Page 1

God påske

Nr. 1 – 2010 41. årgang

Foto: Morten Gravdal


Side 2

Kyrkjeblad for Norddal

Selgeren Jeg er i salg og har lært at folk bruker penger på det de vil ha, men ikke trenger bare det fenger. Jeg er i salg og har lært at ved et valg velger folk det populære ikke det som kan nære trøste og bære. Jeg er prest og kjenner kval over sjelden å få et salg av det folk virkelig trenger som nærer, trøster og bærer men ikke fenger. Jeg er prest og kjenner glede ved å fortelle at han som lurte deg, svek deg, plyndret deg ligger i lenker og tenker: Hva gikk galt? Jeg brukte jo: de rueste bjelkene, de groveste naglene, de spisseste tornene de råeste mennene og keiserens segl.


Kyrkjeblad for Norddal

Side 3

Nytt frå soknerådet Årsmelding for 2009: Årsmeldinga for 2009 er godkjend av soknerådet og lagt fram for kyrkjelyden på kyrkjelydskvelden 25. mars. Den er elles lagt ut i kyrkjene og på rådhuset, eller du kan lese den på heimesida www.norddal.kirken.no I årsmeldinga kan du bl.a. lese om samansetjing av sokneråd, utval, stab. Takk til alle frivillige som står på år etter år. Nytt om kyrkjene og kyrkjegardane. Økonomi, statistikk, kyrkjebladet. Det er også skrive ein del om kyrkjelydsarbeidet og kva som har vore av aktivitetar i

2009. Nytt i 2009 er at Amigosklubben starta opp att på Sylte bedehus i haust. Elles går kyrkjelydsarbeidet og diakoniarbeidet sin gang med faste aktivitetar og med om lag same oppslutning som tidlegare. Nye satsar for leige av kyrkjene: Soknerådet har på nytt hatt oppe sak om ulike satsar for leige av kyrkjene og andre ting. I nokre tilfelle har det vore litt uklart formulert, og dette er det no forsøkt å klargjere. Følgjande satsar gjeld for kyrkjer og kyrkjegardar i Norddal:

Nye satsar

Kommentarar

Festeavgifter (pr år)

75

Festetida er 10 år.

Stell av graver (legat)

750

Gjeld kun legatgraver

Oppretting av gravminne

450

Enkel oppretting kr. 200

Graving av grav (utanbygds)

2500

Leige av kyrkje (utanbygds vigsel/gravferd)

2500

Gratis når foreldre bur i kommunen

Leige av kyrkje (anna trussamfunn)

1500

Leige av kyrkje (lokal arr. utan bill.innt.)

10% av inntekt

Minimum kr. 500.

Leige av kyrkje (ekstern arrangør)

10% av inntekt

Minimum kr. 1000.

Leige av kyrkje (konsertar m/bill.innt lokal arr.) 10% av bill.innt.

Minimum kr. 1000 / max 5000

Leige av kyrkje (konsert utan lokal arr.)

15% av bill.innt.

Minimum kr. 2000.

Leige av gravtiner

200 pr. døgn

Grunnpris: kr. 300.

Leige av klippeutstyr/snøfres/tilhengar

300 pr. døgn

Satsane gjeld frå mars 2010.

Utvida samarbeid mellom fellesråda: Fellesråda i Austre Sunnmøre har samarbeidd sidan 2005 på ulike område. Det starta med felles server og programvare, og der kyrkjeverja i Norddal har hatt ansvar for lønskøyring og rekneskapsavslutning for alle fellesråda. Det har først og fremst vore eit samarbeid mellom kyrkjeverjene, men har gradvis utvikla seg på fleire område. No har kyrkjeverjene eit ønske om at samarbeidet kan utvidast endå meir, bl.a. for å utnytte personalressursane betre

KA (Kirkens arbeids og interesseorganisasjon) har skissert 3 modellar for samarbeid. Dagens samarbeid er etter modell I. Modell II handlar om vertsfellesråd på ulike område og modell III er samanslåing av fellesråd. Fellesråda har gjort eit prinisppvedtak om at det skal jobbast vidare med utvida samarbeid mellom fellesråda i Austre Sunnmøre. Det blir presisert at samarbeidet gjeld fellesrådsfunksjonane og påverkar såleis ikkje sokneråda elles.


