Page 1

Nr. 2 - Juni 2010 - 52.Årg.



KYRKJEBLAD FOR VÅGSØY

Kontakten

Nord-Vågsøy • Sør-Vågsøy • Totland

Han lar meg ligge i grønne enger ; han fører meg til vann der jeg finner hvile. Salme 23

grønne enger

Konfirmant 2010

Møte med...

Audun og Joar er, saman med Kåre Myhre, dei som sørger for at grøntområdene rundt kyrkjer og kyrkjegardar i Vågsøy er stelte.

Eivind Førde Kupen vart konfirmert 2. mai i Sør-Vågsøy kirke.

Vi er på besøk med ”Slinningane” – dei som for fleire generasjonar Vågsøyværingar går under Herr og Fru Slinning.

SIDE 6-7

www.vagsoy.kirken.no

SIDE 5

SIDE 12-13




Andakt

Åses hjørne

REDAKTØREN HAR ORDET Kan vi velje å tru? Ferietid, sommar. Tid for noko anna. Eit etterlengta avbrekk. Etterlengta sol og varme. ”Han lar meg ligge i grønne enger, han fører meg til vann der jeg finner hvile.” Det er David som syng om Gud, slik han opplever det. Det høyres deilig ut å ligge i grøne enger, tygge på eit strå, ikkje engste seg for orm eller flått eller ekle vevkjerringar, eller om ein blir våt etter siste regnskur. Bare nye stillheta, sjå blomar og strå som bevegar seg stilt, gjerne med besøk av ei humle eller ei marihøne. For kyrkjegardsarbeidarane sin ro bør graset vere slått. Eg synest det er fint med uslått gras og mange sortar sommarblomar som har fått blomstre fritt. For andre er det vatnet som gjev mest kvile – i båten, med fiskeutstyret, ved årane, eller bare ved å sitje og sjå utover. Stilt vatn, bølger, krusningar. Kva er ferie for deg? Når føler du at du virkelig får koble av, og få nye krefter til kvardagen som ventar? Er det ved å ligge i grøne enger eller ved kvilens vatn? Eller ved å vere i bevegelse? Å vere i ro, eller å reise? Eller begge deler? I dette kyrkjebladet får du vite litt om kva som er ferie for Anne Marie og Arnfinn Slinning, og kva tips kyrkjegardsarbeidarane har for å halde plenen grøn. I neste nummer vil vi tenke grønt på ein litt annan måte - og også i dette bladet finn vi ei grøn oppfordring gjennom det Joar og Audun fortel om søppelsorteringa på kyrkjegardane.

Korleis er det med å tru på Gud og Jesus? Er tru noko som kjem automatisk for dei som er døypt? Er det noko som tilfeldig slår ned i enkelte? Er det noko vi kan velje? Trua kjem ikkje automatisk fordi ein er døypt. På same måte som at livsmeistring kjem ikkje automatisk fordi ein er fødd. Den nyfødde må høyre, lære, prøve og erfare for å kunne lære seg å meistre livet. Barnet må lære seg å snakke, å gå, å ete sjølv og å vere god mot andre. Ingenting av dette kjem av seg sjølv. Slik er det òg med den som er døypt, og fødd på nytt inn i Guds familie. Den nye medlemmen i Guds familie må høyre, lære, prøve og erfare for at trua skal vekse og ein kan få sitt eige forhold til Jesus. Det står i Paulus` brev Rom, 10: „Kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst“ Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at nokon forkynner? Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje blir utsende? Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord. Trua kjem av bodskapen ein høyrer. Trua kjem når ein høyrer bibelforteljingane og har eit ope hjarte. Det er

KONTAKTEN

derfor vi har trusopplæring i kyrkja. Vi vil ta vår del av ansvaret for at borna skal få høyre Guds ord – som er Bibelen, få lære å be og få delta i den kristne fellesskapen. Vi deler ut materiell som familiane kan bruke heime, både bøker, CD-ar og Bibel. Slik vil vi støtte heimen i å snakke om den kristne trua. For det viktigaste for borna si tru, er kva som skjer heime. Snakkar de om Jesus heime? Ber de kveldsbøn? Foreldra og besteforeldra er dei viktigaste trusmedarbeidarane i barnet sitt liv. Fortel de til borna at de trur på Jesus, og ber de med dei – så er det store sjansar for at borna vil velje same veg som dykk. Det treng ikkje vere vanskeleg å snakke om tru heime. Tre enkle tips, er: Bordbøn, kveldsbøn og barnebibel. Gjer det til ein vane å synge for maten, å takke Gud for det vi har. Å be eller synge kveldsbøn er ein trygg og god avslutning på dagen, og barnebiblar med fargebilete er veldig spennande for born. Ja, vi kan velje å tru. Vi kan velje å lese og høyre frå Bibelen, slik at trua vår kan vekse. Vi kan velje å be, vende oss direkte mot Gud med spørsmål, tvil og undring. Gud høyrer alltid, og han svarer på bøn. Vi kan velje å tru, vi kan velje å søke Gud. Dette gjeld alle, både barn, unge, vaksne og eldre.

Vågsøy sokneråd, pb 33, 6701 Måløy Soknerådsleiar: Dag Almenning, 6713 Almenningen Tlf. 57852582/ 90947872 Kyrkjekontoret: i nye Rådhuset. Pb 33, 6701 Måløy Tlf. 57845170. Faks 57845171 E-post: sokneraad@c2i.net Heimeside: www.vagsoy.kirken.no Tilsette på kyrkjekontoret: Kyrkjeverje: Stein Robert Osdal mobil 48146505 e-post: stein.osdal@vagsoy.kommune.no Sekretær: Rita Solheim Endal e-post: rita.endal@vagsoy.kommune.no Kapellan: Trond Hatlevik Borg mobil 45043049 e-post: trond.borg@vagsoy.kommune.no Kyrkjelydspedagogar: Heidi Bjørnholm, tlf. 57845177 Marte-Iren Lade mobil 47365959 e-post: marte.lade@vagsoy.kommune.no Sølvi Hopland Aemmer (morspermisjon) Kyrkjemusikarar: Hans-Joachim Schüttke mobil 41510393 e-post: schuttke.organist.maloy@gmail.com Alice Teunis mobil 91861762 Tilsette i kyrkjene: Reinhaldar: Miran Wasta, mobil 97509391 Kyrkjetenar i Sør-Vågsøy og Nord-Vågsøy: Heinz Aemmer, mobil 94181317 Kyrkjetenar i Totland: Åse Falkevik, mobil 90965524

