Page 1

Nr. 4 - Desember 2010 - 52.Årg. KYRKJEBLAD FOR VÅGSØY

KYRKJEBLAD FOR VÅGSØY

Kontakten

Nord-Vågsøy • Sør-Vågsøy • Totland

Store inntrykk

JuLEKVELD PÅ BUDA

Møte med...

Hildegunn og Vegard har nyleg vore i Cape Town på Lausannekonferanse, og deler sine inntrykk i eit reisebrev.

I dei dagar let statsminister Jens Stoltenberg og Arbeidarpartiet lysa ut at sjukehusa skulle bevarast...

Folk trur eg er hedning, men det stemmer no ikkje heilt, ler Stig Solheim. SIDE 12-13

SIDE 6

www.vagsoy.kirken.no

SIDE 7






KYRKJEBLAD FOR VÅGSØY

REDAKTØREN HAR ORDET Ein kjenner når ein kjem til sine eigne. Ein kjenner seg så heime, treng ikkje vege ord og måle tankar. Kan bare vere. Smerten og overraskinga når ein ikkje blir teken imot kan difor vere så lammande. Tenk å stå og banke på ei låst dør, og du veit dine eigne er der inne. Å komme heim, men ikkje føle seg ønska, forstått, akseptert eller respektert. Det var vel noko av dette han opplevde, han vi feirar også denne jula. Nei, eg tenker ikkje på nissen, men på Jesus. Det står om han, akkurat dette, at han kom til sine eigne, men hans eigne tok ikkje imot han. Han kom til menneska som han følte seg eitt med, til sitt folk, til sin familie. Han vart ikkje forstått. Vart berre delvis trudd - og berre av fåtalet. Han var annleis. Dei siste tre åra hadde han valt ein annan livsstil enn dei fleste andre menn på sin alder, når han vandra rundt med disiplar i hælane, og talte og gjorde gode gjerningar. Når skulle han begynne på eit vettig arbeid? Kvifor hadde han overtalt dei flinke lokale fiskarane til å gå ifrå fiskegarn og familier og følge han? Kva skulle dei leve av? Galskap! Folk snakka heilt sikkert. Rytmen hans var annleis. Han hadde tid. Tid til å sjå seg rundt. Korleis andre hadde det var viktigare for han enn korleis han sjølv hadde det. Kvifor skulle han elles ha gjort det han visste han måtte trass i at han sveitta blod? Han hadde tid til å strekke ut hender, til å møte blikk og til å sette seg ned for ein djup prat. Han var ikkje i tidsklemma. Han brukte ikkje opp verdifull tid til å synast synd på seg sjølv og kjede seg. Han tålte ro, han valde stillhet, og han takla press. Han sa ting som opprørte, han gjorde ting som irriterte, og han tok valg som skilde seg ut. Dei syntes han var for snill i eitt øyeblikk, for frekk i eit anna. Blasfemisk. Trudde for godt om folk. Var eigenrådig. Åja, han blei observert og kommentert. Slik stod han her blant sine eigne, og banka på dører. Han ville komme inn. Men han fekk ikkje komme inn i samfunnet. Han fekk ikkje bli. Men han stod der til han fekk døra i ansiktet. For han visste kven han var, og han visste kvifor. Og han visste at det var hans eigne. At han kom, kunne han ikkje noko for. At han blei, var hans valg. Gjort i kjærleik. Sølvi H. Hopland Aemmer

Andakt

Åses hjørne

Vår verdi Heisann, kjære kyrkjelyd!! I forrige kyrkjelydsblad så skrev jeg et lite stykke om hvordan vi har en merkelapp hvor det står «made by God», eller «Laget av Gud». Et stort spørsmål hos mange, og i samfunnet generelt er: «Hva er det som gir meg verdi». Regnestykket står slik: X = Min verdi. Idag har jeg lyst til at dere skal tenke litt på et spørsmål: Hvem er det som til syvende og sist bestemmer verdien av et produkt? Nå driver tankene dine kanskje litt rundt omkring. Svaret er faktisk: deg, meg, oss og vi. Overaskende nok så er et produkt verdt det folk er villig til å betale for det. Rett og slett en tilbud-ogetterspørsel-tankegang. Dersom ingen var villig til å betale mer enn en tier for en Gucci-jakke, så ville det være den reelle verdien. Slik er det også med oss og med menneskets verdi. Du er verdt det en var villig å betale for deg.

KONTAKTEN

I Johannesevangeliet i det nye testamentet kapittel 3 vers 16 står det: For så høyt har Gud elsket verden at han gav sin Sønn, den enbårne (les: Jesus), for at hver den som tror på ham (les: deg selv), ikke skal gå fortapt, men ha evig liv. Jesus, Guds sønn, Gud selv, var villig til å betale den ytterste pris for oss. Han betalt med sitt eget liv på korset for at vi skal kunne leve evig sammen med Gud. Ved å dø for oss vasket Jesus bort alt det gale vi gjør i Guds øyne. Vi var så mye verdt for han at han gav sitt liv, i bytte for våre. Det er ganske stort!! Altså blir regnestykket her ganske enkelt: X=Jesus. Jesus = Din verdi. Vi har altså en prislapp hvor det står ”Jesus Kristus” Og det er en helt utrolig verdi å ha. Si det til deg selv når du ser deg i speilet, og minn deg selv på dette når du ser et kors. Det er helt ekstremt stort!! Guds fred. Kaare Kapellan

Framside-bilde

UTGJEVAR: Vågsøy Sokneråd, postboks 33, 6701 Måløy. Tlf.: 57845170. REDAKTØR: Sølvi Hopland Aemmer, tlf 95240487. solvi.hopland@ulvesundfyr.no LAYOUT: Heinz Aemmer. TRYKK: Trykkservice A/S, Knarvik.

Vågsøy sokneråd, pb 33, 6701 Måløy Soknerådsleiar: Dag Almenning, 6713 Almenningen Tlf. 57852582/ 90947872 Kyrkjekontoret: i nye Rådhuset. Pb 33, 6701 Måløy Tlf. 57845170. Faks 57845171 E-post: sokneraad@c2i.net Heimeside: www.vagsoy.kirken.no Tilsette på kyrkjekontoret: Kyrkjeverje: Stein Robert Osdal mobil 48146505 e-post: stein.osdal@vagsoy.kommune.no Sekretær: Rita Solheim Endal e-post: rita.endal@vagsoy.kommune.no Kapellan: Trond Hatlevik Borg mobil 45043049 e-post: trond.borg@vagsoy.kommune.no Kyrkjelydspedagogar: Marte-Iren Lade mobil 47365959 e-post: marte.lade@vagsoy.kommune.no Sølvi Hopland Aemmer (morspermisjon) Kyrkjemusikarar: Hans-Joachim Schüttke mobil 41510393 e-post: schuttke.organist.maloy@gmail.com Alice Teunis mobil 91861762 Tilsette i kyrkjene: Reinhaldar: Miran Wasta, mobil 97509391 Kyrkjetenar i Sør-Vågsøy og Nord-Vågsøy: Heinz Aemmer, mobil 94181317 Kyrkjetenar i Totland: Åse Falkevik, mobil 90965524 Kyrkjegards-arbeidarar: Joar Kvamme, mobil 97170150 Kåre Myhre, mobil 91791281 Leiar kyrkjelydsutval: Sør-Vågsøy: Olav Sølvberg Nord Vågsøy: Karen Brekkenes Eide Totland: Kåre Olav Morken

