Page 1

Nr. 5 - OKTOBER 2010 - 51. årgang

Innhald Sprell levande kyrkjefredag . ........2

Ta sjansen!

Andakt . .........................................3 Aktuelle tilbod for born og unge....3 Vellukka pilegrimshelg ................4 Bimen-besøk .................................5 Smått og stort frå fellesrådet . ......6 Bli med på LysVaken . ...................6 Vi går i kyrkja ...............................7

F o t o : Foto: M ag n y RMoen . F o l k e da l Audun

Grønn action på Lista . .................8

«Han gjev den trøytte kraft, og den som ingen krefter har, gjev han ­ stor styrke» Jes. 40 29

Å melde seg opp til konfirmasjon kan kanskje for nokon vere å kaste seg ut i det ukjente. Det fekk årets konfirmantar oppleve heilt bokstaveleg då me fyrste helga i september var på weekend på KRIK-senteret i Hemsedal. Undervising, gudsteneste, mat og aktivitetar fylte helga. Det gjorde inntrykk å høyre ein frå Maritastiftelsen fortelje om livet frå kriminell til kristen. For mange vart nok klatreveggen og stolpestupet høgdepunktet. Tør eg prøve?? Held tauet??

Kjem eg til å falle ned?? Ingen fall, alle som prøvde kom heile ned. Er det ikkje slik med Jesus og dåpen også? Det held! Med Jesus som klatresele er me sikra gjennom livet og døden. Ta sjansen. - Hiv deg ut! JMJ Foto: Marie Hefte og Åse Marit Jorde


Jesus kjem snart! A n d a k t av W i l ly G r y t i n g

Matkrisa er reell i den verda me lever i, sjølv om ho ikkje er merkbar i vår kvardag, i alle fall om me ikkje tenkjer etter … Men om få år kan situasjonen vera annleis også her hjå oss. Tida med billig mat kan vera forbi. Prisauken på kveite er varsla alt i år. Refleksjon rundt eit slik tema er naudsynt. Matkrisa i verda er ei stor utfordring, kanskje den største krisa som møter oss i framtida. Ho har stor samanheng med klimakrisa som skapar tørke og ørkenlandskap der ein tidlegare produserte mat. Kvar innbyggjar på kloden har i dag 2,2 mål med åkerland om me alle delte likt. Slik vil det ikkje vera i framtida. Innan 2050 vil innbyggjartalet i verda auke med 2,4 milliardar. Det tilsvarar ein vekst på om lag 200.000 menneske kvar dag! Og no er det ikkje berre folk i vår del av verda som unner seg kjøt til middag. India og Kina har opplevd ein velstandsauke dei seinare åra og kosthaldet i desse landa med millionar av menneske har endra seg stort. Det trengst mykje korn for å produsere eit tonn kjøt. Mykje mais går i dag til etanolproduksjon. Biodrivstoff er vel og bra, men ikkje når råstoffet er menneskeføde. Kva kan du og eg gjera med dette? Fyrst og framst kan me tenkje etter, skaffe oss kunnskap om temaet og setja oss inn i situasjonen, bli meir medvitne og snakke med kvarandre … Me kan redusere forbruket vårt, bruke meir kortreist mat og vera med å auke etterspørselen etter lokalproduserte matvarer. Me kan bli flinkare til å planlegge innkjøpa våre, syte for at me ikkje har meir enn det me faktisk brukar, i så fall treng me gode lagringsplassar. Poenget er at maten må ikkje kastast. Restar kan og bør nyttast. Og matjorda er ein viktig ressurs som me gjer rett i å ta vare på – ho kan koma til nytte før enn me anar. Magny R. Folkedal

FADDERTIPS Les barnebøker med ­ kristent i­nnhald for fadderbarnet ditt.

