Issuu on Google+

Informasjon

H Y R D I N G R Ø Y S TA NR. 1/2010

Salmediktaren Mathias Orheim Meir om Orkja Litt om Anne Frank Juletrefestane Jula 2009

FEBRUAR

71. ÅRG.


2

HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2010

Kling no klokka! Kyrkjeklokka i Helgheim med i radioprogram på julafta Folk som lytta på radio P1 kl. 17.03-18.00 på julekvelden, fekk høyre kyrkjeklokka i Helgheim. Programleiar Henning Olstad opplyste følgande i programmet: «Sogn og Fjordane og Helgheim kirke er neste stopp. Vi er i Jølster kommune og står ved ei flott, hvitmalt og høgreist langkirke i tre, reist i gotisk stil. I tårnet i kirka finner vi tre gamle kirkeklokker, der den eldste er fra før syttenhundre. Namnet til kirka og stedet Helgheim tyder på at dette har vært et hellig sted i lange tider». Hyrdingrøysta tok på nyåret kontakt med Jørgen Helgheim; tidlegare og mangeårig kyrkjetenar i Helgheim. Han fortel at han ein gong på 70-talet vart ringd opp av NRK, beden om å kome til Helgheim for å ringe med kyrkjeklokka. Dette var etter det Jørgen kunne hugse ein vanleg kvardag men klokkeringing vart det. Frå NRK får vi opplyst at opptaket vart gjort 31. august 1971 – og det var ein tysdag. På julafta 2009 kunne dei som høyrde det tradisjonsrike radioprogrammet «Kim, alle klokker» få med seg klokkeringinga til Jørgen i Helgheimskyrkja. Jørgen Helgheim teneste-

Jørgen Helgheim ringer her med kyrkjeklokka i Helgheim. Dette bilde vart teke då han vikarierte 1. august i 2004. 40 år etter at han starta som kyrkjetenar i Helgheim. gjorde som kyrkjetenar i Helgheim kyrkje frå 1964 til 1993! I programmet fekk lyttaren høyre klokkeklang frå 19 kyrkjer rundt heile vårt langstrakte land, der Helgheim var ei av dei. Og vi nemner nokre av dei andre 19 kyrkjene: Seljord, Asker, Slettebakken i Bergen og

Syvde i Vanylven. Frå utlandet var klokkene i Fødselskyrkja i Betlehem og den norske sjømannskyrkja i København med på å sette perspektiv på dette, at vi står i ein verdensvid kyrkjeleg samanheng!

SMÅNYTT

Kyrkja i Jølster har fått heimeside

og kyrkjegardane samt eldre nummer av Hyrdingrøysta her. Du finn Kyrkja i Jølster på denne adressa: http://jolster.kirkene.net

JON IVAR FRIBORG tekst

Vi har no fått eiga heimeside for kyrkja i Jølster. Vi er enno i oppstartsfasen. Målet er ikkje å overta som nyhendekanal i Jølster, men å gje innblikk i livet i kyrkja og lette tilgangen til informasjon som blir etterspurd. Sidene vil bli utvida slik at du her kan finne dei opplysningane du treng i samband med dei aktivitetane som skjer i kyrkja. I tillegg til opplysningar om gudstenester og andre arrangement vil du finne informasjon og dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd. Etter kvart vil ein også kunne melde inn dåp og konfirmasjon direkte på sidene. I ein seinare fase vil vi også leggje ut informasjon om kyrkjebygga

ETTERLYSING

Tapt herrefrakk Dei menn som var på gudsteneste på Vassenden kyrkjesenter sist julafta og som eig ein svart frakk i ull må ta ein nærare kikk på denne og sjå om det er den rette. Leon Aarseth fann ikkje frakken sin etter gudstenesta. Den som no er ”til overs” heng framleis på kyrkjesenteret. Den som evt. finn ut at han har tatt feil: ta kontakt med Leon Aarseth. Red.

FRAMSIDEBILDET: Februar-stemning med svaner på Bolsetvatnet. Foto: Randi Holt, 2007.


HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2010

3

«Du treng ikkje å ha fødselsdag for å kome til gudsteneste...»

Din dag VIDAR BJOTVEIT

12 mnd. og 365 dagar er det i eit år. Dagane har sine namn, og namna våre har sine dagar. Veit du din namnedag? Så finnest det morsdag, farsdag, FN dagen, Valentins dag, fastelavenssøndag, påskedag og mange fleire dagar. Dagar med ulik særpreg og innhald. Ja det meste har sin dag, dagar med kristent innhald og dagar som er verdslege. Og så er det dagar som er meir din dag, dagen du vart født. Den har ulik grad av feiring, kanskje er det mest stas da ein var barn. Men det går godt å ha barnet i seg, sjølv om ein er vaksen. Vi treng alle litt merksemd. Ein gong i haust hadde eg og organisten andakt på eit av omsorgssentera i Jølster. Den dagen var det feiring av ein rund dag, og vi kunne i samband med andakten synge bursdag-songen. Det er rett og godt å gje kvarandre merksemd. Flott oppleving var da! Eit barn fekk gull, røykelse og myrra til fødselsgåve. Det står i Mt. 2,11: , og fann barnet hjå mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar

fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra.” Vi feira han i juledagane, og alle kjenner vi han meir eller mindre. Namnet er Jesus. Han vart sendt som Guds frelsesplan, og det er knytt mange fleire dagar til Jesu verk. Søndagane er slike dagar, då vi feirar Jesu siger over døden. Og det er mange flotte slike feiringar, og vi treng gudstenestefellesskapet! Det er rett og godt å gje Frelsaren merksemd. Sokneråda og vi som arbeidar med gudstenestene kjem til å arbeide med korleis vi feirar Herrens-dag i denne soknerådsperioden. Eg er viss på at det er fleire som har fødselsdag på ein søndag i året som kjem. Tilbodet til deg er å kome på ei gudsteneste og vi kan synge bursdagssongen til deg. Din dag vil verte gjeven merksemd på ein naturleg stad i gudstenesta. Er det fleire som har den same dagen, vert det fleire vers. Vi treng å gje merksemd til kvarandre. Vi

treng å gje merksemd til Jesus som fekk gull, røykjelse og myrra i gåve da Han vart fødd, og vi treng høyre at Han gjev oss merksemd. Dagar gjennom eit år er ulike, søndagen har sitt preg. Og har du fødselsdag på ein søndag kan det verta mykje glede dette året. Vel møtt til feiring av Herrens-dag og din dag! P.S. Du treng ikkje ha fødselsdag for å kome til gudsteneste…