Side 4

Kyrkjeblad for Norddal

Tankar frå soknerådsleiaren 2009 har vore eit arbeidsår for staben og soknerådet i Norddal som ikkje har avvike mykje frå tidlegare. Eit unntak er soknerådsvalet som vart halde same dag som stortingsvalet. Mange nytta høvet til å stemme på nye medlemmar til soknerådet då dei likevel var på staden for å gjere si borgarplikt i valet på nytt storting. Dei seinare åra har det vore halde ei økumenisk friluftsgudsteneste på Alstad med ei historisk pilegrimsvandring. Dette vil og verte gjennomført i år. Eg oppmodar folk om å møte fram og ta del i denne begivenheita. Når det gjeld kyrkjene våre, har det i 2009 vore utført mykje arbeid. Norddal kyrkje har fått nytt varmeanlegg, og i Sylte kyrkje er det restaurert vindauge. Vi har søkt om løyving til å fullføre restaurering av vindauge og til å måle sørveggen på Sylte kyrkje. Det viktigaste er vel det som går føre seg innanfor veggane i kyrkjene, men vi har og eit stort ansvar når det gjeld å ta vare på sjølve bygga. Vi veit kva den kristne arven vår som er bygd over dei ti bod, har betydd for samfunna i vår del av verden, og dei praktfulle forseggjorte kyrkjebygga vitnar om kor høgt gudstrua har vore i samfunnet vårt gjennom generasjonar.

Soknerådet støttar opp om det friviljuge kristne arbeidet som vert drive blant born og unge i kommunen. Kven hugsar ikkje attende til då vi sjølve gjekk på søndagsskule eller yngres, og den fine fellesskapen ein opplevde der, og den lærdomen som har vore så god å ta med seg vidare i livet. Vi takkar dei som brukar mykje av si fritid til dette viktige arbeidet, og til dei som friviljug stiller opp til klokkarteneste i begge kyrkjene. Presten er opptatt av å få med seg yngre menneske til å ta del i gudstenesta, og då gjerne med song og musikk. Det har vore fleire opptredenar med flinke lokale krefter i kyrkjene, og det vert arbeidd vidare med å engasjere yngre. Eg ser det naturleg at ein ”mjuker opp” t.d. musikkstilen i kyrkja som har lettare for å fengje dei yngre. Den vise kong Salomo var ein gong nær ved å kome i den største ulukka midt i forsamlinga (blant folket). Han begrunnar dette slik (frå Salomos ordtøke):

”Eg høyrde ikkje på dei som rettleidde meg, og lydde ikkje på dei som lærte meg”. Dette er visdomsord til ettertanke. Vi har ein prest som er tilgjengeleg for folket, og ei diakoniteneste som folk kan nytte. Eg takkar dei andre medlemmane i soknerådet og staben for det gode samarbeidet, og ynskjer innbyggjarane og gjestane i kommunen vår eit framleis godt og triveleg år i Norddal. Kjell Rødven


Kyrkjeblad for Norddal

Side 5

Fjellrosa sin basar

Tre engasjerte leiarar: Margaret Orvik Eide, Lisen Eide og Norlaug Indreeide. Eli Løvoll var ikkje til stades .

