Issuu on Google+

Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Nr. 3 – oktober 2009

Ny prostiprest

Knarvikmila

Mongolia

Heimeleir

«Så spring eg ikkje utan mål; eg er ikkje som ein nevekjempar som slår i lause lufta.» 1. Kor. 9,26


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Alversund kyrkjekontor Kyrkjevegen 1, 5911 Alversund Tlf. 56 35 73 70 Fax. 56 35 73 71 alversund@lindas.kirken.no Opningstider: tysd. – fred. kl.10.00-15.00 Stab Fungerande prost: Geir Sørebø 957 29 172 prosteniytresogn@c2i.net Sokneprest: Åge Palmesen 56 35 73 76 age.palmesen@lindas.kirken.no Sokneprest: Børge Ryland 56 35 73 75 borge.ryland@lindas.kirken.no Prostiprest: Even Fanebust 950 89 612 even.fanebust@lindas.kirken.no Sekretær: Mariann Nepstad 56 35 73 70 mariann.nepstad@lindas.kirken.no Kantor: Odd Leif Mjøs 56 35 73 74 odd.leif.mjos@lindas.kirken.no Kyrkjekontakten Faks: 56 35 73 71 Redaktør: Terje H. Hella 56 35 13 87 Redaksjon: Jorunn Bernssen Monika Bøkevoll Aarland. Rekneskap: Mariann Nepstad 56 35 73 70 Layout/setting: Terje H. Hella ID fix design 93 006 007 Framsidefoto: Terje H. Hella Knarvikmila Trykk: Trykk-Service A/S Url: www.menighetsblad.no Sokneråd Alversund sokneråd: Vidar Rydland 56 35 20 09 Seim sokneråd: Lars Hjelmtveit 911 89 506 Lygra sokneråd: Kari Dahl 56 35 51 12 Kontonummer kontonr.

3632.53.60741

Lindås Kyrkjelege fellesråd Knarvik Senter 56 35 62 00

Over i ny jobb

Andaktsholder i dette nr. er Arild Stangeland. Han er engasjert i barne- og ungdomsarbeid i Knarvik, Fredagsklubb og skulekorps. Han er utdanna psykiatrisk sjukepleiar og er i dag tilsett i Helse Bergen, i ei delt stilling som seksjonsleiar, og som prosjektleiar i arbeidet med å innføre nytt journalsystem i Helse Bergen.

Ordet, valg og Kirken Andakt ved Arild Stangeland

O

rdene er makt, hvordan vi bruker dem og hva vi legger i dem er nok forskjellig, men det er verdt å skjenke dette en tanke. De siste årene har jeg vært opptatt med «kirke i Knarvik». Både i tankene, som tidligere medlem i soknerådet, og som kristen. Men etter hvert har jeg tenkt litt på ordet kirke, (med stor eller liten k?), ­– for hvem, – min kirke, – kirke i Knarvik eller er det Guds kirke på jord? Kirken i Knarvik er nødvendigvis ikke bare det konkrete kirkebygget! Jeg ønsker en levende kirke hvor vi kan spre Guds ord, – her i vårt sokn! Det er kanskje ikke så stort, men stort nok til at det ennå er mange som ikke har tatt i mot Ordet. Jeg ønsker meg en kirke som ikke er så opptatt av forskjellene, men mer av likheter. Jeg pleier å si at vi har samme oppdragsgiver: «… gå derfor ut og gjør alle folkeslag til disipler…» (Matt. 28, 19) Stortingsvalget er nettopp over, noen er fornøyd med utfallet av valget, andre ikke. Valgdeltagelsen var den laveste på mange år. Kirkevalget får ikke så mye medieoppmerksomhet, hvis vi ser bort fra valgkortene da, men også dette valget er viktig. Det er mange valg vi står overfor, og de av dere som leser dette har vel foretatt DET viktigste valget, – å ta i mot Jesus. Det er et valg for evigheten! Men på hvilken måte kan vi velge for våre barn, – egne og andres? Jeg håper, – at når kirken manifesterer seg som en bygning i Knarvik, – kan mange flere være med å spre Guds ord, slik at mange kan finne veien til Sannheten og til fellesskapet i Kirken.