4

HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2010

5. klasse Skei skule, fekk biblar på familiemessa i Helgheim kyrkje, 24. januar 2010. Her er dei frå klassen som var i kyrkja: 1. rekke f.v.: Karete Dvergsdal, Ole Kristian Dvergsdal, Ola Vågane, Odd Rune Dversdal, Kjell Inge Erikstad. 2. rekke f.v. : Andrea Jamaris Huus, Ingunn Årdal, Jenny Steinsund, Severin Halland, Christian Sunde, Gunstein Son Bergheim. Foto: Rune Molvik, for Hyrdingrøysta

Den 31. januar var det familiemesse på Vassenden kyrkjesenter med fire dåpsbarn og nattverd. Femte klasse ved Vassenden skule fekk Bibelen i gåve frå kyrkjelyden. 1. rekke f.v.: Kanutte Osvoll, Rakel Torpe, Jørgen Svarstad Nygård, Torjus Jarning, Hans Gjesdal Eikås, Gudmund Bjotveit, Imre Svidal Løset, Sondre Hansen, Helene Steinsbø Støfring, Marylin Lesto Lykkebø, 2. rekke f.v.: Beate Fossheim Årdal, Nikolina Bergmann Førde, Frida Østenstad Thorsen, Veslemøy Øvrebø, Nikolai Støfring, Are Dale Erikstad, Johannes Bårdson Siem, gjest frå Gaular, Silje-Kristin Hestad Navelsaker, Ann-Helen Segtnan, Beatrice Nordhaug Vatne, Brage Helmen. Foto: Rune Molvik, for Hyrdingrøysta


HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2010

5

Historia om salmediktaren Matias Orheim samling på nynorsk. Dei mest brukte dikta skreiv han i unge år, men også seinare kom der litterære perler frå han. Kyrkjehistorikar Oscar Handeland har sagt at Orheim, saman med Elias Blix, Bernt Støylen, Anders Hovden og Ludvik Hope, var med og ”kristna nynorsken”. Nynorsk vart av mange sett på som eit ”fritenkjarmål”. Han fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1953. ”Det var ei slags høgtid å berre sjå han…Han tala som ingen annan vi hadde høyrd…Orda steig og fall i mjuke rytmiske klangar…Sanneleg song han ikkje også. Det var so visst ingen dommedags-skremsler på bedehuset den kvelden, berre lyse, lovande ord: Kor mykje stort, kor mykje gildt, kor mykje herlegdom…” Slik skildrar lyrikaren Åse Marie Nesse sitt første møte med Matias Orheim. Orheim var svært avhengig av kona, ho var med han på mange reiser. Dei hadde lenge bedt om å få døy samstundes. Dei døydde begge 20. april 1958.

Det var kanskje mest som salmediktar at Matias Orheim frå Stårheim i Nordfjord fann vegen til hjarta på ein heil generasjon. Han vart blind i ungdomsåra, men reiste likevel rundt i heile landet saman med kona Marie for å forkynna. På møta spelte Orheim fele og glasmusikk. Sogn og Fjordane Teater har teke tak i historia kring salmediktaren og forkynnaren Matias Orheim. Dei lagar musikkteater om livet og verket hans denne våren. Orheim skreiv kring 1000 songar, komponerte 178 melodiar og ga ut 13 diktsamlingar. Salmane blir sentrale i stykket og dei vert framførte både med dei kjende og kjære melodiane, men og nye sjølvkomponerte melodiar av Per Janke Jørgensen. Hyrdingrøysta fekk lyst til å sjå nærare på dette både fordi at det er eit stort menneske og skrive om, men og fordi Gro Marie Svidal frå Jølster er med på framsyninga. Vi kjem tilbake med ein prat med ho seinare her i Hyrdingrøysta.

Matias Orheim (1884 – 1958) vaks opp på garden Orheim i Eid kommune. 16 år gammal blei han omvend på eit pinsestemne der m.a. Ludvik Hope var talar. Dagen etter skreiv han sin første salme: ”Eg fann min Gud i ungdomsår”. Han vart blind , men tok likevel som 19-åring til å reise som forkynnar over heile landet. For å nå ut til folket ville han gjerne ha møta på ungdomshus i staden for bedehus. Slik utvida han grensene for den tradisjonelle forkynninga. Han spelte fele og glasmusikk. Det er enno mange her i Jølster og ut over i landet som sit igjen med sterke minner om denne blinde mannen, med si sterke forkynning og gripande glasmusikk. Mange har eit forhold til songane hans. Eg har ei tenesta stor for Gud, Kom Frelsar, kom inn, Kor mykje stort, for mykje gildt, Kvardagskristen vil eg vera, Ved Jesu føter ei stille stund, Å, var eg meir deg Jesus lik er nokre av dei vi kjenner godt. I 1903 kom den første diktsamlinga, Heimlokk. Den har vore utvida av ulike forlag, men vart seld i heile 65000 eksemplar. Slike høge tal var eineståande for ei dikt-

Sogn og Fjordane Teater skal ha urpremieren på framsyninga Matias Orheim i Førde den 26. mars, fredagen før påske. Så vert det turnè i Sogn og Fjordane i april. Ålhus kyrkje får besøk av denne oppsettinga mandag 26. april. Med i framsyninga er jølstringen Gro Marie Svidal. Ho skal spele fele og er ein av fleire musikarar i framsyninga. Vi kjem tilbake med intervju med ho seinare og reportasje frå oppsettinga her i Hyrdingrøysta.


