Issuu on Google+

Kyrkjeposten Årgang 8

Informasjonsblad for Etne og Skånevik sokn

Nummer 2 august 2009

Intervju med Grønneviks: Oppteken av å formidla

- det radikalt utfordrande i Bibelordet Frå slutten av august er Torbjørg og Harald Grønnevik på plass i Skånevik. Ho som pensjonist – og han som sokneprest i Skånevik sokn, men med heile Etne kommune som tenestestad. Torbjørg er lærar av utdanning, fødd på Nes i Skånevik, og har vore lærar på Markhus/Eikemo, i Oslo, på Husnes, Rennesøy og sist i Sund der dei var prestefolk frå 2002. Ho er komen attende til røtene sine. Harald er frå Førde (Sveio) og har vore prest på Osterøy, sjømannsprest i Liverpool, sokneprest på Rennesøy – og i Sund. Dei stiller med mykje erfaring. Me har spurt dei om kva dei er opptekne av, motivasjonen for tenesta, tida i Sjømannsmisjonen, om dei har hatt nedturar – og korleis dei vil «gripe tingene an» no. Og: Kva slags utfordringar dei meiner kyrkja står ovafor… Eg har eit ynskje om å vera prest for folket i bygdene her. Det vide, folkekyrkjelege har nok fylgt meg like sidan ordinasjonen i 1975 i Bergen Domkyrkje. Samtidig har eg vore oppteken av å formidla det radikalt utfordrande i Bibelordet. Om kyrkja ikkje har noko anna å bera fram enn dei skiftande oppfatningane i tida, blir ho uinteressant. I Osterøytida hadde me små barn, og var sterkt opptekne av arbeid for barn og unge, fortel han.

Motivasjonen har nok vore møtet med menneske og vissa om at me som kyrkje har noko grunnleggjande vesentleg å formidla. Prest er noko ein er, ikkje eit arbeid ein utfører i kontortida. Derfor er eg uroa over byråkratiseringa som også har nådd kyrkja. Det er viktig å koma seg ut på vegane der folk er. Handleturen på butikken kan vera langt viktigare enn eit strategimøte. I Liverpool budde me på kyrkja, og der var få grenser mellom arbeid og fritid. Heile familien fekk leva med i eit spennande miljø av sjøfolk og fastbuande, ikkje minst den store kolonien av krigsseglarar. Møtet med dei og deira britiske ektefeller har nok sett preg på oss. Dessutan lærde me at små, kvardagslege

Torbjørg og Harald Grønnevik stiller med solid erfaring når dei no tar fatt i Skånevik og Etne. Ho har lærarerfaring, og han kan sjå attende på varierte tenester som prest. Sjå omtale av hans nye bok ”Heimbygd” på side 8.

greier er viktige. Me fekk også læra verdien av engelsk kyrkjeliv, og har fått mange kontakter der. Eg har i mange år hatt lisens til å gjera presteteneste i Den anglikanske kyrkja -. I livet går det opp og ned for dei fleste av oss, men me har sluppe unna store nedturar og vegval me har angra på. Når me speidar tilbake, ser me ei spennande og velsigna livsreise, og er galde for livet og tenesta slik den har blitt for oss. I oppstarten her ser me det som viktig å gjera seg kjend med det

som er, og ikkje brasa inn i eit nytt landskap med eigne kjepphestar. Så håpar me etter kvart å bidra med noko bra ut frå våre eigne erfaringar og gåver. Det er mange utfordringar. Men to kan nemnast: Ei god gjennomføring av dåpsopplæringsreforma , - og den diakonale sida i kyrkjelivet. Kristendomskunnskapen må styrkast, men samtidig er kristendom ikkje berre noko me kan og veit, men noko me lever og gjer -.

konfirmant, og gjerne søsken og besteforeldre. Den dagen vil dei få utdelt «Konfirmantbibelen» som ein skal nytta under heile førebuinga. Den nye soknepresten i Skånevik, Harald Grønnevik vert med denne dagen. I Skånevik skal presentasjonsgudstenesta vera 6. september kl. 11.00. - Eg gler med til å ta fatt på dette, seier Marta med sitt lune

og vinnande smil. Ho har også spesialkompetanse nett til dette, for ho har teke kateketutdanning ved Høgskulen i Volda i unge år. No får ho gjera noko som er litt annleis enn vanleg skule. Ho skal ha eit nært samarbeid med kyrkjelydsarbeidar Astrid Askeland Johnsen og ein prest som tidvis vil bli med. JOM

Konfirmantane i gode hender Marta Onstein tar ansvaret for konfirmantførebuinga i Etne hausten 2009 og våren 2010. Marta har lang skuleerfaring, mellom anna ved Sørstranda skule og i mange år ved Enge skule. Det blir oppstart torsdag 27. august kl. 17.15-18.30 på skulen. Då vil dei som har meldt seg få informasjonar om opplegg og mykje anna. Konfirmantpresentasjonen vert i Grindheim kyrkje 30. august kl. 11.00. Då er det fint om foreldra kjem saman med sin

Innhald: Leiar: ”Berikelse”............................s. 2.

Den nye biskopen sin visjon.... �������s. 3. Etne takkar!...... ���������������������������������s. 3. Nytt frå kyrkjegardane ���������������������s. 5. Personalsituasjonen ������������������������s. 5. Kyrkjeplanane tek form ������������������s.6-7.

Konfirmantane 2008-09.....................s. 8. H. Grønnevik med ny bok.................s. 8. Mæland med bok om Det hellige Land . ............................. s. 9. Nytt frå Venskapskyrkja i Beit Jala .s. 9.

JOM

Møte Hausten 2009.......................... s. 11. Barne- og ungdomstilbod . ..........s. 11. Gudstenester framover.... ............s. 12. 50-års konfirmantar.......................s. 12.


Leiar:

Kyrkjeposten - informasjonsblad for Etne og Skånevik sokn

Kyrkja – Adresser Etne kyrkjekontor Postboks 6, 5591 ETNE tlf. 53 77 11 70 E-mail: kyrkjeverja@etne.online.no soknepresten@etne.online.no kyrkjelydssekr@etne.online.no Heimeside: www.etne.kyrkja.no Direktetelefon, kontor: Sokneprest (vikarordning). Kåre Stølsnes 53 77 11 70/72 Mob. 970 28 565 Kontortid: tysdag-fredag kl 10.00-13.00 Soknepr. i Skånevik: Harald Grønnevik, Mobil: 922 51 816 Kontortid Skånevik onsdag kl. 10-13. Kyrkjeverje Harald Sirnes 53 77 11 70; 907 46 490 priv. 52 83 00 51 Kontortid: Tysdag-torsdag. Kl. 09.00-14.00 Kyrkjelydsarbeidar: Astrid Askeland Johnsen 971 74 839 Kontortid: Tysdag og fredag. Barne- & Ungdomsarbeid: Siri Eikemo Heimekontor: 53 75 55 27      Organist Krzysztof (Kris) Ulita 53 77 11 70 / 468 97 628 Kyrkjegardsarbeidar/ kyrkjetenar Kjell Harald Hardeland mob. 975 79 805     Soknerådsleiar Etne Fung. Jørgen Hopland 53 75 67 32, mob. 951 51 264   Soknerådsleiar Skånevik Eli Garvik 53 75 59 74   Fellesrådsleiar Ingemund Berge priv. 53 75 62 89

