Page 1

Informasjon

H Y R D I N G R Ø Y S TA NR. 3/2010

SOMMARNUMMER

71. ÅRG. Les bladet på www.menighetsblad.no

• Våre «nye jølstringar» • Konfirmantane i Jølster 2010 • 3. klassingane i Jølster fekk Barnesalmeboka

God sommar!


2

HYRDINGRØYSTA Nr. 3/2010

Våre «nye jølstringar» Alle kjenner til at det har kome ein del asylsøkarar til mottaket på Vassenden. Dei er i etableringsfasen framleis og arbeider med å få gode forhold for dei som kjem. INGER LIND AASEN tekst og foto

Men der er og flyktningar som er «kome lengre» og har fått bopel i kommunen. To av dei er så heldige å leige husvære hos Kollbjørn Bergseth, heldige på den måten at Kollbjørn er open og inkluderande i møte med dei framande. Han tok dei med på basaren til pensjonistlaget og presenterte dei for dei som deltok der. Hyrdingrøysta ønskjer og å presentere dei for folket i Jølster slik at vi òg kan ta godt i mot dei. Desse to vart saman med Kollbjørn Bergseth bedt på kaffi og vafler for å ta ein prat. Mahmmod har vore i Norge i 9 mnd, Alexandro i 2 år, og intervjuet gjekk på norsk! Dei har fleire språk, eller dialekter i Eritrea. I tillegg har dei og engelsk i skulen. Mahmmod Idris Ali Mahmmed, 35 år, har kone heime i Eritrea. Han arbeidde som joso dicrosjon (vi greidde ikkje å forstå eller oversette til norsk kva det gjekk ut på). Han er truande muslim og reiser kvar fredag til Førde når dei har fredagsbøn. Hans mål framover er først og fremst å lære språket, så få utdanning, ta sertifikat og få seg ein jobb slik at han kan gjenforenes med kona og at dei får ei felles framtid i Norge. Han saknar landet sitt og folket, men fridomen er viktigast! Alexandro Giuseppe, 21 år, har far i heimlandet og ei søster med born i Sogndal. Bestefaren kom som soldat frå Italia, derfor det italienske etternamnet. Alexandro er katolikk og vil nytte seg av kyrkja når han har trong for det. Han arbeidde som mekanikar i heimlandet, men han vil ta meir utdanning innan faget for å nærme seg dei moderne bilane og tenker å søke på Øyrane vid. skule til neste år. Så håper han på ein god jobb og då først kjem håpet om ei pen jente!

F.v. Mahmmod, Alexandro og Kollbjørn Bergseth i heimen til Inger Dei snakkar varmt om landet sitt og folket, det er venlege menneske som er gode mot kvarandre. Der er ca 60-40% i forholdet muslim og kristne, men der er ingen konflikt mellom dei, dei er som brødre og tar vare på kvarandre, seier Mahmmod. Men styrande myndigheiter er diktatorar og dei som ikkje føl spelereglane lever i livsfare. Mahmmod og Alexandro kom frå mottaket på Bergum. Det hadde vore lettare for dei å bu i Førde med gangavstand til det meste. No reiser dei på skule om morgonen og er heime klokka tre. Så blir det då alt for mykje tid til å tenke. Dei har lyst å jobbe og komme i snakk med folket. Det er ei utfordring for dei å lære bokmål på undervisninga og så kunne forstå og snakke nynorsk utanom. Alle medstudenter på norskundervisninga er utlendingar så der får dei ikkje snakke «nynorsk». Dei får god tid til å bruke morsmålet med kvarandre og med landsmenn som no er kome til mottaket på Vassenden. Difor har dei stort behov for å få snakke med oss, praktisere det dei lærer i undervisninga og det ikkje minst; omsette det til nynorsk tale. Dei er opne og interessert i å komme i kontakt med bygdefolket! Så ei oppmoding; Ta kontakt, stopp opp og prat!

SEINSOMMAR-

KONSERT i Helgheim kyrkje Søndag 15. august kl. 20.00 Song og musikk i ulike sjangrar og for nokon og ein kvar! Solo- og duettsong v/Marit Hartvedt og Dag Arne Veiteberg. Orgel- og pianomusikk v/ kantor Rune Molvik Overraskingar. Kollekt til nytt piano i Helgheim. Vel møtt til ei fin konsertoppleving! Arr. Organisten/ Helgheim sokneråd

FRAMSIDEBILDET: 17. mai - toget frå Årdalen på veg til Helgheim kyrkje. Flaggborg og Skei Skulemusikk i forgrunnnen med folketoget bak. Litt regn, men likevel ei fin og verdig feiring av nasjonaldagen. Foto. Rune Molvik.