6

HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2010

Orkja – og litt om tidlegare hendingar Ei hending i 1684 Første gong vi høyrer om Orkja er i 1684 då eit ras gjekk. Lensmann Jens Nielsen som levde då, fortel dette om raset: ”-Annen dag påske løb den forferdelige svor i Årken mellom Dvergsdal og Myklebust, og havde ikke den sterke isen været, da havde den gjort for stor skade – både på HelghemsKirken, Sandenes og andre gårde. – Gud være og os nådig”1. Nyt ras i 1863 Så var det på nytt ei hending i 1863. Her er det vi finn om dette: “Hente et Sørgelig hendelse paa Møklebust den 29 Januar 1863. At en sver hammer i møklebustorkken (Orkja) og det gik paa Vandet Saa at flodengik op paa land og tog 4 barn paa Vandet og druknede, tre Fantes ijen men det fjærde fantes ikke ijen”2. Året 1959 Siste raset i Orkja gjekk i mars 1959, altså for 51 år sidan. Daniel Ripe fortel at denne regla om Orkja som skulle brotne, truleg har hatt fleire vers. Dette meinar han å hugse Pernille Skei fortalde. Så kanskje er dette ei forklaring på dei mange ulike versjonane av regla. Vi skal ikkje spekulere i dette meir enn at vi har det frå Pernille Skei.

Frå oppryddingarbeidet på vegen mellom Dvergsdal og Myklebust i 1959. F.v. Bjarne J. Dvergsdal, Anders Søgnesand, Daniel Dvergsdal, Sigmund Sunde (kan vere tvillingbroren Åsmund) Anders I. Sægrov, Anders K. Sunde, Magnus Dvergsdal, Oddbjørn Dvergsdal, Anders M. Sunde. Fotoutlån: Geir Ove Dvergsdal.

Anders K. Sunde (med spade i forgrunnen), bak f.v.: Anders Søgnesand, Sverre Sandal, Oddbjørn Dvergsdal, Bjarne D. Dvergsdal, Sigmund Sunde, (kan vere tvillingbroren Åsmund Sunde). Fotoutlån: Geir Ove Dvergsdal I Helgheimskyrkja nyårskvelden 1952 Daniel Ripe og søstra Oddrun Fuglestrand minnest kveldsgudstenesta i Helgheimskyrkja i 1952. Det var samla ein del folk. At det var lite folk, kom nok kanskje av denne regla som folk hadde i bakhovudet. Det var salmesong og preike ved presten, klokka nærma seg midnatt. Den fredelege kveldsstunda i Helgheimskyrkja vart avbrote av eit voldsomt brak. – Det gjekk kaldt nedetter ryggen, kan Daniel og søstra Oddrun hugse. Ei av søstrene til Daniel og Oddrunn, som var konfirmant dette året, sat på galleriet. Her vart det sagt høgt då den sterke smellen kom: No kjem Orkja! Den sterke smellen var frå ein salutt i høve nyårskvelden ..... Men rasa, det gjorde Orkja nokre år etter denne hendinga Daniel og Oddrun opplevde. Orkja rasa i mars i 1959 Harald Kjell Sunde skriv litt om hendinga i 1959, på Origo, Jølster: - Eg kan hugse at lensmann Walaker vart intervjua på radioen

den gongen. Om eg ikkje hugsar feil, trur eg han nemnde at raset var av ein størelse av ca 50 000 kubikk, (Eg veit ikkje om det var ei rett vurdering?) og når det ikkje vart flodbølge så var det fordi massen vart liggjande i fjellsida, sa han. Før det raset, var ein jo redd for at Orkja verkeleg skulle “brotne”.

1

”Glimt frå Jølster”

2

Egil Øvrebø: Ole Hannings manuskript. Avskrift av eit manuskript som var innlånt til Sunnfjord Folkemuseum frå Anders I. Sægrov og kopiert på museet 2. august 1989.


HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2010

Adventskonsert i Ålhuskyrkja på Luciadagen, 13. desember-09 Det har av og til kome ønskje om at det også i Ålhus kyrkje kunne arrangerast konsert i adventstida. Dette gjorde organist Rune Molvik noko med. Han tok med seg ein flott ”bukett” med unge talenter / solistar frå Jølster og laga ein stemningsfull konsert på Luciadagen. INGER LIND AASEN tekst / foto RUNE MOLVIK

To av solistane var søstrene Johanna og Christina Knudsen frå Vasssenden, som har markert seg med fin song i ulike samanhengar. Vi nemner Melodi Grand Prix jr. og Fylkestoppen på NRK Sogn og Fjordane, der dei to har hevda seg godt. Vi fekk høyre dei synge solo, sjølvlaga songar, og i duett, der songen ”En stjerne skinner i natt” var høgdepunktet. Dei var og med på gudstenesta julaften. Den tredje av solistane var Erlend Apneseth, frå Svidalen, som for tida perfeksjonerar felespelet sitt heime i Jølster. Han hadde leita fram musikk frå Setesdal og frå Vestlandet. Organisten, Rune Molvik, spelte fransk, dansk og Sunnfjordsk julemusikk på orgel. Det er ingen som kan få fram så fine tonar i dette orgelet som Rune. I tillegg akkompagnerte han songsolistane på piano. Programmet besto naturleg nok av song og musikk for advent og jul, og publikum fekk og vere med på både St. Lucia og andre allsongar. Ålhuskyrkja som no har fått ferdig ny belysning, både inne og ute, ga dei frammøtte ei lun og varm atmosfære under konserten. Til slutt på konserten var alle ilag om fellesnummeret på Deilig er jorden. Samspel på orgel, hardingfele og Johanna og Christina som forsongarar saman med publikum, gjorde dette til eit høgdepunkt på konserten. Leiar i Ålhus sokneråd, Gunnar Smaadal, overrekte rose til utøvarane og takka for ein fin konsert. Det var mykje folk oppmøtt i kyrkja og vi vonar at dei fekk ”hjelp” til å korte ned på ventetida og at Luciadagen i advent 2009 vart ei rikare oppleving!

