Issuu on Google+

Fitjar Kyrkjeblad nr. 6 — desember 2011 — 34. årgang

Gledeleg jul

• • • •

Julehelsing frå biskopen Julebrev frå London Tur til ein Kinesisk kyrkjelyd Bibelveke i Fitjar kyrkjelyd


DEN NORSKE KYRKJA

Kyrkjekontoret postboks 128, 5418 Fitjar

telefon: 53 45 85 00 fax: 53 45 85 31 e-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

kontortider: tysdag - torsdag - fredag kl.10:oo - 14:oo onsdag kl.12:oo - 15:oo Kyrkjeverje Sandvik, Harald J. 900 52 059 hasa@fitjar.kommune.no Sokneprest Oma, Olav J. 906 38 825 olom@fitjar.kommune.no Kyrkjelydsprest Imazu, Nobukazu 909 38 165 noim@fitjar.kommune.no Kyrkjetenar / kyrkjegardsarbeidar Stokken, Endre I. 414 10 540 Fitjar kyrkje

53 49 74 78

Fellesrådsleiar: Fitjar, Rasmus

918 24 158

Soknerådsleiar: Aarskog, Torunn

404 04 146

Soknerådsbarnehage Styrar Aarskog, Torunn 404 04 146 kontor 53 22 26 00 bakken.barnehage@haugnett.no

Kyrkjelydsprestestilling kontonr. 3546. 29. 05805 Fitjar kyrkjeblad kontonr. 3546. 30.13568

2

Guds ord og Guds kroppsvarme Det er ikkje alltid sant at ”taushet er gull”. Nokre gonger kan det vere øydeleggjande å ikkje seie noko. Dersom det lenge blir stille mellom to vener, er som regel vennskapen i krise. Og dersom nokon vi er glade i knip munnen saman, tenkjer vi fort at noko er galt. Kjærleiken treng ord, gode ord. I jula feirar vi at Ordet frå Gud er kome til oss. Gud har noko på hjarta, han vil oss noko. I Maria si livmor skjedde det at ”Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss.” (Joh 1,14). Gud grip ordet og han gjer det gjennom snikkarsonen Jesus frå Nasaret. Slik Jesus er, slik er Gud. Gud knip ikkje igjen munnen. Vi treng ikkje lure på kva han tenkjer om oss, men kan høyre kva Jesus seier: ”For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.” Jesus går ikkje lenger rundt slik at vi kan sjå og høyre han. Men han er hos oss framleis, og ordet hans er nær kvar og ein av oss i Bibelen. Ja, det går faktisk an å seie at orda hans no er komne oss endå nærare. I år har vi nemleg fått ei ny bibelomsetjing. Det er ei stor og gledeleg hending. La denne boka bli årets julegåve! Det kan vere vanskeleg når kjende og kjære bibelord blir omsette på nye måtar. Då den fyrste nynorskbibelen kom i 1921, skal det visstnok ha vore ein eldre mann som sa: ”Er det ikkje lenger godt nok at Skrifta er på det språket Meisteren sjølv tala?” Guds ord må likevel stadig omsetjast på nytt, dersom det skal kome nær oss og røre ved oss. Språket vårt er heile tida i endring. Ord som tidlegare kunne fungere, gjer det ikkje lenger. Medan det eksempelvis tidlegare stod om kyrkja at den var Kristi ”lekam” (1 Kor 12), står det no at den er Kristi ”kropp”. Dette er kanskje den viktigaste endringa i den nye omsetjinga. Mens ”lekam” er noko daudt og abstrakt i øyro våre, er kroppen levande kjøt og blod. Når kyrkja blir Kristi ”kropp” blir linja trekt endå klarare til jula. Slik Jesus var ein fysisk og levande kropp som møtte menneske sine kroppslege behov, skal også vi i kyrkja vere ein fellesskap der menneske kan kome med heile livet sitt og kjenne noko av Guds eigen kroppsvarme. Måtte mange menneske i Bjørgvin få oppleve kyrkja på denne måten! Eg ønskjer dykk alle ei glad og signa jul! Halvor Nordhaug, Biskop i Bjørgvin