HYRDINGRØYSTA Nr. 3/2010

3

«Eg vil påstå at det vil verta ting å glede seg over i gudstenestene som kjem»

Utan fest VIDAR BJOTVEIT

Mai månad er ein spanande og innhaldsrik månad. Tenker på alle dei spente konfirmantane og deira stolte foreldre, som feirar konfirmasjonsdagane. Det kan vera mange kjensler i sving slike dagar. Familiar møtest og det vert halde konfirmasjonsfest i heim og i kyrkje. Tenker på 17. mai feiring for Grunnlova med bunad, flagg, tevlingar, is og rømmegraut. Stort sett med dei same ingrediensane, dei same tidspunkta og samlingsstadane. Her og der i grendene vert noko forandra, men stort sett vert denne dagen feira som den har vore i «alle dei år». Og til slutt i mai månad vart pinsa feira. Jul med Jesus født i Betlehem og påska med Jesu død og oppstode er greitt. Det kan alle. Men kva er pinse? Båtpuss og festival? Kyrkjas svar er at dagen er til minne om da læresveinane fekk Den Heilage Ande. Og det er kyrkjas fødselsdag og fortsatt verkar Den Heilage Ande i heim og i kyrkje. Sjølvsagt er det verd ein fest. Etter mykje festing, festivitas og bruk av finklede, er det godt med kvardagen. Det er

kanskje den som er best, når det kjem til stykket. Kyrkjeåret vert kalla frå pinse til jul som det festlause halvåret. Høyrer ikkje det noko kjedeleg ut? Skal det ikkje vera noko spanande i gudstenestene som kjem? Kjem sikkert an på kven som svarar, men eg vil påstå at det vil verta ting å glede seg over i gudstenestene som kjem. Eg tenker og mange med meg trur at søndagen er ein sigers-dag for Jesus. Vi feirar Jesu oppstode frå dei døde. Og born vert døypte også i det festlause halvåret. Alt dette er ein fest i seg sjølv. Men det er ikkje jul, påske, pinse eller konfirmasjon. Berre ein rytme av eit fellesskap med kvarandre og den tre-eininge Gud. Med eit mål i sikte, eingong halde fest med Jesus i himmelen. Lat oss ikkje halda oss borte når kyrkjelyden vår samlast, som somme plar gjera; men lat oss setja mot i kvarandre. Hebr. 11:28 Kanskje er du ein av dei som les og hugsar kva du las. Og då kjenner du denne oppmodinga frå tidlegare og at temaet i

andakten er det noko av det same som i det fyrste nummeret dette året. Hakk i plata ville ungdomen seie, viktig vil eg seie det er. Kanskje hugsar du kva som kan vente deg i ei gudsteneste, også i det festlause halvåret. (om ikkje sjekk ut HR 2010 nr. 1, eller kom til gudsteneste). Vel møtt!


Konfirmantane i Ålhus sokn, 2. og 13. mai: 1. rekke fra venstre: Silje Johanessen Hjellbrekke, Bertil Andreas Hamar, Natalie Mari Høyseth Nedrebø, Mariell Gjesdal, Sara Båfjord Ismaili, Eli Anne Støfring, Andrea Ekroll Flølo. 2. rekke fra venstre: Daniel Vie, Kristi Risnes Gjelsvik, Susanne Storløkken Larsen, sokneprestVidar Bjotveit, Benedicte Sjåstad Hoddevik, Andrea Osvoll Årdal og Tanya Aileen Rambøl (konfirmerte i Ålhus kyrkje 13.5). 3. rekke fra venstre: Andrea Flaten, Glenn-Ivar Tesado Bergum, Jim Østenstad Svidal, Svein Rune Borren Hukset, Daniel Heggheim Nilsen, Emil Jangård Rasmussen og Eirik Meslo. 4. rekke fra venstre: Markus Hermansen, Christian Auganæs Rivedal, Tommy Gryttingslien og Lars Arne Sande Rygg. Foto: Runar Sandnes, Reed Foto.

Konfirmantane på Vassenden 2010

4 HYRDINGRØYSTA

Nr. 3/2010


HYRDINGRØYSTA Nr. 3/2010

5

Samtalegudsteneste fredag 23. april To blad Andrea. Andrea Ekroll Flølo og Andrea Osvoll Årdal med mikrofonen

Vidar har overhøyring via satelitt med nokre av konfirmantane som var i Stavanger

Konfirmantane siterer boda og Vidar prest er fornøgd med svara.

Songkveld med mannskorsong og vårleg preg RUNE MOLVIK tekst og bilde

Søndag 11. april var vi samla til songkveld på Kyrkjesenteret. Vi hadde annonsert dette i Hyrdingrøysta og elles på Origo/Jølster og kunngjeringar i kyrkjene. Om dette var grunnen til at så mykje folk var møtt opp, skal vere usagt. Hafslo mannskor med sine 8 songarar, inklusiv dirigent og pianist, drog nok mykje folk, for her var det møtt fram folk heilt frå Haukedalen, Stardalen og Førde/Naustdal. Ein av songarane har røter på Vassenden, og for han var det fint å få oppleve at så mykje folk var møtt opp i heimbygda. Fint vart det også for oss som

Hafslo mannskor deltok på songkvelden 11. apri. fekk høyre mannskoret synge. Dei song kjende og litt mindre kjende songar, der Lovsong av Beethoven og Den Hellige stad vart fint framført. Songøkta med allsong var spesielt vigd eit vårleg tema, og songen frå

dei mange frammøtte var verkeleg kraftig og god! Til hausten skipar vi til fleire songkveldar. Dette vert kunngjort nærare, så følg med i aviser og på nett!