Marte-Iren Lade, kyrkjelydspedagog

Kyrkjegards-arbeidarar: Joar Kvamme, mobil 97170150 Kåre Myhre, mobil 91791281

Framside-bilde

Leder KLU: Sør-Vågsøy: Helge Hafsås Nord Vågsøy: Karen B. Eide Totland: Tove Holvik

UTGJEVAR: Vågsøy Sokneråd, postboks 33, 6701 Måløy. Tlf.: 57845170. REDAKTØR: Sølvi Hopland Aemmer, tlf 95240487. solvi.hopland@ulvesundfyr.no LAYOUT: Heinz Aemmer. TRYKK: Trykkservice A/S, Knarvik.

Sølvi Hopland Aemmer Grønne enger i Dolomittene



Glimt frå livet Er du glad, er eg glad i dag? Ein vanleg fredagsmorgon? Kan du med godt samvit seie at du er glad, ordentleg glad i dag? Eg veit ikkje korleis du som les dette, har det inni deg akkurat no. Sjølv er eg ikkje så veldig glad så tidleg på morgonen. Eg er framleis trøytt, sliten og halvsur etter ei uroleg og til dels søvnlaus natt. Eg står ved kjøkkenbenken og ser ut. Ser natta og mørket må vike for lyset og ein ny dag. Himmelen er klår, utan ei sky. I aust tek fjella til å få ein svak gyllen farge. Eit bilete på fred og harmoni. På stovegolvet puslar tre små born. Puslar med seg og sitt. Fred og harmoni – så lenge det varer. Brått er det vilt kaos på golvet. Slik er det med oss også. Ei lita stund er eg fylt av den freden eg ser utanfor glaset, men ei stund seinare er alt inni meg i fullt kaos. Som med borna på golvet. Kvifor vert vi ofte uglade og misnøgde? Vi har då så mykje å vere takksame og glade for. Veit du, eg trur det er fordi vi masar og

kavar heile tida. Jagar etter noko nytt, alltid på jakt etter noko! Så gløymer vi det viktigaste. Vi gløymer Jesus, og våre medmenneske. Vi gløymer å leve, det er så mykje anna som må gjerast først. Det vert smått med samlingar kring Guds ord, berre spreidde kyrkjeturar i ny og ne. Freden og gleda vert borte, mismotet vert tyngre for kvar dag – for Jesus er borte. Lat oss ta ein pause – tenkje oss om! Før det vert for seint! Det går an å starte på nytt – saman med Jesus. Gå til Han med alt som tyngjer. Slepp Han på nytt inn i hjarte og sinn. Eller for å seie det med Fanny Crosby: Gå til Jesus, kvar og ein Ved hans kross er rom. Sei han synd og sorg og mein Ved hans kross er rom. Redde sjel, jag bort din tvil Or di naud han hjelpa vil. Når du han høyra vil Ved hans kross er rom. Åse Falkevik




Frå Soknerådet

Utviding av Holvik gravplass

Prestevikar i boks!

Maling av Nord-Vågsøy kyrkje

Endeleg vart fyrste spadetak satt i jorda i Holvik og den etterlengta utvidinga av grav-plassen kunne starte. Når den er ferdig i haust vil vi få 190 nye graver og eit mykje finare område. Område som vert utvida vert i forlenginga av den eksisterande gravplassen. Vi kjem i tillegg til å utvide parkeringsplassen, samt skjerme driftsavdelinga med hekk. Beplantninga som er planlagt i Holvik vil forandre omgjevnaden ein del. Av nye planter og tre som vert planta er hengebjørk, rogn, blomstrande kirsebærtre, sypress, japanlerk, furu og mange busker i lav vekst. Beplantninga skal gjere det trivelegare å vere på gravplassen, du kjem meir i ly for omgjevnaden. Område rundt vert inngjerda med tregjerde. Det er planlagt belysning frå hovudporten og innover prosesjonsvegen, dette vil gjere det enklare å besøke gravplassen om kvelden i den mørke årstida. Vannpost og behaldarar for avfall og kompost vil verte plassert strategisk midt i den utvida område ved prosesjonsvegen slik at det ikkje vert langt å gå for å hente vatn.

Frå ungdomsfronten

Konfirmant 2010 ske sterkt inntrykk på meg. Når vi fyrst begynte å snakke om det, begynte eg å tenke på kor vondt folk kan ha det.

I skrivande stund vert Nord-Vågsøy kyrkje malt kvit. Malarmeister Gunnar Gunnarson frå Loen har ansvar for dette arbeidet. Soknerådet har lyst å takke alle som har bidratt med pengegåver til dette arbeidet. Saman med innsamla midlar frå tidlegare år har soknerådet samla fått inn nesten 160 000 kr. Eit imponerande resultat når vi tenker på kor mange som soknar til kyrkja.

I slutten juni kjem Kaare Michael Christoffersen til Vågsøy for å vere vikarierande prest i eit heilt år. Han er 26 år gammal, kjem frå Grimstad, og studerer teologi på Menighetsfakultetet i Oslo. Denne våren har han fullført menighetspraksisfaget, og er dermed nettopp ferdig med sitt tredje år på Cand. Teol studiet. Han gler seg til å komme til Vågsøy.

Stein Robert Osdal, kyrkjeverje

Vi ser fram til ferdigstilling. Stein Robert Osdal, kyrkjeverje

OVERNATTING - FYRKAFÉ - AKTIVITETAR

LIGHTHOUSE

Kafé kvar dag 11-21 (14. juni - 16. aug.) Middag på bestilling.

www.ulvesundfyr.no info@ulvesundfyr.no Fyret (+47) 578 51 777 Mobil (+47) 952 40 487

- Korleis var det å gå med bøsser under fasteaksjonen?

