Issuu on Google+

Informasjon

HYRDINGRØYSTA NR. 5/2009

OKTOBER

Det er godt å ha ei hand å halde i... Les elles om: • Kyrkjevalet • Dei nye soknerådsmedlemene • Om nedre Jølster bilelag... og meir

70. ÅRG.


2

HYRDINGRØYSTA Nr. 5/2009

Dei vernar om stavkyrkjene og andre gamle hus Det starta i 93–94. Då hadde riksantikvaren eit middelalderprosjekt om verneverdige hus. Arbeidslaget kom då i gang, men namnet Nedre Jølster Bilelag laga dei noko seinare då dei var på eit seminar i Oslo. No er dei 7-8 mann som arbeider i lag. Halvor Slåtten er i lag med: Erlend Slåtten (son til Halvor), Bjarne Sunde, Erlend Gjelsvik og sonen Tor Egil Gjelsvik. Så er det med tre mann frå Førde; Bjarte Risnes, Martin Skei og Erik Solheim. Desse karane har no arbeidt med vedlikehald og reparasjonar av stavkyrkjer og andre gamle bygningar i Hordaland, Oppland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, på oppdrag frå riksantikvaren. Dei måtte lage 20 000 takspon til Hopperstad stavkyrkje i Vik då dei vølte taket på den. Det var eit tidkrevande arbeid. For å få utført arbeidet så nøyaktig som råd, har dei fått laga ein del reiskapar som er kopiar av den reiskapen som vart brukt den gong huset vart bygt. En kan til dømes ikkje bruke ein vanleg navar til å bore eit hol viss det gamle holet er bora med ein skeinavar. Alt arbeid må utførast med største nøyaktigheit, og så langt som råd, på same måte som det vart gjort første gong. I mai i år tok dei til med å sikre Urnes stavkyrkje i Sogn. Grunnmurane kring kyrkja var ikkje gode nok, og kyrkja hadde vorte litt skeiv. For å rette opp kyrkja har dei brukt vanlege jekkar. Ei rad med jekkar har lyfta eine sida av kyrkja slik at den no er oppretta og står på ein solid grunnmur. I sommar har 3–4 arbeidarar frå Bilelaget vore i på Urnes. Dette arbeidet vil halde fram enno ei tid. Dei reknar ikkje

Biler. FRAMSIDEBILDET: Foto: Inger Lind Aasen.

Urnes stavkyrkje.

Halvor Slåtten og Bjarne Sunde ved Urnes stavkyrkje.

med å bli ferdige før kring mai neste år. «Ja, og når vi er ferdige der,» seier Halvor, «så skal vi restaurere Borgund. Det blir nok også eit omfattande arbeid.» Det er litt ekstra stas for kulturbygda Jølster at det er jølstringar som reiser rundt og utfører reparasjonar og vedlikehald på dei gamle stavkyrkjene våre. Dette er positivt for bygda vår.


HYRDINGRØYSTA Nr. 5/2009

3

«Vi lyt også tenke nye tankar og gjera nye ting»

Gudstenesta VIDAR BJOTVEIT

Valet er gjort. Vi har fått nye sokneråd som skal avløyse dei gamle. Valdeltakinga i Jølster auka formidabelt slik som mange andre stader. Det er flott! Men røystekontora melder om at det hadde vore plass til enda fleire, så dei som ikkje nytta høve til å stemme, har ny sjanse om to år. Kanskje kan kyrkja verte flinkare til å vera synleg, men eg veit at medlemene i sokneråda gjer god innsats for lokalsamfunnet. Sokneråda er viktige organ for å bygga gode kyrkjelydar. Vil på denne plassen og takke dei som no går ut av råda. Takk for den innsatsen du har gjeve, og takk for den du har vore i fellesskapet. Det er noko vemodig når ting vert endra. Når no eit nytt sokneråd skal ta til med sin periode, er det godt at nokon frå det førre er med på vegen vidare.

Det trengs erfarne og uerfarne når vi skal ta til med utfordringane som ligg føre. Ei av dei store sakene er gudstenestereforma. Korleis skal vår gudstenestefeiring verta? På nasjonalt plan er reforma på oppløpssida, vi er i startgropa. Dette er eit spanande arbeid som eg trur vi kan glede oss til å ta fatt på. Vi kan alle ha våre draumar for korleis gudstenesta skal vera. Draumar lyt vi ha, men og realisme. Vi har mykje godt her i Jølster, det lyt vi bygge vidare på. Vi lyt også tenke nye tankar og gjera nye ting. Som sagt dette verte spanande. Dette er ei stor og viktig sak for sokneråda, men alle som vil noko med gudstenestefeiringa, må verta høyrt. Om form og uttrykksmåtar vert annleis, er det den same treenige Gud som vi møter i fellesskapet. I 2000 år har det vorte feira gudsteneste, det er ein lang tradisjon med opplevingar av ulikt slag. Vi

kan ikkje sleppe alt utover ripa på båten (kyrkjeskipet) fordi det ligg ei forventning om noko nytt. Men om ting skal verta noko annleis, har vi den dag i dag samlingar stort sett kvar søndag her i Jølster. Slik eg ser det, er det gode samlingar. Til hjelp og til glede i våre liv. Den gode bibelske oppmodinga frå Hebrear-brevet er verdt å ta med seg: Lat oss ikkje halda oss borte når kyrkjelyden vår samlast, som somme plar gjera; men lat oss setja mot i kvarandre. Hebr. 10,25a. Stort sett kvar gong er det plass til fleire på gudstenestene våre. (Sjølv om det hender at det opplevast fullt nokre gonger.) Ta plass og ver med og styr kursen for gudstenestelivet. Gud til ære og til gagn for oss menneske.


