Page 1

Kyrkjelydsbladet for Balestrand Nr 2 – 2009

Sommar 2009

Ă…rgang 39

Konfirmantar 2009 - Intervju med Hr. Nilsson Kyrkjelege val i lag med stortingsvalet 14.9. Heimeside: www.kyrkja.balestrand.no


INNHALD Kontaktinformasjon Andakt av Kjell Helland Kyrkjelege val i 2009. Informasjon Erland Fagermoen kandidat til bispedømerådet Balestrand kommune informerer: Psykisk helsearbeid Hr.Nilsson – Intervju med Johannes Nilsson Nytt frå kyrkjetårnet Bøneside Konfirmantar 2008-2009 Ingunn Kråvik: Fjellheim Kurs og seminar om hovudplagg til Sognebunaden Barneside: Agent-kryss Onsdagsklubben I glede og sorg Diakonens hjørne Gudstenesteplan

KONTAKTINFORMASJON

2 3 5

Balestrand kyrkjekontor Kjerneopningstid: Tysdag-fredag

kl. 10 - 14

Sjøtunsvegen 6, 6899 BALESTRAND Telefon: 57 69 15 48 Telefaks: 57 69 15 99 E-post: kontor@balestrand.kyrkja.no Heimeside: www.balestrand.kyrkja.no

7 8 10 12 18 19 20

Sokneprest Audun Systad Kontortid: Tysdag kl. 10-14 (elles etter avtale) Telefon: 57 69 16 80 Telefon privat: 57 69 11 55 Mobiltelefon: 971 55 237 E-post: sokneprest@balestrand.kyrkja.no

20 21 21 22 22 24

Kyrkjeverje/dagleg leiar Jostein Risa Telefon kontor: 57 69 15 48 Mobiltelefon: 920 60 832 E-post: kyrkjeverje@balestrand.kyrkja.no Organist Jan Herland Telefon privat: 57 69 11 64 E-post: organist@balestrand.kyrkja.no

Kyrkjelydsbladet for Balestrand

Utgjeve av Balestrand sokneråd Nr.2-2009, 39.årgang

Prostidiakon Kjersti Brudvik Mobiltelefon: 402 47 691 E-post: diakon@balestrand.kyrkja.no

Redaksjonsutvalet Liv Ese, Rune Haugen, Audun Systad (sokneprest) og Jostein Risa (kyrkjeverje)

Kyrkjetenar Odd Ragnar Kjellström Mobiltelefon: 414 27 883 E-post: odd.kjellstrom@live.no

Abonnement 3 utgjevingar i året (Påske, sommar, jul) Fulldistribusjon i kommunen i tillegg til ikring 75 utanbygds abonnentar.

Leiar i Balestrand sokneråd Helge Eilifsen Telefon privat: 57 69 16 77 Mobiltelefon: 975 42 481 E-post: helge.eilifsen@enivest.net

Bladpengar: kr.100,- per år (friviljug) til konto: 3805.10.32583

Vakttelefon Ytre Sogn: 954 83 831 Kvardagar: 17.00-08.00 Helg/høgtid: Frå 08.00 I desse tidsromma er ein av prestane i prostiet i beredskap. Vakttelefonen nyttast om ein har bruk for prestetenester som ikkje kan vente (t.d. dødsbod, soknebod for døyande, sjelesorg/støtte i kritiske situasjonar.)

Trykk / oppsett Ingvald Husabø Prenteverk, Leikanger

Annonser Små annonser kr.350, store annonser kr.650

Heimeside: balestrand.kyrkja.no Her finn du oppdatert gudstenesteinformasjon, årsrapport, konfirmantinformasjon, skjema for innmelding av dåp og vigsel, kyrkjegardsføresegner, info om kyrkjer og kyrkjegardar. Vidare kan du søkje etter gravlagde på kyrkjegarden, lese dette bladet i pdf-format osb.

Framsidebilete Frå blomstergudstenesta i Tjugum kyrkje 7.juni 2009. Sokneprest Audun Systad fortel om Nikodemus som kom til Jesus om natta. Foto: Kari Systad. 2


Andakt I livsens bok eller i sanden «...for Menneskesonen er komen for å leita etter det som var fortapt, og frelsa det.» Luk 19:10

Jesus hadde eit program, eit føremål for vandringa si, nemleg leita og frelsa, og tollaren Sakkeus var ein av dei han fann. Men òg no, to tusen år seinare, held han framleis på med dette, og ein her og ein der vert heile tida vunne for himmelen - for æva - under alle himmelstrok. Livet viser at det går gale for mange. Alkohol og narkotika gjer si drepande gjerning, og mange er utslåtte og fengsla er overfylte. Men det var ikkje dette som var meininga, Gud hadde noko heilt anna i tankar.

Esaias fortel at me alle vende oss kvar til sin veg. Og desse vegane har ein ting felles: Dei fører bort frå Gud.

Heldigvis kjem fleire livet har fare hardt med på rett kjøl att, for Jesus går og leitar mellom desse stakkars menneska. Han hadde medynk med dei forkomne, står det. Og det same gjeld i dag. Han vil så gjerne hjelpa og reisa opp att den som ligg nede. Han overlet dei 99 til seg sjølv, for å leita etter den siste òg, om det kunne vera råd å finna og berga.

Ingen av oss søkjer Gud av seg sjølv. Derfor er den ”fine” mannen like fortapt som han som ligg i rennesteinane, for alle har synda og vantar ære for Gud, seier Bibelen.

Dette er vårt store problem som menneske, men me ser det ikkje. Det er Bibelen som må fortelja oss det. Og det er ikkje berre småting som må flikkast på, men det er noko som er heilt og fullt øydelagt hos meg som menneske, og som det ikkje står i mi makt å retta på. Syndefordervet er så stort at ingen forstår det. Det må verta trudd.

Men er det no slik, at dei han leitar etter berre er å finna mellom dei utslåtte, mellom dei som ligg nede i livskampen?

Forteljinga om Sakkeus har noko å visa når det gjeld dette. For denne mannen var ingen outsider, men tvert imot ein som hadde kome seg opp og var i stand til å by inn til fest. Men - midt i sin velstand levde han i eit stort mørke utan sjølv å vita det. Han var nemleg ein mann Gud hadde mist - på skiltet over livet hans stod skrive fortapt. Og då er ikkje pengar til stor hjelp, ikkje feit bankkonto eller glimande bil heller... Og dette er situasjonen for alle menneske som lever utanfor samfunnet med Jesus. Profeten

3

Det var dette Luther fekk sjå. Guds ord viste han at Guds vreide hang over han. Derfor vart spørsmålet: Korleis kan eg finna ein nådig Gud? Korleis kan eg sleppa frå Guds vreide? Per Nordsletten skreiv, då han fekk sjå tilstanden i hjarta sitt: ”O, min frelser så kjær, hvor elendig jeg er, med et hjerte fordervet av synd! Ifra hode til fot, hjertets innerste rot, kun en eneste masse av synd.” Då dette fordervet hadde fått rom i hjarto til Adam og Eva, vart dei redde og gøymde seg for Gud, og


dette er mennesket sin lodd til alle tider. Men det er ein veg som fører til undergang. På eit eller anna tidspunkt må mennesket snu, skal det verta berga, og då vil det sjå at det finst to måtar å møta fram for Gud på. Den eine er å tre fram i eige namn. Men då vil Gud spørja: Har du oppfylt lova mi? Den ærlege vil då måtta slå blikket ned. Lova viser nemleg vår sanne tilstand; at der i mennesket korkje er vilje eller evne til å lyda lova.

Dermed er lova som frelsesveg som ein sterk heisekran som slepp kroken i sjøen for å heisa vatnet opp på kaien. Men akk, resultatet vert ... Lova er god, den, men materialet ho har å arbeida med, nemleg menneskehjarta, er øydelagt.

Dette er vårt største problem, men me veit det ikkje. Gud sjølv måtte gripa inn, i det han sende Jesus for å oppfylla lova i vår stad og å døy i vår stad til soning for syndene våre. Dermed kan me få koma til Gud i hans namn, og ikkje i vårt eige. Lova si oppgåve vert då å retta blikket bort frå oss sjølv og venda det mot frelsaren.

Derfor står det i ein song: ”O lam, jeg ser deg full av sår, tålmodig du min straff utstår, hver dråpe blod forkynner meg: Se her hvor høyt jeg elsker deg!” Då Sakkeus opna hjarta og hus for Jesus, kom det ei ny innskrift over livet hans.