2

Dette informasjonsbladet går til alle husstander i Etne. Det er redigert av Jens Olav Mæland. Med i redaksjonen: Liv Tungesvik, Astrid Askeland Johnsen og Alf H. Østrem. Layout Arve Skogen Trykk A1 Grafisk Idé, Ølen

«Berikelse»

Tida som prestefolk i Etne har for Torunn og meg vore ein «berikelse». Frå me kom hit i juni 1997 og til august 2009 har me møtt menneske som har gjeve oss gode opplevingar og verdifulle og rike erfaringar. Som prest har eg fått møta menneske i glede og sorg, i høgtid og fest – og i djup smerte. Og Torunn har fått oppleva gode relasjonar i arbeidet i skulen, og dessutan i frivillig arbeid og i møte med enkeltmenneske. Det er stor spennvidd i prestetenesta. Ein får møta fascinerte foreldre som melder sitt nyfødte «vidunder» til dåp, - men ein må også gå med sørgebud ved ulukker. Eg har fått sjå inn i tindrande barneauge som syng av hjarta om barnevennen Jesus, - men har også i tidlege morgontimar banka på døra i heimar som blei ramma av ein meiningslaus tragedie. Eg har fått møta tenåringar i konfirmanttimar der kvikksølvet ikkje var heilt stabilisert ennå, - men har også møtt gamle som leita etter ord dei ikkje lenger forvalta så greitt. «Livet er underbart», sa ein svensk poet eingong. Det skjer noko stort, noko berikande der menneske møtest. Og for ein prest er det ufatteleg stort å få gå «en stor manns bud», slik Ibsen uttrykkjer det. Ein prest har eit ærend, ei oppgåve som er større enn alt anna. Oppdraget er ovanfrå, men det skal setjast ut i livet i heilt konkrete situasjonar. «Guds råd til frelse» skal formidlast truverdig.

Prestetenesta skjer i eit sårbart landskap. Dei som melder barnet til dåp, er gjerne midt i si store glede sårbare. Dei har vâre kjensler i forhold til den kristne arven. Difor treng dei støtte og bekreftelse. Dei ønskjer trygghet innfor det som skal skje. Inkluderande ord er oftast balsam for det sårbare. Når ein familie har mista nokon av sine, er sårbarheten påfallande. Alt hadde kanskje ikkje vore så heilt greitt dei siste åra, og det hadde kanskje ikkje blitt tid til eit godt farvel... Også ein konfirmant kan vera sårbar, gjerne midt i ei freidig framferd. Det rører seg noko skjørt og ekte hos ein tenåring, noko som utfordrar til respekt og varsam tilnærming. Det mange ikkje tenkjer over er at presten også er sårbar. Ein skal heile tida sjå menneske, vørda dei, gje dei noko som lyfter dei ... Og ein må alltid seia fram ord, også når ord gjerne blir vektlause. Ein prest går gjerne med ei konstant kjensle av å ikkje nå fram. Ein ville så gjerne røra ved hjartestrengene, skapa ein tone som kunne

gje gjenklang i sjela. – Men ein lukkast ikkje slik ein gjerne ønska. Sårbarnheten må ein oftast takle i einsemd...Slik har ofte ein prest det. Men når landskapet opnar seg, ser ein at også det som var ei tyngsle, var samstundes ein «berikelse». Det blei små blomar langs vegen, med ein ange av godhet og stille glede. Sidan dette er det siste nummeret av Kyrkjeposten som eg har hand om, vil eg få seia alle ei hjartans takk. Takk til bygda som tok så godt imot oss! Takk til alle institusjonane i kommunen og i frivillig samanheng som ser stort på – og reknar med – kyrkja! Takk til skulen for godt samarbeid! Og takk til alle medarbeidarane i kyrkje og foreningsarbeid! De har stilt opp og teke mange tunge tak. Vårt ønskje er ei god forståing og kreativ samhandling i tida som kjem! Folket her treng kyrkja og det som er kyrkja sin glade bodskap. De har gjort livet vårt endå rikare! Takk! JOM

Har du lyst å syngja saman med «Seven-jentene»? BARNEGOSPELFEST I SKÅNEVIK LAURDAG 20. MARS 2010 Seven-jentene kjem. Seven-jentene syng om livet med Gud og med kvarandre. Dei ynskjer å spre glede med sangen sin. Denne laurdagen blir sangglade born inviterte til å vere med. Det blir først øving med sang, dans og dramainstruksjonar. Til slutt er alle med på FESTKONSERT. Då vonar me mange foreldre og vaksne kjem. Set av denne laurdagen – sjøl om det er lenge til !

Arr: Barnekoret og Tripp Trapp Treff i Skånevik


Biskopen sin visjon

www.etne.kyrkja.no

Den nye biskopen sin visjon 8. mars vart Halvor Nordhaug vigsla til biskop i Bjørgvin. Me vil her i Kyrkjeposten også ynskja han velkomen! Den nye biskopen har kome med framlegg til ny visjon for bispedømet. Den er ikkje vedteken av bispedømerådet, men førebels lyder visjonen slik: «Saman vil vi ære den treeinige Gud ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje rettferd.» Då biskopen presenterte visjonen for tilsette medarbeidarar i Bjørgvin i vår, viste han samstundes til russaren Andrej Rublevs sitt ikon «Treenigheten», som gjev eit visuelt uttrykk for refleksjon omkring visjonen. Dette er eit av dei eldste ikon, og det er tolka som eit uttrykk for den treeinige Gud, Faderen, Sonen og Den heilage Ande. «Saman vil vi gjera Kristus kjend, trudd, elska og etterfølgd», dette var visjonen me i Bjørgvin har hatt i mange år no. Denne er ikkje gått ut på dato, og det tyder ikkje at me har oppfylt den

og no er ferdige med han. Men som den førre biskopen hadde tenkt tankar og utforma sin visjon, har også den nye biskopen gjort det. Ein ny visjon, men same arbeid. Det kan kanskje få oss til å tenkja ein smule nytt når orda i visjonen blir forandra. Den nye visjonen uttrykkjer klårt at det må vera nær

samanheng mellom tru og teneste. For kvar ein av oss kan den vera nyttig til refleksjon og ettertanke, og det vil vera ei utfordring for oss å etterleva han. Kanskje me skulle læra oss ordlyden, slik kan denne visjonen bli vår eigedom som kan inspirera oss og bety noko meir for oss alle. Liv Tungesvik

Kyrkja har ein framifrå god kontakt med skulane i Etne kommune. Her er eit bilete frå Rygg skule si avslutning 16. juni i Prestegarden. Elevane hadde øvd inn fleire songar, og her syng dei av hjartans lyst. Foreldre og besteforeldre hadde møtt opp, så det var omlag 100 til stades denne kvelden. Sola skein, og alle forsynte seg av bollar, kaker og kringler – brus og kaffi (for dei vaksne).