KYRKJEBLAD FOR VÅGSØY



Glimt frå livet Eit juleminne frå 1943. Det tek til å verte nokre år sidan no, men eg minnast godt denne jula. Mor hadde vore sjuk, og helde senga i mange veker. Vi hadde vona ho skulle verte frisk til jul, men slik vart det ikkje. Kva slags jul skulle no dette verte, undrast både eg og veslebror på 4 år. Men så, ein dag like før jul, kom ho Store-Kristina, vi kalla, på vitjing. Far fortalde ho skulle steike kaker til oss. Så leita far fram ein liten pose kveitemjøl og litt sukker han hadde gøymt unna. Eg hugsar godt det kvite mjølet i posen. Vi ”hang” oppetter ho Kristina og ville gjerne smake. Men ho var like blid. Så vart det 44 sandruter og nokre sirupssnittar – utan mandel på. Men du kor godt det var. Ein dag seinare kom ho ”Ingeborg med veia” og steikte nokre lefser. Veslejulafta laga far julebrød og andre brød. I julebrøda var det både rosiner og sukat. Han ville ikkje seie kvar han hadde fått dei, men eg trur han hadde fått dei hos henne Begga. Ho hadde litt av kvart på lager i butikken. Så vart det jul likevel, men mor måtte halde senga. Julafta var far stad og henta eit lite juletre. Det måtte stå i stova der mor og vi ungane óg låg. Før treet kunne pyntast måtte eg gå på grava til veslesyster med granbar og lys. I år måtte eg gå åleine. Det var ikkje noko kjekt. Mor og eg hadde alltid vore saman om dette. På heimvegen tok det til å regne og blåse, men eg måtte nedom posten for å sjå om det kunne vere eit kort eller to. Vinden friskna på, og vart etter kvart til storm. Då eg kom heim skulle eg henge opp

blendingsgardina. For å få til dette måtte eg stå på ein stol. Brått kom det eit kvast lyn, og ein kraftig toreskrall. Eg kvopp så eg gleid på stolen og støytte kneet bort i glasruta så bitane singla. Å nei, å nei, no vart far sint, tenkte eg, og tok til å grine. Men han tok berre den største sofaputa han fann og sette att i hólet. Så vart juletreet pynta med det vesle vi hadde av pynt. Etter kvart vart det óg nokre pakkar under treet, som far hadde lurt unna. Bestemor, tante og onklar budde på Gjøvik, så det var litt av kvart frå dei. Det eg minnast best var eit kaffisett far hadde kjøpt hjå ho Begga. Han hadde pakka inn ein kopp med fat til meg, og ein til bror min. Resten fekk mor. Koppane har vi framleis. Etter at pakkane var opna fekk vi ribbe og sviskegraut. Far hadde vore kokk og ordna opp. Eg hugsar at bror min og eg tykte vi hadde hatt ein gild julekveld sjølv om mor måtte holde senga. Kanskje var ho litt glad, ho óg, over ein gild kveld. Ho smilte i alle fall godt til oss då vi kraup til sengs. Eg ”ser” framleis det vesle furutreet som stod mellom sengene våre. I toppen ei velbrukt stjerne som vi hadde prøvd å rette ut etter beste evne. Nokre kuler, ikkje alle heile, litt glitter og ”englehår”. Om vi hadde lys i hugsar eg ikkje. Men eg hugsar at då far hadde sløkt lyset og det var stille i stova falda eg hendene under dyna og bad stilt den kveldsbøna mor hadde lært oss: Kjære Jesus, takk for i dag. Takk for at du er her og passar på oss. Både i natt og alle dagar. Amen

Advent. Foto: Heinz Aemmer

Åse Falkevik




KYRKJEBLAD FOR VÅGSØY Døypte i Vågsøy sokn 2010 26.9 Tommy Kjempenes 26.9 Gabriella Solheim 3.10 Luca Kongshaug 10.10 Marie Nybakk 10.10 Oliver Leander Årvik 10.10 Lucas Gjesdal 10.10 Martin Kvamme 10.10 Vilde Halnes 10.10 Maximillian Lyng 17.10 Nikolai Aarvik 24.10 Albert Hennøen 24.10 Kristine Midtbø 14.11 Amalie Wik 14.11 Adrian Wik 14.11 Emil Myklebust 14.11 Emil Sunde 21.11 Brage Hauge 21.11 Evelina Bakke 21.11 Emilie Torskangerpoll

Døde i Vågsøy sokn 2010 13.1 Tordis Lund 14.1 Alf Johannes Myhre 15.1 Rasmus Kråkenes 20.1 May Britt Nore 22.1 Knut Solibakke 26.1 Gunnvor Mary Hjertenes 28.1 Sigrid Gudrun Rasmine Kvalheim 2.2 Sverre Torskangerpoll 12.2 Sverre Refvik 19.2 Isak Hessevik 23.2 Jørn Ove Longva 26.2 Signe Martha Refvik 2.3 Erling Ingvald Kråkenes 16.3 Eline Iversen 26.3 Amanda Aagot Røgeberg 31.3 Liv Mathilde Oldeide 8.4 Johan Eltvik 13.4 Einar Vedvik 6.5 Kristine Berg 14.5 Sigurd Vedvik 14.5 Klara Olga Øksdal 17.6 Ola Bergh 24.6 Sverre Meidel Kvalheim 25.6 Alfred Vilhelm Solheim 29.6 Jakob Hessevik 2.7 Agnes Tennebø 6.7 Jørgen Martin Falkevik 9.7 Pål Wennevold 9.7 Morten Dag Tunold 20.7 Kåre Visnes 27.7 Tordis Oline Emdal 30.7 Asbjørn O. Kvalheim 6.8 Alfhild Åsebø 12.8 Martin Reidar Blålid 13.8 Herborg Karlsen 17.8 Jørgine Silden 18.8 Hallstein Husevåg 20.8 Leonora Emma Myre 31.8 Alfred Oppedal 3.9 Odd Nygård 7.9 Anders Dagfinn Midtgaard 8.9 Jonas Arnljot Lågeide 9.9 Oddny Laura Myhren 14.9 Dagny Silden 16.9 Reidar Sverre Gjesdal 21.9 Kirsten Marie Fagerlid 22.9 Jan Blålid 24.9 Karl Paris 28.9 Arne Skram 5.10 Jonfrid N Weltzien 8.10 Åsta Marie Sæternes 12.10 Britt-Jorun Vik 13.10 Leif Flo 14.10 Sonja Aud Johansen 20.10 Lovise Jakobine Steinagard 27.10 Klara Weltzien 29.10 Åsta Osmundsvåg 2.11 Herdis Signy Årdal 5.11 Gorm Johan Conrad Thomas Fjugstad 16.11 Rigmor Holvik 19.11 Arthur Olav Nordheim 23.11 Harald Giil 26.11 Bjørg Ingrid Ervik