- Det som gjorde mest inntrykk var kor mange som sa nei til å gje, det var faktisk ein god del. Nokon treng kanskje pengane sjølve, andre føler kanskje ikkje for å gje. Og kor mange som ikkje har kontantar, bare bankkort.

Eivind Førde Kupen vart konfirmert 2. mai i Sør-Vågsøy kirke. Han bur på Hjertenes, og høyrer dermed til ”krinsane”. Vi spør han korleis han har opplevd å vere Vågsøy-konfirmant.

Eivind lyser opp når han får spørsmålet. - Det var utruleg kjekt, spesielt på fyrdøgnet når han Trond skulle skremme oss, men han sjølv vart skremt. Gruppa mi gjekk bak han og skremte han, så han kvopp og sa ifrå om at det var han som skulle kveppe oss og ikkje omvendt. Den største nedturen med heile greia var at det ikkje blei nattcup. Elles hugsar eg jo godt både superlørdagar og tenklubbkveldar, og eg har hatt det kjekt heile året. Trond gjekk forresten litt stivt på konfirmasjonsdagen når vi skulle gå ut i prosesjon, som om han hadde hatt ei skikkelig hard treningsøkt og ikkje tøygd ut.

Ta godt imot han!

Ulvesund Fyr

- Har trua di blitt sterkare dette året? - Eg trur like mykje og på same måte som eg trudde før, det har ikkje forandra seg noko.

Mange har nemnt at dette burde vert eit offentleg ansvar. Dei har delvis rett i dette, men historisk har kyrkja vore eit ansvar som låg til innbyggjarane i kommunen. I framtida bør vi nok belage oss på at ein har fleire innsamlingar for å få realisert rehabiliteringsprosjekt på kyrkjebygga. Takk for alle bidrag som soknerådet har fått og vel møtt til jubileumssøndagen 27. juni.

Kvalheim & Vedvik AS Raudeberg www.solfisk.no

Klippfisk – Saltfisk – Tørrfisk

Tlf.: 57 85 52 03 Mob.: 48 28 83 73 E-post: s.refvik@online.no



Eivind fekk omtale i Fjordenes Tidende då han drog i gang eit alternativ til nattcupen. Han synest det var utruleg kjekt. Det var rundt 120 ungdommar som vart med, frå 8. klasse til vidaregåande. Ein god del av konfirmantane kom også. I tillegg er han valt ut som eit forbilde for andre ungdommar gjennom MOT-prosjektet på ungdomsskulen, noko som også kom i Fjordenes Tidende. Han er ikkje

Foto: Sølvi Hopland Aemmer

redd for å stille opp til intervju i kyrkjbladet.

– Eg synest det er viktig å seie meininga si, seier han. - Har du fått med deg noko for seinare i livet, gjennom konfirmasjonstida? - Det har eg ikkje tenkt over, egentlig, seier han, og fortset: Eg syntest det var noko interessant og kjekt i alt vi lærte. - Har du pugga?

- Ja, vi pugga dei ti bud, den lille bibel, fadervår, trosbekjennelsen, kjærlighetsbudet og dåpsbefalinga. So no kan eg det. Eg likte best Fader Vår. Eg kunne nesten heile frå før.

- Følte du noko spesielt når du knelte og blei bedt for på konfirmasjonssøndagen? - Nervøsitet, kjem det kontant. - Eg var den fyrste som skulle fram. Og så følte eg gleda av å komme ned igjen og vere ferdig. Det letta ein god del på trykket. Elles var det sjølvsagt litt spesielt å bli bedt for. Det er jo ikkje noko som skjer kvar dag.

- Spesielle episoder du har lyst å fortelje om? - Det var ein tenklubb på fyret då vi snakka om folk som hadde rusproblem, og alkohol og narkotika. Det gjorde gan-

- Tenker du sånn: No er eg ferdig som konfirmant, då er eg ferdig med kyrkja?

- Nei, du blir ikkje ferdig med kyrkja før du er død, tenker eg. Eg kjem no til å gå i den. Ein skal gjerne gifte seg og døype barn i kyrkja, og så er det begravelsar. Gudstenester er ikkje noko eg går på frivillig. Eg treng litt lenger søvn på søndagar, for heile vekene er det jo opp klokka sju og fare på skulen, kvelve i seg middagen, og så går kvelden med til lekser og gjerne ut og lufte seg ein tur. Gudstenestene kunne vore litt seinare på dag for min del, og gjerne ikkje fullt so seriøst eller kva eg skal seie, det er bare snakk om Gud og Jesus og disiplane og alle dei andre heile tida. - Korleis skulle ei gudsteneste vere viss du fekk bestemme?

- Litt meir gospelkor, eller nokre ungdommar som syng, ein slags minikonsert midt inne i, for eksempel, med ungdommar frå kommunen. Dei kunne jo sjølvsagt ha snakka om Gud og Jesus, men helst ikkje heile gudstenesta. For eksempel kunne dei fortalt meir om korleis pengane dei samlar inn, blir brukte. - Kunne du tenkt deg å vere konfirmant ein gong til?

- For gavene si skuld kunne eg gjerne konfirmert meg ein gong til, smiler han fornøgd. – Men ikkje for undervisninga, sjølv om det var kjekt. Eg er ferdig, då er eg ferdig.

Av Sølvi Hopland Aemmer




Grønne enger...

Grønne enger...

Jobbar i grøne enger - Vi har grøne fingrar, seier Audun Sjåstad og ler.

- Ja, dei blir i alle fall grøne, humrar Joar Kvamme og ser ned på nevane sine. Dei to kyrkjegardsarbeidarane har arbeidsdressar fulle av malingsflekkar, fregnete og brune ansikt, og hender som ikkje er redde for å ta i eit tak.