I år arrangerte barneforeninga på Eide bedehus sin 29. basar på rad, og i den forbindelse feira dei 30 års jubileet for foreninga. Borna har alltid laga gevinstane sjølve til denne basaren, (med ein god posjon hjelp) og såleis måtte dei ha det første året på seg til å lage gevinstar. Det var i 1980 at Dagny Lovise Eide, Norlaug Indreeide og Eli Løvoll hadde den første foreninga, og sidan har det vore mange born oppetter åra som har fått glede av å kome i hop, høyre om Jesus og lage gevinstar. Fleire har hjelpt til underveis, Norlaug og Eli slutta etter 7 år, og sidan har Margaret Eide stort sett vore med. Foreldra har stilt opp også i alle desse åra, sendt borna sine på forening, hjelt til undervegs, og baka til alle basarane. Når vi kjem, står gevinstane på rekke og rad, store på listeborda, og dei minste på tombolabordet. Barna sel lodd, mat, og hjelper til der det trengs. To av dei største leier basaren, dei er som hjelpeledarar å rekne no. Eg forstår fort at dersom eg skal få tombolalodd, må eg stille meg i kø, for når køa er vekk, er også alle rullelodda borte. Små og store rullar, nokon vinn, og andre ”grev seg ned i ein djup frustrasjon” (overhøyrt setning frå ein gut som ikkje hadde vunne endå.. ) Dagny Lovise går rundt og pratar med folk,

det er heilt fullt, og mange av foreldra til borna som høyrer til i Fjellrosa, har også gått i foreninga som barn. Det er mange her som er glade i Dagny, eller Lissen som ho vert kalla her. Ordet vert gitt til ordføraren som er til stades med familien sin, og då forstår Dagny Lovise at ho er meir hovedperson en ho ynskjer å vere, for nokon har tipsa kommunen om ei flott dame som har stått på i 30 år for borna og for Jesus, og i mangel på roser, får ho ein fin bukett tulipanar, og ein gavesjekk. Ordføraren dristar seg til å kalle Dagny Lovise for ei Fjellrose, og han kjem gjerne tilbake neste år på basar. Gudrun Uri held ein kort andakt, og på vegne av soknerådet overrekker også ho blomster til Dagny Lovise, som er beskjeden, og gjerne deler heder og ære med dei andre som har vore med å leia foreninga opp igjennom åra. Når alle har kjøpt dei lodda dei vil, og kjøpt seg kaffi og mat, er det tid for trekning, og den eine premien finare enn den andre vert trekt. Vogger, små kommodar, t-skjorter og mykje meir. Dette ha vore vel anvendt tid, eg oppmodar alle som kan å ta turen hit neste år, når Fjellrosa skal arrangere sin 30. basar.


Side 6

Kyrkjeblad for Norddal

Rune Bratseth:

– Søndagsskolen viktigare enn nokon gong!

Rune Bratseth anbefalar søndagsskolen.

– Vi har i dag mista nokre arenaer for å gi barna den kristne kulturarven. Difor er søndagsskolen viktigare enn nokon gong. Det seier tidlegare proff og landslagskaptein i fotball, Rune Bratseth til Søndagsskolen sin nettstad.

– Det eg hugsar best er bibelforteljingane, flanellografen og korta med stjerner. Og så hugsar eg at det var viktig at vi ikkje utsette avgjerda om å bli kristen til vi var gamle! Vi var aktive barn, men eg hugsar søndagsskolen som noko veldig positivt, seier Rune. Då han var fotballproff i Tyskland, gjekk barna hans på søndagsskole i Bremen, og då familien flytta heim til Trondheim etter utanlandsopphaldet, heldt barna fram med å gå på søndagsskolen i Byåsen kirke. Bratseth seier at vi i dag har mista nokre arenaer for å gi barna den kristne kulturarv. - Søndagsskolen er ein viktig arena, og ein kulturskatt for barna. Søndagsskolen er derfor viktigare enn nokon gong, seier den tidlegare fotballproffen. KPK