Sprell og Liv på fredag På SPRELL LEVANDE kyrkjefredag får du servert mat for både kropp og sjel. Kyrkjelyden ynskjer å samle ulike tilbod for borna slik at vi kan dra nytte av kvarandre. Vi har prøvd kyrkjetorsdag, no prøver vi Sprell Levande kyrkjefredag. Sprell Levande er namnet på opplegget frå sundagsskulen. Her får borna innføring i sin heilt eigen liturgi, dei lærer å be og dei får høyre sentrale bibelhistorier. Fire fredagar før jul og fire fredagar etter jul samlar små og store seg på Evjens Minne for mat, sprell og liv. På fyrste samlinga i haust vart det servert pizza frå Isabella oppe i salongen på Evjens Minne. Sidan var det kreativ verkstad, samling og samtaler for borna, og kaffi og samtale rundt bordet for dei vaksne. Kanskje eit kjærkomment pusterom? – Det er viktig at kyrkjelyden veit at dette er eit tilbod til alle, både unge og gamle. Ein treng ikkje ha born for å kome og ete med oss på kyrkjefredagane, seier Terje Nordal. Han leia korsangen saman med Marit Noss. Mari-Irene Slåtten sette ungane i gang med å lage flotte dørskilt til heimen, og Anne og Børge Bekkestad hadde samling med dei over 11 år. Velkomen til neste Sprell Levande kyrkjefredag, 15. oktober! Det er middagsservering mellom kl. 16.30 og 18.00, kom når det passar deg!

Dette temaet har opptatt meg frå eg var ganske ung. Det er nok ikkje alt eg har prioritert like klokt, av di eg rekna med at eg ikkje kom til å leve så lenge at eg vart pensjonist. Eg trudde Jesus ville koma veldig snart. Men sjølv om Jesus ennå ikkje er komen att, har eg likevel ikkje slutta å vente.Bibelen brukar ordet snart i denne samanhengen, og Jesus anklagar si samtid for at dei ikkje kunne tyde tida sine teikn. ”Himmelens utsjånad kan de tyde, men ikkje denne tida,” seier han. Mange har forsøkt å rekne ut når Jesus skulle koma att, men det er dømt til å verta misslykka. Jesus har sjølv sagt at verken han eller englane veit dagen og timen.Likevel talar han om kor viktig det er å vere vaken, for Menneskesonen kjem på ei tid dei fleste ikke reknar med. Men for dei truande som følger med i Guds ord, og i tida, vil han likevel ikkje koma overraskande. Dei forstår at nå lever vi i den tida som Jesus har snakka om.Krig og rykter om krig, jordskjelv, pest, hungersnaud, teikn i sol, måne og stjerner, er noko av det Bibelen talar om. ”Folk skal verta gripne av redsle og rådløyse når hav og brotsjøar dyn”. Men eit av dei største teikna i vår tid, er det som skjer med staten Israel. Etter at staten vart oppretta i 1948, har det emigrert jødar til dette vesle landet frå store delar av verda. Folketalet var i 1948 på vel 872.000. Nå er det på vel 7,5 mill. Israel veks og blomstrar.

Jesus seier i Luk.21: ”Sjå på fikentreet og alle andre tre. Når de ser at lauvet sprett, då veit de at Guds rike er nær”. At Jesus har lova å koma snart att, er for meg både ein vekkar, og ei glede. Eit ord av Paulus som for meg har vore til trøyst, er ordet fra 1. Tess 4, 17: ” Så skal vi som har vorte att, og som enno lever, saman med dei rykkast opp i skyene, opp i lufta, og møta Herren. Og så skal vi alltid vera saman med Herren. Trøysta kvarandre med desse orda!” Jesus trøysta og sine om at han skulle koma att, og han visste betre enn dei kva dei hadde å gle seg til. Då eg ein gong for snart 40 år sidan, snakka med dei to eldste borna om at Jesus skulle koma att og hente dei som ventar på han, ser eldste jenta på meg med klare augo og spør: ”Pappa, venter du på Jesus?” Gjer du det?

