Page 1

Informasjon

HYRDINGRØYSTA NR. 6/2009

JULENUMMER

70. ÅRG.

Biskop Nordhaug si julehelsing 1. klassingane Kjenner du Jølster? Lysmessa Nattcupen Orgelet ...og mykje meir...

! l u j God


2

HYRDINGRØYSTA Nr. 6/2009

Vert det lyd i orgelet til Jul? KARL RUSSØY tekst / KNUT OSVOLL foto

Det er Knut med fotoapparatet som spør: Vert det lyd til Jul? Greitt å stille slike spørsmål, men kva skal ein svare? Inigo sit i Loen og lagar dobbelt så mange koplingar på elektronikken, for at ein skal kunne demontere magnetlistene enklare seinare. Såleis er det altså dobbelt opp med lodding av koplingspunkt og montering når vi no går inn i advent. No skal det vel vere ei travel tid mot jul. Hadde det vore fire veker i advent så hadde det kanskje vore ei von, men med julaftan alt midt i veka så trur eg vi må gje tapt. Alle orgelpipene i svellhuset er på plass, men to register må rettast før vi set svellhuset på plass. Det er att mykje arbeid på belgane og kanalane som skal føre lufta inn i orgelet, så eg vert vel heller ikkje arbeidslaus etter jula. Når svellhuset er på plass, vil vi nok også halde fram med pipene på hovudverket, gjere dei reine, rette dei og sette dei på plass. Det var spanande å sjå om vi hadde alle pipene til svellverkete, pedalpipene har vi kontroll på, og då vonar vi også at alt til hovudverket er med. Korleis vert med orgelkonsertane då?, spør Knut. Vi vil nok gje oss god tid med å sjå til at alt er kome i god stand før det vert vigsling og konsertar. Truleg vil vi legge det til september. Men, kva vert det då med den konserten på juledag kl. 8.00–9.00? Har vi straum til magnetane i svellverket går den konserten sin gang. Men uten magnet-

Her er organist Rune Molvik i gang med å male piper. Han malar pipene etter kvart som Russøy har retta dei opp og pussa dei. – Fint skal det bli!

Karl Russøy tek eit overblikk. Alt går etter planen, men det tek tid. Det er eit tidkrevande finarbeid han utfører.

kontakt vert det ingen julekonsert. Om Rune stiller med piper i år gjenstår det å sjå. Kan vi sende julegåve til orgelprosjektet?, spør Knut. Ja, dei som synest at det er ein god ide, kan framleis bruke konto 3703.10.31185. Orgelbyggjarane Indigo og Karl vil ønskje alle ei god jul og eit godt nytt år!

Orgelpipene i svellhuset er på plass. Alle er oppretta og finpussa. Dei er så godt som «nye» sjølv om dei eigentleg er hundre år gamle. Vi kan her få ei aning om kva puslespel det er Karl Russøy eigentleg held på med. Og vi må ikkje gløyme at han gjer dette for at det arbeidet han gjer, skal bli til glede for oss alle! FRAMSIDEBILDET denne gongen er eit julekort frå Inspirasjon Forlag. Dei har eit godt utval av kort med bibelske motiv. www.inspirasjon.no .


HYRDINGRØYSTA Nr. 6/2009

3

«Gud går ikkje inn

Eit juleeventyr HALVOR NORDHAUG - biskop i Bjørgvin

Det var ein gong ein fattig bonde som budde saman med kona si i ei enkel hytte med eit jordgolv som var dekt med strå. Ein dag gjekk dei tom for mat. Då sa kona til mannen: «Gå ned til elva for å fiske!» Mannen så gjorde, og fiska heile dagen utan å få noko. «Me må nok gå svoltne til sengs i kveld», tenkte han i det han kasta ut snøret for siste gong. Brått hogg det til. Ein diger fisk hang på kroken, og etter lang kamp klarde mannen å få den på land. I det han skulle til å køyra kniven i den, sa fisken: «Ikkje drep meg! Viss du kastar meg ut igjen, skal du få oppfylt tre ønske, uansett kva det måtte vera». Det syntest mannen høyrdes ut som ein god avtale, så han kasta fisken ut igjen og gjekk heim. Men kona hans var ikkje like nøgd då ho fekk høyre historia. «For noko sludder», sa ho. «Dette er berre noko du finn på for å unnskylda at du ikkje fekk nokon ting». «Nei, det er sant,»

sa mannen og ropte ut: «Eg ønskjer meg ein middag!» Og straks var bordet dekka med dei lekraste rettar. «Idiot», sa kona. «Du må ikkje kasta bort ønska dine på småting. Ein middag er ikkje nok. Du må ønska deg noko større og finare som varer lenger. «Ja vel», sa mannen: «Då ønskjer eg meg eit nytt hus!» Og med eitt var den enkle tømmerhytta med jordgolvet forvandla til eit herskapshus med mange rom. «Nei, nei, kor dum går det an å verta», ropte kona fortvila. «No har du alt brukt opp to ønskje. Men me kan få noko endå betre enn dette huset. La oss ønskje oss eit slott som ein konge kunne bu i. – Nei vent: Eg vil ha eit slott som kunne passa for Gud sjølv!» Mannen gjorde som kona ville, og sa: «Eg vil ha eit slott som passar for Gud!» Og brått stod dei ikkje lenger i det nye huset sitt. Dei var attende i den gamle trehytta med eit jordgolv som var dekt av strå. Dette eventyret er ei julepreike. Mannen og kona fekk det som dei