Min salme: ”Rydd vei for Herrens komme”

(NoS 12)

Det  er  mange salmar eg er glad i og synest det er stort å få vera med og spela til salmesangen i kyrkja ein og annan sundag.  Eg kan ikkje peika på ei spesiell salme som eg vil kalla for mi salme, men no i adventstida har eg lyst å ta fram nr. 12 i salmeboka. Den heiter ”Rydd vei for herrens komme” og har ein tekst som på ein fin måte får fram håpet me går og ber på.  Dessutan kan den syngjast på to ulike melodiar som begge kling godt i øyra. Rydd vei for Herrens komme, for frelsen fra vår Gud! Vår ventetid er omme,han sender oss sitt bud: Det gamle skal forsvinne, Guds rikes tid er inne! Velsignet være han som kom i Herrens navn.   Guds folk, til deg han kommer, strø grener på hans vei! Kjenn duften fra hans sommer, som snart skal møte deg! De slitte dager fylles av lovsang og forgylles. Velsignet være han som kom i Herrens navn.

Harald Rydland

Så mange håp er døde, for fall står våre hus. Selv Sion ble lagt øde, dets tempel lagt i grus. Men Kristus skal bevare sitt folk, og vi skal svare: Velsignet være han som kom i Herrens navn.   Han kommer, han som troner hos Gud i evig glans! Snart flettes våre toner i englesangens krans. Men Lammets sang begynner i dag, når vi forkynner: Velsignet være han som kom i Herrens navn.

Gledeleg jul I dette kyrkjebladet finn de bibelselskapet sitt julehefte ”gledeleg jul”. Det er vår helsing til dykk saman med kyrkjebladet denne adventstida. I heftet finn de bibeltekstane frå den nye bibelen(Bibel 2011), som handlar om Jesu kome til verda.

Eg håpar de vil ta tida og lesa gjennom heftet. Du vil nok kjenna att innhaldet, likevel opplever eg at orda er nye og møter meg som lesar på ein god måte. Vi i redaksjonen vil ynskje alle våre lesarar ei gledeleg jul. Olav

Det skjer i kyrkjelyden - Vi har frå første søndag i adventstida offisielt teke i bruk den nye bibelomsetjinga i gudstenestene i kyrkja. - Det nye soknerådet blir presentert i gudstenesta 8. januar 2012. Ny soknerådsleiar er Torunn Konstali Aarskog og ny fellesrådsleiar er Rasmus Fitjar. - Bibelveka 17. – 26. februar, måleriutstilling, konsertar, gudstenester, temakveld og omvisning,

Nelly Bube, Ole Paus, Henrik Syse, Anne Kristin Aasmundstveit, ”Krik bandet”. - Innan første søndag i adventstida 2012 skal soknerådet ha gjort vedtak om korleis ordninga for gudstenestene hos oss skal vera dei neste åra. - Ny liturgi ved dåp vil mest sannsynleg bli teken i bruk i løpet av våren. Olav

Tusen takk til lesarane våre for at så mange nytta giroen til å betala for bladet, og til annonsørane våre for at de støttar kyrkjebladet med å ha annonse her. Vi er