Etne takkar ! Etne har no hatt sin sokneprest i 12 år. No er tida inne for takk og farvel. Jens Olav Mæland og kona Torunn flyttar i august til Bryne og vert pensjonistar. Men så aktiv som han har vore i Etne, trur vi lite på ei pensjonisttilvære utan mange utfordringar. Både som talar, som forfattar og som teolog har kyrkja bruk for han lenge enda. Og vi håpar han og kan koma og vitja Etne. Og heldige har Etne vore som har kunna gleda seg over å ha han som prest i Etne i vel 12 år. Det er ikkje få som er døypte, konfirmerte, vigde, gravlagde av han. Det er ikkje få familiar han har vore i kontakt med. Med sitt solide teologiske fundament, har han møtt folket med openheit og med ein inderleg hug til å fortelja om frelsa i Jesus. Det er ikkje alltid like enkelt å vera prest i dag, då så mykje er flytande. Mange ynskjer seg ei kyrkje som rein seremonimeister. Da er det godt å ha ein prest som er trygg på Bibelens ord og kyrkja si lære, og slik kan leida kyrkja på ein åndeleg god måte. Etne vil nok sakna hans emne til organisering, hans initiativ til verksemd og solide forkynning. Ikkje berre det, men og hans praktiske evner. Det er ikkje mange prestar som tek eit tak og vøler på inventar og målar ute. Ja, mange flotte ting er laga og gitt til folk, lag og organisasjonar. Så no er tida til takk, Takk til ein vel ansett prest. Takk til mennesket Jens Olav. Takk til kona, Torunn, for heilhjarta innsats i lærararbeid og kyrkjelyd. Me skjønar ikkje heilt kven som kan fylla hans rolle som sokneprest, men det gjer at takken til sokneprest Jens Olav Mæland er desto større for det han har lagt ned i arbeid, i forbøn, i omsorg for folket i Etne. Vi ynskjer familien alt det beste i åra som kjem!   Kyrkjeverja

3


Kyrkjeposten - informasjonsblad for Etne og Skånevik sokn

Fjæra kapell Med sikte på jubileum i 2013

Fjæra kapell var bygt i 1913 med 150 sitjeplassar. Kor mange som budde i «fjorden» i 1913 veit eg ikkje, men eg trur nok ikkje alle på den tida kunne få plass i kapellet slik som i dag. Kapellet ber no preg av å vera slitt. Noko må gjerast til 100-årsjubileet. Det har vore mange forslag til å få kapellet modernisert og meir funksjonelt og at ein og kunne bruka det til meir enn gudstenester og kyrkjelege handlingar. Kan hende kunne ein få betre stolar, eit lite tekjøkken, handicap-inngang, og andre

fasilitetar. Måling og vøling må til i alle tilfelle.  Ein komité er nedsatt og arbeider med planar. Arkitekt Arne Tveit har teikna eit utkast som ikkje vil skjemma utsjånaden, men gjera at ein får inn viktige funksjonar. I tillegg må det gjerast noko for å få godkjent drikkevatn til kyrkja. For å få dette til må kapellet vera ei prioritert oppgåve for dei som bur i indre delen av kommunen. Ein kan visa til at kommunen nå framover får konsesjonspenger frå kraft i denne delen av kommunen. Det er vanskeleg for kyrkjeverja å rå Fellesrådet til å prioritera

Soknerådsvalet 2009 Etne / Skånevik (bispedømerådsval skjer samstundes)

Vi gjer det slik i Etne:

Vi ønskjer at at flest mogleg stemmer. Vil vi ha kyrkja, må vi fylgja reglane og ha dei naudsynte råda for å få det til å fungera. Ved dette valet skal det vera enkelt for alle som er medlem i kyrkja over 15 år å røysta.   I Etne vil røystinga verta i eit lokale nær røystinga til Stortingsvalet. Når du kjem inn i bygningen vil det vera ein plakat som tydeleg viser veg til Soknerådsvalet. Det vil vera ope for røysting samstundes med Stortingsvalet den 14. september. Enge kulturhus kl. 9-20 Skånevik skule 9-20 Rygg skule 15-20 Sævareid skule 15-20 Fjæra skule 15-20.   Ein kan også stemma tidlegare: Etter gudsteneste i Enge bedehus sundag 13. september kl. 11 (røysting ca kl. 12) I Skånevik kyrkje sundag 13. september kl. 18.

4

  Når ein kjem inn i røystelokalet vil først 1. Veljaren verta vist til eit bord der stemmesedlar og konvoluttar er utlagt (både til soknerådsval og bispedømerådsval) 2. Veljaren går så til den del av lokalet som er avsett der veljaren A. Kan gjera endringar på stemmesetelen for soknerådsvalet B. Kan gjera dei naudsynte avkryssingar på stemmesetelen for valet til bispedømeråd og Kyrkjemøtet. C. Stemmesedel vert lagt i konvolutt. 3. Veljaren går til funksjonær som kryssar av i manntalet og stemplar konvoluttane med stemmesetlane. 4. Veljaren legg konvoluttane i urne under påsyn av funksjonær.   Førehandsrøysting kan ein gjera på kyrkjekontoret tysdag til fredag frå kl. 10-14. Det starta tysdag 11. august.

Kapellet i Fjæra føre til dømes Arbeidskyrkje i Etne. Samstundes har me full sympati med at folket ønskjer å føra vidare ein 100-årig tradisjon, tilpassa nye tider og folket som høyrer til «fjorden». Vi reknar med at det framleis vil vera 2-3 gravferder i snitt i året, slik det har vore dei siste 10 åra.

Framleis fyllest kapellet til 17. mai og julaftan. Vi har hatt gravferder i det siste der det ikkje har vore plass til alle.   Spørsmålet er: Vil folket og kommunen gje Fjæra kapell eit løft, slik at det kan vera klart til 100-årsjubileet i 2013?  Kyrkjeverja

Kandidatlister for val av sokneråd I Etne og Skånevik Sokn 13. og 14. september 2009 Kandidatar for Etne sokn: Nr 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13

Namn Fødselsår Jørgen Hopland 1950 Gerd Toril Lindevik 1969 Pål Atle Baustad 1967 Reidun Irene Solberg Sande 1961 Johannes Kåre Grønstad 1954 Jorunn Kambo 1945 Harald Einar Lindevik 1945 Tore Einar Harboe 1944 Sigurd Stødle 1945 Einar Kasper Sævareid 1945 Jakob Eskeland 1941 Tone Randi Frette 1973 Johannes Brekke 1943

Kandidatar for Skånevik sokn: 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. 13. 14. 15. 16. 17. 18.

Terje Ness Eli Garvik Magny Lygre Synnøve Lundal Dag Vigleik Johnsen Aud Karin Leknes Liv Tungesvik Per Terje Tveiten Kari Johansson Rune Lundal Audny Jespersen Eivind Sævareid Geir Arne Eikemo Randi Ness Haaland Knut Erik Ebne Solveig Bokn Jarle Vik Anne Gunvor Ness Nedreskår

f 1942 f 1953 f 1962 f 1948 f 1956 f 1955 f 1933 f 1952 f 1977 f 1979 f 1938 f 1951 f 1963 f 1955 f 1974 f 1959 f 1965 f 1969