i verda på toppen, men heilt nedst» ville. Dei ønskte seg ein bustad som passa for Gud sjølv. Men dei hadde gløymt juleevangeliet. Då Gud kom til verda, hende det ikkje i eit slott, men på ein heilt annan stad. Me les frå juleevangeliet hjå Lukas i det 2. kapitlet: «Og ho fekk son sin, den førstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for dei fann ikkje husrom nokon stad». Det er nærliggjande å tenkja at Gud, dersom han finst, må vera større og mektigare enn alt og alle. Passar han då ikkje best i eit slott? Men Guds Son sin første bustad var i ein stall, nedst i verda. For det var ikkje rom nokon annan stad. Gud går ikkje inn i verda på toppen, men heilt nedst. Slik vert det tydeleg at han vil femna alle. For å vinna oss for kjærleiken sin, vert han eit svakt og hjelpelaust barn, i ei krubbe i ein stall med eit jordgolv, dekt av strå. Gud søkjer seg alltid nedover. Du treng ikkje ønskje deg ein annan stad for å møta han. Han er der du er. Denne jula søkjer han deg. Ta imot han!


1. KLASSINGANE FRÅ VASSENDEN SKULE FEKK BOKA «TRE I EIT TRE» SØNDAG 29. NOVEMBER. Framme frå venstre: Astrid Kolrud Årseth, Andreas Årseth, Amanda Olaisen, Vanja Røstenskar Magnussen, Sigrid Sægrov, Irmelin Helene Hylderås Siljander, Runa Drageset Gjesdal, Hanna Årset, Maja Støfring Skorvo og Sara Båtevik. 2. rekke: Isak Nordgulen, Hallvard Bjotveit, Ida-Sofie Østenstad, Benjamin André Olsen, Marita Abelone Gjesdal, Emma Ulvestad og Otilia Sandal. Bak: Håvard Solheim, Jon-Kristoffer Hestad Navelsaker, Annika Flatjord Erle, Hilde Beate Segtnan, Marius Friborg, Tobias Geirson Fanebust,

1. klasse, Vassenden

4 HYRDINGRØYSTA

Nr. 6/2009


HYRDINGRØYSTA Nr. 6/2009

5

Dei nye sokneråda

ÅLHUS SOKNERÅD: Sitjande frå venstre: Bjørg Dvergsdal (vara), Kari Øvrebø, Ingeborg Slåtten, Ann Elena Stadheim (vara). Ståande frå venstre: Marta Fimreite, Magnus Aarseth, Knut Gunnar Fonn (vara) Vidar Bjotveit, Gunnar Smaadal, Nils Klakegg, Eldbjørg Støfring (vara). Ruth-Jorunn Sunde (vara) var ikkje til stades.

HELGHEIM SOKNERÅD: Framme frå venstre: Inger Veiteberg, Dagrun Thingnes, Elsa Norunn Håheim Nydal (vara) og Marit Vallestad (vara). Bak: Angelika Årdal, Wilhelm Skrede, Vidar prest, Nils Jørgen Helgheim (vara) og Astrid Feldt (vara). Arny Sunde og Jon Reidar Krøke var ikkje til stades.


6

HYRDINGRØYSTA Nr. 6/2009

Julepynt og symbol

evangelietonen. «Kling no klokka! Ring og lokka...»

Kari Veiteberg skriv i julenummeret av Hyrdingrøysta om julepynt og symbol. Ho vil også i dei komande nummera fortelje litt om bakgrunn og innhald når det gjeld farge- og symbolbruk i kyrkja. Kari Veiteberg er fødd i 1961. Ho er dotter til Karl Veiteberg, stardøling, som var lærar ved lærarskulen på Stord. Kari er Dr. Theol på liturgi og dåp og er fødd og oppvaksen på Stord, men halvt jølstring. Kari er frå august i år studierektor ved Liturgisk Senter, Erkebispegarden, Trondheim, etter ni år som bymisjons-prest ved Bymisjonssentert Tøyenkirken i Oslo. Julepynten som er brukt som illustrasjonar, er teikna av S-klubben på Langhogane.

Mørkt ute, lys inne. Vi tenner fleire og fleire lys. I bymisjonen er lystenning noko av det viktigaste vi gjer. På gategudstenester, ved stallen utanfor Oslo S, i møterom og kyrkjerom: Vi tenner mange lys med og utan ord, men som oftast i bøn for nokon vi har mista, for noko vi er redde for, for nokon vi bryr oss om. Kanskje starta vi å tenne lys på den måten, etter at kong Olav døydde? Mange av oss hugsar teppet av lys opp slottsplassen. I dag tenner eg eit lys i takksemd for alt det far min fikk vere. Karl Veiteberg (fødd i Jølster 1918, død 2006) var formingslærar på Stord Lærarhøgskule. Han lærte meg om all den symbolkrafta som ligg i dei fargane og tinga vi omgir oss med. Eg sit her ved skrivebordet mitt i Trondheim, med eit utdrag frå eit kåseri om julesymbol som han heldt fleire gonger på slutten av 1980-talet. Nedanfor kan du lese noko av dei innsiktene han kjem med. Temaet er julepynt og symbol. «Vi lyt ofte bruke symbol avdi vi ikkje kan uttrykka forestillingar på andre måtar», skriv far. «Det er så mange ting i tilværet som ligg utanfor vår fatteevne, men symbola kan kaste ljos over visse sider ved dei, slik at vi kan halda dei fast i vårt sinn og vår tanke». Mange symbol er gamle og mange har mist innhald, men nokre vil alltid vere sams. Mykje av den grunn at naturåret og dei kyrkjelege handlingane har ei samording. Påske og pinse er omtala i Bibelen, men ikkje