s.2

Helge Hitland har slutta i stillinga som prost i Nordhordland, og har gått over til ein stilling som personalprest ved Bjørgvin bispedømekontor. Hans siste embetshandling som prost var ein ordinasjon i Meland kyrkje i slutten av september. Vårt distrikt har med dette mista ein dyktig forkynnar og ein person som er høgt skatta rundt om i kyrkjene våre. I si forkynning har han alltid lagt vekt på å formidla Guds kjærleik og nåde, og dette har han og trekt fram i avskjedshelsinga si til kyrkjelydane våre. Den forteljinga som har betydd mest for mitt gudsbilde er forteljinga om den bortkomne sonen. (Luk 15.) Det er ei av perlene i Bibelen. Det eg syns er det finaste i denne forteljinga er det som blir sagt om faren: Hans famn er like open og raus anten vi kjem til Han med eit øydelagt liv eller om vi har vore hos Han alltid. I denne forteljinga blir det teikna eit flott bilde av Gud. Han vil alltid vere som ein far som lengtar med uro etter sine bortkomne søner og døtre. Han er utrøsteleg i si lengting. Tenk ­– den Gud som har skapt heile universet, bryr seg om den eine. For meg er det fantastisk. Vi er skapte i Guds bilete og er elska av Han. Guds kjærleik var der før du blei født og er der i dag. Kvart einaste menneskebarn er meir verdt enn heile verda. Vår storhet eller verdi for Gud kjem ikkje av kor flinke, kor kreative vi er

eller kor pene vi er. Vår verdi er gitt oss av Gud som skapte oss og veit om oss. Din verdi som menneske fekk du før du hadde gjort noko som helst. Denne uendeleg store verdien tek du med deg heile livet. Gud har sett sitt rause verdistempel på oss alle og ingen ting av det som skjer med oss i livet kan forandre på dette. Gud syng framleis sin kjærleikssong for deg og alt det skapte. Og der denne songen når fram, spirer det fram liv. Dette er ein kjærleik som aldri tek slutt. Vi er Guds gullklumpar, hans yndlingsbarn. Gud kan ikkje miste ein einaste ein. Og ingen har mista meir enn Han. Kvar dag er det somme som snur ryggen til Farshuset. Vi veit vel alle litt om kor vondt det er å miste nokon vi er glade i? Anten det er venskap som blir brutt, ein ektefelle som ikkje orkar meir. Eller det er eit barn som kjem på

s.3

avvegar. Dette er smertelege tapsopplevingar som er tunge å bere. Slik trur eg det er for Gud for kvart menneske som går bort frå Han. Ei intens smerte. Ein lengt som aldri stilnar. Ei utrøsteleg sorg. For Han er ein Far som alltid kjem i mot oss med opne armar. Og gler seg over alle som finn tilbake til Farshuset. Er det ikkje flott å få lov til å tru på ein slik Gud? «Ingen har nokon gong sett Gud, men Jesus har vist oss kven han er.» (Joh 1,18.) «Jesus er bilde av den usynlege Gud.» (Kol 1,15.) Jesu liv har eitt mål: Å vise Guds rause, utømmelege, grenselause mors- og farskjærleik til oss. Ingen ting viser meg den rause Gud på ein finare måte enn å sjå korleis Jesus møtte menneske. Eg er så glad for at eg er blitt kjent med den rause og nådige Gud. Helge Hitland


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Den nye prostipresten i Nordhordland

på Knarvikmila

Av Terje H. Hella

Av Børge Ryland

Gudstenesta ved Gamleskulen under Knarvikmila, har no vorte ein tradisjon. Det er dei som vel naturløypa som får høve til å vera med på dette.

«Kyrkjekontakten» har møtt den nye prostipresten til ein prat og fekk ønskje henne velkommen til Alversund. Marianne Støylen Skauge er tilsett som prostiprest i Nordhordland prosti. Tenesta er fordelt med 60 prosent i Radøy sokn, og 40 prosent i prosjektstilling retta mot born og unge familiar i Radøy, og i Alversund sokn: Hilland, Alversund og Alvermarka. I prosjektdelen vil ho få ein dag i veka i Radøy og ein dag i Alversund. Dialekten din røpar at du kjem frå Sunnmøre? Ja, eg brukar å sei at eg kjem frå Fosnavåg sidan mange kjenner den staden betre enn kommunenamnet Herøy. Kva har vore din veg fram mot prestestudiet? Vegen har vorte til etterkvart trur eg vi kan seie. Familien min var ikkje aktivt med i kristen samanheng. For meg vart derfor ungdomstida viktig. Både i Kyrkja, men mest i Frikyrkja var eg med i miljøet og brukte etterkvart mykje tid på dei ulike aktivitetane der. Der møtte eg vaksne som såg meg og som fekk meg til å kjenna at eg hadde ein plass å fylla. Eg vart rekna med og var viktig. Då eg gjekk i 10. klasse vart eg med på eit ungdoms-alfa kurs i Frikyrkja. Etterkvart vaks det fram at eg siste året på ungdomsskulen kunne seie: «Eg er kristen.» I det kristne miljøet vart eg

