reidarbua, den gamle sildebua i Iglandsvik som er bygd om til ein rålekker overnattingsplass.

Pod og leilegheiter Men kva er ein Pod? Enkelt forklart er det små, minimalistiske hus, gjerne knytt nært opp mot natur, og der du stort sett har plass til å sove og kvile. – Eg har trua på at dette kan vere eit alternativ til eit vått telt etter å ha vore på ein strabasiøs fjelltur og du kjem tilbake, gjerne både svolten, våt og tørst, seier Madelen som vedgår at ho er spent framfor den første fulle sommarsesongen for nysatsinga. – Vi har langt fleire førehandsbestillingar på leilegheitene i Reidarbua enn vi hadde i fjor, men Podane er jo meir eit slags impul-

10

Sommarbyen 2022

Sommar byen

Bremanger

sivt overnattingstilbod for ungdom der vi ikkje heilt veit kva vi kan vente av etterspurnad frå dag til dag, seier ho. Dei seks små, koselege podane Madelen har plassert i andre etasje i bua, er eit billeg overnattingstilbod for til dømes folk som kjem for å gå turar på det flotte Bremangerlandet. – Det er eit tilbod mellom telt og hotellrom. Ein slags «glamping» innandørs, i le for nordavinden, smiler ho. Og med fullt kjøkken og flotte bad som fellesområde, ser det innbydande ut.

lang, og vi kjenner på at turistar i stadig større grad får auga opp for «Lille Lofoten.» No har Iglandsvik Utvikling, med hjelp av lokalt næringsliv, også gjort eit stort arbeid med å merke tre fjellturar med startpunkt her i Iglandsvik. Og så kan eg leggje til at vika her er glimrande for kiting, smiler Madelen som går ein travel og triveleg sommar i møte. Per Øyvind Helle

70 overnattingsplassar, SUP og sykkel Totalt er det kring 70 overnattingsplassar på Havlys Bed & Breakfast, Åkrebua og Reidarbua. – Sengeplassar og drift av kafeen på Havlys er hovudprodukta våre. Men vi tilbyr også aktivitetar til gjestane. Dei kan få leige syklar, kajakkar, båt for fiske eller dykking, og vi har også SUP-brett, opplyser Madelen. Reidarbua kan også tilby luftkompressor til dykkarar. Grotlesanden er nok juvelen i Bremanger kommune, og i fjor viste målingar at det truleg var godt over 20.000 besøkande til den sydlandske badestranda. – Men vi har mange andre fantastiske turistmål i Bremanger. Dosabu, Hornelen, Veten, Vetvika… Lista over attraksjonar er

POD: Madelen har fått på plass seks såkalla podar i andre etasje i Reidarbua. Ein pod er eit lite, koseleg husrom til å sove og kvile. – Planen er å utvide med tre pod'ar til, fortel ein smilande og liggande Madelen.

Foto. Privat


Frå Oslo til Askrova – Praktiske utfordringar eg aldri har tenkt på før Trine Espeseth kom frå tjukkaste Oslo til den «yderste nøgne ø» – og fekk seg litt av ei aha-oppleving. At ein plutseleg ein dag kunne stå utan straum, at vêret avgjorde om ein kom seg til jobb, for ikkje å snakke om nett-tilgangen. Det var totalt ubrukeleg, og reine bingoen om ein hadde nett eller ikkje. Det var ein stor overgang, fortel Trine som styrer familiebedrifta Aqua Seapro AS frå kontoret i Florø, eller frå garden på øya Askrova i Kinn. ha kontakt med skulen, kunne levere oppgåver og det som er naturleg å ha på plass i skulekvardagen.

Administrerer mann og svigerfar

I ein travel kvardag er eit stabilt nett gull verdt for Trine som sjonglerar logistikken med familiebedrifta Aqua Seapro AS, småbarnslivet og garden på Askrova.

Det er mykje logistikk som skal på plass, når 3 ungar skal på skule og barnehage på fastlandet, mor skal på kontoret og far har sitt virke om bord på dei to servicebåtane til familiebedrifta. I tillegg er det sauer, kyr, hestar, hundar, kattar og høner som skal ha sitt stell heime på garden. Det er Trine og mannen André som er dei formelle drivarane av gardsdrifta. – Men vi hadde aldri klart alt dette utan storfamilien. Vi er som eit stort kollektiv, der dei som er heime må ta i eit tak der det trengs.

Stabilt nett er avgjerande Når kvardagen vår er slik, er vi heilt avhengig av at vi har stabilt tilgang på nett. Etter at Enivest installerte fiber på øyane har vi fått ein heilt ny kvardag, seier Trine. Om ungane er sjuke, eller båten blir innstilt på grunn av vêret, så kan vi likevel få gjort det same arbeidet heime, som på kontoret i Florø. For ungane er det og avgjerande å kunne

Familiebedrifta Aqua Seapro AS, som mannen og svigerfaren til Trine driv saman, er heile tida på farten med dei to servicebåtane «Solkongen» og «Solfjorden» – på oppdrag for fiskeoppdrettarar mellom Bergen og Stad. Vi er til saman 8 tilsette, og har i hovudsak oppdrag for havbruksnæringa med mellom anna notvask og ringspyling. I tillegg tek vi på oss oppdrag med ankerfortøyning, ROV, sveising og kabellegging. Alt dette krev sjølvsagt eit vist kontorarbeid og koordinering. Trine tek seg av det som har med sal og administrasjon, i tett samarbeid med dei to karane som stort sett er ut på oppdrag for familiebedrifta.

Digital gardsdrift Gardsdrifta krev og ein koordinator, og orden i papira. Ein kan ikkje drive gard utan stabilt nett i dag, smiler Trine. Når ein skal ha kontakt med landbruksetaten eller ein skal sende dyr til slakt, så skjer alt digitalt. Tidlegare var dette eit håplaust arbeid, når ein aldri viste kor tid nettet kom og gjekk. For meg var alle desse utfordringane ein stor overgang. At eg må sove 14 dagar i fjøsen i lammetida, og at svigermor må ta seg av ungane er utfordrande og kjekt – men at ein ikkje kan stole på logistikken var ein stor overgang.

Må vere eit hestehovud framfor Det er mange praktiske utfordringar med å vere øybuar, som eg aldri har hatt eit forhold til tidlegare. Eg kan for eksempel ikkje køyre til bensinstasjonen, om vi plutseleg skulle gå tom for brød i heimen. Ein må heile tida vere eit hestehovud framfor, og planlegge

Servicebåten «Solkongen» på jobb for oppdrettsnæringa på Vestlandet.

meir. Då den nye fiberen skulle på plass i heimen, var det og viktig å tenke framover og ha ei plan. Montørane var veldig i møtekommande, og eg er glad for at vi fekk vere med å meine noko om kvar ting skulle plasserast. I ettertid har vi kjøpt eit mesh-nettverk, som forsterkar og gir eit større dekningsområde på garden.

Friluftsliv er viktigaste avkopling No framstår arbeids- og kvardagen min som veldig fleksibel. Eg kan ta ein dag på kontoret på fastlandet – og ein dag heime om eg vil. Sjølv om Trine er oppvaksen i Oslo, så har ho alltid vore opptatt av friluftsliv. Eg har alltid gått mykje i skogen og hatt hund, og det kan eg heldigvis drive med her også. Terrenget på Askrova blir flittig brukt, og så har eg oppdaga kajakkpadling. Det er ein fantastisk rekreasjon, der eg ikkje er avhengig av andre enn meg sjølv – og at eg kjenner meg trygg. Ein kjem nær elementa på ein heilt anna måte enn om ein fresar rundt i ein motorbåt. Sjølv om det er travelt å styre familieføretaka og samtidig vere småbarnsforeldre må ein ta seg tid til å kople ut både nett og arbeid.

enivest.no

Sommarbyen 2022

11


PADL MED OSS! Det store padlemiljøet i Florø leiger ut kajakkar og tek deg gjerne med på fellesturane deira.

Foto: Tine Kroppan Holvik

Broom broom og kajakk for store og små Er du typen som likar å gli stille gjennom vakre, smale holmar i kajakken? Eller likar du action på to hjul? Aktivitetstilbodet i sommar-Florø gir deg høve til å seie «ja, takk, begge delar.» Florø Motorsportklubb blir stadig meir populær, og crossbana deira på Grovastøylen, eit kvarter frå Florø, er godt brukt. No opnar dei også for at «vanlege» folk kan ha det moro på to hjul i svingane.

Alle over fem år kan køyre Isabella Flister i motorsportklubben fortel at alle som ønskjer det kan komme å prøve seg på to hjul med motor. – Vi har organisert kjøring på onsdagar og søndagar, og på facebook vil vi leggje ut klokkeslett for når folk kan komme for moro på to hjul, seier Flister. Klubben har syklar til utlån i alle storleikar, og alle over 5 år får lov å køyre. – Men eit minstekrav er at dei bør kunne å sykle, smiler Isabella. For å køyre må ein ha lisens frå Norges Motorsportforbund. Den kostar 50 kroner for dei mellom fem og 19 år, og 100 kroner dei over 20 år. Florø Motorsportklubb hjelper deg med å ordne lisens. Og så vil det koste 150 til 200 kroner for 2x10 minutt med spennande motorleik med kubikk mellom beina! Og medan vi er på Grovastøylen; der kan du også prøve deg på leirdueskyting på tys-

12

Sommarbyen 2022

Sommar byen Florø

dagar store delar av sommaren om du kontaktar Flora Jeger og Fiskerforening.

AKTIVITETAR I FLORØ:

Den stille lukka

906 82 961, Tine Kroppan Holvik, tlf. 971 68 809 ■■ SUP: Else Karin Seljeseth, tlf. 906 42 608 ■■ SYKLAR: Florø Turistinformasjon, tlf. 57 74 30 00 ■■ BÅTAR: Krokane Camping, tlf. 57 75 22 50 ■■ ROBÅTAR PÅ STOREVATNET: Florø Turistinformasjon, tlf. 57 74 30 00 ■■ REDNINGSVESTAR etc: BUA v/Florø Turistinformasjon, tlf. 57 74 30 00 ■■ GOLF: Florø Golfklubb, Tove Natvik, tlf. 977 52 410 ■■ TENNIS: Florø Tennisklubb, Jan Hallstensen, tlf. 965 09 540 ■■ FISKEBÅT MED SKIPPER: Nytraal, Kristian Grov, tlf. 911 33 022 ■■ SEGLING: Florø Seilforening, Frode Stavang, tlf. 481 52 323 ■■ KINO OG BIBLIOTEK: Florø Kulturhus, florøkulturhus.no ■■ SOLDALEN BESØKSGÅRD: 4H-gard, Inn på tunet-gard, tlf. 924 62 201 ■■ FLORØ MOTORSPORT KLUBB: Facebook: Florø Motorsport Klubb ■■ HAVHESTEN BADELAND: havhesten.no ■■ LEIRDUESKYTING: Flora Jeger og Fiskerforening v/Jan Otto Hovden, tlf 417 52 461 Turistinformasjonen i Strandgata vil ha ope alle dagar frå 13. juni til 14. august. • Tlf. 57 74 30 00 Ope man – fre 09.00 – 19.00, laur – sun 10.00 – 15.00. www.fjordkysten.no

Den som har sitte i ein kajakk og padla mot solnedgangen på blikkstille hav, veit kva stille lukke er. Padlemiljøet i Florø er stort, og gjennom Florø Turlag får du leige kajakkar. Du er også hjarteleg velkomen til å bli med på dei mange fellesturane kajakk-entusiastane i Florø arrangerer kvar sommar. – Ta kontakt med Turistinformasjonen, eller via facebook-gruppa «Kajakk i Florø», eller kontakt oss direkte, oppfordrar Tine Kroppan Holvik som er ein av dei som brukar den strålande Florø-skjergarden til padling. Per Øyvind Helle

BROOM: Både store og små kan oppleve action og adrenalin på motorcrossbana til Florø Motorsportklubb. Foto: Tarjei Langeland

■■ KAJAKK: Kari-Anne M. Strømmen, tlf.