jula. Det var ein romersk biskop som la jula til den 25. desember kring midten av 300-talet. Juleferinga skulle fortrenge den gamle solfesten og gi eit nytt innhald til dagane. At julepynten inneheld meir enn dekor, er ukjent for mange. Eg har brukt å dele dei inn 4. grupper: 1) Dei som viser veg: Stjerne, ljos og glitter. Ljos og ljoskomposisjonar symboliserar Håvard Solheim, 6 år at «Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske kom no til verda». (Joh 1,9) Liksom sola ved solsnu auka i glans og styrke slik skulle Kristus som rettferdssola sigerrik gå fram. Stjerna er også eit slikt ljos. Jakob Sande sin julesong understrekar vel på ein særeigen måte ikkje berre tilskodar aspektet, men opplevingsaspektet: «Det ljoser i stille grender av tindrande ljos i kveld, og tusene barnehender mot himmelen ljosa held». Til å peike mot himmelvegen har vi også spiret. På mitt barndoms juletre var det alltid spiret som stod på toppen av treet. 2) Sendebodsgruppa: Klokkene, trompetane, fuglande, englane. Desse er symbol for dei som skal gå med den glade bodskapen. Klokka forkynner Marianne Berg, 9 år Marianne Berg, 9 år

KARI VEITEBERG, TRONDHEIM tekst

3) Gåvegruppa: Korgene. Korger i ymse former peikar på «alle gode gavers giver», og dei har hjarteform: gleda ved å få og gi.

2 ,1 im lo he eS lin ro a K

4) Gruppa for det universelle: det medmenneskelege og samhaldet: Kula, ringane, lekkjene. Menneskeætta er ei, - difor kulesymbolet og lekkjene som tyder einskap og søskenkjede. Lekkjene kan vere sett saman av andre symbol, som «alle nasjonars flagg». Far nemner også ei femte gruppe, men då har han forlate juletreet: «Den 5. gruppa minner om at frelsesverket gjeld alle menneske. «Men oksen der og asen stod, og såg den Gud og Herre god». Oksen er symbol for jødane og asenet for alle folkeslag som ikkje er jødar. Difor høyrer både oksen og asenet med til julekrybba og ikkje berre sauer». Far rundar av med sjølve treet: «Alle desse einskildsymbola og truleg fleire til, er knytt saman i ein stor komposisjon i juletreet. – Det grøne treet er planta, krossfoten eller trekantfoTonje, 7 år ten med vasskjelda – er symbolet på livstreet. Alle einskildsymbol som vi har nemnt kan ein finne som frukter på dette treet». I 1822 kom juletreet til landet vårt. Først i overklassen i Christiania, men ikkje mange år etter tok storbønder, prester og anna «fint folk» etter. Skeptikarane meinte at treet tok merksemda bort frå den eigentlege julebodskapen. I dag vil vi nok seie at treet er kome for å bli! Og når far min fortel om alt det vi kan få møte gjennom juletreet, erfarer eg at bodskapen også verkeleg faldar seg ut.

år


HYRDINGRØYSTA Nr. 6/2009

7

Nattcup KNUT OSVOLL Tekst og foto

Nattcupen er ei samling for konfirmantane i Sunnfjord. Det er kappestrid og sosialt og åndeleg samvær, ein arena der konfirmantane i Sunnfjord får bli litt kjende med kvarandre. Her er ulike aktivitetar så som fotballturnering både for gutelag og jentelag. Det er også høve til å bade eller spele playstation eller ein kan sjå på video eller vere med å karaoke. Tidsskjemaet i fotballturneringa er stramt, men elles er det berre to faste postar; andakt klokka 12 (24). I år var det Erling Nydal som heldt andakten. Og klokka 3 er det ein innsamlingsaksjon. Dei innsamla pengane går til eitt eller anna positivt føremål i den fattige delen av verda. Fotballturneringa er ei cupturnering og varer heile natta. Finalane går først om morgonen i 6-tida.

«Stjerna fra øst» INGER LIND AASEN tekst / KNUT OSVOLL foto

Stjerna frå aust viste seg tydeleg for oss som var på konsert på Vassenden kyrkjesenter tysdag kveld. Julebodskapen vart henta frå Betlehemsmarka og ikledd vinter og kulde på taigaen, til russiske folketonar. Det var framant, men likevel lett å kjenne att bodskapen sjølv om der og var nordiske legender blanda inn. Fleire av desse folketonane er kjende frå før. Dette kyrkjespelet er skrive av Geirr Lystrup og songane er arrangert av Henning Sommerro. Moskva Balalaika Quartet og Geirr Lystrup har turnert fleire år, og lokale kor tar på seg arrangementet. Denne gongen var det SkeiVass-koret som tok utfordringa, stort arbeid for eit lite kor. Dei var 20 i talet og gjorde ei flott framføring. Marit Hartvedt begynte som dirigent i koret i haust, så dette var den store ilddåpen. I tillegg stilte ho som kvinneleg solist og framførte fleire

Jølster sitt jentelag var eit samansett lag frå Skei og Vassenden. Framme frå venstre: Emily Dvergsdal Holden, Elianne Støfring og Lillian Dvergsdal Haugen. Bak: Sara Båfjord Ismaili, Mariell Gjesdal, Tanya Rambøll og Vilde Årdal.

nummer, også i lag med Geirr Lystrup. Gratulerer Marit, du greidde begge deler framifrå! Gunnar Smaadal var med som dirigent der Marit hadde andre oppdrag. Det var ei god musikalsk stund og gripande historie fortald av Geirr Lystrup mellom songane. Det var stort å få høyre musikken frå desse russiske profesjonelle musikarane. Til slutt spelte dei «Ave Maria» til oss. Rein bonus, sa Geirr Lystrup! Han hadde respekt for Jølster og musikken og han roste kor og dirigent for ein flott kveld. Det har vore god annonsering framføre denne konserten og kyrkje-

Moskva Balalaika Quartett

Solist Marit Hartvedt

senteret var stappande fullt. Hjarteleg takk til SkeiVass-koret. No kan de senke skuldrane og førebu julekonserten!