Alt som no er skrive, viser at det går eit stort, usynlig skilje mellom oss menneske her i livet. Det oppstår ikkje først etter døden, det er her no. Den

som lever er enten frelst eller fortapt, innanfor eller utanfor mellomtilstand eller gråsone finst ikkje, og ingen kan vera nøytral. Profeten Jeremias skriv om å få livet sitt skrive i sanden. ”Dei som vik frå deg, skal verta skrivne i moldi, ...” (frå Jer 17:13). Dette er det motsette av å ha namnet skrive i livsens bok. Det er å vera fortapt.

Skriv berre noko i fjæresanden eller i leira, gå ned nokre dagar etter og sjå. Kor mykje er igjen? Krefter du ikkje har kontroll over, har arbeidd. Det du skreiv er stroke ut for evig og alltid. Alt dette er bilete på korleis det vil gå til slutt for den som forkastar Jesus. Det som står i sanden kan vera fint å sjå - den rike kan glima i all si prakt - men berre ei tilmålt tid; på eit eller anna tidspunkt er det ikkje lenger å sjå; det er vekke, og ingen kan henta det inn att.

Ei evig sanning var det Jeremias proklamerte, og no gjeld det oss. Kvart menneske kan og må velja kvar namnet skal stå i æva. Det treng ikkje stå i molda. Det kan stå i livsens bok i himmelen! Kor vil du at du at namnet ditt skal stå? I molda eller i livsens bok? Når oppgjerstimen kjem, vert det granska etter kvar namna står, og då er det for seint å endra noko.

Menneskesonen er komen for å leita etter det som var fortapt, og frelsa det. Sakkeus vart funnen og vunnen for Gud. Han opna både heim og hjarta for Jesus, og det vart redninga for han, og sæl er den som vel å gjera det same! Kjell Helland 4

Val Røysterett frå 15 år Alle over 15 år (som fyller 15 år i laupet av 2009) som er medlemer i Den norske kyrkja har røysterett ved valet! Førre val var i 2005 og når aldersgrensa no er senka vert det 7 årskull som er fyrstegongsveljarar (dei som er fødde i 1988, 1989, 1990, 1991,1992, 1993 og 1994) og som no altså kan røyste både ved soknerådsvalet og bispedømerådsvalet. Dei som vert valde til Bjørgvin bispedømeråd vert automatisk med i Kyrkjemøtet som er det øvste organet i kyrkja. Ved dette valet har du dermed høve til å påverke kven som skal styre både i lokalkyrkjelyden og i sentrale råd i kyrkja. Førehandsrøysting til andre sokn Dersom du er folkeregistrert ein annan stad enn i Balestrand kan du røyste her frå Balestrand ved å førehandsrøyste på kyrkjekontoret. På www.kyrkjevalet.no vil ein etter kvart kunne laste ned slike godkjende kandidatlister frå alle sokn i heile landet og ein tek så med seg den aktuelle lista til kyrkjekontoret i Balestrand. Førehandsrøysting i anna sokn enn bustadsoknet kan skje til og med fredag 4.september 2009.


14.september - den store valdagen 14. september i år kan du røysta ved tre val: stortingsvalet, soknerådsvalet og bispedømerådsvalet. Demokratiprosessen i Den norske kyrkja inneber at kyrkjevalet i haust gjev medlemene i kyrkja større direkte påverknad på kven som skal styra kyrkja i tida framover. 3,1 millionar røysteføre kyrkjemedlemer kjem i august til å få valkort i posten med kandidatliste og opplysing om tid og stad for valet.

Førehandsrøysting til kyrkjelege val i Balestrand • Tysdag – fredag kl.10.00 – 14.00 i perioden 11.august til 11.september på kyrkjekontoret (Sjøtunsvegen 6). • Etter gudstenesta i Tjugum kyrkje 16.august kl.11.00 • Etter gudstenesta i Sæle kyrkje 6.september kl.11.00 • På helsetunet 9.september kl.10.30-12.30 Soknerådsvalet – uendra valform Soknerådsvalet går føre seg (som før) med prioriterte lister der dei 13 fremste får ei røyst kvar om ein ikkje gjer endringar på lista. Som før kan ein stryke, kumulere og endre rekkefylgje på kandidatane på kandidatlista til soknerådsvalet. Kandidatlista er presentert på neste side.

Kyrkjevalet vil vere i same bygningar og ha same opningstider som stortingsvalet. Det som er verd å merke seg er dermed at dersom du møter opp for å røyste ved stortingsvalet vil du som kyrkjemedlem også ha høve til å røyste ved dei kyrkjelege vala.

Ved årets kyrkjeval vert soknerådsmedlemene berre valde for to år, ikkje for ein fireeårs-periode slik det har vore til no. Grunnen til dette er at ein frå 2011 skal ha val samstundes som val til kommune- og fylkesting.

Røystestader for kyrkjelege val 14.september ( same tider/stader som stortingsvalet) • Nessane krins: kl.12.00 -18.00 på Nesse oppvekstsenter • Fjordane krins: kl.12.00 – 18.00 på Fjordtun oppvekstsenter • Sagatun krins: kl.13.00 - 20.00 i Balestrand bygdahus (Vetlesalen) Ved ei høyring om dette tidlegara røysta Balestrand soknerådet i mot ei slik ordning og ynskte å halde fram ordninga med val etter gudstenester i soknet. Dei som vil røyste i samband med ei gudsteneste vil likevel få høve til det også ved dette valet, men då som førehandsrøysting. 5

Direkteval til bispedømerådet Tidlegare har sokneråda valt leke medlemer til bispedømerådet, men denne gongen kan du som kyrkjemedlem vere med å velje kandidatar ved direkteval. Dette valet går føre seg som eit "preferanseval" der kandidatane står i alfabetisk rekkefylgje og ein nummerer kandidatane ein ynskjer å stemme på i prioritert rekkefylgje. Ein kan berre setje eit eittal framfor ein kandidat eller prioritere inntil 5 kandidatar med tal frå 1-5. Lister utan nummerering (preferanse) vert forkasta. Alle endringane som er nemnde er steg på vegen


mot det som vert kalla "auka demokrati i kyrkja". Partia på Stortinget samla seg våren 2008 om å leggja til rette for gode demokratiske ordningar som førebuing til å vedta grunnleggjande endringar i tilhøvet mellom kyrkje og stat. Grunnlovsendring der paragrafane som regulerer tilhøvet mellom Konge, stat og kyrkje vert endra, kan tidlegast koma etter 2012.

Ved soknerådsvalet i 2005 var oppslutnaden i Balestrand 6,7 % av dei røysteføre (landsgjennomsnitt 4,2 %). Med nye ordningar i år vil nok valoppslutnaden auke; endringane fører i alle fall til at fleire av kyrkjemedlemene får lettare tilgjenge til dei kyrkjelege valurnene. Nytt røysteretten din og gje kyrkja gode råd!

Står du i valmanntalet / medlemsregisteret? Alle som står i medlemsregisteret vil få tilsendt valkort med kandidatlister og informasjon om valet direkte i posten. Dersom du lurer på om du står i medlemsregisteret / valmanntalet kan du også ta kontakt med kyrkjekontoret som har tilgang på oppdatert elektronisk medlemsregister. Om du ikkje står som medlem i Den norske kyrkja og har lyst til å verte medlem kan du også ta kontakt med kyrkjekontoret for å få informasjon og innmeldingsskjema.