13. september var 4-åringane i Ålhus til kyrkje for å få Mi kyrkjeboki. Skikkeleg namning av bildet var umulig, men her er namna deira: Elin Moen Bjordal, Nikolai Dvergsdal, Eskil Eikås, Troy Andrè Fleten, Amalie Varpe Gjesdal, Ingrid Kristine Opheim Grønfur, Jenny Ramona Hauge, Linnea Espeland Heggheim, Birk Gravdal Indrebø, Odin Blomli Kirkeland, Sigve Kjøsnes, Tobias Fossheim Lykkebø, Eivor Malèn Mathisen, Linnea Midttun, Jonatan Olsen, Kristoffer Sandal, Nataniel Hylderås Siljander, Tine Støfring Skorvo, Jakob Slåtten, Simon Venjum Solheim, Johanne Støfring, Stina Kjos Sunde, Nora Rognebakke Svidal, Suzanne Røssumoen Sægrov, Øyvind Sægrov, Håvard Aarøen Taklo, Andreas Vie, Maria Farsund Aalhus, Aurora Steinarsdotter Årdal, Mari Kolrud Årseth, Tobias Årseth og Kristian Svoen Aasen. Foto: Knut Osvoll.

4-åringane i Ålhus

4 HYRDINGRØYSTA

Nr. 5/2009


HYRDINGRØYSTA Nr. 5/2009

5

Simon Peter KNUT OSVOLL tekst

Han budde i Kapernaum, ein liten by ved Genesaretsjøen, hadde kone og truleg hadde han også barn. Han livnærte seg som fiskar i lag med broren Andreas. Ein dag kom Jesus forbi medan dei var i arbeid. Matteus fortel om dette i kap.4 vers 19 og 20. «Fylg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar. Då gjekk dei beint frå nøtene side og fylgde han.» Simon og Andreas forlet garna sine og følgde Jesus. Livet til Simon vart med dette fullstendig forandra. Han vart vitne til dei mest utrulege hendingar; sjuke som vart lækte, blinde som fekk synet att, spedalske som vart fri sjukdomen sin, ja, han fekk til og med sjå døde som fekk livet tilbake! Saman med Jakob og Johannes fekk han vere med Jesus opp på eit fjell der Jesus vart forklåra framfor augo deira. Ei merkeleg oppleving for dei tre læresveinane, og Simon var etter dette aldri i tvil om kven Jesus eigentleg var. Matteus fortel at då Jesus ein gong spurde læresveinane om kven dei trudde han var, då svara Simon: «Du er Messias, den levande Guds Son.» Jesus sa då: «Sæl er du, Simon Jonasson. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen. Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette berget vil eg byggje mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne.» Vidare sa han: «Eg vil gje deg nyklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vere bunde i himmelen, og det du løyser på jorda skal vere løyst i himmelen.» Nøklar var på Jesu tid eit symbol på makt og ansvar. Peter betyr stein eller klippe. Simon Peter var klippa som kyrkja skulle byggast på. Peter fekk altså eit spesielt ansvar for kyrkja. Han vart leiaren for apostlane. Han var gjerne den som tok ordet som då Jesus fortalde dei at han skulle opp til Jerusalem der han ville måtte lide og døy. Då sa Peter: «Dette må aldri

hende deg!» Jesus svara då: «Bort frå meg, Satan! Du har ikkje sans for det som Gud vil, berre for det som menneske vil.» Litt av ei salve for Simon Peter å måtte ta imot, men han var likevel sterk i trua på kven Jesus var, og han var faktisk innstilt på å gå i døden for å verne han. Han var sikker på at han aldri vil svikte Jesus på nokon som helst måte. Likevel sovna han i Getsemanehagen, og likevel nekta han tre gonger på at han kjende Jesus skjærtorsdagsnatta. Etter at Jesus hadde stått opp igjen, fekk han møta Jesus igjen fleire gonger. Og Jesus stadfesta Peter si leiarrolle mellom apostlane. Tre gonger måtte han svare at han elska Jesus og tre gonger fekk han oppdraget: «Fød sauene mine!» På pinsedagen, då læresveinane fekk Den Heilage Ande, var det Peter som stod fram og tala til folket. Det er no tydeleg at det er han som er leiaren for disippelflokken. Kvar Peter arbeidde den første tida etter Jesus sin himmelfart er noko usikkert. Han reiste på mange misjonsreiser og enda opp i Roma der han grunnla det kristne trussamfunnet og vart leiar for kyrkjelyden. Der leid han martyrdøden under keisar Nero si forfølgjing. Det var i år 64. Det heiter seg at han vart krossfesta opp-ned. Han sa at han var ikkje verdig å bli korsfesta på same måte som Jesus. Etter kvart vart det bygt ei kyrkje på

den plassen der Peter vart gravlagd. Det er Peterskyrkja. Grava til Peter ligg under høgaltaret på denne kyrkja. Den katolske kyrkja reknar Peter som den fyrste pave. Pave tyder far. I dag reiser mange på pilegrimsreise til Roma, og på innsida av kuppelen står orda: «Du er Peter, og på dette berget vil eg byggje mi kyrkje.» Livshistoria til Simon Peter er for mange eit sterkt vitnesbyrd. Han levde nær Jesus og fekk med eigne auge sjå dei mektige gjerningane Jesus gjorde, og som martyr sette han eit kraftig punktum for vitnemålet sitt. Men er Peter berre ein fargerik person som levde for 2000 år sidan som det kan vere litt interessant å lese om? Eller kan det vere verdt å ta ei pause og tenke over kvifor Peter gjekk så heilhjerta inn for å fortelje vidare det han hadde vore vitne til. I 2.Peters brev skriv han: «Det var ikkje oppdikta eventyr vi for med då vi kunngjorde dykk vår Herre Jesu Kristi makt og kome. Nei, vi var augnevitne som såg hans guddommelege velde.»


