Issuu on Google+

Informasjon

H Y R D I N G R Ø Y S TA NR. 2/2010

MARS

71. ÅRG. Les bladet på www.menighetsblad.no

Jølster har fått tildelt trusopplæringsmidlar Prostisamling i Sunnfjord prosti Rapport frå jølstrajenter i Ghana Eit kyrkjesenter i funksjon

God påske!


2

HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2010

Jølster har fått tildelt trusopplæringsmidlar! I Bjørgvin bispedømme er Sunnfjord eit av dei prostia som har fått tilført trusopplæringsmidlar. Innføringa gjeld for heile Sunnfjord prosti, slik at det blir midlar til alle kommunane/prestegjelda i prostiet. Jølster vil, om desse tala blir endelege, få kr 202400, som tilsvarer 40–50 % stilling. Dersom vi vel å bruke andre alternativ så som ungdom eller eittåringar, vil vi få enno meir stilling ut av desse midlane. I nokre hektiske veker framover til påske må sokneråda i Jølster, i felleskap, finne ut av korleis desse midlane kan og bør brukast lokalt. Dette arbeidet må vere sluttført, det meste allereide før påske, og endeleg vedtakast før utlysing av ei stilling i slutten av april. Stor og viktig reform - Ikke siden innføringen av konfirmasjonen i 1736 har det foregått en tilsvarende reform i Den norske kirke, skriv biskop Helga Haugland Byfuglien i forordet til styringsgruppas rapport.

Trusopplæringa er namnet på reforma Stortinget vedtok i 2003. Plan for trusopplæring som er namnet på denne reforma, har som føremål å - vekkje og styrkje kristen tru - gje kjennskap til den treeinige Gud - medverke til kristen livstolking og livsmeistring - utfordre til engasjement og deltaking i kyrkje og samfunnsliv for alle døypte i alderen 0–18 år, uavhengig av funksjonsevne. Gjennom dette tiltaket skal «70 % av de døpte delta på tiltak i kirken 350 timer i året». Planen viser kva borna skal lære i løpet av desse åra, med ei slik omtrentleg fordeling: 0-5 år: 50 timar, 6-12 år: 145 timar og 1318 år: 120 timar der 60 av desse timane er i konfirmasjonstida. Eit samla timetal på 315 timar. Denne reforma er stor og omfattande og

krev meir personalressursar. Dette må ein be om kjem i orden slik at arbeidet med ein person tilsett i dette arbeidet kan starte så raskt som råd er. Konklusjon Dette er eit arbeid som vil krevje mykje av både tilsette og råd ei tid framover. Mykje bør vere på plass før sommaren. Men også vidare framover vil dette ta mykje av arbeidet til sokneråda. I arbeidet framover må ein ganske fort komme fram til satsingsområde der ein kan starte opp arbeidet. Planarbeidet er viktig før ein går til steget å tilsetje folk. Med erfaringane frisk i minne at det ikkje alltid er like lett å finne gode medarbeidarar som først av alt ynskjer å gjere ei teneste i Jølster, må råda arbeide fram attraktive løysingar.

Har du lyst på ein triveleg sommarjobb? Jølster kyrkjelege fellesråd treng

sommarhjelp på kyrkjegardane i Jølster Arbeidet omfattar grasklipping, vatning, stell og anna arbeid på kyrkjegardane (Helgheim kyrkjegard, Ålhus kyrkjegard og Vassenden gravplass). Det er ein fordel om du har erfaring frå liknande arbeid, men det er ikkje noko krav; du vil få opplæring dersom du treng det. Vi ønskjer at du er positiv og imøtekomande. Du bør vere flink både til å samarbeide og til å arbeide sjølvstendig, og du bør vere effektiv og nøyaktig, slik at vi kan halde kyrkjegardane velstelte.

Søknad sfrist: 15. apr il 2010.

Omfanget av arbeidet vil variere noko gjennom sesongen. Det er mest arbeid i skuleferien, men vi treng hjelp frå om lag midten av mai til byrjinga av september. Løna er i samsvar med tariffavtale, avhengig av alder/erfaring. Dersom du lurer på noko, kan du kontakte kyrkjegardsarbeidar Ottar Årset på telefon 90 78 57 76.

Send søknad til: Jølster kyrkjelege fellesråd, Vassenden kyrkjesenter, 6847 VASSENDEN eventuelt på e-post: kyrkjekontoret@jolster.kyrkja.no Det er fint om søknaden inneheld namn på ein eller to referansar. Det bør også stå i søknaden om du er interessert i å arbeide heile eller delar av sommaren (eventuelt kva tid du kan ta til), og kva kyrkjegardar du kan arbeide på.

FRAMSIDEBILDET: Utsnitt av krusifikset i kapellet ved Senter for Livsmestring (SfL) på Skei. Krusifikset er utført i keramikk og laga av kunstnaren Ingun Dahlin. Det heng på frontveggen over alteret i kapellet. Sjå også baksida s. 16 av Hyrdingrøysta, der du finn fleire bilde og tekst. Foto: Rune Molvik.


HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2010

3

«Dei fyrste stega, dei fyrste turane på sykkel gjev gode smil»

Opplæring VIDAR BJOTVEIT

Det er mykje som skal lærast gjennom eit langt liv. Noko er meir viktig enn anna. Fyrste gong eit lite barn tar sine eigne skritt, er det etter ei bratt læringskurve med knall og fall. Men resultatet skapar ein auke i mobilitet og aksjonsradius. Og barnas smil speglar seg i foreldras andlet. For å få til å gå har det vore øving, og mange villige hender har vore til støtte. Mindre smil er det ikkje når ein har lært å sykle, og enda større radius vert det. Også da var det hender som heldt, men gradvis sleppte taket. I motsetnad til dei fyrste skritta, kan mange hugse den fyrste gongen dei sykla åleine. Det gode er at sykkelkunsten gløymer ein ikkje! Eit barn som lærte å gå og å sykle fekk støtte av hjelpande hender. Slike hjelpande hender treng ein også når trua skal formast, opplevast og eigast. Mange born her i Jølster har vorte boren fram til døypefonten og der tekne inn i Guds familie. Det er for-

eldre som tar ei avgjerd for sine barn. Mange ulike tankar, men felles for dei alle er at det ligg eit ynskje om noko godt i botn. Når det er dåp vert dette bibelordet lest av ein fadder: Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står. I takt med barnet si vekst, vert det nye ynskje og behov. Og foreldre lyt gjere sine val og prioriteringar. Her kjem mi oppmoding. Vi har alltid hatt trusopplæring her i Jølster. I skrivande stund er nye truopplæringsmidlar komne også til Jølster. Vi kan no kanskje få til noko meir og gjera dei tinga vi allereie gjer enda betre. Dette er eit arbeid som sokneråd, frivillige og kyrkjelege tilsette vil arbeide med. Om tiltaka er aldri så gode, treng borna framleis foreldre

og fadrar som ynskjer noko godt for borna og støtter dei i utforsking av deira tru. I heimen og i kyrkje. Fylg dei til søndagsskulen, køyr dei på speidaren, og ver med dei på gudstenester. Slik kan borna forma, oppleva og gjera trua til sitt eige. Ei tru på Jesus som alltid er med oss alle dagar. Dei fyrste stega, dei fyrste turane på sykkel gjev gode smil. Slike smil er det gjerne også i eit barn som får opplæring om Jesus. Det er ein god lærdom å ha med seg.