Olivia (12) og hundre til opnar «Florøfyret» Laurdag 27. august er det offisiell opning av utkikkstårnet på Lilleåsen i Florø. Der kan publikum gle seg til at Olivia Husabø og 100 andre artistar stiller opp til gratis opningskonsert. Det er grandonkelen til Olivia, Eirik Molnes Husabø, som har ansvaret for innhaldet på opningskonserten til det vi vel å kalle «Florøfyret» i mangelen av eit offisielt namn når denne avisa går i trykken. Eirik lagar ei eiga hymne til «Florøfyret» og Lilleåsen, som eit bestillingsverk både for prosjektet, byen og alle støttespelarane bak initiativet. I tillegg til hymna, vil han vise fram alt det kulturlivet i byen har å by på. – Vi har unge fantastiske talent som vi vil vise fram. Så har vi etablerte artistar som skal delta, seier komponisten. Han ser for seg 100 deltakarar på og rundt scena under opningskonserten. Det blir som eit lokalt «KORK» med strykarar,

Sommar byen Florø

HUSABØ: Med utgangspunkt i utkikkstårnet i aust, og ei scene som blir bygd i vest, blir Lilleåsen ei spektakulær konsertarena når Eirik Molnes Husabø og grandniesa Olivia Husabø, saman med 100 andre, inviterer til gratiskonsert laurdag 27. august. blåsarar og koristar som vi danne ei mektig musikalsk ramme. Det er foreininga Florø Bys Vel som har klart å realisere ombygginga av den gamle trykktanken til eit utkikkstårn, med god

hjelp av spesielt Sparebanken Sogn og Fjordane. Per Øyvind Helle

Vi bind kyst-Noreg saman!

Om sommaren er det spesielt fint å reise sjøvegen! Fjord1 er det leiande ferjeselskapet i landet - samtidig som vi driv fjordbasert reiseliv, hurtigbåt og catering.

Velkommen om bord

Sommarbyen 2022

13


Landhandelen er ein attraksjon i seg sjølv

JOLANDA OG SIV (t.v): Dei to damene som driv landhandelen på Fanøy, er ein sosiokulturell attraksjon i seg sjølv. Bøker leiger dei ut også!

Du finn dei der det bur lite folk. Landhandelen. Sjølve hjartet i små bygdesamfunn, og ofte ein attraksjon i seg sjølv. Som Nærbutikken Fanøy. Vi møter Jolanda Tervoort og Siv Rindheim på ein benk utanfor butikken på øya som har kring 50 fastbuande. Dei er snart i ferd med å hengje opp skiltet som viser opningstidene for sommaren. – I skuleferien har vi lengre opningstider, for då stig vel folketalet til kring 200 med hyttefolket og turistar, smiler dei to damene som delar på driftsansvaret på butikken.

Gøy på landet «Sånt no hak'ke vi i by'n», heiter det i ei strofe frå songen “Gøy på landet.” Og i “by`n” har ein ikkje butikkar der dei tilsette, i tillegg til å sitje bak kassa, byr på ein kopp kaffi på utebenken, har ei bokhylle der dei leiger ut bøker frå biblioteket i Florø, driv med turistinfo, er kommunalt servicepunkt og tek imot medisin frå fastlandet, leverer varer til dei som treng det, leiger ut kajakkar og har tid til ein sosial prat med kundane. – Vi trivst jo veldig godt, og synest det er kjekt å ha litt varierte oppgåver, seier dei to humørfylte damene.

Sommar byen fanøy

liks med mange andre landhandlar rundt om på øyane og i bygdene i regionen. Den vesle kaffikroken dei hadde i butikken, er no bygd om til eit større lokale med eige kjøken og plass til 25 gjestar. Her har dei diverse sosiale arrangement i løpet av året. Og med eige kjøken blir det også til at dei kan diske opp med kortreist, perfekt steikt pizza om du kjenner svolten komme når du går tur på den vakre øya. – Det skjer det at folk ringjer og spør om dei kan bestille ein pizza, ja. Då tek vi den berre ut frå frysen i butikken, set den i omnen i «kaffikroken», og så er den klar når dei kjem, smiler Jolanda. Og på laurdagar, så hender det også at dei to damene diskar opp med kake.

«Noko attåt» er ein attraksjon På ein landhandel får du alltid «noko attåt». Pizza, kajakk og utleigebøker er ein ting, men den roen, den antistressande stemninga du får av å trakke inn dørene til ein butikk der dei tilsette som tek imot deg har god tid og slår av ein prat; det gjer landhandelen til ein attraksjon i seg sjølv. Den er den sosiale samlingsstaden, den luktar godt (eimen av sjø glir inn inngangsdøra) og den er knutepunktet i bygda. Alt krinsar rundt landhandelen. Det er der du får «noko attåt.» Derfor er den ein attraksjon, ei kulturell oppleving du må oppleve når du likevel er der ute i distriktet for å få storarta naturopplevingar.

Kaffikrok blei selskapslokale Sidan 2009 har Batalden Landhandel vore drive som eit bygdeeigd aksjeselskap, til

14

Sommarbyen 2022

HJARTET: Landhandelen er hjartet i bygda.

Per Øyvind Helle

KAJAKK: Butikken leiger også ut kajakkar. Du sender berre ein e-post til kajakkutleie@ hotmail.com, og fortel kva dato du ønsker å bestille. Du betaler på Vipps, så får du vite kor og korleis du kan hente ut utstyret. Området rundt Fanøy er eit eldorado for kajakkpadling. Foto: Privat


Foto: Dag Frøyen

GATELIV: Det er alltid god stemning i Strandgata på Godt i Gapet.

Foto: Egil Aardal.

Godt i Gapet med internasjonal vri På smaksfestivalen Godt i Gapet 26.-27. august blir det fokus på internasjonal mat og øl. Strandgata i Florø vil i større grad bli fylt opp av matstandar som Frivillege Flora organiserer. Her vil det bli servert eksotiske rettar for ein billeg penge frå mange av dei matdyktige utlendingane som bur i Florø. Kinn Bryggeri og Vesle Kinn vil syte for «Godt i Glaset» der dei inviterer nokre

Turar med turlaget

utanbys bryggeri, mellom anna Gardsbrenneriet og ØX. Dermed blir det litt tilbake til konseptet med ein ølfestival i år, i mindre skala. På byens restaurantar blir det spennande kombinasjonar av mat og drikke i ulike versjonar, mellom anna «Damer og øl» på Quality Hotel. Når det nærmar seg festivalstart, kan du sjå programmet på facebooksida til Smaksfestivalen Godt i Gapet.

Flora turlag er eit aktivt og sosialt turlag som arrangerer flotte turar i Florø-området. Bli med dei på gåtur, sykkeltur eller topptur! Tid og stad for turane finn du på heimesida deira, flora.dnt.no. Turlaget gjentek også braksuksess frå i fjor med Trimpoeng-konkurranse. 64 flotte turmål finn du på konkurransen Flora Turlag Poengjakt 2022 i appen Trimpoeng. Alle kan delta og det er gratis. Fokuset er å komme seg ut i naturen. Det skadar heller ikkje at du kan vinne særs flotte premiar ved å delta.

Per Øyvind Helle

Per Øyvind Helle

Sommar byen Florø

VELKOMMEN TIL BUGTA OG VÅRE TO FLOTTE FLYTENDE HYTTER FISKHOLMEN

3 soverom - 8 sengeplasser

SJØSTJERNEN

2 soverom - 6 sengeplasser

Bugta ligger ikke langt fra Smørhavn fergekai i yter Bremanger (8 km fra Kalvåg). For mer informasjo ring Ole 908 37 199 eller Ingfrid 901 82 593. Sommarbyen 2022

15


YTTERØYANE: Fyrsafari-turen med M/S Atløy går innom Ytterøyane Fyr. «Atløy» er den einaste av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane sine førkrigsskip som er teken vare på i tilnærma opphaveleg stand. Frå 1931 til 1974 gjekk M/S Atløy i lokalruter i heile Sogn og Fjordane. Frå 1983 fekk den status som veteranbåt. No er den populær Foto: Visit Fjordkysten. både til turisttrafikk og firmaturar.

M/S Atløy og fyrsafari er populært som aldri før I fjor gjekk veteranbåten «Atløy» på fyrsafari til Kvanhovden, Ytterøyane og Stabben Fyr to gongar i sommarvekene. – I år utvidar vi til tre dagar i veka etter suksessen i fjor, fortel Laila Schønhardt på turistinformasjonen. M/S Atløy er ein viktig del av sjela til Florø. Synet av den staselege fjordabåten, den rytmiske motorduren og eimen av nyvølt båt med dekksolje, linolje, litt terpentin og eit hint av tjære, gjer ein båttur med Atløy til ei sanseleg oppleving.

Tøffing i skjergarden I tillegg til tysdagar og torsdagar, vil «Atløy» i år også gå fyrsafari-ruta på søndagar. – Ruta var veldig populær i fjor, og i år kan

16

Sommarbyen 2022

Sommar byen Veteranbåten M/S Atløy

du oppleve skjergardsidyllen frå St. Hans til 16. august, fortel Laila. Om bord vil det hyggelege mannskapet servere både nysteikte vaflar, øl, vin, kaffi og brus. Du kan også bestille kaldtallerken med laks eller hjort frå Svanøy til turen. Og kanskje får du ei god sjømannskrøne, om du spør!