6

HYRDINGRØYSTA Nr. 5/2009

Etter valet INGER LIND AASEN tekst og foto

Det er så mange slags opplevingar etter valet, frå glede til vonbrot. Her skal vi konsentrere oss om «nykomlingen»; kyrkjevalet. HR møter ein litt utsleten, men nøgd kyrkjeverge Jon Ivar Friborg på kontoret. Alle kontora ber preg av å ha gått gjennom eit stort prosjekt. Der er mykje papir, noko skal gå vidare og noko skal makulerast. Kyrkjekontoret med Jon Ivar i fronten skal ha all honnør for arbeidet som er utført. Valopplegget var ganske komplisert, så avviklinga var krevjande. Dette var nytt for alle. Korleis har du førebudd deg? spør vi Jon Ivar. «Det har gått mykje tid til å lese og sette seg inn i prosedyrane», svarar han. «Det var to ulike val med ulike prosedyrar. Vi her på kontoret gjorde så godt vi kunne og vi kan vere nøgd

med gjennomføringa. No er det berre to år til neste gong og vi har fått lagt ein god mal for neste val». Vi som kom frå dei ulike vallokale ned til kyrkjesenteret fekk avansert servering deilig pizza frå Jølstraholmen (reklame!), grønsaker med dip, kaffi og brus. Vi fekk tydeleg gjennomgang av korleis vi skulle starte oppteljinga, og kunne avslutte sånn godt over midnatt. Kva tankar hadde du om deltaking, er du nøgd med oppslutninga? «Vi var usikre på kor mykje materiell vi skulle trykke opp. Vi tenkte at om halvparten av dei som stemte på stortingsvalet kom til å stemme på kyrkjevalet så ville det vere stort. No vart ikkje det fullt så mange. I Helgheim var valdeltakinga på 31,2 % (40 % i høve dei som røysta på stortingsvalet) og i Ålhus 23,5 % (30 % av stortingsval røystene). Vi er godt nøgd

Jon Ivar og Vidar.

med det. Det var høgare oppslutning om soknerådsvalet enn bispedømmevalet, som venteleg var». Det er no gjennomført og alle hadde høve til å seie si meining om kven som skal vere med å avgjere korleis kyrkja skal arbeide her i Jølster. Og dei får ein ny sjanse om to år. Vi ønskjer lukke til for dei nye sokneråda i Jølster.

Kyrkjevalet 2009 KNUT OSVOLL tekst / RUNE MOLVIK foto

Valdeltakinga til kyrkevalet 2009 er stor nok til at Den norske kyrkja no kan sleppast fri frå staten. 9.9 % av kyrkja sine medlemer røysta ved bispedømrådsvalet og vel 12% røysta ved soknerådsvalet. Kyrkja sine leiarar vil no hevde at med så stor deltaking har kyrkja eit demokratisk grunnlag til å kunne styre seg sjølv.. Men nokre politikarar, særleg i Arbeidarpartiet og Senterpartiet, vegrar seg til å la kyrkja styre seg sjølv. Vi får håpe at desse ikkje vrir og vrengjer på valresultatet for å få halde makta over kyrkja. Desse vil kanskje sei at 10% valdeltaking er for lavt. Men vi får vel også ha eit håp om at desse politikarane då kjem i mindretal i denne saka, og at Den norske kyrkja no kan få fridomen sin. Slik ordninga er no, er Den norske kyrkja i ei særstilling. Det finnst knapt ei einaste kyrkje kringom i verda som er styrt av staten.

Funksjonærar på Skei: Dagrunn Thingnes, John Krøke og Janne Molvik.


HYRDINGRØYSTA Nr. 5/2009

Dei nye sokneråda: Helgheim sokneråd: Dagrunn Thingnes Wilhelm Tveit Skrede Inger Oddfrid Veiteberg Arny Sunde John Reidar Krøke Angelika Helga Årdal Vara: Nils Jørgen Helgheim Astrid Aardalsbakke Feldt Oddmund Klakegg Elsa Norunn Håheim Nydal Marit Oddrun Vallestad

Ålhus sokneråd: Funksjonærar på Vassenden: Gunnar Smaadal, Ingeborg Slåtten og Inger Lind Aasen.

Bispedømerådet KNUT OSVOLL tekst

Desse tre vart valde inn i bispedømerådet den 14. september: Ingmar Ljones (Arna), Bodil Birkenes (Askøy), og Cathrine Halstensen (Bergen). Som du ser, er alle desse frå bergensområdet,

men i november skal dei nye sokneråda også velje 4 medlemer til rådet, og prestar og tilsette skal velje 2 representantar. Og i tillegg til desse vert også biskopen med. Han er fast medlem av rådet. Bjørgvin bispedøme får då i alt 10 medlemer i Bispedømerådet. Medlemene av bispedømeråda er med i Kyrkjemøtet, kyrkja sitt storting.

Gunnar Martin Smaadal Kari Øvrebø Ingeborg Slåtten Magnus Aarseth Marta Fimreite Nils Klakegg Vara: Ann Elena Stadheim Rut Jorunn Sunde Bjørg Dvergsdal Knut Gunnar Fonn Eldbjørg Støfring

Tal frå soknerådsvalet i Jølster Ålhus 219 røyster til Bispedømet (i tillegg kjem røyster frå kyrkjeleg tilsette som har eiga stemmegjeving) 287 røyster til soknerådet 1222 røysteføre 23,5% valdeltaking 58% gjorde endringar på lista Det var 26 stemmesetlar i 2005 – ellevedobla deltaking (auke på 1104%)

Helgheim 212 røyster til Bispedømet (i tillegg kjem røyster frå kyrkjeleg tilsette som har eiga stemmegjeving) 299 røyster til soknerådet 956 røysteføre 31,3% valdeltaking 58% gjorde endringar på lista Det var 51 stemmesetlar i 2005 – nesten seksdobling av deltakinga (auke på 586%)

Nina D. Engen får hjelp av Dagrunn Thingnes. Janne Molvik kontrollerer. (Foto: Rune Molvik)

7


8

HYRDINGRØYSTA Nr. 5/2009

Det nye soknerådet i Helgheim Vi har laga ein enquete til dei nye soknerådsmedlemene.(Foto: Knut Osvoll) Her er spørsmåla: 1. Fortel litt om deg sjølv. 2. Kvifor let du deg stille til val? 3. Kva trur du blir viktige arbeidsoppgåver i soknerådet? 4. Er det noko spesielt du er oppteken av? 1. Eg bur på Skei, er gift og vi har 2 vaksne born. Eg arbeider på NAV-Jølster, og er leiar av barneverntenesta. Mykje av fritida går til å vere med i speidaren, til turgåing, familiebesøk og arbeid i soknerådet. Eg har vore leiar siste 4-årsperioden. 2. Eg synes det gjev meining å vere med i soknerådet. Eg kjenner oppgåvene, og veit kva vi har gjort og kan gjere. Presten kan ha ein einsam jobb. Eg vil gjerne vere ein støttespelar. Eg vil, i sokne-