Aktuelle tilbod for born og unge: Sundagsskule

Jentelag

KRIK

i Nordbygdene annankvar laurdag. Kontakt: Torfinn Slåtto, 995 13 142

– for 2. – 7. trinn med fokus på misjon Kontakt: Astrid Warberg, 32085743

KFUK/KFUM -speidar

Sprell levande kyrkjefredag

– allidrettsgruppe frå 8. trinn og oppover. Måndagar kl. 17-19. Kontakt: Ole Øvrejordet, 41306746

– fra 2. trinn, annankvar onsdag. Kontakt: Anne Kjersti Frøyen, 90133806 eller Sverre Frydenlund 90051858

– fellesskap for alle generasjonar med rimelig middag på Evjens Minne 4 fredagar i haust. Trusopplæring og aktivitetar for borna medan vaksne kan kose seg med kaffi. Kontakt: Johanne Marie Jordet, 97173937

S-klubben

– for 2.- 7. trinn på Fredheim, Sando annankvar onsdag. Kontakt: Gunvor Kreken, 45869872

Between

– klubb for 5.-7. trinn på Evjens Minne ca. kvar 3. fredag. Kontakt: Torfinn Slåtto, 99513142

Synzygus – kor frå 8. trinn og oppover

Møtest måndagar 18.30-20.30. Kontakt: Kristin Gåsbakk, 99368599 Trusopplæring i kyrkja

– døypte på dei aktuelle årskull blir inviterte pr. brev. Kontakt: Johanne Marie Jordet, 97173937 For meir informasjon, ring kyrkjekontoret 32086161 KYRKJEBLAD FOR ÅL 5/10

3


Vellukka pilegrimshelg

25 vandrarar frå Hemsedal, Ål, Gol, Hovet, Hønefoss, Hokksund, Oslo og Frankrike vandra siste helga i august på gamle stigar mellom Hemsedal og Torpo. Der har pilegrimar, kyrkjefolk og folk flest vandra gjennom tidene. Pilegrimane frå gamalt av hadde vel Thomaskyrkja på Filefjell som mål. Kyrkjefolket frå Hemsedal vandra til sine tider over fjellet til Torpokyrkja som var hovudkyrkja i denne delen av dalen i middelalderen. Og folk flest brukte nok denne vegen som og er ein del av den såkalla Valdresvegen eller Langeløype-vegen som han og vart kalla. Lokalkjente folk både frå Ål og Hemsedal har brukt mykje tid det siste året for å finne ut mest mogleg nøy-

aktig kvar vegen har gått, men mange stader er han borte heilt eller delvis.

oss med gode senger, varm dusj, fyr på peisen og super mat. Etter kveldssæte med historier, munnharpespel og tidebøn gjekk me etterkvart til ro.

Me starta helga laurdag morgon på Kyrkjebøen på Trøym. Under regntunge skyer som løfta på seg hadde me ei fin stund. Me presenterte oss for kvarandre, Tori Snerte slo an tonen med nydeleg fløytespel og dominikanerpater Arnfinn Haram frå Dominikanerklosteret i Oslo leia oss i den første tidebøna før me starta vandringa.

Søndag etter tidebøn og frokost tok Eilev Hefte oss vidare – i striregn - langs Langeløype-vegen over Gaurhovd mellom Øknin, langs Vesleåne mot Helsingset der me stoppa ved ei kolgrop før me gjekk ut på vegen til Helsingset og kryssa elva. Her tok me ein avstikkar og såg på staden der gamlevegen måtte ha kryssa elva før brua og den nye køyrevegen kom. Me hadde ein rast her og Arnfinn delte vidare med oss tankar om pilegrimstemaet.