4

HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2010

Frå prostisamlinga i Sunnfjord

Her frå prosesjonen med biskopen, prestar, kyrkjeleg tilsette, soknerådsmedlemmar og frivillige i starten av prostigudstenesta.

Born og unge som forsongarar til songen «Eg er trygg hos deg».

Halvor Nordhaug på preikestolen i «Sunnfjords-katedralen». Denne tittelen som Naustdal kyrkje ha fått, kommenterte han slik. - Ein katedral tyder biskopen si kyrkje/katedral, så i dag er dette rett! Elles vedgjekk han at kyrkja i Naustdal er flott! Han hadde gledd seg til denne dagen. - Dette vart minnerikt, uttrykte han.

Eit stort felleskor under leiing av kantor i Førde, Gro Anthun, sytte for den rette musikalske ramma under prostigudstenesta. Her syng dei frå galleriet ledsaga av kantor i Fjaler, Mark Taylor, på orgel.

Sokneprest Vidar Bjotveit ser at gåva til Biskop Halvor Nordhaug frå Helgheim og Ålhus sokn var vellukka!

Om det ikkje var heilt fullt, var det samla godt med folk frå heile Sunnfjord. Prostigudstenesta i Naustdal var den einaste gudstenesta i heile prostiet denne søndagen, som var Kristi forklåringsdag.

Knøttekoret i Førde kyrkje syng for biskop Halvor laurdag, leia av Ingvald Andersen Frøyen og Gro Anthun på piano.


HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2010

5

Prostisamling for Sunnfjord prosti Helga 6. og 7. februar kom vår nye biskop, Halvor Nordhaug, på «stiftsturné» til Sunnfjord. Han ville møte medarbeidarar, inspirere og samtale om visjon og oppgåver i kyrkjelydane. For oss som var til stades vart det, som målet var, to inspirerande dagar.

presentert av Kristin Lødøen Hope som er undervisningsrådgjevar i Bjørgvin bispedøme. I etterkant av samlinga i Førde har vi fått vite at Sunnfjord, inklusiv Jølster, no er tildelt midlar til dette arbeidet. Sjå meir om dette annan stad i denne utgåva av Hyrdingrøysta.

Seminar Etter lunsj var det ulike seminar: Trusopplæring, klimakrise, misjon, integrering, musikk og trusopplæring, og møte med menneske i sorg.

INGER VEITEBERG tekst RUNE MOLVIK foto

Laurdag var Førde kyrkjetun samlingsstad. Etter velkomst og kort presentasjon av biskopen og hans følgje fekk vi ein engasjerande Biskopens time: Kva er det å vere kyrkje? Visjon: Saman vil vi ære den treeinige Gud ved å - forkynne Kristus - byggje kyrkjelydar - fremje rettferd.

Kristin Lødøen Hope – viktig at vi fortel vidare til born og unge dette om tru.

Biskop med humor og glimt i auge Ei slik samling inneheld ikkje berre alvor. Biskopen viste seg å ha mykje humor og fletta det inn både i foredrag og presentasjon. Han var m.a. spent på om det han hadde høyrt om litt forsiktige sunnfjordingar stemde. Vår eigen Vidar prest ville vise at vi som er litt nærare Nordfjord vågar oss litt meir fram på. Så kyrkjelydane i Jølster ville gje han ei gåve. Og sidan dei begge er veldig fotballinteresserte, (men held med kvart sitt lag) måtte det passe å gje biskoMålsettinga og visjonen for Bjørgvin bispedømme og den nye biskopen: Saman vil vi ære Den treeinige Gud ved å: forkynne Kristus - byggje kyrkjelydar - fremje rettferd

Det som festa seg aller mest hos underskrivne var ei alvorleg påminnig om at kristendommen avheng av gudstenesta. Den dagen det vert messefall på grunn av at ingen kjem til gudsteneste er kristendommen ute. Det er noko fleire enn vi som sat i salen treng å høyre. Saman om trusopplæringa Neste tema var: Saman om trusopplæringa,

pen ei fotballskjorte som minne om den første turen til Sunnfjord. Så no kan biskopen gå rundt med Arsenal-skjorte med Biskop Halvor på ryggen. Biskopen kunne så fortelje at Vidar sitt høgste ynskje hadde vore å få vere prest hos Manchester United. Då må eg berre seie: Takk, Vidar, at du valde Jølster i staden.

SONG K V E L D

Prostigudsteneste i Naustdal kyrkje (Bilder til dette på side 4) Søndag var vi samla til prostigudsteneste i Naustdal kyrkje. Preike ved Halvor Nordhaug, utprøving av ny liturgi, prosjektkor med songarar frå heile prostiet deltok, barnekor frå Naustdal og Vevring gledde oss med fin song og vi fekke vere saman om nattverd. Det vart ei verkeleg høgtidsstund. Etter gudstenesta var alle innbedne til kyrkjekaffi på Naustdal barne- og ungdomsskule. Midtredalen- og Naustdal og Horstad bygdekvinnelag innbaud til bugnande bord med smørbrød og kaker. Velsmakande var det, og ikkje minst fekk ein tid til å prate med gamle kjende. Vi som hadde høve å delta takkar prosten i Sunnfjord og hans medarbeidarar for ei god helg.

på Vassenden kyrkjesenter SØNDAG 11. APRIL KL. 19.00

Vi får besøk av HAFSLO MANNSKOR frå Luster! Song-økt midt i programmet Avslutning med kveldsmat i matsalen. VEL MØTT til songkveld med vårleg program! Arr.: Organisten og "dei gode hjelparane"


6

HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2010

Valresultat for soknerådsvalet i Jølster prestegjeld 2009 Valresultata etter Stortingsvalet 14. september er opplesne og vedtekne for lengst. For soknerådsvalet sin del heng dette litt etter. Som ein sørvis til lesarane av Hyrdingrøysta kjem resultatet etter soknerådsvalet, som var samstundes med Stortingsvalet, her. Seint, tenkjer du kanskje, men likevel aktuelt. Om vel eit år er det høve til å avgje si stemme på nytt. Om du tykkjer valdeltakinga var lågare enn du håpa på, for din krins, kan du oppfordre fleire til å bruke røysteretten sin neste gong. Nye sokneråd skal no velgast for to år om gongen. Først litt om valdeltakinga. For Ålhus sokn utgjorde dette 23,5 % av dei røysteføre. Ein auke på 1104 %! i høve til soknerådsvalet i 2005. Helgheim sokn sine tal er slik. Valdeltakinga i Helgheim sokn var på 31,7 % av dei røysteføre. Prosentauken var her på 586 %! i høve til sist val. At Sandal og Årdal krins kjem opp i begge sokna har med at soknegrensene kryssar litt mellom Helgheim og Ålhus for desse to krinsane. Nedanfor kjem så dei krinsvise tala, røyster i prosent av dei røysteføre, for soknerådsvalet 14. september 2009: Ålhus Sokn: Gjesdal krins: 22,9 Ålhus krins: 37,3% Eikås krins: 17,8% Sandal krins: 34,0% Årdal krins: 37,5%