Tre fine fyr Kvanhovden fyr ligg heilt nordvest på øya Hovden, 40 meter over havflata på ein knaus av runde svarte berg slipt av storhavet. I fjellskråninga bak fyret ligg ei djup, mystisk leirhole som har skjult folk i tider med krig og naud. Fyret vart bygd i 1895 og automatisert i 1980. Turen går vidare sørover med majestetiske Store-Batalden på utsida. «Atløy» seglar gjennom trange sund mellom holmar og skjer og levande lokalsamfunn utover til Båsundet, før den dreiar rett vest til Ytterøyane fyr. Det majesteriske fyret har eit 20 meter

høgt støypejernstårn. Fyret ligg på ein holme som er rik på flora og fugleliv og er verna som naturreservat. Fyret vart bygd i 1881, og blei automatisert som eitt av dei siste fyra i Norge i 2004. Frå Ytterøyane fyr seglar båten forbi Kinn og Kinnaklova, og inn Skorpefjorden til Stabben fyr; det særmerkte fyret i innseglinga til Florø. Stabben Fyr vart bygd i 1866, og står på eit glatt, avrunda skjer midt i skipsleia. Truleg er området fyret ligg i eit av dei mest vanskelege navigasjonspunkta på norskekysten, noko mange forlis og grunnstøytingar fortel om, også etter at fyret vart tent. Fyret vart automatisert i 1975. Det blir ikkje mogleg å gå i land på fyra, men fotomotiva kjem på rekke og rad, og stemninga om bord med mannskapet er særs hyggeleg. For bestilling og meir info om turen, sjå fjordkysten.no, eller kontakt Turistinformasjonen i Florø. Per Øyvind Helle


Herlegg sommar! VI HAR

DU TRENG G TIL

SOMMAREN 10-19 (16) | amfi.no/floro Rema 1000 07-21 Bli medlem i kundeklubben vår og få tilgang til dei eksklusive fordelane du også!

1. ETG. GULL OG UR VINMONOPOLET CUBUS N VIKI PÅ SENTERET 0 RINGO NO KKEN ZAVANNA LAYER MEKK REMA KO 1000

INNMELDING: AMFI.NO/FLORO

2.ETG. EUROSKO TOPPEN FRISØR KITCH`N SUNNFJORD J A APOTEK VITA EXCLUSIVE SUNKOST NILLE POWER 3.ETG. NORLI PRINCESS KAFE KANDIS SPORT OUTLET Stolt hovedsponsor for

Følg oss på på Følg oss

Våt Moro 7. – 10. juli

AMFI Mye å glede seg til. Alltid. Sommarbyen 2022

17


KULTURMINNELØYPE: – Kaiene har alltid vore viktig for Svelgen, og fleire av punkta langs kulturminneløypa finn du langs fjorden, fortel Reidun Øvrebotten (innfelt) som har vore prosjektleiar for den flotte løypa.

Frå ungkarsmessa via knalltuten til skyssbåtane Tre av stadane du kjem innom når du går den interessante kulturminneløypa i Svelgen, er «ungkarsmessa», «børnefabrikken og knalltuten» og «skyssbåtane». – Vi har laga ei kulturhistorisk interessant turløype med stoppestadar i sentrum av Svelgen, fortel Reidun Øvrebotten som jobbar i kulturavdelinga til Bremanger kommune. Løypa består av 28 punkt med historie og bilde frå utviklinga av industristaden og dagens kommunesenter, og gir både turtrim og kunnskap.

Spennande historie og familiequiz – Ved kvart punkt du kjem til, finn du eit lite skilt som er merka med nummer og QR-kode. Du får kart med oversikt over nummerering og plassering av skilta på servicekontoret på rådhuset i Svelgen. Når du kjem til punktet, finn QR-koden og scannar den, så vil du få opp spennande historie om punktet du står på, fortel Reidun. Du brukar ein QR-app på telefonen din for å lese av koden og få fram innhaldet. Om du ikkje har telefon med QR-lesar, kan du

18

Sommarbyen 2022

Sommar byen Svelgen

låne nettbrett på biblioteket eller på servicekontoret på Rådhuset som du kan ta med deg rundt i løypa. På nettbretta ligg nødvendig QR-kodelesar, og du får hjelp til å bruke denne. – Action track er ein kortare versjon av kulturminneløypa, og er eit tilbod for dei som vil konkurrere. Den er lagt opp som ei quizløype med spørsmål og poeng for riktig svar, og passar fint for familiar, seier Reidun.

Kva er «knalltuten»? Vi har ikkje svaret på kva «knalltuten» på punkt 21 i kulturminneløypa er, men vi merkar at vi er nyfikne på svaret! Derimot følgde vi kartet vi fekk utdelt på servicekontoret, gjekk ned på kaien der punkt 25 er, og scanna QR-koden vi fann på ein stolpe. Då dukka det opp mange flotte historiske bilde og blant anna denne teksten: «Skyssbåtane: Fram til Svelgen blei knytt til riksvegnettet med veg til Haukåa og ferje til Bjørnset i 1965, gjekk all samferdsle til og frå Svelgen med båt.» Så då veit vi kvifor det er så mange meter med kai i Svelgen; det er ikkje berre på grunn av smelteverket.

Per Øyvind Helle

M/B HJELMEN: Dette bildet får du opp om du scannar punkt 25 i kulturminneløypa. M/B Hjelmen var ein av båtane som blei brukt mykje i 30-åra som post- og frakteskøyte. Om bord var det ofte liv og rør. Legg merke til koffert og paraply!


Odd Nordstoga og Sunnfjords Johnny Cash til Kulturlåven Det blir to flotte konsertopplevingar på Kulturlåven på Svanøy i sommar.

ODD: Lite passar betre enn ein låvekonsert med Odd Nordstoga. Det Foto: Presse får du på Svanøy i juli.

Halvard Husefest Lunde har laga musikalen «Livet i låglandet» basert på tekstuniverset til Andreas Engebø og sjølvkomponert musikk. Konsertversjonen av musikalen blir sett opp på Kulturlåven på Svanøy 14.16. juli. Erlend Ona Gjul og Henriette Hatlevoll blir med på konsertversjonen. Erlend er fylket sin fremste musikalartist, og har blant anna spelt «Peron» i «Evita» og Von Trapp i «Sound of Music». Henriette er songlærar på kulturskulen i Hyllestad og Fjaler. Tekstane til Engebø og musikken til Lunde blir nesten til Johnny Cash-autentisk, eklek-

Sommar byen Svanøy

tisk popmusikk, så du kan alt gle deg til ei unik musikkoppleving i midten av juli.

Endeleg Nordstoga Laurdag 23. juli spelar Odd Nordstoga med band opp til dans og allsong på Kulturlåven. Konserten skulle han eigentleg halde i 2020. Etter to års ventetid er den folkekjære artisten endeleg klar til å trå til på låven med «Dans Dans Dans» og «Kveldssong for meg og deg» der «grisen står og hyler». Nordstoga spelar mellom eit oppvarmingsband og den tradisjonsrike låvedansen som strekk seg inn i sommarnatta. Det er høvesvis Svanøy Folkeakademi og Svanøy Hovedgård som arrangerer dei to konsertane. Per Øyvind Helle

Songen ved det store djup

18. og 19. juni

FOTO: HÅVARD STUBHAUG

TUREN TIL KINN OG TEATERET VED HAVET – EI OPPLEVING DU IKKJE FINN MAKEN TIL! KONSERTAR • TURAR • OMVISNING I KYRKJA • GUDSTENESTE • AKTIVITETAR FOR BARN – Et fokusert logistikkselskap

Sjå www.kinnaspelet.no for meir info og billettar Kinnaspelet 2023 vert 17. og 18. juni!

Sommarbyen 2022

19


Alida (16) er «fødd med sv Kring 160 menneske står på scena under Kinnaspelet, og gjer spelet til det mange meiner er den mest magiske utandørs teaterforestillinga i landet. Tre generasjonar Hillersøy bidreg til det. Etter to års pause gler familien Hillersøy seg som ungar til å spele framfor publikum igjen. – Det er jo årets høgdepunkt, seier dei i kor. Vi har samla dei på ein holme for å få litt av stemninga dei opplever på Kinn, og for å høyre kva som er så spesielt med «Songen ved det store djup.»

To år gammal viking Alida Hillersøy (16) har hatt ei rolle i Kinnaspelet sidan ho var to år. – Først var eg ei lita vikingjente nede med sjøkanten. Som seksåring fekk eg bli med som ein del av bygdefolket på scena, og i år er eg aktiv og aggressiv viking, fortel ho smilande. Nokre nordmenn er fødde med ski på beina, seiast det. For Alida er nok sverd eit meir dekkande ord. – Det var veldig rart at vi ikkje fekk spele dei to åra under pandemien, for Kinnaspelet er blitt ein familietradisjon som er veldig kjekk, seier ho.

Blei hanka inn på tur Det er far til Alida, Kjell, som har lengst fartstid på Kinnaspelet. – Eg har vore med i 23 år, og det starta heilt tilfeldig, seier han. – På kva måte då? – Eg gjekk tur langs med Florahallen då Kinnaspelsgjengen hadde øving der. Og best som det var, så kom Gunvor Cassells løpande etter meg og spurde om eg ville ha ei lita statistrolle som bygdefolk i spelet. «Jau, det kan eg no», sa eg, og så var det gjort, ler Kjell.

Kjell blir Kolbjørn Audition og nervar kan du gløyme. For vil du ha deg ei lita rolle i Kinnaspelet, er det berre å blir med. Med nærmare 160 amatør-

«BORNI!»: Tre generasjonar Hillersøy er viktig for Kinnaspelet: Frå v: Kjell Hillersøy, Maria Olava Tvenge, Alida Hillersøy og Lars Almar Tvenge. 20

Sommarbyen 2022

NYE KOSTYME: Bygdefolket (Kjell) har fått splitter nye kostyme til årets spel. Det same har futens menn. – Dei som syr kostyme fortener all mogleg ros. Vi er mange bygdefolk for å seie det mildt, så dei har jo hatt arbeid i heile år, trur Kjell. Dottera Alida er viking og speler i tidsriktig kostyme som blei laga for nokre år sidan.


verd i handa» Sommar byen Kinnaspelet

ar i tillegg til dei profesjonelle på scena, så er det alltid plass til ein til som ønskjer å vere med. – Det å vere med på Kinnaspelet er verkeleg eit flott, sosialt fellesskap som er givande på mange plan. Med åra har det blitt ein familietradisjon for oss, vi har fått mange nye vener, det er ei overdådig kultur- og naturoppleving, og vi bidreg til ei fantastisk oppleving for publikum, seier Kjell. I år har han fått rolla som Kolbjørn. Kolbjørn har ei viktig rolle i spelet, særleg i samband med Borni si skjebne mot slutten av spelet. Har du ikkje sett Kinnaspelet, men skal i år, så skal vi ikkje røpe meir.

