Page 1

Nr. 1 - MARS 2010 - 52.Årg.



KYRKJEBLAD FOR VÅGSØY

Kontakten

Nord-Vågsøy • Sør-Vågsøy • Totland

Møte med...

Og så ville eg ha oppmuntra dei som skal på påskefjellet, og sagt at dei må vere forsiktige med snowboard og slalom... SIDE 6-8

Barselkafè Andre tirsdagen i månaden samlast vi på Røde Kors-huset til Barselkafè: Mødre, babyar, kyrkjelydspedagog og nokre gongar besøkande. SIDE 11

Barnekonserten Eit begeistra publikum fylte mange benkar i kirka, og gav god respons til dei entusiastiske barna som sang og dansa. SIDE 12-13

www.vagsoy.kirken.no

O m ei lita st u nd ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. Joh 14, 19


Andakt



Åses hjørne

REDAKTØREN HAR ORDET Påska er ei høgtid som set fokus på nåden. Sentralt i vår kyrkje si tru er at Jesus døyr for våre synder, så vi kan få tilgivelse og nåde. I samfunnet er det ikkje alltid nåden står høgt i kurs. Rettferd synest ofte viktigare. Å møte eit feilgrep med nåde blir fort stempla som naivt. Nåde er eit fint ord. Eg har lært at frå grunnteksten har det opphav i to ulike ord. Den eine tydinga er: ”gratis”. Den andre er: ”å elske/ setje høgt, å synast er vakker”. Nåde er noko ufortent, noko vi ikkje kan forstå, men kan få ta imot. Sjølv om vi føler oss skamfulle, kan vi bli møtte med begeistring og kjærleik. „Eg kjenner dine sider og veit kva du har gjort. I mine auge er du uansett vakker!“ Når nåden møter oss, kan vi få legge av oss all skam og tru oss elska og aksepterte, uperfekte som vi er, enten våre problem er synlege eller skjulte. Vinteren 2007 sat eg på Måløy Brygge og skulle signere plater. Det var litt ensomt og pinlig. Eg var nyleg flytta heim og kjende ikkje mange. Dei fleste gjekk forbi. Nokre nikka oppmuntrande til meg. Men ein framand person kom og sette seg attmed meg. Det var Bent Gjørven. Vi blei sitjande og prate ein drøy time. Ein mann kom bort midt i samtalen. ”Skal vi fjerne han for deg?” spurde han. Eg vart overraska. Bent vart sett på som eit problem. Men for meg var han ein av få som brydde seg. No har eg fått takka han for at han sette seg attmed meg. Då vart eg litt blank i augene. I dette nummeret er han vår gjest. Han kjenner behovet for nåde. Med ei konfirmantgruppe såg vi filmen ”Les Miserables”. Hovudpersonen er i starten ein tjuv som stel sølvtøyet til ein prest han får overnatte hjå. Så blir han arrestert, og seier til politiet at sølvtøyet var ei gåve frå presten. Når politiet tek han med seg til presten og spør om dette stemmer, bekreftar presten det, sjølv om han må lyge. Denne løgna forandrar livet til tjuven, og han stel ikkje meir. Resten av livet går han inn for å vise nåde mot alle han møter. ”Kvifor er presten så barmhjertig?” spurde ein konfirmant som ville sjå filmen fleire gonger. Nåde kan nå langt lenger enn rettferd. Bare den som sjølv treng og har fått oppleve nåde, kan møte andre med nåde.

Sølvi Hopland Aemmer

Av ein eller annan grunn lar dei fleste av oss seg fascinere av steinar. Små born samlar på dei og vaksne har dei gjerne til pynt, om det så er innmura i grunnmuren, rundt blomsterbedet eller som dekorasjon innandørs. Vi liker dei runde formene i ei rullesteinsfjære og vi tar med oss steinar som souvenirar når vi har vore på bestemte stader. I den siste boka i Bibelen kan vi lese om ein spesiell stein: ”Den som sigrar, han vil eg gje av den løynde manna. Og eg vil gje han ein kvit stein, og på steinen er det skrive eit nytt namn som ingen kjenner utan han som får det.” (Joh.opnb. 2.17) I det gamle, greske rettssystemet, var det vanleg at dommaren gjorde dommen sin kjend ved å legge ein stein i ei urne. Ein kvit stein var teiknet for frikjenning, medan ein svart stein i urna ga motsatt dom. Johannes openberring fortel om ein dag då denne tida er til ende og det er tid for oppgjer over menneska sitt liv. Då er det nokon som vil få ein kvit stein, dei blir frifunne og vinn ein siger. Det er vel noko vi alle vil, spørsmålet er berre korleis vi skal klare å få del i denne sigeren? Svaret er nedslåande, vi klarer det ikkje, men “Gud vere takk som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus”. (1.Kor.15.57)

KONTAKTEN

Vi skal snart feire påske og minnast historia som er sjølve grunnlaget for at Gud kan gje oss siger og at vi kan motta den kvite steinen. Ved fyrste augekast ei mørk og trist historie med korsfestelse, død og begravelse. Hugs då kva som var Jesu oppgåve på korset, han var der med våre synder og med vårt liv. Det var våre elendige liv som vart gravlagt i påska, samstundes som vi på påskemorgon skal vi få del i oppstoda og livet! På to korte vers, har denne påskesalma klart å få fram gledesbudskapet. Legg merke til at det står i fortid, Jesus vant og jeg har vunnet. I motsetnad til ein OL-medalje, til denne sigeren nyttar det ikkje med eiga trening eller sjølvdisiplin. Det er allereie fullbrakt: Jesus lever, graven brast! Han stod opp med guddoms velde. Trøsten står som klippen fast: At hans død og blod skal gjelde. Lynet blinker, jorden bever, Graven brast og Jesus lever! Jeg har vunnet, Jesus vant, Døden oppslukt er til seier. Jesus mørkets fyrste bandt, Jeg den kjøpte frihet eier. Åpen har jeg himlen funnet, Jesus vant og jeg har vunnet! Heidi Bjørnholm

Framside-bilde

UTGJEVAR: Vågsøy Sokneråd, postboks 33, 6701 Måløy. Tlf.: 57845170. REDAKTØR: Sølvi Hopland Aemmer, tlf 95240487. solvi.hopland@ulvesundfyr.no LAYOUT: Heinz Aemmer. TRYKK: Trykkservice A/S, Knarvik.

Glasmaleri frå Nord-Vågsøy kyrkje.