Misjon

Frå Soknerådet Veldig mange fornøgd med kyrkja “Alle” er godt fornøyde med Den Norske Kirke, syner innbyggjarundersøkelsen. - Vi har ei folkekyrkje vi kan være stolte av. Tala er svært gledelege, seier kyrkjeminister Rigmor Aasrud. I januar 2010 spurde Direktoratet for IKT og forvaltning (Difi) 30 000 innbyggarar om kva dei meinte om å bruke ulike offentlege verksemder, kva deira erfaring var og og kor fornøgde dei var med dei ulike verksemnder. 23 offentlege institusjonar og organisasjonar vart ”sette under lupa”. For den norske kyrkja er tala svært gledelege, særleg i ei tid der kyrkja får mykje kjeft og kritikk for val ein er nøydd til å gjere. Media er av og til flinke til å skape eit inntrykk av ein organisasjon som har lite romslegheit, høge tersklar og så vidare. Heldigvis er ikkje det inntrykket som har festa seg hos kvar og ein. Kyrkja får i gjennomsnitt høgast score, følgt av helseverksemder, oppvekst og utdanningsverksemder, omsorgsverksemder og til slutt myndigheitsverksemder, som får lavast. Spørsmåla som er stilte, går innanfor tema tilgjengelegheit, informasjon, tilsette og klager. 80 % er fornøgde med den tenesta som kyrkja gjer. Kyrkja ynskjer å ”vise

Vi beklagar at følgande namn vart gjengjeve ufullstendig i forrige dåpsliste: Mathias Hilmarson Lofnes Han vart døypt 6. juni.

omsorg gjennom nestekjærleik og inkluderande fellesskap,” og det ser det ut til at kyrkja klarer. Kyrkja klarer å møte menneske slik dei er og med dei behov som menneske har. Kyrkjeminister Rigmor Aasrud seier vidare om denne brukarundersøkjinga at: ”- Innbyggerne har talt, og sier klart at Den norske kirke behandler folk med respekt, har evne til å være imøtekommende, til å lytte og forklare beslutninger.” Evne til å tilpasse tilbodet til brukaren sitt behov, evne til å møte brukaren sitt behov når det oppstår ein situasjon utanom det vanlege, og høg fagleg kompetanse for å løyse oppgåvene er det også svært gode tilbakemeldingar på. Brukarane er også fornøgde med den lave ventetida (saksbehandlingstid). For oss som jobbar i kyrkja er det kjekt å oppleve at vår organisasjon vert sett pris på og at tenesta som vi gir vert verdsett. Les meir om tenesta med å gå inn på www.difi.no Stein Robert Osdal kyrkjeverja

KYRKJEBLAD FOR VÅGSØY

Hallo vener og kjende. Ja, no har vi vore på turnè i eit fjellområde som heiter Andriry. Eg har vore der før, men for Razafy var det fyrste gongen. Vi køyrde frå Ihosy på forrige mandag og kom til Betroka etter 4,5 timar. Der lada vi opp litt før vi på tysdag starta på fotturen tysdag 19.november Vi starta i 6 tida for å sleppe den verste varmen i oppstigninga. Vi var framme i byen som vi skulle til etter 7,5 timar. Eg vart overraska over Razafy som heldt koken opp fjellsida. Eg vrikka venstrefoten litt, men kom meg no opp, eg òg. Eg er litt opphovna på rista, så dokke får synest synd på meg. Vi overnatta hos landsbyleiaren, for evangelisthuset var lekk, så der var det vått nesten over alt. Onsdag gjekk vi vidare til ein annan landsby - Bema -, eit par timar frå den fyrste byen. Der viste vi filmen om Jesu liv. Hyrdane frå Betlehemsmarkene såg vi ikkje så mykje til, men dei som låg ute og skulle passe kveget den natta (på onsdag) kom og sette seg ned, - med sine spyd og gevær. Dei fekk truleg med seg same bodskapen som hyrdane på Betlehemsmarkane. Bodskapen om Fred på jord. Det er no nett det dei treng også i Andriry. Spyda og geværa framfor film-lerretet var god nok forklaring på kvifor dette vert kalla arbeid i Raud Sone. Eg og biskopen og ein prest gjekk vidare og besøkte tre andre byar på torsdag. Då vi kom tilbake til dei andre så hadde Razafy og ei anna dame (Jeanne) laga god kvelds til oss. I Bema var det ikkje fritt for lopper, så ikkje alle sov like godt som eg. Fredagen var det så til ein ny by der dei driv og skal byggje skule. Eg kom fyrst fram til den byen, så dei lurte på om eg ville ha litt brennevin som velkomstdrikk, medan vi venta på dei andre, men eg takka nei til det. Razafy lika ikkje at musene sprang over golvet, men eg trur det berre var ei for då vi hadde teke knekken på den så vart det stillare. Vi viste filmen om Jesu liv om kvelden og det var fullt med folk inne i det største huset i byen. Han som eigde huset hadde to kone, og då kan eg tenkje meg at det er bra med litt stort hus slik at dei slepp å gå i vegen for kvarandre. Etter ei forholdsvis roleg natt gjekk vi vidare til Jerusalem. Det er ei samling av tre hus og ein skule. Etter film i skulen og undervisning om malaria av Razafy så var det tid for kvelds. Då kom regnet. Heldigvis var Razafy og Jeanne ferdige med maten då. Kjøkkenhuset hadde store hol både i veggar og tak, så det regna inn og døra mangla, men maten smaka. Det eine huset der vi budde lakk også i taket, så vi tenkte med gru på natta, men heldigvis så slutta regnet før vi gjekk til sengs. Søvn var det ikkje så mykje av den natta, for det var så kaldt, - og varmare vert det ikkje av at ein ligg på sivmatter rett på jordgolvet. Det vart difor ikkje noko problem å koma seg opp til gudstenesta. Vi syntest at natta var alt for lang som den var. Etter gudstenesta gjekk vi tilbake til den fyrste byen for at vi skulle ha eit godt utgangspunkt for heimturen til Betroka på måndag. Heimturen på måndag gjekk fortare enn framturen, så då brukte vi bare 6 timar, for det var undanbakke nesten heile vegen. Razafy køyrde heile vegen tilbake til Ihosy på tysdag for at eg skulle spare litt på den vrikka foten. I dag tidleg reiste dei norske som hadde vore i Ihosy og budd i huset vårt medan vi var på turnè, så no har vi det stille og roleg, til vi reiser på ein ny turnè på laurdag. Den vert ikkje så strevsom som den eg no har fortalt om, for der kan vi bruke bil mesteparten av vegen - bare vi ikkje set oss fast i et gjørmehol. Vi har det bra som de forstår. Det enkle livet er slett ikkje det dårlegaste. Her ventar vi framleis på regnet, og så er det litt viktig å nytta tida før det kjem, for når regnet kjem vert det verre å ta seg fram. Dette er berre ein liten rapport i full fart. Eg skulle gjerne ha sendt eit par bileter frå turen, men det er ikkje kapasitet til det på internett her. Det får bli ein gong seinare. Vi ynskjer dokke alle Guds fred og velsigning. Det treng vi antan vi er i Andriry eller i Norge. Overfor han stiller vi ganske likt med omsyn til liva våre. Beste helsing frå Razafy og Kåre.






KYRKJEBLAD FOR VÅGSØY

Ei juleforteljing

Reisebrev

Store inntrykk frå Cape Town

Ei verd som har endra seg Det er ikkje lenger slik at det er Vesten som er den store leverandøren av misjonærar i verda. Land som India, Kina, Sør-Korea, Brasil og Nigeria er no i førarsetet. Dette bar også konferansen tydeleg preg av. Det var langtifrå ”bleik-fjesa” som la premissane denne gongen. Dette var heilt tydeleg landa i det globale sør sin konferanse,- og vi andre fekk vere med. Det er nyttig er å høyre Europa omtalt som misjonsmark! At den europeiske og amerikanske dominansen er over, utfordrar oss som jobbar i norske misjonsorganisasjonar på å finne vår plass i dette biletet. Vi opplevde verkeleg at vi fekk utvida perspektivet på fleire måtar desse dagane. Medan vi fritt kunne sette oss



Kanskje hugsar du intervjuet med jordmødrene i julenummeret i fjor om deira tankar rundt Maria sitt svangerskap og Jesu fødsel?