– Eg skal aldri slutte Med åra har Kjell også fått med barnebarn på Kinnaspelet. Maria Olava på 12 er litt misunneleg på morfaren fordi han har fleire replikkar. – Eg var med for første gong i 2019, og har gått og gledd meg til å vere med igjen. Eg er barn i bygdeflokken, og eg skal aldri slutte med Kinnaspelet, strålar Maria Olava som drøymer om å spele Borni-rolla ein gong.

– Eg håpar å få ein replikk i år, for vennane mine fekk ein i 2019, fortel ho – Kva replikk er du håpar å få, då? – Eg håpar å få seie «sjå!», ropar ho ut.

Lars Almar debuterer Lars Almar på ti år er også bornebornet til Kjell, og i år skal han debutere som bygdefolk på Kinnaspelet. – Eg trur det blir veldig gøy. Vi er veldig mange som skal liggje i teltleir frå torsdag eller fredag til søndagen, og det gler eg meg til, seier Lars Almar som ikkje har same replikk-behovet som søstera Maria Olava. – Vi startar øvingane i Florahallen laurdagen før premieren, og så reiser vi ut i samla flokk eit par dagar før for øvingar på Kinn, med overnatting i teltcampen for dei som vil det, opplyser Kjell. Kona til Kjell, Monica Støyva, er med i koret, og mamma til Lars Almar og Maria Olava, Iselin, skal selje vaflar under spelet. – Ingenting slår kjensla vi får når familien samlast på Kinn, smiler kvartetten. Per Øyvind Helle

FØDD MED SVERD: To år gammal debuterte Alida på Kinnaspelet. Som 16-åring er ho tilbake med sverdet i handa som fryktinngytande viking.

Teateret ved havet Ein scenografi med blått hav og høg himmel, Kinnaklova og den gamle steinkyrkja frå 1100-talet, er det som møter deg på Kinn. Så langt vest du kan kome i Norge ligg ei av dei eldste kyrkjene i landet - der ingen skulle tru at nokon kunne byggje ei kyrkje. Ingen veit sikkert kven som bygde ho. Men dei gamle legendene fortel om heilage menn frå øyrika i Irskesjøen, som busette seg her, truleg på 900-talet ein gong. Her får du oppleve Kinnaspelet, «Songen ved det store djup,» eit drama om kjærleik og svik, tvil og tru, då reformasjonen kom til Norge i 1537 og kasta vrak på ein 500 år gamal kyrkjeleg tradisjon og levemåte. Dette teateret ved havet, der naturen og kulturlandskapet spelar med, er ei oppleving du sjeldan finn maken til. Kinnaspelet blir framført av Teater Vestland, musikarar og ca 160 lokale amatørar og koristar. Informasjon om spelet, transport og billettar, finn du på kinnaspelet.no

MEKTIG: Kinnaspelet sine kulissar er storslagne.

Rutebåt i Florøskjergarden

Kinnakyrkja gjer porten vid I fjor var det publikumsrekord til Kinn og Kinnakyrkja. – Vi er klare for storinnrykk i år også, seier Merethe Solheim Knapstad. Ho er ein av mange i dugnadsgjengen som legg til rette for at besøkande kan få oppleve kjensla på Kinn på sommarstid. Den utrulege kyrkjekunsten og bygningsmassen viser tydeleg at Kinnakyrkja har hatt ei sentral rolle i innføringa av kristendommen i Norge. Det er konklusjonen til forskarar som gjorde ei grundig undersøking av kyrkja no i vår.

Frå Kinnaspelshelga og ut august, vil kyrkja vere open for besøkande kvar dag. Dugnadsgjengen driftar ein minikiosk, held området kring kyrkja reint og gjennomfører tidebøn. Vertane viser også turistar rundt i kyrkja, og sjølv om dei ikkje er guidar, så hjelper dei folk med informasjon. – Det er utruleg kjekt at stadig fleire får auga opp for den unike øya, og ikkje minst den fantastiske kyrkja, seier Merethe.

PORTEN: Mange frivillege syt for at besøket ditt til Kinnakyrkja blir ei flott oppleving.

Foto: Arkiv.

Foto: Merethe Knapstad

I Florø-skjergarden går det både turistruter og vanlege rutebåtar i løpet av sommaren. For å få oversikt over klokkesletta for avgang til rutebåtane, så har turistinformasjonen eit godt råd til deg; - bruk heimesida entur.no. Der finn du klokkesletta til båtrutene på den dagen du ønskjer å reise. Kva så med booking? Du møter rett og slett opp på kaien og betalar for reisa når du går om bord i båten.

Sommarbyen 2022

21


ALETTA VALBORG: «... I 1912 er Aletta 37 år gamal. Dette året skulle bli eit forferdeleg år. Ho er gravid. Reidar som er fire år, døyr av sjukdom. Deretter blir Olav fødd, men også han døyr frå henne. Seinare den hausten mister ho også sin kjære mann av sjukdom! Aletta sit igjen åleine med tre døtre (…) Aletta er eit lita og vever dame, men seig og uthaldande. Ho bestemmer seg for å ro fiske…” Dette er noko av teksten på plaketten som står ved sidan av bildet av Aletta. I robåten ser du kjolen Reidun Foto: Per Øyvind Helle Øvrebotten har sydd til ære for den sterke kystkvinna. – Den symboliserer sjø, fiske, garn… og kjærleik, smiler ho.

– Skal du sjå ei utstilling i sommar, så er det denne Dette er ikkje eit sitat frå Reidun Øvrebotten som eig og driv kulturhuset «Heimen» på Hauge i Bremanger. Sitatet er frå denne middels museumsinteresserte journalisten. Reidun Øvrebotten si utstillinga «Minne om Maria, ein hyllest til kystkvinna», er 11 år gammal, og har dei siste åra stått permanent i hennar eige kulturhus, «Heimen».

Dåtidas profilbilde I dag finn du både kafé Aletta, Galleri Dorthea med historiske og moderne kunstutstillingar, kunstverkstad og undervisingslokale for kulturskulen i Bremanger,

22

Sommarbyen 2022

Sommar byen

Bremanger

kinolokale og møterom i «Heimen». Men det er hyllesten til kystkvinna som verkeleg vekkjer kjensler. I rommet vi stig inn i, heng det ti små, gamle bilde av ti kvinner. – Det er som dåtidas profilbilde på sosiale medium. Det var nærast ein presentasjon for å sikre seg eit godt ekteskap, seier Reidun om utstillinga som både har musikk, klede og kvardagshistorier frå kystkvinnene sine liv.

Ti kjoler, ti bilde og ti tekstar Reidun har sjølv sydd ti kjoler som gjennom ulike kjolemotiv hyllar dei ti kystkvinnene frå Bremanger og symboliserer livet dei levde. Kjolene heng på utstillingsdokker, og like ved finn vi sterke tekstar som fortel om dei ti kystkvinnene. Reidun har også fått modellar til kle seg i dei fantastiske kjolene, og hengt opp store bilde av dei

på veggane. Saman med ulike og tidsriktige gjenstandar, speglar kjolene, bilda og tekstane sterke historier frå seint 1800-tal og ut på 1900-talet.

Kystkultur – Formidling av kystkultur er viktig for meg, og særleg er det fasinerande og stekt å kunne formidle historiene til kvinnene som stod på, sleit og levde liva sine her ute i havgapet, seier Reidun, og legg til at det er mange som går frå Maria-utstillinga med tårer i auga. Det kan vi forstå. Den flotte kombinasjonen av bilde, musikk, sterke tekstar, kjolar og tidsriktig innreiing, gjer at dei ti historiene kjem tett på oss. Det er fasinerande, sterkt og lærerikt å bruke litt tid på Mariautstillinga. Per Øyvind Helle


Fotoutstilling og geiter på Kystmuseet Kystmuseet i Florø set opp ei flott fotoutstilling av Olav Fauske som skal stå ut august månad. På kystmuseet kan du elles sjå utstillingar som formidlar natur- og kulturhistorie frå kysten av Sogn og Fjordane - frå steinalder til oljealder.

Sommar byen Florø/ Eikefjord

Eikefjorddagane tilbake til sentrum Eikefjorddagane blir arrangert 12.-14. august. Og i år er det tradisjonsrike familiearrangementet tilbake til sentrum av bygda. Det blir standar, barneaktivitetar, konsertar og avslappa «koseaktivitetar» i sentrum, i sosiale rammer som folk er vande med. «Gråtass» er alltid populær hos barna, og rømmegrauten og grillmaten vil nok gå unna på ei helg der Eikefjord Grendalag alt har bestilt sol og sommar. Grendalaget vil i år donere pengar til kriseramma Ukraina. Du kan lese meir om arrangementet på eikefjordgrendalag.no

Her finn du ei stor båtsamling, gjenstander frå bygd og by ved kysten, og ei av dei største permanente oljeutstillingane i landet. Spaservegar og bruar bind kystmuseet saman med idylliske holmar der du mellom kan mate geiter som museet har på beite om sommaren. Per Øyvind Helle

MAT GEITENE: På Brendøya ved Kystmuseet kan du mate og kose med geiter i sommar.

Din lokale leverandør av Din lokale leverandør av drivstoff til sjø og land drivstoff til sjø og land Med vårt MH24 kort får du rabatt på kvar tanking. Søk enkelt påkort mhservice.no! Med vårt MH24 får du rabatt på kvar tanking. SøkFosnavåg enkelt på mhservice.no! Måløy Leirvik

Kulen Fosnavåg Almenningsfjellet Kulen Moldøen Almenningsfjellet Ålesund Moldøen Kolset Ålesund Florø Kolset Florø

Bryggja Måløy Furuholmen Bryggja Klubbevika Furuholmen Byrkjelo Klubbevika Haugsbygda Byrkjelo Utvik Haugsbygda Utvik

Bremanger Leirvik Smørhamn Bremanger Sørbøvåg Smørhamn Dragsund Sørbøvåg Åheim Dragsund Åheim

mhservice.no mhservice.no

Sommarbyen 2022

23


Øystein og familien gjev liv til Svanøy Hovedgård For tredje sommaren på rad driv Bistro to kokker hotell på Svanøy Hovedgård. I realiteten er det Øystein Berge og storfamilien hans som har gjort hotelldrifta til ein stor suksess. – Bookingane har aldri vore så bra som i år. Det tek vi som eit teikn på at vi har lukkast med konseptet vårt, seier Øystein som er dagleg leiar i bistroen. Og konseptet er eksklusiv overnatting, mat og drikke i eit staseleg bygg frå middelalderen. – Det er mykje viktig og spanande historie i veggane her, og vi legg sjela vår i å forvalte kulturarven på beste måte, fortel Øystein.