Vågsøy sokneråd, pb 33, 6701 Måløy Soknerådsleiar: Dag Almenning, 6713 Almenningen Tlf. 57852582/ 90947872 Kyrkjekontoret: i nye Rådhuset. Pb 33, 6701 Måløy Tlf. 57845170. Faks 57845171 E-post: sokneraad@c2i.net Heimeside: www.vagsoy.kirken.no Tilsette på kyrkjekontoret: Kyrkjeverje: Stein Robert Osdal mobil 48146505 e-post: stein.osdal@vagsoy.kommune.no Sekretær: Rita Solheim Endal e-post: rita.endal@vagsoy.kommune.no Kapellan: Trond Hatlevik Borg mobil 45043049 e-post: trond.borg@vagsoy.kommune.no Kyrkjelydspedagogar: Heidi Bjørnholm, tlf. 57845177 Marte-Iren Lade mobil 47365959 e-post: marte.lade@vagsoy.kommune.no Sølvi Hopland Aemmer (morspermisjon) Kyrkjemusikarar: Hans-Joachim Schüttke mobil 41510393 e-post: schuttke.organist.maloy@gmail.com Alice Teunis mobil 91861762 Tilsette i kyrkjene: Reinhaldar: Miran Wasta, mobil 97509391 Kyrkjetenar i Sør-Vågsøy og Nord-Vågsøy: Heinz Aemmer, mobil 94181317 Kyrkjetenar i Totland: Åse Falkevik, mobil 90965524 Kyrkjegards-arbeidarar: Joar Kvamme, mobil 97170150 Kåre Myhre, mobil 91791281 Leder KLU: Sør-Vågsøy: Helge Hafsås Nord Vågsøy: Karen B. Eide Totland: Tove Holvik



Glimt frå livet Eg ser deg, Gud, i kvar ein blomst som tirer i fagre fargar mellom stein og strå… Ser du Gud i blomane som kjem fram att om våren etter vintersvevnen? Kvitveis, kusymre, raudsildre, fiol og alle dei andre. Ser du han når du ruslar åleine i fjellet? Når du sit på ein stein i solveggen, eller ein annan stad. Når du høyrer fosseduren i det fjerne, høyrer fuglesongen, ser kreda vake i eit stille fjellvatn. Det er eit under å oppleve dette på ny kvar vår. Sitje der og berre kjenne den gode stilla. Kjenne at Gud er nær. Eller rusle langs fjæra ein vårdag, høyre båra skvulpe, vasse i tang og tare, høyre måsen og ærfuglen syngje kvar på sin måte. Eller ein stormfull haustdag når stormen og regnet står på, stå på berget høgt over havet, sjå kor kobben leikar nedi bårene, kjenne saltvatnet piske mot huda. Der óg kjenner ein at Gud er nær. Men – så er det godt, veldig godt – søndag føre middag – gå i kyrkja – berre vere – sitje heilt stille – kjenne at Gud er nær. Møte han i liturgien, salmesongen, preika, dåpen, og ikkje minst i nattverden. Høyre at dette er Jesu lekam, gjeven for deg, Jesu blod, utrent for deg, som vi gjorde i kyrkja i dag.

Så er det godt å vere – på fjellet – i fjærekanten – og i kyrkja. Kjenne at Gud er der, der du og eg er.

Eg ser deg, Gud, i kvar ein blomst som tirer i fagre fargar mellom stein og strå Som alle opp mot sol og himmel stirer med bjarte smil som barneaugo små. Eg ser deg, Gud, og i mitt auge skjelver ei gledetåre, for du har oss kjær Og over oss så fager himmel kvelver, og gav til heim oss slik ei fager verd.

Åse Falkevik


Frå Soknerådet

Frå Soknerådet

 Døypte i Vågsøy sokn 2009

15.11

Isabella Trollebø Lefdal

15.11

Olav Nygård

15.11 15.11

22.11 22.11 13.12 13.12

20.12 20.12 20.12

Oskar Nygård

Mina Wik Paulsen

Sondre Bakke Knardahl Markus Solheim

Henrik Myrvang

Oliver Williams Strand

Katrine Gangeskar Fure Filip Lars Eide

Lucas Gullaksen Yri

Under Vågsøy sokneråd er det 11 tilsette, og 6,4 årsverk. I tillegg er det 2 presteårsverk tilsett gjennom Bjørgvin bispedømeråd. Dei tilsette er: Stein Robert Osdal, kyrkjeverje, 100 % Rita Solheim Endal, sekretær, 70 %

Ask Åsebø

Hans-Joachim Schüttke, kyrkjemusikar, 90 %

01.01

Olav Svoren Hollen

Sølvi Hopland Aemmer, kyrkjelydspedagog 50 % (mammapermisjon)

17.01

Ingrid Paulsen Humborstad

25.12 2010

01.01 17.01

28.02 28.02 28.02 28.02 28.02

Levi Hagen

Ariane Madeleine Bruås Kristoffer Refvik Mali Kvalheim

Anna Rebekka Solibakke Jørgen Silden

Linnea Aleksandra Refvik

Døypte i Davik

Willam Lofnes Knutsen

Døde i Vågsøy sokn 2009

28.10

Elise Albertine Horn

13.11

Sylvia Karleen Hennøen

31.10

24.11 19.11

12.12 13.12

Trygve Johan Vedvik Hilda Gjesdal

Arnfinn Hilmar Tvendeseter Jensine sofie marie Flataker Borghild josefine Holvik

13.12

Alfhild Vedvik

30.12

Marit Myklebust

13.12

30.12 20010

Marie Skram

Martin Kåre Holvik

06.01

Alf Johannes Myhre

09.01

Tordis Lund

06.01 10.01 17.01 17.01

20.01 25.01

10.02 14.02 14.02

20.02 25.02

Rasmus Kråkenes Maybritt Nore

Gunnvor Mary Hjertenes Knut Solibakke

Sigrid Gudrun Rasmine Kvalheim Sverre Torskangerpoll Agnes Berta Barmen Jørn Ove Longva Isak Hessevik

Signe Martha Refvik

Erling Ingvald Kråkenes

Statistikk

Utdrag frå årsmeldinga for 2009 Tilsette

Alice Teunis, kyrkjemusikar, 30 %

Marte-Iren Lade, kyrkjelydspedagog, 60 % Heinz Aemmer, kyrkjetenar, 40 % Åse Falkevik, kyrkjetenar, 16,7 %

Joar Kvamme, kyrkjegardsarbeidar, 100 % Kåre Myhre, kyrkjegardsarbeidar, 40 % Miran Wasta, reinhaldar, 43 %

Kå re Oksholen, sok neprest (slut t a 1.10.2009) og Trond Hatlevik Borg, kapellan, tilsette av Bjørgvin Bispedøme I tillegg til til dei tilsette har Vågsøy sokneråd engasjert Oline Myklebust som eittåring/ungdomsarbeidar. Dette engasjementet varer fram til juni dette år.

Andre utval

Vågsøy sokneråd har 5 under utval; diakoniutval, trusopplæringsstyre, og kyrkjelydsutval for Sør-Vågsøy, NordVågsøy og Totland. Utvala er samansett av representantar frå soknerådet samt andre friviljuge. Diakoniutvalet har jobba med fasteaksjonen, kyrkjelydsturen, diakonikurs, allehelgensmessa og andakter på institusjonane i kommunen. Trusopplæringsstyret har som hovudoppgåve å drifte prosjektet saman med prosjektleiar Marte-Iren Lade.