Nytt frå kyrkja: Kyrkjegardane Personalsituasjonen www.etne.kyrkja.no

Det har vore godt å høyra at mange er svært nøgde med korleis kyrkjegardene vert stelte i Etne. Gode tilbakemeldingar er positive å få og vert brakt vidare til kyrkjegardsarbeidaren. Mange er opptekne av gravfeste, kor lenge feste vil vara og stell av gravene. Frå kyrkjekontoret si sida er vi vel så opptatt av at gravene vert stelte, at ein kan lesa kva som står på gravminne og mest av alt at fundament og stein er sikker, slik at ein unngår velt og skader. I vedtektene for kyrkjegardane i Etne paragraf 2, står det: «Fredningstid for kister er 20 år, festetida for fornying er 10 år». I paragraf 3: «Når festetida er ute, kan gravstaden fornyast for nye 10 år. Når det er gått 60 etter siste gravleggjing, kan feste ikkje fornyast utan særskilt samtykkje frå kyrkjeleg fellesråd. I god tid før festetida er ute skal festaren varslast. Er festet ikkje fornya innan 6 månader, fell gravstaden tilbake til kyrkjegarden». I 1949 var det 44 gravferder i Etne. Mange av desse gravene skal etter vedtektene utgå. Problemet er at det ikkje er mogleg å finna kven som er festar på alle desse gamle gravene. Når ein så ser at dei ikkje er stelte, eller at det er vanskeleg å lesa kva namn som står på steinen, er det rimeleg å tolka det slik at ein ikkje vil festa vidare. Festeavgift varierar mykje frå kommune til kommune. I snitt kostar ei grav om lag kr. 100,pr. år, medan vi i Etne framleis betaler kr. 50,- pr. grav pr. år. Kyrkjeverja oppfordrar festarar av eldre graver å ta kontakt med kyrkjekontoret for å sjekka status til grav, få rett adresse til festar, og få betalt for neste 10 år dersom ein vil behalda gravene. Om festeavgiftene vert satt opp i Etne, vil ein og spara ved å betala dette året.   Harald Sirnes, kyrkjeverje

Kyrkja i Etne kommune er inne i ein fase med endring og utfordringar.

Harald Grønnevik Me er takksame fordi Harald Grønnevik tek til som sokneprest i Skånevik. Han vil bu i eigen bustad som han og Torbjørg har bygt på Molnes. Harald vil ta ansvar for gudstenesteplanlegginga – og det som fylgjer med dette arbeidet – framover. Han vil difor vera ein god del på kyrkjekontoret i Etne sentrum, der staben har sine faste møter på tysdag føremiddag. Han vil ha sete i Skånevik sokneråd, og også i Fellesrådet. Harald har lang erfaring frå si presteteneste, og vil kunna leia prestetenesta i kommunen på ein god måte mens det er vakanse i stillinga i Etne. Stillingar i Etne Soknepreststillinga for Etne sokn blir no lyst ut, og me vonar på gode søkjarar og tilsetjing ein gong i november. Det vil likevel ta ei tid før fast prest kan vera på plass, for prestebustaden skal pussast opp etter dei rutinar og krav som gjeld. Me reknar med at Opplysningsvesenets Fond får budsjettmidlar i 2010 til å utføra dette. Kåre Stølsnes Som ei mellombels løysing vil

Kåre Stølsnes gjera vikarteneste hos oss. Han kjem til å bu i Etne, men har sin faste bustad på Nærbø, og kjem difor til å pendle ein god del. Kåre Stølsnes er 68 år, og har nett teke teologisk utdanning ved Misjonshøgskulen i Stavanger. Han har frå før utdanning som diakon, men har arbeidd i skulesamanheng. Mest som studieansvarleg ved Vernepleieskulen ved Nærlandsheimen på Nærbø. Han har to barn og fem barnebarn. Kona hans døydde for fem år sidan, og etter det tok han teologisk utdanning. Han er ikkje ordinert enno, og må difor ha fullmakt frå biskopen til å gjera dei vanlege tenestene som prest. Kåre er godt motivert for vikararbeid i kyrkja, og han ser fram til å få kontakt med folket her. Me vil ynskja han hjarteleg velkommen! Marta Onstein Marta Onstein har teke på seg ansvaret for konfirmantførebuinga i Etne. Marta har lang erfaring frå skulen i Etne, men ho har også utdanning frå Volda som kateket. Det vert ei prosentstilling ho får i kyrkja, og ho kjem til å samarbeide med prest og andre som har ansvar for kyrkjelyden sitt ungdomsarbeid. Ho og Astrid Askeland Johnsen – som er kyrkjelydsarbeidar med oppgåver opp mot

Kåre Stølsnes ser fram til å møta folket her.

konfirmantane – vil samarbeide om oppgåver i dette feltet. Me ynskjer Marta lukke til! Kyrkjeverja Elles held Harald Sirnes fram som Kyrkjeverje. Han vil leia arbeidet på kontoret (i staben, som det heiter) og leggja til rette for arbeidet i kyrkjelyden med særleg ansvar for det økonomiske. Harald har lagt eit stort arbeid ned når det gjeld å få oversikt over gravminne. Kris Ulita held fram som organist i 75 % stilling, og med 25 % i Musikkskulen. Han er også med og tek hand om barnekoret i Skånevik. Kjell Harald Hardeland har stått trufast på heile sommaren for å gjera det fint på kyrkjegardane med klypping og anna stell. Tore Harboe vil framleis ha delstilling i Etne som kyrkjetenar, noko me er takksame for. HS/JOM

Spedbarnssang og Tripp Trapp Treff, Etne - eit tilbod til barn med foreldre/vaksne som er heime

onsdagar - på Enge bedehus

Denne hausten vil me starte samlingane med spedbarnssang (0 – 2 år). Så samlast alle til felles matøkt. Alle har med niste. Drikke ordnar me. Etter matøkta skal nok mange spedbarn kvile. Då samlast elde born til Tripp trapp med namneopprop, sang, skattekiste , bibelforteljing og anna kvar gong formingsaktivitet. Me har framleis eit ynskje om ein vaksen – bestemor eller bestefar- som kan hjelpe til med ein del praktisk arbeid. Om nokon har trong for meir informasjon; ta kontakt med kyrkjelydsarbeider 53 77 11 70 (tirsdag og fredag) / 902 07 421. Me håpar mange born med

Kva er det i skattekista i dag, tru? foreldre/vaksne finn vegen til bedehuset desse onsdagane! Velkomne! Astrid

5


Kyrkjeposten - informasjonsblad for Etne og Skånevik sokn

Kyrkjeplanane tek form Det siste halvåret har dette skjedd:

6

10. februar vart det kalla inn til eit ope informasjonsmøte, ei slags «høyring» der ein skulle få gje respons på skisse til Arbeidskyrkje, framlagt av arkitekt Arne Tveit. Det kom ei rekke innspell, mellom anna korleis ein skulle løysa behovet for kontor, matsal og lagringsplass. «Kyrkjetorget» – som også skulle tena som matsal – blei omtala. Fleire meinte at ein også måtte sjå på «Meieriplassen» som no var til sals, som eit alternativ til plannemnda sitt arbeid. Leiinga ved Kyrkjekontoret tok difor initiativ til å vurdera dette, og ei tremanns-gruppe (fagfolk) blei beden om å koma med ei slik vurdering. På årsmøtet for kyrkja blei status for plannemnda lagt fram, og likeeins i årsmøtet for bedehuset. I det siste møtet blei det også lagt fram ei såkalla «alternativ løysing» som skulle vera økonomisk besparande. Denne blei teken til etterretning. Det vart meldt at gruppa som vurderte «Meieriplassen», ikkje anbefalte å gå vidare med denne løysing av ei rekke grunnar av byggteknisk og økonomisk art. Dette blei skriftleg avklara litt seinare. Begge årsmøta hadde dermed gjeve grønt lys til vidare arbeid for å få fram eit «skisseprosjekt» ut frå Plannemnda sitt tidlegare arbeid, men at ein tek omsyn til innspela som har kome. Plannemnda har etter dette hatt to møte, 18. juni og 7. juli, der ein har drøfta løysingar som har vore lagt fram av arkitekt Arne Tveit og konsulent Finn Bårdsen. Fram mot «skisseprosjekt» i desember Det er særleg «mellombygget» (rommet som vert mellom første etasje i bedehuset og kyrkjebygget) og første etasje i bedehuset ein har drøfta. Dette «mellombygget» utgjer 150 m2. Her kan ein plassera kjøken, som då kan betjene samlingar ved bruk av kyrkje-

TUN/ KYRKJEBAKKE

TILBYGG/MELLOMBYGG 190 m2

INNGANG

RØMNINGSTRAPP/ KLOKKETÅRN?