- Det virkar som de har det kjekt ilag?

- Ja, det har vi. Litt fritt, og vi kjem oss litt rundt. - Vi slepp å ta solarium, og vi får frisk luft heile året, smiler Audun.

Audun og Joar er, saman med Kåre Myhre, dei som sørger for at grøntområdene rundt kyrkjer og kyrkjegardar i Vågsøy er stelte. I alt ni kyrkjegardar skal stellast og slåast sommarstid, frå Totland, via Husevåg til Kråkenes. I går var dei fyrst på Raudeberg og avslutta ei lita vekes arbeid med å slå, deretter på Kråkenes. – Det var 16-17 grader og bare liten bris, og heilt fan-

tastisk. Eg kunne gå i bar overkropp, seier Audun.

keltpersonar seier ”her var det verkeleg flott”, seier Joar og gyngar litt med foten. Tjukkelestene tek stor plass i kloggane.

Denne dagen er det ikkje fullt så varmt, og dei er godt kledde. Dei har starta - I fjor på Totland var det ei dame som dagen på kyrkjegarden i Måløy, og er no var der og stelte grava, som kom bort og i full gang i Vågsvåg. Vi har fått dei til å sa at det var skikkeleg fint slege. Då vart ta seg ein liten pause på benken. – Ja, det eg glad, seier Audun og smiler. er mykje å fare over, seier Audun. – Men eg blir aldri lei av å slå! smiler han. – Og alle synest det er viktigast at det blir slege akkurat no akkurat der dei bur, humrar Joar. – Dei hine får heller vente, det er visst ikkje så nøye med dei. – Vi skulle helst ha vore alle - Graset må vere slege viss Joar (t.v.) og Audun skal slappe av i grøne enger. plassar på ein gong, legg Audun - Har de nokre gode tips til dei som stretil, og så ler dei godt. Humøret er var med å halde plenen sin grøn? det ingenting å seie på på ar- No sler vi med bio-klipp, og det er bra beidsplassen! for plenen, og veldig snerte for oss. Det - Får de mest kjeft eller skryt? går dobbelt så fort. Det er ei vifte under - Det er vel mest sånn at viss klipparen som pressar graset nedatt i graset er langt, får vi høyre det marka. Då gjødslar vi, samtidig som vi med éin gong. Men viss det er sler. Viss graset er langt og tjukt, legg heilt flott, høyrer vi ingenting. det seg oppå, så vi må rake etterpå. Men Det betyr at folk er fornøgde. der graset er passeleg langt når vi sler, Men det er alltid kjekt når enser du det ikkje att. Men ein må ikkje slå for langt ned. Det må vere att 2-3 cm.

Det store arbeidet for desse tre karane, er å slå rundt alle gravstøttene. Dei må slå fint med kantklippar rundt kvar einaste gravstøtte. Og dei har rekna seg fram til at det er rundt 6000 gravstøtter i kommunen. – Folk vil ha det fint slege rundt gravstøttene, men dei vil ikkje ha gras inn på. Det er vanskeleg å få til, er karane einige om.

Joar har jobba i 100 % som kyrkjegardsarbeidar sidan 1986. Kåre Myhre starta litt seinare, tidleg på nittitalet, og har no ein 40 % stilling, og jobbar dermed 2 dagar i veka. Audun har berre jobba her i 2 år, i 100 %. Elles i året er han lønna gjennom NAV, men i sommar har han sommarjobb og er lønna av kyrkja. Han trivest veldig godt med jobben sin, og med arbeidskameratane. – Eg likar å arbeide, sler han fast. - Kranglar de av og til om kven som skal slå med kantklipparen og kven som skal slå med bio-klipparen?

- Nei, vi kranglar aldri. Det fell heilt naturleg. Vi byter på det, seier Audun. – Men raking er det kjedeligaste, legg han til. I fjor kom den nye ordninga med krav til kjeldesortering på kyrkjegardane. Difor har dei sett opp tydelege skilt rundt søppelstativa. I Vågsvåg er den grøne kassa til kompost. Dei to andre søppelstativa er til restavfall. Likevel ligg det plastposar og plastpotter frå plantar oppi kompostdunken, og

visne blomar i restavfallet. Det ligg ofte også glaslykter oppi komposten. Dette får Joar og Audun ikkje lov å levere på søppelplassen før det er sortert. Dermed må dei sortere alt som ligg i søpla på gravplassane. På nokre gravplassar er bossdunkane så høge at dei må klatre oppi for å få sortert. – Vi brukar mange timar ekstra på dette. Tenk kor mykje vi kunne ha slege på den tida vi brukar på å sortere søppel! Det kan føles litt umotiverande iblant når dei som klagar på at graset er for langt, sjølve sinkar arbeidet vårt ved å ikkje legge søppelet der det skal vere. - Kva legg de i begrepet ”grøne enger”?

- Det høyrest godt og avslappande ut å ligge i grøne enger, seier Joar. - Men vi hadde nok følt oss mest rolege og tilfredse viss det var slege. Det hadde

 vore ein lettelse at det var gjort, seier Joar. Dei ser samtykkande på kvarandre. - Jobbar de heile sommaren? - Nja… vi har no litt ferie, vi óg…. Dei ser på kvarandre og ler.

Begge to fortel at dei tek ut nokre dagar om sommaren, og elles når det passar og er bra vér.

- Sommaren er jo den travlegaste tida, med all slåinga, og graving til gravferder som skal gå sin gang, seier Joar. - Kva er den beste form for avslapping og ferie for deg, Audun? - Når sola skin og det er lite mygg. Eg reiser litt vekk av og til, inn i landet, men er gjerne her. - Og for deg, Joar?

- Å ta seg ein tur på fjellet eller sjøen, korte turar i nærområdet. Av og til dreg eg på fjelltur eitpar dagar ilag med turlaget. Når du kjem ut i fjell og sjø kjem du vekk frå daglege gjeremål og tankar, og får roen i naturen. Og så kjem du gjerne i kontakt med andre folk, også. - De er ikkje blant dei mest synlege av dei kyrkjeleg tilsette?