Dagrun Thingnes

rådet, vere med og «vekke og nære det kristelige liv i soknet», som det står i Kyrkjelova. 3. Eg synes det er viktig å samlast i kyrkja til gudsteneste. Eg vil arbeide for at fleire finn sin plass i kyrkja. Det er viktig å støtte barne-og ungdomsarbeid. Samtale om gudstenesta, om endringar som kan gjere at fleire kjenner seg heime i kyrkja, vil eg gjerne vere med på. 4. At det å gå i kyrkja høyrer sundagen til. Gudstenesta er meir enn ein aktivitet i fritida. Støtte til barne-og ungdomsarbeid, og at leiarane kjenner at soknerådet er glade for arbeidet dei står i, ofte år etter år. Det er viktig at kyrkjehus og kyrkjegard er velstelte og i god stand. Eg vil at gudstenesta skal vere ein møtestad for tru og tvil, ein stad å vere utan å «ha nokon spesiell grunn».

1. Eg bur på Indresunde saman med sambuaren min Stig og vesle guten vår Jakob på 1 år. Jobbar som pedagogisk leiar i Langhaugane barnehage. For tida er eg mykje oppteken med oppussing av huset vårt. Det meste av fritida mi går med til dette. Elles er det familie og vener.

2. Når eg fekk spørsmålet om å stå på lista tenkte eg: Kvifor ikkje? Dette kunne vere spennande å prøve og gjerne lære noko nytt.

1. Hei, eg bur inne på Skrede er gift og er far til fire. Mesteparten av tida blir nok brukt på garden, både i fjøset og mykje vedlikehald på mange hus.Litt snikkararbeid utanfor garden blir det også. På fritida er det nok mest fjellet som dreg, særlig om vinteren når eg kan bruke skia. Musikk er også viktig, både

heime med gitaren og ute med Stardalen Mannskor.

3. Eg er veldig spent på kva arbeidsoppgåver vi får i soknerådet. Det er eit ukjent område for meg. 4. Det må bli dei unge sitt tilbud.... Etter som eg arbeider med ungar til dagleg er dette eit naturleg arbeidsfelt for meg.

Arny Sunde

Wilhelm Skrede

2. Kvifor eg let meg stille til valg? Det var ei hyggelig dame som ringde og spurde. 3. Eg trur det blir mest praktiske arbeidsoppgåver. 4. Eg brukar å vere noko varsam i starten.Vi har vel våre tankar,men det er ikkje alltid vi kjem dit vi ynskjer.Eg vonar på eit godt samarbeid innad i soknerådet og med dei tilsette.


HYRDINGRØYSTA Nr. 5/2009

9

flink til etter kvart. Men eg er definitivt ikkje flink til noko handarbeid. Kan verken hekle eller brodere.

Angelika Årdal

1. Angelika Årdal, fødd og oppvaksen i Tyskland. Har budd i Jølster sidan april 1992. Er gift og har 3 barn 10, 12 og 15 år gamle. Jobbar som styrar i Årdal Barnehage. I fritida mi likar eg å gå turar på fjellet og i skog og mark. Eg likar også å kose meg heime med familien eller lage til eit koseleg måltid til venner som kjem på besøk. Dette trur eg at eg har vorte ganske

tykkjer det har vore interessant. Meiner og at det er greitt med litt overlapping, at ikkje alle går ut samtidig.

Inger Veiteberg

1. Bur på garden Muren i Stardalen. Arbeider som lærar på Breim skule, på Byrkjelo. Er og litt bonde. Det meste av garden er leigd vekk til driftigare bønder enn meg, men held att så mykje at eg kan ha ein flokk sauer. Er medlem i Stardalen bygdekvinnelag. Hobbyar vert det for tida lite tid til, viss det då ikkje kan kallast ein hobby og vere sosial?

2. Eg er glad i kyrkja og for det fellesskapet eg er ein del av der. Då føler eg at eg har eit ansvar for å ta min del av arbeidet i soknerådet. Har vore medlem i siste perioden, og

1. Eg kjem opprinneleg frå Ørland kommune i SørTrøndelag. Eg er gift med Erna, og har 2 døtre. Eva er 11 og Mari er 10 år. Flytta til Sogn og Fjordane i 1994, der eg begynte å jobbe på meieriet i Førde. Flytta opp til Skei i 2001, og starta å jobbe på meieriet på Byrkjelo i 2002. Jobber der som avdelingsleiar på melkebehandlinga/ tapperiet. Har utdanning frå Norges Landbrukshøgskole. Går mykje i fjellet vår-sommar-haust, og høgg ein del ved om vinteren. Er over mid-

John Krøke

2. Eg stilte til val i soknerådet fordi eg blei spurt og ikkje fann nokon god grunn til å seie nei. Barna er så store nå og då tykkjer eg det er greitt å engasjere seg litt. 3. Eg må seie eg veit ikkje så mykje om kva soknerådet har som oppgåver, så eg veit eigentleg ikkje heilt kva eg har gitt meg ut på. Men eg har jo alltid likt å engasjere meg i arbeid med barn og unge og meiner det er eit viktig satsingsområde. Dei er tross alt framtida vår.