Christina og Johanna Knudsen.

Erlend Apneseth.

Erlend trakterar fela.

Rune Molvik.

7


8

HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2010

Litt om Anne Frank - og Anne Frank si dagbok Annelies Marie eller mest kjend som Anne Frank, vart fødd den 12. juni i 1929. Anne Frank var ei tysk-jødisk jente som i ein alder av 13 år starta å skrive dagbok medan ho og familien låg i dekning for nazistane under den 2. verdenskrig. Boka omhandlar livet og kvardagen frå 12. juni 1942 til 1. august 1944. Frank-familien gjekk i dekning i Amsterdam i 1942. Den 4. august 1944 vart ho og dei andre i familien arresterte av Gestapo og førde vekk. Anne Frank døde 31. mars i 1945 av tyfus i konsentrasjonsleiren BergenBelsen. Den einaste i familien som overlevde krigen, var faren Otto Frank.

RUNE MOLVIK tekst

Miep Gies – ho som redda dagboka Tidleg i januar år fekk vi vite at kvinna som berga og som tok vare på denne dagboka, døde i ein alder av 100 år. Dama var Miep Gies. Ho var fødd i Austerrike i 1909. Ho flytta til Nederland då ho var 11 år. I 1933 vart ho tilsett i forretninga til Otto Frank. Han hadde flytta frå Tyskland då Adolf Hitler kom til makta. Miep Gies var no den siste gjenlevende av ei gruppe som hjelpte til med å halde Anne Frank si tysk-jødiske familie i skjul under 2. verdenskrig. Då Frank-familien måtte gøyme seg i denne bygningen i 1942, risikerte Miep Gies og fem andre livet. Dei levde i stor risiko for å vert oppdaga, då dei måtte sørge for mat til Anne Frank si familie, i tillegg til ei anna familie, som gøymde seg i dette hemmelege annekset i kontorbygningen. Denne svært farlege oppgåva og hjelpa varde i to år, heilt til dei vart oppdaga i 1944. Men Miep Gies ville aldri sjølv kalle seg nokon helt. - over 20.000 nederlendarar hjalp til med å skjule jødar og andre som trengde hjelp desse åra. - Eg gjorde berre det eg vart beden om, og som eg meinte var nød-

vendig der og då, skriv ho i boka “Til minne om Anne Frank”, som ho ga ut.

dette filmklippet på Youtube: http://www.youtube.com/watch?v=4hvtXu O5GzU

Ei viktig berging Få timer etter at Frank-familien vart tekne til fange i 1944, greide Miep Gies å kome seg tilbake til skjulestaden for å hente dagboka. Anne Frank døde i konsentrasjonsleiren Bergen-Belsen berre to veker før dagboka vart frigjort, og då faren Otto Frank kom tilbake fra Auschwitz, overleverte Miep Gies dagboka til han. Anne drømde om å verte forfattar. Dette var årsaka til at faren Otto Frank publiserte dagboka til dottera i 1947. Denne verdskjende dagboka vil for alltid stå som ei av dei mest rørande forteljingane om jødane sin situasjon under 2. verdenskrig. Boka er omsett til heile 70 språk. Film med den verkelege Anne Frank Vil du sjå ein film der den verkelege Anne Frank er med, kan du gå inn på Youtube på internett. Men det er ingen heilaftens film. Den syner Anne Frank der ho vert filma ved ei tilfeldigheit - då naboen hadde bryllupsdag. Ni sekund ut i den tjueein-sekunder lange filmen, ser vi Anne lene seg ut av vindauget. Filmklippet er frå 1941 – året før Anne Frank og familien måtte gå i dekning for nazistane. Her er adressa der du finn

Anne Frank.

Korleis har du det…

EIGENTLEG?

Krisetelefon 815 33 300 SOS-Melding: www.kirkens-sos.no

EIT MENNESKE Å SNAKKE MED NÅR LIVET ER SOM VERST


HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2010

9

Vassenden kyrkjesenter - Alt til si tid KARL RUSSØY tekst

Tid for lyd i orgel Til jul hadde vi vona lyd i dei 8 registera som er i svellverket. Sidan vi ikkje fekk straumen fram då, har vi sidan arbeidd for å få alle orgelpipene på plass. Vi held no på med elektrisk installasjon og utover i februar vil det kome lyd i 17 av dei 19 registera som er i orgelet, etter kvart som magnetane vert kopla opp. Frontpipene kjem truleg først i mars.

Tid for kyrkjebasar I år kjem kyrkjebasaren tidleg. Alt 7. mars samlast vi til den tradisjonelle kyrkjebasaren på kyrkjesenteret til vanleg til kl. 14.30. Basaren er viktig for drifta av kyrkjesenteret. Ta vel imot loddseljarane og kom og ver med oss til ei økt med program, kaffi, lodd- og åresal. Vi er takksame for gevinstar. Dei kan leverast på kyrkjekontoret eller til Inger Lind Aasen.

SMÅNYTT

Lys i Ålhus kyrkje Vi er no på lag ferdig med montering av lyset, det har dessverre drege ut i tid. Mykje av det skuldast vanskar med å få levert utstyr samt vanskar med å få lyset til å bli både sterkt nok samtidig som det skal vere verdig til bruk i kyrkjerommet.

Eg håpar du som brukar no opplever at det er godt lys i kyrkja. Det er litt svakt under galleriet, men det vil vi løyse med det første. Sprengkulda har helde elektrikarane med arbeid så det har forsinka arbeidet litt i det siste.

Fasadelys Ålhus kyrkje Vi ventar også på ein lyskastar som skal stå på oppsida av kyrkja slik at den også blir opplyst der.

TEMAMØTE v/Åge Hunnestad frå Normisjon Vassenden kyrkjesenter torsdag 18. mars kl.19.30 Tema: Vi vil sjå Jesus. Skei Misjonshus fredag 19. mars kl. 20.00 Tema: Rettferdig-gjering ved trua åleine. Skei Misjonshus laurdag 20. mars kl. 16.00 Tema: Gjenfødd til barnekåret. Alle er hjarteleg velkomne til dei tre møta!