- Jobben vi gjer er slik at når vi gjer den, er vi usynlege, og når vi ikkje gjer den, blir vi synlege, sier Joar, og Audun nikkar. - De skulle ha streika, då… Dei ler godt. – Vi manglar streikevilje, seier dei.

Av Sølvi Hopland Aemmer




STØRST AV ALT

STØRST AV ALT



Pilegrimsvandring for 6. klassingar

Utmarkstur til Kvalheim

Ein pilgrim frå middelalderen dukka opp i år også, og viste vegen mot Selja.

Trusopplæringa, Størst av alt, inviterer kvart år treåringane på utmarkstur. Målet med turen er at familiane skal få kome ut til ei bygd i lokalmiljøet, ha det kjekt i lag, oppleve dyr på nært hald og få høyre bibelforteljingar. Laurdag 29. mai var 16 treåringar med familie samla på Kvalheim. Med knallblå himmel og ope hav så langt ein kunne sjå, viste bygda seg frå si beste side. Sigbjørn Kvalheim og Magnus Grimeland stilte dyr og mark til disposisjon, så vi fekk sjå både sauer med lam og kalvar og kyr. Etter fesjået, fekk dei som ville ta ein runde rundt på marka bak i hengaren til ein firhjuling.

I løpet av turen var det seks postar. På kvar post var det litt undervisning og ei utfordring. Nokre klaga på vegen over at det var for langt, over vonde bein og gnagsår. Men alle klarte turen bra. Vèret var flott, for det meste sol. Det var ganske roleg i bussen på veg heim. Både elevar og vaksne var slitne og fornøgde etter ein dag med pilegrimsvandring.

Nede i fjøra venta bål og grilling av pølser. Sidan vi hadde fått sett mange flotte sauer, passa det godt med ei bibelforteljing og ein sau som var kome vekk frå flokken sin. Treåringane fekk vere med å leite etter den bortkomne sauen og vi fekk høyre om Jesus som er den gode gjetaren som alltid vil passe på oss og leite etter oss.

Kryssing av Vaulevatna

Under pilegrimsvandringa for 6. klassingar torsdag 27. mai var nærare 40 pilegrimar på vandring frå Rimstaddalen til Berstad. Det var 6. klassene frå Raudeberg og Skavøypoll som var på tur ilag med lærarar og to tilsette frå Kyrkjekontoret. I fjor var fyrste gongen vi hadde Pilegrimsvandring som eit tiltak i SSK-planen (Samarbeid Skule – Kyrkje). Dei fyrste 10 minutta vandra dei utan ein lyd. Det var uvant for 6. klassingane å gå på tur ilag med klassekameratane sine utan å snakke, men dei takla det bra.

Etter at pølser og brød var fortært, handla det til slutt om dyr som i alle fall ikkje finnes på Kvalheim, nemleg løver. Mange flotte løver i modelleire vart satt saman til ei heil løvehole, og vi lærte om Daniel som vart kasta i løvehola, men som vart beskytta av Gud.

Ein ekte pilegrim frå middelalderen dukka opp!

Heidi Bjørnholm, kyrkjelydspedagog

FRILUFTSDAG PÅ VÅGSBERGET Her kjem nokre glimt frå Friluftsdagen på Vågsberget 14. mai. Det var fokus på båtliv, fjære og sjø. Bibelforteljingar med tilknytning til livet ved sjøen vart brukte. Trivselen var stor!

Eittåringen vår i år, Oline, organiserte aktivitetar for sjuåringane.

Gjengen

Matpause


10

Konfirmasjon

Konfirmasjon

11

Fotos: Fotografen Terje Hamre


12

Møte med...

Går i grønne enger

Då var det godt å ha lærarferie om sommaren.

Vi er på besøk med ”Slinningane” – dei som for fleire generasjonar Vågsøyværingar går under Herr og Fru Slinning. No er dei pensjonistane Arnfinn og Anne Marie. Sommarkledde, brune og fregnete tek dei hjerteleg imot oss utanfor døra i heimen sin i gate 7. Anne Marie likar blått, og den turkise, sporty jakka framhevar det solbrune og glade ansiktet. Lekre, turkise sjal er det fyrste som møter oss i gangen, og i stova er det gode stolar og sofaer i andre blåtonar. Arnfinn går som oftast i jeans, og i dag er han optimist med korterma skjorte. I stova har dei dekka med eplekake og rips frå eigen hage, og Anne Marie har laga to termosar med kaffi. Arnfinn og Anne Marie blei pensjonistar i 2005. Då hadde dei jobba som lærarar ved Vågsøy Ungdomsskule frå dei kom hit til kommunen i 1965. Arnfinn som lærar i kunst og handverk – og litt som klassestyrar i starten – og Anne Marie som allmennlærar. Ho underviste mest i norsk, kristendom og matematikk. Etter ei tid vart ho inspektør, og dei siste fem åra var ho rektor. – Eg har vært klassestyrar for ein bråte Vågsøy-elevar opp gjennom tidene. Eg syns det har vært ein veldig kjekk elevflokk, eg er privilegert som har fått vært lærar på Vågsøy Ungdomsskule. Vi hadde eit flott kollegafellesskap. Og vi har hatt god kommunikasjon mellom lærarar og elevar. Eg syns eg har lært forferdelig mye av elevane. - Då eg var 65, følte eg at nok var nok, seier Arnfinn. – Eg dreiv barne- og ungdomsarbeid i 25 år, i tillegg til lærarjobben, og var veldig mykje heimafrå dei fyrste åra. - Eg må seie eg beundra han, seier Anne Marie. – Fyrst på sløyden med bank og dunk, og deretter på ungdomsklubb og Tensing og speider. Vi hang i klokkestrengen.