Sportsgudsteneste

interessert i teologiske spørsmål og eg hadde meiningar om mange ting. Mellom anna var eg ikkje for kvinnelege prestar. Då eg eit år valte å reisa til Stavanger for å arbeide i Misjonsbarnehagen Lasseliten, hadde eg med meg eit ønskje om å ta kristendom grunnfag på Misjonshøgskulen der; eg var nok ei av dei få unge, som gjennom lysbilete hadde fått interesse for misjon. Men endå var du ikkje klar for presteutdanninga? Nei, eg tenkte at sjølv om eg ikkje skulle bli prest, kunne eg jo ta ein bachelor i teologi. Eg klarte aldri å slutte på teologien. I løpet av eit semester praktisk teologi med kyrkjelydspraksis  og sjukehuspraksis  i Norge, og misjonspraksis i Thailand bestemte eg meg: Eg skal bli prest! Du er gift med ein prest òg, med Steinar Sneås Skauge?

s.4

Ja, vi gifta oss i 2005. Korleis hadde det seg at de søkte hit til Nordhordland, når heile verda låg open? Etter 7 år i Stavanger var vi klare for forandring. Med familie i Bergens-området hadde vi lyst å sjå om det kunne vere ein plass for begge to. Vi har likt oss godt når vi har besøkt slekta i Alversund og på Skauge her i Nordhordland, og synst det er fint her. Då det vart ledig stillingar som begge to kunne søkja på, var vi klare til å svara ja, om vi fekk sjansen. Steinar er undervisningsprest i Meland, men du har fått ei delt stilling, korleis tenkjer du om det? Eg synest nettopp det gjer stillinga interessant, og annleis. Den 27. september i år vart du ordinert til presteteneste i Manger kyrkje, ei spesiell dag for deg? Ja, den dagen hadde eg familie og

vener, og kyrkjelyden, med meg når eg vart ordinert til prest av biskop Halvor Nordhaug. Det var ein stor og høgtidelig dag, ei stor oppleving. Likevel kjenner ein seg fort litt liten mellom store ord. Denne dagen vart eg prest og utrusta til teneste. Etter ordinasjonen hadde vi ein flott fest med mykje glede. Velkomen til Alversund kyrkjelyd, Marianne. Gler du deg til å ta fatt? Ja, det gjer eg. No er skule og aktivitetar starta og eg kan ta til å bli kjent med folket i Alversund òg. Til tenesta mi høyrer òg gudstenester i Alversund kyrkje. Til slutt. Kvar bur de? Vi har kjøpt oss hus på Hilland her i Alversund.

I år var det rundt 100 personar som tok seg tid til å stansa opp for å få med seg gudstenesta. Til innledning spelte Håvard Olsen «Jeg råde vil alle» på saksofon. Prest Even Fanebust heldt preika

Vi ønskjer Guds rike signing over tenesta for både deg og mannen din, lukke til.

s.5

over 1. Johannesbrev 4, 7-10. Han bygde preika si på dei  greske orda eros – filia – agape. Alle desse 3 orda kan bety kjærleik. Eros står for erotikk, og han sa at det er mykje godt å sei om erotikken innanfor dei rette rammane. Filia står for vennskap, dette er noko ein kan gi og som ein så får tilbake. Til slutt stoppa han opp ved ordet Agape. Dette står for den fullendte eller grenselause kjærleik. Den kjærleiken som berre gjev utan å kreve noko tilbake. Han peikte i den samanheng på Guds store kjærleik i Jesus Kristus, som ga sitt liv for menneskeslekta. Denne kjærleiken kan vi som menneske berre ta i mot, men aldri på noko vis kunne gi tilbake. Til avslutning spelte Håvard Olsen den kjente salmen av Trygve Bjerkrheim: «Det er makt i de foldede hender».


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Gjevartenesta

Eit heilt SCR-team er i gang

i Mongolia Sosialprosjektet SCR, Strengthening Childrens Rights-prosjektet, har no starta det praktiske arbeidet som heilt team her i Khovd aiimag. Sosialprosjektet har tre ulike målgrupper. Eine er barn av nomadefamiliar som bur på internat. Når det gjeld arbeid inn mot internatbarna, har prosjektet no valt å starta i to ulike soum, og eit av dei er Duut. Duut er eit fjellsoum som ligg ca 1800 m.o.h., og er det høgastliggjane soumet i Mongolia. Det tek om lag tre timar å køyra dit frå Khovd by, men distansen er berre 60 km. Vegtilhøva er svært varierande, over slettelandskap, bratte steinete vegar og kryssing av elvefar, og nokre parti er som å køyra i ei svær steinrøys. Etter ein sterk sand- og snøstorm i vår, vart internatbygget i Duut øydelagt, og taket blas bort. Det var andre gongen på kort tid. Resten av skuleåret budde ein redusert elevflokk midlertidig fordelt på to klasserom i skulebygget. Mange barn budde heime i byggeperioden, og hadde difor inga undervisning resten av skuleåret. No er internatbygget nyrenovert, og elevane startar i nyoppussa rom. Her bur ca 70 barn fordelt på 45 senger. Det er eit stort ønskje frå leiinga av internatet at SCR skal hjelpe dei å skaffa nok senger til alle. Dei har no og fått installert