Cape Town og Sør-Afrika har hatt eit stort år, med fotball-VM i sommar som eit lenge etterlengta nasjonalt og internasjonalt høgdepunkt. Vuvuzela og jubel frå det nye fotballstadiumet gjorde inntrykk over heile verda! Litt lenger inne i sentrum av Cape Town ligg imidertid eit bygg som er større enn stadion. Og 17. -24. oktober var det fullt av jubel og tilløp til bruk av vuvuzela også der. Tenk deg ein sal som er like lang som to fotballbaner. Kring denne salen, eit hus det tek mellom 5- 7 minutt å gå tvers igjennom dersom du ikkje stoppar. Så fyller du dette huset med 5000 menneske frå 198 nasjonar (FN har til samanlikning 192 medlemsland) i 8 heile dagar til ende. Slik var dei ytre rammene for den tredje Lausannekonferansen i Cape Town,verdas største samling av kristne leiarar, med mottoet: ”God in Christ, reconsiling the world to himself” (“Gud forsonar verda med seg sjølv gjennom Kristus”) Midt i dette folkemylderet fekk vi vere, to ganske alminnelege nordfjordingar som for tida har tilhald i Oslo. Vi var heldige og vart plukka ut til å vere med i den norske gruppa av delegatar og volontørar som reiste, og vart sende ut av Normisjon og ACTA, barn og unge i Normisjon. Til saman reiste om lag 40 nordmenn.

KYRKJEBLAD FOR VÅGSØY

Kyrkja ser verdien i kvart lite menneske, og ønskjer at kvart barn skal ha ein sjanse. Jesus vart i vaksen alder ein forkjempar for barna, med sitt kjende sitat ”La dei små barna kome til meg, og hindre dei ikkje.” Norge som nasjon har også ord på seg for å vere svært familievenleg. I anledning jula og lokalt sjukehusengasjement har eg difor drista meg til eit lite tankeeksperiment.

Julekveld på buda Hildegunn Gjesdal Tennebø (frå Bryggja) og ektemannen Vegard Tennebø er blitt inspirerte.

på flyet og reise, opplevde heile den kinesiske delegasjonen å verte stoppa av styresmaktene i Kina på flyplassen. Pass vart inndregne og fleire innbringa til politiet. Dette ville ein ikkje ha noko av, her var det fare for at styresmaktene kunne miste kontrollen. Og denne historia føya seg inn i rekka av historier vi høyrde frå folk frå mange stader i verda,- trusfridom er ein luksus mange ikkje har, og som mange risikerer livet for. Det gjer inntrykk å ete frukost saman med menneske som til dagleg jobbar i land der det er livsfarleg å vere kristen. Ein ung mann på vår eigen alder budde i eit land på den arabiske halvøy saman med kone og to barn. Forrige semester vart ti kristne kidnappa, av desse tre barn. Tre av dei voksne kom heim i kiste, barna kom tilbake sterkt traumatiserte og dei andre veit ein ikkje noko om. Slik er røynda mange stader. Det var stort å sjå desse menneske sin tryggleik og deira frimod i møte med slike prøvingar. Song med bakoversveis Eit av dei sterkaste inntrykka vi tar med heim er dei musikalske og kunstneriske uttrykka som var representerte undervegs. Her var alt frå symfoniorkester til stepping, skodespel, biletkunst, afrikanske trommer, pop og ikkje minst fellessong som medførte akutt bakoversveis! Som ein danske sa: ”Jeg har oplevet nogle følelser som jeg ikke troede jeg havde!”

Det var ein trøkk, ei glede og eit overskot som sit i kroppen lenge etterpå! Dette var eit eventyr å vere med på- og det aller meste av det som skjedde kan ein finne på www.lausanne.org. Det kan vere verdt å bruke noko av juletida til å kikke på filmar derifrå, og til å hente ut noko av inspirasjonen frå Cape Town! Vi ønskjer alle lesarar av Kontakten ei god og velsigna jul! Av Hildegunn Gjesdal Tennebø Lausanne-rørsla vart danna i 1974, m.a. med Billy Graham og John Stott som pådrivarar. Målet var å sameine kyrkjer verda over til felles innsats for misjon i den store tydinga av ordet, dvs. både forkynning og sosialt arbeid hand i hand. I 1974 vart det semje om ei ”pakt” for alle som ønskte å vere med i dette arbeidet, den såkalla Lausanne-pakta. Dei aller fleste kyrkjesamfunn og kristne organisasjonar i Noreg bygger på denne pakta, og er slik tilslutta denne rørsla. Konferansen i år var den tredje i historia, dei to føregåande konferansene var i Lausanne i 1974 og i Manilla i 1992.

I dei dagar let statsminister Jens Stoltenberg og Arbeidarpartiet lysa ut at sjukehusa skulle bevarast. Dette hende medan Roger B. Silden var ordførar for Arbeidarpartiet i Vågsøy, og Helse Vest rådde helsegrunnen i fylket. Det var juleferie, og alle fór heim, kvar til sin by. Josef drog frå byen Førde i Sunnfjord og opp til Vågsøy, til Måløy, for han hadde noko slekt der han skulle besøke. Han hadde med seg Maria, som han var trulova med. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føde. Josef tok Maria i bilen og køyrde inn til Måløy, for han kom ikkje gjennom på legevakta. Fødeavdelinga på Nordfjordeid var nedlagt. Og helikopteret kunne ikkje lande, for det var storm med orkan i kasta, og det snødde tett denne desemberkvelden. Alle ambulansane var allereie på veg til eller frå sentralsjukehuset i Førde. Josef visste ikkje anna råd, han måtte stoppe bilen og ringe på ei dør. Men det var ikkje særleg populært å forstyrre folk sjølvaste julekvelden. Det øydela heile julestemninga, fekk han beskjed om. Josef såg at det var mange bilar utanfor Måløykirka, og tenkte at det kanskje var nokon der som kunne hjelpe. Men der var det fullt, og folket som hadde ståplassar ute i våpenhuset, hysja på Josef når han kom inn for å be om hjelp. Korpset var midt i “Deilig er jorden”, og pynta småbarn tente lys der framme. Josef sprang fortvila utatt til Maria, som no hadde store smerter. Då såg Josef lys på ei av fiskebudene nedanfor. Dei fór ned der. Der fann dei to eldre karar i oljehyre som rydda opp etter ein båt som hadde levert. Ingen andre ville jobbe på denne tida av denne dagen. Budakarane samla i hop det dei fann av termodressar og varme klede så Maria fekk ligge på golvet i damegarderoben, og delte termoskaffien sin med Josef så han skulle få varmen i seg og få roe nervane sine. Det var ei permittert jordmor der i området som var ute og køyrde i snøstormen. Med eitt stod ein Herrens engel framfor henne. Då vart ho gripen av stor redsle. Men engelen sa til henne: “Ver ikkje redd! Men køyr ned Spiralen og nordover gate 1.” Jordmora gjorde som engelen hadde sagt. I det same fekk ho auge på eitpar eldre karar i oljehyre som kom springande fram i vegen og veiva med armane. Slik fekk Maria og Josef hjelp i grevens tid. Og medan korpsa spelte og kora sang og ribbene dampa i dei tusen hjem, vart eit lite, uerstatteleg menneske født under kummerlege forhold i Nordfjord i 2011. Han vart pakka inn i ullgensarar og lagt i ei isoporkasse. - Det blir nok god bruk for oss framover, sa den eine engelen til den andre. Av Sølvi H. Hopland Aemmer




KYRKJEBLAD FOR VÅGSØY

STØRST AV ALT

STØRST AV ALT

Fireåringane i fokus!