avhengig av denne støtta for at vi skal kunne gje ut kyrkjebladet. Olav

3


Julebrev frå London I skrivande stund så har me Etter det blir det konsertar og akkurat fullført årets julebasar førebuingar til jul i tillegg til alt her på kyrkja. Tre dagar til ende det faste som skjer her. med vaflar, gløgg, julepynt, norsk Sjølv om det er travelt på kyrkja mat, kofter, norsk godteri, pølser med mange lange dagar så har og god stemning! Med stort og eg fått sjansen til å utforska smått var det rundt 3000 menneske London litt. Mange park-besøk, innom kyrkja i løpet av desse tre musikalar, London Eye, Tower of Foto: Ragnhild Meland dagane og mange av desse var London, små kafear, proms in the nordmenn frå ulike delar av England som park, besøk av familie og mange andre rike kom for å få sin årlige dose med norsk. I opplevingar. London og sjømannskyrkja har tillegg til nordmenn var det lokale folk og masse å by på for alle som kjem her. engelskmenn som har budd i Noreg som kom Og for dei som kjenner sjømannskyrkja, innom. ja det har blitt mykje vaflar. Sidan eg kom No er kyrkja komen tilbake til normal her så har eg laga mellom 300 og 400 liter tilstand, men det betyr ikkje at det blir vaffelrøre og steikt vaflar til den store stille her! På torsdag skal me ha lunsj for gullmedaljen! Eg ser ikkje for meg at det krigsseilarane her i London og på fredag skal blir noko særleg mindre av det no som det me ha studentane sin julemiddag kor me skal nærmar seg jul! -- God Jul frå London!! servera ribbe og pinnekjøtt til rundt 100 stk. Elisabeth Lunde På laurdag skal me først ha lørdagsskole før det blir lyst her i kyrkja, For å sjå bileter frå årets som i så mange kyrkjer basar og meir informasjon rundt omkring heima i om kva som skjer sjå: Noreg! sjomannskirken.no/London

Litt om jul Ordet jul kommer av det norrøne jol. Jol var den eldgamle midtvinterfesten blant det germanske folk. Det er interessant at de første kristen ikke feiret Jesu fødselsdag. For dem var feiring av bursdager en hedensk skikk. Påske, nemlig feiring av Jesu død og oppstandelse, var kirkeårets høydepunkt i urkirken (og fortsatt i den ortodokse kirke). Men etter hvert fikk Jesu fødsel en stor betydning for kirkens tro og praksis på grunn av den bibelske lære om inkarnasjon (Gud ble menneske). Denne læren ble sentral gjennom kirkens stridigheter angående spørsmålet om Jesus

4

som sann Gud og sant menneske. I Norge har juleaften blitt årets største kirkegangsdag, men gudstjenester på juleaften var opprinnelig bare opptakten til juledagsfeiringen. I gudstjenesteboken fra 1920 står det ikke noe om juleaftensgudstjenesten, men man kunne ha en familiegudstjeneste eller en forkortet høgmesse uten nattverd denne dagen. I 1985 fikk kirken en egen godkjent ordning for den (som en slags familiegudstjeneste).   Nobukazu Imazu     


Bibelveke 17. - 26. februar i Fitjar kyrkjelyd I samband med lanseringa av den nye norske bibeloversetjinga, har Fitjar kyrkjelyd fått eit spennande tilbod frå Bibelselskapet – som vi har sagt ja til. Som einaste kyrkjelyd i Bjørgvin skal vi få låna ei utstilling av Nelly Bube sine bilete i ei veke – og vi ynskjer å knytta ein heil del arrangement opp til denne utstillinga. Utstillinga skal auka interessa for bibelbruk og - lesing, svært gjerne i vidare kretsar enn dei tradisjonelle. Det er lagt vekt på at kulturlivet skal engasjerast til ein vidare bruk av bibelen. Nelly Bube er født 1949 i Kasakhstan. Ho har tysk far og russisk mor, og er sjølv russisktalande. - Eg vil bruke kunsten min til å fortelja andre om Jesus, seier Nelly Bube i Kasakhstan. Ho blei kristen i ein alder av femti år og gav seg i kast med å illustrera bibeltekstar på sin spesielle måte. Nelly Bube har tre barn, alle er utøvande kunstnarar Ho vart ferdig utdanna i 1968 fra Gogol kunsthøyskole i Almaty, Kasakhstan, og i 1977 fra Abai statlige pedagogiske institutt med grafikk som spesialfelt. Ho starta med utstillingar i 1997 og har halde ei rekke separatutstillingar, også i Europa (Genève, Paris). Ho har fått nasjonale priser for sine bokillustrasjonar og Grand Prix i prisutdelinga «Mennesket og kreativiteten» i kategorien «Kunstmaling» (Astana 2004). I heimlandet er ho best kjent for motiv frå nomadelivet, og særlig prosjektet «Den store Silkeveien» som er tre panoramabilete frå 2002, 2003 og 2007. Ho har også illustrert Jesu likningar for Bibelselskapet i Kasakhstan, som seinare vart utgitt på norsk under tittelen Himmeltreet. Bileta vil i hovudsak bli utstilt i kyrkja, men også i andre lokale. Det er til saman 50 store bilete.