dusj som dei får nytta ein gong i løpet av helga. I tillegg har dei fått 5 handvaskar. Toalettet er framleis utandørs. SCR sitt opphald i Duut denne gongen var i samband med opninga av nybygget og oppstart av nytt skuleår. På programmet for SCR, stod m.a. kurs for foreldre. Som del av programmet vart det vist ein film om barnearbeid i Mongolia. Eit av problema her i landet er at barn ikkje får anledning til å ta skulegang, og må arbeide for å skaffa inntekt til familien. Øystein kom i prat med ein far som hadde tre jenter. To av dei gjekk her på skulen og budde på internatet, medan den eldste var heime. I løpet av samtalen spurde mannen om han var ein dårleg far som valde å ha ei av jentene heime? Ein av sosialarbeidarane i SCRstaben, Ollziiserhen (28), har sjølv budd på internatet i Duut som barn. Ho var særleg spent på å koma tilbake hit etter alle desse

s.6

åra sidan ho sjølv var elev ved internatet. Gjennom ein kortare samtale med henne, fortalde ho frå sine første dagar og veker som 1. klassing. Ho kjende seg svært aleine, langt heimanfrå. Familien hadde inga moglegheit til å besøke henne mellom dei to heimreisene som ho hadde for året. Faren var gjetar, og hadde nok med å oppretthalda saue- og geiteflokken. Ho var mykje redd den første tida, redd for å gå ut. Men ho minnest også at ho fekk venner etter kvart, og at ting betra seg. Men sakn etter foreldre og storfamilien var sterkt heile tida. Når vi spør Ollziiserhen om kva ho personleg meiner er eit viktig arbeidsmål i høve til internat og nomadebarna, svarar ho fort at det er å få engasjert foreldra i barna sin kvardag. Med denne oppdateringa om SCR, ønskjer vi alle ein fin haust. Helsing frå Mari og Øystein

– no er det tid for å melde seg på

Av Vidar Rydland

Alversund. Kontoret vil då registrere deg som gjevar. Autogiro-ordninga medfører at banken din vil få melding om å overføre den summen du vil gje til kyrkjelydsarbeidet. Banken stadfester avtalen og informerer deg om når overføringa startar. Du kan krysse av om du ønskjer skattefrådrag for gåva; – i så fall må du føre på fødselsnummeret ditt.

Det er sjølvsagt også høve til å gje gåver på andre måtar. Kyrkjelyden sitt bankkontonr. 3632 50 10635 skal nyttast til alle gåver. Dersom du ønskjer, kan du melde frå om eit bestemt formål som du vil gåva skal gå til. Har du spørsmål om ordninga, kan du ta kontakt med kyrkjekontoret på tlf. 56 35 73 70.

Gjevartenesta i Alversund kyrkjelyd starta hausten 2007. Arbeidet i kyrkjelyden er mangfaldig og vert i stor grad drive på dugnad, men har også ei økonomisk side. Soknerådet mottar meldingar om stor interesse og oppslutnad, og at arbeidet vert sett pris på. Dette utløyser naturleg nok ønske om fleire medarbeidarar og auka økonomisk støtte. Vi prøver å bidra så langt midlane strekk til, men opplever at det er vanskeleg å følgje opp i den grad vi gjerne vil. For å møte desse utfordringane er det behov for at fleire vert med i gjevartenesta. Nokre av dykk har sikkert lese om denne viktige tenesta tidlegare. Kanskje de har sett spørsmålet litt på vent ei stund og «tel framleis på knappane – skal/skal ikkje». No er tida inne til å melde seg som gjevar. Vi oppmodar alle som er opptekne av å styrkje kyrkjelydsarbeidet til å slutte opp om gjevartenesta. Vi treng f.t. 10 gjevarar for å dekkje behov knytta til barne- og ungdomsarbeidet. Kor stor sum og kor ofte du vil gje bestemmer du sjølv. Til dei som lurer på kva som er vanleg å gje til kyrkjelydsarbeidet landet over kan vi opplysa at summen i gjennomsnitt ligg rundt kr. 250,– pr. mnd. Vi tilbyr avtalegiro. Det er høve til skattefrådrag. Nokre praktiske opplysningar: I dette bladet vil du finne ein blankett som du kan bruke dersom du vil vere med i gjevartenesta. Blanketten må fyllast ut og sendast til Alversund kyrkjekontor, Kyrkjevegen 1, 5911