Sjølve vandringa starta i Marakilen ved Hemsila der Valdresvegen kryssa elva i eit vad (ved Hjelmen). Arne Skolt var vegvisar denne første dagen. Frå Marakilen gjekk me langs vegen vest for Hemsila og tok opp lia til Værpet der Knut Olav Halbjørhus fortalde korleis han fann dette værpet som ligg ved den gamle vegen opp mot Krosstølane. Me passerte og ei kolgrop på veg opp lia, langs gamlevegen. Ved Krosstølane hadde me tidebøn og ein god rast før me fortsatte opp lia mot Hellingreset på 1110 moh. Her hadde me eit flott rundskue til fjella både i Hemsedal og Ål. Arnfinn sang ”No ser eg atter slike fjell og dalar”… og me såg målet for dagen – Fjelldokkstølen i Volelie der fam. Torpe tok imot

På vegen ned mot Torpo stoppa me ved ein minnestein. Eit sagn fortel at ei lita jente fall av hesten og døydde der. Steinen står like inntil vegen nedafor Dråpalie der vegen tek av mot Embrikslåtta. Me gjekk siste biten ned til Oppheimsbygda på Langeløype-vegen og me passerte nok eit værp – eit kvistværp. På Rasmusgarden – der Eilev og kona hans bur i huset sitt Bakken fekk me sita på verandaen og eta maten vår med god kaffi og fyr på utepeisen. Me var ganske blaute – det hadde regna heile dagen, det varma godt å bli tekne imot som skikkelege pilegrimar her… Paul Adrien som er munk i Frankrike, nytta høve til å koma med ei helsing til oss. Siste biten ned til Torpokyrkjene gjekk me forbi Margitbakken som det og er knytt segner til.

Bimen-besøk Mange prestar har opp gjennom åra hatt teneste i Ål og mange biskopar har vitja bygda, men me har neppe hatt besøk av ein biskop frå Egypt før no. Tor Trydal var kapellan her frå 1973 – 1981. Han budde på Torpo og etter endt virke her flutte han med familien til Drammen. Torsdag 23. sept. kom han tilbake og hadde gudsteneste i Vats fjellkyrkje, ei kyrkje som ikkje var bygd den gongen Trydal arbeidde i Ål. Trydal og kona Aase kom hit no som reiseleiarar for langvegsfarande gjester – heilt frå Egypt – biskop Bimen med to medarbeidarar. Dei ynskte å vise egyptarane haustfjellet i all si fargeprakt, men måtte ta til takke med eit

særdeles vått og grått døgn i Ål. Tunsberg bispedøme er venskapsbispedøme med eit bispedøme i Egypt og gjestene var delegatar derifrå og representerer ei minoritetskyrkje, den koptiske. Tradisjonen fortel at den koptiske kyrkja i Egypt vart grunnlagd alt i år 60 e. Kr. av evangelisten Markus. Gjennom kontakten med denne kyrkja finn me på ein måte tilbake til våre eigne røter og møter urkristendomen på mange vis. Den som kjenner kyrkjehistoria veit at kristendomen har gjennomgått ei veldig utvikling frå den fyrste kristne kyrkjelyden vart grunnlagt av læresveinane 1. pinsedag, til kristendomen nådde landet vårt tusen år seinare og vidare fram til vår tid.

Blant koptarane i Egypt har ikkje endringane vore like merkbare. Difor er det med spenning og interesse me kan nærme oss dei og lære av dei. Bimen fortalde ein del (på engelsk), me fekk sjå video og me fekk stille spørsmål. Og dei fekk lytte og lære av oss. Mellom anna fann dei orgelet i Ål kyrkje interessant, ikkje minst byggteknisk, men også lyden i instrumentet. Orgel finst ikkje i deira kyrkjer – der brukar dei stemma til sang og liturgi – så vel som forkynninga av Guds ord. -mrf