Lokal kyrkjehistorie

Det er spennande å bli kjent med kyrkja si. Fireåringane blei invitert til Undretur, besøk i kyrkja, dagen før dei skulle få fireårsbok. Andre helga i november var det i Totland og Nord-Vågsøy det skjedde, og tredje helga i november var det Undretur og familiegudsteneste i Sør-Vågsøy kirke.

Kor gammal er eigentleg kyrkja? Og kvar gjekk folk i kyrkja før vi fekk denne? Desse og andre spørsmål fekk elevane i 3. klasse i Vågsøy svar på i slutten av oktober. I eit par år har 3. klassingane frå heile kommunen reist til Sør-Vågsøy kirke for å høyre historia til denne kyrkja. Olav Sølvberg har vist gamle bilete og fortalt spennande historier mellom anna om korleis det var å reise til Raudeberg i open båt for å gå på gudsteneste på Røysa. Eit år var det så dårleg vèr at folk frå Måløy ikkje kom seg på gudsteneste mellom jul og påske! Det var stort engasjement og høgt politisk spel for å få bygd eiga kyrkje i Måløy.

å lære om den lokale historia vår. Lærarane og dei fleste elevane var godt fornøgde med opplegget. Neste år håper vi å tilby Bryggjaelevane eige opplegg i Totland kyrkje. Det er jubileum i denne kyrkja i 2012, så då er det naturleg å sjå seg tilbake og gjere eit arbeid med historia. Av Marte-Iren Lade

Tre elevar frå Skavøypoll prøver å finne rette alternativ på Kyrkjequizen.

Syng og Sprell, fireårsgudsteneste: Syng og Sprell hadde flinke solistar på gudstenesta i Nord-Vågsøy 14. november. Undretur vi høyre både trist og glad musikk, noko Laurdagen møtte fireåringar med ein eller som passa til gravferd og noko til bryllup. to foreldre opp i kyrkja. Etterpå fekk Nokre heldt mamma alle som ville godt fast i handa, mens prøve å spele andre blei fort husvarme kyrkjeorgel. i kyrkja. Fyrst fekk vi Vi gjekk ned i høyre om Jesus som kyrkjerommet gjerne ville vere ilag igjen. med born. Han blei Fireåringane sint på disiplane som teikna og ville sende borna vekk. fargela, mens Spennande å prøve orgelet i Totland Sakkeus var så nysjerrig kyrkje! vi vaksne på Jesus, at han klatra snakka litt om opp i eit tre for å få sett han. Vi kan òg bli trusopplæring. Så var det tid for bollar, venn med Jesus, slik Sakkeus blei, fekk vi saft og kaffi. Til slutt rakk vi å øve inn høyre. Så gjekk vi rundt i kyrkja og såg ein song som vi skulle framføre på på og snakka om alle dei spennande tinga gudstenesta dagen etter: ”Kven har skapt der. Vi leika at vi døypte ei dukke, og alle blomane?” hadde både prest, mor og fadrar. Det var litt skummelt å klatre opp på preikestolen, Fireårsgudsteneste men morsomt å vinke til mamma og pappa Søndagen var vi mange i kyrkjene. Det høgt der oppe i frå. Oppe på galleriet fekk var fleire dåp i alle kyrkjene, mange born

og mykje godt liv! Ein del av songane vi brukte, stod i boka som blei delt ut til fireåringane: Linda og den vesle kyrkja. Langt ut i gudstenesta fekk fireåringane endeleg kome fram og ta i mot boka. Alle kunne sjå kva kosedyr Linda i boka har, for det var bilete av ein gris på framsida. I Nord-Vågsøy framførte Syng og Sprell nokre kjempestilige songar, og både solistane og koret song veldig godt ut! I Sør-Vågsøy både rappa og song Tusenfryd. Det er så flott å sjå og høyre ein sånn glad gjeng med songarar! Dei aller fleste fireåringane i kommunen har no fått boka ”Linda og den vesle kyrkja”. Av dei inviterte, var det 56% oppmøte på Undreturane og 74% oppmøte på gudstenestene. Er det fireåringar som ikkje har fått boka og som gjerne vil ha den, så ta kontakt med kyrkjekontoret.

Elevar frå Skram høyrer godt etter når Olav Sølvberg fortel frå gamle dagar. Dette året fekk elevane frå NordVågsøy opplegg i eiga kyrkje. Arne Larssen kåserte om kyrkja på Silda, på Kapellneset og på Røysa. Det var veldig dramatisk då lynet slo ned i kyrkja på Røysa, og den brann opp. Då kyrkja 15 år seinare vart bygd opp att, var det brukt materiale som ikkje kan brenne; betong. Elevane fekk studere julekrubba på galleriet, som Arne Larssen har laga, og teste kor mykje dei hugsa av undervisninga i ein Kyrkjequiz. Her var det òg lagt inn spørsmål som ”Kven er raskast?” I gjennomgang av fasiten måtte så tre personar opp og finne ut kven som var raskast, til stor jubel frå dei som såg på. Lokal kyrkjehistorie er ein del av skulekyrkje-samarbeidet. Det er verdifullt

Ein må tenke litt for å finne rette svar på Kyrkjequizen. To elevar frå Skavøypoll.

Ein flott gutegjeng frå Skavøypoll på galleriet i Sør-Vågsøy kirke.

KYRKJEBLAD FOR VÅGSØY



Laurdag og søndag 29. og 30. januar 2011 inviterer vi alle 8- og 9-åringane i kommunen til NordVågsøy kyrkje. Her skal vi vere agentar og løyse oppdrag og mysterium.