Gøy på heimeleir i Myksvoll bedehus

Av Jorunn Bernssen

«Bli kjent med Jesus» var motto for årets heimeleir på Myksvoll. Siste helga i august var ca 25 born og mange vaksne innom bedehuset for å vera med på dei ulike aktivitetane. Bibelsamlingar, sporløp, leirfest, kor, hobby er stikkord for innhaldet. Leiarane på leiren var frå dei ulike laga i bedehuset og i tillegg var Nils Arne Lavik frå Søndagsskolen, Bergen krets, med. I år som i fjor var handdukkene Jonas og Josefine på plass, og dei hadde forskjellig på hjarta. Heimeleiren vart ein fin start på haustsemesteret i bedehuset, og no håper vi at mange finn vegen til dei ulike samlingane utover hausten. For meir informasjon, sjå: www.myksvollbedehus.net

s.7


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Unge og eldre

Konfirmantar på Lygra

Av Jorunn Bernssen

Søndag 13. September var det konfirmantar av mange slag i Lygra kyrkje. I tillegg til dåp, var det presentasjon av nye konfirmantar, tre i talet + 50- og 60-årskonfirmantar. Prest var Even Fanebust, og Lindås trekkspelklubb var også med. Etter gudstenesta var 50- og 60-årskonfirmantane, med følgje, innbedne til eit måltid på Lyngheisenteret, der også presten var med. Soknerådet var vertar. Av 60-årskonfirmantane møtte: Johan Solen, Arnfinn Monrad Instebø, Jostein Instebø. 50-årskonfirmantar:

Liv Odny (Skotsund) Feste, Torunn Feste, Solveig (Haukås) Jørgensen, Inger Turid Myksvoll, Anbjørg Ystebø, Edel Kirsten Mellingen, Svein Olav Smørdal og Lars Gjerde.

IGNIS startar Kor-Kafé Varme, lyse sumardagar er over, hausten er over oss med ruskaver og tidleg mørkt. Då er det at det kristne ungdomskoret IGNIS spreier sine lysglimt over oss. Dei har programmet for hausten klart, og er godt i gang med torsdags-øvingane sine, som foregår i Knarvik Misjonshus. Nett no jobbar dei med temaet GLEDE, og hadde nok blitt ekstra glade dersom fleire vart med i koret! Nokre av planane for hausten er oppstart av Kor-Kafe i Misjonshuset. Her skal det vera høgt under taket, og alle er invitert til å vera med. I tillegg til at IGNIS syng, skal ein ha allsang,

s.8

Ny kyrkje i Knarvik Som mange sikkert har fått med seg, startar no eit nytt kapittel i arbeidet med å få realisert kyrkje i Knarvik. Den 17. september handsama kommunestyret ein rapport med arealanalyse av området Lonelva - Juvikvarden. Mange viktige funksjonar for Knarvikbygda skal takast stilling til. Det vart vedtatt å arbeida vidare med alternativ 2b, der kyrkja er plassert på Kvernhushaugane vest. Reguleringsplan for området må godkjennast. Areal for kyrkje i Knarvik vart første gong teke med i reguleringsplan frå 1965, den gongen på Juvikvarden. Seinare har fleire alternative løysingar for både kyrkje og gravplass vore lagt fram. I 1971 starta kyrkja med gudstenester i Knarvik, den første tida i gymnastikksalen på Lindås gymnas, seinare i gymnastikksalen på barneskulen. I 1987 vart Knarvik Misjonshus

ferdigstilt og vigsla til gudstenestleg bruk. Etter 44 år ser det no endeleg ut til at kyrkja i Knarvik vil reisa seg. Kva skjer no? Kvernhushaugane vest er eit nytt alternativ som må gjennom ein tilrådings-/ godkjenningsprosess i soknemøte, fellesråd, bispedømekontor og kultur- og kyrkjedepartement. Sjølve plan- og byggjearbeidet er omfattande og krevjande, både når det gjeld tid og kompetanse. Fellesrådet har oppnemnd ei plan- og prosjektgruppe som vil stå for dette arbeidet i startfasen – i nær dialog med kommunen. Heile bygnings-

Klokkeslett 19.30 – 21.00. For nærare informasjon sjekk plakatar. Synes du dette høyrest spanande ut, er du hjarteleg velkomen til Kor-Kafe i Knarvik.

komplekset vil ha rom for mange ulike aktivitetar. Vi håpar kyrkja kan stå ferdig til 1. søndag i advent 2012. I løpet av denne perioden vil fleire arbeidsgrupper vera i sving med aktuelle oppgåver. Vi kan nemna: Kva aktivitetar ein vil leggja til rette for, orgel, song- og musikktekniske løysingar, innreiing/kunst, utearealet, innsamling/ dugnad m.m. Vi er opne for innspel til arbeidsgruppene. Plassering av kyrkje i Knarvik har vore ei lang og kronglete vandring som no er i ferd med å nå målet. Vi håpar å få til ein arbeidsprosess og eit resultat som folk vil slutta opp om. Kyrkja vil også verta ny soknekyrkje for Alversund. Kommunen sin visjon: «Der draumar blir røyndom» – synes å høva godt for Knarvik kyrkje.