Program for bibelveka Bibelveka startar fredag 17. med åpningsarrangement i Fitjar kyrkje, etterfølgd av konsert med Ole Paus. På søndagen blir gudsteneste og på ettermiddagen kyrkjelyden sin årsfest, med Henrik Syse som talar. Utover veka vil det bli eit samarbeid mellom kyrkje og skule i samband med utstillinga. Torsdagskvelden vert det temakveld, Salomos høysang, ved Bibelinspirator Anne Kristin Aasmundtveit innhaldet er knytt opp mot den nye

bibelomsetjinga. For dei som føler at det har blitt litt for lite tid til å fordjupa seg i bileta, vert det open kyrkje fredag kveld med orgelresitasjon. Same kvelden vert det arrangert – mest for dei unge – konsert på kuturhuset med ”KRIK bandet” frå Oslo. Veka vert avslutta på søndagen med gudsteneste. Vi er svært takksame til Bibelselskapet, og Martin Eikeland spesielt – som har gjeve oss tilbodet, og som på mange måtar vil hjelpa oss med å gjennomføra dette.

5


Besøk i ein kinesisk kyrkjelyd.

6

Søndag 23 oktober besøkte me ein kyrkjelyd i byen Ankang i Kina. Her kom familien Tidemann Johansen frå Noreg i 1928 og budde til 1949. Dei opplevde japansk hærsetjing, herjing frå lokale røvarbandar som førte til mykje liding for lokalbefolkninga, men og misjonærar vart drepne. Det vart ei betring då Chiang KaiShek sin hær erobra landet. Misjonærane hadde då rimeleg gode vilkår inntil Mao og kommunistane vann attende kontrollen over Kina i 1949, noko som gjorde det umogeleg for utanlandske misjonærar og bli værande lenger, samstundes som dei kinesiske kristne måtte “gå under jorda”. I 1983, fekk Johan Tidemann Johansen jr. høve til å koma attende til Ankang og møtte menneske, dei ikkje hadde hørt noko ifrå på 34 år. Han fann ein kyrkjelyd som hadde overlevd og vakse under forfølging og vanskelige kår. Det vart fleire besøk i åra som fylgde J. T. J. fekk høve til å gi attende ein fargefilm, som misjonærane tok opp i området i 1947. Dette vart sett stor pris på av dei lokale myndigheiter, då det var den einaste historiske dokumentasjonen i sitt slag frå tida rett før Mao tok over. Filmen går framleis (i 2011) 2 gonger i veka på den lokale TV kanalen og har gitt J. T. J. og frikyrkje misjonærane mykje positiv merksemd i lokalsamfunnet. Med på turen var Per Eriksen, pastor i Frikyrkja i Fredrikstad og mangeårig skribent i avisa Vårt Land. Han har skrive boka ”Med hele hjertet”, som kom ut i 2011. Den fortel om familien og deira kjærleik til det kinesiske folk. Boka kan anbefalast for misjonsinteresserte, den gav eit flott grunnlag for oss som var her for fyrste gong. Me vart tatt godt imot og fekk servert middag i byens eldste hus, her var både fjernsyn, kommunestyrerepresentant og representant frå religionsnemnda i regionen til stades i