Helga vart avslutta med messe i Torpo stavkyrkje der Arnfinn forretta og Audun Moen deltok med vakkert spel og song. Før messa fekk me kaffi og kaker som soknerådet på Torpo hadde ordna til. Det var ein kald og våt gjeng, men med mange gode kjendsler og tankar som skilde lag. Kanskje går me til Thomaskyrkja neste gong? Bjarne Thoresen 4

K Y R K JE B L AD FOR ÅL 5 / 1 0

KYRKJEBLAD FOR ÅL 5/10

5


Ål kyrkje­ akademi ynskjer velkomen til fylgjande arrangement: Fredag 15. oktober

– Filmkveld i Veslesalen 18.30 med samtale. "MIRAKLET I LOURDES” Fredag 26. november

–Foredrag ved professor Atle Roness i Nesch-museet 19.15. ”TIDAS ANGST – TROENS TRYGGHET” Kva kan me seie om kristentrua: Er den helsebringande eller ­sjukdomsframkallande?

Be for kristent barnearbeid i bygda di Søndagsskolene og annet kristent barnearbeid i Hallingdal er godt i gang med en ny sesong. Styret i Hallingdal søndagsskolekrets ønsker å minne om å be for dette arbeidet der du bor.

Smått og stort frå fellesrådet: Leveld kunstnartun skal kunne samle kunstnarar og kulturarbeidarar til inspirasjon og gode arbeidsvilkår. Kyrkja i Ål vil gjerne vera med å tenkje kring kunstnartunet. Kulturmeldinga ”Kunsten å være kirke” har lagt eit godt grunnlag for å tenkje breiare om kunst og kultur i kyrkja. Det har mellom anna ført til at alle bispedøma i landet har tilsett kulturrådgjevar. Tankane frå arbeidsgruppa ved Leveld kunstnartun stemmer langt på veg med kva kyrkja tenkjer kring dialogarbeid og eit breidt spekter av kunstformer. Prosjektet ”folkemusikk og gudsteneste” samt arbeidet i Ål kyrkjeakademi, stadfestar at dialogarbeid har vore godt for det lokalkyrkjelege arbeidet i Ål. Dette kan utviklast vidare gjennom eit samarbeid med Leveld kunstnartun. Frå kyrkjegard til gravlund Gravferdslova skal endrast, og endringane har vore ute til høyring. Mellom anna skal lova gjerast meir livsynsnøytral, og frist for gravlegging blir utvida. Ein konsekvens er at ordet "kyrkjegard" blir erstatta med gravlund i heile lova. Lokalt kjem det nok likevel til å heite kyrkjegard i mange år enno. Ei gravferd skal utførast med respekt for avdøde sin religion eller livssyn. I kvar kommune skal det etablerast eit kontaktforum mellom dei ulike trus og livsyns-samfunna.

Styret i Hallingdal søndagsskolekrets

Bli med på LysVaken! Natt til 1. sundag i advent blir det overnatting i kyrkja for deg som er 11 år. Kyrkjer over heile landet blir då fylt med soveposar, tøflar og aktive born. Dette blir ei helg med aktivitetar ute og inne, gudsteneste, god mat, nattkino og mykje meir… Alle på 6.trinn får brev i posten med fleire opplysningar.

6

Set av helga no. Dette blir moro! Har du spørsmål, kontakt johanne-marie. jordet@hallingnett.no K Y R K JE B L AD FOR ÅL 5 / 1 0 Jm

– advent snat 27.-28. no t i kyrkja vember 20 10

Frå denne sommaren blir me nøydd til å legge moms på kyrkjelege tenester. Enkelte ting som leige av kyrkja blir ikkje avgiftsbelagt, men vil du ha tilsette i kyrkja til å stelle ei grav eller få retta ein gravstein, må me legge på moms. Tjuefem prosent auke på alle slike tenester vil gjere store utslag, og gjere til at avsette pengar til gravlegat blir brukt opp fortare enn forventa. Det er altså konkurranseutsette ting som blir belagt med avgift. Hugs at både planting, retting og bolting kan gjerast av festaren sjølv. Kjellfred Dekko