8

HYRDINGRØYSTA Nr. 6/2009

1

6

Kjenner du Jølster?

Her er nokre bilde som er tekne frå riksveg og fylkesveg her i Jølster. Motiv som du sikkert har sett mange gonger, - men kan du kjenne dei igjen her? Lag ei liste og send inn svara dine. Det er lov å hjelpe kvarandre. Vinnaren får velje seg ein CD hos Alf Helgheim AS på Skei. Svarfrist: 31. januar.

2

7

3

8

9

4

5

10


HYRDINGRテ郎STA Nr. 6/2009

9

11

12

18

15

13

16

19

14

17

20


10

HYRDINGRØYSTA Nr. 6/2009

Julefeiring i min barndom

de n u L s a e r d n A

Hyrdingrøysta leitar etter gode juleminner til julenummeret vårt. Det er fint å gå attende i tid og mane fram den stemninga som var då jula starta julafta og varte til 20. dag, minst! HR valde ut to personar som har levd «nokre år», frå kvar sin ende av Jølster, men med barndommen sine juleminne frå kvar sin kant av landet. Vi takkar dei for minna dei deler med oss!

INGER LIND AASEN tekst og foto

Andreas Lunde, f. 1933, vaks opp på Lunde i Kjøsnesfjorden og har budd der all sin dag. Han er redd at det han minnast ikkje er så detaljert som vi vil ha det. Men minne er minne, det er det den einskilde sit att med som betyr noko. Andreas vaks opp i ein søskenflokk på fire, to gutar og to jenter, og han vart odelsguten. Mora var lærerinne og skulte på ulike stader slik at ho var borte annankvar veke. Dei hadde terne, eller hushjelp på garden, og dreng av og til. Juleførebuingane vart nok gjort i eit samarbeid mellom hushjelpa og mor, når ho hadde tid. Nabolaget her var garden nede ved vatnet, gardane på Søgnesand og Ripe og der var rundt 16–17 ungar i ulike aldrar. Skulen vart i leigde lokaler på garden nede ved vatnet inntil dei fekk eige skulehus i 1948. I byrjinga av 1950-talet vart skulen lagt ned. Det vart eit eige samfunn her, der dei om vintrane måtte klare seg sjølv, nedsnødd og nedrasa som det ofte var. Der var ingen offentleg instans som tok ansvar for å hjelpe til med snøbrøyting, dei måtte gjere det sjølv så sant det var mogeleg. Stabile vintrar ga god is til å ferdast på. Om somrane kom «verda» til dei med turistane. Juleførebuingar og julefeiringa Andreas minnast ikkje så konkret kva som gjekk føre seg innomhus, eller kva hans oppgåver var. Kanskje fordi han var gut? Han rekna med at det var mykje likt slik tradisjonane var i

Jølster på den tid. På skulen vart det lese julefortellingar, der var ikkje nokon anna førebuing. Juletreet vart sett i sperrestova og pynta. Sperrestova sto ubrukt om vinteren. No vart det fyrt opp både i peis og ovnar, det vart varmt og godt og høgtidssamt. Feiringa starta på ettermiddagen. Mora las juleevangeliet og dei gjekk rundt juletreet. Julegåvene vart lagt under treet, der fanns ikkje julenisse, verken i hus eller løe! Julegåvene var ikkje store og dyre, det vart vel mest heimeprodusert. Eit og anna julekort vart utveksla. Det vart ikkje noko tradisjon med kyrkjegong i jula, vinteren avgjorde om så kunne skje. Det vart spesielt dei gongane dei kom seg av garde. Andreas tykkjer det er ein god tradisjon som er viktig for han i dag. Juledag vart feira i ro heime, ingen gjekk ut på besøk. Det var i den gode, lune sperrestova at julefestane vart helde, både ein og to. Der kom alle med god mat, der var juletregange og leikar. Desse festane står for Andreas som noko av dei beste minna. Den julesongen Andreas vil ta med seg som eit godt minne frå barndommen er «Eg er so glad kvar julekveld». T: Marie Wekselsen, 1859 M:Peder Knudsen 1859 Eg er så glad kvar jolekveld, or då vart Jesus fødd. Då lyste stjerna som ei sol, og englar song så søtt.

Det vesle barn i Betlehem, han vart ein konge stor Som kom frå høge himmelborg ned til vår arme jord. No bur han i sin himmelheim, han er Guds eigen son. Men alltid minnast han dei små som bed i tru og von Eg er så glad kvar jolekveld, då syng me Jesu pris, då lèt han opp for alle små sitt vene paradis. Ho mor, ho kveikjer alle ljos, dei skin i kvar ei krå, for heile verda, seier ho, skal jolestjerna sjå. Ho seier stjerna skin enno og aldri slokna kan, og skin den stjerna på min veg, då finn eg himlens land. Ho seier alle englar syng enno om fred på jord, at himlen like open er, Guds kjærleik like stor. Å, gjev eg kunne syngja så, då vart visst Jesus glad, for eg vart òg Guds kjære barn ein gong i dåpens bad! Eg er så glad kvar jolekveld, så glad i Jesus Krist, og at han også elskar meg, det veit eg sant og visst.