Gjennom helga skal vi løyse oppdrag og mysterium og utforske kyrkja, tårnet og klokkene. Som ein forstår av namnet på helga, blir klokketårnet ein sentral plass for samlingar. Dette blir spanande, men ikkje skummelt J. Barna bur heime, men vil vere saman laurdag og søndag. Tårnagenthelga blir arrangert i mange kyrkjer i heile landet samstundes, og det kan bli så mange som 10 000 Tårnagentar til saman. Bibelforteljingane I Bibelen, boka om mysteria, finn agentane både agenttips og forteljingar som hjelper dei med å løyse oppdraga. Kanskje får forteljingane ringverknader for både agentane og for andre... Englevakter Vil du vere Englevakt? Ei Englevakt er ein som er med og passar på barna nokre timar denne helga, ein som kan vere saman med gruppene på oppdrag eller stå på post, hjelpe til med maten, m.m. Ta kontakt med kyrkjekontoret, vi ventar storinnrykk! Ny nettstad for barn Søndagsskulen har utvikla nettstaden www.tarnagentene.no. Her kan barna bli Tårnagentar, dei kan få eit eige agentbevis og løyse endå fleire oppdrag. Dei som ønskjer det, kan også danne ein eigen Tårnagentklubb som er heilt, heilt hemmeleg…. Tårnagenthelga er utarbeidd av Kyrkjerådet i samarbeid med Søndagsskulen. Les meir på www.sondagsskole.no I januar får 8- og 9- åringane som har tilknyting til kyrkja, invitasjon i posten. I mellomtida kan vi bli kjent med Tårnagentane gjennom ein juleserie i barneTV. Hemmeleg agenthelsing frå oss i kyrkja


10

KYRKJEBLAD FOR VÅGSØY

STØRST AV ALT

fra Ungdomsfronten

KYRKJEBLAD FOR VÅGSØY

11

Lys Vaken og small den. Faktisk høyrdes det ut som fyrverkeri. Vi hadde òg øvd til gudstenesta dagen etter. Nokre hadde øvd på drama, andre hadde lært ein ny song, nokre hadde laga nydelege dekorasjonar og andre igjen øvd på bibeltekstar og funne ting vi kunne be for. Så hadde vi lært om Paulus. Han som sette kristne i fengsel, og var med på å drepe dei. Han som blei heilt forandra av ei spesiell hending på veg til Damaskus. I tillegg hadde ein del sprunge rundt i trappene og leika sisten, og andre hadde laga julekort og velkomen-til-gudsteneste-kort. Det var ikkje så rart at vi var trøtte.

Gjengen samla. Liv, lyd og glede i kyrkja er bra! 34 femteklassingar møtte opp i SørVågsøy kirke med soveposar, store forventningar og nokre sommarfuglar i magen. For korleis er det å sove i kyrkja? For tredje gong var det Lys Vaken, overnatting i kyrkja, for 5. klassingar i Vågsøy. Vi kunne ikkje blåse opp luftmadrassene og rulle ut soveposane med det same vi kom. Soveplassen skulle fyrst brukast til måltid og samlingar. Fyrst klokka 2230 på

Kva hadde vi gjort for å bli så trøtte at vi klarte å sovne i kyrkja? Vi hadde

gått i nærare 10 minusgrader og leita etter refleksar med bokstavar på i gate 3. Vi hadde feira kyrkja si nyttårsaftan, kvelden før det nye kyrkjeåret starta: Alle som ville, blåste opp ein ballong

Det var ikkje meininga at vi skulle vere lys vakne heile natta. Vi hadde ting å gjere neste dag òg. På bibelsamlinga høyrde vi om Romualde og Lorance. Dei er døve og går på døveskule på Madagaskar. Desse skulane samlar kyrkjelydane i Vågsøy inn pengar til, det er misjonsprosjektet vårt. På gudstenesta var det kollekt til misjonsprosjektet. Femteklassingane gjorde det meste på denne gudstenesta. Dei ønska folk velkomen, gjekk inn i prosesjon, song, las bibeltekstar og bøner, tente lys og viste fram ei dramatisering av Paulus som blei blenda av eit lys frå himmelen på veg til Damaskus. I tillegg var kyrkja lekkert pynta både framme og bak av bjørkekvistar med perlepynt og sølvband. Tusen takk til ein super gjeng med både femteklassingar og leiarar! Av Marte-Iren Lade

Vil du støtte Kirkeblad „Kontakten“ me et annonse? kvelden, etter bli-kjent-samling og pizzasnurr-eting og mykje anna, kunne vi rydde vekk stolar og bord og lage plass for at 40 trøtte kroppar kunne legge seg ned. Faktisk var vi så trøtte at dei aller fleste sovna før kl. 0100.

kontakt: 95240487 For mer informasjon, send en e-post til: servicesenteret@nca.no eller ring tlf. 22 09 27 00 (kl. 08:30 - 15:30 mandag - fredag)

Ulvesund Fyr OVERNATTIN

FYRKAF

AKTIVITETAR

LIGHTHOUSE www.ulvesundfyr.no info@ulvesundfyr.no Fyret (+47) 578 51 777 Mobil (+47) 952 40 487

R E D I E B R A D E M G I FRIVILL snakke man å r e g n e r t r være n Noen gange a k u D . ting e g i l e k s n a om v ndre a r å n r e t t den som ly det. r e g n e r t virkelig

ere l f r e k ø s S Kirkens SO re. e d i e b r a d e m frivillige 45/ 8 5 2 3 5 5 på s s o t k a t n ensKo k r i k @ n i v g bjor , 4 5 6 3 8 .no Fotos: Fotografen Terje Hamre s 1 o s 94 s n e k r ww.ki w r e l l e o sos.n


12

KYRKJEBLAD FOR VÅGSØY

Møte med...

Møte med... og full musikk. Julekvelden vart avslutta med å sende opp lysballongar. Stig ler. Han fekk ikkje akkurat den store julestemninga, og opplevinga var langt frå juletradisjonane han er vaksen opp med.

Stig – ein stor hedning? - Folk trur eg er hedning, men det stemmer no ikkje heilt, ler Stig. - Eg veit ikkje heilt om eg veit kva ein hedning er. Men det går vel litt på kva folk tenker. Dei er vant til å sjå meg i arbeidsklede på søndagar, og då kjem det gjerne ein kommentar om at eg er ”den største hedningen som fins”. Eg er ikkje religiøs. Men eg har påfallande mange kristne venner. Det er kanskje ikkje alle som vil tru at eg er veldig engasjert i det som skjer no, at ein prøver å gjere Noreg nøytralt når det gjeld religion. Det er heilt feil, meiner eg, og det provoserer meg. Eg synest at dei kristne grunnverdiane er så viktige og positive at det er dei som skal vere grunnpilar i landet vårt i lang, lang tid. Stig Solheim (38) er gift med buddhistiske Ratcharin frå Thailand, som blir 38 denne julafta. Ho hadde sonen Natthakit, som no er 16 år, då dei møttest. Saman har dei no tre jenter i alderen 2, 3 og 9 år. Familien driv Solheim Fiskeferie i Vågsvåg, og i tillegg jobbar Stig fulltid

som rørleggar. Det er alltid aktivitet rundt Stig. Som familiefar er han avslappa og humoristisk, og trivest kjempegodt med sin tokulturelle familie. Thaikulturen er meir open enn vår norske kultur, opplever han, og difor har dei ein over gjennomsnittet open heim. Stig legg ikkje skjul på at han er glad i sine, og ønsker å gje vidare til sine barn det som er viktig for han. Det boblar i denne familien – av leik, latter og lyd. – Kjempegreier, seier Stig, med smilande auge. - Kva er det som er så positivt med dei kristne grunnverdiane? - Vi har jo vakse opp med dei 10 bud. Vi vart meir ”utsett for” kristendom enn ungdomane blir i dag. Eg meiner folk treng eindel grunnverdiar for å lære å oppføre seg. Samfunnet i dag er vel egosentrisk. Eg opplever at kristne grunnverdiar set fokus på fellesskap, og ikkje bare ”seg og sitt”. Foreldra mine var vel strengt tatt ikkje religiøse, men vi holdt veldig på adventsog juletradisjonane i heimen vår. Mor mi var den som ordna mest med dette,

sidan far min stort sett var på sjøen. Vi feira ei 100 % kristen jul. Og no er eg veldig opptatt av at advent og jul skal feirast slik det alltid har vore feira i vår oppvekst. Vi prøver å synge saman òg, faktisk, på søndagane i advent, sjølv om vi er ein ganske umusikalsk familie, smiler Stig. - Ein annan viktig tradisjon er at eg og alle ungane går ut i skogen og finn eit juletre, eit par dagar før julafta. Det elskar ungane! Stig fortel at i Thai-kulturen finst det ingenting som heiter julefeiring, i og med at det er eit buddhistisk land. Nyttår feirast derimot med brask og bram. Trass i at dei har ei anna tidsrekning enn oss, og no er komne til år 2553, feirast nyttår same dag som resten av verda. – Men Thailand er jo eit turistland. Så på turisthotella er det enorme julefeiringar. Dei tar inn artistar og feirar virkelig jul – men på Las Vegas-måten. Fyrste gong eg var i Thailand i jula, var vi på eit hotell i Hua Hin. Det var varmt og godt, og all underholdning foregikk ute. Det var dansande Thai-jenter i jule-miniskjørt,