Plan for trusopplæring: GUD GIR – VI DELER: ”På same måte som nyfødde må lære livet å kjenne, må dei døypte lære å kjenne den treeinige Gud som dei blir døypte til”. Kirkerådet har no utarbeidd plan for trusopplæring ”GUD GIR – VI DELER”, og sendt ut til alle kyrkjelydane. Denne planen skal vere ein reiskap for å utvikle ei fornya trusopplæring i Den norske Kyrkja. Dette er ein rammeplan og eit ressursdokument som skal stimulere arbeidet med å utvikle og gjennomføre lokale planar for trusopplæring. I stortingsvedtaket om reforma ligg det som ein føresetnad at alle kyrkjelydane vil få tilført midlar til å fornye trusopplæringa si. Soknerådet har ansvaret for at det blir utarbeidd ein lokal plan. Seinast tre år etter at midlar til trusopplæring er tildelt, skal den lokale planen godkjennast av biskopen. Meininga er at alle kyrkjelydane etter kvart

skal få midlar til å drive fullskala trusopplæring for alle døypte mellom 0 og 18 år. I vårt prosti har Sykkylven fått midlar og Skodje, Ørskog og Stordal har eit fellesprosjekt som har fått midlar. I dei neste åra vil det vere heile prosti som får midlar, og det skulle vere håp om at heile Austre Sunnmøre prosti får tilført midlar i løpet av dei to neste åra. Då vil også Norddal sokn kunne utvide tilbodet i trusopplæringa.


Kyrkjeblad for Norddal

Side 7

Tankar frå konfirmantar Konfirmantane i Eidsdal fekk spørsmål om å skrive ned nokre tankar om korleis dei opplever konfirmanttida. Her er det som vart notert: - Det er spennande og lærerikt, og det er veldig kjekt. - Eg synest det er kjekt, og eg treff nye folk. Og eg lærer mykje nytt. - Det er artig, og du får oppleve ein del ting som: Å møte andre og fare på leir! Ei minnesverdig tid i livet ditt. - Eg synest det er kjekt og morosamt å vere konfirmant. Eg lærer mykje nytt om Jesus og Gud. - Det var heilt annleis enn eg hadde tenkt. Ganske interessante historier! - Det er greitt, men nokre av timane kan vere litt kjedelige. Eg synest det av og til er litt skummelt å gjere ting i kyrkja framfor folk som er der. - Det er veldig kjekt og interessant. Kvar time lærer vi mange nye ting, og det er bra!

Konfirmantane i Eidsdal.


Side 8

Kyrkjeblad for Norddal

Sudoku

6 5 3 3 2

4 1

6 3

4 3 1


Kyrkjeblad for Norddal

Side 9

Vannrett 1. Guttenavn 6. Skuespiller …. Vogt 8. 7 dager 10. Drikk 11. Tall 12. Fisk Loddrett: 1. Stor kopp 2. Farbror 3. Tall 4. Jentenavn (uten d) 5. Fugl 7. Jentenavn 8. Tidl. kjæreste


Side 10

Kyrkjeblad for Norddal

Utdeling av biblar til 5. klasse 31. januar var det Bibeldagen, og det var familegudsteneste i begge kyrkjene denne søndagen. Også dette året var 5. klassingane inviterte til kyrkja for å få Biblar frå kyrkjeyden. Dei aller fleste møtte opp og fekk Biblane sine utdelt i kyrkjene. Det har vore vanleg at Bibelselskapet har fått offer på Bibeldagen, men i år valde vi å dele offeret på Bibelselskapet og barne- og ungdomsarbeidet i kyrkjelyden. På denne måten kan vi støtte Bibelarbeidet både ute og heime.

Her har 5. klassingane på sørsida fått Biblane sine i Norddal kyrkje.

5. klassingane på nordsida fekk Biblane sine i Sylte kyrkje om ettermiddagen.


Kyrkjeblad for Norddal

Blomster y y y y y

BLOMEFONDET

Tanken med blomefondet er å gje høve til å heidre minnet til ein avdød ved å gje pengar til dette fondet i staden for å sende blomar eller kransar til gravferda.