Kyrkjelydsutvala har jobba med gudsteneste i si kyrkje, kyrkjekaffi, kyrkjever ta r og andre oppgåver inn imot kyrkjebygget. Gudstenestearbeidet i soknet

I Vågsøy har vi arrangert 105 gudstenester, med 10787 deltakarar, det vert ca 102 i snitt. Nokre av gudstenestene er friluftsgudstenester som er ein kjær tradisjon rundt i kommunen. Det var 57 dåp og 27 gudstenester med nattverd.

Innmeldte

Utmeldte

Døypte

% av fødde

Ekteskap

Konfirmant

% av 14 åringar

2009

1

4

57

109,62 %

16

70

92,11 %

2008

0

4

62

91,18 %

13

77

85,6 %

2007

1

7

78

114,71 %

7

79

88,8 %

2006

1

7

77

105,55 %

11

76

85,4 %

2005

0

5

74

104.2 %

17

70

83,3 %

2004

3

5

93

108,1%

19

67

84,8 %

2003

0

5

66

88 %

8

70

87,5 %

2002

0

5

85

113 %

16

59

74,6 %

2001

0

1

77

117 %

19

61

78,2 %

2000

0

4

72

85 %

16

72

88,9 %

1999

1

7

86

100 %

6

96

94,1 %

Overføringar

Gudsteneste

deltakarar

gj.snitt

Offer total

Offer egen

Kommune

Stat

2009

105

10787

102,74

176 690kr

111 931 kr

3 000 000 kr

0 kr

2008

105

10509

100

190689 kr

124708 kr

2 400 000 kr

45 000 kr

2007

96

10925

113,81

160925 kr

115475 kr

2 700 000 kr

90000 kr

2006

107

10962

102,44

157 447 kr

70 467 kr

2 900 000 kr

107 000 kr

2005

95

9982

105,7

159 918 kr

99945 kr

2 600 000 kr

163 000 kr

2004

94

10013

106,5

163 115 kr

87 597 kr

2 500 000 kr

173 000 kr

2003

95

9 678

101,87

180 400 kr

92 600 kr

2 870 000 kr

190 000 kr

2002

113

12 047

106,61

209 300 kr

126 208 kr

2 620 000 kr

190 000 kr

2001

99

11 336

114,5

159 600 kr

62 244 kr

2 709 000 kr

224 000 kr

2000

130

13 321

102,46

169 500 kr

61 000 kr

2 708 000 kr

219 000 kr

1999

116

10 662

91,91

194 800 kr

44 804 kr

2 640 000 kr

220 000 kr

Økonomi

I permisjonen til Sølvi Hopland Aemmer er Heidi Bjørnholm tilsett som kyrkjelydspedagog.

Innsamling til Vågsøy sokneråd

Der er ikkje tilsett nokon i stillinga til Kåre Oksholen. Tilsetjing vil skje i mai dette år.

Vågsøy sokneråd driv eit mangfaldig arbeid i Vågsøy. Gjennom trusopplæringsarbeidet og undervisningsarbeidet ønsker vi å: - Gje heimane hjelp til å formidle trua - Legge til rette for at alle born og unge kan trivast i kyrkja - Legge til rette for at alle born og unge kan verte kjent med den kristne trua

Nytt sokneråd

Ny t t sok neråd va r t konstit uer t etter soknerådsvalet i september 2009. Dag A l men n i ng va r t va lt t i l leia r og Kristine Schielderup vart valt til nestleiar. Leiar og nestleiar utgjer saman med soknepresten arbeidsutvalet. Kyrkjeverja er sekretær for soknerådet og arbeidsutvalet.



Kvalheim & Vedvik AS Raudeberg www.solfisk.no

Klippfisk – Saltfisk – Tørrfisk

Tlf.: 57 85 52 03 Mob.: 48 28 83 73 E-post: s.refvik@online.no

Vågsøy sokneråd har eit godt samarbeid med skulane i kommunen, der fokus er å formidle kunnskap om den kristne tru gjennom religions- og etikkundervisninga.

Gjennom det kyrkjemusikalske arbeidet ynskjer vi å gje innbyggjarane i Vågsøy ein god musikalsk oppleving gjennom gudstenester, konserter og andre arrangement der musikken står i sentrum. Gjennom det diakonale arbeidet prioriterer soknerådet å besøke institusjonane og omsorgssentrane våre ca kvar fjortande dag. Her vil andakter og sosialt samvær stå i fokus. Alt dette kostar, og Vågsøy sokneråd har som mål å samle inn i ca 300 000 kroner. Det treng vi di hjelp til. Dette skal dekke løn for 2 medarbeidarar, ungdomsarbeidaren vår samt driftsutgifter for desse formåla; utgifter som kommunen ikkje finansierer gjennom sitt tilskot til drift.

Samla utgifter som ikkje vert dekt av kommunen er ca 700 000 kroner, av dette får vi ca 400 000 frå staten til trusopplæringsprosjektet, resten må samlast inn. Gjennom ofring får vi ca 110 000 kroner. Gjevarteneste ca 100 000 kroner, sponsorinntekter til det kyrkjemusikalske arbeidet ca 50 000 kroner. Heile årsmeldinga kan lastast ned frå www.vagsoy.kirken.no Stein Robert Osdal




Møte med...

Møte med...

Bent Gjørven - utanfor og midt i - Kan vi få lov å intervjue deg i kirkebladet? - Ja, du kan intervjue meg no, du! - Kvar er du no då? - Eg er i Stryn. - Oj. Skal du til Måløy i løpet av veka? - Eg veit ikkje. Kom til Stryn, då! Eg bur i Bjørkevegen. Men no må eg legge på, for eg står her på brua og matar svanar.

Etter å ha ringt til ein handfull andre, og fått avslag på grunn av viktige møter, travelt program, manglande tru og anna, var det lett å ta turen til Stryn for å treffe Bent og svanane. Vi hadde fått beskjed om å ringe når vi var komne til sentrum. Det gjorde vi. Då sat han på busstasjonen og venta på oss. Det var for glatt ned til leiligheta hans, så han ville ikkje utsette oss for det. Rød termodress, langt, grånande skjegg, ryggsekk og ølflaske. Åleine på busstasjonen. Ute sluddar det. Vi har ikkje før sett oss ned før ein bil stoppar utanfor, og ein kar kjem inn og set seg ved sidan av Bent. - Dåkke må ta bilde av kameraten min. Eg er stolt av han her. Han er ein kjempekar. Han er kyrkjegardsarbeidar i Stryn og heiter Jostein Berge. Han har berga meg mange gongar, seier Bent og blir tjukk i stemma. - I går køyrde han meg til Loen så eg fekk sjå meg rundt. Etter at Jostein har køyrt vidare, fortel Bent meir om han. - Då eg kom inn her til Stryn, var eg klinkande edru. Faren til Jostein går på Filadelfia og Betania. Foreldra hans inviterte oss med på møte. Eg blei med dei, og det var ein fin kveld. Men no på søndag tok eg på meg kvit skjorte og gjekk i kyrkja, for det sa Jostein at eg skulle. Eg fekk ikkje lov å gå i rød kjeledress i kyrkja, sa han. Eg holdt på å fryse i hel uten dressen min. Vi tok nattverd, begge to, fortel Bent og blir litt still.