Det hjelper å snakke - når en har noen som vil lytte

Av Terje H. Hella

andakt og mat. Dette skal verta ein stad der ein kan ha det sosialt i lag. Det skal mellom anna vera ein musikalsk treffstad, og det kan i blant bli invitert spesielle gjestar. Siste torsdag i oktober og november er førebels sett av til Kor-Kafé.

Av Vidar Rydland

Vil du være frivillig på Kirkens SOS? Vi trenger flere som vil prate med et medmenneske som har det vanskelig. Din oppgave er å lytte og tenke høyt sammen med den som ringer eller skriver til Kirkens SOS. Du skal ikke gi råd eller løse den andres problemer. Du får innføringskurs, veiledning og videre faglig oppfølging så lenge du er med som frivillig. Du går inn en ordnet vaktturnus, tilpasset din hverdag. Kirkens SOS er en døgnåpen krisetjeneste. Du må være mellom 20 og 80 år, og du må ha avstand til egne kriser. Interessert? Ta kontakt for informasjon om kursstart. Kontakt oss på tlf. 55 32 58 45 eller 941 83 654 - bjorgvin@kirkens-sos.no eller www.kirkens-sos.no Velkommen til et lærerikt og givende felleskap!

s.9


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Aktivitetar i Alversund kyrkjelyd ALVERSUND

Soknerådsvala

AKTIVITET

Alversund kammerkor

Soknerådsvalet i prestgjeldet vart i år avvikla i samband med stortingsvalet. Dette var eit historisk val i samband med den nye demokratireforma i kyrkja. Oppslutnaden om valet må seiast å ha vore god. Prosentandelen var betakteleg bedre enn ved tidlegare val som oftast vart lagt til etter ei gudsteneste. Resultata av valet vart slik: Alversund:

Seim:

1. Hans Kenneth Sundsbø, 33 år, Alversund 2. Ola Johannes Jordal, 35 år, Alversund 3. Gerd Marit Øvretveit, 45 år, Knarvik 4. Kristine Myrene Bleikli, 19 år, Knarvik 5. Rune Haugland, 51 år, Knarvik 6. May Irene Wergeland, 37 år, Alversund 7. Sigrun Håland, 65, år, Knarvik 8. Hilde Langeland Johansen, 33 år, Alversund 9. Arvid Johan Skage, 65 år, Alversund 10. Wenche Tyssøy Medaas, 44 år, Knarvik

1. Monika Bøkevoll Aarland, Vallevik, 35 år. 2. Jarle Monsatd, Monstad, 36 år. 3. Anita Kjenes, Hopland, 38 år. 4. Kåre Bjarne Leivestad, Leivestad-Nord, 66 år. 5. Rune Landsvik, Totland, 57 år. 6. Jenny Valle, Valle, 56 år. Vara: 1. Trine Rønn-Aar, Monstad, 32 år. 2. Kjellaug Seljelid Feste, Sollia, 41 år. 3. Bjørnar Wiik, Hopland, 33 år. 4. Magne Wiik, Spurkeland, 60 år. 5. Rannveig Furelid, Rydland, 30 år. (Alle har postadresse: 5912 Seim)

Vara: 11. Helge Øgaard, 62 år, Alversund 12. Knut G. Johannessen, 60 år, Knarvik 13. Kjersti Kjenes Rydland, 57 år, Knarvik 14. Vivian Nesse Gjerde, 43 år, Knarvik 15. Sissel Nordland, 51 år, Knarvik

Lygra:

Her har vi knipsa avløysing mellom to grupper av røystestyret på Alversund skule.

KONTAKTPERSON Odd Leif Mjøs - 99 31 69 22

Alversund KFUK/KFUM – speidarar Yvonne C. Jordal - 97 19 57 57

FOR KVEN For vaksne, yngre og eldre Familiar – oppm. p. skulen – ute

Fredagskos / eldretreff

Ingunn Mestad - 56 35 00 11

Gnisten barneforeining

Nina Beate T. Norheim - 98 40 20 50 Jenter / gutar frå 3. kl. og opp

Indremisjonsforeining

Berit Hjørnevik - 47 75 85 86

Vaksne – i private heimar

Kyrkjeringen

Ingunn Mestad - 56 35 00 11

Vaksne – til innt. for kyrkjel.huset

Den nye kyrkjeringen

Anne Kirsti Vatnøy - 90 76 31 65

Vaksne – til innt. for kyrkjel.arbeid

Samtalegruppe

Torunn Øyri Jordal - 99 43 95 88

Vaksne

Sing Singeling

Therese Hystad Aakre - 41 46 88 37 Barnekor – f.o.m. 2. kl. og opp

Solstrålen barnekor

Helle Kartveit - 40 40 60 50

Barnekor – 4-6 år

Strikkekafé

Ingrid Bekkenes - 97 63 83 69

For unge mødre

Søndagsskule

Ingunn Marie Kvalsvik - 99 36 59 25

Voks bibelgrupper

Ruben Sæle - 97 56 54 68

Unge vaksne

Alversund kyrkjekontor

Mariann Nepstad - 56 35 73 70

alversund@lindas.kirken.no

KNARVIK AKTIVITET

KONTAKTPERSON

FOR KVEN

1. Kari Dahl, Feste-Søre, 63 år. 2. Elisabeth Mehl Winge,, Feste-Søre, 31 år. 3. Bjarte Haukås, Haukås, 39 år. 4. Ingunn Marie Heggheim Neverdal, Feste-Søre, 42 år. 5. Ingeborg Helene Pletten Myksvoll, Myksvoll, 44 år. 6. Karl Olai Feste, Feste-Nordre, 70 år.