Åge H. Hunnestad har heile sitt voksne liv vore tilsett i misjonen. Han bur i Østfold, og var tidlegare kretssekretær i Normisjon der. Hunnestad har i dei seinare år vore reisesekretær i Normisjon, med heile landet som arbeidstad. Normisjonskontakt, Marit Høyvik.

Fasadelys i Helgheim kyrkje Også her ventar vi på nye lyskastarar. Vi håpar det vil gjere problema med blending mindre, både med omsyn til trafikken og i høve til dei som bur i nærleiken av kyrkja. Målet med dei nye lyskastarane er også at vi skal få eit jamnare og meir fullstendig lys på kyrkja. Blant anna vil vi sleppe problemet vi har i dag med ulike fargar på lyset. Noko som dessverre ikkje kan løysast på annan måte enn å bytte lyskastarar.

Orgelaksjonen Kontonummer: 3703.10.31185


10

HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2010

Ny kyrkjetenar i Ålhus Anne Margrethe Skjold Olsen vil fungere som kyrkjetenar i Ålhus ut august 2010. Inntil vidare vil ho ikkje tenestegjere i gravferder. Anne Margrethe har vore tilsett i både Langhaugane - og Vassenden barnehage. Ho har arbeid i barnehagane sidan ho byrja i 1997 forutan eit år med skulegang. Anne Margrethe er også ein av leiarane for søndagsskulen på Vassenden. Ho har, saman med mannen, bygt hus i Hegrenesåsen på Ålhus der dei no bur. Anne Margrethe Olsen er ny kyrkjetenar i Ålhus. Ho starta i tensta søndag 3. januar 2010. Tenning av alterlysa er ei av dei mange oppgåvene.

Svar på: Kjenner du Jølster? 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. 13. 14. 15. 16. 17. 18. 19. 20.

Eikås (Østenstad) Solheimsnes Klakegg Naust på Astruptunet. Håheim Ålhus Klakegg Årdal Indre Støfring (Langhaugane) Gjesdal skule, Sørsida. Klakegg. Lyngneset, Dvergsdalen Vassenden Vassenden Erikstad i Årdalen. Garasjen til Hallvard Viken på Skei. Huset til Jørgen Myklebust i sentrum på Skei. Frå buss-skuret ved krysset mot Erikstad, i Årdalen.. Inne i Ålhus kyrkje. Skiltet syner vegen til Fossheim. Avkjørsla frå Lona, på Skei

Redaksjonen har teke imot 7 rette svar på oppgåva som vi hadde i julenummeret av Hyrdingrøysta. Det var gode og rette svar frå alle dei innsendte bidrag. Berte Dalaker og Jarle Helgheim er trekt ut som vinnarar. Gratulerer! Premien er ein fritt valgt CD hos ”Alf´n” Alf Helgheim & Co AS på Skei.

TAKK! HJARTELEG TAKK til både den avtroppande og den påtroppande redaktøren av Hyrdingrøysta frå oss to i redaksjonen. Ja, vi snakkar om Knut Osvoll og Rune Molvik. Vi har hatt gleda av å samarbeide med Knut’en nokre år, og kan sjå tilbake på mange redaksjonsmøte rundt bordet i stova til Knut og Erna med ei utømmeleg kaffikanne og noko godt å biteti. Diskusjonane har til tider gått rimeleg høgt, men aldri høgare enn at vi har landa trygt. Og humor har det alltid vore! Vi skjønar at alt har ei ende, sjølv om det var vanskeleg å tenke at Knut’en skulle gje seg. Og at Jølster kommune ville heidre han med Kulturprisen i fjor er vi særs glade for.

No er den nye redaktøren i gang og vi er ikkje det minste i tvil om at dette kjem til å gå veldig bra. Rune har vore med i redaksjonen tidlegare og veit kva han går til. Rune er, som Knut, glad i og flink til å fotografere, han har gode idear om kva vi kan skrive om for å få eit lesverdig blad og han har eit stort hjarte for det kyrkjelege arbeidet i Jølster. Vi er ved godt mot! Inger Lind Aasen og Marit Hartved

Bli med til Israel i mai RUNDREISE Kontakt med messianske jøder og palestinske kristne Reiseledere fra Israelsmisjonen Henry Nygård og Annbjørg E. Hesselberg 8. – 18. MAI 2010 Se vårt turtilbud på nettsiden www.fokusreiser.no eller kontakt oss og få tilsendt turoversikten. Tlf. 38 12 56 60 – Fax 38 12 56 61 Mail: post@fokusreiser.no


HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2010

11

- TA X I Vassenden Taxi - tlf. 57 72 71 92/950 TaxiTaxi - tlf. 57 72 82 51/971 78 100 Vassenden Taxi - tlf. 48 215000987 22• Skei • Skei - tlf. 905 75 555

Vinter: ma-ty-on-fr: 9 – 15.30 Sommar: ma-ty-on-fr: 9 – 15

to: 9 – 17 to: 9 – 17

Tlf: 57 72 62 00 Faks: 57 72 62 01

kundesenter@ssf.no • www.ssf.no www.fylkesbanken.no

Lona, 6843 Skei 6772 7263 6360 60/916 57 / 91656 56540 540 www.aardalsbakke.no

EIDE STEIN, 6490 Eide GRAVMONUMENTER tlf. 712 99 250

Sjå våre gravminner på www.raablokk.no

Tlf: 57 82 70 30 • Tlf: www.fjordan.no 57 82 04 00• eirik@fjordan.no

E-post: post@eidestein.no Våre representanter: Ålhus: Kjell Taklo Våre representantar: Helgheim/Vassenden: Kjell Taklo - tlf. 951 17 604 Nils Huus

RÅBLOKK NATURSTEIN MARMORSjå • våre GRANITT • SKIFER gravminner på

www.eidestein.no 6490 Eide – Tlf. 71 29 61 12 – Faks. 71 29 66 71

Postboks 123, 6801 Førde

Nils Huus - tlf. 995 36 722

6843 SKEI Tlf. 57 72 83 33 / Mobil 911 75 903

BYGGMESTER

Ottar Dvergsdal Aut. maskinentreprenør Tlf. 57 72 83 67 / 952 00 433

skei@audhild-viken.no • Telefon: 57 72 81 25

Gravminne DEMENSFORENINGA Kyrkjekontoret formidlar sal av gravminne i Sunnfjord

Jølster Bil AS

og oppussing av gravminne.