Kandidatliste ved val til Balestrand sokneråd

14. september 2009 i Balestrand sokn. Nominasjonskomteen i lag med underskrivarar (totalt 10 underskrivarar) hadde møte 7. mai og kom fram til følgjande liste i prioritert rekkefylgje: Nr

Etternamn

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20

Eilifsen Ryssdal Bøthun Linde Fagermoen Bugge Haugen Dale Meel Vigdal Myrhol Andersen Nesse Thorsnes Bolstad Balevik Tusvik Fjærestad Målsnes Hjelmeland

Føre- og mellomnamn

Helge Margot Frode Gunn Erland Arve Hege Beathe Rune Møyfrid Johanne Mariann Leif Magne Anne Randi Farnes Rune Aud Marit Reidun Leif Brita Per Berit Helene Tore Margunn

Alder Adresse 53 62 33 31 67 41 54 38 32 39 49 54 37 55 67 60 63 52 38 43

Balalii 18 Ulvastad 22 Sygnavegen 20 Gjerdevegen 12 Sjøtunsvegen 10 Kvamsøy 51 Balalii 24 Lundevegen 8 Balalii 28 Langateig 14 Lundevegen 11 Flesjane 2 Nessadalsvegen 7 Jordmorvegen 7 Lånefjorden 25 Fjærestad 24 Granliavegen 6 Fjærestadvegen Målsnes 9 Jordmorvegen 14

Det skal veljast 13 personar til rådet: Dei 8 personane som får flest røyster vert valde til faste medlemer i Balestrand sokneråd for 2 år, medan dei 5 neste vert varamedlemer, der 1.vara møter fast i rådet. Dersom alle leverer uendra liste vert det dei 13 fyrste personane som vert valde, men du som veljar kan vere med å endre på dette ved å stryke kandidatar, kumulere kandidatar (gje ei tilleggsstemme) og endre rekkefylgje på kandidatane. Ein kan også legge til nye namn på lista.

Det er dermed dei 13 fyrste nummera/plassane på kvar liste som tel og om du stryk eller kumulerer er det viktig å passe på at dei du vil kumulere eller endrar rekkefylgje på vert flytta opp blant dei 13 fyrste nummera på di liste.

Det nye soknerådet trer i funksjon som sokneråd (§9 i kyrkjelova) frå og med 1.november og vil gå inn i fellesrådsfunksjonar (§14 i kyrkjelova) frå og med 1.desember. Sitjande sokneråd har sett opp eit felles møte med konstituering av det nyvalde soknerådet 30.september. (Frist for konstituering er 31.oktober 2009). 6


Erland A. Fagermoen er kandidat til bispedømerådet

vore interessant å engasjere meg i slikt arbeid. Det er mange spørsmål og saker å ta stilling til i den norske kyrkja for tida og mange ulike meiningar. Då synest eg det er greitt å kunne vere med og seie mi meining og kunne representere dei som står for eit liknande syn.

Tidlegare ordførar i Balestrand, Erland A. Fagermoen, er nominert som kandidat til leke medlemer i bispedømerådet. Bjørgvin bispedømeråd er mellom anna arbeidsgjevar for prestane og har frå og med dette valet 10 medlemer: Biskop Halvor Nordhaug, ein prest, ein annan kyrkjeleg tilsett og 7 leke medlemer (før 4 leke).

Kva tenkjer du om at du som kandidat til bispedømerådet også kan verte valt til Kyrkjemøtet? -I samband med "demokratiprosessen" i kyrkja har Kyrkjemøtet fått endå større makt som det øvste organet i kyrkja og då kunne det sjølvsagt også ha vore interessant å vere med der. Når han vert spurt om sitt syn på pågåande reformar som kyrkjemøtet skal ta stilling til (t.d. gudstenestereforma med ny liturgi og nye salmebøker) så nemner han som eit døme at han ser det som dårleg ressursbruk å trykke opp heilt nye salmebøker i to bind slik det no er lagt opp til og at han ser det som meir tenleg at ein tek vare på noverande salmebok og så trykkjer eit tillegg med nye salmar.

Vanlege kyrkjemedlemer kan denne gongen vere med og stemme direkte på leke kandidatar til bispedømerådet og du kan dermed vere med og røyste fram ein lokal kandidat. Som ei prøveordning vert halvparten av dei leke medlemene i Bjørgvin valt ved direkteval og dei som ikkje vert valde i fyrste valomgang går vidare til ein indirekte valomgang der sokneråda har røysterett (ein røystesetel frå kvart råd).

Supplerande nominasjon Måten Fagermoen kom inn på kandidatlista til bispedømerådsvalet på er historisk: Det er fyrste gong ordninga med supplerande nominasjon er i bruk og Fagermoen er ein av to som er nominert på denne måten i Bjørgvin.

På lista over verv og erfaring er lista med politiske verv lenger enn lista med kyrkjelege verv. På CVen finn vi totalt 24 år i kommunestyre/formannskap, 4 år som varaordførar og 4 år som ordførar. På fylkestinget vart det 16 år, 8 år som leiar i fylkeskulturutvalet og 8 år i fylkesutvalet. - Eg har faktisk ikkje hatt offisielle verv i Den norske kyrkja tidlegare, smiler han, men eg har vore aktiv i både kyrkje og bedehus gjennom mange år. Han har også vore aktiv i organisasjonslivet og då særleg i Norsk Luthersk Misjonssamband der han har vore formann/medlem i ulike styre i mange år lokalt og regionalt. Frå 2007 har han også vore leiar i styret for stiftinga "Vener av St.Olafs kyrkje" som har teke på seg ansvar for reparasjon og vedlikehald av engelskkyrkja.

Det vart sendt inn ordinært kandidatframlegg på Erland Fagermoen til nominasjonskomiteen, men han kom ikkje med på nominasjonskomiteen si kandidatliste. I samband med demokratireforma i kyrkja er det imidlertid opna for "supplerande nominasjon" der 50 kyrkjemedlemer frå minst 3 ulike sokn kan gå saman om å nominere ein kandidat i tillegg til kandidatane frå nominasjonskomiteen. For Fagermoen skjedde dette ved at totalt 60 personar frå 9 ulike sokn (Balestrand, Kaupanger og 7 av sokna i Luster) stod som forslagsstillarar og sende inn framlegget innan fristen som gjekk ut 15.juni.

Vi tok ein prat med Fagermoen om kandidaturet Korleis gjekk det til at du vart kandidat og kvifor valde du å stille? - Det byrja med at eg vart spurt av nokre sokneråd i Luster om eg var villig til å stille til val og etter å ha tenkt meg om nokre dagar svara eg ja til det. No når eg er pensjonist har eg betre tid og eg hadde ikkje svara ja om eg ikkje syntest det ville

Til orientering står Fagermoen også på kandidatlista til Balestrand sokneråd, så han kan risikere å få mange kyrkjelege rådsmøte å delta på framover. Informasjon om alle dei 23 leke kandidatane til bispedømerådsvalet i Bjørgvin og kva dei står for finn du på heimesida balestrand.kyrkja.no. 7


Balestrand kommune Psykisk helsearbeid i Balestrand kommune I tråd med den nasjonale satsinga innan psykisk helse har kommunane motteke opptrappingsmidlar / øyremerka tilskot i perioden 1999 til 2008. Balestrand kommune har gjennom denne perioden hatt ei auka satsing innan feltet. Det er vedteke eigen handlingsplan for psykisk helsearbeid i Balestrand kommune, sist rullert i november 2006. Psykisk helsearbeid i kommunen vert i dag utført innan fleire områder.

Dagleg oppfølging / praktisk bistand er i hovudsak knytt til heimesjukepleien.

arbeidet. Rettleiar i psykisk helsearbeid har 20% av stillinga knytt opp til helsestasjonen, med eit tett samarbeid i oppfølging av barn og unge, og med rettleiing til samarbeidspartar innan feltet.

Dagtilbod / aktivitetssenter er eit tilbod til heimebuande menneske som treng ein stad å møtast. Dagtilbodet er ope fire dagar pr.veke.

Rettleiar psykisk helsearbeid gjev tenester til barn, unge og vaksne gjennom samtalar, rettleiing og gjennom oppfølging av brukarar både i heim, skule, barnehage. Er med i førebyggjande barnehage /skuleteam (BUT-teamet) som er eit tverretatleg samarbeid (barnevern, PPT, helsestasjon) med samordning av tenester til barn og unge.

Skulane prioriterer å ha eit fokus på psykisk helse gjennom opplæringsprogramma som er tekne i bruk både i ungdomsskulen (”alle har ei psykisk helse”) og vidaregåande skule (”VIP – veiledning og informasjon om psykisk helse”). Skulane og helsetenesta samarbeider om gjennomføringa av desse programma.

Folkehelsearbeid har nært samanheng til det psykiske helsearbeidet og det er samarbeid om planlegging og gjennomføring av tiltak som t.d. markering av verdsdagen for psykisk helse kvart år. Folkehelsearbeidarkoordinator i kommunen er representert i koordineringsteamet i psykisk helsearbeid.