Familieforeining NLM

Sissel Bjørke - 92 84 17 60

Vaksne – i private heimar

Fredagsklubb

Ninni Langeland - 97 14 03 30

Jenter og gutar frå 5. kl. og opp

Fredagskafé

Per Byrknes - 97 07 62 76

Ungdomsskule og oppover

Føremiddagstreff

Leiv Nesheim - 99 26 63 17

Frå ca. 60 år og oppover

IGNIS

Eli Eidsnes - 90 61 35 15

Songkor

Vara: 1. Johan Lygre, Lygra-Ytre, 46 år. 2. Halvor Rostrup, Tofting, 59 år. 3. Svanhild Tofting, Tofting, 68 år. 4. Hohn Austrheim, Lygra-Indre, 61 år. (Alle har postadresse: 5912 Seim)

Indremisjonsforeining

Kjellaug H. Jensen - 97 10 36 32

Vaksne – i private heimar

Det nye soknerådet sin valperiode startar 1. november og varer denne gongen i 2 år.

Knarvik KFUK / KFUM – speidarar Wenche Medaas - 92 02 54 88

Jenter frå 5. kl. og oppover

NMS-foreining

Jorunn Marøy - 99 16 58 95

Vaksne – i private heimar

Søndagsskule

Sissel Totland - 98 86 01 26

18 +

Frank Kolden - 95 42 20 96

Unge vaksne

Knarvik Misjonshus

Svenning Bjørke - 92 29 32 43

www.knarvikmisjonshus.no

Klypp ut sida frå bladet og heng den på kjøleskapet!

:-

s.10

– for ungdom / unge vaksne


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Barnesida

av Monika Bøkevoll Aarland

Konkurranse 1: Konkurranse: Kor mange barn fekk Abraham? (Svaret er å finna i 1.mosebok kap. 16 og kap. 21 ) «Kjærleiken er tålmodig»

Frå kyrkjeboka trista ste i K va dyr er det skogen? Smil ! Svar: U-gla! - Har du bil? - Nei, men eg har h at t! - K va t yp e då? - Flossha t t!

1. Korinterbrev 13,4

Andakt: Vent til det blir din tur!

Kan det nokre gonger være vanskeleg å vente til det blir din tur? Nokre gonger må du stå i kø for å få kjøpt pølse når du er veldig svolten. Eller så må du vente til broren din er ferdig med å leike med skateboardet, slik at du kan få prøve deg. Det er ikkje lett å vente. Ein kan verte veldig frustrert. Men i Bibelen står det at å være tålmodig og vente på din tur er ein annan måte å vise folk at du er glad i dei på. Så neste gong du må vente; syng ein song, be ei bøn, eller berre hugs på dette verset: «Kjærleiken er tålmodig». Og så blir det din tur før du veit ordet av det!

Send inn svara innan 1. desember 2009, til: alversund@lindas.kirken.no eller i brev til: Kyrkjekontakten, Kyrkjevegen 1, 5911 Alversund. (Oppgje alder) Rett svar førre gongen var «Jesus viste seg i 40 dagar». Denne gongen kom det ikkje inn nokon svar. P.s: Send gjerne inn din beste vits !

s.12

Døypte Alversund: 07.06.09 Ingrid Westervik Garmanslund døypt i Gulen krk. Eivindvik 14.06.09 Adrian Holme Hetlevik døypt i Mo kyrkje Thea-Malen Bjørkheim Renholm døypt i Meland krk 21.06.09 Alexander Zinnah Pawa døypt i Austrheim krk Vårin Isdal Eivind Saysena Storheim Olava Sollesnes Ekhougen Ole Morten Skarsten Hærøy 12.07.09 Kristian Rolland Magnesen 26.07.09 Isabella Havnes Systad Nathaniel Fanebust Kittang 09.08.09 Nora Blomberg Jacob Nygård Haugstulen Sivert Larsen Feyling 30.08.08 Oliver August Blomberg Edvin Borge Hindenes Leon Tofting-Wilhelmsen Fredrik Tofting-Wilhelmsen Cecilia Spurkeland Blomberg Rosalinda Fosse Askeland 20.09.09 Jone Sangolt Lid døypt i Myking krk Lygra: 13.09.09 Bror Mehl Winge