– Vi gjer alt for din bil –

Tlf. 57 81 84 50/ på 977 42 653 Kontakt kyrkjesekretæren telefon 57 72 85 06 eller e-post: kyrkjekontoret@jolster.kyrkja.no Vassenden

Måndag, tysdag, onsdag: 9 – 18 Torsdag, fredag: 9 – 19 Laurdag: 9 – 15

Tlf. 57 72 72 00/Fax. 57 72 86 00 Epost: vassenden@marked.coop.no

Alf Helgheim & Co AS ALF HELGHEIM & CO AS

i Jølster 68436843 SkeiSkei i Jølster Tlf: 57 72 83 11 Tlf. 57 72 83 11 Epost: post@alfhelgheim.no

Tlf. 57 72 68 90 / Fax 57 72 70 77

Skei: Skei

Måndag–fredag: 9 – 19 20 Laurdag: 9 – 18 Laurdag: 15

Tlf. 57 72 83 77/Fax. 57 72 85 15 Epost: skei@marked.coop.no AUT. MASKINENTREPRENØR

JOSTEIN SUNDE A/S

Graving - Sprenging - Transport levering av pukk, singel og grus

Tlf. 57 72 83 32 / Mob. 957 59 694

Tlf. 57 72 74 15 www.jolsterbygg.no

FOTO • UR • GULL • SØLV • MUSIKK

FOTO - UR - GULL - SØLV - MUSIKK

Audun Leirvåg Nordfjord Skifer AS Maskinentreprenør

Tlf. 16 // 906 9173063999 804 Tlf.57 5772 72 70 67 52

Roald Sunde Maskinentreprenør - Sentral godkjenning Tlf. 57 72 81 91 / Mob. 952 31 915 Graving - Transport - Muring - Sandtak

Jølster Breiband AS 6843 Skei i Jølster Breiband i heile Jølster Tlf. 57 72 68 98

Biletkunstnar Astrid Myklebust Norsk Søndagsskuleforbund Stardalen, 6843 Skei i Jølster – Tlf. 57 72 89 44 www.sondagsskole.no e-post: astmykl@yahoo.no

Konto 8220.02.81027

Jølster Rør AS

Jølster Hotell

Tlf. 57 72 83 50 / 959 87 820 Bjørn 959 87 822 Geir 959 87 823

Tlf. 57 72 73 00 Ope for møte, kurs, bryllaup og liknande heile året.


12

HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2010

Julefestane i Jølster jula 2009 Juletrefest i Svidalen 2. juledag Den tradisjonelle juletrefesten i Svidalen vert arrangert kvart år 2. juledag. Dette er ein fest med lange tradisjonar. Unge og gamle samlast til ein god gammaldags juletrefest. I år var det dei aller yngste som opna festen med levande lys og song ”Det lyser i stille grender”. Vidar Bjotveit heldt tale, Gro Marie Svidal spelte fele før det vart gang rundt juletreet. Ei god matøkt med bordkonkurranse i kjellaren er eit høgdepunkt. Folk tar med seg god julemat og deler med kvarandre. Etter matøkta var det blåse- og slagverksorkester av ekte og halvekte Svidølingar. Nissen kom som vanleg på besøk før festen vart avslutta med gang rundt juletreet. Ein fin fest med over 50 frammøtte. Juletrefest på Myklebust Juletrefestar har ein lang og seigliva tradisjon i Jølster, slik også på Myklebust. I år vart festen arrangert tredje juledag, og samla svært mykje folk på ein litt kald, men elles fin romjulskveld. Mellom femti og seksti menneske hadde møtt opp i Grendehuset denne kvelden, noko som kan tyde på at folk ynskjer å halde denne tradisjonen i hevd. Dette er også kvelden då utflytte grendefolk tek turen tilbake for å treffe slekt og gamle naboar. Såleis var faktisk fleirtalet av dei frammøtte busette andre stadar enn på Myklebust. Programmet var lagt opp som ei passeleg blanding av skjemt og alvor. Vi fekk sjølvsagt høyre Juleevangeliet, og det vart servert eit skråblikk på dagens julefeiring forfatta av Are Kalvø. Julesongar og gong rundt juletreet høyrer også med på ein juletrefest, noko som dei yngste såg ut til å setje stor pris på. Men i slike samkome er gjerne praten eller ”drøsen” noko av det aller viktigaste. Det var det rikeleg høve til i matpausen der buffeen sto dekka med noko for ein kvar smak. Etter dette er det all grunn til å tru at det blir juletrefest på Myklebust også neste år. Kyrkjelyden sin julefest på Vassenden kyr kjesenter 28. des., fjerde juledag var det igjen feira julefest på Vassenden kyrkjesenter. I vår ”moderne” tid er det så mykje spennande

som fenger og tar tida vår. Desto meir gledeleg var det å sjå at mange hadde funne vegen, store og små. Sigrid Fjæra Kvammen leia festen og hadde fått med seg ein fin gjeng for å underhalde. Signe Bjotveit song solo ”Mary`s boychild” med klår stemme og perfekt engelsk! Kristine Friborg las ei morsom historie om ”Den dumme”. Søndagsskulen sin trufaste gjeng song to julesongar. Talaren, Ingvald Frøyen kom utkledd som ”Benjamin” og fortalde om Jesu fødsel frå sin ståstad. Dette blei svært levande for oss. Vi må halde godt fast i tradisjonen å gå rundt juletreet. Det er snart berre på slike festar at dette vert gjort. Det var mange ringar rundt juletreet, alle som ville fekk plass! Dette er ein dugnadsfest i kyrkjelyden, så det bugna av god mat frå to serveringsbord, og folket hadde god tid til mat og søjing. Ungane fekk fiske frå galleriet, alle fekk napp! Takk til alle som møtte opp! Julefest på Misjonshuset Søndagskulen sin julefest 4. juledag samla denne gongen veldig mykje folk. Astrid, Kari og Vidar hadde laga til eit godt program, og der søndagskulen først hadde