Koordinator psykisk helsearbeid er ei 50% stilling knytt til heimesjukepleien. Koordinator har hovudansvar for å koordinere tenestetilbodet som vert gjeve av heimesjukepleien (praktisk bistand /dagtilbod / einskildvedtak), og for å gje rettleiing til tilsette innan same område. Har ansvar for koordineringsteamet i kommunen, og arbeider tett saman med rettleiar i psykisk helsearbeid.

Legetenesta, sosialtenesta, barnevernet, PPT og NAV er viktige aktørar og samarbeidspartar innan psykisk helsearbeid.

Helsestasjon: Born/ unge vert i hovudsak følgt opp av helsestasjon, der helsesøster har fast tid både på Sygna vidaregåande skule og på Sagatun skule kvar veke. Psykisk helsearbeid er sentralt i dette

Psykososialt støtteteam er oppretta som ein del av den samla BEREDSKAPSPLANEN for Balestrand 8


informerer Verdsdagen for psykisk helse 2009 Verdsdagen for psykisk helse er ei internasjonal satsing for å informere og oppnå openheit om psykisk helse. Initiativet vart teke i 1992 av World Federation of Mental Health og Verdas Helseorganisasjon (WHO), og 10.oktober er dagen som markerer dette. I Noreg er det Mental Helse som koordinerer satsinga på oppdrag frå Helsedirektoratet.

For fjerde år på rad no vil Balestrand kommune også dette året markere denne dagen, og det vil vi gjere i oktober 2009 (eksakt dato vert å kome tilbake til - markeringa treng ikkje vere på datoen 10.oktober)

vanskelege og smertefulle. Dette kan gjelde for alle aldrar. Det som er viktig å legge seg på minne, er at overgangsfasar er forbigåande, og ikkje minst at dei ofte er kjelder til vekst og utvikling. Vi vil kome nærare inn på dette temaet når dagen vert markert, fordi det rører ved noko som vedkjem oss alle på ulike måtar til ulike tider.

Tema i år er Livets overgangsfaser. Her er dermed fokuset retta mot det vanskelege og mest sjølvsagte av alt: At livet går opp og ned, og at vi alle går gjennom sårbare fasar i livet. Alle opplever endringar og overgangar som kan vere

Vi ønskjer å markere dagen og sette psykisk helse på dagsorden, ikkje minst fordi openheit er eit viktig botemiddel mot psykiske vanskar. Den aller viktigaste meistringsstrategien i livet sine overgangsfasar kan rett og slett vere å snakke med nokon om det. Dette er ei utfordring til den enkelte som erfarer problemet, men òg for menneske og samfunnet rundt.

kommune, for å ivareta ansvaret for oppfølging når nokon har vore utsette for kriser, katastrofar og uventa hendingar. Teamet er sett saman av helsesøster, lege, barnevernsleiar, psykiatrisk sjukepleiar, prest og politi.

Så når hausten er i emning møtest vi for å markere verdsdagen, og vi håpar på stor deltaking. Dato og program for dagen vil bli gjort kjent i god tid.

Spesialisthelsetenesta: Samarbeid og samhandling mellom kommune og spesialisthelsetenesta er eit viktig fokus for å sikre gode tenester.

Sjølv om opptrappingsplanen for psykisk helse gjekk ut i 2008, skal det psykiske helsearbeidet framleis ha høg prioritet i kommunane. Helsedirektoratet føreset at det tilbodet kommunane har bygd opp gjennom Opptrappingsplanen i perioden 1998 – 2008 vert ståande som ei varig styrking av psykisk helsearbeid.

Kari Maria Rutle Fjærestad folkehelsekoordinator

Ingun Vattekar Ulvestad rettleiar psykisk helsearbeid 9


Hr. Nilsson Johannes Nilsson er ein av våre nye landsmenn. Han er ennå ikkje norsk statsborgar, men har både opphalds- og arbeidsløyve. Johannes syns nordmenn er noko nasjonalistiske. Stort sett syns han dette er greit, og han syns nordmenn har grunn til å vere stolte over landet sitt. Det blei likevel i meste laget for han og kona Louise den 16.mai. Det var ikkje nok at nordmennene neste dag skulle feire at dei hadde skilt lag frå svenskane og fått eigen grunnlov, men i tillegg vant Alexander Rybak for Noreg i Moskva, og svenske Opera-popMalena fekk 33 poeng og berre 4 under seg på resultatlista. Det ville bli ein hard dag å vere svensk på i Balestrand.

Likevel bur dei her – og trives. Det var svigerinna til Johannes som tipsa om ledig jobb på Sygna. Ho hadde sjølv gått på skulen (Arnhild Riskedal 95/96), og meinte det var ein god plass å komme som ung idrettslærar. Både Johannes og Louise hadde eit ynskje om å arbeide på ein kristen vidaregåande skule, men på grunn av restriktiv privatskulepolitikk i Sverige, er det få av desse i Sverige. Difor kom dei til Balestrand hausten 2007, og både Sygna og bygda ellers er glade for valget dei tok.

Johannes er 28 år og tobarnspappa.”Når Elias (eldsteguten på snart 3 år) kjem krypande opp i fanget for å slå av ein prat eller berre ha ein kos – då er det stas å vere pappa! Ulempen med å vere småbarnspappa er våkenettene. I februar fekk dei vesle Ester, så nattesøvnen har vore noko varierande dei siste månandane. Likevel syns han det er flott for barna å vekse opp i Balestrand. Det er eit trygt og oversikteleg miljø, og ein veit kven dei fleste småbarnsforeldra er. Berre i Sygnavegen, der Nilsson’s bur, er det 11 ungar under 5 år – så leikekameratar er sikra. For barna sin del er det berre éin ulempe ved å bu i Balestrand; avstanden

på ca 80 mil til besteforeldra i sør-Sverige. Det blir litt lengting av og til.

10

Johannes spelte i svensk 3.divisjon før han kom til Noreg. Gantoft og Högaborg var to av klubbane (sistnevnte klubb er moderklubben til Henke Larsson!) Han var også spelande trenar for eit lag lenger ned i divisjonane. ”Fotball er meir seriøst i Sverige, og det er ekstremt mykje pengar involvert. Til dømes tener sjølv ein fotballtrenar i 6.div mykje pengar i Sverige. I Noreg må trenaren sjølv betale medlemskontigenten…” seier svensken og påstår at han syns det er positivt med det norske fokuset på fotballen.


dette kan det vere greit å vere ein motvekt til. Det var ikkje så vanskeleg å stå fram med at han var kristen då han kom som trenar til idrettslaget i Balestrand. ”Eg syns nesten eg gjekk med ein merkelapp i panna som opplyste alle om at eg var ein kristen i og med at eg var tilsett på Sygna. Folk forventa det av meg.” Trenar Nilsson har hatt nokre samtalar om det å vere kristen med enkelte spelarar, men håper også at livet hans viser kven Gud er – ikkje berre orda.

Fotballen er også med på å knyte kontakter. Johannes og Louise er blitt kjende med mange folk som dei ikkje hadde hatt noko naturleg koblingspunkt til ellers. Dette ser han på som udelt positivt! I tillegg får Johannes også ein del kontaktar som er greie å ha som idrettslærar. ”Eg håper på sikt også å få styrke banda mellom idrettslinja/toppidretten og A-laget; her kan ein ha gjensidig nytte av kvarandre”

Johannes har bedt til Gud om å vinne ein fotballkamp! Han påstår at han var barn då han gjorde det, og at han har slutta med det nå. Han er ikkje sikker på om Gud er så interessert i fotball, og viss han er; kva om nokon på det andre laget også ber – kven skal Han då høyre på og gje bønnesvar? Likevel trur Johannes på Gud! Han meiner også at det å vere ein kristen bør få følger for oppførselen på fotballbanen. Dette kan til dømes vere i forhold til ufin språkbruk. I tillegg har han ofte opplevd tøffe drikkemiljø knytt til laga han har spelt på, og

Johannes og Louise kom seg gjennom 17.mai i Balestrand utan varige mèn. Dei har ennå ikkje gått til innkjøp av cd’en til Alexander Rybak, men har ein gut som snakkar svensk med fleire og fleire innslag av sognauttrykk. Johannes seier også ”Eg kjenner eg blir skikkeleg stolt når eg viser besøkande frå Sverige naturen rundt oss her i Balestrand!” Det er bra!

Tekst/Foto: Gunn Berit Bøthun

Johannes og Louise Nilsson med borna Elias (3) og Ester (1/2).