Familie ein fordel I alle dei tre åra Øystein har vore vert på hovudgarden, så har han hatt familien med seg. Og då snakkar vi storfamilien. – På lønningslista står eg, sambuaren min Oddny og dottera vår, Kristina. Men utan dugnadshjelp frå sonen vår Lars Andreas, dotter Charlotte, barnebarnet Dennis, svigerson Dino og svigerdotter Siren, så hadde vi ikkje klart å få det til, fortel Øystein. Han blir varm om hjarterota når han fortel om Dennis på 11 år som hjelper til med å klippe den store gardsplenen, bere brus og bos og sjaue rundt. – Vi er ein samansveisa storfamilie som ikkje har hatt sommarferie på tre år. Vi brukar sommaren her, og trivst med det, smiler han. I tillegg til familien, trekk Øystein fram den gode hjelpa dei har fått frå Therese Svortevik både på mat og drikke, og Ruth Myklebust som er housekeeper på godt norsk.

Ein open gard Øystein meiner Svanøy Hovedgård kanskje har hatt eit litt museumsaktig preg, og vore lite tilgjengeleg for folk flest. – Det at vi no bokstaveleg tala har fått lov til å opne dørene til dette praktbygget, ser vi at bygdefolket også set pris på. Terskelen for å oppleve Astrup-måleria og Grunnlova på veggane, dei gamle teppa og suge inn fasinerande historie, er blitt lågare. På Svanøy Hovudgård er det totalt 21 rom og 42 sengeplassar fordelt på hovudbygninga, eit eldhus og eit gamalt meieri. - Ikkje alle romma har bad ettersom det er gamle, verneverdige bygg det er tale om, men det er ei stemningsfull oppleving å overnatte innanfor dei staselege tømmerveggane. Og vi legg særs mykje ære i arbeidet med å gjere middagen til ei flott oppleving, fortel Øystein.

FAMILIE: Her er nokre medlemmer av storfamilien Bjerck-Berge som forvaltar kulturarven på Svanøy Hovedgård: F.v

Oddny Bjerck, Øystein Berge, barnebarnet Dennis, dottera Kristina og svigerson Dino. Alle foto: Privat

24

Sommarbyen 2022

Lokal mat og historieforteljing Bistroen og Øystein har kun lokal mat på menyen. – Det vil seie til dømes hjort, vill-


Knutepunkt Florø Florø hamn er ei miljøvenleg pulsåre som knyt regionen vår til verda, eit naturleg bindeledd mellom veg og sjø. Ei aktiv hamn, pulserande av liv og røre, med passasjerbåtar, containerfarty, supplybåtar, fiskefarty, brønnbåtar og fraktebåtar som syner byen sine maritime tradisjonar.

Svanøy

· Direktefly til og frå Oslo og Bergen · Hurtigrute · Ekspressbåt til og frå Bergen, Nordfjord og Sogn. · Regelmessige avgangar. Fugleskjærskaien – FLORØ Postboks 17, 6901 Florø e-post: hamn@kinn.kommune.no - Tlf: (47) 57 75 67 40 ORØ HAMN FL

w

ww no .florohamn.

A til Å - www.atilaa.no · Bilde: Salt Arkitekter

Sommar byen

sau, laks, sjøkreps, breiblabb eller anna fisk som lokale fiskarar kan fikse til oss. Barnemeny har vi også, fortel Øystein. Øystein har fungert som kokk for lukka grupper på hovudgarden sidan 90-talet. No er han ein slags kokkekyndig hotelldirektør som også fungerer som guide og sjåfør for den del. – Gjestane våre er nyfikne og spørjande, så vi som jobbar her må kunne vår Svanøyhistorie. Og vi fortel med glede. Det er blitt ein livsstil for oss dette, men vi er no bygd slik at vi likar å gjere det som folk set pris på. Og heldigvis set gjestane våre pris på opphaldet på Svanøy Hovedgård, avsluttar han.

www.florohamn.no

LOKAL FANGST: Menyen som Øystein serverer på hovudgarden består utelukkande av lokale råvarer.

Florø si rolle som eit viktig knutepunkt vert i tillegg ivareteke av flyplassen, rett i nærleiken. God kommunikasjon gjer det enkelt å reise til og frå byen;

Per Øyvind Helle

MORO FOR ALLE ALDRE

Symjing for liten og stor · Sklie og stupetårn · Styrketrening · Spinning · Badstue · Badebrygge · Kafé · Gratis parkering Ta med venner og familie og nyt eit bad i fantastiske omgjevnader! ÅPNINGSTIDER FRÅ 20. JUNI – 14. AUGUST 2022:

en!

Velkomm

Mån. / ons. / tors. / fre. Kl. 10.00 – 20.00 Tirs. kl. 06.30 – 20.00

SVANØY HOVEDGÅRD: Med si fasinerande historie frå vikingtida og framover, den idylliske naturen, Svanøy Hovedgård, Norsk Hjortesenter, galleri, lakserøykeri og sjarmerande lokalbutikk, er Svanøy eit attraktivt reisemål.

Foto: WeAre

Laur. / søn. Kl. 09.30 – 15.30

havhesten.no Sommarbyen 2022

25


Gunhild (80) er dronninga av majesteten i havgapet I over 30 år har Gunhild Bjelland drive prisbelønte Batalden Havbu. – Det starta med ein draum i barndommen, fortel ho.

Store Batalden kneisar 492 meter over havet. Som den største av øyane i vest, vernar den ruvande øya Florø mot storhavet. Her har Gunhild Bjelland bygd opp sitt eldorado. Eit eldorado ho raust inviterer gjestar til. Gjestar som ønskjer ein unik overnattingsplass med museum, ei spesiell konsertoppleving eller ei kunstutstilling.

Pippi-mentalitet og prisbelønt for kystkultur Batalden Havbu har mellom anna blitt tildelt Olavsrosa for si formidling av kystkultur. Dei restaurerte havbuene har også fått byggeskikkspris og bygdeutviklingspris. Dei eldste husa er frå 1800-talet, og Gunhild var sjølv med på arbeidet med å ta vare på det gamle autentiske miljøet. Museet viser lokal fiskerihistorie og levesett gjennom foto, reiskapar og utstyr, bøker og modellbåtar. På kunstgalleriet blir kunstnarar frå vestlandet ofte inviterte til å stille ut i sommarmånadane, i tillegg til at Gunhild stiller ut eigne måleri. Og dei to overnattingshusa osar av herleg maritimt miljø kombinert med moderne fasilitetar. – Eg drøymde om ein slik plass då eg var lita jente, smiler Gunhild. Ho har framleis det jenteaktige smilet, barndommens nysgjerrigheit og Pippis mentalitet i behald. «Det har eg ikkje gjort før, så det klarer eg heilt sikkert.»

Tar i eit tak Ho er kreativ, har praktiske evner og er hardt arbeidande. Vi møter ho på kaikanten utanfor leigegheita ho eig i Florø saman med sambuar Bodvar. – Eg er akkurat ferdig med å byggje om ei bod til eit toalett, seier ho, og orsakar seg for det ho kallar litt rot som vi ikkje ser. – Du har bygd om sjølv? – Ja, eg likar å ta i eit tak, smiler ho. Så viser ho oss litt av hennar eigen bildeproduksjon. Gunhild er ein habil kunstnar, og til sommaren blir det nok ein separatutstilling vest i havet; i «gamlehuset» som er heime for Gunhild.

90 prosent faste gjestar Gjestane som kjem til Batalden Havbu er lojale. – Dei kjem igjen år etter år. Eg har nok kring 90 prosent faste gjestar, men sjølvsagt har eg plass til dei som ikkje har opplevd magien her ute også. Eg ønskjer jo at flest mogleg skal få oppleve det unike kystkulturlandskapet vårt, smiler ho. Per Øyvind Helle

26

Sommarbyen 2022

DRONNINGA AV BATALDEN: Gunhild Bjelland driv Batalden Havbu på mektige Batalden som vi ser bak ho i

horisonten.

Sommar byen Store Batalden

ELDORADO: Her guidar Gunhild ei turgruppe som er på veg «Øyane over» mellom dei fem husa som utgjer Batalden Havbu. Info om eldoradoet i vest finn du på Batalden Havbu si foto: Flora Turlag facebookside.

PÅ TOPPEN: Turen til toppen av Store Batalden tek kring to og ein halv time tur-retur. Løypa er middels krevjande. Det går rutebåt frå Florø til Batalden kai. Gunhild og ein annan grunneigar eig store delar av Store Batalden som felleseige.


Familiedag, flakedans og gratis overnatting på Ørnereiret – Ingenting slår det å vakne opp etter ei overnatting på Ørnereiret, stikke hovudet ut og sjå sola stige opp i horisonten, seier styremedlem i Askrova Bygdelag, Terje Svardahl.

Sommar byen Askrova

oppleving, er Askrova og Ørnereiret staden, avsluttar Svardahl som er ein av mange eldsjeler på øya. Per Øyvind Helle

Treng du leigebil? Varebilar

FAMILIEDAG:

Familedagane på Ørnereiret er populære. Her frå teaterframsyninga i 2020.

Foto: Askrova Bygdelag

VI TILBYR EIT STORT OG BREITT UTVAL AV BILAR

findriv.no

Draumeplassen Ørnereiret er ei hytte med sovealkove og platting like nedanfor Skaratoppen på Askrova, og har ei heilt spektakulær utsikt. – Overnatting på hytta er gratis, men ein må booke seg inn på førehand på bookup. no, opplyser Svardahl. Bygdelaget brukar Ørnereiret flittig til ulike aktivitetar. I år blir det familiedag 2. juli. – Då blir det teater- og musikkforestilling for barna, grilling på bål, natursti og quiz, fortel Svardahl. Og 9. juli satsar dei på flakedans. – Målet er å ha ein trubadur på fjellet og ein teltcamp for overnatting. Folk kan ta med seg ei hengekøye og overnatte i den om dei vil. Ønskjer du ei tett på naturen-

Kontakt oss når du treng leigebil, vi finn alltid ei løysing!

Stasjonsvogner Personbilar Skadd bilen? Dei fleste bilforsikringsselskapa tilbyr fri leigebil ved kaskoskadar. Sjekk at det er leigebildekning i forsikringa di og ta kontakt med oss for avtale.

Fjordane Bilutleige tlf. 57 72 50 80 FØRDE • SANDANE • STRYN • FLORØ • LEIKANGER • MÅLØY • SOGNDAL

RUTEBILSTASJONEN • FØRDE Sommarbyen 2022

27


Bremanger blir fylt med rock, regatta og dødsing! Heavy humor, soul i verdsklasse, lokale heltar i ny innpakning, humor-Frode med sine brazzbrør, og stupeshow frå taket på næringsparken. Det er i korte trekk Rockweekend i Bremanger.

– Vi dundrar på med gode musikkopplevingar, herleg marknadsstemning, roregatta med stort konkurranseinstinkt, og dødsing, smiler Roger Igland som står i spissen for Rockweekend 8.-10. juli.