- Sist vi var i Thailand i jula, bestemte vi oss for å invitere heile familien til norsk julefeiring. Sidan byen der dei bur, absolutt ikkje er nokon turistby, baud det på visse utfordringar å finne julerekvisita. Vi gjekk på supermarked og fann samanleggbare bord og stolar. Maten måtte bli Thai-mat. Juletrea vi hadde å velge mellom, var kvite, oransje eller blå plastjuletre med glitter på. Stig ler så han ristar. – Vi endte opp med eit kvitt plastjuletre med glitter, og ein slags juletrepynt som vi fann. Det vart faktisk akseptabelt. Så kjøpte vi inn julegaver til alle. Det var ei heilt ny oppleving for dei; pakkar under treet, og å få opne kvar si julegave. Men når vi skulle sette opp borda før julemiddagen, spratt det fram ein sprell levande skorpion – rett ned for føtene mine! Ein av dei hine trakka på han, og det var det. Då vi kom heimatt med bilen, traff vi ein farleg, svær tusenbein. Og elles opplevde vi at ein slange datt ned frå eit tre rett foran oss når vi var ute og gjekk tur. Det er litt spesielt å feire jul med slangar og skorpionar, kan du seie.

“Vi nordmenn er jo litt stolte av jula. ” For Ratcharin var den norske matkulturen noko nytt og framandt. Kakebaking var heilt ukjent for henne, og det tok henne, ifølge Stig, mange år og mislykka platekaker på ”betong-nivå” før ho fekk det til. Ho gav seg ikkje, og dei ler godt, begge, når dei fortel om dei fyrste forsøka. - Korleis går det med julebaksten i den thai-norske heimen i Vågsvåg, då? - Altså, eg har jo tatt ansvar der, då, seier Stig. – Det blir ikkje 7 sortar, men vi lagar julemenn. Det er jo det som er det artigaste, for dei kan vi male. Og julemiddagen lagar eg. Men det er ei sak for seg. Ratcharin blei fysisk dårleg fyrste gongane ho kjende lukta av pinnekjøt. Ho ville brekke seg, og vart svimmel. Den lukta var heilt

uvant for henne. Dette varte i fleire år, før ho klarte å venne seg til det. Vi måtte lage svineribbe i tillegg til saueribbe julafta, for hennar del. Men no er ho blitt veldig begeistra for pinnekjøt, så no er det bare det, heldigvis. Det var litt stress å lage to sett med julemiddagar. No har vi svineribbe andre dagar.

KYRKJEBLAD FOR VÅGSØY

13

ensa så vidt at Ratcharin gjekk ut på kjøkkenet, ho skulle vel ha seg noko lite å ete. Men der hadde ho sett svineribba, og fått lyst å lage seg noko thai-mat. Dermed hadde ho skore av svoren, og kokt i hop noko skvip som stinka så grusomt at kvalmen tok meg. Eg spratt opp frå stolen i stua og fòr ut på kjøkkenet, og når eg forstod kva som hadde skjedd, blei eg så fykande sint at eg treiv heile panna og fór ut døra og tømde alt ut på tunet. Eg var heilt rasande. Eg følte at ho hadde vanhelliga heile jula. Ho visste

Stig og Ratcharin har berre feira to juler i Thailand. Også denne jula feirast iVågsvåg, etter ein lengre ferie i Thailand i haust. Thaiane har alltid ein høfligare opptreden enn vi har. Du skal til dømes alltid helse på den eldste personen i eit rom først. Buddhismen er strengt tatt ikkje ein religion, meir eit ”levesett” eller levereglar, eg veit ikkje kva eg skal kalle det. Difor blir det aldri religionskonflikter. Vi har ingen store religiøse eller kulturelle motsetningar i vår heim. Ein tidlegare julaften i Vågsvåg. Ratcharin, Natthakit og Sera. - Men eg må fortelle om fyreste jula vi skulle feire åleine her i Norge, då hadde vi vår første store krangel på sjølvaste julafta. Stig ler igjen, latteren sit laust, og er smittande. Kaffien går ned på høgkant medan han fortel. - Dei to fyrste julene våre her i Norge feira vi jo med mor og far. Neste jul hadde vi tatt over huset her i Vågsvåg. Sera var nesten to år då, og vi skulle ha vår fyrste familiejul i lag i ”nytt” hus. Og julafta begynte som den skal; Sera sat i stua og såg på teiknefilm, og eg var på kjøkenet og førebudde julemiddagen. Dette var før kona likte pinnekjøt, så eg måtte lage begge deler. Svineribba stod klar, og pinnekjøtet var sett på koking, og eg hadde bra kontroll. Stemninga var stigande, slik den skal vere. Spenninga skal jo bygge seg opp utover dagen, fram mot julemiddagen og pakkane. Så eg sette meg ned i stua og koste meg med Sera, og venta på at den deilige pinnekjøtlukta skulle bre seg i huset. Eg

ikkje at jula var SÅ hellig for meg… Jaja, det blei både pinnekjøt og svineribbe – utan svor – og laber stemning rundt julebordet. Vi var skikkeleg fornærma, begge to – eg fordi ho hadde gått ut på kjøkkenet, som er MITT domene julafta, og hadde ødelagt både julelukta i huset og julematen. Og ho fordi eg hadde kasta ut suppa hennar. Etter dette har det alltid gått bra julafta, og det er ingen tvil om kven som skal lage julematen. Jaja. Det er ikkje alltid familie-idyll gir dei beste historiene. Det er gjerne det som går skikkeleg dårleg, eller veldig, veldig bra, som blir hugsa. Vi nordmenn er jo litt stolte av jula. Det er ein sterk høgtidsfølelse, og det skal ein ikkje tulle med. Det skal helst vere perfekt, avsluttar Stig. Av Sølvi H. Hopland Aemmer


14

KYRKJEBLAD FOR VÅGSØY

Agenda

TOTLAND KYRKJE 100 ÅR!

Agenda Storsamling for alle som vil tilbe Jesus i heile fjorden! Sett av datoen: Laurdag 5.mars 2011 kl. 15.00-18.00 i Operahuset på Nordfjordeid Ved spørsmål, ta kontakt med: Marte Iren Lade: marlade@frisurf.no (473 65 959) eller Atle Dalsbø: pastor@fellesskapskyrkja.no (957 77 200)

Er det sant, spør du kanskje no. Jau, der er sant. 12. august 2012 vert det 100 år sidan kyrkja vår vart vigsla. No har begge dei andre kyrkjene i Vågsøy feira sine jubileum, og vorte oppattpussa både slik og slik. Også vår kyrkje treng til litt ”make up”. Mellom anna treng både benkar og golv til litt maling. Automatisk ringing er óg mellom dei store ynskja. Utvendig treng kyrkja måling og andre ting.