HYRDINGRØYSTA Nr. 6/2009

Julefeiring i min barndom

11

g Petra Dalber

Petra Dalberg, f. 1927 er det andre intervjuobjektet til HR. Ho trødde sine barnesko i Leknes i Lofoten. I 1958 kom dei til Jølster då mannen blei meieribestyrar på Ålhus. I byrjinga av 80-talet flytta dei i nytt hus i Langhaugane. Så ho må vere jølstring så god som nokon, sjølv om dialekten roter det litt til! Og så dei gode lefsene då! Petra hadde skrive ned sine minne om julefeiringa. Der var det meste med så det var ikkje behov for så mange spørsmål. INGER LIND AASEN tekst og foto

Petra var nr. fem i ein søskenflokk på ti. Faren var småbrukar og fiskar, seinare forskalingssnekker. Juleførebuingane var nok hektiske som hos dei fleste; slakting og baking og heimlaga «frå botnen av». Frå Petra sine notatar: «Jula i min barndom er god, og samtidig litt vemodig å tenke tilbake på. Mor brukte alltid å koke kjøttrullene på formiddagen julaften. Sammen med kjøttrullen kokte hun masse saltkjøtt som skulle være til 1. juledag. Ungene bada i stampen på kjøkkenet i tur og orden. Selv om vi var vant til å bade hver lørdag var det en viss høytid med badingen på julaften. Etterpå spiste vi mølje; det kokte kjøttet med potet, kålrabi med hvit saus, og flatbrød som vi blødte i kjøttkrafta. Så var det til sengs med hele ungeflokken mens de siste juleforberedelsene ble gjort. Vi var mange unger, men alle fikk nye klær fra innerst til ytterst, ja, til og med nye strømper og lugger som ho «Kristiana» strikka. Jeg forstår ikke hvordan mor klarte det, det var nok mange sene nattetimer ved symaskinen. Etter den lange luren (jeg mente vi sov, men søsteren min sa at vi herja for det meste) var det å komme i nyklærne og ned til ferdig pynta juletre med masse selvlaga pynt på. Julebaksten var kommet på bordet. Fattigmann, hjortetakk, serinakaker, «gnekkalefser» og hardangerlefser er

det jeg husker best. Min mor kom fra Helgeland, Vefsn. Vi var heldige som alltid fikk juletre derfra. Kanskje kom juleskikkene derfra også. Om kvelden når fjøsstellet var ferdig var det risengrynsgrøt. Men før grøten gikk vi masse rundt juletreet. Jeg syntes alle julesangene var fine, men «Deilig er jorden» gjør noe med hjertet mitt, selv om det ikke er så deilig ute i verden nå! Det var far som la oss på julaften. Det var så koselig når han tente lys som han festa på stolen foran sengen. Det lyste så fint mens vi ba «Fader vår». Så pakka han dynene godt omkring oss og slukket lysene før han gikk. Det er slike gyldne øyeblikk man husker hele livet. Både 1. og 2. juledagsmorgen fikk vi alle julemat på senga før vi sto opp. Om det var slik i andre familier vet jeg ikke. Det var i hvertfall veldig koselig, og husker jeg ikke feil, kraup vi opp i dobbelsenga til mor og far. 1. juledag fikk vi ikke lov til å gå på besøk til noen, den skulle være hellig på en måte. Vi bodde slik til at vi hadde tre kirker som vi kunne gå på gudstjeneste i. Av og til gikk vi, om ikke alle var med. 3. juledag var det julefest på ungdomshuset. Det var veldig høytidelig med svært juletre, alle, store og små var der. Masse gange rundt juletreet, god mat og sjokolade, nisse ikke å forglemme med gaver (appelsiner) til ungene. Ellers i jula var vi bedt i selskap til de vi hadde mest omgang med og vi hadde barneselskap.

Det kan nok tenkes at på den tiden var det ikke så mye å rutte med sånn til daglig, så man satte veldig pris på litt mer romslighet slik det ble i jula». Dette var så langt Petra sine notatar. Ei søt historie til slutt: På spørsmål om julegåver seier Petra at det var ikkje mykje av det, dei hadde ikkje pengar. Men dei fekk jo nye kle. Ho hugsar ein episode då ho hadde neven full av småpenger og ville kjøpe julegåver. På butikken kjøpte ho ei bitte lita dukke som ho ga til faren sin! Ho var så utruleg glad i han! Vi kan vel ønskje oss attende til den tida der ramma som blei skapt i heimen var den største opplevinga, ikkje julegåvene. T: B. S. Ingemann, 1850 M: Breslau 1842 Deilig er jorden, prektig er Guds himmel, skjønn er sjelenes pilgrimsgang! Gjennom dei fagre riker på jorden går vi til paradis med sang. Tider skal komme, tider skal henrulle, slekt skal følge slekters gang; Aldri forstummer tonen fra himlen i sjelens glade pilgrimssang. Englene sang den først for markens hyrder; Skjønt fra sjel til sjel det lød: Fred over jorden, menneske, fryd deg! Oss er en evig Frelser født!


12

HYRDINGRØYSTA Nr. 6/2009

- TA X I Vassenden Taxi - tlf.Taxi 57 72- 71 - tlf.- 57 82 51/971 Vassenden tlf.92/950 48 215000987 22• •Skei SkeiTaxi Taxi tlf.72905 75 55578 100