3. Mange nye reformer for gudstenesta er under arbeid. M.a. framlegg til ny salmebok og ny gudtenesteliturgi. Kvar kyrkjelyd skal no fatsetje sin eigen liturgi og dermed få eit betre eigarforhold. Dette vert eit svært viktig arbeid for det nye soknerådet. Dåpsopplæring er eit anna svært viktig område. 4. Eg lurer stadig på kvifor, og tykkjer det er leitt at ikkje fleire vel å delta på gudstenestene våre. Fellesskapet i bønene, salmesongen, nattverden, forkynninga av Guds ord og ikkje minst den flotte orgelmusikken vi får oppleve kvar gong tenkjer eg at mange fleire burde få med seg. Eg vågar meg på ei oppmoding. Kom, sjølv om du ikkje har ein spesiell grunn. OG: Det hadde vore flott med fleire i forsongargruppa!

dels interessert i all slags sport, men spesielt fotball, og fyl ekstra nøye med når Rosenborg spelar sine kampar. Det siste året har eg vore oppmann for miniputtane her på Skei, der begge jentene våre spelar. 2. Eg vart spurt om eg kunne tenkje meg å stille til val, og sa ja fordi eg synest det er viktig å bidra litt på fleire områder. 3. Å få fleire til å gå i kirka. Gjere gudstenestene meir interessanne, kanskje ha fleire kveldsgudstenester? Bruke kirka meir enn til berre gudstenester, som for eksempel fleire kirkekonsertar etc. Dugnadsarbeid er vel òg ein viktig oppgåve for soknerådet.


10

HYRDINGRØYSTA Nr. 5/2009

Det nye soknerådet i Ålhus Vi har laga ein enquete til dei nye soknerådsmedlemene. (Foto: Inger Lind Aasen) Her er spørsmåla: 1. Fortel litt om deg sjølv. 2. Kvifor let du deg stille til val? 3. Kva trur du blir vikige arbeidsoppgåver i soknerådet? 4. Er det noko spesielt du er oppteken av? 1. Alderen er 62. Er fødd og oppvaksen på Vassenden. Her har eg hatt heimen min med kone og fire barn, to gutter og to jenter. Har alltid vore med i kristent arbeid, og er glad i sang og musikk. 2. Eg vil gjerne støtte opp om arbeidet i kyrkjelyden, og ser

dette som ein naturleg del av fellesskapet vi står i. 3. Eg har vore med siste fire år i soknerådet, så arbeidet er ikkje ukjent .Vi får vere med å gje vår stemme i ulike saker som kjem opp. Elles er det ein del praktiske oppgåver også. 4. Eg ønskjer at den norske kyrkja framleis skal vere ein stad der GUDS ORD blir formidla slik som det står skrive, at det blir spørsmål etter dei åndelege verdiar som ikkje forgår. Håper på eit godt samarbeid også i neste periode!

Magnus Årseth 1. Eg er lærar på Vassenden skule. Det er ein god arbeidsplass for alle aldrar. I fritida er eg som «Marta» oppteki av dei mange ting. Eg er m.a leiar for Langhogane S-klubb. Eg er ikkje etter 25 år, lei av å få ein flokk trivelege gutar og jenter heim annakvar torsdag, der eg fortel bibelforteljingar, deler bordfellesskap og har ulike formingsaktivitetar. Ein hobbyaktivitet som eg er glad for å ha, er å vera medlem i Jølstrakoret.

over 30 åra i Jølster, vore fleire periodar i soknerådet. Arbeidet er interessant, men krev og at du er viljug til å bruke ein del av fritida til møte og praktisk arbeid. Det er eit arbeidsoppdrag som fleire bør få del i.

2. Eg let meg stille til val, for eg tenkjer at om to år kan eg avslutte dugnaden med å vera i soknerådet. Eg har desse

4. Me treng barn og unge som får augene opp for verdien av det kristne fellesskapet. Det må me vaksne hjelpe til med.

Bur i Langhaugane saman med Inger Johanne, som eg er gift med. Har 3 gutar som alle er flytta ut. Jobbar på kontoret i Nortura, Førde. Slakteriet har vore min arbeidsplass etter handelsskulen i 1973. Likar å gå i skog og mark og på fjellet. Eg er med i Jølstrakoret, der eg trivst veldig godt.

Høyrer ein del på musikk. Etter at vi fekk kyrkjesenteret på Vassenden, har eg vore med og hjelpt til litt i ymse samanhengar, så når eg no fekk spørsmål følte eg meg klar til å stille meg til disposisjon. Eg går inn i soknerådet med «opent sinn» og håpar å kunne bidra positivt i oppgåvene som soknerådet arbeider med. Eg veit nok for lite om kva oppgåve som ventar. Kan ikkje sei eg har noko spesiell hjartesak, men arbeid for barn og unge seg på som viktig.

Marta Fimreite

Nils Klakegg

3. Kyrkjelova fortel tydleg kva som er soknerådet sitt ansvar og oppgåver. Det er mange praktiske oppgåver i eit sokn. I tillegg skal soknerådet utarbeide både planar, stimuler til nytenking og samarbeide med andre organisasjonar. Eg håpar me denne perioden kan som det og står, «vekke og nære det kristelige liv, særlig at Guds ord blir rikelig forkynt». Det å vera med på ei gudsteneste, skal vera både kjekt og naudsynt. Ein er alltid spesielt invitert når det er annonsert gudsteneste.


HYRDINGRØYSTA Nr. 5/2009

11

1. Eg er busett i Rasmustunet på Ålhus med mann og tre born (10, 13, 16 år). Eg arbeider som assistent ved enkelttiltaket på Vassenden (psykisk helsevern) og litt i Ålhus Barnehage. Kvardagen er stort sett fullpakka med jobb, hus, heim og ungar som skal køyrast hit og dit, men eg finn som regel tid til andre ting og. Eg er ein ivrig turgåar, glad i å lese, høyre på musikk, helst jazz og reise på turar i inn - og utland, for å nemne noko.

2. Eg er oppteken av ei opa og inkluderande kyrkje, ei kyrkje for alle. Difor er det viktig at det ikkje berre er den «harde kjerne som sit i Soknerådet, men og folk flest, slike som meg for eksempel, som berre går i kyrkja ved spesielle høve. Soknerådet skal representere soknet, og då er det naturleg med breidde og mangfald.