Helgheim Sokn: Skei krins: 26,2% Stardalen krins: 33,8% Årdal krins: 31,1% Sandal krins: 46,7% Flaggheising valdagen 14. september 2009

SMÅNYTT

Langfredag i Ålhus

pasjonsmusikk før pasjonsgudstenesta orgelmusikk v/organisten frå kl. 10.30-10.55

Flaskeinnsamling med ny rekord! Speidaren starta nyået med tradisjonell flaskeinnsamling i Helgheim sokn. 4600 hardplastflasker var fint sortert når kvelden var omme. Men det skulle gå fleire dagar før panteautomaten på Coop (Skei) hadde «tygd» flate eit tilsvarande tal mjukplastflaske og boksar! Resultatet av flaskeinnsamlinga i år var over kr. 15.000,- som er ny innsamlingsrekord. Takk for ditt bidrag!

Ragnar Simonsen, leiar for speidargruppa på Skei.

Musikk av: Beethoven, Brahms, Bach, m.fl.

TAKK

Takk til alle... som var med og støtta kyrkjebasaren på Vassenden kyrkjesenter søndag 7. mars. Takk til dykk som kjøpte lodd, ga gevinstar og møtte opp på basaren. Takk til basarnemnda som stilte opp med positivt sinn for ein dugnad. Alt dette er viktig for drifta av kyrkjesenteret. Vi kan dessverre ikkje opplyse om resultatet no då vi ikkje har oversikt før HR går i trykken. For hovudnemnda, Inger Lind Aasen


HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2010

7

I prat med Gro Marie Svidal og Linda Øvrebø og Fjordane Teater har teke tak i historia kring salmediktaren Matias Orheim. På lista over medverkande ser vi at der er to jølstringar med og vi er nysgjerrige på kva rollene inneber for dei. I første nummer av HR skreiv vi om Matias Orheim. Vi visste då at det skulle vere ein jølstring med i stykket. I etterkant får vi vite at det er to jølstringar med, Gro Marie Svidal og Linda Øvrebø. HR har no hatt kontakt med desse to og stilt dei nokre spørsmål om deira rolle i stykket.

dag. Ho var også aktiv innanfor det kristne arbeidet. Der var mykje song og musikk i livet til Matias. Er det det som pregar rolla di? Songane er vevd inn i fortellinga, og fortel på si måte ein historie.

Sogn

Inger Lind Aasen tekst

Gro Marie Svidal: Eg er musikar og forteljar i oppsettinga om Matias Orheim. Publikum vil få høyre meg spele både solo og saman med gitar, bass og glas. Slik som Orheim, er det fele (fiolin) eg skal bruke. Som forteljar, skal eg lose publikum gjennom nokre av dei delane av livet til Orheim som vi på grunn av tid, ikkje får høve til å syne. Oppsettinga blir ei blanding mellom skodespel, forteljing og musikk. Ei fin form, synest eg, og salmane hans har ein sentral plass.

Orheim var musikalsk og spelte på fleire instrument, m.a. fele. Men får vi høyre deg spele på glass? I ungdomen skal han ha spelt til dans og nytta ein del av slåttemusikken frå Nordfjord. Etter ei vekking i pinsa i 1900, blei han frelst, men i motsetnad til mange andre, brende han ikkje fela. I staden kjempa han heile livet for at fela skulle få aksept i religiøse krinsar. Eg trur fela stod han svært nær, og eg trur han gjennom den fekk uttrykt kjenslene sine. Det var den han nytta når han komponerte. Det var kan hende, lettare for Orheim å få aksept for glasa. I oppsettinga vår, er det Randi-Merete Roset og Liv Jorun Bergset som spelar på glas. Kanskje hugsar publikum dei frå TV for eit par år sidan. Dei var med i programmet Norske Talenter. Vi veit

Gro Marie Svidal. Foto: Sigrid Winther. ikkje kvar Orheim fekk ideen frå, men med både fela og glasa skilde han seg vesentleg ut frå alle dei andre som reiste rundt og forkynte. Kjenner du songane til Matias Orheim frå før slik at du kan seie noko om dei gamle melodiane i høve til dei som Janke Jørgensen har arrangert? I oppsettinga nyttar vi melodiane til Orheim. Der Orheim nytta religiøse folketonar til tekstane sine, gjer vi også det. Arrangementa er utarbeidd av Per Janke Jørgensen i samarbeid med oss musikarar. Publikum vil utan problem, kjenne att salmane. Men, eg må gjere merksam på at vi framleis er tidleg i prøvene. Eg veit ikkje sjølv korleis alt vil bli til slutt. Eg håpar derfor publikum finn vegen til Ålhus kyrkje 26. april og tar del i musikken, tekstane og skodespelet om mannen som har vore, og kanskje framleis er, viktig for mange.

Kjenner du songane til Matias Orheim frå før slik at du kan seie noko om melodiane i høve til det som Janke Jørgensen arrangerer? Eg trudde ikkje eg kjende dei frå før, men når vi byrja på stoffet så kjenner eg dei att. Har forstått det slik at Matias ofte nytta kjende tonar til tekstane sine, eller det var gjerne hans melodiar? Det blir ein blanding av dei tonane Orheim nytte og litt nyskrive materiale. Vi kjem til Ålhus kyrkje den 26. april.

Linda Øvrebø: Vi har forstått det slik at du skal spele kona til Matias. Er det rett? Ja, eg spelar kona Marie. Kan du seie noko om kva det inneber? Stykket fortel om Matias og Marie sitt liv, frå dei møtes som unge til dei døyr. Matias sitt liv er godt kjend, men her i dette stykket er det også lagt vekt på livet dei levde saman. Dei hadde 8 barn, dreiv etter kvart gården Stårheim, og når vi veit at Matias reiste og forkynte store delar av året seier det seg sjølv at Marie også fekk ein krevande kvar-

Linda Øvrebø. Foto: Hans Brox.