Vinter: ma-ty-on-fr: 9 – 15.30 Sommar: ma-ty-on-fr: 9 – 15

to: 9 – 17 to: 9 – 17

Tlf: 57 72 62 00 Faks: 57 72 62 01

Lona, 6843 Skei 6772 7263 6360 60/916 57 / 91656 56540 540 www.aardalsbakke.no

kundesenter@ssf.no • www.ssf.no www.fylkesbanken.no

EIDE STEIN, 6490 Eide GRAVMONUMENTER tlf. 712 99 250

Sjå våre gravminner på www.raablokk.no

Tlf: 57 82 70 30 • Tlf: www.fjordan.no 57 82 04 00• eirik@fjordan.no

Postboks 123, 6801 Førde

E-post: post@eidestein.no Våre representanter: Taklo ÅBLOKK ATURSTEIN Ålhus: KjellVåre representantar: Helgheim/Vassenden: Kjell Taklo - tlf. 951 17 604 MARMORSjå • våre GRANITT • SKIFER Nils Huus gravminner på Nils Huus - tlf. 995 36 722 www.eidestein.no 6490 Eide – Tlf. 71 29 61 12 – Faks. 71 29 66 71

R

N

6843 SKEI Tlf. 57 72 83 33 / Mobil 911 75 903

BYGGMESTER

Ottar Dvergsdal Aut. maskinentreprenør Tlf. 57 72 83 67 / 952 00 433

skei@audhild-viken.no • Telefon: 57 72 81 25

Gravminne DEMENSFORENINGA Kyrkjekontoret formidlar sal av gravminne i Sunnfjord

Jølster Bil AS

og oppussing av gravminne.

– Vi gjer alt for din bil –

Tlf. 57 81 84 50/ på 977 42 653 Kontakt kyrkjesekretæren telefon 57 72 85 06 eller e-post: kyrkjekontoret@jolster.kyrkja.no Vassenden

Måndag, tysdag, onsdag: 9 – 18 Torsdag, fredag: 9 – 19 Laurdag: 9 – 15

Tlf. 57 72 72 00/Fax. 57 72 86 00 Epost: vassenden@marked.coop.no

Alf Helgheim & Co AS ALF HELGHEIM & CO AS

i Jølster 68436843 SkeiSkei i Jølster Tlf: 57 72 83 11 Tlf. 57 72 83 11 Epost: post@alfhelgheim.no

Tlf. 57 72 68 90 / Fax 57 72 70 77

Skei: Skei

Måndag–fredag: 9 – 19 20 Laurdag: 9 – 18 Laurdag: 15

Tlf. 57 72 83 77/Fax. 57 72 85 15 Epost: skei@marked.coop.no AUT. MASKINENTREPRENØR

JOSTEIN SUNDE A/S

Graving - Sprenging - Transport levering av pukk, singel og grus

Tlf. 57 72 83 32 / Mob. 957 59 694

Tlf. 57 72 74 15 www.jolsterbygg.no

FOTO • UR • GULL • SØLV • MUSIKK

FOTO - UR - GULL - SØLV - MUSIKK

Audun Leirvåg Nordfjord Skifer AS Maskinentreprenør

Tlf. 16 // 906 9173063999 804 Tlf.57 5772 72 70 67 52

Roald Sunde Maskinentreprenør - Sentral godkjenning Tlf. 57 72 81 91 / Mob. 952 31 915 Graving - Transport - Muring - Sandtak

Jølster Breiband AS 6843 Skei i Jølster Breiband i heile Jølster Tlf. 57 72 68 98

Biletkunstnar Astrid Myklebust Norsk Søndagsskuleforbund Stardalen, 6843 Skei i Jølster – Tlf. 57 72 89 44 www.sondagsskole.no e-post: astmykl@yahoo.no

Konto 8220.02.81027

Jølster Rør AS

Jølster Hotell

Tlf. 57 72 83 50 / 959 87 820 Bjørn 959 87 822 Geir 959 87 823

Tlf. 57 72 73 00 Ope for møte, kurs, bryllaup og liknande heile året.


Nr. 6/2009

1. KLASSINGANE PÅ SKEI SKULE FEKK BOKA «TRE I EIT TRE» VED GUDSTENESTA DEN 15. NOVEMBER. Frå venstre: Hannah Talina Sunde, Odda-Helen Grøneng Klakegg, Fredrik Sunde, Olai Årdal, Lena Sofie Klakegg, Henrik Nydal Flølo, Jon Anders Øvrebø og Tora Førde (Foto: Rune Molvik)

1. klasse, Skei

HYRDINGRØYSTA

13


14

HYRDINGRØYSTA Nr. 6/2009

KYRKJA I JØLSTER Kyrkjekontoret Vassenden kyrkjesenter Kontoret er ope måndag, tysdag og torsdag kl. 9–15. Tlf. 57 72 85 06. Faks 57 72 75 94. E-post: kyrkjekontoret@jolster.kyrkja.no Jølster kyrkjelege fellesråd Leiar: Gunnar Smaadal. Tlf. 57 72 72 56 / 913 95 898 Sokneprest Vidar Bjotveit Kontortid måndag kl. 10–12 og tysdag kl. 9–14 eller etter avtale. Mob. 958 80 030. Priv. 57 72 67 07 E-post: soknepresten@jolster.kyrkja.no Presten har fridagar torsdag og laurdag.

Hyrdingrøysta

Kyrkjeverje Ingrid Bjørnereim Kontortid mandag, tysdag og torsdag kl. 9–15 Mob. 480 49 890 E-post: kyrkjeverja@jolster.kyrkja.no

Kyrkjelydsbladet blir sendt til alle husstandar i Jølster. Bladpengar 150 kroner årleg. Abonnentar utanfor kommunen får bladet tilsendt for 175 kroner. Abonnement på Hyrdingrøysta på e-post er gratis. Bankgiro 3703 30 09225

Kantor Rune Molvik Kantor har fri måndag og laurdag, men spelar likevel til bryllaup laurdagar. Priv. 57 72 84 77. Mob. 991 27 430 E-post: organisten@jolster.kyrkja.no

Bladstyrar Knut Osvoll Årdal, 6843 Skei i Jølster Tlf. 57 72 66 93 E-post: knutosvoll@hotmail.com Bladstyret: Inger Lind Aasen og Marit Hartvedt.