tillegg til ”eldsterådet” i kyrkjelyden. I eldsterådet var det stor kvinnedominans. Alle var kvinner, utanom hovudpastoren. Ein viktig del av programmet var omvisning i den nye kyrkja som er under bygging. Kyrkja som dei norske misjonærane hadde bygd var blitt øydelagd i 1949 og kyrkja som dei bygde i 1991 vart riven få år etter pga byplanlegging. Dette vert difor den tredje kyrkja i Ankang. Kor mange etasjar kyrkja vert, kjem ann på kor mykje pengar dei greier å spare. Alt overskot av boka Per Eriksen har skrive går til denne kyrkja. Etter omvisninga spaserte me til forsamlingslokalet som er eit gamalt utradert bakeri. Eldsterådet sto i prosesjon og tok imot oss og møtelokalet vart etterkvart fullt av ”vanlege” kinesarar. Gjestane fekk banan, appelsin, papirtørkle, drops og vassflaske. Akkurat det vi trong. Forsongarane ga alt, men og resten av kyrkjelyden imponerte med flott song. Pastor Tzwei tale, med tolking fra kinesisk til norsk. Korleis det høyrtes ut da vi norske stilte oss opp og song ”Navnet Jesus blekner ikke...”, veit eg ikkje, men dei uttrykte stor takksemd. Da vi drog frå møtelokale stilte kyrkjelyden seg i gjen i ein lang prosesjon og me helste på kvar enkelt og kommuniserte med hender og kroppsspråk. Ei eldre dame ga meg ei handfull nøtter. Desse tar eg godt vare på i ei lita kinesisk skål, heime i Fitjar og dei minner meg om mine kristne sysken i Ankang. I boka ”Med hele hjertet” (Luther forlag 2011) strekar Tidemann Johansen under kor viktig det er at kristne i Vesten respekterer den kinesiske kyrkja og det kinesiske samfunnet og møter dei med respekt. ”Det er uhyre viktig at kirken i Kina vet at vi fortsatt ber og står sammen med dem. Og hjelp skal gis på likeverdig måte, ikke ovenfra og ned.” (s 267) Aase og Svein Nøttveit


Gåver til løn kyrkjelydsprest I bladet finn du ein giro for gåve til løn kyrkjelydsprest. Stillinga som kyrkjelydsprest var oppretta i 1991, presten vert tilsett lokalt og løna lokalt. Sidan august 2007 har Nobu (Nobukazu Imazu) hatt stillinga. Han har særleg ansvar for konfirmant- og ungdomsarbeid, og han er ein svært stor ressurs på dei områda. Engasjementet og innsatsen hans er stor, og særleg

vert det lagt merke til arbeidet hans i KRIK (Kristen Idrettskontakt). KRIK Fitjar er eit av dei store laga i Hordaland. Ynskjet vårt er at du har lyst og høve til å støtta oss i dette arbeidet og gi oss ei gåve. Harald Johan Sandvik, kyrkjeverje

Gåver med skattefrådrag Dersom du ynskjer skattefrådrag for gåver til kyrkjelydspresten og kyrkjebladet, kan du ta kontakt med underteikna og gi meg personnummeret ditt, så sørgjer me for rapportering til Skatteetaten.

Ber om at du tar kontakt i god tid før jul. Du får skattefrådrag for inntil kr. 12.000 pr år. Harald Johan Sandvik, kyrkjeverje

7


Småbarnstreff For ungar mellom 0 og 6 år saman med ein vaksen På Fitjar bedehus onsdagar kl. 10.30 - 12.00 songstund – nistemåltid - leik og drøs Våren 2012 11. januar, 25. januar, 8. februar, 22. februar, 7. mars, 21. mars, 11. april, 25. april Ta med niste, kopp og tøflar. Me serverer kaffi, te og saft. Tur med koking av påskeegg: 28. mars Deltaking på gudsteneste: 01. april Leikeplasstreff: 18. april NB! Ingen betaling el. påmelding!

Babysongkurs For babyar mellom 0 og 15 månader saman med ein vaksen På Fitjar bedehus onsdagar kl. 10.30 - 12.00 Songstund – nisteeting - leik og drøs Våren 2012 11. januar, 25. januar, 8. februar, 22. februar, 7. mars, 21. mars, 11. april, 25. april Deltaking på gudsteneste: 1. april Ta med niste, kopp, gulpeklut og tøflar. Det vert felles matstund med dei på småbarnstreff. Me serverer kaffi, te og saft. NB ! For å få til ei stabil babygruppe vert det og dette semesteret påmelding. Påmelding og evt. spørsmål kan rettast til Helga Rimmereid tlf. 975 28 001 eller Astrid K. Prestbø 976 25 833. Påmelding må innehalda namn og alder på barnet og namn på den vaksne. Frist for påmelding: fredag 6. januar! - men ver gjerne tidleg ute for å sikra deg plass! (først til mølla…) Pris kr. 150,- inkl. CD og enkelt songhefte

8

VELKOMEN ! ! !