8

HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2010

Rapport frå to jølstrajenter i Ghana JORUNN OG KJERSTI tekst og bilde. Red. av Inger Lind Aasen

Eventyrlyst - eller eit varmt hjarta om å hjelpe Jorunn Simonsen Thingnes frå Skei og Kjersti Helgheim frå Helgheim er ferdig med vidaregåande skule og har tenkt å bruke delar av dette halvåret som voluntørar. Landet Ghana der dei gjer denne frivillige tenesta, er ein republikk i vestlige Afrika. Ghana var tidlegare ein britisk koloni med namnet Gullkysten. Dei skal leve og arbeide under litt andre forhold enn både dei og vi er vande til. Hyrdingrøysta har fått dei to til å skrive litt om opphaldet sitt i Ghana, og vi vonar at vi kan følgje dei vidare denne tida. Veit dei kva dei går til, skal tru? I tre månader skal vi bu og jobbe på ein barneheim i ein liten landsby som heiter Kwakukrom ca. 80 km frå Accra. Vertsfamilien vår består såvidt vi veit av seks vaksne ghanesere. Der er verken straum eller vatn, så det kan bli ein interessant opplevelse. Den første veka skal vi være i hovedstaden saman med andre frivillige og delta på trommekurs, lære nokre lokale glosar og forhåpentlegvis bli litt kjent med det ghanesiske samfunnet. Overgangen til den framande kulturen Vi kom til Accra seint søndag 10. januar, og her skal vi vere i fem dagar. Saman med oss er det 32 andre voluntørar, fra Noreg, New Zealand, Irland, England og Nederland. Masse kjekke folk! Dagane går unna med informasjonsmøter på formiddagen, med vår fantastiske Big black mamma, Tina. Ei herleg dame som lærer oss masse om landet og folket, og som vi kan kontakte seinare om det er noko vi lurer på. Vi renn vekk her nede, så det var deilig å bade! Då vi gjekk av flyet her i Ghana, var det 50 grader heitare enn ved avreise frå Gardermoen. Kjersti holdt på å svime av då vi møtte på fem gedigne sneglar på markedet, like store som rotter, men elles har alt gått bra. Alvoret No har vi vore og ete middag med gjengen for siste gong. Fredag 14. januar skal vi reise kvar til vårt, og vi skal forlate elektrisitet og innlagt vatn. Spennande! I dag har

God hygiene er viktig! vi lært å koke eit par ghanesiske rettar, med blanda resultat. Dagane her i Accra har vore supre, så no får vi sjå korleis det blir å flytte til Kwakukrom. Kwakukrum Landsbyen vår ligg midt i jungelen, omtrent så langt frå sivilisasjonen som det går an å komme. Men det er ein nydeleg landsby, mykje finare og reinare enn dei andre byane vi har sett. Heile landsbyen var samla då vi kom og alle ungane song oss velkommen. Vi måtte handhelse på alle viktige personar i landsbyen og vere med på tilbedelse av forfedrene. Det foregjekk ved å helle ein eller anna form for sprit på golvet. Høvdingen, som vi bur hos, er en veldig hyggeleg mann. Det er fantastisk å ha han der, for han er litt van med å reise og skjøner derfor kva slags forhold vi kjem frå. Dei andre innnbyggarane er og svært hyggelege, men vi føler oss litt beglodde. Når vi skulle vaske kle kom halve landsbyen for å

sjå korleis vi gjorde det, og dei tok ikkje hintet om at vi kanskje ikkje ville gjere det offentleg. Vi har fatt en haug nye kallenamn, for det meste Madame, som er det ungane på

Kjersti og to av gutane ved "komfyren".


HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2010

9

barneheimen konstant kallar oss. Dei kallar og Jorunn for sister Yaayaa og Kjersti for Sister Aqouse etter vekedagane vi er født på. Gutane i landsbyen kallar oss Miss White og Obroni, som betyr kviting. Kvardagen vår No som vi har vore her ei stund, er ikkje varmen lenger ei like stor plage, og vi har byrja å tilpasse oss livet i Afrika. Vi jobbar som frivillige på barneheimen i landsbyen. Her er tronge kår, ikkje straum eller rennande vatn. Folk bur i jordhus, og bruker mykje av tida si på å dekkje grunnleggjande behov som å skaffe mat og vatn. Dei fleste lever av det jungelen har å tilby. Også vi bruker mykje tid på å hente vatn. Det går med ein del når 15 ungar skal skrubbast, og kleda deira vaskast. Vi prøver å undervise i engelsk og matte, men det er ikkje alltid like lett. Når dei først får til noko, lyser dei opp, og vi får mot til å stå på vidare. Mangelen på skulemateriell gjer undervisninga vanskeleg, men vi håper på å få tak i penn og papir til alle ein gong i næraste framtid. For tida er det berre ein vaksen i tillegg til oss, og grunna dårleg helse, er vi ofte åleine med ungane. Då må andre gjeremål prioriterast. Elles handlar det mest om å vere til stades for alle, og hjelpe til der vi kan. På trass av dette er det lett å føle seg heime her i Ghana. Folk er opne og imøtekommande, og vi blir godt tatt vare på. Dei lever eit liv med hardt arbeid, men tempoet er roleg, og tid er relativt. Det skal bli ein overgong å komme heim til eit samfunn styrt av klokka, krav og forventningar.

Landsbyen Kwakukrom. Utskeielsane Ei helg var vi 11 frivillige som reiste saman til Kokrobite beach, og hadde ei herleg helg i Big Mills backyard. Fredag unna vi oss ein pizza på italiensk resturant, det gjorde godt! Elles sola vi oss, bada, og var på reaggy-party. Moro med ghanesarar som har spart i 13 år for å få den riktige sveisen! Utanom oss 11, var det fleire frivillige frå andre organisasjonar der, så det var kvite å sjå på alle kantar. Søndagskveld kom vi tilbake til Kwakukrom, og det var klart for vår nye kvardag igjen.

GUDSTENESTEREFORMA

Salmeboka Berre 20-25 % er samde i at ei ny salmebok bør bli utgitt i to bind i den forma framlegget har lagt opp til. Mange er kritiske til både utvalet og til forståinga av kva ein salme er. Konklusjonen på høyringa gjer at ein må greie ut ulike alternativ for vegen vidare, og leggje desse alternativa fram til drøfting på møtet i Kyrkjerådet i mars 2010. Grundigare utgreiingar er altså nødvendig. Dette inneber i klartekst at ny salmebok ikkje vil bli handsama på Kyrkjemøtet i 2010, og kan då ikkje takast i bruk i 2011. Utdrag frå Kirkeaktuelt nr 4, desember 2009

Viktige innspel

Det går med mykje vatn når Jorunn vaskar klede til 15 gutar på barneheimen i Kwakukrom.

Arbeidet med reforma av gudstenestelivet i Den norske kyrkja gjekk inn i ei ny fase i 2008. Framlegga til nye liturgiar, ny tekstbok, ny salmebok og ny liturgisk musikk vart sende på høyring. Meir enn 250 høyringsvar har vore til gjennomlesing og systematisering. Det ligg føre eit stort materiale med konstruktive og kritiske innspel til ny salmebok, liturgi og tekstbok. 100 kyrkjelydar har prøvd ut nye ordningar i praksis. Mange er opptekne av korleis behovet for variasjon kan takast vare på, samtidig som dei ønskjer at folk skal kjenne seg igjen i forma på gudstenesta når dei besøkjer ulike kyrkjer. Utdrag frå Kirkeaktuelt nr 4, desember 2009.