framføring av Juleevangeliet. Etterpå var det andakt ved Gerd Sunde. Ho snakka om ”Julemysteriet” og framførte ein sjølvlaga song og tekst med samme tittel. Ho fekk ungane til å sitte stille på golvet framfor scena – dette gjorde at foreldra også kunne få med seg det Gerd hadde å sei. Etter matøkta var det gong rundt treet – tre store ringar med små og store song dei gode gamle julesongane. Nissen, eller nissane, for det var fleire, kom også på besøk. Til slutt vart namnet på dei som skal vere festkomitè neste år lest opp, og takk og applaus til foreldrekomitèen dette året. Etter vel to timar var festen over, og alle gjekk heim med eit godt julefest-minne rikare. Julefesten i Helgatun Angelika Årdal og barna i Årdal barnehage hadde ei fin framføring av Juleevangeliet på julefesten i Årdalen 3. juledag. Mange tykte denne julefesten var veldig fin, og dette resulterte i at Angelica og barna i Årdal barnahage fekk applaus i Firda – frå ei takknemleg bestemor i Kalvekvia! Festen inneheldt elles det ein god juletrefest skal ha; god mat, juletregong og besøk av nissen.

Årdal Barnehage hadde juleopptrinn på julefesten som var i Helgatun 3. juledag. F.v.: Ronja Vaulen Urheim (2 år), Krister Elias Vaulen Urheim (4 år), Martine Jamaris Huus (3 år), Guro Erikstad (4 år), Madelen Husetuft Flatjord (4 år), Lydia Årdal (5 år), Johanne Årdal (5 år), Ole Jacob Strand Håheim (1 år), og Rakel Holsen (1 år) på fanget til Angelika Årdal. Foto: Anny Årdal


HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2010

13

Julefest på Myklebust. Festen vart leia av ti år gamle Ragnhild Apneseth Kongsvik. Foto: Hallstein Dvergsdal

Julefest på Myklebust. Gong rundt juletreet høyrer med på ein juletrefest. Foto: Hallstein Dvergsdal

Julefest på Vassenden. Signe Bjotveit song til akkompagnement av Inger Lind Aasen på piano. Foto: Privat

Juletrefest 4. juledag på Kyrkjesenteret. Her tel vi fire ringar rundt treet. Foto: Inger Lind Aasen

Gjetarane varmar seg på bålet. F.v. Vebjørn Skinlo, Andreas S. Molvik, Gaute Kjøsnes, Jon Anders Øvrebø, Kristian Åsmund Skrede. Foto: Vidar Feldt

Julefest på Skei Misjonshus.

Foto: Vidar Feldt


14

HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2010

KYRKJA I JØLSTER

Hyrdingrøysta

Kyrkjekontoret Vassenden kyrkjesenter Kontoret er ope måndag, tysdag og torsdag kl. 9–15. Tlf. 57 72 85 06. Faks 57 72 75 94. E-post: kyrkjekontoret@jolster.kyrkja.no Jølster kyrkjelege fellesråd Leiar: Gunnar Smaadal. Tlf. 57 72 72 56 / 913 95 898 Sokneprest Vidar Bjotveit Kontortid måndag kl. 10–12 og tysdag kl. 9–14 eller etter avtale. Mob. 958 80 030. Priv. 57 72 67 07 E-post: soknepresten@jolster.kyrkja.no Presten har fridagar torsdag og laurdag.

Kyrkjelydsbladet blir sendt til alle husstandar i Jølster. Bladpengar 150 kroner årleg. Abonnentar utanfor kommunen får bladet tilsendt for 175 kroner. Abonnement på Hyrdingrøysta på epost er gratis. Bankgiro 3703 30 09225

Fungerande kyrkjeverje Jon Ivar Friborg Kontortid tysdag og torsdag kl. 9–15 Mob. 480 49 890 E-post: kyrkjeverja@jolster.kyrkja.no Kantor Rune Molvik Kontortid tysdag 9–15. Fri torsdag og laurdag. Har teneste ved evt. bryllaup på laurdagar. Priv. 57 72 84 77. Mob. 991 27 430 E-post: organisten@jolster.kyrkja.no

Bladstyrar Rune Molvik Vikalia, 6843 Skei i Jølster Mob. 991 27 430 E-post: hyrdingroysta@gmail.com Bladstyret: Inger Lind Aasen og Marit Hartvedt.

Sekretær Gerd Aase Styve Kontortid tysdag og torsdag: 9–15.

Vi takkar for betaling og støtte. Hyrdingrøysta er tilknytta og kan lesast på www.menighetsblad.no og på denne nettsida: www.kirkenorge.no/menighetsblad

Tannlege Svein Aasnes Tlf. 57 72 82 67/952 85 431

Reed Foto

Dvergsdal & Sunde Bygg AS

6827 Breim

6800 Førde, Telefon 57 72 70 44 Telefax 57 72 70 45 - E-post: forde@boligpartner.no

Tlf: 57 86 83 33 www.reedfoto.no post@reedfoto.no

Tlf. 57 72 38 50

EVA AARSETH - IRENE EIKÅS EVA AARSETH IRENE EIKÅ DAME-/HERREFRISØR - -SOLARIUM 57 ETTER 72 75 88 OPETELEFON KVAR DAG AVTALE TIMEBESTILLING: TELEFON 57 72 75 88

Postboks 23 6841 Skei i Jølster Tlf. 03520 avd. Skei No kan du få breiband/ADSL! (Vassenden og Skei)