Temakvelder våren 2012 26. januar

Hvor mye skal vi bekymre oss her i verden? Hva sier Jesus? Professor Ingvard Wilhelmsen, foredrag. Sang av Rhoda Gravem

23. februar

Salomos høysang ved Bibelinspirator Anne Kristin Aasmundtveit.

29. mars

Folketoner og religiøse viser med lokal tilknytning. ved Osternes Mannskor.

I april kjem truleg Egil Svartdal , datoen er usikker.

DÅFJORD BEDEHUS 28.12 kl.17:30 Julefest

STRANDA BEDEHUS 29.01 kl. 17.00 Sunnhordlandsaksjon 10.02 kl. 19.00 Basar

ØVREBYGDA BEDEHUS 26.12 kl.11:00 Gudsteneste ved sokneprest Oma 30.12 kl.17:00 Julefest for små og store i gymsalen 15.01 kl.19:30 Møte 22.01 kl.19:30 Møte for NMS 29.01 kl.16:00 Årsmøte ØIM

OSTERNES BEDEHUS 07.01 Julefest 26.01 Møte Osternes Indremisjon 27.01 Møte Osternes Indremisjon 29.01 Sunnhordlandsaksjonen NMS

JULEFEST for små og store på Fitjar Bedehus Fredag 30. desember kl. 17.00 - Søndagsskulen, med søndagsskuleungane, Bibelagentane og Bibelgjengen deltek. - Song av Liljene - Andakt ved Brynhild M. Stautland - Servering av enkel kveldsmat og julemenn - Juletregong, akkompagnert av messingblåsarar - Kollekt til søndagsskulen ALLE ER VELKOMNE ! Arr. Fitjar søndagsskule

FITJAR BEDEHUS Sjå på linken: www.fitjar-bedehus.no

9


desse støttar bladet vårt: www.los-elektro.no firmapost@los-elektro.no 53 42 21 00 www.dyrlegeslettebo.no Ring for timebestilling

Åpningstider:

53 22 23 30 / 92 22 31 47

Tirsdag: 9.00-15.00 Onsdag: 9.00-14.00

”Bensinstasjonen, alt på ein plass!” VÅRE OPNINGSTIDER ER: BUTIKK Man-fre: 07.00–22.00 Laurdag: 09.00–20.00 Søndag: 11.00–22.00

55 60 18 20

VERKSTAD Man-fre: 07.30–16.00

lyd og bilde - telefoni - kvitevarer - møbler - gaveartikler mm. 53 49 73 07 53 49 73 09

post@rydland.as

Redaksjonelt

815 33 300 - En døgnåpen krisetelefon for mennesker som er i følelsesmessig eller eksistensiell krise, og for den som tenker på å ta sitt eget liv. Kirkens SOS forsøker å lindre menneskelig nød som ensomhet, fortvilelse og depresjon. Kirkens SOS vil være til stede for dem som trenger noen å snakke med. Kirkens SOS tilbyr et menneske å snakke med - til enhver tid.

10

”Fitjar Kyrkjeblad” er Fitjar sokneråd sitt informasjonsblad. Adresse: Kyrkjekontoret / rådhuset postboks 128, 5418 Fitjar

Alle som ringer krisetelefonen vil bli møtt med forståelse og aksept.

Redaksjon: Olav J. Oma (red.) Nobukazu Imazu Karvel Strømme Torill Hartvedt Halvard Tislavoll

e-post: kyrkja@fitjar.kommune.no Fitjar kyrkjeblad finn du på www.menighetsblad.no

Neste blad kjem etter planen i februar. Har du tips, stoff eller bilete til bladet, er du velkomen til å senda det til oss. Frist for innlevering til neste blad er 20.januar. Trykk: Prosjektkopi vest

Vil du støtta bladet, bruk bankkonto: 3546.30.13568


desse støttar bladet vårt:

Videoen Kiosk

Vågen’s kro Tlf. 53 45 77 00

48 04 19 09

Fitjar - tlf. 53 49 70 50

Telefon: 413 13 174 / 53 49 99 79


Visjonen til Bjørgvin bispedøme er: Saman vil vi ære Den treeinige Gud ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje rettferd.