1. Etter 37 år samanhengande som lærar på Vassenden skule, er eg no pensjonist og har anledning til å ta på meg nye oppgåver med nye utfordringar. Det fine med å vere pensjonist er at du kan gjere det du har lyst til. Tilboda står i kø, så det er ingen fare for å verte arbeidslaus med det første. Med bustad i Svidalen med panoramautsikt over Jølstravatnet, så synest eg det ikkje er mogeleg å bu betre. Her har vore ein fin oppvekststad for 3 barn som no er vel etablete og som har skaffa oss 7 barnebarn. Hobbyen har i alle år vore korps og kor. Når eg no har trappa ned med korps, så er det Jølstrakoret som er min største hobby. Utruelg kjekt å jobbe med kor og prøve å smelte ein ulik flokk stemmer saman til ein stor, homogen klang.

vis læreår, har no meir erfaring og kan på den måten vere meir effektiv i soknerådet. Kan meir om kva som skal behandlast i rådet, og veit meir kva som må arbeidast vidare med.

Kari Øvrebø

Gunnar Smaadal

2. Etter å ha vore med i soknerådet for Ålhus i 4 år, var det naturleg å ta ein periode til. Dei første åra såg eg på som del-

Ingeborg Slåtten

1. Eg er 54 år gamal. Er gift, har fire barn og fire barnebarn. Bur på Eikås, men er opprinneleg frå Nordmøre. Eg er utdanna aktivitør og jobbar på aktivitetsavdelinga ved psykiatrisk klinikk i Førde. Eit arbeid som både er utfordrande og kjekt. Held no på med etterutdanning i kunstterapi i Bergen. Fritida fyllar eg med trim, song i

3. Som rykande fersk soknerådsrepresentant veit eg heller lite om dei sakene som vil komme. Eg kan vel tenkje meg at det er ein del praktiske oppgåver, og organisering av ulike tilstellingar i høve til gudstenester og anna i løpet av kyrkjeåret. 4. Eg har eit hjarte som bankar for Ålhuskyrkja, der eg sjølv vart både døypt, konfirmert og vigd. Eg er veldig glad for at det er opna for konfirmasjon i Ålhuskyrkja igjen, dette betyr mykje for mange.

3. Soknerådet har fleire viktige arbeidsoppgåver. I Ålhus står ein heil del praktiske ting for tur til å bli løyste. Vedlikehald av bygg, lys i Ålhuskyrkja, parkeringsplass ved Ålhuskyrkja, elektrisk ringing i kyrkjene. Soknerådet må og diskutere stillingane i kyrkja slik som kyrkjetenar og kyrkjegardsarbeidar. Dette er små stillingar som det er vanskeleg å få folk til å ta, så noko må gjerast her. Samstundes står kyrkja overfor viktige utfordringar når det gjeld bruk av ny liturgi- ny salmebok- konfirmantundervisning-ungdomsarbeid-barnegospel, for å nemne noko. 4. Det eg kanskje er mest oppteken av, er å legge til rette for at dei som arbeider i kyrkja: prest-organist-klokkar-kyrkjetenar- kyrkjegardsarbeidar- og personalet på kyrkjekontoret, at alle desse har gode arbeidsforhold slik at dei kan konsentrere seg om det viktige arbeidet dei har for kyrkja sitt indre liv.Eg er og oppteken av at kommunen skal ta kyrkja kanskje litt meir på alvor, og innlemme den i den kommunale fold som den kommunale etat den vitterleg er.

Jølstrakoret, akrylmåling m.m. 2. Eg er engasjert i kyrkjearbeidet. 3. I soknerådet er det mange viktige arbeidsoppgåver å ta tak i, blant anna få meir engasjement i lokalbefolkninga og blant ungdom. Eg trur det kan blir spennande og utfordrande. 4. Det er mykje godt arbeid som blir gjort i Ålhus sokn for barn og unge. Det hadde vore kjekt å fått til endå fleire positive aktivitetar for dei yngre.


12

HYRDINGRØYSTA Nr. 5/2009

- TA X I Vassenden Taxi - tlf.Taxi 57 72- 71 - tlf.- 57 82 51/971 Vassenden tlf.92/950 48 215000987 22• •Skei SkeiTaxi Taxi tlf.72905 75 55578 100

Vinter: ma-ty-on-fr: 9 – 15.30 Sommar: ma-ty-on-fr: 9 – 15

to: 9 – 17 to: 9 – 17

Tlf: 57 72 62 00 Faks: 57 72 62 01

Lona, 6843 Skei 6772 7263 6360 60/916 57 / 91656 56540 540 www.aardalsbakke.no

kundesenter@ssf.no • www.ssf.no www.fylkesbanken.no

EIDE STEIN, 6490 Eide GRAVMONUMENTER tlf. 712 99 250

Sjå våre gravminner på www.raablokk.no

Tlf: 57 82 70 30 • Tlf: www.fjordan.no 57 82 04 00• eirik@fjordan.no

Postboks 123, 6801 Førde

E-post: post@eidestein.no Våre representanter: Taklo ÅBLOKK ATURSTEIN Ålhus: KjellVåre representantar: Helgheim/Vassenden: Kjell Taklo tlf. 951 17 604 MARMORSjå • våre GRANITT • SKIFER Nils Huus gravminner på Nils Huus - tlf. 995 36 722 www.eidestein.no 6490 Eide – Tlf. 71 29 61 12 – Faks. 71 29 66 71

R

N

6843 SKEI Tlf. 57 72 83 33 / Mobil 911 75 903

BYGGMESTER

Ottar Dvergsdal Aut. maskinentreprenør Tlf. 57 72 83 67 / 952 00 433

skei@audhild-viken.no • Telefon: 57 72 81 25

Gravminne DEMENSFORENINGA Jølster Bil AS

Kyrkjekontoret formidlar sal av gravminne i Sunnfjord og oppussing av gravminne.