Bryllaup Konfirmasjonar Barnedåp Gravferd Selskap

Vi leverer blomster kvar dag til: Stranda, Hellesylt, Sykkylven, Liabygda, Ålesund, Stordal, Valldal, Eidsdal, Norddal og Geiranger

Side 11

Blomefondet kan brukast til pynting i og omkring kyrkjene. Det kan også bli kjøpt inn enkle reiskap som er disponible på kyrkjegardane. Coop Eidsdal, H.L. Muri og kyrkjekontoret sel blomekort. ®

Stranda Blomster AS Sjøgata 6 – 6200 Stranda – Tlf. 70 26 13 29/41 02 67 38

Det må markerast dersom nokon vil at kortet skal lesast opp i kyrkja. Gåver 2009 pr. 31.12.(kto) kr. 4059,-

Brukt 2009 pr. 31.12. kr. 2365,-

Status pr. 31.12. kr. 4.385,-

Blomsterbutikken Blomsterbinding til sorg og glede Gravferdshjelp – Bårebil – Kyrkjepynting

Vi hjelper til ved henting frå sjukehus t.d. og transporterer til kyrkje eller krematorium. Vi hjelper gjerne til, om pårørande treng råd og hjelp i høve dødsfall. Du treffer oss på tlf. 70 25 75 44, 70 25 70 03 eller 97 04 33 97. Elles kan vi kontaktast gjennom kyrkjeverjen, tlf. 70 25 88 95. Vi er agent for Øyen Stenhuggeri AS, og tek imot tinging av gravkors – gravminne (gravstein).

Fjørå, 6210 Valldal – Tlf. 70 25 75 44 – Faks 70 25 70 25 – kare.strom@adsl.no

Kåre Strøm og Anne Inger Vullum Strøm Vikja – 6210 Valldal – Tlf. 70 25 75 44 – Faks 70 25 70 25 –Epost: kaarstro@frisurf.no


Side 12

Kyrkjeblad for Norddal

AMIGOS-klubben på

Det som i ”alle” år har vore S-klubben på bedehuset på Sylte, heiter no ”AMIGOSklubben” Amigos er spansk og tyder venn. Heidi Hoel og Annbjørg Rødset hadde S-klubb frå januar 1991 til mai 2007. Tove Grønbeck og Unni Rødven har og hjelpt til innimellom. Etter at klubben har hatt pause i to år, starta Heidi Hoel på nytt i haust i lag med Gudrun Uri frå kyrkjekontoret, og no heiter det AMIGOS. Dei som kjem er mellom 2.–6. klasse, og nokre av konfirmantane har også vore innom. Borna kjem etter skuletid og vert henta klokka 16.00.Vi et bollar, har andakt, syng, har leikar og ulike aktivitetar. I desember baka vi julekaker som dei fekk ta med seg heim, og nokre av kakene lodda vi ut på avslutningsfesten før jul. Då var foreldre invitert, og vi hadde ei fin stund i lag. Vi har også utlodning kvar gong, og pengane går i år til ein barnehage med leikeplass tilrettelagd for funksjonhemma barn i Slovakia.

Det er ein flott gjeng på om lag 10 born som er der, og alle som vil, er velkommen. Det skal vere 13. og 27. april så tek vi pause til hausten. AMIGOS-regle: Tok-tok-tok, ke-ke-ke, jà-jàjà, pase-pase-pase, hòla, amigo como estas? Det tydet bank på, kven er det, det er eg, hei ven, korleis har du det?


Kyrkjeblad for Norddal

Sylte bedehus

Side 13

Søndagsskulen sin juletrefest Tradisjonen tru var det juletrefest med søndagsskulen 3. juledag på Sylte bedehus. Borna kom inn syngande prosesjon slik dei brukar, og etterpå vart jule evangeliet lest, medan borna var englar, gjetarar, Maria og Josef. Nytt av året var at ein elefant hadde

lurt seg med i opptrinnet… Marit Øvrevoll leia oss igjennom juletrefesten, med hjelp av Monica Rødven og andre hjelpte også til underveis. Vi kosa oss med fin sang frå søndagsskuleborna, film og kaffi til våre medbrakte kaker. Alle borna fekk godteposar, og dei som ville kunne kjøpe med seg heimat ein elle fleire. For dei som ikkje hadde med kaker vart det og ei råd, og jammen trur eg at det blei til overs også. Etterkvart blei golvet rydda, og vi fekk gå runt juletreet og synge våre kjære julesangar av full hals. Der vart ein kjekk fest, og vi kunne reise heimat glade og fornøgde.