KYRKJEBLAD FOR VÅGSØY

Notisar... 22. desember 2010 21.30 „Lys i nattsvart jord“ Årets Julekonsert med Stormklang er kallt „Lys i nattsvart jord“. Kom og få god julestemning i Raudeberg Kyrkje ilag med oss. Masse nye songar og nye solistar, men vi har og med våre „stjerner“ som vi har eit godt samarbeid med sidan det fungerer så godt.

Sør- Vågsøy kirke

Nord- Vågsøy kyrkje

Totland kyrkje

16.00 Familiegudsteneste

14.00 Familiegudsteneste

24.12.2010 16.30 Familiegudsteneste 25.12..2010 12.00 Høgmesse

12.00 Høgmesse

26.12.2010 12.00 Høgmesse 02.01.2011

Men kvar får ein pengar frå i desse pengelause tider?? Så er det valgt ein ”rehabiliteringsnemnd” som skal syte for litt av dei midlane som trengst. Då vi tykkjer det er kjekt med basar, vil vi lage til ein basar i grendahuset på Bryggja 29. mai 2011. Men då treng vi gevinstar. Mange gevinstar - både til loddsal og åresal. Så vender vi oss til bygdefolket som så ofte før: Kan du / de tenkje å støtte kykja endå ein gong? Har du / de noko som passar til gevinstar kan de ta kontakt med Betty Hessevik på tlf. 91719669 eller underteikna innan 30. januar 2011. På førehand tusen takk!

11.00 Høgmesse 09.01.2011 11.00 Høgmesse 16.01.2011 17.00 Høgmesse

11.00 Høgmesse

18.00 Ungmesse

11.00 Familiegudsteneste

23.01.2011 11.00 Høgmesse

Kvalheim & Vedvik AS Raudeberg www.solfisk.no

Klippfisk – Saltfisk – Tørrfisk

Tlf.: 57 85 52 03 Mob.: 48 28 83 73 E-post: s.refvik@online.no

30.01.2011

06.02.2011 11.00 Høgmesse 13.02.2011 11.00 Høgmesse 20.02.2011 11.00 Høgmesse

For rehabiliteringsnemda Åse Falkevik tlf 909 65 524

17.00 Høgmesse

27.02.2011 11.00 Høgmesse 06.03.2011 11.00 Høgmesse 13.03.2011 11.00 Høgmesse 20.03.2011 11.00 Familiegudsteneste 27.03.2011 11.00 Familiegudsteneste 03.04.2011 17.00 Høgmesse

11.00 Familiegudsteneste

10.04.2011 11.00 Samtalegudstjeneste 17.04.2011 11.00 Høgmesse 21.04.2011 18.00 Høgmesse

www.kirkensnodhjelp.no

Nordvestvinduet Bygg og Innbu as - Almeningen

11.00 Høgmesse

15


Returadresse: Kyrkjebladet Kontakten Vågsøy Sokneråd postboks 33, 6701 Måløy

16

Bakside

Aktivitetskalender for Trusopplæringa fram til neste kyrkjeblad Tirs. 11. jan: Laur. og søn. 29.-30. jan: Søndag 30. januar: Tirs. 8. feb: Tirs. 8. mars: Tors. 3., 10. og 17. mars: Laur. 19. mars: Laur. 19. mars: Søndag 20. mars: Laur. 26. mars: Søndag 27. mars: Søndag 3. april: Tirs. 12. april:

Barselkafè Tårnagenthelg 8- og 9-åringar, NV kyrkje Tårnagentgudsteneste i NV kyrkje, med fokus på 8- og 9-åringar. Barselkafè. Tema: Sunn livsstil. Besøk av helsesyster og tannpleiar. Barselkafè. Tema: Påsketradisjonar i heimen. 6-årsklubbsamlingar, SV kirke 6-årsklubbfest, SV kyrkje Skattejakt på Fjordly for 11-åringane. 6-årsgudsteneste med utdeling av bok i SV. Barnekonsert med Seven-jentene i SV kirke, 5-åringane invitert. 6-årsgudsteneste med utdeling av bok i NV. 6-årsgudsteneste med utdeling av bok i T. Barselkafè. Tema: Parforholdet – når to blir tre.

Litt Nytt Nattcup Nattcupen vart gjennomført 6. november. Den var i år frivillig for konfirmantane, og 35 Vågsøykonfirmantar deltok. Det var populært, som alltid. Konfirmantane har elles stått for Ung Messe i oktober, og bidratt på dei tradisjonelle lysmessene i alle tre kyrkjene. Oline kjem tilbake! Oline Myklebust, som var eittåring fram til sommaren 2010, skal byrje som kyrkjelydsarbeidar i 50 % frå 1. 1.

Lyst til å vere med i ei kristen barne- eller ungdomsgruppe? Juniorklubben på Fjordly fyrste mandagen i månaden kl. 1700-1900. For alle i 1.-5. klasse. Kontaktperson: Ingeborg Aina Runshaug. Tilslutta Normisjon. Barnekoret Tusenfryd på Skavøypoll bedehus annankvar onsdag kl. 1730-1845. For alle frå 4 år tom. 4. klasse. Kontaktperson: Marte-Iren Lade. Tilslutta Normisjon.   Sprell Levande på bedehuset på Raudeberg mandagar i partalsveker kl. 1730-1845. For alle frå 4 år. Kontaktperson: Jartrud Bjerkreim. Tilslutta Søndagsskoleforbundet.   Speidarane på Raudeberg samlast kvar tirsdag på Skaredammen kl. 1730-1930. Kontaktperson: Guttorm Lillestøl. Tilslutta KFUM/KFUK   Ungdomsklubben på bedehuset på Raudeberg annankvar laurdag kl. 1900-2200. Kontakt-person: Egil Kolltveit. Tilslutta Normisjon.   Frelsesarmèen i Måløy har grupper for fleire alderstrinn. Kontaktperson: Christian Eilertsen. Onsdagar kl. 1100: Babysang Tirsdagar kl. 1730: Småbarnssang (1 - 3 år) og Romlingane (3 - 6 år) Mandagar kl. 1700: Kaos, kor frå 10 år og oppover

Baksidebildet Baksidebildet

Nei, no er eg lei av å gå i rødt, og av å finne på gaver til ungar som har alt frå før!

Langtidssjukemeldt Sokneprest Trond Hatlevik Borg er langtidssjukemeldt fram til mai.

Punktum NYTTÅR Eit nytt år la seg over det gamle eit lett lag av nysnø ein duk av ljos over berrfrost og skare over alt livs sprukne hud det dreiv forbi i ein augneblink av sanning det berre kviskra over markene sveva gjennom skogholta la seg til ro som ei uventa von som ung nåde over ei gamal jord Arnfinn Haram

Kontakten Vågsøy nr.4/10.  

nr. 4 - DeSeMBer 200 - 52.Årg. Møte MeD... Folk trur eg er hedning, men det stemmer no ikkje heilt, ler Stig Solheim. I dei dagar let statsm...

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you