Døypte

Vigde

18.september Hans Øyvind Barane, døypt i Lykling kyrkje, Bømlo.

Stein Sandsmark f: 25.10.1952 d: 28.10.2011 Ola Arthur Gloppen f: 09.03.1918 d: 30.10.2011 Guro Skumsnes f: 30.08.1915 d: 01.11.2011 Olav Havn f: 29.01.1926 d: 03.11.2011 Rolf Erichsen f: 07.12.1957 d: 04.11.2011 Isak Sandvik f: 23.12.1913 d: 16.11.2011

13. november Gunnhild Helle Heggøy Martin Vestvik 4. desember Sofie Bauge Vik Tobias Navdal Vik Magnus Devik

dato

kl.

Jordfeste

stad, handling

11.12 3 adv kl.11:00 Osternes bedehus, familiegudsteneste ved Oma. kl.18:00 Fitjar kyrkje, julekonsert, takkoffer til Fitjar kyrkje orgelfond. 18.12 4 adv kl.11:00 Fitjar kyrkje, høgmesse ved Imazu, takkoffer 24.12 julaftan kl.14:30 Fitjar kyrkje, julegudsteneste ved Imazu, takkoffer til Kirkens nødhjelp/ kyrkjelydsarbeidet. kl.16:00 Fitjar kyrkje, familiegudsteneste ved Imazu, takkoffer til Kirkens nødhjelp/ kyrkjelydsarbeidet. 25.12 juledag kl.12:00 Fitjar kyrkje, høgtidsgudsteneste ved Oma, takkoffer til kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt Den Norske Israelsmisjon. Osternes mannskor deltek. 26.12 2. juledag kl.11:00 Øvrebygda bedehus, høgmesse ved Oma, takkoffer til Indremisjonen 31.12.nyårsaftan kl.23:15 Fitjar kyrkje, midtnattsgudsteneste ved Oma. 01.01 nyårsdag kl.11:00 Fitjar kyrkje, høgmesse ved Oma, takkoffer til Norea Mediemisjon. 08.01 Kristi openberringsdag kl.11:00, Fitjar kyrkje, KRIK-gudsteneste ved Imazu, takkoffer til KRIK Fitjar. Konfirmantforeldremøte etter gudstenesta. Presentasjon av sokneråd. 15.01 2 su i o. kl.11:00 Fitjar kyrkje, familiegudsteneste bornas misjonsdag, ved Oma, takkoffer til Sunnhordlandsaksjonen, NMS. 22.01 3 su. i o. kl.11:00 Fitjar kyrkje, høgmesse ved Imazu, takkoffer til kyrkjelydsarbeid. 26.01 torsdag kl.19:30, Fitjar kyrkje, temakveld. Foredrag av professor Ingvard Wilhelmsen, sang av Rhoda Gravem 29.01 4 su. i o. kl.11:00, Fitjar kyrkje, høgmesse ved Oma, takkoffer til Norsk MIjson i Øst. 05.02 Såmannssøn. kl.11:00, Fitjar kyrkje, familegudsteneste med utdeling av bibel ved Oma, takkoffer til kyrkjelydsarbreid. kl.18:00, Dåfjord bedehus, familegudsteneste med utdeling av bibel ved Oma, takkoffer til laurdagsklubben. 12.02 Kristi forklåringsd. kl.11:00, Fitjar kyrkje, høgmesse ved Imazu, takkoffer til NLM. 19.02 Fastelavnssun. kl.11:00, Fitjar kyrkje, høgmesse ved Oma, takkoffer til kyrkjelydsprest. kl.17:00, Fitjar bedehus, kyrkjelydsfest, talar Henrik Syse.


Fitjar kyrkjeblad nr.6/11.