Page 1


V

elkomen til Bakketunet 2015

Vi har alle ein trong for å kjenne til historia vår, kvar vi kjem frå, kven forfedrane våre var og korleis dei levde liva sine. I Bakketunet på Bjørke ønskjer vi å formidle denne historia om kulturarven vår. På den måten får du som gjest høve til å reflektere over og trekkje trådar mellom fortid og notid. Denne sesongen inviterer vi spesielt bedrifter, lag og organisasjonar til å gjere eit besøk i tunet. Vi kan by på kunst- og handverksutstillingar, smaking, foredrag, omvisingar i både tunet og i bygda, alt formidla av profesjonelle aktørar med tilknyting til bygda. Miljøet i Bakketunet inspirerer til ro og refleksjon kring eigen praksis og virke. I tillegg til kunst- og kulturopplevingar, byd vi i år på tenester innanfor området leiar- og organisasjonsutvikling, med natur og kultur som kulisser. Sommaren i Bakketunet har eit fullpakka kulturprogram, og kvar søndag, og nokre laurdagar, har vi ope for alle som ønskjer å besøkje oss.

Velkomen til gards!

Marita Bett Aakre K U LT U R BO N D E

© Bakketunet Design: Velsvik Design Trykk: Tinde Trykk


S

esongen opnar 24. mai med måleriutstilling av Robert Steinnes

24.5.-20.7. Hovudutstilling Robert Steinnes 24.5. Treskjering Rolf Taraldset 6.-7.6. Utstilling og kurs med Klara Pil og Nina Filtmaker 13.-14.6. Hamna dagsenter

30.5.-31.5. Retrohelg med Linda Marie Viddal og Arild Fjukstad

20.6.-21.6. Midtsumar på Bjørke

27.-28.6. Emmeselle Mona Stenseth 

Kjerringkjeften vikingmarknad

4.-5.7. Leirbrent Renate Løvli

11.-12.7. Indiefjord 2015 Knivmakar Svein Snipsøyr

5.7. Bygdeyoga Linn Urke Osnes 26.7.-30.8. Hovudutstilling Jøran Flo 26.7. Karine Munch Smykkedesign

August Eige program Tema: Gardsprodukt

18.-19.7. Tora, klesdesign Line Brenden


O

mvising

For grupper kan vi by på omvising i dei freda bygningane. Tunet er det eldste og mest komplette gardstunet i sitt slag på Sunnmøre, og er rekna for å vere eit kulturminne av nasjonal verdi. I omvisinga får ein innblikk i arkitekturen og bruksområdet til dei mest sentrale bygningane, som er frå tidsperioden 1549 til 1860. Ein får servert små historier frå kvardagslivet på garden, som kan gi oss eit nytt perspektiv på vår eiga samtid og levemåte. Marita Bett Aakre, engasjert kulturformidlar, tek gruppa med på ei reise tilbake i tid og fortel om visjonen kring satsinga på morsarven i Bakketunet.

K

ulturvandring

BJØRKE blir ofte omtala som kulturbygda i Ørsta kommune. Bygda er uvanleg rik på segner og historier, og har mange spor av kulturminne som fortel oss korleis menneska levde før. Visste du at på Leikevollen, der kor kyrkja står no, var staden der vikingar leika seg?

På kulturvandringa er det nettopp desse minna som står i sentrum, og gruppene blir gaida av kjentmann Torbjørn Hoel Saure. Han har røtene sine frå Bjørke, og formidlar den unike lokalkunnskapen sin på ein truverdig og spennande måte.