INNGANG 45

FORKONTOR

KONTOR 12 KOPI/ ARKIV

45

MØTE 21

KONTOR 90 (+ møterom)

KONTOR 12 KONTOR PLASSER

15

GARD/ WC 32 VENT?

HEIS

EKSIST. BEDEHUS 290m2

PLAN 1. ETG

rommet og andre samlingar. Dessutan vert kyrkjetorget her. «Peisestove» vil også kunna knyttast til kyrkjetorget ved at det vert søyler der det no er murvegg. Heis vert plasser i ein del av det som no er kjøken. Kontordelen – som ha vore nøye drøfta – er teikna inn med 90 m2 i den sørlege delen av bygget. Kontora vil dermed liggja ved hovudinngangen til det nye bygget, og vil vera gunstig med tanke på besøkjande. Sjølve kyrkjebygget er no

innteikna med 400 m2. Den

sakrale delenI utgjer 80 m , NY KYRKJE ETNE medan «fleirbruksrommet» PRINSIPPSKISSER utgjer 320 m2. Det må lagast eit «stollager» i tilknyting til 1:200 Plan 1. etg kyrkjesalen. Dette er enno 2

ikkje teikna inn. I det heile er kyrkjedelen ikkje teikna ut i detalj. Dette vil skje til hausten. Til større gudstenester/ samlingar vil det vera plass til 400 menneske, når ein også tek i bruk kyrkjetorget. Når det gjeld andre etasje i bedehus-delen, kan ei vidare bearbeiding av teikningar venta til etter skisseprosjektet

er presentert. Men den noverande skissa legg opp til ein «storsal» på 90 m2, samt fleire grupperom i ulike storleikar. Desse romma vil bli nytta til undervisning og foreningar. Ein reknar med å ferdigstilla ”Skisseprosjektet” i byrjinga av desember. Ein må då ha funne ei løysing på ein del byggjetekniske utfordringar, som ventilasjon og sanitæranlegg. Ein vil då kunna leggja fram teikningar til fasader, og eit kostnadsoverslag. Eigarforholdet mellom kyrkje og bedehus må også klargjerast,


www.etne.kyrkja.no

Dette er ei stor sak og eit økonomisk løft for oss alle. Men saman skal me få det til! Tida er no mogen for å ta fatt. Me som er eldre kan nok klara oss med dei kyrkjene som er. Men me treng ein reidskap til å møta dei unge sitt behov. Erfaringa frå familie- og generasjonsgudstenestene på Enge bedehus gjer meg overtydd om at denne form for kyrkje har framtida si velsigning. Her samlast unge og eldre, men lokala vert for små slik dei er no. Ei arbeidskyrkje i samarbeid med bedehuset vil vera løysinga! I lang tid har ein diskutert ulike planar. Dei planane som no ligg føre, kan me trygt gå vidare med og byggja «huset»! Paul Kaldheim UTEAMFI

TILBYGG 400m2

KYRKJE TORG 150

SAKRAL DEL SAKRAL DEL

FLEIRBRUKS-ROM 320

Stolllager/tilkomst KJØK 40 Evnt som tilbygg/sidefløy

samt forslag til bruksavtale. I sum kan ein vel seia at det har kome eit sterkare driv inn i planlegginga no, og at folket og brukarane no vil få ei konkret skisse å ta stilling til. Tida arbeider sterkt for tiltaket. Nemnda har heile tida sett det som viktig at ein må vera nøkterne når det gjeld kostnader, men at bygget må vera tenleg for den aktivitet kyrkje og bedehus står for. J Hopland / JOM

RØMNINGSTRAPP/ KLOKKETÅRN?

GRUPPE 12

06.07.09 Ark BHB AS STORSAL 90

MØTE 20

GRUPPE 12

LAGER GRUPPE 22

MØTE 40

MØTE 40

AMFI

HEIS

EKSIST. BEDEHUS 290m2

PLAN 2. ETG

Eksist. storsal er 160 m2

MØTE 40

7


Kyrkjeposten - informasjonsblad for Etne og Skånevik sokn

Konfirmantar Etne/Skånevik 2009

1. rekke frå v.: Mari Klokkerstuen Kjellesvik, Lene Lundal Berge, Inga Rullestad, Camilla Moe, Aina Hardeland, Silje Marie Engdal, Veronica Moe, Cecilie Grindheim, Janne Kristin Håheim, Irene Hjelmtveit, Linda Steine, Linn Mæland. 2. rekke: Aleksander Hovin, Roy Erik Sævareid, Andrea-Monica Negrea, Helene Eikemo, Silje Grindheim, Inger Lise Mæland, Viviann F. Stokkedal, Jens Olav Mæland (prest), Tonje Vinje Risøy, Lovise Amanda Hundseid, Hanne Rogne Vinje, Erik Rullestad, Jakob Birkenes, Kristoffer Grønstad. 3. rekke: Kristian Hovin, Sondre Hansen, Sigbjørn Sævereid, Eirik Monsen, Bjørn Runar Grønstad, Svein-Erik Larsen, Anders Tesdal Galtung, Gerhard Rekkedal, Johan Kringlebotten, Bjørnar Aastvedt, Alf Johan Grindheim, Vebjørn Ekornrud.

LYS VAKEN

Skånevik sokneråd planlegg å arrangere overnating i kyrkja natt til 1. søndag i advent. Dette blir eit tilbod til 11-åringane og er eit ledd i trusopplæringa. Astrid Kyrkjelydsarbeider Sokneprest Grønnevik med ny bok:

Heimbygd Eit knippe forteljingar frå ”Barndomslandet”.

8

HG teiknar eit bilete av si eiga heimbygd, Førde i Sveio. Med ein lun, humoristisk og sjølvreflekterande penn speglar han av minne frå sin eigen oppvekst. Han teiknar «typar» og karaktertrekk ved folket sitt sosiale liv, med stor spennvidd. Han legg for dagen stor evne til å fanga inn det særeigne, og han ser seg sjølv i høve til - og saman med alle dei andre. HG set ord på det mange har opplevd, men ikkje har makta å setja ned på papiret. Han skildrar «Elvo», og fortel om «Møte i gamlaforeningo»,

om basar på bedehuset – og mykje meir. Det er vanskeleg å unngå gjenkjenning med eiga erfaring, og ein må både humre og le av treffande personskildringar og bygda sine særtrekk. Forteljingane er både vâre, ekte og «sanne». Ein kan også få ein CD i tillegg, med musikalske innslag av Eirik Minde og Sigurd Ulveset. Boka er treffande illustrert av Håvard Giezendanner. Boka er hermed anbefalt på det sterkaste. Ein kan kjøpa henne over nettet gjennom www. efremforlag.no – eller gjennom vanleg bokhandel.  JOM

Konfirmantar i Skånevik, alfabetisk: Svein Aga, Kjetil Andrè Berge, Katrine Bøthun, Lukas K.B. Bøthun, Annette Ebne, Hanna Sofie Ness Haaland, Even Hus, Julia Kristiane Kulff Krog, Steffen Sæterlid Markhus, Georg Lundebø Molnes, Sondre Ness Nedreskår, Tor Even Pedersen, Aleksander Sandvold, Caroline Ytrenes Sæle.