10

HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2010

Kyrkjeleg feiring av påska - før og no KARI VEITEBERG tekst (Stykket er korta ned, red. anm.)

«I dag har vi feira skjærtorsdag i barnehagen» fortalde Anders 4 år oppglødd. «Fekk de høyre forteljinga om nattverden?» spurde eg. ”»Nei, vi måtte ta av oss strømpebuksa og så vaska dei vaksne beina våre!» Sonen vår var heldig som fekk gå i Domkirkens barnehage i Trondheim. Der «gjorde» dei påskehendingane og både borna og vi vaksne blei prega av dette. Dei fekk sitte med varme og godluktande føter og høyre Inger fortelje om den kvelden då Jesus stifta nattverden og kor overraska læresveinane blei når han bøygde seg ned og vaska beina deira. Mykje av det Anders opplevde i barnehagen har eg gjort heime og i kyrkjelyden. Ein dag før påskeveka går eg ut og plukkar steinar i fjøra, eller frå ei steinrøys. På ei lita bordflate byggjer eg ei klippegrav. Ein litt større stein står framføre, og tidleg påskemorgon tek ein av oss steinen bort. Ved sida set vi lys, og er vi heldige har vi funne nokre gåsungar som står i vasen. Påskehøgtida er den første og største festen i kyrkjeåret. I år 325 fastsette kyrkjemøtet i Nikea at den første søndagen etter første fullmåne etter vårjamdøgn var rette tida for

GUDSTENESTEREFORMA

påske. Dette gjeld enno, og den tidlegaste påskedagen er 23. mars og den seinaste 25. april. Så viktig var påsken i den tidlege kyrkja vår, at ho fekk ei lang førebuingstid prega av alvor. På 800-talet bestemte ein at fasta skulle vare i 40 dagar, med oskeonsdagen som byrjing. Skikken med å strø oske som ei botshandling finn vi m.a. skildra hjå profeten i Daniel kap 9, vers 3. I dag ser eg at fleire kyrkjelydar inviterer til kveldsgudsteneste der ein kan bli teikna med oskekross i panna eller på handa, for på den måten å innvie seg til faste i bot og bøn. Palmesøndag innleier den stille veka. Vi samlar inn palmekvistar og her hjå oss er seljegreiner kalla Nordens palmar. Om vi viftar med dei i kyrkja palmesøndag, kan vi som dei gjorde i eldre tid, spare på greinene til neste påske. Når oskeonsdag kjem neste år, blir dei gamle kvistane samla saman og brente på bål. Oska av desse kvistane blir brukt til å teikne kross. Skjærtorsdag, namnet kjem av skir, reinse. I evangeliet etter Johannes les vi korleis Jesus tenar alle, vaskar føter og ber vennene om å gjere like eins. Ein måte å markere skjærtorsdag, er å vaske føtene eller hendene til einannan før måltidet. I fleire kyrkjer dekkjer ein langbord i kyrkjerommet denne torsdagskvelden. Ein et eit

kveldsmåltid saman og avsluttar det heile med nattverd rundt bordet. Etter lange dagar med krossvandring, og/eller stille alvor, kjem søndagsmorgonen. Første påskedagsmorgon er den aller viktigaste dagen i kyrkja vår og den dagen det er knytt flest tradisjonar til. Nokre stader i landet er det tradisjon å gå opp på ein høgde for å fange sola i det ho stig opp. Det seies at sola dansar! Egget som symboliserer Jesu oppstode er eit av våre mest utbreidde påskesymbol. Gjennom det harde skalet – grava – bryt Kristi liv fram. Sannsynlegvis er det egget, eller kyllingen som kjem ut av egget, som har gitt påsken den gule fargen. Ein europeisk skikk er å måle egga, det kan vere borna som målar eller som i Aust-Europa der eggemåling er ein stor kunstart. Vi kan og koke egga saman med urter for å gi farge. Med raudbetar blir det raude egg, laukskal gir ein gulbrun farge, einerkvistar gjer dei brune, i spinatvatn blir dei grøne og med raudkål blir dei ljosblå. God påske!

Noko saknast Nokre av høyringsinstansane peikte på endringane i utvalet av dei poetiske tekstane. Færre tekster rører ved eksistensiell smerte. Det er mindre angst, frykt, depresjon, uro, einsemd, lengsel og alderdom i utvalet av slike tekstar. Framlegget forenklar og forflatar den menneskelege erfaringa. Ein del sentrale tekstar manglar i framlegga. Dei må inn igjen. Tekstane det er snakk om er: ”Heilag, heilag, heilag” (Jesaja 6, v1ff) og ”Jesus som lyset i verda” (Johannes 8,v12) og Romarbrevet 3, 11ff som er ei av hovudtekstane i den lutherske teologien. Teksta om brødet og nattverden (Johannes 6,v 24-36) må også inn igjen blant tekstane i kyrkjeåret. Utdrag frå Kirkeaktuelt nr 4, desember 2009

Påskeleir på Teigen Tid: onsdag 31. mars – lørdag 3. april Stad: Teigen leirstad, Eikefjord Vi gjentek suksessen frå i fjor med familieleir i påskeferien. Bibeltimar ved Morten Leirgul og eigne barnemøter. Det er Normisjon som står som arrangør av leiren. God mat i trivelege omgjevnader. Velkommen til påskeleir på Teigen!

Innkvartering frå kl. 17.00 Avslutning etter frukost påskeafta. Pris: Born under 6 år: gratis Born frå 6-14 år: kr 450,Voksne: kr 650,-

Påmelding innan 23 mars til: stine.kirkeli@normisjon.no eller ring mobil 91 24 08 38 (Stine Kirkeli) eller 90 50 70 98 (Ottar Tonheim)


HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2010

11

Eit kyrkjesenter i funksjon Bjarne Steinsund har teke på seg å skrive eit samandrag/historie om bygginga av kyrkjesenteret på Vassenden. Tanken er at det skal verte ei bok med mange bilde. RUNE MOLVIK tekst/foto INGER LIND AASEN