Ord som forferdelig (i positiv forstand), fenomenalt, fantastisk, utrolig og umåtelig kjem ofte over leppene til desse to, særleg frå Anne Marie, entusiastisk framført, og med gode, rolege smil. Ho snakkar mest utad, men i følge henne pratar Arnfinn meir når dei er åleine. Han humrar litt til det. - I Ordspråkene 11:25 står det: ”Den som sprer velsignelse, trives, den som kvikker opp andre, blir oppkvikket selv.” Dette hadde eg som motto i mange år i skulen. Eg har alltid syntest at å dele vers eller visdomsord med både elevar og kollegaer har vært fint. – Ja, ho har ein heil haug, kommenterer Arnfinn. - Arnfinn, korleis var det å vere kollega med kona di i førti år, ikkje minst når ho avanserte til rektor og blei sjefen din? - Vi var jo eit stort kollegium, med tretti tilsette, så eg merka det nesten ikkje. Vi hadde ulike fagkretsar også, så vi sat ikkje ilag og planla. Det gjekk heilt fint. Vi tok ikkje med oss jobb-problemer heim. Men eg har aldri laga så mange middagar som etter at ho blei rektor. Ho holdt som regel ikkje middagsavtalene, for ho blei sittande og jobbe utover. Elles har vi aldri hatt problem med ”makt-fordeling” i heimen. Når barna var små, var eg ofte på kjøkkenet. - Vi sat jo aldri planta saman i matpausar og styr og vesen, seier Anne Marie. - Sjølvsagt har du makt som rektor og leder, men eg opplevde det aldri som eit problem, verken heime eller på jobben. Her heime har eg baka og han ordna bil, og elles har vi delt alle roller og samarbeida heile livet. Anne Marie og Arnfinn har kjent kvarandre sidan Anne Marie var 15 år og han 18. – Han følgde meg heim etter eit konfirmasjonsselskap, smiler ho og ser framleis forelska ut. - Ja, det var jo av rein høflighet, ertar han. Anne Marie ler hjerteleg. – ”Har du slekt her oppe?” spurte eg han då vi svinga inn frå Borgundvegen. Ein annan gong han følgde meg heim i regnvéret,

Møte med... spurde han om han skulle bere paraplyen for meg. ”Nei, eg klarer det sjølv”, sa eg. Eg var nok eit håplaust tilfelle. Ho ler lenge, og Arnfinn humrar og ler. – Ho var nok det, bekreftar han, og ser ut som han framleis er stolt over at han klarte å kapre henne. Dei vart ikkje eit par før Arnfinn var 19 år og skulle i militæret. – Då spurde han meg om eg ville vente på han, og det var eg heilt overbevist om at eg ville, fortel Anne Marie. Dei to hadde blitt godt kjende gjennom den kristne ungdomsklubben Ynglingen i Ålesund, der Arnfinn var leder. – Så vi har jo levd oss godt i hop, seier dei. - Og no lever de pensjonsttilværelsen ilag – korleis ser den ut? - Vi prøver å leve sunt og sosialt. Vi er mykje ilag med tidlegare kollegaer, og med naboane. Vi har både filmkveldar og spelekveldar. Og så reiser vi mykje, gjerne ilag med venner. Og vi besøker barna og barnebarna våre, det er veldig viktig for oss. Når vi er her heime, lagar vi oss rutiner, og det er ein heilt bevisst strategi for å ha god helse, fysisk og psykisk. Det er enormt viktig når ein kjem opp i vår alder. I åtte-tida et vi frukost ilag, og så går vi i trimløypa eller på fjellet, uansett vér. Det er han Arnfinn som lagar frukost, det har han alltid gjort. Han lagar nyyydelig frukost. Alltid kokt eller steikt egg, eller omelett. Han begynner aldri på frukosten før meg. No er det herlig å ha god tid, nesten som å ha søndagsfrukost kvar dag, seier Anne Marie begeistra. - Vi har trimsykkel, men den er lite brukt. Det må vere viss det er full storm. Vi likar så godt å vere ute, fortel Arnfinn, som stadig trakkar litt rundt i stua og følger med på kvar sola befinn seg bak skyene. Anne Marie fortset: - Vi blir så fornøgde av det. Få bruke kroppen. Og så er det veldig sosialt å gå i trimløypa, der er det alltid folk. Vi hadde lyst å halde oss i form også som pensjonistar, slik at vi kunne realisere eindel drømmar vi har hatt om å sjå ulike stader. Vi har reist mykje dei siste åra, i Europa. Gjerne gjennom SI-reiser og andre reiseselskap. No er vi på Gran Canaria i heile januar kvart år, det er

blitt han Arnfinn sin favorittplass. Det er utrulig kjekt. Der møter vi mange Vågsøy-væringar også! Arnfinn blir ivrig, og kjem og set seg att. – Der er flotte fjellstiar innover til vardane, og vi går mykje i fjellet der. Det er så fin og jevn temperatur, rundt 23 grader heile året. Elles var eitt av høgdepunkta pilegrimsleden til Santiago de Compostella. - Det var ein opplevelse. Vi gjekk frå morgon til kveld, og hadde samlingar ved starten og slutten av dagen. Menneske frå alle verdens kantar, med kvar sin beveggrunn til å gå. Anne Marie snakkar seg varm, ho kunne fortalt lenge om dette. Arnfinn byrjar å tappe litt rastlaust med fingrane på armlenet, før han reiser seg og surrar litt rundt i stua. Han ser ut. - Får ikkje av og til ein av dykk leidebyge av den andre, og får lyst å gå åleine i trimløypa, for eksempel? - Nehei… ler Arnfinn og ristar på hovudet. – Nei, då hadde… Nei! - Nei, vi har det så kjekt ilag, atte…, seier Anne Marie. – Vi har så masse å prate om. Vi har jo umåtelig masse fine minner. Og vi gjer alt ilag. Vi besøker barna våre og passar barnebarna, og besøker vennar rundt om i landet. Vi pussar opp huset, og vi hjelper barna våre når dei treng hjelp til oppussing. Vi har fellesskap i hagen vår her. Vi les bøker, og diskuterer bøkene… - Ja, vi les mykje, kommenterer Arnfinn. - Eg er veldig opptatt av både verdenssituasjonen og politikken generelt. Samfunnsspørsmål engasjerer meg veldig, seier han, og røper at han må sjå nyheter fleire gongar for dag. Dette engasjementet har smitta over på Anne Marie, også, og dei diskuterer gjerne politikk. - Vi synest alltid vi har mykje å snakke om. Høyres vi kjedelege ut?