– Vi gjer alt for din bil –

Tlf. 57 81 84 50/ på 977 42 653 Kontakt kyrkjesekretæren telefon 57 72 85 06 eller e-post: kyrkjekontoret@jolster.kyrkja.no Vassenden

Måndag, tysdag, onsdag: 9 – 18 Torsdag, fredag: 9 – 19 Laurdag: 9 – 15

Tlf. 57 72 72 00/Fax. 57 72 86 00 Epost: vassenden@marked.coop.no

Alf Helgheim & Co AS ALF HELGHEIM & CO AS

i Jølster 68436843 SkeiSkei i Jølster Tlf: 57 72 83 11 Tlf. 57 72 83 11 Epost: post@alfhelgheim.no

Tlf. 57 72 68 90 / Fax 57 72 70 77

Skei: Skei

Måndag–fredag: 9 – 19 20 Laurdag: 9 – 18 Laurdag: 15

Tlf. 57 72 83 77/Fax. 57 72 85 15 Epost: skei@marked.coop.no AUT. MASKINENTREPRENØR

JOSTEIN SUNDE A/S

Graving - Sprenging - Transport levering av pukk, singel og grus

Tlf. 57 72 83 32 / Mob. 957 59 694

Tlf. 57 72 74 15 www.jolsterbygg.no

FOTO • UR • GULL • SØLV • MUSIKK

FOTO - UR - GULL - SØLV - MUSIKK

Audun Leirvåg Nordfjord Skifer AS Maskinentreprenør Tlf. 16 // 906 9173063999 804 Tlf.57 5772 72 70 67 52

Roald Sunde Maskinentreprenør - Sentral godkjenning Tlf. 57 72 81 91 / Mob. 952 31 915 Graving - Transport - Muring - Sandtak

Jølster Breiband AS 6843 Skei i Jølster Breiband i heile Jølster Tlf. 57 72 68 98

Biletkunstnar Astrid Myklebust Norsk Søndagsskuleforbund Stardalen, 6843 Skei i Jølster – Tlf. 57 72 89 44 www.sondagsskole.no e-post: astmykl@yahoo.no

Konto 8220.02.81027

Jølster Rør AS

Jølster Hotell

Tlf. 57 72 83 50 / 959 87 820 Bjørn 959 87 822 Geir 959 87 823

Tlf. 57 72 73 00 Ope for møte, kurs, bryllaup og liknande heile året.


4-åringane i Helgheim. Dei fekk bok 6.september. Framme frå venstre: Christine Flølo Nydal, Magnus Klakegg, Madelen Husetuft Flatjord, Guro Erikstad og Kristian Hillestad Sunde. Bak: Daniel Fonn, Håkon Mallesvik, Helene Klakegg, Gaute Kjøsnes, Kamilla Kjøsnes, Thea Flatjord Sunde og Ina Bruland Åmot. Krister Elias Vaulen Urheim var også til stades. Foto: Inger Lind Aasen.

4-åringane i Helgheim

HYRDINGRØYSTA Nr. 5/2009

13


14

HYRDINGRØYSTA Nr. 5/2009

KYRKJA I JØLSTER Kyrkjekontoret Vassenden kyrkjesenter Kontoret er ope måndag, tysdag og torsdag kl. 9–15. Tlf. 57 72 85 06. Faks 57 72 75 94. E-post: kyrkjekontoret@jolster.kyrkja.no Jølster kyrkjelege fellesråd Leiar: Gunnar Smaadal. Tlf. 57 72 72 56 / 913 95 898 Sokneprest Vidar Bjotveit Kontortid måndag kl. 10–12 og tysdag kl. 9–14 eller etter avtale. Mob. 958 80 030. Priv. 57 72 67 07 E-post: soknepresten@jolster.kyrkja.no Presten har fridagar torsdag og laurdag.

Hyrdingrøysta

Kyrkjeverje Ingrid Bjørnereim Kontortid mandag, tysdag og torsdag kl. 9–15 Mob. 480 49 890 E-post: kyrkjeverja@jolster.kyrkja.no

Kyrkjelydsbladet blir sendt til alle husstandar i Jølster. Bladpengar 150 kroner årleg. Abonnentar utanfor kommunen får bladet tilsendt for 175 kroner. Abonnement på Hyrdingrøysta på e-post er gratis. Bankgiro 3703 30 09225

Kantor Rune Molvik Kantor har fri måndag og laurdag, men spelar likevel til bryllaup laurdagar. Priv. 57 72 84 77. Mob. 991 27 430 E-post: organisten@jolster.kyrkja.no

Bladstyrar Knut Osvoll Årdal, 6843 Skei i Jølster Tlf. 57 72 66 93 E-post: knutosvoll@hotmail.com Bladstyret: Inger Lind Aasen og Marit Hartvedt.

Sekretær Gerd Aase Styve Kontortid tysdag og torsdag: 9–15.

Vi takkar for betaling og støtte. Hyrdingrøysta er tilknytta www.menighetsblad.no

Tannlege Svein Aasnes Tlf. 57 72 82 67/952 85 431

Reed Foto

Dvergsdal & Sunde Bygg AS

6827 Breim

6800 Førde, Telefon 57 72 70 44 Telefax 57 72 70 45 - E-post: forde@boligpartner.no

Tlf: 57 86 83 33 www.reedfoto.no post@reedfoto.no

Tlf. 57 72 38 50

EVA AARSETH - IRENE EIKÅS EVA AARSETH IRENE EIKÅ DAME-/HERREFRISØR - -SOLARIUM 57 ETTER 72 75 88 OPETELEFON KVAR DAG AVTALE TIMEBESTILLING: TELEFON 57 72 75 88

Postboks 23 6841 Skei i Jølster Tlf. 03520 avd. Skei No kan du få breiband/ADSL! (Vassenden og Skei)

Telefon: 57 72 78 00 Telefax: 57 72 78 01 www.skeihotel.no

E-post: info@skeihotel.no

JØLSTER BIBLIOTEK OPNINGSTIDER: SKEI SKEI Mandagkl. kl.11 10––15 15 Mandag Torsdagkl. kl.15 15––19 19 Torsdag Fredagkl. kl.11 12––15 17 Fredag

VASSENDEN Mandag kl. kl. 12 12 –– 17 15 Mandag 17 –– 14 19 Tysdag kl. 10 Onsdag kl. kl. 17 17 –– 20 19 Onsdag