11


Nytt frå kyrkjetårnet KONSERTAR I ST.OLAFS KYRKJE

Veneforeininga for St.Olafs kyrkje ynskjer at det vert lagt opp til konsertar i kyrkja, der inngangspengane kan nyttast til vedlikehald. I skrivande stund er ikkje alle datoane i boks men set av fredag 28.august allereie no! Då kjem Sandra og Diccon Pearce frå Leikanger og vil vere saman med oss og ha ein fin konsert i kyrkja. Meir info i lokalavisa seinare.

OLSOKMESSE I KVAMSØY 29. JULI

Olsokmessa i Kvamsøy kyrkje vert i år på onsdag ettermiddag 29.juli kl.18.00. Dei siste åra har me lagt denne gudstenesta til næraste søndag i denne tida, men i år altså slik det pleidde å vere før, på ettermiddagstid olsok. Vel møtt! Ta gjerne med litt kaffimat til kyrkjekaffi.

Ei av dei gudstenestene Baluba pleier å vere med å synge er på blomstergudstenesta i juni. Dette biletet er frå 7.juni i år, og dette er litt av flokken på vel 20 som er med i koret. Flott song!

SOGNEFJORD SWIM FESTIVAL OG GUDSTENESTE SØNDAG 9.AUGUST

Frå kyrkja vil me vere med ved Sognefjord Swim Festival i Holmen andre søndag i august. Til vanleg gudstenestetid vert det ei kort ”Fjordgudsteneste” denne datoen. Kom og ver med!

FERIETIDA TIL SOKNEPRESTEN

I ferietida til soknepresten får ein ikkje vikar utanfrå dette året, pga den økonomiske situasjonen i bispedømet. Difor har Bjørgvin bispedøme vedteke at prestane i distriktet skal vikariere for kvarandre. For Audun Systad som har ferie i tida 29.juni- 27.juli, vert soknepresten i Vik, Ragnhild Stranden vikar, og også i einskilde tilfelle andre prestar som er tilgjengeleg i prostiet. Fungerande prost har til einkvar tid ansvar for prestetenesta. 5.ferieveka tek Audun Systad ut som haustferie 5.11.oktober.

4-ÅRSBOK

4-årsboka vert i haust delt ut ved gudstenestene i Sæle søndag 6.sept. og i Tjugum søndag 18.oktober. Sistnemnde gudsteneste vert også hausttakkegudsteneste, og der vert også områdeleiar i NMS, Toril Lange, med. Skulle det passe dårleg for dei som skal ha bok den eine gudstenesta kan dei komme på den andre. 12


også undervisning av eit team av medarbeidarar, der også andre ungdommar er med. Me håpar det skal bli spennande. Noko av undervisninga er knytt opp til helgar, som t.d. laurdagane før lysmessa i desember og temagudstenesta som i år kjem før påske i mars månad. Les meir på heimesida vår!

HUGS Å SJEKKE HEIMESIDA

Vi prøver å prente inn adressa til heimesida vår: balestrand.kyrkja.no. Kyrkja sentralt har heimesida kyrkja.no, og dersom du skal kome til vår lokale side må du altså putte inn "balestrand" og eit punktum før "kyrkja.no". Ein kan også merke seg at at kyrkja si adresse liknar på kommunen si – ein berre bytter ut "kommune" med "kyrkja".

På heimesida kan ein mellom anna finne kyrkjelydsbladet, informasjon og skjema knytt til dåp, vigsle og gravferd, konfirmantinformasjon, oppdaterte gudstenestelister og søke etter avlidne på kyrkjegardane.

BARNEVEKE PÅ BEDEHUSET

BISKOP HALVOR NORDHAUG TIL BALESTRAND 1.SØNDAG I ADVENT

Første veka i februar var det barneveke på bedehuset. Det var kjekke samlingar med song, andakt, leikar og besøk av den sjiraffliknande "Linkus". Baluba var med og song på ei av samlingane. Det var NLM og Indremisjonsforbundet som saman stod for barneveka, og her ser me dei som var på besøk, og hadde fine samlingar for oss: Frå v. Sissel Stautland, Rakel Kalstad (begge Luster) og Ann Elin Dyrøy (Bergen).

Det er no bestemt at den nye biskopen vår, Halvor Nordhaug kjem og vert med på gudstenesta i Tjugum 1.søndag i advent, 29.nov. kl.11.00. Denne gudstenesta er eit ledd i at biskopen vil vitje alle prostia i Sogn og ha gudsteneste i ei av kyrkjene i prostiet. Laurdag 28.november vert det eit møte med dei nye sokneråda på Alværa misjonssenter og helgebesøket vert så avslutta med gudstenesta her i Balestrand søndag. Me synst det er flott at Tjugum er valt til denne gudstenesta. Les elles meir om biskopen sin nye visjon på heimesida til Bjørgvin bispedøme: kyrkja.no/bjorgvin

NYTT KONFIRMANTÅR

No juni har neste års konfirmantar fått innbyding til eit viktig år for dei. Det vert ei omlegging av konfirmasjonsopplegget for neste år her hos oss. Mykje av undervisninga skal no gå føre seg på kveldstid, om lag ein fredag i månaden. Det vert

13


GRATIS PÅMINNING OM GUDSTENESTER PÅ SMS

konfirmanttid. Det var ein god del å lære utanåt den gongen, og litt repetisjon av det dei hadde på skulen sa Maria mellom anna. Ho synest det var spennande med den nye forma for deltaking og medverknad som konfirmantane i dag har.

Det er no mogeleg å få påminning om gudstenester og andre kyrkjelege arrangement på SMS. Tenesta vert tilbydd gratis. Dersom du ynskjer å melde deg på dette kan du sende SMS til kyrkjeverje / dagleg leiar Jostein Risa på mobil 920 60 832.

KRIK-AVSLUTNING – TAKK TIL LEIAR

Ved Lunde prestegard plar det årvisst vere ei avslutning for KRIK, såleis også dette året. Det var dårlege vêrmeldingar til 5.juni, men kvelden kom, og det var flott å vere ute. Om lag 45 Sygna-elevar og elevar frå ungdomsskulen deltok. Det var volleyball, fotball, badminton og somme som til og med prøvde badetemperaturen. Så var det grilling ute på plattingen ved prestegarden. Jan Kristian Behrentz heldt andakt. Han har vore miljøarbeidar på Sygna dette året. Takk til han for fint arbeid med KRIK!

DÅP I ST.OLAFS KYRKJE

I løpet av sommarhalvlåret vert St.Olafs kyrkje brukt noko av den lokale kyrkjelyden i Balestrand. Det er også mange spørsmål om vigsler både frå par som har tilknyting til bygda og andre. Dette biletet er frå ei gudsteneste med dåp palmesøndag 5.april. Det var Louise og Johannes Nilsson (som er nemnt ein annan stad i dette bladet) som bar vesle Ester Louise til dåpen. Det var mange besøkande frå Sverige denne dagen og fint musikalsk innslag av Oskar og Aksel som er nevøane til Louise.

INSPIRASJONSKVELDAR (NaMu)

KONFIRMANTFEST

Etter temagudstenesta i Sæle 19.april var det konfirmantfest på Kviknes hotell. Det fungerte fint å vere i den nye konferansesalen. Frå programmet nemner vi Maria Gjerde Ese som hadde ei fin helsing til konfirmantane, og delte minne frå si eiga

I samband med at Balestrand kyrkjelyd skulle gjennomføre ein ny ”kyrkjelydsprofil” i regi av Naturlig menighetsutvikling (jf. tidlegare nr. med meir utførleg presentasjon), vart det i vår arrangert to inspirasjonskveldar. Her vart det informert om bakgrunnen for undersøkinga og det vart ein god samtale om arbeidet i kyrkjelyden. No er nesten 30 svarskjem leverte inn. Etter analyse av svara vil me til hausten kunne presentere ein ny kyrkjelydsprofil for Balestrand kyrkjelyd. Det er spennande! 14


PÅSKEDAGSGUDSTENESTA 12. APRIL

Påskedagsgudstenesta 12.april vart ei jubelgudsteneste over det store under som skjedde påskedag! Om lag 100 hadde funne vegen til kyrkja denne søndagen, og born gjekk inn i prosesjon med påskeliljer. Her ser me frivillig klokkar Heidi Eilifsen tek imot nokre av bukettane. Ho seier no takk for seg som klokkar av di ho neste år skal gå på bibelskulen på Bildøy. Lukke til, og takk for tenesta, Heidi!

barnehage var det påskevandring på ettermiddagen og på biletet under ser vi "skjærtorsdagsbordet" dekka. Dei som var med og laga til og gjennomførte påskevandringa var Gerd Jordanger, Astrid Høyvik (spelte til songane), prostidiakon Kjersti Brudvik og sokneprest Audun Systad.Takk skal alle ha som medverka og ikkje minst til barnehagar og skular som var med på opplegget.