13

spør Anne Marie, og dei ser på kvarandre og ler.

vi kan alltid, i gode og onde dagar, kvile i Guds hand med livet.

- Kranglar de av og til? - SELVFØLGELIG gjør vi det! seier Arnfinn. Han ler litt, og blir ståande framfor eitt av dei store stoveglasa og kvile i utsikta nedover Måløysundet, bortover til Bremanger, og i lyset frå sola som har kome fram. - Vi har lova å elske og ære kvarandre alltid, men ikkje å vere enige alltid, kommenterer ho.

- Eg vil no helst GÅ i grøne enger, seier Arnfinn, og no må han ut i sola. Han opnar veranda-døra, og vi går ut i den fine hagen, full av store rododendron og fristande rabarbra, med gode hagemøb lar i solveggen og ei utsikt dei er glade i.

- Kva er ferie for dykk, når de reiser så mykje elles i året? - Det er å vere saman med familien. Det er enormt viktig for oss. - Kva legg de i uttrykket å ”ligge i grøne enger”? - Det er så djupt at det må ho Anne Marie snakke om, seier Arnfinn. Ho tek utfordringa: - For meg dreiar det seg om trygghet, om å vere i Guds hand. Alle har same utgang på livet, og vi veit at vi ikkje alltid får ligge i grøne enger. Men

Anne Marie sender med meg eit dikt ho synest seier så mykje om forholdet deira.


14 Ho gav det til Arnfinn då han vart 60 år. - No blir han 70 til høsten, og eg kunne gitt han det igjen, seier ho, og deler utvalde vers av teksten, som Kristin Solli Schøien har skrive, med Kontakten sine lesarar. Vi bærer fram vår vev av livets dager til deg som skapte Den som vi har kjær. Velsign oss du, og gjør igjen det under som kjærlighet og livslang troskap er. Vi kneler ned i takk for dine løfter og vet at det vi lovet var for smått. Men dine løfter holder evig, Herre Vårt liv er vevd i håp som vi har fått. Vi takker deg for frokostbord og kvelder for dager fylt av hvile, fest og strev For tanker vi har delt, og alle minner som du har vevet i vår felles vev.

Agenda

Agenda

SELJUMANNAMESSE 2010

Sommar i soknet

7. - 28.tiljuli 2010 Sølvguttene Seljumannamessa 4. juli 2010

Jubileumsgudsteneste

2. internasjonale sommerkonserter

Vi har visst det ei stund, men no er det tid for å kunngjere det vidt og breitt: Sølvguttene med sin dirigent Fredrik Otterstad kjem til Seljumannamessa 2010. Dette blir sommarens høgdepunkt! Seljumannamessa er ei regional samling for Nordfjord og Søre-Sunnmøre, og er skipa til av Nordfjord prostiråd, sokneråda i Selje og Vanylven sokneråd.

og med retur etter gudstenesta. Det blir selt billettar på Nabben før båtavgang. Prisen er kr. 150 for vaksne. Barn under 12 år reiser gratis. Pilegrimsvandring torsdag 1.søndag 3. juli Årets pilegrimsvandring tek til tidleg torsdag morgon med ’bilegrimstur’ og båttur til steinkrossen på Svanøy og Kinnakyrkja. Dagen etter vandrar vi frå Rimstad – Berstadeidet - Selje, og laurdag er vandringa lagt til Selja og kloster-anlegget, m.a. med kort pilegrimsmesse i Sunnivahola.

2. Internasjonale sommarkonsertar Også denne sommaren blir det internasjonale sommarkonsertar.

Nord- Vågsøy kyrkje

Totland kyrkje

27.06.2010 11.00 Jubileumsgudsteneste Trond Hatlevik Borg

11.00 Seljumannamesse 11.07.2010 11.00 Høgmesse

7. juli kl. 19.00 i Nord-Vågsøy kyrkje; med kammerkor pro-musica-bremen.

18.07.2010

14. juli, kl. 19.00 i Sør-Vågsøy kyrkje, gospelkonsert med David A. Toben, Christoffer Lass og Gospelkoret Sweet Spirit.

25.07.2010

21. juli kl. 19.00 i Sør-Vågsøy kyrkje, ein utradisjonell kyrkjekonsert med Hans-Joachim Schüttke og William Mitei.

11.00 Høgmesse

11.00 Høgmesse

Det er i skrivande stund usikkert om ein får igang sommaropa kirke denne sommaren. Dersom ein får det til, vil det bli annonsert i Fjordenes Tidende.

17.00 Høgmesse

17.00 Høgmesse

11.00 Høgmesse

17.00 Høgmesse

01.08.2010

08.08.2010 11.00 Friluftsgudsteneste Ulvesund Fyr

17.00 Høgmesse

15.08.2010 11.00 Høgmesse 22.08.2010 11.00 Høgmesse, Konfirmantpresentasjon

Sommaropa kirke

Vi takker deg for lidenskap og glede for kjærlighetens frukt; for våre barn. Din skyttel vever deres liv i våre på ulikt vis, i mangefarget garn.

Av Sølvi Hopland Aemmer

Sør- Vågsøy kirke

04.07.2010 Selje

28. juli kl. 19.00 i Sør-Vågsøy kyrkje, orgelkonsert med Jonathan Jessop.

Vi takker deg for øyne, hud og hender For kjærtegn de har gitt. For trøst og lek. Vi bærer fram, i visshet om din glemsel de sorte minnene om da vi svek.

Vi takker deg for jorden. Og for livet: Det vanskelige, vakre du har gitt. Velsign oss alle, Herre. La oss hvile og vokse i det riket som er ditt.