- Eg tok tablettar i går, då. Det var ikkje mulig å få sove. Eg har prata med Gud i heile natt. Eg var tidleg oppe i dag, for eg venta på dykk. Når eg vakna, tok eg meg ei pils, før eg kokte meg laks. Eg tenkte: No har eg synda igjen. Men det fins vel verre ting enn å ta seg ei pils?

Folk forstår ikkje problemet når dei ikkje er avhengige sjølve. - Kvifor reiste du til USA? - Far min var fødd i Virgina, Williamsburg. Farfar var frå Stryn, og farmor frå

Bent vart fødd i 1953. Han vaks opp på Bryggja sa ma n me d t re søsken. Ha n er nest yngst. Allereie som 16-åring reiste han til USA. Der arbeidde han med å undervise i norsk for tre highs c h o ol- k l a s s e r og ei va k sen klasse i ei kyrkje - Han her er eg stolt av , seier Bent om Jostein. Fotos: Heinz Aemmer i Madock, fortel han. Han arbeidde også på farm. – Eg var Hallingdal. Dei utvandra, og i USA fekk der fyrst i 1 år. Då kryssa eg heile USA dei tvillingar; ein gut og ei jente. Guten med buss. Etterpå har eg vore over atlan- var far min. Når han var 12 år, flytta dei taren 34 gongar. heim til Norge, fyrst til Geilo, så til Bryggja. Faren min gifta seg med mor, som Bent krøllar på skjegget sitt og puttar det kom frå Bremanger, og dei busette seg på innom termodressen. Bryggja. Eg såg på cowboy- og westernfilmar, og vi fekk besøk av slekt frå USA. - På den tida drakk eg ikkje, seier han, og Så ville eg bort der. Eg jobba på sildoljeavbryt seg sjølv. – Oj, sjå, no skin sola! Og fabrikken i Måløy og sparte meg opp litt der fér jammen svanane våre, du! Då får pengar, og så reiste eg bort til slekta, og vi ikkje tatt bilde av dei. Kanskje dei kjem budde hjå dei. tilbake når vi kastar brød på isflaka. - Kva syntest foreldra dine om at du ville Vi ser to svanar i elegant flog utover reise når du var så ung? fjorden. - Far min var ikkje imot det. Dei skjønte - Når byrja du å drikke? at eg likte å reise og reke, så dei sleppte meg avgarde. Og det er eg glad for. Nord- Eg var i USA. Jobba på ostebutikk i Min- menn i dag overbeskyttar ungane sine neapolis og som skiinstruktør i Colorado. altfor masse, og kjeftar altfor masse på Eg begynte litt etter litt medan eg var der dei. Eg fekk utfolde meg i skog og mark borte, eg drakk sånn som ungdomane gjer. og på sjø og alt. Så utvikla det seg til det eg kallar ”kreftsåret”. Etterkvart drakk eg med alle; med - Når kom du tilbake til Vågsøy? fiskarar i Måløy og med overklassen i USA. No er eg 56 år. Eg var vel rundt 40 - Eg veit ikkje årstala lenger. Eg veit vi er år då det hadde utvikla seg til eit problem. i 2010 no. Sist eg var i USA var i 2009, før mora mi vandra.

Bent si mor fekk kreft, og døydde i fjor. Han vil ikkje snakka noko om det, men fortel at han hadde mange ambulanseturar med henne til sjukehus, både til Eid og til Førde. Bent har hatt mange jobbar i løpet av livet – han ramsar opp: Skiinstruktør, språklærar, jobba på gardsbruk, hattefabrikk, grossistfirma, ostebutikk… og han har malt bilder og selt dei. No jobbar han berre ulønna, som han seier – og fortel at han av og til har måka litt snø, men no er ryggen for dårleg. - Ønsker du å bli fri problemet ditt? - Eg har vore på avrusing mange gongar, og det er fantastisk. Eg skal inn igjen til Sogn på avrusing så fort eg får plass. Eg vil seie opp leiligheta mi, for det er heilt umulig å komme seg opp og ned no på denne glatta, og så får eg ikkje lov å ha katt. Eg kjenner folk som har gått på antabus for å bli fri frå rusproblem, og så er det katten som har berga dei. - Kva er det som gjer at du sprekk når du har vore på avrusing? - Når eg er på avrusing får eg male og utfolde meg på lerretet. Eg kjem heim rusfri, og så havnar eg på feil buplassar. Det hadde hjelpt meg å ha eit atelier. I leiligheta eg leiger kan eg ikkje grise med maling. Og så hadde det hjelpt å ikkje ha så glatte vegar at eg må kravle meg heimatt etter at eg har mata svanane. Her i Stryn har eg venner, og eg er blitt lova å få arbeid. No har eg budd her sidan byrjinga av desember, men ingenting har skjedd. Så det er derfor eg drikk. Men no får vi sjå i morgon. - Men blir ikkje det ein ond sirkel då – om du drikk fordi du ikkje får deg arbeid, og så får du ikkje arbeid fordi du drikk? - Eg drikk ikkje fordi eg ikkje får meg arbeid! Eg drikk fordi eg

ikkje får utfolde meg på lerretet, seier han irritert. Vi er i Totland kyrkje våren 2009. Konfirmantane deltek. Midt i talen gnissar det i termodress frå galleriet, og vi høyrer ei høg mannsstemme: ”Er det nattverd i dag?” Kyrkjelyden snur seg. Det er Bent. Med hørselsvern med radioantenne. Han vil ha nattverd. Men det står ikkje nattverd på programmet denne søndagen. Etterkvart kjem han ned i kyrkja – framleis midt under talen. Nokon som kjenner han, prøver å snakke med han. Men han gir seg ikkje. ”Eg vil ha nattverd!” ropar han sint. - Kva fekk deg til å rope etter nattverd denne søndagen, Bent? - Eg ville ha forlatelse for syndene, seier han, tek ein slurk av flaska og skrur korken på. Han blir litt tjukk i stemma. Vil ikkje snakke meir om det. – Alle syndar, legg han til. - Korleis føler du deg etter at du har fått nattverd? - Då føles det veldig fint. Men det er bare det at eg går ut igjen og så syndar eg igjen. Eg har ikkje skada eit einaste menneske. Eg veit at Jesus tilgir meg. Så eg ber mi stille bønn dag etter dag. Eg stolar på Han.