K

Work hard, play harder

affismaking

Med på laget av kompetente sambygdingar har vi Ingvild Mork, grafisk designar og drivar av firmaet PEN & PIXEL AS. Ho har kontor på Bjørke og i Volda, og jobbar direkte med eigne kundar og er innleidd designar for

Eit av gruppetilboda vi denne sesongen kan by på, er kaffismaking med Nina Viddal. Ho tek gruppa med på eit djupdykk i kaffien si verd. Dei fleste av oss har eit nært og kjært forhold til kaffi, og økta gir ei sjeldan smaksoppleving der deltakarane får smake på ulike kaffisortar. For som ein smakar på vin, smakar ein på kaffi! Nina hentar kaffibønnene sine på Jacu Kaffebrenneri i Ålesund, eit ungt og innovativt kaffibrenneri som set kvalitet høgt.

større firma. Tidlegare har ho veksla mellom fast arbeid i reklamebyrå og frilansing, og har slik samla mykje kunnskap og erfaring kring temaet kreativitet. Erfaringane ho har gjort seg, på godt og vondt, blir presentert i foredraget «Work hard, play harder!». Med eigne illustrasjonar og skarpe observasjonar kring kreativitet, treffer ho med foredraget spikaren på hovudet på ein humoristisk måte som alle kan kjenne seg att i.

S

jampanjesmaking

Illustrasjon: Ingvild Mork

Berre ordet sjampanje kan setje folk i ei boblande sinnsstemning. Det synest iallfall vår smaksekspert Nina Viddal, som altså elskar både sjampanje og kaffi. Ho deler gjerne sin entusiasme og kunnskap med oss, og på sjampanjesmakinga vil gruppa smake seg gjennom ulike sortar musserande vinar og sjampanje og lære litt om dei ulike druetypane som er brukte. Ein får òg innsikt i kva vin som passar til kva slags mat, om ein då skal ha mat til i det heile. I denne aktiviteten får ein både kjennskap til opphavet og kort om korleis denne fantastiske drikken blir laga.


L

eiar- og teamutvikling

I tillegg til kunst- og kulturopplevingar byd vi i år på tenester innanfor området leiar- og teamutvikling. Atmosfæren i Bakketunet inviterer grupper til refleksjon og fornying kring eigen praksis og virke. Det kan vere leiargrupper, team, avdelingar, styre, heile bedrifter, eller foreiningar og lag som ønskjer å betre gruppa sine felles prestasjonar og mål gjennom å få klarheit i roller og ansvar, samt styrke relasjonar og samarbeid. Kommunikasjonstrening og konflikthandtering kan vere døme på dette, likeins arbeid med strategi. Pedagogikken tek utgangspunkt i dei utfordringane ei verksemd til ei kvar tid måtte ha, og aktivisering og involvering av deltakarane er viktig. Opplegget vil bli skreddarsydd i tråd med ståstad og ønske.

B

esøk

Ein tur til Bakketunet på Bjørke kan syast til på mange spenstige måtar, alt etter dei behova og ønska gjestane måtte ha. Uavhengig av storleiken på gruppa, kan ein velje mellom ein eller fleire aktivitetar. Vi har òg kjekke framlegg til mat- og drikkepakkar, der natur og årstid bestemmer menyen, og saman med dei andre tilboda, ønskjer vi å skape dei gode og minneverdige opplevingane for turen til kulturbygda inst i Hjørundfjorden. Bakketunet samarbeider med små og store overnattingsstader i fjorden og formidlar gjerne kontakt med desse. Med oss på laget har vi dessutan bil- og båtførar som hentar og bringar på førespurnad. Ta kontakt for høgttenking og pristilbod. Telefon: +47 911 08 846 E-post: kontakt@galleribjork.no

Gjennomførande fagansvarleg vil vere seniorkonsulent i AFF, (aff.no) Linda Marie Viddal frå Volda, eller ein av hennar om lag femti kollegaer i Bergen og Oslo.


BAKKETUNET, 6190 BJØRKE I HJØRUNDFJORD bakketunet.com  #bakketunet  FB: Bakketunet på Bjørke

Prestegata 29, 6100 Volda Tlf.: 70 05 44 00 • Fax.: 70 05 44 01

Gruppetilbod i Bakketunet 2015  
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you