PÅSKEVANDRING I TJUGUM OG I NESSE BARNEHAGE

Tysdag 31.mars var det påskevandring. Det er eit fint pedagogisk opplegg kring påsketida. Først på dagen med to grupper i Tjugum kyrkje, med born frå Sagatun barnehage og Fjordtun barnehage og skule. På eit av bileta ser vi Emilie Vigdal med påskelilje (for påskedagen) i Tjugum kyrkje. I Nesse

15


ODD RAGNAR KJELLSTRÖM FAST TILSETT SOM KYRKJETENAR

Odd Ragnar Kjellström er frå 15. juni 2009 fast tilsett som kyrkjetenar i Balestrand i 25 % stilling. Som nemnt i førre utgåve av kyrkjelydsbladet har han jobba som vikar som kyrkjetenar sidan før jul. Han er tenestevillig og har kome raskt inn i arbeidsoppgåvene. Vi er svært glade for å ha fått ein fast person i stillinga. Han vil gjere teneste i alle kyrkjene i soknet og hadde pinsedag si fyrste teneste i Kvamsøy gamle kyrkje

Odd Ragnar flytta til Balestrand frå Fredrikstad i fjor etter å ha gifta seg med LinnHeidi Roseth i

oktober 2008. Han er ein allsidig mann og er kjend for mange gjennom www.balestrand.tv. Dei som var ved gudstenesta i Sæle kyrkje 10.mai fekk også høyre han synge og spele og det vil det nok bli fleire høve til.

Som vanleg ved tilsetjing i slike stillingar er det sendt førespurnad til biskopen om å skrive ut tenestebrev og Odd Ragnar vil verte framstilt for kyrkjelyden med forbøn og opplesing av tenestebrev ved ei gudsteneste etter sommarferien. Vi ynskjer Odd Ragnar velkomen i kyrkjelyden og som kyrkjetenaren vår.

16


LYNVERNANLEGG TIL KVAMSØY KYRKJE

Riksantikvaren har avgjort at ein del av Regjeringa sin tiltakspakke på 77 mill kr øyremerka brannsikringstiltak (i tette trehusmiljø, middelalderkyrkjer og særleg verneverdige kyrkjer) skal nyttast til montering av lynvernanlegg på utvalde kyrkjer med vernestatus og utan lynvernanlegg. Tysdag.9.6.2009 var det synfaring ved "Lynvernkonsulenten" på Kvamsøy som skal sende framlegg til tiltak. I e-post dagsett 11.6.2009 vart soknerådet så orientert om at Kvamsøy kyrkje er ei av kyrkene som får tilbod om finansiering av dette sikringstiltaket - noko vi sjølvagt er glade for. Arbeidet må utførast i 2009. KA administrerer tilskotsordninga for RA og kyrkjeverja vil setje i gang prosessen med planarbeid, innhenting av tilbod og søknad om gjennomføring av tiltak (til bispedømeråd og RA).

DET SKJER PÅ LYNGMO

Juli 30.juni-7. juli: Bibelsommar i Vest, NLM 12-18. Familieleir, Ungdom i Oppdrag (fullt) August 29-30. Bibelhelg( Lekmannsmøte)

September 1-4. Dugnadsleir 14-17. Leirstadkurs, IMF 18-20. Internatmøte for kvinner, NLM 25-26. Loppemarknad 27. Barnas Supersøndag

HAUSTMØTE FOR NORMISJON I VIK 26-27.SEPTEMBER

Gjestetalarar: Reionleiar Jan Magne Moi og Solveig Orheim Nome

Oktober 2-5. Leir, 5. -7. klasse 9-11. Leir, 7. – 10. klasse 16-18. Leir, 2. – 4.klasse 30. Haustbasar Lyngmo

Laurdag i Kyrkjestova: 14:30 Bibel-og misjonstime 16:30 Medarbeidarsamtale 19:30 Misjonsfest. Sang v/”Dalklang”

Søndag: 11:00 Gudsteneste i Arnafjord; Ragnhild Stranden og Jan Magne Moi 11:00 Gudsteneste i Fresvik; Audun Systad og Solveig O. Nome 16:00 Gudsteneste i Feios; Audun Systad og Jan Magne Moi

Barnas Supersøndag

Søndag 27. september er det Barnas SupersøndagDet vert familiegudsteneste på Hafslo og mange kjekke aktivitetar, mat og familiemøte på Lyngmo. Dagen er eit samarbeid mellom Lyngmo og Kyrkja. Alle er velkomne til å gjera dette til ein festdag for borna!

STABEN I BALESTRAND

Sidan ikkje alle stillingane er heiltidsstilingar i kyrkjelyden, er det ikkje så ofte me får møtast til stabsmøte alle i staben. Når me gjer det , er det triveleg! Her frå ei samling i vår. Frå v. sokneprest Audun Systad, kyrkjetenar Odd Ragnar Kjellstrøm, kyrkjeverje Jostein Risa, organist Jan Herland og prostidiakon Kjersti Brudvik.

Loppemarknad på Lyngmo

17

25. og 26. september vert det loppemarknad og auksjon på Lyngmo. Me er no klare til å ta imot lopper og auksjonsvarer. Alt utanom kvitevarer er av interesse: Overskotet av loppemarknaden går til drifta av senteret. Ta kontakt for levering. Henting kan ordnast. Mail: lyngmo@lyngmoinfo.com eller tlf: 57684366


”Bønn for Den norske kirke” ønsker å samle alle som ber.

SAMAN I BØN FOR:

-

"Bønn for Den norske kirke" er et fellesskap av mennesker som vil ta et spesielt bønneansvar for Den norske kirke. Vi er et bønnenettverk som ønsker å be for de kirkelige valg, og om at valgene blir etter Guds vilje. Vi ønsker å be for Biskopene og Bispemøtene. Og vi ønsker å be for Kirkemøtet, Kirkerådet, Mellomkirkelig råd og Samisk Kirkeråd.

-

-

De kirkelige valg til høsten vil bety mye for Den norske kirkes fremtid, både med henblikk på hvem som blir valgt og med tanke på at kirken fra 2012 skal få en mer fri rolle i forhold til staten, slik at den bla kan utnevne sine egne biskoper. Derfor er det viktig å be om at Den norske kirke i fremtiden må være en kirke som har Den treenige Gud som sin faktiske Herre.

-

-

Ved kirkevalget som skal avholdes 14. september er det lagt opp til direkte valg av medlemmer til bispedømmerådene, som igjen utgjør Kirkemøtet. Kirkemøtet har mandat til å forandre kirkens lære ved å endre kirkens liturgier.

-

Barnearbeidet: Søndagsskulane i Vetlefjorden, Holmen og Nessane. Addis, Spiren og Baluba. Ungdomsarbeidet i kyrkjelyden: Klubben på bedehuset, Immanuel, KRIK Konfirmantane og familiane deira Familiane i bygda vår. Dei som slit med sorg eller med alvorlege sjukdommar Dei tilsette i kyrkjelyden: Sokneprest, kyrkjeverje/dagleg leiar, prostidiakon, organist, kyrkjetenar Soknerådet og utvala i kyrkjelyden. Alle friviljuge i kyrkjelyden. Om visdom til å bruke nådegåver og evner på ein rett måte Skulane våre, tilsette og elevar. Godt og trygt miljø. Kommunen vår, for tillitsvalde og tilsette. Den nye biskopen, Halvor Nordhaug. Sokneråds- og bispedømerådsvalet til hausten Kyrkjelyden vi støttar i Romania gjennom misjonsprosjektet. Pastor Florin m/familie.

Kirkemøtet var bedre enn tidligere Kirkemøter, tross de vanskelige sakene som var oppe da. Vi fikk TV2 på døren, der journalistene nevnte dette og oppsøkte oss siden de trodde det måtte komme av bønn. Dette sendte de som åpningssak i TV2 nyhetene.