– Dødsing? – Javisst! Dei må jo ha ei skrue laus eller to, men vi har altså fått Bergen Stupeklubb til å stille med eit dødse- og stupeshow på aktivitetsdagen vår laurdag 9. juli, fortel Roger.

Unngå mageplask frå 16 meter Vi får Roger og Madelen Varden med opp på taket av Iglandsvik Næringspark. Det er frå taket på det gamle fryseriet, med 16 meter ned til «akvaoverflata» på flo sjø - at dødsegjengen frå Bergen Stupeklubb skal «high-dive.» Og frå ulike høgder og buadører i bygget, skal dei kaste seg ut i fri dressur i lause lufta og helst lande i rekepositur i sjøen – såkalla dødsing. For denne journalisten framstår dødsing som ei konkurranseform der målet i det lengste er å unngå mageplask. – Dei er jo ikkje riktig kloke, ler Madelen der ho tittar forsiktig over tak-kanten. Madelen er dagleg leiar for Iglandsvik Bed & Brekfast som driftar Havlys, Åkrebua og Reidarbua. Ho har også ei aktiv rolle i Rockweekend. – Vi trur det blir ei blanding av rockekonsert, sirkus og toppidrett, og med ein god dose adrenalin, smiler Roger og Madelen. Dei legg opp til at båten Haugefisk skal legge seg med akterenden inn til kaien slik at den kan bli brukt som publikumsområde. Og det kan trengast, for dødseshowa rundt om i landet blir stadig meir populære.

Stupekurs og marknadsdag På familie- og marknadsdagen skal stupeklubben også arrangere eit lite kurs i stuping for dei som vil prøve seg. – Men då går vi nok ned på høgda, ler Roger. I tillegg blir marknadsdagen fylt opp med den populære roregattaen på Iglandsvika, marknadsstander med mat og drikke à la Bondens marknad, hoppeslott og andre aktivitetar for barn og vaksne. – Alle desse sidearrangementa på laurdagen er det Iglandsvik Utvikling som tek seg av slik at vi får i hamn ein heil-

28

Sommarbyen 2022

VAKKERT OG SPENNANDE: Bergen Stupeklubb kjem med eit spektakulært stupe- og dødseshow. Slik bør det sjå ut etter at stuparen har bryte vasskorpa. Stupeklubben vil vise både klassiske stup, dødsing og high dive.

Foto: Thomas Morell

støypt festival, opplyser Roger. Han sjølv vil konsentrere seg om konsertane og musikken.

Sommar byen

Bremanger

Spelemannspris-vinnar og heavy humor Roger er bookingansvarleg for festivalen, og han er særs nøgd med årets festivalplakat. – Dette er tredje gongen vi har prøvd å få heavy-humorbandet Black Debbath til Bremanger. No lukkast vi endeleg. Black Debbath har eit fengande skråblikk på samfunnet, akkompagnert av blytunge rytmer og feite syttitallsinspirerte bluesriff som vi gler oss veldig til å oppleve, seier Roger. På plakaten finn vi også den ferske Spelemannspris-vinnaren i kategorien blues; bremanger-amerikanaren Adam Douglas. Han tek med seg fullt band med blåsarar og vil nok fokusere på sin prisvinnande tredje fullengdar «Better Angels». – Havlys kjem til å boble over av blues-glade publikummarar, meiner ein entusiastisk bookingsjef.

Til Rockweekend kjem også Blomenholm som er eit Oslo-basert pop/rock-band med inspirasjon frå artistar som The Eagles, Ryan Adams, Blake Mills og John Mayer. – Og så kjem Oddny. Bandet som har utspring i Bremanger-bandet Silo, fortel Roger. Med base i Oslo skal Iver Senneset, Oliver Igland og to musikalske kameratar endeleg få presentere låter som «Oktober, Bergen by» og «Ikkje ta livet av katten min Lotta». – Oddny er ei skjult hemmelegheit vi gler oss til å få vise fram, seier Roger. Fredagen blir det også ein konsert med lokale musikarar på Iglandssanden like bak Joker-butikken. – Og søndagen avsluttar vi med Brazz Brothers og Frode Alnæs i Bremangerhallen. Dei har ein magisk kjemi som vi er så heldige å få oppleve igjen. Det blir formidable konsertopplevingar og ein fantastisk festival, avsluttar Roger. Per Øyvind Helle


!

humor-

VELKOMMEN INNOM!

Besøk våre butikker: Fugleskjærgt. 10 Florø, Gate 1 Nr. 137 Måløy

DRIFTIG DUO:

Madelen Varden og Roger Igland får mykje å henge fingrane i i sommar. Rockweekend er det store arrangementet i sommar, og frå taket på Iglandsvik Næringspark blir det eit heidundrande stupe- og dødseshow under festivalen. Foto: Per Øyvind Helle

Vi har utstilling av utstyr for demo KARTPLOTTERE • EKKOLODD GPS • RADAR • VHF • AIS

T: +47 57 75 13 00 | E: post@oceanelectronics.no | W: www.oceanelectronics.no

ENDELEG: Heavy-humorbandet Black Debbath kjem endeleg til Rockweekend etter fleire forsøk. Bandet består av Egil Hegerberg, Aslag Guttormsgaard, Lars Lønning og Ole Petter Andreassen. Dei har lang fartstid frå band som Hurra Torpedo, Gartnerilosjen, Bare Egil Foto: Pressefoto Band, Thulsa Doom og marOder.

FORMIDABEL: Roger Igland er særs begeistra for samspelet mellom Frode Alnæs (bildet) og Brazz Brothers. – Dei har ein magisk kjemi, seier Roger om samspelet ein får høyre i Bremangerhallen under festivalen.

SPELEMANN: Årets Spelemannpris-vinnar i kategorien blues skulle vere velkjent. Adam Douglas kjem med fullt band og blåsarrekke til Rockweekend.

Foto: Pressefoto

Foto: Pressefoto

Sommarbyen 2022

29


Norgesmeistrar til årets Sommarrevy

DOMMAR: Ole Bergesen er norgesmeister i revy, og han tek mellom anna med seg figuren «Dommaren» til revyteltet i Florø.

Sommarrevyen i Florø er tilbake etter tre års latterpause. Og dei lokale revystjernene får no to norgesmeistrar i revy med seg på laget. 18.–20. august er revygjengen tilbake på scena i revyteltet på Torget. – Dette er ein perfekt start på det som blir ein flott ettersommar! Vi oppfordrar folk til å ta starten etter ferien i revyteltet, seier revyarrangør Per Øyvind Helle.

vind fått med seg ringreven Øyvind Angeltveit som er vel kjent med Florø. – Eg har vore så heldig både å få vere regissør på vinterrevyen, og tidlegare stått på scena på sommarrevyen i Florø, så dette veit eg blir bra saker, smiler han. Øyvind får med seg Ole Bergesen som også kjem frå Stord. Og til liks med Øyvind, så er også Ole norgesmeister i revy. Hans legendariske figur, «Ferjedirigenten», tek turen til revyteltet. – Eg tek også med meg «Fotballdommaren», «Fitjarbuen», og fleire andre nummer, humrar Ole som har 25 revyteltsomrar bak seg frå Fitjar, Stord og Stryn.

Stordabuen og dommaren

Oppskrift på revysuksess

I tillegg til kjente lokale revyfjes, har Per Øy-

Det er ikkje noko grunn til å gå bort frå opp-

30

Sommarbyen 2022

Sommar byen Florø

Foto: Privat

skrifta som har vore ein stor suksess på Torget i Florø tidlegare. – Vi gir folk det dei likar. Og det er ein times revy og ein time med allsong etterpå. No har no den timen med allsong pleid å dra ut, og det gjer den sikkert i år også, fortel Per Øyvind. Han er glad for å få med seg Jan Kjetil Klubben og co. i det glimrande bandet Glimmer både på revybiten og allsongbiten. – Og dei spelar også eit eige sett etter allsongdelen er ferdig, så her er det berre å gle seg, avsluttar Per Øyvind. Billettar til sommarrevyen er i sal på ticketco.

Egil Aardal


100-årsfest med familiedag og øyadans Det gamle skulehuset på Reksta er pussa opp, og står fram i flott stand når bygdefolket inviterer til stor jubileumsfest 15.-16. juli.

SOMMARBASAR: Bildet

er frå nokre år sidan då 80 menneske hadde møtt fram for å få med seg åresalet og basarkaffien på skulehuset. Mange kroner til arbeidet med restaureringa av bygget til 100-årsjubileet har komme inn på denne måten.

Dei var framsynte, dei som bygde skulehuset på Reksta for 100 år sidan. For i tillegg til sjølve skulen, bygde dei også ein kjellar som kunne huse ulike arrangement. Eit slikt sambrukshus blei populært, og mange er vi som har vore på øyadans på Rekstakjellaren opp gjennom åra. No er det tid for nostalgi!

Basar og åresal På facebooksida til Rekstakjelleren kan vi lese at “Lars Erik og Johnny har gravd grøft for elektrisk kabel og fiber frå Leite til skulehuset. Lars Erik har håndtert gravmaskina, Johnny har tatt håndarbeide i grøfta, lagt rør og kabelvern. Anita, Ingrid, Åshild, Ingebjørg, Helge og Annbjørg har lagt igjen grøfta og til slutt planerte Lars Erik grøfta med torv. Ingrid, Åshild og Inger har og planert og raka ut stein på skuleplassen.” Dermed er alt klart til jubileumsfesten. Fredag 15. juli blir det arrangement på dagtid og ettermiddag. Basar og åresal er jo blitt populært igjen, sjølv blant mange unge. Men det er noko spesielt når det blir arrangert i autentiske rammer som på skulehuset denne dagen! På skuleplassen blir det aktivitetar for store og små; aktivitetar som var populære for 100 år sidan. På ettermiddagen skal Torleif Reksten halde eit historisk

Foto: Liv Standal

SKULEHUSET:

foredrag om skulen og øya der han vaks opp.

Sommar byen Reksta

Reksta skule var den sosiale samlingsstaden på Reksta i hine dagar. No står bygget klart til jubileumshelg.

Øyadans Laurdagen er via ein nostalgisk hyllest til øyadansen. Då speler Bjørn Engelbrektssons opp til festmusikk og dans på Rekstakjellaren inn i sommarnatta. Fredagen er lagt opp slik at rutebåtane frå Florø korresponderer med programmet. På laurdagskvelden ordnar du deg sjølv. Det er berre å gle seg!

Foto: Privat

Per Øyvind Helle

Vi er lokal Benimar forhandlar i Førde! 2016 Opel Astra 1.6 Automat, Premium, 88 494 km,

2017 Opel Mokka 1.4 Turbo, Automat, Premium, 4x4,

Kr 159 000,-

51 141 km,

2011 Nissan Primastar 2.5 DCI, 8 seter, 189 000 km,

2012 Toyota Prius Plug in hybrid, 158 000 km,

kr 159 000,-

kr 89 000,-

kr 249 000,-

2017 Opel Astra 1.6 Turbo, DYNAMIC, 200 HK,

2017 Nissan Qashqai 1.2 Tekna, panoramatak, h. feste,

39 663 km, kr 229 000,-

17 898 km, kr 219 000,-

Velkomen innom!