6

HYRDINGRØYSTA Nr. 3/2010

3. klassane i Jølster fekk Barnesalmeboka

3. klasse, Skei skule fekk Barnesalmeboka 28. mars i Helgheim kyrkje: 1. rekkje f.v.: Sara Sandnes, Frida J. Huus, Mathea F. Mosesen. 2. rekkje f.v.: Jon Vågane, Matilde Årdal, Elias Roko Eide, Arian Son Bergheim. Foto: Rune Molvik.

3. klasse, Vassenden skule fekk Barnesalmeboka 18. april i Ålhus kyrkje. Fotografen var uheldig, så eit nytt bilde måtte takast på skulen, og her er dei alle samla i klasseromet: 1. rekkje f.v.: Sølve Nedrebø, Olav Østenstad, Gyrid Øygard, Berthea Osvoll, Emil Hermann Strand, Rebecka Nedrebø, Elise Jangård Rasmussen. 2. rekkje f.v.: Johannes Sunde Farsund, Alexander Lesto Lykkebø, William Kjelsnes, Jørgen Aarøen Taklo, Elias Slåtten, Guro Øksendal Henriksbø, Silje Drageset Gjesdal, Tord Herland Kjeilen, Amalie Birkeland, Henrik Ramstad Nedrebø. 3. rekkje f.v.: Miriam Årseth, Jakob Gjesdal Eikås, Adrian Snilstveit Vågen, Sigbjørn Norddal, Øystein Støfring, Andrine Fonn Nilsen, Magnus Hoff Osvoll, Bengt William Mundal, Jonas Nordgulen, Bendik Årseth Hestad. Foto: Rune Molvik.


HYRDINGRØYSTA Nr. 3/2010

7

Tilbakeblikk på opphaldet i Ghana Hyrdingrøysta har tidlegare gitt rapport frå to jølstrajenter sine opplevingar som voluntørar i Ghana. No er dei komne trygt heim att og HR var med på ei lita mimrestund saman med dei. Det er Jorunn Simonsen Thingnes og Kjersti Helgheim som fortel litt av det dei opplevde. INGER LIND AASEN TEKST

Dei sit att med gode minner, og sjølv om oppgåvene til tider var store og ikkje så klårt definerte ga det meining å vere der. «Vi kom til ein barneheim med 15 born i alder 2 til 15 år. Huset var vel bra i høve dei andre husa i landsbyen, men der var ikkje straum. Ungane låg på golvet, vi hadde eit rom og kvar vår seng. Det var ein mann, Alwin, rundt 35 år som dreiv heimen, han snakka flytande engelsk. Han var ein god omsorgsperson for dei og for oss..» Kunne dei som ville starte ein barneheim? «Der var jo stort behov, men ein viss statleg kontroll var det nok, og dei kom på visitt av og til. Alwin sette pris på at vi kjøpte ting til borna som kle (vi kjøpte truser til heile gjengen) og litt utstyr til undervisning, det verka positivt når kontrollen kom. Vi vart imponert når helsevesenet plutseleg kom på besøk med vaksinasjonsrunden sin. Kanskje var vi forutinntatt om at det var dårleg med helsestellet? Då vi kom til barneheimen var der ei dame til stades, men ho reiste etter få dagar. Så då var det vi to som hadde ansvar for arbeidet. Dei eldste ungane arbeidde mykje slik dei også gjorde i landsbyen, også matlaging. Når Alwin hadde andre ærend var vi åleine med ungane. Då går det på fingerspråk og leik. Utanom dei daglege gjeremål var det viktig å berre vere der, gi omsorg og merksemd. Vi sto opp og la oss med sola, det var ikkje så mykje anna å finne på. Morgonen var best, då hadde vi konkrete gjeremål. Desse ungane hadde ikkje råd til å gå på skule i landsbyen, så vi skulle gi dei litt undervisning. Det var ikkje lett med den store skilnaden i alder og «utan språk». Vi prøvde å lære dei litt matte og engelsk. Når vi tok oppsummering frå då vi starta kunne vi sjå at noko hadde dei fått med seg. Der var ei jente på tre år, utruleg smart og lærte fort. Trist å tenke på at ho har så lite sjanse til skulegang.» Fekk ungane nok mat? «Det såg ut som at ungane fekk mat nok. Den var jo ganska einsformig ut frå vår målestokk. Der var ikkje grønnsaker, grunnlaget var for det meste ris og noko anna udefinerbart, kanskje ei rotfrukt eller ein plante. Ikkje særleg godt! Der var jo ikkje råd å oppbevare mat, når det vart kjøpt noko på markedet, måtte det etast same dag.» Og de då, tålte de maten? «Det smakte ikkje så godt, men det var sikkert næringsrikt for vi minka berre eit par kilo under opphaldet! Frukosten smakte best, eit søtleg kvitt brød. Det var ikkje matforgiftning som ga størst problem sjølv om vi var bort i det. Kjersti fekk malaria og var ganske sjuk. Då vart ho innlagt på sjukehuset i hovudstaden etter å ha humpa på dårlege veier i fleire timar. Men vi fekk god hjelp. Vi var ein del sjuke med feber og infeksjonar, men heldigvis ikkje på samme tid.