 Bent seier at han trur på påskeevangeliet, og kan heile forteljinga. – Men eg likar ikkje å høyre at Jesus blei piska og hengt på korset, seier han og blir sint i stemma. – Eg ser alt føre meg. Han har gått masse i kyrkje, Frelsesarméen og frimenigheter. Det gjer inntrykk på han. – Eg blir sterkare og sterkare i trua. Det var ei stund eg ikkje trudde i heile tatt. Det harde livet eg har levd har fått meg til å tru. Vi byrjar å bli svoltne, og bevegar oss bortover til ein kafé. Vi set oss i skinnsofaen og bestiller kaffi. Han vil ha pils. - Har du vore gift, eller fått barn? - Nei, og det skjer ikkje, heller. Alle gifte kranglar, bortsett frå Betty og Einar. Og etter at eg har blitt kjend med heile narkogjengen i regionen her, hadde eg aldri våga å la ein unge vekse opp i dag. Eg drikk, men eg brukar ikkje narkotika, og eg røyker ikkje, heller, fortel Bent, som er onkel til fem, og oppteken av at dei lokale ungdommane ikkje skal gå same veg som han. Bent har ikkje sertifikat lenger, heller. Etter ein lang tur med høg promille vågar han ikkje å ha sertifikatet. Han har kasta det. - Føler du deg på sida av samfunnet? - Eg er outsider, men eg føler meg óg midt i sentrum. Det er difor eg sit her på busstasjonen. Her kan eg prate med alle; folk som jobbar her, turistar og folk som fér forbi. Andre plassar kan eg bli heilt svimmel.




Møte med...

- Jesus skilte seg også ut frå mengden, og blei sett på som eit problem blant mange…

- Viss du skulle hatt preike i ei av kyrkjene i Vågsøy i påska, kva ville du snakka om?

- Eg ser at eg er i same situasjon av og til. Men politiet i Måløy og Stryn veit at eg ikkje gjer noko gale. Eg har lova dei å gå forsiktig i svingane no så dei skal sleppe utrykning. Då eg budde i Måløy, måtte dei rykke ut heile tida. Ein blir fanga av drikkinga.

No må Bent tenke. Han legg eine foten oppå den andre, lener seg godt tilbake i skinnsofaen og snurrar på det lange skjegget, som har vore godt å ha denne kalde vinteren.

- Eg ville sagt: Ver snille med kvarandre og godta kvarandre. Ta vare på ungane dykkar og dei gamle, og tenk på dykk sjølve! Det er l i ke b r a m e d kvinnelege presta r som med mannlege. Og så ville eg ha oppmuntra dei som skal på påskefjellet, og sagt at dei må vere forsiktige med snowboard og slalom. Det er altfor mange amatørar her i dist r i k tet. Eg Bent i leiligheta si. På veggen heng eit bilde han har malt sjølv. ville ik kje ha - Kva ville du gjort om du kunne begynne snakka om politikk. Eg likar best sånn på nytt? ”gammaldags” i kyrkja, sånn som Kåre prest. Men no er no han pensjonert. Han - Då ville eg vore kun i menigheta. var so snilde då når mora mi vandra. Men kva for ei menighet, forresten? Og så hadde eg hatt lyst å jobbe. Skru Bent tenker vidare. i maskiner. Men eg er ikkje så flink. No skal eg jo begynne på nytt! Eg vil - Eg trur på Maria Møy. Og eg trur inn til Sogn på avrusing. Eg håpar eg på at Jesus stod opp frå dei døde. får vite meir i morgon. Eg skal vere Ein må bare be Jesus om hjelp til på ruspsykiatrien i påska. Der får eg å forstå. Eg trur ikkje akkurat på ikkje lov å høyre på evangeliet, seier helvete, men mange lagar helvete han sint, og fortset: - Eg høyrer til for seg sjølve. Nei, eg legg sjela mi bla nt r usm isbr u ka ra r, i k kje i r us- i Jesus Kristus sine hender, så får psykiatrien. han sende meg dit han vil. Bent likar ikkje å snakke om problem. Han klarer det ikkje. Det er ein grunn til at han byrja å drikke, men han vil ikkje fortelje det. Han ser ikkje på TV og les ikkje aviser, for det er så masse elendighet. – Eg blir dårleg oppi her av det. Bent peikar på panna si. – I morgon får eg vite meir om eg får plass i Sogn. Vi må fokusere på det positive, ikkje alltid dissa problemstillingane.

Frå ungdomsfronten Vi legg i veg ned mot brua der svanane held til. På vegen kjøper vi med to brød. Men svanane er vekk. Dei siste par vekene har Bent mata dei dagleg; han og eit par eldre damer. Opp mot førti svanar har det vore. No kastar han og damene sine brødsmular på isflaka, og håpar svanane vil komme og finne maten. Eitpar ørner, ein måse og nokre kråker er alt som flaksar rundt brua. Bent er skuffa. Før vi returnerer til Vågsøy, blir vi med heim til leiligheta hans for å sjå bildene han har malt. Vi tek sjansen på å bevege oss på isen. Bent har ei koseleg og varm leilighet, med fine bilder på veggane. Men han vil vere med nedatt til busstasjonen. Det er der han trivest best. I det vi reiser, stikk han ein lapp borti handa til oss, som han har fått i kyrkja: ”Skaparen har skapt meg, og gitt og gir meg livet. Frelsaren Jesus Kristus har kjøpt og forløyst meg. Den Heilage Ande har kalla på meg og sagt at eg er Guds barn. Difor vil eg ikkje spørje om eg er god nok, men takke for at Du er god, og Din nåde ikkje tek slutt.”

Konfirmantar 2010 i Vågsøy sokn Mads Benjamin Aarvik Jørgen Aasarmoen Emilie Torheim Andal Øystein Barmen Kristin Elise Blålid Caroline Sørpoll Blålid Rebekka Brobakke Jørgen Christensen Johan Eriksen Ruben Fagerlid Rebekka Fagerlid Hopland Eivind Førde Kupen Helene Endal Fossengen Sebastian Luis Gangeskar Adrian Gerhardsen Henrik Nygård Gjerde Joakim Gjerde Iselin Oldeide Gjørsvik Christoffer Gotteberg Hovden Irja Lind Jonsdottir Hafstad Marita Brendefur Halnes Joakim Alexander Hammer Jonas Hammer Trine Hamre Sondre Gunnar Haugen Maren Midtbø Heggedal Tove Lill Hjertenes Natalie Nykrem Hoddevik John Andre Horn Lovise Husevåg Regine Johansen Nicolas Andrew Karlsen Cathrine Kråkenes Amalie Blålid Kvalheim Eirik Kvalheim Birgitte Kvalheim Larsen Christian Tvendeseter Lofnes Emilie Løland Strømmen Markus Lunde Julie Marriott

Siv Midtbø Synne Oppedal Midtgård Kristrun Yr Mortensen Marte Furnes Myhre Georg Myrvang Maria Nerland Siv Mathilde Oldeide Svenn Idar Pettersen Sigbjørn Blålid Refvik Rolf-Andre Refvik Anders Støylen Refvik Mathias Flåten Refvik Andrè Renden Benjamin Drabløs Sætren Marius Sætren Ørjan Sagebø-Kolseth Christiane Santiago Stønjum Ingri Selstad Vilde Myhre Skavøypoll Espen Hjulstad Solhaug Caroline Strand Katrine Sunde Birgitte Sunde Mathias Endal Tennebø Stine Barmen Trollebø Tor-Erik Tvendeseter Kupen Rebecca Vederhus Cathrine Eriksen Vedvik Karl Oskar Volle Robert Willoughby Fullstendig liste kjem i Fjordenes Tidende nærare konfirmasjonen.