Seim: 14.06.09 Thomas Carlsen Torgersen døypt i Salhus krk 05.07.09 Valborg Andrea Gausereide Bertelsen Matias Monstad Vilde Skaar Johansen Emil Tyssebotn-Litleskare Linn Sofie Fiskeseth 02.08.09 Andreas Bøkevoll Aarland 30.08.09 Alexander Lie Sebastian Lie Mio Tveit Porsmyr Helene Navdal Aksel Myrmel Grindheim Frøya Henriette Aarra

Vigde: Alversund: 04.07.09 Jorunn Fiske og Stephen Alistair Clousten Anita Louise Ramsdal og Tore Michal Helland Oddrun Mestad og Geir Sigurd Henriksen 01.08.09 Torill Brendehaug og Morten Marås Sivertsen Elisabeth Skjelvik og Frode Stiansen 08.08.09 Ragnhild Onarheim og Kjell Ole Eide 20.08.09 Samruai Thongprasoet og Eivind Ivar Mølster

s.13

Seim: 13.06.09 Åshild Rydland Bjørke og Jens Petter Lande 01.08.09 Karoline Kalstveit og Sølve Rydland 08.08.09 Line Sandviken og Christer Johan Lieske 15.08.09 Bente Monstad og Sondre Olsen Lygra: 12.06.09 Linda Eirin Skår og Ragnvald Valle

Døde: Alversund: 29.05.09 Olga Karin Berg 18.08.09 Odd Hagesæther Lygra: 30.08.09 Reidar Asbjørn Valle

f. 1943 f. 1926

f. 1927

RETTING!

Det er Oksnes Helselag og Oksnes Grendalag som i fellesskap har kjøpt inn ny bårevogn til Seim Kyrkje. Kyrkjekontakten beklagar at Grendalaget vart utelatt i takke-annonsa i førre nr.


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

NEPSTAD BYGG AS Byggmeister Ole-Håkon Nepstad Nybygg -Rehabilitering Tlf. 56 35 06 69

Knarviksenter, 5914 Isdalstø Tlf. 56 35 12 70 - Faks. 56 35 10 99

FAGKUNNSKAP GJEV TRYGGLEIK

ELEKTRO.SERVICE AS

Nordhordland Elektro AS

Alvermarka - 5911 Alversund tlf. 56 35 15 40 - Fax. 56 35 21 45

Elektriske installasjoner - Bolighus Industri - Landbruk -

Tlf: 56 35 73 80

AS

Blomster til alle anledninger

Vi ordner alt vedrørende dødsfall i distrikt og by. DØGNVAKT TLF. 56 37 14 10 PRIVAT TLF. 56 37 40 49

Vatnøy Eiendom AS

– Knarvik -

«Bokhandelen som setter kristen litteratur og musikk i fokus»

– Din kristne bokhandel – Åsane Senter!

Bibler

Vetrlidsallmenning 1

Bøker – Musikk – Film – Kort – Gaver

tlf. 55 31 79 63 post@vestbok.no

www.vestbok.no

tlf 55 19 82 00

Isopor - netting - plastfolie til sals Alt i isolasjon, plastfolie, netting, grunnmurspapp, støpematrise, drensrør, drensrenner, anleggsrør, veiduk, merkespray, formstag, kryssfiner og spiker. Armeringstoler/lister. Alt i Hey`di produkter.

Tlf: 56 34 38 00

s.14

s.15


i Alversund prestegjeld 18. oktober

Seim Alversund

kl 1100 kl 1900

v/Ryland v/Palmesen

S.sk.dag/Haustt.gt Kveldsgt.

25. oktober

Knarvik

kl 1100

v/Palmesen

01. november

Alversund Seim

kl 1700 kl 1100

v/Palmesen v/Ryland

Minnegudsteneste Helgemessegt – nattv.

08. november

Alversund

kl 1100

v/Palmesen

Dåp

15. november

Alversund Lygra

kl 1100 kl 1100

v/Skauge v/Ryland

S.sk.dag – hausttakkegt S.sk.dag – hausttakkegt

22. november

Knarvik

kl 1100

v/Palmesen

S.sk.dag – hausttakkegt

29. november Alversund

kl 1100 kl 1230

v/Skauge v/Ryland

Fam.gt. Dåpsgt.

06. desember

Alversund Seim

kl 1900 kl 1100

v/Ryland v/Palmesen

Lysmesse

13. desember

Alversund Lygra Alversund

kl 1100 v/Palmesen kl 1700 v/Fanebust kl 1700 Konsert

20. desember

Vassbygd

kl 1100

Dåp

v/Ryland

Det kan verte endringar i lista. Sjå kunngjeringar i Strilen og Nordhordland.


Kyrkjekontakten nr. 3/09.