Kjersti Helgheim og Jorunn Thingnes vel heime i Jølster etter opphaldet i Ghana Slik kunne vi pleie kvarandre.» Fekk dåke sjå noko av landet? «Vi hadde fri i helgane og reiste ofte på besøk til dei andre voluntørane som vi vart kjend med i informasjonsveka. Vi trengte desse turane, viktig med kontakt og å få råd frå dei andre. Sjølv om vi kanskje var dei som hadde det mest primitivt i vårt arbeid, hadde vi det betre enn mange andre. Det hadde å gjere med omsorg og måten vi vart møtt på. Det var trygt å reise rundt i Ghana.» Ville de gjort dette om igjen? «Ja, absolutt. Det har gitt oss eit nytt perspektiv på måten vi lever på og vist oss kor små vi er. Det var hardt å ta avskil med alle på barneheimen. Folket der nede lever sakte, tilbakelent, alt går tregt, men dei verkar tilfreds og smilande. Vi stresser frå det eine til det andre… …og er utilfreds? Har denne reisa påverka vala dykkar vidare? «Nei, vi var vel ikkje lenge nok til det. Vi begynner å studere til hausten.» Så då vart det ikkje sosialantropologi, Kjersti tenker matte, kjemi og fysikk, Jorunn norsk og historie. Lukke til vidare!

Jorunnog Kjersti tek her farvel med barna i Kwakukrom.


8

HYRDINGRØYSTA Nr. 3/2010

SMÅNYTT FRÅ KYRKJEVERJA

Prisendringar Prisendringar i tenester frå Jølster kyrkjeleg fellesråd (kyrkjekontoret). Innbyggarane i Jølster får fleire tenester i kyrkja utan at det er betaling for desse. I tillegg yt vi nokre tenester som ikkje ligg inn under kyrkjelova eller gravferdslova og som ikkje blir finansiert med offentlege midlar. Desse må vi dessverre ta betalt for. Vi har ikkje endra prisane sidan 2002. I tillegg får fellesrådet ikkje lenger fritak for mva (moms) på tenester vi sel. Vi har difor sett oss nøydt til å auke prisane på slike betalte tenester frå 1. mai. Dette gjeld ikkje festeavgift, men tenester som: • gravstell • sal av gravminne • oppretting/flytting av gravminne • gravferd for utanbygds • vigsel for utanbygds

Redaksjonen i Hyrdingrøysta ynskjer god sommar!

Meir om dette finn du på våre heimesider www.jolster.kyrkja.no

SOMMARLEIR

Oppretting av gravminne Spesielt om vinteren er det mange gravminne som sig. Slik er det også i år. Gravminnet tilhøyrer dei pårørande og festar er ansvarleg for at det er i rett stand. Når ein rettar opp gravminnet, er det viktig at det skjer i høve til dei krav forskrifta til Gravferdslova set. Ståande gravminne i stein skal festast til fundament i stein med to 15 cm lange og 12 mm tjukke syrefaste boltar.

PÅ TEIGEN 2010 12.–13. juni: 1.-4. klasse. Ein kort og god leir for deg som er ny i leirlivet. 13.-15. august: «Besteleir» for born frå 4–9 år i lag med voksne. 3. året på rad har vi leir rett før skule- og barnehageåret tek til. Ein fin måte å runde av sommaren på. Ha ein god sommar! Påmelding: Seinast ei veke før leiren.

27.-29. august: for deg som går i 5.-8. klasse. Ta sjansen, kom på Teigen og sjå kva som skjer! Meir info om tider, program, leiarar og prisar, finn du på www.acta.as/sof. Eller ta kontakt med Stine Kirkeli, Barne- og familearbeidar i Sunnfjord. Mobil 91 24 08 38. e-post: stine.kirkeli@normisjon.no


HYRDINGRØYSTA Nr. 3/2010

9

Matias Orheim

- med ord, felespel og glasmusikk

MARIT HARTVEDT tekst / RUNE MOLVIK foto

Eg veit ikkje heilt kva som gjorde mest inntrykk på meg under framsyninga om Matias Orheim i Ålhus kyrkje 26. april. Kanskje var det samspelet mellom Matias (Frode Rasmussen) og Marie (Linda Øvrebø) – det var sterkt og truverdig, humoristisk og rørande. Musikken i stykket var vakker og stemningsfull; spesielt glasspelinga til Liv-Jorun Bergset og Randi-Merete Roset i Draup aleine og saman med musikarane Gro Marie Svidal som spelte fele, Oddmar Amundsen på gitar og bassist Rolf Prest. Forteljingane og salmesongen batt det heile fint saman, så ein sat att med ei kjensle av å ha vore med på noko viktig. «Om du vert blind, skal eg sjå for deg!» Historia om Matias og Marie er sterk og fortel om kjærleik, samhald og sterk Gudstru. Vi fekk høyre korleis Matias, sjølv etter at han vart blind, reiste rundt i heile landet som forkynner. «Han var ein mild forkynnar som la vekt på Guds kjærleik, og at alle hadde ei plikt til å ta dei praktiske nyvinningane i bruk for å skaffe eit betre materielt liv for seg og sine,» fortel Norvald Tveit i programmet for framsyninga. Matias hadde med seg fela – noko som på den tida var temmeleg uhøyrt - og han spelte på glas. Marie hadde hovudansvaret for borna, dyra og garden, likevel var ho den som var mest med mannen på dei mange reisene. Andre gongar var det døtrene som følgde han. Marie var den gode støttespelaren, og i framsyninga fekk vi eit godt innblikk i