REDAKSJONSKOMITE:

Magny Reinton Folkedal Bergljot K. Nordal Borghild Ulshagen Bankgiro: 2320.20.70272 ADRESSE:

Postboks 140, 3571 Ål UTGJEVAR:

Sokneråda i Ål, Torpo og Leveld GRAFISK PRODUKSJON:

Kreator Kommunikasjon AS Torget 7, 3570 Ål • Telefon 3208 2560

ÅL PRESTEGJELD KYRKJEKONTORET Ope måndag-fredag kl 9–14. Telefon: 3208 6161 Telefaks: 3208 6151 FAMILIEVERNKONTORET Telefon: 3208 1175 Prost: Vigdis M. Storhaug Sokneprest: Frank Vorhaug Rådgj./prest: Arne Lie Prostiprest: Arne Jensen Kantor: Audun Flaen Organist: Kåre Sørum Kyrkjeverje: Kjellfred Dekko Sekretærar: Magny R. Folkedal Guro Stave Diakoniarb.: Mari-Irene Slåtten Kyrkjetenarar: Per Hermann Kolsrud Nils Medgard Håkon Tveito Kyrkjelydsped. Johanne Marie Jordet Familiearbeidarar: Liv Solberg Heidi Langegard Børge Bekkestad

24.10.10 22. s. e. pinse Leveld kyrkje 11.00 Gudsteneste Torpo kyrkje 11.00 Gudsteneste 31.10.10 Bots og bededag Ål kyrkje 11.00 Gudsteneste 07.11.10 Helgemesse Leveld kyrkje 11.00 Gudsteneste Torpo kyrkje 11.00 Folkemusikkmesse Ål kyrkje 17.00 Folkemusikkmesse 14.11.10 25. s. e. pinse Ål kyrkje 11.00 Gudsteneste 21.11.10 Siste s. i k.året Leveld kyrkje 11.00 Gudsteneste Torpo kyrkje 11.00 Gudsteneste 28.11.10 1. s. i advent Ål kyrkje 11.00 Familiemesse Torpo kyrkje 17.00 Familiemesse

01.12.10 onsdag Ål kyrkje Kveldsmesse

20.30

05.12.10 2. s. i advent Leveld kyrkje 11.00 Familiemesse 08.12.10 onsdag Ål kyrkje Tro og Lys Ål kyrkje Kveldsmesse

18.00 20:30

12.12.10 3. s. i advent Torpo kyrkje 11.00 Gudsteneste Ål kyrkje 19.00 Konsert 15.12.10 onsdag Ål kyrkje Kveldsmesse

Julekonsert i Ål kyrkje sundag 12. des. kl. 19.00 Billett kr. 160,Aktørar: Ål-koret Ål kantori Thor Olav Fjellhøi Arild Rønsen Audun Flaen

20.30

DØYPTE

19.12.10 4. s. i advent Ål kyrkje 11.00 Gudsteneste 22.12.10 onsdag Ål kyrkje Kveldsmesse

I denne søte juletid

Ål: 12.09. Ingrid Medgard Haugen Leveld: 26.09. Signe Haug Koksvik

20.30

DØDE Ål: 14.09. Sigrid Sonerud f.1913 21.09. Randi Moen f. 1926

VIGDE Neste nr. av kyrkjebladet kjem ut i desember. Stoff til ­redaksjonsnemnda må l­everast kyrkjekontoret seinast måndag 22. nov.