Gåver og Kontonummer Kyrkja i Etne tek imot gåver til ulike deler av arbeidet. Me gjer merksam på at no er det også mogleg å gje gåver til ny Arbeidskyrkje. Gåver til dette formålet gir høve til skattefrådrag. Men me må få melding om kven gjevaren er. No ser gåvekontoane slik ut: Tiltaket Kontonummer Arbeidskyrkje Gjevartenesta

3543.13.50007

(Barne- og Ungdomsarbeidet)

3543.10.01177

Stødle kyrkje

3543.13.28168

Grindheim kyrkje

3543.13.32971

Kyrkjeposten

3543.13.03246

Etne Sokneråd

3543.13.30081


www.etne.kyrkja.no

Jens Olav Mæland: «Glemt av sine egne. Rapport fra de kristnes situasjon i Det hellige land». - et vekkerrop til norske kristne... ”Har vi glemt våre kristne søsken i Palestina? Jens Olav Mæland har gitt oss en klar dokumentasjon av hvordan disse, sammen med andre palestina-arabere, har lidt under overgrep fra Israel. Mange av dem har emigrert slik at den kristne befolkningen i det hellige land er dramatisk redusert. Mæland viser oss at de bibelske landløftene ikke kan brukes som unnskyldning for at elementære menneskerettigheter settes til side. Hans bok er et vekkerrop til norske kristne og til alle Israelsvenner: ”Du må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv” (A. Øverland).” Professor Hans Kvalbein, Menighetsfakultetet. ”Spørsmålene som forfatteren reiser er så brennaktuelle og vårt ansvar for kirkene i regionen er så nødvendig, at jeg håper mange vil lese Mælands

bok. Den pløyer dypt og gir mye å tenke på når det gjelder egne holdninger.” Tidl. feltprost Helge Utaker til Budbæreren. ”Boken er balansert og kjemisk fri for antisemittisme. Men den lodder situasjonen på dypet. Den historiske gjennomgangen gir en god oversikt over utviklingen i området. – Boken er full av informasjon og reflektert kunnskap.” Prest Oddvar Tveito i Luthersk Kirketidende. ”Med Mælands bok har kristenfolket og det allmenne publikum fått eit høve til på sakleg, fagleg og djupt bibelsk grunnlag å revurdere si haldning både til staten Israel og til det kjempande og lidande palestinske folket. For kristenfolket er ei slik revurdering livsnødvendig – elles vil bodskapen om Guds rike,

(pris kr. 248), eller gjennom internett, slik: www.bokogmedia.no www.haugenbok.no

Beit Jala på offensiven Pastor Jadallah ved Venskapskyrkjelyden vår i Beit Jala like ved Betlehem, kan fortelja at dei i sommar har hatt ei storsamling ei heil veke som dei kalla «Fredsveka». Tiltaket har vore planlagt lenge, og det kom deltakarar frå USA, Tyskland, Spania... – og især frå Dei palestinske områda og Israel. Ein komité som bestod av kristne leiarar, muslimske og jødiske leiarar, arbeidde godt saman. Ein hadde rekna med over ti tusen menneske til det store appell-møtet på sportsplassen i byen, men det kom noko mindre. Etter mange hindringar kom den jødiske fredsgruppa igjennom sperringane, og slo lag med den kristne og den muslimske gruppa. Eit sams mål er at muren må rivast, og at det må

Et lite utdrag fra boke

”De kristne i Det hellige land befinne n: r seg vanskelig situasjon. Bortsett fra en grup i en særdeles jøder, er de kristne i dette området pale pe messianske deler skjebne med det palestinske folk stinere som . har opplevd en dyp krenkelse som fort Dette folket satt er uløst. Da staten Israel ble opprettet i 1948, ble halvparten av palestinerne fordrevet fra sine hjem . Selv omtaler de dette som ”Katastrofen”, som de selv enn ”Han imøtegår på teoloettervirkningene av og må finne en å opplever løsning på. I dag gisk grunnlag at jødene utgjør de kristne en skrumpende min oritet som er hardt med henvisning til Bibelen presset fra ulikt hold. skal ha noen eksklusiv rett Vi som lever i trygge rammer, må ikke til et bestemt territorium, på Først av alt må vi forsøke å forstå dem glemme dem. , bekostning av andre folkeslag i til orde og lytte til dem – og gi dem la dem komme den støtte de samme området.” trenger. Redaktør Harald Maaland i Denne boken er et forsøk på å forstå Stavanger Aftenblad. å trekke noen utviklingslinjer fra Pins deres historie ved eda i dag. Jeg tar ikke sikte på å gi noen g til situasjonen fullstendig ”Mæland går i boka gjennom framstilling av det historiske forløp, men historia frå pinsedagen og noen hovedlinjer til belysning av dere trekker opp s fram til vår tid. Han drøftar regimer. Det er deres røst og anligge kår under ulike nde jeg lar komme aktuelle spørsmål som landet til orde. De er ”moderkirken” som vi skylder så mye av og løftene – kven som har vår kristne arv. rett til å bu i Israel og staten En av deres hovedutfordringer – slik de selv ser det Israel sin etikk. Han meiner at - er å finne sin vei og identitet i forhold til etableringen staten Israel har eit folkeav Israel som en sionistisk nasjonalsta t. rettsleg fundament og difor har et folkerettslig fundament, og har Denne staten derfor rett til å rett til å eksistere og forsvara eksistere og forsvare seg. Men både etab seg. Men verken etableringa denne staten og dens senere historie leringen av er av denne staten eller historia elementære etiske normer. Det er derf ikke hevet over or etter 1948 er heva over elemellom en humanistisk sionisme og viktig å skjelne den form for mentære etiske normer.” sionisme som står for en eksklusiv ideo separasjon og apartheid er virkning logi. Okkupasjon, Stiftsnytt, Bjørgvin bispeen er først når en vil erkjenne dette, at av det siste. Det døme. dette folkets kall til å være lys for folkeslagene kan oppfylle s. vinnes gjennom gjensidig respekt, rettf Freden kan bare erdighet og vilje til forsoning.” Boken kan kjøpes i bokhandel forsoninga og inkarnasjonen komme fullstendig i miskreditt, overdøyvd av ein einøygd, militant og rasistisk stamme-teologi.” Sokneprest Kjartan Ruset i Vårt Land.

etablerast forsoningsprosessar. Ein avviser all bruk av vald for å nå desse måla. På det store møtet på sportsstadion møtte dei kristne, med tente stearinlys, jødar og muslimar kom med roser og brød. Dette gav ein til kvarandre og sa fram poetiske vers ut frå kvar gruppe sin tradisjon. Det var appellar, mellom anna av den lutherske biskopen Munib Younan. Planen var at omlag 50 barn/ unge skulle koma frå Gaza og bu på Barneheimen i Venskapskyrkja for å ha sommarleir, men israelarane la hindringar i vegen, slik at dette fall i fisk. Elles går arbeidet ved Barneheimen sin gang. I sosialarbeidet ved kyrkja har ein fleire gonger kvar månad «samling» i flyktningeleiren Deheisha, som