dette; ho sto fram som ei sterk kvinne. Då dottera Målfrid døyde så altfor ung, fekk dei hjelp gjennom den sterke Gudstrua dei hadde. I Store Norske Leksikon kan ein lese: «Matias Orheim fekk Kongens fortenestmedalje i gull 1953. Marie og Matias Orheim hadde lenge bedt om at dei måtte få døy samstundes. Det gjekk i oppfylling då dei begge døydde 20. april 1958. På grava vart det seinare reist ei støtte med deira portrett. På slektsgarden er det innretta eit museum over Matias Orheim.» Ny turné i 2012 Stykket om Matias Orheim, som vaks opp på Stårheim i Nordfjord, og kona Marie er skreve av Mette Brantzeg og Norvald Tveit

Frode Rasmussen og Linda Øvrebø som Matias og Marie Orheim. for Sogn og Fjordane teater. Rundt 15 av kyrkjene i fylket har hatt besøk og det ryktast at det blir ny turné i 2012 over heile Vestlandet og Oslo. Då lyt dei som ikkje fekk høve denne gongen, skaffe seg billett, for dette var verdt pengane og vel so da…

Aktørane tek imot applaus frå publikum.

SMÅNYTT

Plantefelt på graver Vi har sett ei utvikling på at det blir brukt lause steinar for å ramme inn plantene på gravestaden. Dette kan vere fint, men er dessverre eit problem for oss når vi skal drifte gravplassen. Kantstein skal flukte med terrenget slik at utstyr ikkje kan bli skada. Dersom det er helling kring beddramme må ein bygge opp terrenget på nedsida slik at kantsteinen fluktar. Vi minner også om at det ikkje er høve til å bruke faste dekorting, så som liggjande plater, blomsterurner, lykter m.v. i plantefeltet. Lause dekorting skal fjernast etter bruk. Det vil i praksis bety etter gravferd, åremålsdagar eller andre markeringar som er gjort på grava. Meir om dette finn du på våre heimesider www.jolster.kyrkja.no


10

HYRDINGRØYSTA Nr. 3/2010

Årsmelding Ålhus sokneråd Ålhus sokneråd hadde sitt årsmøte etter gudstenesta i Ålhus søndag 18. april. GUNNAR SMAADAL leiar

Årsmeldinga syner eit jamt godt arbeidsår. Det vart i september vald nytt sokneråd etter den nye valordninga: det har såleis vore ei deling på arbeidet mellom det forrige og det nye soknerådet. Ein del møter har vore samarbeidsmøter med Helgheim sokneråd. Arbeidet i soknet: Ved barnedåp i kyrkja deltek fadrane aktivt i gudstenesta bl.a. med skriftlesing. Konfirmantane har vore aktive ved fleire gudstenester. Nede ved inngongsdøra deler kyrkjevertane ut salmebøker og har ansvar for blomar til altaret. Når det er gudsteneste på Kyrkjesenteret er det alltid kyrkjekaffi og mange stansar igjen. Konfir-

mantfesten for heile Jølster vart arrangert på Kyrkjesenteret der også samtalegudstenesta var. Det har vore arrangert fleire songkveldar, og i advent var det adventskonsert i Ålhuskyrkja. Kyrkjelyden sin familiejuletrefest på Kyrkjesenteret var fjerde juledag og mykje folk var samla. Det vert elles laga til ettermiddagskafe, kveldsmøter, tentreff, søndagsskule og S-klubb i soknet. Barnegospel vart drive fram til sommaren, men vi har ikkje lukkast å få dette tilbodet i gong etter sommarferien. Det store prosjektet i 2009 har vore å få installert nye lys i Ålhuskyrkja. Det vert i 2010 arbeidd for å få installert elektrisk ringing i kyrkja. Kyrkjegardane vert fint stelte av kyrkjegardsarbeidarane. I tillegg til dette arbeidet, kjem ei rad saker som går igjen frå år til år: budsjett, rekneskap, offertildeling, plantedagar m.m.

samstemd tid for fuglepilsflog imot nord. Rein tone i arbeidsdag vigd til jord, samstemd tid

signar tid

I sommar kan du, i lag med mange andre, få vere med på sommarleir på Nesholmen! Programmet på leirane varierer, men hovudmålet er sjølvsagt at vi skal ha det kjekt i lag!

for våronn med bogedrag.

Pris: 650,Pris: 650,Pris: 850,-

Det er søskenrabatt frå og med søsken to, uavhengig av kva sommarleir dei er på. Lurer du på noko? Kontakt oss på Krinskontoret! Tlf. 57 82 03 11. E-mail: sfj@kfuk-kfum.no Påmelding helst på nettet: www.kfuk-kfum.no/sfj, innan 1. juni!