Sekretær Gerd Aase Styve Kontortid tysdag og torsdag: 9–15.

Vi takkar for betaling og støtte. Hyrdingrøysta er tilknytta www.menighetsblad.no

Tannlege Svein Aasnes Tlf. 57 72 82 67/952 85 431

Reed Foto

Dvergsdal & Sunde Bygg AS

6827 Breim

6800 Førde, Telefon 57 72 70 44 Telefax 57 72 70 45 - E-post: forde@boligpartner.no

Tlf: 57 86 83 33 www.reedfoto.no post@reedfoto.no

Tlf. 57 72 38 50

EVA AARSETH - IRENE EIKÅS EVA AARSETH IRENE EIKÅ DAME-/HERREFRISØR - -SOLARIUM 57 ETTER 72 75 88 OPETELEFON KVAR DAG AVTALE TIMEBESTILLING: TELEFON 57 72 75 88

Postboks 23 6841 Skei i Jølster Tlf. 03520 avd. Skei No kan du få breiband/ADSL! (Vassenden og Skei)

Telefon: 57 72 78 00 Telefax: 57 72 78 01 www.skeihotel.no

E-post: info@skeihotel.no

JØLSTER BIBLIOTEK OPNINGSTIDER: SKEI SKEI Mandagkl. kl.11 10––15 15 Mandag Torsdagkl. kl.15 15––19 19 Torsdag Fredagkl. kl.11 12––15 17 Fredag Telefon57 5772 7261 6148 48 Telefon

VASSENDEN Mandag kl. kl. 12 12 –– 17 15 Mandag 17 –– 14 19 Tysdag kl. 10 Onsdag kl. kl. 17 17 –– 20 19 Onsdag 75 64 60 Telefon 57 72 65

6847 Vassenden


HYRDINGRØYSTA Nr. 6/2009

15

Kyrkja

vår heim

Gudstenesteplanen kan bli endra; sjå oversikten på kyrkjesida i Firda, normalt i fredagsutgåva. SØNDAG 13. DESEMBER 3. s. i advent Ålhus kyrkje kl. 11: Høgmesse. Liturg: Reidar Knapstad Ålhus kyrkje kl. 16: Adventskonsert med Cathrina og Johanna Knudsen, Erlend Apneseth og Rune Molvik ONSDAG 16. DESEMBER Helgheim kyrkje kl. 10: Skulegudsteneste Liturg: Vidar Bjotveit SØNDAG 20. DESEMBER Helgheim kyrkje kl. 20: Julekonsert TYSDAG 22. DESEMBER Vassenden kyrkjesenter kl. 9.15: Skulegudsteneste Liturg: Vidar Bjotveit TORSDAG 24. DESEMBER Julaftan Helgheim kyrkje kl. 14: Familiegudsteneste. Liturg: Vidar Bjotveit. Skei skulemusikk deltek Vassenden kyrkjesenter kl. 16: Familiegudsteneste. Liturg: Vidar Bjotveit. Vassenden skulemusikk deltek FREDAG 25. DESEMBER Juledag Helgheim kyrkje kl. 12: Høgmesse. Liturg: Vidar Bjotveit LAURDAG 26. DESEMBER Ålhus kyrkje kl. 12: Høgmesse Liturg: Vidar Bjotveit Jølstrakoret og blåsarar frå Jølster musikklag deltek. TORSDAG 31. DESEMBER Nyårsaftan

Ålhus kyrkje kl. 23.15: Midnattsgudsteneste Liturg: Vidar Bjotveit FREDAG 1. JANUAR 2010 Nyårsdag Helgheim kyrkje kl. 12: Høgmesse Liturg: Vidar Bjotveit Vi minnast dei døde

Liturg: Vidar Bjotveit Utdeling av bibel til 11-åringane

SØNDAG 3. JANUAR Kristi openberringsdag Ålhus kyrkje kl. 11: Høgmesse Liturg: Vidar Bjotveit Vi minnast dei døde

SØNDAG 7. FEBRUAR Kristi forklåringsdag Naustdal kyrkje kl. 11: Høgmesse Liturg: Vidar Bjotveit Fellesgudsteneste for Sunnfjord prosti i høve Biskop Halvor Nordhaug sin stiftsturnè

SØNDAG 10. JANUAR 1. s. e. etter Kristi op.b. Helgheim kyrkje kl. 11: Litug:Vidar Bjotveit Høgmesse Liturg:vikar SØNDAG 17. JANUAR 2. s. e. Kristi op.b. Ålhus kyrkje kl. 11: Høgmesse Liturg: Vidar Bjotveit SØNDAG 24. JANUAR Vingardssøndag Helgheim kyrkje kl. 11: Familiemesse

SØNDAG 31. JANUAR Såmannssøndagen Vassenden kyrkjesenter kl. 11: Familiemesse. Liturg: Vidar Bjotveit. Utdeling av bibel til 11-åringane. Kyrkjekaffi

SØNDAG 14. FEBRUAR Søndag før faste Helgheim kyrkje kl. 11: Liturg: Vidar Bjotveit. Forenkla SØNDAG 14. FEBRUAR KL. 16 Søndag før faste Ålhus kyrkje kl. 16: Høgmesse. Liturg: Vidar Bjotveit ONSDAG 17. FEBRUAR Askeonsdag Helgheim kyrkje kl. 20: Skriftemålgudsteneste Liturg: Vidar Bjotveit

Korleis har du det…

EIGENTLEG?