- Viss du var ein av disiplane som var med Jesus i Getsemane-hagen, kven trur du at du hadde vore? - Eg kjenner meg mest igjen i Peter. Det betyr mykje for Bent å få utfolde seg med fargar. For han fornekta. Men forresten – eg fornektar ikkje, eg seier til alle kva eg trur på. Så eg kjenner meg ikkje igjen i han likevel. Av Sølvi Hopland Aemmer Illustrasjon: Birgitte Kolbeinsen



Diverse Konfirmasjonsdag Det nærmar seg dagen som skal sette eit verdig punktum for konfirmantåret. Kontakten vil ønske konfirmantane lykke til med siste innspurt, og gratulere på førehand med konfirmasjonen.

Ny Nattcup! Den tradisjonsrike Nattcupen som skulle ha vore i november, blei diverre avlyst på grunn av svineinfluensa. Men no er det klart for ein alternativ nattcup i Olivinhallen på Åheim fredag 9. april, der det blir både fotball og volleyball. Tidsrommet er 19.00-01.00. Ungdomar i aldersgruppa 15-18 år frå Vanylven, Selje og Vågsøy er inviterte, men konfirmantane i Vågsøy er spesielt inviterte. Invitasjonen går dermed også til dei tre siste konfirmant-kulla! Er du innanfor aldersgruppa og har lyst å vere med, kan du melde deg på til marte.lade@ vagsoy.kommune.no. Foreldre eller andre vaksne som ønskjer å hjelpe til med vakthald og praktiske gjeremål, kan også melde seg på denne mailadressa. Det blir sett opp buss frå Vågsøy. Alle som blir med, skal vere med på minst eitt lag; fotball, volleyball eller forts. s. 10


begge deler. Kyrkjekontoret organiserer laga utifrå påmeldingane. Laga vil bestå av spelarar frå same kommune og av begge kjønn. Det blir premieutdeling til dei beste. I tillegg er alle deltakarar med i trekning av fine premiar. Eit fint innslag vil bli fakkeltoget til St. Jetmundskyrkja, der det blir ei avsluttande kveldsbøn.

STØRST AV ALT

Kyrkjebesøk

Sunn livsstil på Barselkafè

Både skulane og barnehagane besøker kyrkjene om vinteren. Det er spennande å bli kjent i desse store, flotte husa, som er annleis enn alle andre hus.

Andre tirsdagen i månaden samlast vi på Røde Kors-huset til Barselkafè: Mødre, babyar, kyrkjelydspedagog og nokre gongar besøkande. Fedre er hjarteleg velkomne, dette er ikkje berre for damer!

Nokre gongar får vi òg ein som vil vere far. Namnet på dukka blir bestemt i fellesskap, og dåpslyset blir bore ned kortrappa me d a nd a k t, sjølv om det ikkje er tent.

TenKlubb TenKlubben som har heldt til på Ulvesund Fyr har no fått ein filial i Måløy. Oline har fått hjelp av både konfirmantar og kyrkjetilsette og gjort i stand bedehusloftet til ein triveleg base for TenKlubben. Ifølge både konfirmantar og Oline, er det høg trivselsfaktor på bedehusloftet. Vi håpar dette kan bli eit varig tilbod til Vågsøy-konfirmantane. Kva heiter barnet?

Fasteaksjonen Ein viktig del av konfirmant-undervisninga er fasteaksjonen. Konfirmantane gjekk 23. mars rundt med bøsser og samla inn pengar til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, som i år set fokuset på fattige i møte med klimaendringar og ekstremvér. Konfirmantane får på denne måten vise nestekjærleik, miljøengasjement og omtanke i praksis.

STØRST AV ALT

Februar er kyrkjebesøkmånaden. Då kjem alle 4. klassane til sine kyrkjer og blir litt kjent. Fyrst snakkar vi litt om kyrkja, og om fargar og symbol vi bruker i kyrkja. Så tar vi oss ein tur og ser på mykje av det som er i kyrkja; våpenhuset som vi ikkje bruker til å legge frå oss våpen i lenger, preikestolen med god utsikt og orgelet som kan gje ganske sterk lyd. Eit bokstaveleg tala høgdepunkt for mange, er å gå opp i klokketårnet. Vi rekk ikkje gå heilt opp til klokka i alle kyrkjene, men vi høyrer i alle fall på lyden av klokkene på nært hald. Det nest eldste kullet i barnehagane er òg på besøk i kyrkjene i februar. Det er spennande å komme ut på tur og gjere noko anna enn ein gjer til vanleg. Desse, som blir fem år i løpet av året, er òg med på ein tur rundt i kyrkja og får sjå, lære og prøve. Nesten alle vil prøve å spele orgel. Det blir fin lyd sjølv om det er fleire som spelar samtidig, og dei ikkje har øvd på førehand. Frimodighet til å trykke på mange tangentar samtidig, betalar seg i noko som liknar litt på orgelkonsert! Vi døyper alltid ei dukke i løpet av besøket. Heldigvis er det stor interesse for å ta ansvar og gå inn både som mor, storebror og fadder.

Desse besøka er kjek ke for både små og store. Som ein lærar sa: Det er eit variert opplegg, elevane rekk ikkje å kjede seg. Marte-Iren Lade

11

bibelforteljing som stod i stil til temaet; Brødunderet. Jesus velsigna maten, så to fiskar og fem brød blei nok mat for over ti tusen menneske! Det er ganske sunt å ete brød og fisk, tenker eg, i alle fall når maten er velsigna av Jesus! Våren Vi skal ha spennande tema framover no. I april kjem nokre frå Familiekontoret på Eid og skal snakke om ”Parforhold og familieliv med baby”, og i mai kjem Bjørn Vidar Mathisen frå Barnevakten og skal snakke om ”Barn og media”. Vi har plass til endå fleire, så foreldre med baby må gjerne møte opp på Barselkafèen på Røde Korshuset! Marte-Iren Lade

Tannpleiar nytta sjølvsagt høvet til å dele ut tannkostar!