Søndag 27. juni er det jubileumsgudsteneste i Nord-Vågsøy kyrkje. Det er gledeleg om mange blir med og feirar denne flotte kyrkja, og med det markerer 50-års-jubileet. I høve jubileet er kyrkja nymalt og festpynta.

15

11.00 Høgmesse, Konfirmantpresentasjon

29.08.2010 11.00 Høgmesse, Konfirmantpresentasjon 05.09.2010 11.00 Familiegudsteneste m/ bibelutdeling til 5. klasse 12.09.2010 11.00 Familiegudsteneste m/ bibelutdeling til 5. klasse

Friluftsgudsteneste

To konsertar laurdag 3. juli Sølvguttene - NRKs guttekor – vil ha to konsertar i Selje kyrkje laurdag 3. juli. Den første blir kl. 18.00 og den andre kl. 20.00. Har ein tenkt seg dit er det lurt å kjøpe billett på førehand. Coop PriX Selje står for førehandssalet. Det er også råd å bestille pr e-post: selje@prix.coop.no. Billettprisen er kr. 200, og barn under 12 år betalar kr.100. Dersom det er billettar igjen blir dei å få kjøpt ved inngangen før konsertane. Gudstenesta i klosteret søndag 4. juli Sølvguttene deltek også ved gudstenesta i Selje kloster søndag 4. juli. ”Gamlebispen” og ”barnebispen” Ole Danbolt Hagesæther er årets predikant, og prestar frå Nordfjord og Vanylven deltek. Musikalsk leiar er organist Jon Inge Sigerland. Det blir takkoffer og nattverd. Båt går frå Nabben i Selje til Bø, på innsida av Selja, frå kl. 0845 til 10.15,

Den som vil vere med må vere i god nok fysisk form, og ha høveleg utstyr: Fjellsko eller støvlar, tur- og regnklede, dagstursekk, termos og sitte-underlag. Pilegrimsvandringa blir skipa til saman med Holmely retreatsenter, 6711 Bryggja, tlf 92209355, e-post: holmely@normisjon. no, som tek imot påmelding innan fristen 18.juni 2010. Det er avgrensa plass på Holmely og på turen til Svanøy og Kinn. Det vil vere høve til å vere med einskilddagar etter nærare avtale, men all deltaking krev påmelding. Bilturane går med eigne privatbilar. Detaljert program finst i eigen brosjyre og på heimesida: www. seljumannamesse.no. Pilegrimsvandringa blir leia av seniorprest Sigurd Vengen. Velkomen til Selja - der kyrkja i Noreg vart fødd - Seljumannamessekomiteen

Tradisjonen tru blir det friluftsgudsteneste på Ulvesund Fyr i byrjinga av august, og i år fell det på 8. august. Etter gudstenesta er det mulig å bli igjen på betasuppe, kaffe og sosialt samvær.

Nordvestvinduet Bygg og Innbu as - Almeningen

19.09.2010 11.00 Høgmesse 26.09.2010 11.00 Høgmesse


Returadresse: Kyrkjebladet Kontakten

16

Bakside

Vågsøy Sokneråd postboks 33, 6701 Måløy

Litt Nytt Heidi sluttar

Som fellesskap av kirker vil vi løfte fram hva vi kan gjøre sammen – i menigheter, i lokalsamfunn og globalt, sier Ørnulf Steen, generalsekretær i Norges kristne råd.

Heidi Bjørnholm har sagt opp sitt vikariat som kyrkjelydspedagog. Vi takkar for det arbeidet ho har gjort denne våren.

Norges kristne råd står som ansvarlige for nettsiden som bygger videre på de gamle miljøsidene til Den norske kirke og nå blir en del av prosjektet Skaperverk og bærekraft: et felles kirkelig tiår for endring i kirke og samfunn.

Oline sitt engasjement er over

- Her vil vi tydeliggjøre at dette er et fellesanliggende for hele bredden av kirker i Norge, fortsetter Steen. Som fellesskap av kirker vil vi løfte fram hva vi kan gjøre sammen – i menigheter, i lokalsamfunn og globalt, sier Ørnulf Steen, generalsekretær i Norges kristne råd. Norges kristne råd står som ansvarlige for nettsiden som bygger videre på de gamle miljøsidene til Den norske kirke og nå blir en del av prosjektet Skaperverk og bærekraft: et felles kirkelig tiår for endring i kirke og samfunn. - Her vil vi tydeliggjøre at dette er et fellesanliggende for hele bredden av kirker i Norge, fortsetter Steen. les meir på www.gronnkirke.no

Eittåring Oline Myklebust sitt engasjement er over, og vi har sett stor pris på henne i Vågsøy. Lykke til vidare, Oline! Søkjer ny kyrkjelydspedagog og ny eittåring Dei ledige stillingane som kyrkjelydspedagog og eittåring er utlyst, og vi håpar det vil lukkast å finne nye. konfirmanten.net Nettsida som Trond Borg har utvikla for konfirmantar og foreldre får skryt i fleire samanhengar. Ta gjerne ein kikk! Ny konfirmantbrosjyre er også sendt ut til dei som er aktuelle konfirmantar i 2011. Påmeldinga er godt igang.

Punktum BØNN FOR FERIEN Herre, du har kalt oss til glede.

Baksidebildet Baksidebildet

Arbeid alene kan ikke gjøre oss til hele mennesker. Gi oss øye for gleden i livet, for fest og høytid, for kultur og kunst for lek og munterhet,

Humøret er på topp trass sjeldne bivirkningar av svineinfluensa-vaksinen.

for fellesskap med mennesker som vi er glad i, mennesker som trenger oss og venter på vår nærhet. Herre, du har skapt oss for gleden, gjør vår glede fullkommen i deg! (fra Bønnebok for Den katolske kirke)


Kontakten - Vågsøy nr.2-10.  

grønne enger møte med... nr. 2 - Juni 200 - 52.Årg. SALME 23 Eivind Førde Kupen vart konfirmert 2. mai i Sør-Vågsøy kirke. Audun og Joar er,...

Advertisement
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you