Rein tone frå bogedrag vigde til jord,

Rein tone frå salmen om lysvigd dag,

Sol, padle i kano, lage venskapsband, kveldsavslutningar, ro i båt, spele ballspel, bibelarbeid, leike ute og inne, bade, bålkveld og mykje meir!

(1.–4. klasse) (1.–4. klasse) (5.–7. klasse)

av Elsa Norunn Håheim Nydal

til minnet om far og mor.

SOMMARLEIR på Nesholmen!

Barneleir 1: 11.–13. juni Barneleir 2: 18.–20. juni Aktivitetsleir: 21.–24. juni

Våronn


HYRDINGRØYSTA Nr. 3/2010

11

Vårlege aktivitetar for speidarane «Ei pen surring er ei god surring!» God hugseregel når ein skal surre rajer til romersk stridsvogn, ein av mange aktivitetar for speidarane i Jølster. Og når ein på slutten av speidarmøtet skal konkurrere med desse vognene, er det viktig at surringane held! MARIT HARTVEDT tekst og foto

Frå kanopadling til skogrydding Nokre andre aktivitetar for speidarane denne våren har vore kanopadling (faktisk i sol!) på Fossheimsvatnet, hardhausdag i Kjerringvika (som rett nok var utsett ein gong grunna særs dårleg vêr), overnattingsturar i gapahuk (i snø og frost!) - og ikkje minst, utsiktsrydding langs vegen innunder Orkja. Det siste er eit prosjekt som kommunen har fått midlar til, og i mangel på andre aktørar til å gjere jobben har speidarane teke det på seg. Med stor innsats i sol og snøvêr har speidarar med foreldre jobba nærare 300 timar i vår til inntekt for landsleir og andre prosjekt. Dei som har kjørt sørsida i det siste, har nok sett stor skilnad fleire stader, og enda betre skal det blir, for prosjektet held fram til hausten.

Utsiktsrydding. Foto: Ragnar Simonsen.

gongen på Lista 3. til 10. juli. Namnet på leiren i år er «Grønn Action». Med miljøet i fokus blir dette ei veke full av opplevingar og ikkje minst fart og spenning. Det er mykje planlegging og førebuing, men som alltid har Ragnar eit godt grep om det heile. Han kan m.a. fortelje at gutane i 9. klasse skal delta i eit slags olabilløp på

den nedlagde flystripa på Lista. Men sidan det er lite utforbakkar på ei flystripe og det alltid bles på Lista, må dei ty til vindkraft og har difor montert segl på bilen. Til leiren er det venta om lag fem tusen deltakarar og Jølster er ei av dei største gruppene med 55 speidarar/leiarar.

Jorunn Thingnes og Ragnar Simonsen instruerar speidarar instruerar speidarar frå 5. og 6. klasse i surringar.

Fire stolte speidarar viser fram det dei ha laga.

Landsleir til sommaren I år er det tid for landsleir igjen, denne


12

HYRDINGRØYSTA Nr. 3/2010

- TAXI Vassenden Taxi: tlf. 48 21 00 22 • Skei Taxi: tlf. 905 75 555 TORLEIV RIPE 6843 Skei Tlf. 57 72 83 33 / Mobil 911 75 903 Postboks 123. 6801 Førde

skei@audhild-viken.no Tlf. 57 72 81 25 COOP MARKED VASSENDEN Måndag–fredag: 9–19 Laurdag: 9–18

COOP MARKED SKEI Måndag–fredag: 9–20 Laurdag: 9–18

Tlf. 57 72 72 00/Fax 57 72 86 00 Epost: vassenden@marked.coop.no

Tlf. 57 72 83 77/Fax 57 72 85 15 Epost: skei@marked.coop.no

Ope for arrangement

heile året - Tlf. 57 72 73 00

ROALD SUNDE Maskinentreprenør - Sentral godkjenning Tlf. 57 72 81 91 / Mobil 952 31 915 GRAVING • TRANSPORT • MURING • SANDTAK

Tlf. 57 72 83 50 / 959 87 820 Bjørn 959 87 822 Geir 959 87 823

NORSK SØNDAGSSKOLEFORBUND www.søndagsskole.no Konto 8220.02.81027

HER ER DET PLASS TIL EI ANNONSE FOR DI BEDRIFT! Tlf. 57 72 70 16 / 917 63 804

VINTER: ma-ty-on-fr: 9–15.30 to: 9–17 • SOMMAR: ma-ty-on-fr: 9–15 to: 9–17 Tlf. 57 72 62 00 • Faks 57 72 62 01 • kundesenter@ssf.no • www.ssf.no

Lona, 6843 Skei 57 72 63 60 / 916 56 540 www.aardalsbakke.no

EIDE STEIN, 6490 Eide tlf. 712 99 250 E-post: post@eidestein.no

Tlf. 57 82 70 30 • www.fjordan.no • eirik@fjordan.no

Våre representantar: Kjell Taklo - tlf. 951 17 604 Nils Huus - tlf. 995 36 722

Sjå våre gravminner på www.eidestein.no

ALF HELGHEIM & CO AS 6843 Skei i Jølster Tlf: 57 72 83 11 Epost: post@alfhelgheim.no