Tema 9. februar var vi så mange som vi ikkje har vore før: 19 vaksne og 16 babyar. Då hadde vi besøk av to flotte damer;

til sjokolade-puddingen etter leksjonen vi hadde fått. Foredragshaldarane takka derimot ikkje nei, og koste seg både med maten og med alle babyane. Velsigna mat Dei siste 20 minutta, pleier vi å synge songar frå Sangboksen og høyre ei bibelforteljing. Sangboksen er ei artig songbok, der songane står på kvar sine kort. På den eine sida står tekst og melodi, på den andre er det eit bilete

Karbonadesmørbrød laga av Bjørgs mat, smaker veldig godt!

Dette orgelstykket er ikkje berre firhendig! Under lunsjen fordelte vi oss rundt fleire bord.

4. klassingane får bryne seg på ein Kyrkjequiz for å teste kor mykje dei har lært på besøket. Det er høg score på dei fleste!

helsesyster Gunvor Fur nes og tannpleiar Heidi Kvalheim. Temaet var ”Sunn livsstil”. Vi høyrde om sunn mat heime og i barnehagane, vi snakka om tannframbrudd og om morsmjølkerstatninga bør lagast til rett før kvart måltid. Vi såg ein filmsnutt om sunn og ikkje sunn frukost, som er eit av dei viktigaste måltida i løpet av dagen. Etter temadelen var det tid for lunsj, og mange lurte på kva som var til dessert denne dagen. Karbonadesmørbrøda smakte godt, men det var nokre som takka nei

Barselkafè på Røde Kors-huset Barselkafe i Røde Korshuset andre tirsdag i månaden kl. 1000-1200!

Benjamin og Ida liker seg på Barselkafè.

som passar til songen. Borna lærer seg etterkvart å kjenne att bileta til songane, og kan finne songane dei vil synge ilag med ein vaksen. Denne gongen hadde vi

Illustrasjon: Sissel Walderhaug Schmidt

10


12

STØRST AV ALT

STØRST AV ALT

13

Barnekonserten ”Bestevenner” Søndag 7. mars gjekk barnekonserten ”Bestevenner” av stabelen i Sør-Vågsøy kirke. Eit begeistra publikum fylte mange benkar i kirka, og gav god respons til dei entusiastiske barna som sang og dansa. Dei som deltok på konserten, var Syng og Sprell frå Raudeberg, Juniorklubben frå Bryggja og Tusenfryd frå Deknepollen. Desse kora hadde kvar sin opptreden, og i tillegg fleire fellesnummer. I tillegg til korsang, fekk publikum oppleve både solosang og duettsang. Bandet som akkompagnerte barnekora, var samansett av Ole André Hopland på bass, William Mittei på trommer, Paul Inge Angelshaug på gitar, Vidar Furnes på synth og Sondre Nerland på kornett.

Dei fekk det til å svinge godt, noko som inspirerte barna til å gi alt. Marte Iren Lade hadde andakt der ho måtte megle mellom bestevennane Jonas og Julie. Desse to dukkene krangla, men blei til slutt venner igjen. Både Julie og Jonas hadde fleire bestevenner, blant andre Jesus, som dei fortalde ein del om. Det yngste publikummet sat i midtgangen og følgde godt med under andakta. Kollekten gjekk til misjonsprosjektet på Madagaskar. Det kom inn 3290 kr. Barnekonserten vart ein suksess også i år, og publikumstalet var i år stege til 250.

Fotos: Heinz Aemmer


Agenda

14 Musikkgudsteneste

Agenda

15

Teater i Sør-Vågsøy kirke 2. internasjonale sommerkonserter

Onsdag før skjærtorsdag arrangerer soknerådet musikkgudsteneste i Sør-Vågsøy kirke kl. 18.00 ved Trond Hatlevik Borg og Hans-Joachim Schüttke. Dette er ein ny tradisjon i Vågsøy, der hovudfokus vert på musikk relatert til påska, saman med bibeltekster som omhandlar Jesus dødsdag, Langfredag. Det vert spelt musikk laga av den tyske komponisten Werner Eizinger, som har skrive ein komposisjon for orgel kalla ”Jesu 7 siste ord på Golgata”. Nærare informasjon om denne gudstenesta kjem i lokalavisa før påske.

Gospelkonsert i Sør-Vågsøy kyrkje Gospelkoret Sweet Spirit arrangerer konsert i Sør-Vågsøy kirke laurdag 17. april kl. 19.00. Koret vil presentere nytt repertoar. Kanskje kjem eit gjestekor. Bandet som vil vere med, består av William Mitei på tromme, Terje Våge på bass og Finn Melsether på saksofon.

7. - 28. juli 2010

Sommeren 2010 blir 2. Internasjonale sommerkonserter avholdt i Vågsøy. Denne gangen er utvalget av utenlandske kunstnere enda større. Denne konsertserien starter onsdag 7. juli kl.19 og fortsetter hver onsdag kveld utover sommeren, til samme tidspunkt. Kammerkoret “pro-musica-Bremen” fra Tyskland åpner konsertserien. De har vunnet mange konkurranser og har spesialisert seg på musikk fra 17- og 1800- talet. På neste konsert skal David A. Tobin fra USA og Christopher Lass fra Tyskland som bidra. David A. Tobin er musikalsk leder av Harlem Gospel Singers og Les Humphrey Singers. Han er regnet som verdens beste jazz-, blues- og soul-sanger. Christopher Lass er en internasjonalt kjent gospelpianist. De vil delta på konsert sammen med Gospelkor “Sweet Spirit” fra Vågsøy. Kantor Hans-Joachim Schüttke og William Mitei står for den tredje konserten. Det er et program for orgel og slagverk.

Sogn og Fjordane Teater vil den 21.04.2010 besøke Sør-Vågsøy kirke med teaterstykket om den blinde salmediktaren og forkynnaren Matias Orheim. Premiere på stykker vert i Førde den 26.03.10. Stykket skal framførast i 17 kyrkjer i Sogn og Fjordane. Manus er srkive i samarbeid mellom Mette Brantzeg og Norvald Tveit. Regi har Mette Brantzeg.

Sør- Vågsøy kirke

Nord- Vågsøy kyrkje

Totland kyrkje

11:00 Høgmesse, Trond Hatlevik Borg

17:00 Høgmesse, Trond Hatlevik Borg

21.03.2010 11:00 Høgmesse, Kari Leine Balog 28.03.2010

31.03.2010 18:00 Musikkgudst., Trond Hatlevik Borg 01.04.2010 11:00 Høgmesse, Vikarprest

Fellesgudstenester

02.04.2010 15:00 Høgmesse, Trond Hatlevik Borg

18:00 Høgmesse, Trond Hatlevik Borg

04.04.2010 11:00 Høgmesse, Trond Hatlevik Borg

Det er starta opp med fellesgudstenester der ein vil bruke litt meir ressursar enn vanleg, og ha kyrkjekaffi kvar gong. Håpet er at det vil komme folk frå alle tre kyrkjene kvar gong. 13. juni er det Skaperverkets dag på Holmen, Totland, og 27. juni er det jubileumsgudsteneste i Nord-Vågsøy i samband med 50-års-jubileet.

