Ljosglimt nr. 3/11.

Page 4

”Kom la oss samlast…”

Om gudstenestereforma del 2

Gudstenesta er VÅR, ikkje bare prestens! Gudstenesta er under lupa. Mange har hørt om ei Gudstenestereform for ny liturgi til søndagens gudsteneste. I tre små artiklar skal eg gi litt innføring i kva som er på gang. Kva blir nytt? Er det nødvendig å forandre? I reforma som starta i 2003 og avsluttes med ei siste Kyrkjemøtehandsaming i april i år er det lagt særlig vekt på Involvering Kva tyder det? Jo, at vi engasjeras og involveras på et indre og ytre plan. At vi går frå kyrkja berørt på eit eller anna vis. Gudstenesta kan bli ei førestilling vi betraktar på avstand: ”Korleis var presten i dag?”, ”Eg likte ikkje salmane”, ”Organisten speler altfor sakte!!” Over generasjonar har gudstenesteopplevinga blitt forma ved prestens embetsposisjon, orgelets overherredøme og utforming av kyrkjerommet. Gjennom dette og andre forhold er det ei utfordring å henta attende bibelske prinsipp om kyrkjelyden si deltaking. Reforma har dette som mål. At gudstenesta er vår, ikkje bare prestens! Korleis skal vi nå dette mål? * At vi kjenner igjen gudstenesta frå sundag til sundag. Dette kallast gjenkjenninga si glede! Fornying må balanserast mot tradisjon. Vi innfører nå prinsippet om det stadeigne. Dette betyr at gudstenesta i domkyrkja og fjellkyrkja ikkje trenger å være den same. Men i ei kyrkje må kyrkjelyden bli vant til ei gudsteneste, folk må kjenne ho att som ”vår” gudsteneste. * Involvering betyr at fleire medverkar. Det er arbeidskrevjande å involvere; ofte

er det enklast å gjere alt sjølv! Men skal gudstenesta bli vår, må vi sjå noen av våre medverke som kyrkjevertar, tekstlesarar, ministrantar (barn som medhjelparar, nattverdutdelarar, forbedarar. Denne utviklinga har vært på gang lenge og gudstenestereforma setter ho ennå meir i system. * At kyrkjelyden er med å bestemme lokale grunnordning. Den blir kalla ORDO. Soknerådet skal før 1.juni sette ned eit gudstenesteutval som saman med prest og organist skal lage eit forslag til korleis gudstenesta skal være i kyrka di. * Prest og organist har et særskilt ansvar for at denne prosessen blir god. Presten er åndelig leder og fagperson på det liturgiske og organisten er fagperson på det musikalske. Prestens leiarskap skal stimulere til godt samarbeid mellom alle tenestegrupper som har med gudstenesta å gjere. Og ved å involvere nådegåver og naturgåver i dette samarbeid. * Fornying av gudstenesta som svar på bøn. Liturgi tyder ”folkets verk”, men dette verk kan berre nå sitt mål som Andens gjerning. Difor sende biskop Olav ut ei melding ved nyttårsskifte: ”Vi trenger dessuten, gjennom bønneskoler, å lære å formulere bønner, ettersom gudstjenestereformen i stor grad oppmuntrer til lokalt utformede bønner.” Vær med å be om ei gudstenestefornying i kyrkja di! Ei gudsteneste som blir slik at du veit du mist noko verdfullt om du ikkje var i kyrkja på sundag! Tom Martin Berntsen Rådgjevar liturgi i Agder og Telemark 90561239 tmb@kirken.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.