Hugs service og oljeskift AC service Fukttest

Steinavegen 10, Førde Tlf. 57 82 99 00 – www.opusas.no Sommarbyen 2022

31


Ein enkel hyllest til byen min Dette er ein liten hyllest til byen min; Florø. Ein slags kort, skulestilaktig rusletur du også kan ta om du er ein hund etter gode natur- og kulturopplevingar. Eg startar ved Quality Hotel, framfor Sildeguten, ein av dei mange flotte statuane du finn rundt om i byen. Derfrå vandrar eg gjennom kyrkjeparken, og kjem rett inn i turstieldoradoet du finn i Lille- og Storåsen. Skog og fuglekvitter følgjer med ned til Soldalen Besøksgård. Der helsar hestane på meg, og barna kvin av glede av å halde ein kanin og klappe eit miniesel.

BESØK: Soldalen Besøksgård er ein god heim for dyra, og eit lite eventyr å besøke for liten og for stor.

Sommar byen Florø

KANON: Kanonhaugen i Havreneset er vel verd eit besøk.

Foto: Per Øyvind Helle

Eg går gjennom Røvarhillaren, over Knapstadmarka, inn på Havrenesvegen og opp på Kanonhaugen. Denne storslagne haugen med opne bunkersar og kanona som er vel teken vare på, til liks med mange andre krigsminne i byen. Ei lita perle av eit turområde for både hund og folk.

32

Sommarbyen 2022

SØRSTRAND: 300 meter med ny sandstrand er klar i den populære

folkeparken.

Så ruslar eg langs Ullalandsmarka som luktar himmelsk av nyslått gras, og snart er det lukta av hegg og sjø som fyller nasebora; på veg ned til Sørstrand Folkepark. Her har dugnadsgjengen fylt opp nye 300 kvadratmeter med skjelsand, klar til bruk til ein ny bade- og grillsesong. I kiosken kjøper eg ein is som er spist opp før eg kjem til Kystmuseet og den flotte fotoutstillinga til Olav Fauske.


BREMANGER

Bremanger Turistinformasjon BremangerTuristinfo BremangerTurist

Hornelen

DET GODE LIV • Strender • Båtliv • Fjord • • Fjell • Bre • Uteliv • Stillheit •

BREMANGER KOMMUNE

Ålfotbreen

Kalvåg - Svelgen Tlf. 481 40 488 E-post: turistinformasjon.bremanger @bremanger.kommune.no

LEVE, VIRKE, NYTE Foto: Sverre Hjørnevik, Svenn Petter Kjerpeset og Bremanger Turistinfo

Svelgen sentrum

Vingen

Vetvika

GODT: God og mat og drikke får du mange stader i Florø, blant anna Foto: Visit Fjordkysten på Quality Hotel. Geitene på Brendøya og gangbruene over sunda til Båtevika, gir ro i sjela. Det same gjer endene i enden av Storevatnet. Ein familie matar dei, og eg kjenner eg er sulten. 300 meter seinare er eg på ein av dei mange gode restaurantane i byen og kjøper meg eit gourmetmåltid som det er både god natur og kultur i. Og eg var enig om at det hadde vore ein fin tur. Ta den du også, den tek litt lengre tid enn det tok å lese dette.

Kalvåg

Per Øyvind Helle

Sommarbyen 2022

33


Grillhytte og wifi klart til båtturistane Florø og øyriket rundt byen er som skapt for herleg båtliv med flotte uthamner, høg standard på gjestehamna i Florø, og ikkje minst storslagne naturopplevingar. I år er grillhytta med benker, bord og gassomn i uthamna i Ålvora ferdig. Og i gjestebrygga i Florø sentrum kan no båtturistane gle seg over wifi-tilgang inkludert i døgnprisen. Florøvika Gjestebrygge har 85 gjesteplassar, fast døgnpris og eit topp moderne servicehus med sanitæranlegg. Alle båtgjestar får også eit gåvebrev som gir deg gratis rundstykke når du løyser det inn på Sparbutikken midt i sentrum.

Sommar byen

4

Båthamner i nærleiken

Gjestebrygger i distriktet På Svanøy er det gjestehamn ved butikken og kroa i Svanøybukt. Askrova, Fanøy, Stavang og Rognaldsvåg har også fine gjestehamner like ved lokalbutikk. På Askrova og i Stavang kan du også fylle drivstoff. Og i Bremanger er gjestehamnene i Iglandsvik, Davik, Kalvåg, Svelgen og Rugsund klare til å ta imot deg. Per Øyvind Helle

Ålvora (1): Uthamna ligg idyllisk og lunt til.

Uthamner i Florø-skjergarden Ålvora ved Stavøya (1)

3

Sponga, Domba på Hovden (2) Lita hytte på kaia med langbord og gassgrill. Godt utgangspunkt for fisketurar og korte og lange gåturar, til dømes til Kvanhovden fyr.

Hillersøya ved Vevlingen (3)

Ikkje båt, men bubil? Kart: Nordkart

2

Ideell for barnefamiliar. Treplattingar og trebruer. Sittegrupper og grillplassar. Grillhytte med gassomn. Langgrunn lagune og lita sandstrand.

4

Kaiplass, flytebryggjer og gjestehytte med gassgrill. Flott for både barnefamiliar og andre båtreisande. Det er ikkje busetnad på øya.

Æsøysundet på Skorpa (4) Plass til 8-10 båtar. Grillhytte med langbord og varmeomn. Flott turterreng, til dømes Blåkollen 292 m.o.h.

Foto: Kurt Ask

I Florø er det bubilparkering to stader. Ved Florø stadion som ligg like ved det flotte turterrenget i dei to åsane som byen krinsar rundt, og ved Florø Bil og Havneservice nede ved Florøvika.

1

Skilt: «Ryddar du opp etter deg og tek bosset med deg heim, så vil du få eit langt liv og ikkje verte plaga med sjøsjuke, vatn i dieselen og anna farkeskap». Det står det i alle fall å lese i uthamna i Domba.

Foto: Linda Regina Bruvik

GLIMRANDE: Familien Halsvik ferierer ofte med bubil i Florø, og har berre godord å komme med om byen og parkeringa ved Florø Stadion. F.v. Anne-Marie, Lena og Odd-Gunnar og hunden Kenya.

Sponga, Domba på Hovden (2). Foto: Linda Regina Bruvik 34

Sommarbyen 2022

Hillersøyna ved Vevlingen (3) Foto: Liv Standal

Æsøysundet på Skorpa (4). Foto: Geir Gåsøy

Foto: Per Øyvind Helle


FJORDIDYLL: Dampen ligg nydeleg til ved fjorden.

Dampen i Davik I fjor opna Dampen i Davik eit restaurert og utvida tilbod. No er Dampen eit fullverdig reiselivstilbod både med overnattingsplassar, bobilcamp og restaurant. – I tillegg håpar vi å få på plass marina og gjestehamn i løpet av sommaren, seier John Olav Lefdal som er hovudeigar i selskapet som no har fått mange fastbuande

Sommar byen Davik

med på eigarlaget. Totalt har no Dampen ei stor leilegheit i andre etasje med sju soverom og bad, ei stor stove og eit sanitæranlegg vegg-i-vegg. I ei bu ved sidan av hovudhuset, er det fem soverom, kafé og pøbb. – Vi har også eit lite hotell med seks separate rom, felles stove og kjøken, og vi har 48

Foto. Privat

bubilplassar med komplette fasilitetar som straum, vatn og sanitøranlegg, fortel Lefdal entusiastisk, og legg til at han ser for seg endå fleire fasilitetar på eigedommen. – Davik og Dampen er jo ei perle som stadig fleire vil få opp auga for, meiner Lefdal. Per Øyvind Helle

«Kortreiste opplevingar» Fyrsafari med M/S Atløy til Kvanhovden, Ytterøyane og Stabben fyr, 29. juni – 16. august Turen går med veteranbåten Atløy på ein fantastisk rundtur i Florøskjergarden kvar tysdag, torsdag og søndag. Skjergardssafari med RIB-båt Minnerik oppleving i vestlandets øyriket! Torsdag – sundag i juli kan du bli med på RIB-båttur mellom holmar og skjer utanfor Florø. Om du er heldig får du sjå både kobbe, nise og ørn.

Guida tur på Svanøy 25. juni – 5. august, kvar fredag Etter guiding på Svanøy Hovedgård og Norsk Hjortesenter kan du nyte eit herleg måltid med lokale råvarer på kroa. Opplev Sagaøya Kinn Det vil i sommar vere opa kyrkje med vertskap på Kinn 20. juni – ut august, kvar dag. Ta turen ut med sommarruta 12.00 og la deg bergta av øya, historia, mellomalderkyrkja og den vakre naturen! Besøk DNT-hytta på Kinn! For overnatting kontakt Signe Nordvik, tlf 415 30 520.

Måløyraidsenteret Her er det originale bilete frå raidet og metervis med original film. Utstillinga viser originale uniformar, sekkepipa til Mad Jack og Martin Linge sin pistol. Besøk senteret midt i Måløy sentrum. Ope kvar dag i sommar. Kajakkturar Bli med på flotte padleturar i den flotte skjergarden vår! Turane vert lagt ut på nettsida til turlaget, flora.dnt.no

Flora Turlag Poengjakt 2022 Last ned appen Trimpoeng og delta på jakten etter poeng i nærmiljøet. Fokuset er å komme seg ut på tur, enten gåtur, sykkeltur eller topptur! Vi minner om at du finn alle turane våre på vår heimeside og det ligg mange flotte turar på ut.no. På turistinformasjonen kan du kjøpe den lokale turboka til Flora Turlag.

www.fjordkysten.no www.flora.dnt.no Turistinformasjonen i Florø, Strandgata 30, tlf 57 74 30 00

Sommarbyen 2022

35


Sol, Solveig, tøffe barn og gladlakser Laksens Dag i Florø blir ein folkefest med barn, familiar, musikk og mat i fokus. Sildebordet, Kinnaspelet og Laksens Dag har for vane å marknadsføre seg under fellesnamnet «Himmel & Hav». Og himmel og hav for ei helg det blir! – Det er så utruleg kjekt å vere i gong igjen! Vi har laga eit program som eg trur toppar alt anna vi har arrangert gjennom åra, fortel arrangementsansvarleg Solveig Willis. Og det er namnesøster Solveig Hareide som er frontfiguren på Laksens Dag, laurdag 18. Juni.