- fra forordet-

10.000 kroner over til Barneheimen og Sosialstasjonen. Dette har kome inn det siste halvåret på kontonr. 3543.13. 20418. Dette er eit kontonummer i Biskop Younan (til høgre) i samtale Etne Sparebank som unmed ein jødisk fredsaktivist og ein derteikna, Harald Lindevik muslimsk advokat. og Prosten har ansvar for. ligg eit lite stykke unna. Det har Ein kan merka gåva «Abrahams kome over hundre barn på desse Hus». samlingane der ein syng, leikar Pastor Jadallah minner om – og har eit måltid saman. Dette bibelordet «Styrk dei kraftlause tiltaket blir også gjennomført hender, gjer dei skjelvande kne for handikappa flyktningebarn sterke!» (Jes 35,3). «Me kjeni ein annan leir i Betlehem- ner oss ofte kraftlause .. Difor området. Pastor Jadallah seier treng me trufaste vener i andre at dette er både meiningsfylt og land. Me treng menneske som utfordrande. Ein strevar med har bestemt seg for å støtta oss i økonomien, og han takkar fordi ord og gjerning», føyer han til i kyrkja i Etne er med og støttar brev av 8. juni. dei. I slutten av juli er det sendt Jens Olav Mæland

9


Kyrkjeposten - informasjonsblad for Etne og Skånevik sokn

Skånevik Tlf. 53 75 53 81

Johs. Lundal & Sønner AS Teigland, 5590 Etne, tlf. 53 77 15 80

Skånevik - Etne Tlf. 05555

Skånevik Tlf. 53 77 12 50

sjoargarden Spar - Jernia - MX Sport Tlf. 53 77 15 50

Malermester

Øyvind Matre 5590 Etne - Mob. 993 68 332

Sunnhordland Mek Verksted AS

Tlf. 53 77 12 00

Tlf. 53 77 15 00 www.etne-sparebank.no

post@etne-sparebank.no

Etne E- lag 5590 Etne - Tlf. 53 77 11 55

Tlf. 53 75 60 44

Tlf. 53 75 64 08

Når dagen er på hell tenn lys med kraft frå eigne fjell!

Tlf. 53 75 61 71

Tlf. 53 75 42 60

53 76 82 03 Tlf. 53 77 09 99

10


Møte hausten 2009 i Etne

www.etne.kyrkja.no

SEPTEMBER 06. Enge kl. 19.00: Samlingsfest. Taler, Hallvard Sveen. 11. Enge kl. 19.30: Kamerun/Mali kveld. Tidl. Misjonær Gerd Thunheim. 16. Enge kl. 19.30: Møte v/ Jens Tveit. Indremisjonen.

Barne- og ungdomstilbod i Etne Prestegjeld

OKTOBER 04. Enge kl. 19.30: Misjonsmøte. Soknepr. Martin I. Arnesen. 17. Enge. Bedehusbasar. 20. Røde Kors-huset kl. 19.00: Diakonien og Røde Kors arrangerer. Kveld om sorgreaksjonar. Sjå annonse i Grannar.

Skånevik: Aud Karin Leknes tlf: 53 75 54 65 Frette: Anne Jorunn Lindevik tlf: 53 75 53 93 Grønstad: Reidun Sande tlf: 53 75 49 24

NOVEMBER 05.-07. Enge kl. 19.30: Møte, Jens Tveit. Indremisjonen. 08. Enge kl. 19.00: Misjonsmøte NMS. Evangelist Klaus Muff. 21. Enge (frå kl. 12.00): Basar, Misjonssambandet. DESEMBER 06. Enge kl. 19.00: Advent- og misjon. Trygve Sandvik. Tripp-trapp Treff: Oppstart onsdag 9. september; så 23/9, 21/10, 4/11, 18/11 og 2/12. Program: 10:30 – 11:00: Spedbarnssang 11:00 – 11:30: Felles matøkt 11:30 – ca 12: Tripp Trapp Treff Onsdagsmøta i Grindheimskyrkja vert onsdagar i oddetalsveker. Frå Diakonien: Arrangerer Sorg-kveld saman med Røde Kors på Røde Kors-huset 20. okt. kl. 19.00. Psykiater Bjarte Stubhaug og Målfrid Stautland innleier: Korleis kan me møta tapsopplevingar? Diakonien kjem med blomehelsing til dei som fyller 80, 85, 90 og 95 år. Eldre som ynskjer besøk, kan melda frå til Kyrkjekontoret, tlf. 53 77 11 70.

Skånevik bedehus våren 2009 SEPTEMBER 02. Tripp-Trapp. 11. Barnekorøving 17. Tripp-Trapp. 23. Føremiddagstreff, kl.11 til kl.13. 25. Barnekor

OKTOBER 11 . Basar IM.kl.18,00 12. Basar IM..kl.17,00 15. Tripp-Trapp. 15. – 19. . Møteveke ved Toralf Steinsland, saman med Ebne og Molnes krins. 21. Føremiddagstreff, kl. 11. til kl. 13. 23. Barnekor 29. Tripp- Trapp NOVEMBER 06. Barnekor 07. Fest på kjerka 09. Fam.møte kl. 16,00 12. Tripp- trapp. 18. Føremiddagstreff kl 11 til kl 13. 20. Barnekor 26. Tripp-Trapp.

Tripp-trapp (på onsdagane varer frå kl.10,30 til kl.12,00): Oppstart 2. sept., så: 16/9, 30/9, 14/10, 28/10, 11/11, 25/11, 9/12. Søndagsskulen (kl. 10.30): Oppstart 13. sept., så: 18/10, 1/11, 22/11, Barnekoret sine øvingar Kl. 17:30 - 18:00: Øving 5 år – 2. klasse

Søndagsskulen

Tripp Trapp Treff

Tilbod til vaksne og barn Annakvar onsdag kl 10.30 Oppstart 9. september for Etne/Enge bedehus, og 2. september for Skånevik og Kyrping. Sjå annonse under Møte. kyrkjelydssekr@etne.online.no

Skånevikspeidaren

Småspeidarane: 3. og 4. klasse Storspeidarane: 5.-10. klasse Møter på gamleskulen onsdagar kl 17.30. Kontaktperson: Kari Johansson tlf. 975 78 186

Etne Soul-Children

Songtilbod for unge frå 10-15 år. Annkvar veke torsdagar kl 19.00-20.30 Enge bedehus Kontaktperson: Pål Atle Baustad 416 06 945

S-klubben

Tilbod til barn frå 1.-4. klasse. Annakvar torsdag kl. 17.30-18.30 på Grønstad skule Kontaktperson: Aud Jorunn Baustad tlf 975 73 021

Fredagsklubben

Tilbod til barn frå 1. til og med 7. klasse Enge bedehus kl 18.00-19.30 Gruppeaktivitetar, song og andakt

KRIK-Etne

Kl. 18:00 – 18:15: Pause med frukt

Tilbod for 9. klasse og oppover. Oppstart vert kunngjort seinere i Grannar. Kontaktpersonar: Elisabeth Vae Haaland og Liv Sigrun Kringlebotten, tlf 942 02 649.

Kl. 18:15 – 19:00: Øving frå 3.klasse

KFUK-KFUM speidarane

Øvingskveldar (torsdagar) hausten 2009: 3/9, 17/9, 15/10, 29/10, 12/11, 26/11, 10/12.