Hyrdingrøysta var tidlegare i år i kontakt med Bjarne Steinsund. Og vi stilte dette spørsmålet då vi fekk høyre om planane: Kvifor ei bok om ei ny kyrkje? Dette arbeidet som her er gjort, og med si forhistorie, er såpass stort og sermerkt at det er verdt å take vare på, meinar Bjarne. Vi veit at arbeidet med å få til ei kyrkje på Vassenden starta alt i 1925. Korleis skal du då få tak i heile historia? Ja, det er slik at forhistoria og tankane bak er så langt borte at det er snart vanskeleg å rekke trådane. Medan arbeidet, oppføringa av bygget slik det no står, endå kan hugsast av dei som var med og deltok. Sjølv om det har gått berre åtte - ti år sidan bygget vart ferdig, er det sikkert mange som lurer på kor lang tid arbeidet med bygget pågjekk? Forutan om grunn og betongarbeidet, var resten av arbeidet i hovudsak dugnadsarbeid som rakk godt over fire år før huset vart innvigd (og varer til dels enda, åtte til ti år etter). Skal du gjere arbeidet sjølv, det vil då verte svært omfattande? Vi er så heldig at ein man som er fødd på Vassenden, og det er ikkje hemmeleg, han heiter Kolbjørn Bergseth, har trakka sine barnesko her. Han er no komen i pensjonsalderen og endå bur her. Kolbjørn har sagt seg villeg å gjere sitt beste med å samle

Redaksjonen i sitt første møte onsdag 3. mars. F.v.: Kolbjørn Bergseth, Målfrid Kjøsnes, Bjarne Steinsund og Gunnar Smaadal. «stoff» frå dei fyrste tider det var skapt tankar om kyrkje her på Vassenden. Kolbjørn Bergseth er sterkt interessert i gamle foto og forteljingar frå den tid basarane for innsamling av midlar var i drift på Vassenden, i tillegg til andre eventuelle føretak i same lei. Så her har Bjarne Steinsund utan tvil fått med seg ein god ressurs i arbeidet med den planlagde boka. Vi spør kva del av historia Bjarne skal konsentrere seg om? Eg skal ta meg av det om sjølve planlegginga og bygginga av huset. Korleis framdrifta gjekk på bygget. Alt etter referat og dagbok, men og ein del etter det som set att på minne. Er det andre som og skal vere med i bokarbeidet? Ja, den tid huset har vore i drift, det vil

verte dei siste ti år, har Gunnar Smaadal sagt seg villeg til å vere med i skrivinga. I tillegg har Målfrid Kjøsnes sagt at ho skal gjere så godt ho kan for å feste på papir det mest vesentlege «om drift og sjau». Då tvilar ein ikkje, legg Bjarne til. Er du ute etter hjelp frå bygdefolk og andre til stoff til boka? Ja, absolutt. Skulle det vere nokon som har nyttige innlegg, gamalt eller nytt, så er me svært takksame for det. Ta ein telefon til Kolbjørn Bergseth eller Bjarne Steinsund. Og boka kjem når? Boka er seinast tenkt å kome ut på tiårs jubileumsdagen, kring den 22.09.2012. Hyrdingrøysta ynskjer lukke til i arbeidet med dette viktige bokarbeidet, og takkar Bjarne Steinsund for hyggjeleg prat.

GUDSTENESTEREFORMA

Liturgien Når det gjelder liturgien, gir høyringa brei støtte til dei grunnleggjande prinsippa. Det har kome innvendingar mot ein del av den konkrete utforminga. Skapingteologiske motiv er blitt styrka, medan frelsesteologiske motiv på same tid er svekka.

Tekstane, vart det peika på, er av variabel kvalitet både teologisk og språkleg.Ein grundig gjennomgang av tekstane på nytt er nødvendig. Forbøna er det punktet der høyringa mest tydeleg framhevar behovet for å ha fleire alternativ, og der kyrkjelydane sjølv kan lage sine eigne bøner. Utdrag frå Kirkeaktuelt nr 4, desember 2009


12

HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2010

- TA X I Vassenden Taxi - tlf. 57 72 71 92/950 TaxiTaxi - tlf. 57 72 82 51/971 78 100 Vassenden Taxi - tlf. 48 215000987 22• Skei • Skei - tlf. 905 75 555

Vinter: ma-ty-on-fr: 9 – 15.30 Sommar: ma-ty-on-fr: 9 – 15

to: 9 – 17 to: 9 – 17

Tlf: 57 72 62 00 Faks: 57 72 62 01

kundesenter@ssf.no • www.ssf.no www.fylkesbanken.no

Lona, 6843 Skei 6772 7263 6360 60/916 57 / 91656 56540 540 www.aardalsbakke.no

EIDE STEIN, 6490 Eide GRAVMONUMENTER tlf. 712 99 250

Sjå våre gravminner på www.raablokk.no

Tlf: 57 82 70 30 • Tlf: www.fjordan.no 57 82 04 00• eirik@fjordan.no

E-post: post@eidestein.no Våre representanter: Ålhus: Kjell Taklo Våre representantar: Helgheim/Vassenden: Kjell Taklo - tlf. 951 17 604 Nils Huus

RÅBLOKK NATURSTEIN MARMORSjå • våre GRANITT • SKIFER gravminner på

www.eidestein.no 6490 Eide – Tlf. 71 29 61 12 – Faks. 71 29 66 71

Postboks 123, 6801 Førde

Nils Huus - tlf. 995 36 722

6843 SKEI Tlf. 57 72 83 33 / Mobil 911 75 903

BYGGMESTER

Ottar Dvergsdal Aut. maskinentreprenør Tlf. 57 72 83 67 / 952 00 433

skei@audhild-viken.no • Telefon: 57 72 81 25

Gravminne DEMENSFORENINGA Jølster Bil AS

Kyrkjekontoret formidlar sal av gravminne i Sunnfjord og oppussing av gravminne.

– Vi gjer alt for din bil –

Tlf. 57 81 84 50/ på 977 42 653 Kontakt kyrkjesekretæren telefon 57 72 85 06 eller e-post: kyrkjekontoret@jolster.kyrkja.no Vassenden

Måndag, tysdag, onsdag: 9 – 18 Torsdag, fredag: 9 – 19 Laurdag: 9 – 15

Tlf. 57 72 72 00/Fax. 57 72 86 00 Epost: vassenden@marked.coop.no

Alf Helgheim & Co AS ALF HELGHEIM & CO AS

i Jølster 68436843 SkeiSkei i Jølster Tlf: 57 72 83 11 Tlf. 57 72 83 11 Epost: post@alfhelgheim.no

Tlf. 57 72 68 90 / Fax 57 72 70 77

Skei: Skei

Måndag–fredag: 9 – 19 20 Laurdag: 9 – 18 Laurdag: 15

Tlf. 57 72 83 77/Fax. 57 72 85 15 Epost: skei@marked.coop.no AUT. MASKINENTREPRENØR

JOSTEIN SUNDE A/S

Graving - Sprenging - Transport levering av pukk, singel og grus

Tlf. 57 72 83 32 / Mob. 957 59 694

Tlf. 57 72 74 15 www.jolsterbygg.no

FOTO • UR • GULL • SØLV • MUSIKK

FOTO - UR - GULL - SØLV - MUSIKK

Audun Leirvåg Nordfjord Skifer AS Maskinentreprenør

Tlf. 16 // 906 9173063999 804 Tlf.57 5772 72 70 67 52

Roald Sunde Maskinentreprenør - Sentral godkjenning Tlf. 57 72 81 91 / Mob. 952 31 915 Graving - Transport - Muring - Sandtak

Jølster Breiband AS 6843 Skei i Jølster Breiband i heile Jølster Tlf. 57 72 68 98

Biletkunstnar Astrid Myklebust Norsk Søndagsskuleforbund Stardalen, 6843 Skei i Jølster – Tlf. 57 72 89 44 www.sondagsskole.no e-post: astmykl@yahoo.no

Konto 8220.02.81027

Jølster Rør AS

Jølster Hotell

Tlf. 57 72 83 50 / 959 87 820 Bjørn 959 87 822 Geir 959 87 823

Tlf. 57 72 73 00 Ope for møte, kurs, bryllaup og liknande heile året.


HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2010

13

Vassenden søndagsskule på «vandring i Israel» Hyrdingrøysta besøker med jamne mellomrom dei ulike aktivitetar i kyrkjelydane for å følgje med kva som rører seg. Søndag 14. februar på morsdagen var dei samla på Vassenden kyrkjesenter, ein liten flokk med stor aldersspreiing. INGER LIND AASEN tekst og foto

I kyrkjerommet song dei kjende songar med rørsle til, og to fekk gå rundt med bøssa for å samle inn pengar til misjonsarbeid. Så ville Anne Margrethe Olsen, som var leiar denne dagen, ta dei med på vandring i Israel i lag med profeten Elia. Frå 1. Kongebok, kap. 18 står forteljinga om kong Akab som «gjorde det som vondt var i Herrens augo». Kanskje alle må lese dette for å skjøne vandringa til søndagsskulen! I konfirmantsalen plasserte Anne Margrethe sin nest yngste son, David på ein stol på bordet, han skulle vere kong Akab. Signe

Bjotveit spelte profeten Elia. Så fikk heile flokken gå frå rom til rom i kyrkja for å følgje profeten Elia på vandringa ut til den dalen Gud hadde sendt han. Heile tida sa dei oppatt at «Gud vil gi oss den maten vi treng», slik Gud hadde sagt til Elia. Ute i våpenhuset var det laga til ein bekk

der Elia kunne drikke, og ramnane sytte for mat slik det var sagt. Då bekken turka opp, fekk Elia beskjed frå Gud om å gå til Sarepta, og ungane følgde «Elia» inn i kyrkjerommet att, til Sarepta. Der traff dei enka som gjekk og samla ved. Elia ba om mat, men den fattige enka eigde ikkje ein brødbit. Ho fekk lovnad om at mjølkrukka aldri skulle verta tom og olja aldri skulle ta slutt. Då enka torde å lita på det Elia sa, fekk ho oppleve akkurat det. Der var alltid mjøl i krukka og olje i kruset. Det var ikkje vanskeleg for ungane å følgje med på denne forteljinga, dei var oppslukt av vandringa. Så avslutta dei med å samle seg om Kristuskransen og fekk fortald opp igjen kva dei ulike perlene skulle symbolisere. Etterpå var det aktivitetar der dei yngste fekk lage kort, kanskje forseinka morsdagskort. Dei eldste hadde meir avansert arbeid som å gjere ferdig fuglebur eller bruke svipenn på trebilder.

Ei fin stund med levande innhald, den var nyttig for oss som var der, i alle aldrar. Hjarteleg takk for det gode arbeidet de legg ned, Kirsti Bjotveit, Anne Margrethe og Arild Olsen!


14

HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2010

KYRKJA I JØLSTER

Hyrdingrøysta

Kyrkjekontoret Vassenden kyrkjesenter Kontoret er ope måndag, tysdag og torsdag kl. 9–15. Tlf. 57 72 85 06. Faks 57 72 75 94. E-post: kyrkjekontoret@jolster.kyrkja.no Jølster kyrkjelege fellesråd Leiar: Gunnar Smaadal. Tlf. 57 72 72 56 / 913 95 898 Sokneprest Vidar Bjotveit Kontortid måndag kl. 10–12 og tysdag kl. 9–14 eller etter avtale. Mob. 958 80 030. Priv. 57 72 67 07 E-post: soknepresten@jolster.kyrkja.no Presten har fridagar torsdag og laurdag.

Kyrkjelydsbladet blir sendt til alle husstandar i Jølster. Bladpengar 150 kroner årleg. Abonnentar utanfor kommunen får bladet tilsendt for 175 kroner. Abonnement på Hyrdingrøysta på epost er gratis. Bankgiro 3703 30 09225

Fungerande kyrkjeverje Jon Ivar Friborg Kontortid tysdag og torsdag kl. 9–15 Mob. 480 49 890 E-post: kyrkjeverja@jolster.kyrkja.no Kantor Rune Molvik Kontortid tysdag 9–15. Fri torsdag og laurdag. Har teneste ved evt. bryllaup på laurdagar. Priv. 57 72 84 77. Mob. 991 27 430 E-post: organisten@jolster.kyrkja.no

Bladstyrar Rune Molvik Vikalia, 6843 Skei i Jølster Mob. 991 27 430 E-post: hyrdingroysta@gmail.com Bladstyret: Inger Lind Aasen og Marit Hartvedt.

Sekretær Gerd Aase Styve Kontortid tysdag og torsdag: 9–15.

Vi takkar for betaling og støtte. Hyrdingrøysta er tilknytta og kan lesast på www.menighetsblad.no og på denne nettsida: www.kirkenorge.no/menighetsblad

Tannlege Svein Aasnes Tlf. 57 72 82 67/952 85 431

Reed Foto

Dvergsdal & Sunde Bygg AS

6827 Breim

6800 Førde, Telefon 57 72 70 44 Telefax 57 72 70 45 - E-post: forde@boligpartner.no

Tlf: 57 86 83 33 www.reedfoto.no post@reedfoto.no

Tlf. 57 72 38 50

EVA AARSETH - IRENE EIKÅS EVA AARSETH IRENE EIKÅ DAME-/HERREFRISØR - -SOLARIUM 57 ETTER 72 75 88 OPETELEFON KVAR DAG AVTALE TIMEBESTILLING: TELEFON 57 72 75 88

Postboks 23 6841 Skei i Jølster Tlf. 03520 avd. Skei No kan du få breiband/ADSL! (Vassenden og Skei)

Telefon: 57 72 78 00 Telefax: 57 72 78 01 www.skeihotel.no

E-post: info@skeihotel.no

JØLSTER BIBLIOTEK OPNINGSTIDER: SKEI SKEI Mandagkl. kl.11 10––15 15 Mandag Torsdagkl. kl.15 15––19 19 Torsdag Fredagkl. kl.11 12––15 17 Fredag

VASSENDEN Mandag kl. kl. 12 12 –– 17 15 Mandag 17 –– 14 19 Tysdag kl. 10 Onsdag kl. kl. 17 17 –– 20 19 Onsdag