FOTO • UR • GULL • SØLV • MUSIKK

6847 Vassenden


Nr. 3/2010

Konfirmantane i Helgheim sokn, søndag 9. mai: 1. rekke frå venstre: Martin Kjøsnes, Vilde Årdal, Emmely Dvergsdal Holden, Lillian Dvergsdal Haugen og Øyvind Skrede. 2. rekke frå venstre: Bjarte Steinsund, Simon Dalby (konfirmert i Ålhus kyrkje 13.5), sokneprest Vidar Bjotveit, Andreas Bjelland Sunde, Jan Olav Årdal og Espen Gåsemyr Fugle. Foto: Knut Osvoll.

Konfirmantane i Helgheim 2010

HYRDINGRØYSTA

13


14

HYRDINGRØYSTA Nr. 3/2010

Hyrdingrøysta

KYRKJA I JØLSTER

Kyrkjekontoret Vassenden kyrkjesenter Kontoret er ope måndag, tysdag og torsdag kl. 9–15. Tlf. 57 72 85 06. Faks 57 72 75 94. E-post: kyrkjekontoret@jolster.kyrkja.no Jølster kyrkjelege fellesråd Leiar: Gunnar Smaadal. Tlf. 57 72 72 56 / 913 95 898 Sokneprest Vidar Bjotveit Kontortid måndag kl. 10–12 og tysdag kl. 9–14 eller etter avtale. Mob. 958 80 030. Priv. 57 72 67 07 E-post: soknepresten@jolster.kyrkja.no Presten har fridagar torsdag og laurdag.

Fungerande kyrkjeverje Jon Ivar Friborg Kontortid tysdag og torsdag kl. 9–15 Mob. 480 49 890 E-post: kyrkjeverja@jolster.kyrkja.no Kantor Rune Molvik Kontortid tysdag 9–15. Fri torsdag og laurdag. Har teneste ved evt. bryllaup på laurdagar. Priv. 57 72 84 77. Mob. 991 27 430 E-post: organisten@jolster.kyrkja.no Sekretær Gerd Aase Styve Kontortid tysdag og torsdag: 9–15.

Tlf. 57 72 38 50

Kyrkjelydsbladet blir sendt til alle husstandar i Jølster. Bladpengar 150 kroner årleg. Abonnentar utanfor kommunen får bladet tilsendt for 175 kroner. Abonnement på Hyrdingrøysta på epost er gratis. Bankgiro 3703 30 09225 Bladstyrar Rune Molvik Vikalia, 6843 Skei i Jølster Mob. 991 27 430 E-post: hyrdingroysta@gmail.com Bladstyret: Inger Lind Aasen og Marit Hartvedt. Vi takkar for betaling og støtte. Hyrdingrøysta er tilknytta og kan lesast på www.menighetsblad.no og på denne nettsida: www.kirkenorge.no/menighetsblad

EVA AARSETH Tlf. 57 72 75 88

JØLSTER BIBILOTEK

GRAVMINNE

opningstider

Kyrkjekontoret formidlar sal og oppussing av gravminne.

SKEI: Mandag 11–15, torsdag 15–19, fredag 11–15. Tlf. 57 72 61 48 VASSENDEN: Mandag 12–17, tysdag 10–14, onsdag 17–20. Tlf. 57 72 65 64

Kontakt kyrkjesekretæren på telefon 57 72 85 06 eller e-post: kyrkjekontoret@jolster.kyrkja.no

TANNLEGE SVEIN AASNES Tlf. 57 72 82 67 / 952 85 431

graving • sprenging • transport Levering av pukk, singel og grus

Tlf. 57 72 74 15 www.jolsterbygg.no

Tlf. 57 72 83 32 / mobil 957 59 694

Reed Foto 6827 Breim Tlf: 57 86 83 33 www.reedfoto.no post@reedfoto.no

Tlf. 03520 Avd. Skei

Dvergsdal & Sunde Bygg AS 6800 Førde, Telefon 57 72 70 44 Telefax 57 72 70 45 - E-post: forde@boligpartner.no www.skeihotel.no


HYRDINGRØYSTA Nr. 3/2010

15

Kyrkja

vår heim

Gudstenesteplanen kan bli endra; sjå oversikten på kyrkjesida i Firda, normalt i fredagsutgåva. Søndag 6. juni

Søndag 11. juli

Søndag 8. august

2. SUNDAG ETTER PINSE Luk. 12,13-21 HELGHEIM KYRKJE kl. 11:00 Liturg: Vidar Bjotveit Organist: Rune Molvik Dåp og nattverd