"Bønn for Den norske kirke" ønsker å skaffe minst to-tre bønnekontakter i hver av landets 1280 menigheter i Den norske kirke. Vi vet at det er mange som ber og at det alltid er noen som ser på dette som sin tjeneste i det stille. Disse ønsker vi å komme i kontakt med, slik at vi kan stå sammen i bønn for Den norske kirke.

"Bønn for Den norske kirke" er en registrert forening i Frivillighetsregisteret i Brønnøysund og ledes av et styre som består av: Randi Anne Skårdal, Lars Godman , Øystein Åsen, Harald Kaasa Hammer, Ingjerd Breian Hedberg, Jo Hedberg

Ingjerd og Jo Hedberg, som har tatt initiativet til "Bønn for Den norske kirke" har de to siste Kirkemøtene vært på Øyer og hatt bønnevakt for Kirkemøtet. I 2007 ble det sagt at stemningen på

Bønnenettverket "Bønn for Den norske kirke" ønsker å samle alle som ber til bønn for kirkens ledere, for folk og land.

www.kirken.be

Vi ønsker å holde deg oppdatert med bønneemner på e-post eller sms.

Meld deg inn i nettverket og les mer om "Bønn for Den norske kirke" www.kirken.be (Du kan også melde deg inn med å sende navn, adresse, postnr, poststed, menighet og bispedømme til Bønn for Den norske kirke, Hortensvn. 60, 3157 Barkåker elller på sms til tlf 92408238.) 18


Konfirmantar 2008-2009

Konfirmerte i Tjugum kyrkje 3.mai 2009 m.fl. Heile konfirmantkullet på 17 var samla for å ta felles bilete i Tjugum kyrkje 3.mai 2009. Fem av desse var konfirmerte i Sæle

kyrkje sundagen før (sjå bilete under.)

Bakerst frå venstre: Kjell André Bakken, Kåre-André Thue, Andreas Langeteig, Sondre Sande

Grønsberg, Georg Reynir Erlingsson Nesse, Trygve Olav Feidje, Nicolas Laurits Krokum, Laila Vang (konfirmantlærar) Andre rad frå venstre: Stine Haaland Nesse, Per Áki Kvikne, Christer Bale Foss, Kristoffer Midtbø Lidal, Tor Erik Mathisen Sunnarvik, Marit Kvamme, sokneprest Audun Systad Fremst frå venstre: Lisbeth Torsvik, Berit Margrethe Ese, Brita Thue, Oline Jorddal Lønning, Konfirmerte i Sæle kyrkje 26.april 2009

Bakerst frå venstre:Sokneprest Audun Systad, Sondre Sande Grønsberg, Kåre-André Thue, Tor Erik Mathisen Sunnarvik. Fremst: Marit Kvamme, Stine Haaland Nesse,

19

Bileta er tekne av Fotograf Sviggum, Sogndal.


Ingunn fortel frå Fjellheim bibelskule

Hei! Eg heiter Ingunn Kråvik og har gått på Fjellheim Bibelskule i eitt år. Bibelskulen ligg i Tromsø, og er ein av tre Bibelskular som er eigd av NLM. Å gå på Bibelskule er noko eg vil anbefale til alle som er interessert i å studere bibelen og verte betre kjent med Gud. Bibelskule er for folk i alle aldrar. Dette har vore eit fantastisk år. Eg vil tru at alle som har gått på Fjellheim dette året, vil vere einig i det. Vi var ein gjeng på 42 elevar som opplevde mykje kjekt og fekk møte nye utfordringar saman. Vi hadde undervisning i m.a. Romarbrevet, Efesarbrevet, Salmane, Høgsongen, truslære og GT. På slutten av året vitja vi kyrkjelydar frå fleire trusretningar i Tromsø. Det var veldig spanande å høyre på dei og kva dei trudde på. I løpet av året var vi på to utreisehelgar. Det vil seie at vi vart delt inn i grupper for å reise til ulike stader i Troms og Finnmark. Her var vi med på møter, vart kjende med nye folk og med kvarandre. Vi reiste også på ein turne, der elevane vart delte inn i ulike grupper. Ei gruppe reiste til

Sverige, ei til Russland og resten vart fordelt i Noreg. Frå slutten av januar til byrjinga av april reiste vi på ein (frivillig) utanlandstur. I år reiste alle til SørAmerika. Dette vart ein fantastisk tur der vi fekk møte nye kulturar, nye folk, flotte land og fellesskap med andre kristne. Det som sit sterkt att i meg etter dette året, er kva Jesus har gjort for meg og for alle folk. At Jesus var villig til å døy for meg endå eg er ein syndar. Det er ufatteleg, men eg skal få lov til å halde blikket festa på Jesus og sjå på han og ikkje meg sjølv. I Jesus er eg rein og får lov til å koma til himmelen. Eg vil til slutt helse med Jesaja 43,25: ”Eg, ja eg er den som slettar ut dine misgjerningar for mi skuld, og dine synder kjem eg ikkje i hug.”

Inger Marie Sægrov tok initiativ til undervisning om hovudplagg til sognebunaden i Balestrand. Kurset var delt i to med ein fredagskveld på Kviknes Hotel i samarbeid med Sogelaget og eit sykurs på Ulvastad i Vetlefjorden laurdagen. Kurshaldar fredagen var Bjørg Hovland som t.d. har rekonstruert ei drakt frå Midtre og Indre Sogn. Ho har arbeidd gjennom mange år med skifter, brev og gjenstandar på museum eller Statsarkivet og funn av gamle draktdelar heime hjå folk. Det møtte om lag tjue interesserte, og nokre hadde teke med gamle bunaddelar heimanfrå. Det var ein interessant kveld.

Laurdagen møtte fem kvinner opp for å lære å sy ei kvitahuve på Ulvestad i Vetlefjorden. Modellen var ei hue funnen på Pergarden på Feten. Kvitahua kom eigentleg frå Torsnes, men blei med då ei jente gifte seg og blei gardakone. Denne hua er noko mindre enn den hodnhua som har vore brukt her i bygdene. Ho er antakeleg litt eldre enn den vanlege kvitahuva, for Bjørg Hovland hadde lært oss at huvene vart større og større etter som velstanden auka på 1900 talet. Kurshaldarar laurdagen var Gunvor Urheim, Bjørg Hovland og Inger Marie Sægrov. Gunvor Urheim har vore med å rekonstruere mannsdrakta i Sogn. Inger Marie har sjølv sydd Jostedalshua og Feioshua. Ho har arbeidd med å rekonstruere sunnfjordsbunaden og har gått på sykurs hjå Bjørg Hovland om den rekonstruerte drakta. Inger Marie heldt hus og hadde laga god føremiddagsmat og rømmegraut til kvelds, så vi leid inga naud i matvegen. Elles hang vi i og sydde for å få mest mogeleg hjelp. Seinare har sydamene møtst seks laurdagar for å sy og hjelpa kvarandre vidare. Vi er glade for at vi fekk ha desse kvinnene som lærarar. Gunvor Urheim døydde i vår,og vi lyser fred over hennar minne. Kjersti Brudvik

Kurs og seminar om hovudplagg til Sognebunaden

F.v. Sigvor Rendedal, "Ate" Thorsnes, Gunvor Urheim, Johanna Fagermoen, Kjersti Brudvik, Bjørg Hovland og Liv Turid Bolstad. Foto: Inger Marie Sægrov.

20


6\Zci"`gnhh Her må dere bruke Det nye testamente. Store tall viser kapittel, små tall viser vers. Markus 2,11 betyr altså kapittel 2, vers 11 i Markus. Løsningsordet står i de fargede rutene. &# Verdifull ting i Matteus 13,44

'#Årstid i Johannes 10,22 (# By i Lukas 2,51 )# Frukt i Jakobs brev 3,12 *# Fugl i Matteus 3,16

&# '# (# )# *#

Nye agentkryss i hvert

Vinn over det onde med det gode

Jesus stiller stormen

18 blader + 1 CD i året rett hjem for kun kr 290,-! Bestill barnebladet BARNAS på post@sondagsskole.no B l

ONSDAGSKLUBBEN - BESØK OG AVSLUTNING

7.mai 2009 hadde Onsdagsklubben besøk frå Bispedømmekontoret av integreringskonsulent og diakon Leif Arne Økland. Han har vore her før då soknepresten og han hadde kurset ”Bli kjent i kyrkja” og kurset for personalet ”Sorg hjå menneske med utviklingshemming.” Leif Arne hadde andakten og medlemmene sette pris på å ha besøk.