Telefon57 5772 7261 6148 48 Telefon

75 64 60 Telefon 57 72 65

6847 Vassenden


HYRDINGRØYSTA Nr. 2/2010

15

Kyrkja

vår heim

Gudstenesteplanen kan bli endra; sjå oversikten på kyrkjesida i Firda, normalt i fredagsutgåva. Søndag 28. mars PALMESUNDAG Joh. 12,12-24 HELGHEIM KYRKJE. kl. 11:00 Liturg: VIDAR BJOTVEIT Dåp. Utdeling av Barne Salmeboka til elevar i 3. kl. Søndagsskulane i Jølster deltek. Torsdag 01. april SKJÆRTORSDAG Joh. 13,1-15 VASSENDEN KYRKJESENTER. kl. 19:00 Liturg: VIDAR BJOTVEIT Nattverd Kveldsmat etter gudstenesta Fredag 02. april LANGFREDAG Mark. 15,20b-37 ÅLHUS KYRKJE. kl. 11:00 Liturg: REIDAR ANDREAS KNAPSTAD Pasjonsgudsteneste. Pasjonsmusikk ved organisten kl. 10:30 Søndag 04. april PÅSKEDAG Joh. 20,1-10 HELGHEIM KYRKJE. kl. 11:00 Liturg: VIDAR BJOTVEIT Dåp og nattverd Konfirmantane i Jølster deltek. Kyrkjeplask etter gudstenesta i Jølstravatnet. 10 års-jubileum. Atterhald om isfritt Jølstravatn.

Mandag 05. april 2. PÅSKEDAG Joh. 20,11-18 ÅLHUS KYRKJE. kl. 11:00 Liturg: VIDAR BJOTVEIT Dåp og nattverd Søndag 11. april 1. SUNDAG ETTER PÅSKE Joh. 21,1-14 HELGHEIM KYRKJE. kl. 11:00 Liturg: Henry Nygård Takkoffer til Den Norske Israelsmisjon. Søndag 18. april 2. SUNDAG ETTER PÅSKE Joh. 21,15-19 ÅLHUS KYRKJE. kl. 11:00 Liturg: VIDAR BJOTVEIT Dåp. Kyrkjelydens årsmøte. Utdeling av Barne Salmeboka til elevar i 3. kl. Søndag 25. april 3. SUNDAG ETTER PÅSKE Joh. 14,1-11 HELGHEIM KYRKJE. kl. 11:00 Liturg: VIDAR BJOTVEIT Nattverd Søndag 02. mai 4. SUNDAG ETTER PÅSKE Joh. 15,10-17 VASSENDEN KYRKJESENTER. kl. 11:00 Liturg: VIDAR BJOTVEIT Dåp Konfirmasjonsgudsteneste

Søndag 09. mai 5. SUNDAG ETTER PÅSKE Matt. 6,6-13 HELGHEIM KYRKJE. kl. 11:00 Liturg: VIDAR BJOTVEIT Konfirmasjonsgudsteneste Torsdag 13. mai HELGETORSDAG Apg. 1,1-11 ÅLHUS KYRKJE. kl. 11:00 Liturg: VIDAR BJOTVEIT Konfirmasjonsgudsteneste Mandag 17. mai 17. MAI Joh. 12,35-36 HELGHEIM KYRKJE. kl. 11:00 Liturg: VIDAR BJOTVEIT Festgudsteneste ÅLHUS KYRKJE. kl. 12:15 Liturg: VIDAR BJOTVEIT Festgudsteneste Søndag 23. mai PINSEDAG Joh. 14,15-21 ÅLHUS KYRKJE. kl. 11:00 Liturg: VIDAR BJOTVEIT Dåp og nattverd Høgtidsgudsteneste Mandag 24. mai 2. PINSEDAG 1. Kor. 12,12-20 HELGHEIM KYRKJE. kl. 11:00 Liturg: VIDAR BJOTVEIT Dåp og nattverd Høgtidsgudsteneste Søndag 30. mai TREEININGSSUNDAG

Matt. 28,16-20 ÅLHUS KYRKJE. kl. 11:00 Liturg: STEIN OLTEDAL Dåp og nattverd Søndag 06. juni 2. SUNDAG ETTER PINSE Luk. 12,13-21 HELGHEIM KYRKJE. kl. 11:00 Liturg: VIDAR BJOTVEIT Dåp og nattverd

Døypte ÅLHUS SOKN 31.01.2010 Marius Brandsdal Vassenden kyrkjesenter 31.01.2010 Alida Hansen Hårklau Vassenden kyrkjesenter 31.01.2010 Syver Eikås Vassenden kyrkjesenter 31.01.2010 Mats Berntsen Vassenden kyrkjesenter HELGHEIM SOKN 18.10.2009 Ludvik Sunde Førde 18.10.2009 Rakel Myklebust

Gravlagde ÅLHUS SOKN 10.02.10 Torbjørg Løset f. 1924 Vassenden kyrkjesenter 16.02.10 Jenny Oline Berg f. 1924


16

NR. 2/2010 – 71. ÅRG.

Grantrea ved Helgheimskyrkja er no saga ned RUNE MOLVIK tekst og foto

Det var Steinar Høyvik og Audun Sande som tok på seg dette arbeidet. Fredagsmorgonen i slutten av januar var det bitande kaldt, og dei mange kuldegradene skulle gje dei røynde skogskarane uventa problem. Motorsagene dei hadde med seg ville ikkje starte. Først når sola kom, ut på ettermiddagen, vart det liv i motorsagene - og då måtte dei store grantrea gje tapt. Årringane som vart talt opp syner at grantrea er mellom 75 og 80 år! Den tjukke isen på Jølstravatnet gjorde at det for fotografen var høve til å finne nye motiv av kyrkja på Helgheim-sanden.

- ei flott, hvitmalt og høgreist langkirke i tre, reist i gotisk stil. (sitat frå programmleiar Henning Olstad si omtale av Helgheimskyrkja i programmet Kim, alle klokker i Radio P1)

Med motorsag og verneutstyr fekk Audun Sande (t.h.) og Steinar Høyvik saga ned dei gamle grantrea ved Helgheimskyrkja.

Ingun Dahlin skriv dette om

krusifikset på Senter for Livsmestring:

Jesus, vår frelser kommer oss i møte Selv på korset sprer han sin velsignelse og inviterer oss med til paradis Med den ene hånda spikret fast ser vi hva Han gjorde for oss Men den andre hånda er fri til å velsigne alle som kommer fram til Ham Med hjerte av gull kommer han gjennom veggen - inn til oss Med sitt milde ansikt skinner selv Hans krone av gull Vår konge – frelsens mysterium - kommer til oss med et vennlig smil fylt av fred og håp

Firda Media AS, Førde

Du henger der med bøyet hode- se, dette mennesket! Hvert sårmerke roper mot himmel og jord Her løftes hele verden, og en enhet blir skapt mellom Gud og mennesker Det tankene aldri kan fatte har hendt – dette er vår tids mysterium


Hyrdingsrøysta nr.2/10.