Krisetelefon 815 33 300 SOS-Melding: www.kirkens-sos.no

EIT MENNESKE Å SNAKKE MED NÅR LIVET ER SOM VERST

Døypte ÅLHUS SOKN 04.10. Caroline Varpe Gjesdal (døypt i Førde kyrkje) 11.10. Thindre Smaadal 08.11. Julie Fossheim Lykkebø 08.11. Ludvig Skovro HELGHEIM SOKN 04.10. Noah Klakegg 15.11. Arild Fossum Lillesvangstu

Vigde ÅLHUS SOKN 28.10. Elisabet Malene Utne og Øystein Tefre HELGHEIM SOKN 10.10. Bjørg Flatjord og Andrè Sunde

Gravlagde ÅLHUS SOKN 23.10. Milfrid Fossheim, f. 1922 06.11. Arne Andreas Støfring, f. 1936 HELGHEIM SOKN 16.10. Dorthea Skrede, f. 1915 23.10. Gudmund Peder Haugen, f. 1925 03.11. Aslaug A. Dvergsdal, f. 1920


16

Konfirmant Andrea Årdal med tent adventslys.

NR. 6/2009 – 70. ÅRG.

Speidaren Asbjørn A. Huus les profetiar om Jesus frå bibelen.

1. advent og lysmesse i Helgheim kyrkje KNUT OSVOLL tekst og foto

Det er ein god tradisjon her i Jølster at det er lysmesse i Helgheimskyrkja fyrste søndagen i advent. Konfirmantar i kvite kapper og speidarane på Skei i sine uniformsskjorter

Songkveldar på Vassenden kyrkjesenter KNUT OSVOLL tekst og foto

I haust har det vore 2 songkveldar på Kyrkjesenteret. Dette er kveldar der songglade folk møtest for å synge kjende og kjære songar og salmar. Organist Rune Molvik spelar til songane, og ei forsangargruppe er med og «hjelper til» med synginga. Marta Fimreite viser sangtekstane på eit filmlerret. Rune Molvik fortel gjerne litt om bakgrunnen for songane, og han har gjerne nokre spørsmål om songar, komponistar og forfattarar i ein bordkonkurranse ved kveldsmaten. Ja, for etter at synginga i kyrkjerommet er over, kan ein nyte eit godt kveldsmåltid som kjøkkengjengen har laga til. Mange set stor pris på desse songkveldane. Kanskje er dette noko du bør vere med på også?

Her blir det sjuande lyset i lysestaken tent. Espen Gåsemyr Fugle ser på medan Andrea Flaten tenner lyset.

er aktørar. Dei tenner adventslyset, dei les tekstane og i år hadde dei også musikkinnslag under messa. Det er alltid like stemningsfullt med ned-dempa lys inne i kyrkja og nattemørkt ute. I den fullsette kyrkja gir dette ei lun og god stemning. Advents-messa slutta på same måte som den starta; konfirmantar og speidarar gjekk ut av kyrkja med tende lys i hendene. Då dei kom ut, laga dei ei «lysgate» for dei frammøtte. Lysmessa 1. advent er ein fin måte å starte det nye kyrkjeåret og adventstida på.

Det nyttar å snakke når einkvan vil lytte! Vil du vere frivillig på Kirkens SOS sitt vaktrom i Sunnfjord? Vi treng menneske som vil prate med medmenneske som har det vanskeleg. Oppgåva di er å lytte og tenke høgt saman med den som tek kontakt. Du skal ikkje gje råd eller løyse den andre sine problem. Du får innføringskurs, rettleiing og vidare fagleg oppfølging så lenge du er med i tenesta. Vanleg vaktturnus er 2 vakter i månaden, tilpassa din kvardag. Kirkens SOS er ein døgnopen krisetelefon, tilgjengeleg via telefon og internett, med vaktrom i Førde. Du må vere mellom 20 og 80 år, og du må ha avstand til eigne kriser. Kursstart er helga 26.–28. februar 2010 på Alværa i Lavik. Interessert? Kontakt oss på 55 32 58 45/941 83 654, bjorgvin@kirkens-sos.no eller www.kirkens-sos.no Velkommen til eit lærerikt og gjevande fellesskap!

Nye sokneråd og nytt fellesråd

Her er dei som «styrer» songkveldane; Rune Molvik ved pianoet, forsangarane; Gerd og Gunnar Smaadal, Ingeborg Slåtten og Inger Lind Aasen. Vidare kan vi sjå Marta Fimreite som lyser sangtekstane på veggen.

Ålhus Sokneråd: Leiar: Gunnar Smaadal Nestleiar: Marta Fimreite Medlem: Kari Øvrebø Medlem: Ingeborg Slåtten Medlem: Magnus Aarseth Medlem: Ingeborg Slåtten Medlem: Nils Klakegg

Kommunen sin representant: Anders Lunde Soknepresten er også medlem. 1. vara: Ann Elena Stadheim Helgheim Sokneråd: Leiar: Dagrun Thingnes Nestleiar: Inger Veiteberg Medlem: Wilhelm Tveit Skrede Medlem: Angelika Årdal Medlem: Jon Reidar Krøke Medlem: Arny Sunde Kommunen sin representant: Andreas Lunde Soknepresten er også medlem. 1. vara: Nils Jørgen Helgheim

Firda Media AS, Førde

Fellesrådet: Leiar: Gunnar Smaadal Nestleiar: Inger Veiteberg Medlem: Wilhelm Skrede Medlem: Marta Fimreite Kommunen sin representant: Andreas Lunde Soknepresten er også medlem. 1. vara: Ann Elena Stadheim

Hyrdingsrøysta nr.6-09.  

Biskop Nordhaug si julehelsing ...og mykje meir... Kjenner du Jølster? Lysmessa Nattcupen 1. klassingane Orgelet Informasjon

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you