Ål: 04.09. Astrid Breie og Jostein Ringsby Hasselgård Torpo: 28.08. Gry Kolbjørnsdatter Sando og Runar Evjen

Laurdag 20. november:

Helgemessesundag 7. november:

-kl. 11.00 i Torpo kyrkje. Kor med nyskrivne satsar til FMG - k l. 17.00 i Ål kyrkje. Kor med nyskrivne satsar til FMG

- k l. 08.30 i Domkirken, Tønsberg. Gudsteneste i samband med kyrkjemøte. Jo Asgeir Lie (trekkspel), Eilif Gundersen (lur, bukkehorn, seljefløyte), Gunnlaug Lien Myhr (kveding, langeleik), Audun Flaen (kyrkjeorgel) og ein felespelar. Juledag 25. desember:

- kl. 12.00 i Ål kyrkje med lokale musikarar.

FELLESRÅDSLEIAR: Ingvard Solberg

det snart

Ta kontak t med din kyrkjelyd for m informasjo eir n, eller sj å www.lysva ken.org

Knut Einar Haug vil bygge eit lagerbygg på eigedommen nær Leveld kyrkje. Sokneråd og fellesråd har ingen merknad til det, og gjev samtykke til at lagerbygget blir oppført.

17.10.10 21. s. e. pinse Ål kyrkje 11.00 Gudsteneste Torpo kyrkje 19.00 Kveldsmesse

SOKNERÅDSLEIARAR: Ål: Liv Margit Sørbøen Torpo: Olav O. Moen Leveld: Ingvard Solberg

LysVaken No skjer

Der kan ein drøfte ulike gravferdsformer, og korleis ein best kan ta i vare dei ulike behova. Tidlegare var det ein 8 dagars frist for gravlegging, og det er no lagt opp til 14 dagar. Fellesrådet i Ål ynskjer å justere fristen for gravlegging til 10 dagar. Det vil ivareta den fleksibiliteten ein er ute etter, og ein kan framleis forlenge tida i særskilte høve. Uansett vil frist for gravlegging bli avgjort lokalt, og det vil ikkje bli store endringa i høve til det me gjer i dag.

VI GÅR I KYRKJA

! KYRKJEBLAD FOR ÅL 5/10

7


Informasjon til alle husstandar i Ål

GRØNN ACTION PÅ LISTA 3.-10. juli 2010 var det landsleir for KFUK/M-speidarar på Lista. Det vart ein lang, men ikkje kjedeleg busstur for 28 speidarar og 8 leiarar frå Ål. Sjølv om avreisetidspunktet kom brått på nokon, vart alle med. Landsleir vert ­arrangert kvart 4 år. 5209 store og små var samla til ei veke i telt på gamle Lista flystasjon. Når me kom fram, gjekk fyrste døgnet med til leirbygging. Her såg me at det var ein stor fordel at nokon hadde gjort dette før. Alle var i sving med viktige oppgåver som bæring av reier, saging og surring, halding og flørting. Men resultatet: -upåklageleg. Den største utfordringa på leiren var haikedøgnet. Då er alle patruljane ute på overnatting i skog og fjell. Leiar Anne Kjersti kjente ansvaret tynge, og var nok den som sleit mest dette døgnet ... Ungane derimot hadde det stort sett supert. Det var imponerande kor langt dei gjekk og kor mykje mygg, knott og flått det var mogleg å verte kjent med på eit døgn. Om kveldane var det leirbål - nokre kveldar ved scena og andre kveldar stille og roleg i eigen leir. Stor takk til Olav og Jon som gadd bruke ei ferieveke med ungar og ­”gamlisar” på leir! Oppsumering: Lite søvn, mykje frisk luft(unnateke ­Roverteltet - dei bokstaveleg tala budde i telt heile veka!), mykje mat og veldig mykje leiting etter sko, sokkar, bestikk, kopp samt alt anna som kan verte borte i eit noko rotete teltliv. Men moro var det! Takk til alle speidarane for ei fantastisk stor oppleving! IKF

Kyrkjeblad for Ål prestegjeld nr.5/10.  

Nr. 5 - OKTOBEr 2010 - 51. årgaNg kraft, og den som ingen krefter har, gjev han Aktuelle tilbod for born og unge ...3 Sprell levande kyrkjef...

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you