11:00 Høgmesse, Vikarprest

05.04.2010 11:00 Høgmesse, Vikarprest 11.04.2010 17:00 Familiegudstjeneste., Trond Hatlevik Borg

11:00 Familiegudstjeneste., Trond Hatlevik Borg

18.04.2010 11:00 Samtalegudstjeneste, Trond Hatlevik Borg 25.04.2010 11:00 Høgmesse, Vikarprest

17:00 Høgmesse, Vikarprest

01.05.2010 Speiderhuset

Jonathan Jessop fra England synger på den siste konserten. Han er kantor og en sanger med et stort klassisk program.

11:00 Speidergudstjeneste, Vikarprest 02.05.2010 12:00 Konfirmasjonsgudstjeneste, Trond Hatlevik Borg

10:00 Konfirmasjonsgudstjeneste, Trond Hatlevik Borg

09.05.2010

Her er noe for enhver smak.

10:00 Konfirmasjonsgudstjeneste, Trond Hatlevik Borg

Velkommen til disse konsertene!

12:00 Konfirmasjonsgudstjeneste, Trond Hatlevik Borg

13.05.2010 Kråkenes 11:00 Friluftsgudstjeneste Trond Hatlevik Borg 17.05.2010 11:00 Forenkla høgmesse, Vikarprest

11:00 Forenkla høgmesse, Trond Hatlevik Borg

23.05.2010 11:00 Høgmesse, Vikarprest

17:00 Høgmesse, Vikarprest

24.05.2010 11:00 Høgmesse, Trond Hatlevik Borg 13:00 Myldregudstjeneste, Trond H. Borg 06.06.2010

Ulvesund Fyr OVERNATTING - FYRKAFÉ - AKTIVITETAR

LIGHTHOUSE

Kafé 1300-1800 i påska og kvar søndag utover våren. Middag på bestilling.

www.ulvesundfyr.no info@ulvesundfyr.no Fyret (+47) 578 51 777 Mobil (+47) 952 40 487

11:00 Høgmesse, Trond Hatlevik Borg 13:00 Myldregudstjeneste, Trond H. Borg 13.06.2010 11:00 Friluftsgudstjeneste Trond Hatlevik Borg 20.06.2010 11:00 Høgmesse, Vikarprest 27.06.2010 11:00 Høgmesse, Trond Hatlevik Borg 04.07.2010 Selje

Nordvestvinduet Bygg og Innbu as - Almeningen

11:00 Seljumanamesse Trond Hatlevik Borg


Returadresse: Kyrkjebladet Kontakten

Bakside

16

Vågsøy Sokneråd postboks 33, 6701 Måløy

Kirkeblad-oppgave for heile familien

Litt Nytt

Hva er dette? Og fra hvilken kirke? Myldregudsteneste Send løsningen til kirkekontoret innen 10. mai. Vinneren får en premie. :-)

Trekning av kyrkjelydsbasaren Gevinst

Verdi

Loddnr.

Vinner

Gavekort fisk Sponset av Norway Pelagic

1 500 kr

1685

Rannveig Silden

Gavekort på Elkjøp

1 000 kr

6551

Sondre Sørpoll

Spisebestikk sponset av Glassmagasinet

700 kr

688

Else og Roald Bøe

Gavekort middag for 2, sponset av Kraftstasjonen

500 kr

6066

Anders Osdal

Elektrisk drill sponset av Jostein Visnes

500 kr

1390

Kari og Ole Åsmund Bernås

Gavekort Byggmakker

500 kr

3973

John Gangsø

Gavekort Byggmakker

500 kr

4114

Oddmund Ålen Leivdal

Gavekort MX sport

500 kr

3880

Kari Reed

Gavekort MX sport

500 kr

6737

Henriette Oksholen

Gavekort blomster, sponset av Haugan Blomster

300 kr

2026

Klara Solheim Refvik

Forundringspakke, sponset av Elkjøp

300 kr

729

Christoffer Sørpoll Blålid

Gavekort sponset av Bakeriet

100 kr

1720

Fam. Bjørn Kvalheim

Vågsøy sokneråd vil takke Båtbygg, NordvestVindu Bygg og Innbu, Sætren installasjon og Selstad AS for sponsing til gevinstar for basaren 2010.

Vågsøy sokneråd vil i mai og juni arrangere myldregudsteneste i Vågsøy. Dette er ei gudsteneste som er tilrettelagt for 1 og 2 åringane. Det vert ei kort og gripande gudsteneste med utdeling av materiell. Vi ynskjer gjennom gudstenesta å gje foreldre og born eit positivt møte med kyrkjehuset, slik at dei vil komme igjen. Friluftsdag på Vågsberget Fredag 14. mai vert det arrangert friluftsdag på Vågsberget for sjuåringane. Det vert fokus på båtliv, fjære og sjø. Vi brukar bibelforteljingar som har tilknytning til livet ved sjøen. Invitasjon vert sendt frå kyrkjekontoret. Denne dagen, som er dagen etter Kristi Himmelfartsdag, har ungane fri, mendan mange foreldre jobbar. Difor kan det vere ein god idé å la sjuåringane ta turen til Vågsberget for ein kjekk dag saman med jamaldringar og leiarar. Utmarkstur 29. mai vert det utmarkstur på Kvalheim for 3-åringar med familiar. Dette gjorde vi for fyrste gong i fjor, og det var veldig kjektw. 13 familiar var med. Vi såg på dyr, køyrde firhjuling på marka, grilla pølser i fjæra og høyrde om hundre sauer og ein som forsvann. Invitasjon kjem i posten.

Det kom inn 17 530 kr til basaren. Takk til alle som støtta kyrkjelydsarbeidet i Vågsøy. Rett utskrift og trekking bevitnes av: Dag Almenning, Kristine Schielderup, Arnfinn Slinning og Stein Robert Osdal

Baksidebildet Baksidebildet

Punktum Det er en guddommelig nåde å begynne bra. Det er en større nåde å forbli på rett spor. Men den aller største nåde er det å ikke bøye seg, og, selv om man er knust og utmattet, fortsette å gå til man er kommet i mål.

Nyheta om den alternative nattcupen skapte stor begeistring blant tidlegare konfirmantar.

Helder Camera

Kontakten Vågsøy nr.1/10.  

Barnekonserten Barselkafè nr. - Mars 200 - 52.Årg. Møte Med... Eit begeistra publikum fylte mange benkar i kirka, og gav god respons til de...

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you