7. SUNDAG ETTER PINSE Matt. 16,24-27 HELGHEIM KYRKJE kl. 20:00 Liturg: Andreas Grossmann Organist: Vikar. Nattverd

11. SUNDAG ETTER PINSE Joh. 6,66-69 HAUGTUN kl. 11:00 Liturg: Vidar Bjotveit Organist: Rune Molvik

Søndag 18. juli

Søndag 15. august

8. SUNDAG ETTER PINSE Matt. 10,28-31 ÅLHUS KYRKJE kl. 11:00 Liturg: Reidar Knapstad Organist: Vikar Dåp og nattverd

12. SUNDAG ETTER PINSE Matt. 21,28-31 HELGHEIM KYRKJE kl. 20:00 Liturg: Vidar Bjotveit. Organist: Rune Molvik. Nattverd Konsert i Helgheim kyrkje kl. 20:00 (Sjå annonse s. 2)

Søndag 13. juni 3. SUNDAG ETTER PINSE Luk. 19,1-10 VASSENDEN KYRKJESENTER kl. 11:00. Liturg: Vidar Bjotveit Organist: Rune Molvik Dåp og nattverd, konfirmantar

Søndag 25. juli Søndag 27. juni 5. SUNDAG ETTER PINSE Joh. 8,2-11 ÅLHUS KYRKJE kl. 11:00 Liturg: Vidar Bjotveit Organist: Rune Molvik Dåp og nattverd HELGHEIM KYRKJE kl. 18:00 Liturg: Vidar Bjotveit. Organist: Rune Molvik. Nattverd

Søndag 4. juli 6. SUNDAG ETTER PINSE Matt. 16,13-20 SANDALEN kl. 11:00 Liturg: Vidar Bjotveit Kyrkjekaffi etter gudstenesta.

9. SUNDAG ETTER PINSE Matt. 7,21-29 HELGHEIM KYRKJE kl. 11:00 Liturg Andreas Grossmann Organist: Vikar Dåp og nattverd

Søndag 1. august 10. SUNDAG ETTER PINSE Luk. 12,42-48 ÅLHUS KYRKJE kl. 11:00 Liturg: Rigmor Frøyen Organist: Vikar Dåp og nattverd

Søndag 22. august 13. SUNDAG ETTER PINSE Matt. 12,33-37 VASSENDEN KYRKJESENTER kl. 11:00. Liturg: Vidar Bjotveit Organist: Rune Molvik Dåp og nattverd. Oppstartsgudsteneste HELGHEIM KYRKJE kl. 20:00 Liturg: Vidar Bjotveit. Organist: Rune Molvik. Nattverd. Oppstartsgudsteneste

Søndag 5. september ÅLHUS KYRKJE kl 11:00. Liturg: Vidar Bjotveit. Organist: Rune Molvik. Dåp. Presentasjon av konfirmantane.

Døypte ÅLHUS SOKN Vassenden kyrkjesenter: 14.03.10 Håvard Mangersnes 02.05.10 Linnea Kristine Jangård Hatlenes Ålhus kyrkje 18.04.10 Sara Båfjord Ismaili 18.04.10 Sondre Støfring 18.04.10 Anders Eskeland Grimsbø HELGHEIM SOKN 21.03.10 Aleksander Styve Erikstad 28.03.10 Sara Fonn 11.04.10 Nora Gåsemyr Helgheim 09.05.10 Tobias Huus Sjøstrøm

Gravlagde ÅLHUS SOKN 12.03.10 Inger Johanne Eide, f. 1944 21.05.10 Signe Marie Gjesdal, f. 1929 21.05.10 Steinar Bjørkelid, f. 1950 HELGHEIM SOKN: 12.03.10 Johanna Sunde, f. 1919 09.04.10 Jakob O. Førde, f. 1921 16.04.10 Håkon Nedrebø, f. 1912


16

Blide born med palmegreiner under inngongsprosesjonen på palmesøndag i Helgheim.

NR. 3/2010 – 71. ÅRG.

Her syng søndagsskulane på Vassenden og Skei ilag. Men kva song? Ingenting å utsette på innlevings-evna i alle fall.

Påska 2010 RUNE MOLVIK Tekst og bilde

Samling i samla flokk før bading

Opp frå det iskalde vatnet- og det fort!

Vidar feirar 10-års jubileum for påskeplasket

Firda Media AS, Førde

I fleire år har Helgheim kyrkje hatt gudsteneste fast på palmesøndag og 1. påskedag. So også i år. Palmesøndag er det familiegudsteneste, og det var dåp og song av søndagsskulane i Jølster; Skei og Vassenden. I starten av gudstenesta var det prosesjon med dåpsfylgje og søndagsskuleborna som bar palmegreiner inn. Ei flott gudsteneste vart det! Påskedag var det også samla mykje folk og konfirmantane bar inn påskeliljer i prosesjon. Denne dagen var det også dåp og vi song dei nye og gamle påskesalmane. Etter gudstenesta var mange spente på om det årlege påskeplasket vart noko av, men nokre konfirmantforeldre og Jølster Røde Kors hadde teke tak i isen, bokstaveleg talt. 10-års-jubileet kunne dermed feirast med eit ISKAAALDT bad!


Hyrdingsrøysta nr.3/10.  

NR. 3/2010 SOMMARNUMMER 71. ÅRG. • Våre «nye jølstringar» • Konfirmantane i Jølster 2010 • 3. klassingane i Jølster fekk Barnesalmeboka Les...

Advertisement
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you