Frå avslutninga til onsdagsklubben på Lunde 17.juni. Vi starta med ei gudstenesteleg samling i Tjugum kyrkje og heldt fram med grilling på uteområdet på Lunde etterpå. (Foto: A.Systad) 21


DØYPTE

I GLEDE OG SORG

Oda Engan Halland 21.05.2009 i St.Olafs kyrkje (høyrer til Olsvik sokn, Bergen)

Oliver Aki Kvikne Rørvik 15.03.2009 i St.Olafs kyrkje (høyrer til den islandske kyrkja i Noreg)

Samuel Henriksen 21.05.2009 i Gand kyrkje, Sandnes

Ester Louise Nilsson 05.04.2009 i St.Olafs kyrkje

VIGDE

Oline Linde Seljesæter 10.04.2009 i Sæle kyrkje (høyrer til Førde sokn)

Mari Tylden og Truls Haugland (Oslo) 02.05.2009 i St.Olafs kyrkje

Lúkas Alexander Kristófersson 09.05.2009 i St.Olafs kyrkje (høyrer til den islandske kyrkja i Noreg)

Andrea Bornhorst og Edgardo Leonel Barrios Romero (Førde/Hyllestad) 13.06.2009 i St.Olafs kyrkje (Katolsk vigsle)

Janne Helen Midttun og Leif Gunnar Vervik 13.06.2009 i St.Olafs kyrkje

Leander Lillehauge Thorsnes 12.04.2009 i Tjugum kyrkje

Andreas Haugs 21.05.2009 i St.Olafs kyrkje (høyrer til Førde sokn)

DØDE

24.05.2009 Gerd Nesse f.1932 (gravferd frå Sæle kyrkje 29.05.2009)

Sander Haugs 21.05.2009 i St.Olafs kyrkje (høyrer til Eid sokn, Nordfjordeid)

14.04.2009 Benjamin Vidal Ottone f.2009 (gravferd frå Tjugum kyrkje 24.04.2009)

Diakonens hjørne NOEN BRYR SEG OM MEG

Kjærlige Far, vi trenger deg – I dag er vi helt hjelpeløse. Vi kan bare legge fram for deg hele vår forferdelige situasjon. Vi kan ikke forstå hvorfor du har latt dette komme inn i våre liv. Men vi stoler på deg. Jeg ber deg: Bli med ossI oss og rundt oss. Jeanne Scheresky

Etter hvert har jeg fått en sterk tro på at Gud forstår følelsene våre. Han snur ikke ryggen til når et menneske kjenner seg svakt, såret eller nedfor. Han har gitt oss den verdighet det er å kunne ha våre egne følelser. Og hele tiden venter han mild og tålmodig på å vise oss sammenhengen, når vi er rede til å se den. Elisabeth D Burnham

22


Den gode stunda ed dette m l i v n e on Redaksj rane sa ynskje le

a r! m m o s ein god

På dueveng kom ho, den gripande stunda, og løfte meg opp mot ei spennande verd, ho var ikkje venta, ho gav ingen varsel, men stod brått på trappa, for no var ho her. Eg hadde ’kje aning at ho skulle koma, den stunda som var meg så underleg god, så derfor så freista eg halda på henne og ba henne venta litt, knytte min sko.

Eg rette meg opp att og såg imot døra, men då var ho borte som steinen i hav. Så løyste eg skoen, gjekk inn att i stova og undrast med vemod på kor ho vart av.

Eg prøver ’kje meir på å lengja den stunda som kjem til meg uventa, underleg klår, men no vil eg heller la øvinga vera å gøyma i minnet det blenk som eg får. Kjell Helland 23


INFORMASJON

Velkomen til gudsteneste

Utgjevar/Avsendar: Balestrand sokneråd Sjøtunsvegen6 6899 BALESTRAND

5.jul, 5.søn.e. pinse

12.jul, 7.søn.e. pinse 29.jul, 8.søn.e. pinse 2.aug, 9.søn.e. pinse

9.aug, 10.søn.e. pinse

ST.OLAFS kl. 13.00. Gudsteneste ved Ragnhild Stranden. Dåp. Takkoffer til Vener av St.Olafs kyrkje. TJUGUM kl. 16.00. Høgmesse ved Ragnhild Stranden. Dåp. Nattverd. Takkoffer til Norea mediemisjon.

KVAMSØY kl. 18.00. Olsokmesse ved Audun Systad. Takkoffer til lokalt kyrkjelydsarbeid. Båtskyss frå kl.17.00.

SÆLE kl. 11.00. Gudsteneste ved Audun Systad. Nattverd. Takkoffer til Lyngmo.

HOLMEN kl. 11.00. Friluftsgudsteneste ved Audun Systad i samband med symjefestivalen. Takkoffer til Søndagsskuleforbundet (SogF krins).

16.aug, 11.søn.e. pinse TJUGUM kl. 11.00. Høgmesse ved Carsten W. Hansen. Nattverd. Takkoffer til Norsk Luthersk Misjonssamband. Førehandsrøysting etter gudstenesta. 23.aug,12.søn.e.pinse

BEDEHUSET BETEL kl. 16.00. Søndagssamling med opplegg for born

6.sep, 14.søn.e. pinse

SÆLE kl. 11.00. Familiegudst. ved Audun Systad. 4-årsbok. Konf.pres. Takkoffer til Familie og medier - kristent medieforum. Førehandsrøysting etter gudstenesta.

30.aug, 13.søn.e. pinse TJUGUM kl. 18.00. Kveldsgudsteneste ved Audun Systad og Kjersti Brudvik. Diakoniens dag. Takkoffer til lokalt kyrkjelydsarbeid.

13.sep, 15.søn.e. pinse TJUGUM kl. 17.00. Konf.presentasjon ved Audun Systad. Takkoffer til Alværa.

20.sep, 16.søn.e. pinse TJUGUM kl. 11.00. Høgmesse ved prost Geir Sørebø. Nattverd. Takkoffer til det lokale kyrkjelydsarbeidet. 27.sep,17.søn.e.pinse

4.okt, 18.søn.e. pinse

BEDEHUSET BETEL kl. 16.00. Søndagssamling med opplegg for born

SÆLE kl. 11.00. Misjonsgudsteneste ved Audun Systad. Nattverd. Takkoffer til Misjonsprosjektet i Romania.

18.okt, 20.søn.e. pinse TJUGUM kl. 11.00. Familie- og hausttakkegudst ved Audun Systad. Utdeling av 4årsbok. Baluba. Vitjing av Toril Lange frå NMS. Takkoffer til NMS. 25.okt, Bots- og beded BEDEHUSET BETEL kl. 16.00. Søndagssamling med opplegg for born

1.nov, Helgemesses.

8.nov, 23.søn.e. pinse 29.nov, 1.s. i advent 6.des, 2.s. i advent 13.des, 3.s. i advent

SÆLE kl. 11.00. Høgmesse ved Audun Systad. Minnast dei avlidne. Nattverd. Takkoffer til lokalt kyrkjelydsarbeid.

TJUGUM kl. 11.00. "Søndag for dei forfylgde" ved Audun Systad. Nattverd. Takkoffer til Norsk misjon i Øst. BEDEHUSET BETEL 90 ÅR. Feiring av jubileum på ettermiddag/kveld.

TJUGUM kl. 11.00. Prostigudst for Ytre Sogn prosti v. biskop Halvor Nordhaug m.fl. BEDEHUSET BETEL kl. 16.00. Kort adventssamling før tenning av julegran i Holmen kl.17.00.

SÆLE kl. 16.00. Lysmesse ved Audun Systad m deltaking av konfirmantar m.fl. Takkoffer til lokalt kyrkjelydsarbeid.

TJUGUM kl. 18.00. JULEKONSERT. Takkoffer til lokalt kyrkjelydsarbeid.

Oppdatert gudstenesteplan finn du alltid på heimesida: www.balestrand.kyrkja.no


Kyrkjelydsbladet for Balestrand  

Heimeside: www.kyrkja.balestrand.no Konnrmantar 2009 - Intervju med Hr. Nilsson Kyrkjelege val i lag med stortingsvalet 14.9. Årgang 39 Nr 2...

Advertisement
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you