DESEMBER 10. Tripp-Trapp. Faste møte, når det ikkje er andre tilstellingar: Onsdag: bønemøte kl.19,30 Søndag: sang , bøn, vitnemål, kl.19,30. Ikkje møte søndagar når det er gudsteneste. Barnekoret i Skånevik held fram med øving torsdagskvelder i partalsvaker (unntak v. 40) bedehuset. Frå hausten vil me dele opp borna slik at dei yngste øver først og avsluttar med fruktpause. Dei største møter til fruktpausen og øver etterpå. Før sommaren hadde me ein inspirerande avslutning med besøk av Odd Jacobsen. Mange møtte fram til minikonsert. Me har mange sangglade born i Skånevik. Vonar mange vil halde fram til hausten. Til neste vår skal me vere med på gospelfestival med Seven-jentene. Dette gler me oss til. Hjarteleg velkomen alle born frå 5 år og oppover !

Småspeidarane - frå 3.-4. klasse Annakvar tysdag kl 17.30-19.00 Kontaktperson: Marta Onstein tlf 53 75 46 02 Felles møtetid annakvar onsdag kl 17.30-19.30 Jentespeidarane - frå 5. klasse og oppover Kontaktperson: Ingunn Frette tlf 53 75 65 70 Gutespeidarane - frå 5. klasse og oppover Kontaktperson: Atle Aas tlf 53 75 46 02 For program: www.etnespeidar.com

Etne Nettkafè

For ungdom frå 7. klasse og oppover Annakvar fredag på Enge bedehus Aktivitetar: Internett, X-box, biljard, bordtennis, pizza, kiosk, samling m.m. Siste halvtimen ryddar og vaskar me. Nettside: etne-nettkafe@piczo.com (google-lenk)

11


Kyrkjeposten - informasjonsblad for Etne og Skånevik sokn

GUDSTENESTER i Etne og Skånevik sokn 16.08. 11. s. e. Pinse. Stødle kl. 11. Prost Theodorsen og Mæland. Avskjedsgudsteneste. Offer: Ny kyrkje

20.09. 16. s. e. Pinse. Skånevik kl. 11. Grønnevik. Hausttakkegudst. Nattv. Offer: KN.

23.08. 12. s. e. Pinse. Skånevik kl. 11. Prost Theodorsen og Harald Grønnevik. Insetjing av ny prest. Nattv. Offer: Sjelesorginst. Modum

20.09. 16. s. e. Pinse. Stødle kl. 11. Stølsnes. Hausttakkegudst. Nattv. Offer: NOREA.

01.11. Helgemesse. Stødle kl. 11. Stølsnes. Nattv. Offer: MF. Skånevik kl. 18. Grønnevik. Nattv. Offer: ?. 08.11. 23. s. e. Pinse. Grindheim kl. 11. Stølsnes. Nattv. Offer: ?.

23.08. 12. s. e. Pinse. Borfjellet kl. 13.30 Friluftsg. Sauda/Etne.

27.09. 17. s. e. Pinse. Grindheim kl. 11. Grønnevik. Nattv. Offer: KRIK.

30.08. 13. s. e. Pinse. Grindheim kl. 11. Grønnevik. Konfirmantpresentasj. Offer: Konfirmantbiblar

04.10. 18. s. e. Pinse. Markhus kl. 11. Grønnevik. Hausttakkefest. Offer: UNICEF.

15.11. 24. s. e. Pinse. Skånevik kyrkje kl. 11. Grønnevik. Nattv. Offer: Norsk misj. i Øst.

06.09. 14. s. e. Pinse. Skånevik kl. 11. Grønnevik. Konfirmantpresentasj. Offer: Misjonsalliansen

Frette kl. 17. Stølsnes. Nattv. Offer: ?.

22.11. Siste s. i kyrkjeåret. Gjerde kl. 11. Fam.gudst. Stølsnes. Utdeling av 4-års bok. Offer: IKO.

Fjæra kl. 17. Kåre Stølsnes. Konfirmantpresentasjon. Nattv. Offer: Normisjon. 13.09. 15. s. e. Pinse. Enge bedehus kl. 11. Generasjonsgudst. Gerd Elin (ansvar)og mus.gruppa. Barnas dag. Offer: S.skulen, krinsen. Kyrkjekaffi. Soknerådsval. Skånevik kyrkje kl. 18. Aftansong. Vik.prest Stølsnes. Soknerådsval.

11.10. 19. s. e. Pinse. Skånevik kl. 11. Stølsnes. Nattv. Offer: Blå Kors. 18.10. 20. s. e. Pinse. Enge bedehus kl. 11. Generasjonsgudst. Pål Dale og mus.gruppa. Nattv. Offer: Barne- & U-arb. Kyrkjekaffi. 25.10. Bots&Bededag. Gjerde kl. 11. Stølsnes. 25.10. Bots&Bededag. Skånevik kl. 18. Grønnevik. Offer: Israelsmisj.

08.11. 23. s. e. Pinse. Fjæra kl. 17. Stølsnes. Offer: ?.

29.11. 1 s. Advent. Skånevik kl. 11. Fam.gudst. Grønnevik. Utdeling av 4-års bok. Offer: Barne & U-arb. Stødle kl. 19.00. Lysmesse. Grønnevik og konfirmantar. Offer: Ny kyrkje. 06.12. 2 s. Advent. Gjerde kl.11. Grønnevik. Nattv. Offer: Sjøm.misj..

13.12. 3 s. Advent. Grindheim kl.11. Stølsnes. Nattv. Offer: Hvite Bånd 13.12. 3 s. Advent. Skånevik kl.18. Julekonsert. Andakt: Stølsnes. Kollekt; Fam & Medier. 20.12. 4 s. Advent. Ebna bedehus kl. 11. Grønnevik. Offer: ?. 24.12. Julaftan Fjæra. kl. 14.00. Grønnevik. Offer: Beit Jala Grindheim kl. 14.30. Stølsnes. Offer: Beit Jala Gjerde kl. 16.00. Stølsnes. Offer: Beit Jala Skånevik. kl. 16.00. Grønnevik. Offer: Beit Jala 25.12. Juledag Stødle kl. 12. Stølsnes. Offer: NMS Skånevik kl. 12. Grønnevik. Offer: NMS 26.12. 2. Juledag Frette kl. 11. Stølsnes. Nattv. Offer: NMS 31.12. Nyttårsaftan Skånevik kl. 17, Grønnevik. Offer: Diakonien

50-års konfirmantar 2009

Laurdag 23. mai møttest 50-års konfirmantane til ein mimrekveld i den nye barnehagen på Grindheim. Dei kosa seg med god mat og livleg prat. Minnene var mange og varierte. Somme hugsa replikkar og tema som sokneprest Jørgen Huseklepp hadde innprenta dei! Mest hugsa dei pugging av salmevers!

12

50-års konfirmantane var også med under gudstenesta i Stødle 24. mai. Det var her dei blei konfirmerte, og det var ein konfirmasjon som var grundig – og drog lenge ut!! Under presentasjonen fortalde Nils Grindheim (mangeårig kaptein i utanriksfart) gemyttlig kva som hende då han ikkje hugsa salmeverset han skulle kunna til ein konfirmanttime: Han blei kalla høgtidleg inn til møte i prestegarden der han ramsa opp for Huseklepp: ”Han tek ikkje glansen av livet...”. Sykkelturen var lang, men den gav full oppreisning! Nils kunne leksa på rams! Tore Harboe helsa på vegne av flokken. Me vonar det kan bli slike 50-års samlingar kvart år framover. Kyrkja vil gjerne bidra og vera ramme om minnene dykkar! Ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret!


Kyrkjeposten - Etne og Skånevik nr. 2-09.