Side 14

Kyrkjeblad for Norddal

Kyrkjeblad for Norddal Utgjeve av Norddal sokneråd. Redaksjon: Grete Hoel, Gunvor Sirevåg, Tone Løvoll Kleiva, Gudmund Relling Kasserar: Norddal sokneråd, 6210 Valldal. Bankgiro: 4020.30.03805 Bladet kjem ut fire gongar i året, vert sendt alle heimane og er finansiert med gåver. Norddal kyrkjekontor: Måndag – fredag: kl. 09.00 – 15.00 Tlf. 70 25 88 95 Mobil 416 13 364 Faks 70 25 88 01 E-post: norddal@kirkeserver.no Kyrkjeverje: Magne Eivind Glomnes, tlf. 70 25 88 95 kyrkjeverje.norddal@kirkeserver.no Ungdoms- og diakoniarbeider: Gudrun Uri, tlf. 70 25 88 96 Onsdag, torsdag og fredag. Organist: Odd Gunnar Myklebust, tlf. 908 34 212 Sokneprest: Morten Gravdal Tlf. 70 25 88 97 Mobil 90 16 27 59 sokneprest.norddal@kirkeserver.no Kyrkjetenar/kyrkjegardsarb.: John Inge Smoge Tlf. 976 70 034 www.norddal.kirken.no

Takk for gåver!

DØYPTE 08.11.2009 LUCAS ANDRÈ OVERÅ HØIHJELLE 06.12.2009 NORA INDREEIDE 24.12.2009 JON ARVE LØVOLL 25.12.2009 LINA WALSETH MELCHIOR 26.12.2009 JACOB THEODOR LINGAAS 17.01.2010 MAGNUS JOHNSEN GRØNMO 31.01.2010 ISAK SARA‑TAFJORD 07.02.2010 MALI ØYBREKKEN SUNDE 21.02.2010 MARTIN HEGGEN GRAVLAGTE 12.11.2009 PETRA VEIBERG 13.11.2009 MARGOT SELBOSKAR 04.12.2009 GUDRUN MARIE SANDNES 11.12.2009 NANSI LINGÅS 08.01.2010 PER BERGE 19.01.2010 ASBJØRG ANNA OS HJELME 29.01.2010 MARTIN LEONHARD HJELME 02.02.2010 NILS KARSTEIN DØVING 05.02.2010 ELDRID JOHANNE LINGE 18.02.2010 PETRA STORÅS


Kyrkjeblad for Norddal

Side 15

GUDSTENESTELISTE Søndag 28.03. 2010 PALMESUNDAG Joh. 12,12‑24 Tafjord ungdomshus. kl. 11:00 GUDSTENESTE MORTEN GRAVDAL Takkoffer til Den Norske Israelsmisjon.

Torsdag 13.05. 2010 HELGETORSDAG Apg. 1,1‑11 SYLTE KYRKJE. kl. 11:00 SAMTALEGUDSTENESTE MORTEN GRAVDAL Takkoffer til Konfirmantarbeidet i kyrkjelyden.

Torsdag 01.04. 2010 SKJÆRTORSDAG Joh. 13,1‑15 NORDDAL KYRKJE. kl. 17:00 GUDSTENESTE Nattverd MORTEN GRAVDAL Takkoffer til Normisjon.

Søndag 16.05. 2010 6. SUNDAG ETTER PÅSKE Joh. 17,9‑17 NORDDAL KYRKJE. kl. 11:00 SAMTALEGUDSTENESTE MORTEN GRAVDAL Takkoffer til Konfirmantarbeidet i kyrkjelyden.

Fredag 02.04. 2010 LANGFREDAG Mark. 15,20b‑37 SYLTE KYRKJE. kl. 17:00 GUDSTENESTE MORTEN GRAVDAL

Mandag 17.05. 2010 17. MAI Joh. 12,35‑36 SYLTE KYRKJE. kl. 12:00 GUDSTENESTE MORTEN GRAVDAL Takkoffer til Åpne dører.