«Florøs tøffaste barn» Som i 2019 skal Solveig Hareide vere konferansier på Laksens Dag. Ein av dei kreative, artige og barnevennlege leikane ho då laga og leika seg gjennom, saman med barna på scena i Florø, har ho no tatt med seg i idéarbeidet som prosjektleiar for NRK-programmet «Norges tøffeste.» Og når ho no kjem tilbake til Laksens Dag, så tek ho med seg nokre av konkurransane frå «Norges tøffeste» og lagar barnevennlege versjonar av dei. – Ingen treng vere redde for å bli med på kåringa av «Florøs tøffaste barn», for det blir ufarleg og kjekt, smiler Solveig, og legg til at det også blir veldig flotte premiar.

Sol Heilo, byakvariet, snacks og 7000 smaksprøver Solveig (Willis) står i spissen for dei mange

36

Sommarbyen 2022

Sommar byen Florø

SOLVEIG: Solveig Hareide laga morosame konkurransar for barn i 2019. I år trappar ho opp og steller i stand konkurransar som skal kåre «Florøs tøffaste barn.» – Det blir ufarleg moro med flotte premiar, seier ho, og strekar under at ho likar laks i langt større grad enn Foto: Truls Kleiven. bildet fortel!

lokale bedriftene frå oppdrettsnæringa som arrangerer Laksens Dag. – I tillegg til NRK-Solveig sitt spennande program, så blir det også konsertar på scena på dagtid. Der skal irske The Fingals spele, det blir ein minikonsert med talentfulle Olivia Husabø, og ein halvtimes konsert med Alice Hugøy, fortel Solveig. Og i gatene og langs kaiene blir det standar med servering av sjømat-snacks både i boder på land og om bord i båtar. Rebusløp med fine premiar, 6-7000 smaksprøver frå kokkar frå Norske Kokkers Landsforening, Barnas Kjøken og barneaktivitetar på Byakvariet, står også på programmet. – Og så avsluttar vi det heile med ein strålande konsert med Sol Heilo i festivalteltet på kvelden, avsluttar den lakseblide laksedag-generalen. Per Øyvind Helle

GLADLAKS: Smil og moro, laks og kos for liten og stor, er fellenemnaren for Laksens Dag. Solveig Willis innfelt.

SOL: Multi-instrumentalisten, artisten og låtskrivaren Sol Heilo gjorde internasjonal karriere med bandet Katzenjammer i ei årrekke. Som soloartist har ho ei formidlingsevne som har gjort ho til ei av landets mest populære artistar. Sol held konsert i festivalteltet laurdag 18. juni.

Foto: Truls Kleiven

Foto: Pressefoto


• BENSIN • BLANK DIESEL • FARGA DIESEL (EN590) • MARINE GASSOLJE • FYRINGSOLJE • SMØREMIDLER • KJEMIPRODUKT

SYKKELIDYLL: – Ta med sykkelen på bussen, gå av på Myklebust og sykle til Årebrot og Villevika via Botnane. Finare sykkeltur får du ikkje, smiler turentusiast Signe Nordvik. Info om opplevingar på turen finn på Botnane og Årebrot si heimeside; botnane.no. FOTO: Privat

Signe si store sykkeloppleving – Sykkelturen frå Myklebust til Villevika er den finaste sykkelturen eg veit om i området vårt. Det seier friluftsentusiast Signe Nordvik. Signe er ein flittig brukar av naturen kring Florø. Til fots er ho kjent som ein dyktig turleiar for Flora Turlag sine mange flotte turar i nærområdet, men ho tek gjerne sykkelen i bruk også. – Og på to hjul må eg få slå eit slag for den herlege sykkelturen mellom Myklebust på Bremangersida av Magnhildskartunnelen, til Årebrot og Villevika. Det er eit vakkert kystlandskap som byr på flat og lite trafikkert landeveg med store kultur- og naturopplevingar, smiler Signe. Ho er også snar med å leggje til at om fire mil er for mykje, så kan ein også velje å ta rutebåten til Villevika, sykle så langt ein vil mot Botnane og Gulestøa, snu og sykle tilbake og ta båten tilbake dei knappe 15 minutta til Florø.

seg som innlagde stopp, fortel Signe.

Sakte oppleving Det flate fjord- og kystlandskapet gjer det enkelt å sykle frå Myklebust til Villevika. Motbakkane er fråverande. – Vi syklar sakte og nyt turen. Og det er meir vanleg enn uvanleg å bli beden inn på kaffi og sveler og noko attåt frå folk som bur langs vegen. Planlegg du godt, så har du god tid til å rekke rutebåten som går frå Villevika til Florø på ettermiddagen, opplyser Signe som også anbefalar sykkeltur på Svanøy der vegane no er asfalterte.

Bunkring større fartøy

Florø

Bunkring mindre båter

Drivstoffpumpe for kjøretøy

Bil & Havneservice AS Bilverksted · Oljesenter · Drivstoff

EU-kontroll, service og reparasjoner av alle bilmerker. Bunkring fra flytebrygge og Fugleskjærskaia. Åpent hverdager kl. 08 – 16.30 Strandavegen 19, 6905 Florø · Tlf. 57 74 05 30 · www.fbh.as

NAUSTDAL DAMPBAKERI - Møteplassen i Strandgata Ferske bakevarer kvar dag

Per Øyvind Helle

Sommar byen Sykkel

Gravrøyser, diktarsti, kaffi og sveler Signe løftar fram mange høgdepunkt på sykkelturen. – Landskapet i seg sjølv er idyllisk med flotte gardar og steingardar, dyreliv, og eimen og blikkfanget havet gir. Langs strekka finn du over 40 gravrøyser frå bronse- og jarnalderen, og vi plar stoppe og få med oss litt historie. Skulpturutstilling i det gamle skulehuset i Botnane, og diktarstien med ti dikt av forfattaren Jan-Magnus Bruheim, er også vel verd å få med

Prøv gjerne vår nye nettbutikk dampbakeriet.no NORDBOTTEN: Eit sykkelstopp i Nordbotten er godt for kropp og sjel. Signe fortel at det er fint å kombinere sykkelturen med fjellturar, som til dømes til radiostasjonen Roska.

Foto: Signe N. Hauge.

OPE: Kvardagar: 07.30-16.30 Laurdag: 09.00-16.00 Strandgata 45, 6905 Florø, Tlf: 57 72 41 40 Velkommen innom! Sommarbyen 2022

37


RIB I SKJERGARDEN: Skjergardssafari med rib-båt blir eit nytt turisttilbod i Florø-skjergarden i år.

Guida skjergardssafari med vind i håret Florø får eit nytt reiselivstilbod i år. Rib-båten til Fjordguiding tek deg med på safari i Florø-skjergarden. Faste guida rib-turar har vore etterspurt både av hotellnæringa og tilreisande til Florø. Og i sommar får dei ønsket oppfylt. – Frå torsdag til søndag i heile juli tilbyr vi individuelle rib-turar i det magiske øyriket vest av Florø, fortel Steffen Lisboa Iversen. Han er driftsansvarleg for Fjordguiding i regionen Askvoll og Florø. Selskapet driv stort og profesjonelt med rib-turar frå Bergen i sør til Geiranger i nord.

Minnerik oppleving for alle Steffen fortel at rib-turane vil vare ein time

38

Sommarbyen 2022

Sommar byen Florø

med innlagte stopp og guiding. – Det blir ein sightseeing-tur som passar for både barn og vaksne. Det er låg terskel for å vere med, og det er låg terskel for å melde seg på. Om vi får to eller 12 påmelde betyr ikkje noko, turen gjennomfører vi uansett til ein fast pris per person. Påmelding gjer du enkelt gjennom Fjordkysten si heimeside, opplyser Steffen.

Spennande rute Skjergardssafarien vil starte i Florø ved Quality Hotell, før den tek følgande rute; Skorpa, Svartoksen, Kinn, Fanøy, Teisthalsen, Langøysundet, Vassøya, Stabben fyr og til slutt Florø igjen. – Dette er ein tur der vi skal formidle spennande kunnskap om historia og kulturlandskapet i øyane, men sjølvsagt set vi fart mellom stoppa slik at gjestane får vind i

Foto: Fjordguiding

håret og ei storslått oppleving der alle naturen sine element er i sving, seier Steffen. Det trur vi han på. Å sitje lågt i ein båt i fart mellom sunda kring Fanøy, er nesten verd (na)turen åleine. Per Øyvind Helle


TA TUREN I FJORDEN: – Det er berre å finne fram cowboyen i deg sjølv og bli med på den folkelege og festlege sommardansen i Norddalsfjord der blant anna Gunslingers skal spele, seier Mathilde Midtbø. Meir info finn du på facebook-sida til Heimhug Ungdomslag.

– Den største bygdafesten nokon gong I Norddalsfjord gjer Heimhug Ungdomslag seg klare til den største festen i bygda nokon gong. – Det blir hæla i taket med Gunslingers og Vestlandsfanden laurdag 2. juli, fortel Mathilde Midtbø. Mathilde og dei andre ungdommane i Heimhug Ungdomslag stelte i stand mange flotte dansar og festar før pandemien tok tak. – No er vi tilbake med eit brak. Eg trur

Sommar byen Norddalsfjord

ikkje vi heilt veit kva vi går til, ler Mathilde som er leiar for Sommardansen. Og det Mathilde ler av, er det ho karakteriserer som eit sjokkerande høgt førehandssal. – Vi har ein kapasitet på 800 i det store teltet vi set opp på den gamle skuleplassen til Solheim skule, og no har vi jo selt kring halvparten med meir enn ein månad igjen til konsertstart. Vi går mot ein klar publikumsrekord, seier ho.

Grilling, rebus, bubil og båt Ungdomsgjengen har laga eit område der

det er mogleg for gjestar å parkere med bubil og campingvogn. – Om den blir full, så er det alltid mogleg å finne eit nyslått jorde eller anna eigna plass til å setje vogna. Vi har også tilgang til kai for dei som kjem sjøvegen, fortel Mathilde, og legg til at det også blir sett opp buss tilbake til Florø etter arrangementet. I tillegg til dei to konsertane med Gunslingers og Vestlandsfanden, blir det grillbod, tursti, fotballkamp, hesteskokasting og pil og boge. Per Øyvind Helle

EIENDOMSVEDLIKEHOLD OG STELL AV GRØNTAREAL Vi utfører mange oppdrag i alle årstider. Vi har lang erfaring med lokale og dyktige ansatte som gjer jobben til konkurransedyktig pris. • Plenklipping • Klipp og stell av hekk, busker og trær. • Stell av hage, planter og bed. • Kosting, spyling og fasadevask

• Postboks 274, 6902 Florø • Tlf. 57 75 21 40 • www.origod.no Sommarbyen 2022

39


Velkommen om bord

Florø – Oslo a r f i e v En

, 679 flydat.no