Telefon: 57 72 78 00 Telefax: 57 72 78 01 www.skeihotel.no

E-post: info@skeihotel.no

JØLSTER BIBLIOTEK OPNINGSTIDER: SKEI SKEI Mandagkl. kl.11 10––15 15 Mandag Torsdagkl. kl.15 15––19 19 Torsdag Fredagkl. kl.11 12––15 17 Fredag Telefon57 5772 7261 6148 48 Telefon

VASSENDEN Mandag kl. kl. 12 12 –– 17 15 Mandag 17 –– 14 19 Tysdag kl. 10 Onsdag kl. kl. 17 17 –– 20 19 Onsdag 75 64 60 Telefon 57 72 65

6847 Vassenden


HYRDINGRØYSTA Nr. 1/2010

15

Kyrkja

vår heim

Gudstenesteplanen kan bli endra; sjå oversikten på kyrkjesida i Firda, normalt i fredagsutgåva. Søndag 07.02.2010 KRISTI FORKLÅRINGSDAG Joh. 17,1-8 NAUSTDAL KYRKJE kl. 11:00 Liturg: RF Fellesgudsteneste Naustdal for Sunnfjord prosti, i høve Biskop Halvor Nordhaug stiftsturnè.

Søndag 07.03.2010 3. SUNDAG I FASTE Luk. 4,31-37 HELGHEIM KYRKJE kl. 11:00 Liturg: VIDAR BJOTVEIT Dåp og nattverd ÅLHUS KYRKJE kl. 20:00 Liturg: VIDAR BJOTVEIT Nattverd

Torsdag 01.04.2010 SKJÆRTORSDAG Joh. 13,1-15 VASSENDEN KYRKJESENTER kl. 19:00 Liturg: VIDAR BJOTVEIT Nattverd. Kveldsmat etter gudstenesta

Søndag 14.02.2010 SUNDAG FØR FASTE Joh. 12,24-33 HELGHEIM KYRKJE kl. 11:00 Liturg: VIDAR BJOTVEIT Dåp og nattverd

Søndag 14.03.2010 4. SUNDAG I FASTE Joh. 6,24-36 VASSENDEN KYRKJESENTER kl. 11:00 Liturg: STEIN OLTEDAL Dåp og nattverd

Fredag 02.04.2010 LANGFREDAG Mark. 15,20b-37 ÅLHUS KYRKJE kl. 11:00 Liturg: REIDAR A. KNAPSTAD Pasjonsgudsteneste.

Onsdag 17.02.2010 ASKEONSDAG Matt. 6,16-18 HELGHEIM KYRKJE kl. 20:00 Liturg: VIDAR BJOTVEIT Skriftemålsgudsteneste Søndag 21.02.2010 1. SUNDAG I FASTE Matt. 16,21-23 ÅLHUS KYRKJE kl. 11:00 Liturg: STEIN OLTEDAL Dåp og nattverd Søndag 28.02.2010 Luk. 7,36-50 ÅLHUS KYRKJE kl. 11:00 Liturg: Ikkje gudsteneste, sjå 7.mars

Søndag 21.03.2010 MARIA BODSKAPSDAG Luk. 1,46-55 HELGHEIM KYRKJE kl. 11:00 Liturg: VIDAR BJOTVEIT Dåp og nattverd Kyrkjelydens årsmøte Søndag 28.03.2010 PALMESUNDAG Joh. 12,12-24 HELGHEIM KYRKJE kl. 11:00 Liturg: VIDAR BJOTVEIT Dåp. Utdeling av bok til elevar i 3. klasse. Skei og Vassenden søndagsskular deltek.

Søndag 04.04.2010 PÅSKEDAG Joh. 20,1-10 HELGHEIM KYRKJE kl. 11:00 Liturg: VIDAR BJOTVEIT Dåp og nattverd Konfirmantane i Jølster deltek. Kyrkjeplask etter gudstenesta i Jølstravatnet. 10 års-jubileum Mandag 05.04.2010 2. PÅSKEDAG Joh. 20,11-18 ÅLHUS KYRKJE kl. 11:00 Liturg: VIDAR BJOTVEIT Dåp og nattverd

Døypte ÅLHUS SOKN 29.11.09 Emanuel Aarseth Vassenden kyrkjesenter 29.11.09 Theodor Solheim Rygg Vassenden kyrkjesenter 29.11.09 Pernille Svendsøy Berge Vassenden kyrkjesenter 29.11.09 Thea Berge Heggheim Vassenden kyrkjesenter 29.11.09 Emma Felde Førde Vassenden kyrkjesenter 26.12.09 Mattis Grønli Ødegaard 03.01.10 Alexander Heieren Romarheim 03.01.10 Emma Vee HELGHEIM SOKN 25.12.09 Niclas Fonn 24.01.10 Andreas Befring

Gravlagde ÅLHUS SOKN 29.11.09 Arthur Valvik f. 1920 Vassenden kyrkjesenter HELGHEIM SOKN 04.12.09 Karen Juklestad f. 1917 18.12.09 Nils O. Klakegg f. 1928 15.01.10 Johannes Bernhard Flatjord f. 1917


16

NR. 1/2010 – 71. ÅRG.

Lys i Ålhus kyrkje Vi er no på lag ferdig med montering av lyset, det har dessverre drege ut i tid. Mykje av det skuldast vanskar med å få levert utstyr samt vanskar med å få lyset til å bli både sterkt nok samtidig som det skal vere verdig til bruk i kyrkjerommet. Eg håpar du som brukar no opplever at det er godt lys i kyrkja. Det er litt svakt under galleriet, men det vil vi løyse med det første. Sprengkulda har helde elektrikarane med arbeid så det har forsinka arbeidet litt i det siste.

Fasadelys Ålhus kyrkje

Firda Media AS, Førde

Vi ventar også på ein lyskastar som skal stå på oppsida av kyrkja slik at den også blir opplyst der. Tekst og foto: Jon Ivar Friborg


Hyrdingsrøysta nr.1/10.