Søndag 04.04. 2010 PÅSKEDAG Joh. 20,1‑10 NORDDAL KYRKJE. kl. 11:00 HØGTIDSGUDSTENESTE MORTEN GRAVDAL Takkoffer til Misjonsalliansen. Mandag 05.04. 2010 2. PÅSKEDAG Joh. 20,11‑18 SYLTE KYRKJE. kl. 11:00 HØGTIDSGUDSTENESTE Nattverd MORTEN GRAVDAL Takkoffer til Barne og ungdomsarbeidet i kyrkjel.. Søndag 18.04. 2010 2. SUNDAG ETTER PÅSKE Joh. 21,15‑19 NORDDAL KYRKJE. kl. 11:00 FAMILIEGUDSTENESTE MORTEN GRAVDAL Takkoffer til NMS. Barnas Misjonsdag Søndag 25.04. 2010 3. SUNDAG ETTER PÅSKE Joh. 14,1‑11 SYLTE KYRKJE. kl. 11:00 FAMILIEGUDSTENESTE MORTEN GRAVDAL Takkoffer til Acta, Barn og unge i Normisjon. Søndag 02.05. 2010 4. SUNDAG ETTER PÅSKE Joh. 15,10‑17 NORDDAL KYRKJE. kl. 11:00 HØGMESSE Nattverd MORTEN GRAVDAL Takkoffer til IKO ‑ Kirkelig pedagogisk senter. Søndag 09.05. 2010 5. SUNDAG ETTER PÅSKE Matt. 6,6‑13 EIDE. kl. 11:00 FRILUFTSGUDSTENESTE M.GRAVDAL Takkoffer til Barne og ungdomsarbeidet i kyrkjel. Søndagsskuleavslutning

Lørdag 22.05. 2010 PINSEAFTAN Joh. 7,37‑39 SYLTE KYRKJE. kl. 11:00 KONFIRMASJON MORTEN GRAVDAL Takkoffer til Barne og ungdomsarbeidet i kyrkjel.. Søndag 23.05. 2010 PINSEDAG Joh. 14,15‑21 NORDDAL KYRKJE. kl. 11:00 KONFIRMASJON MORTEN GRAVDAL Takkoffer til Barne og ungdomsarbeidet i kyrkjel.. Søndag 06.06. 2010 2. SUNDAG ETTER PINSE Luk. 12,13‑21 NORDDAL KYRKJE. kl. 11:00 HØGMESSE Nattverd MORTEN GRAVDAL Takkoffer til Misjonshøgskolen. Søndag 13.06. 2010 3. SUNDAG ETTER PINSE Luk. 19,1‑10 SYLTE KYRKJE. kl. 11:00 HØGMESSE Nattverd MORTEN GRAVDAL Takkoffer til Bildøy Bibelskole.

HVORDAN HAR DU DET egentlig?

815 33 300


Returadresse: Norddal kyrkjekontor 6210 Valldal

Påskemorgen slukker sorgen Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid; den har oss givet lyset og livet, lyset og livet i dagning blid. Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid. Redningsmannen er oppstanden, er oppstanden i morgengry! Helvede greder, himlen seg gleder, himlen seg gleder med lovsang ny. Redningsmannen er oppstanden, er oppstanden i morgengry! Sangen toner, vår forsoner, vår forsoner til evig pris; han ville bløde for oss å møte, for oss å møte i paradis. Sangen toner, vår forsoner, vår forsoner til evig pris. Bøtt er brøden, død er døden, død er døden som syndens sold!* Nå ligger graven midt i gudshaven, midt i gudshaven i Jesu vold. Bøtt er brøden, død er døden, død er døden som syndens sold.

Kyrkjelydsblad for Norddal nr.1/10.  

Nr. 1 – 2010 41. årgang Foto: Morten Gravdal Kyrkjeblad for Norddal Jeg er i salg og har lært at ved et valg velger folk det populære ikke d...

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you