Telefon57 5772 7261 6148 48 Telefon

75 64 60 Telefon 57 72 65

6847 Vassenden


HYRDINGRØYSTA Nr. 5/2009

15

Kyrkja

vår heim

Gudstenesteplanen kan bli endra; sjå oversikten på kyrkjesida i Firda, normalt i fredagsutgåva. SØNDAG 11. OKTOBER 19. s. e. pinse Mark 12, 28-34 Ålhus kyrkje kl. 11.00: Liturg: Vikar. Dåp og nattverd. SØNDAG 18. OKTOBER 20. s. e. pinse Mark 2, 1-12 Helgheim kyrkje kl. 11.00: Liturg: Vidar Bjotveit. Dåp og nattverd. SØNDAG 25. OKTOBER Bots- og bededag Matt 3, 7-12 Ålhus kyrkje kl. 11.00: Liturg: Vidar Bjotveit SØNDAG 1. NOVEMBER Helgemesse Matt 5, 1-12 Helgheim kyrkje kl. 11.00: Liturg: Vikar. Dåp og nattverd. SØNDAG 8. NOVEMBER 23. s. e. pinse Matt. 18,21-35 Ålhus kyrkje kl. 11.00: Liturg: Vidar Bjotveit Dåp og nattverd SØNDAG 15. NOVEMBER 24. s. e. pinse Matt. 22,15-22 Helgheim kyrkje kl. 11:00: Liturg: Vidar Bjotveit Dåp og familiemesse. Bok til elevar i 1. klasse SØNDAG 29. NOVEMBER 1. s. i advent Luk. 4,16-22a Vassenden kyrkjesenter kl. 11:00: Liturg: Vidar Bjotveit Dåp. Familiegudsteneste. Bok til elevar i 1. klasse. Kyrkjekaffi.

Helgheim kyrkje kl. 20:00: Liturg: Vidar Bjotveit. Lysmesse. Speidarane på Skei og konfirmantane i Jølster deltek. SØNDAG 6. DESEMBER 2. s. i advent Luk. 12,35-40 Førde grendahus kl. 11:00: Liturg: Vidar Bjotveit. Tenning av adventsbraken. Kyrkjekaffi. SØNDAG 13. DESEMBER 3. s. i advent Matt. 11,11-19 Ålhus kyrkje kl. 11:00: Liturg: Reidar Andreas Knapstad Dåp og nattverd

TORSDAG 24. DESEMBER Julaftan Luk. 2,1-14 Helgheim kyrkje kl. 14:00: Liturg: Vidar Bjotveit Familiegudsteneste. Skei skulemusikk deltek Ålhus kyrkje kl. 16:00: Liturg: Vidar Bjotveit Familiegudsteneste. Vassenden skulemusikk deltek. FREDAG 25. DESEMBER Juledag Luk. 2,1-20 Helgheim kyrkje kl. 12:00: Liturg: Vidar Bjotveit. Dåp.

Jølstrakoret og ei gruppe blåsarar frå Jølster musikklag deltek. LØRDAG 26. DESEMBER JULEDAG Luk. 2,1-20 Ålhus kyrkje kl. 12:00: Liturg: Vidar Bjotveit. Dåp TORSDAG 31. DESEMBER Nyårsaftan Joh. 14,27 Ålhus kyrkje kl. 23:15: Liturg: Vidar Bjotveit Midnattsgudsteneste

Døypte ÅLHUS SOKN 23.08. Gaute Bø Gjesdal 06.09. Iris Båtevik 06.09. Oddvar Storøy HELGHEIM SOKN 16.08. Marcus Loftheim Vetti 30.08. Erian Vilnes 13.09. Maria Klakegg 13.09. Isabella Cardenas Fugle

Gravlagde ÅLHUS SOKN 19.08. May Britt Wingsternes f. 19.04.1955 18.09. Olav Kvammen f. 29.07.1937 HELGHEIM SOKN 28.08. Åsa Heggheim f. 17.09.1932 18.09. Magna Erikstad f. 09.01.1935


16

NR.5/2009 – 70. ÅRG.

Friluftsgudsteneste Bildet over er frå friluftsgudstenesta på Skei i høve Din Jølsterdag. Ettersom det var regn og svært dårleg ver, vart gudstenesta lagt «innandørs» til eit stort telt. Kyrkjelyden fekk denne gongen vere med på ei gudsteneste som ikkje var verna for utanforståande lydar. Teltveggane var så tynne at vi fekk ei kjensle av å vere midt i «det levande livet». Og medan regnet piska mot teltet fekk vi vere med på ei fin gudsteneste der temaet var Lasarus og Jesus si makt over døden. På speidarane sitt møte den 23. september Var ei gruppe i gang med å lage steintroll. Her er fire glade jenter med trolla sine.

Vi vil takke alle som har betalt bladpengane til HYRDINGRØYSTA for 2009. Vi har sett bladpengane til kr 150.-. Viss alle betalte, så hadde vi hatt veldig bra med pengar. Då ville vi kunne trykke bladet med farge på alle sider kvar gong. Så; Takk igjen til deg som har betalt. Du er med på å gjere det mulig for oss å gi ut bladet! Og skulle det vere nokon som har rota vekk innbetalingsblanketten, så er det enno ikkje for seint. Kontonummeret til HYRDIINGRØYSTA er: 3703.30.09225

Helgheim kyrkje treng nytt piano Det er no høve til å gje pengar til innkjøp av nytt piano i Helgheim. Pianoet som no står i kyrkja må skiftast ut. Planen er å kjøpe eit brukt piano, og som er overhalt/sett i ny stand på ein piano-verkstad. Prisen på eit brukt i høve til eit nytt er om lag halvparten. I mange tilhøve med 3 års garanti. Til samanlikning er pianoet på Vassenden kyrkjesenter 40 år gammalt. Det var innkjøpt for tre år sidan, nyoverhalt og med 3 års innbytte-garanti. Konto for gåva di kan settast inn på konto nr 3705.16.13210 ( Nytt piano i Helgheim kyrkje). Til jul vil det kome ein Cd med song og musikk i Helgheim kyrkje. I løpet av hausten vil organisten spele inn ein CD på orgelet i Helgheim. Her vil lokale solistar og vere med. Overskotet av salet av CD-en vil gå til innkjøp av piano. R.M.

Firda Media AS, Førde

TAKK!


Hyrdingsrøysta